Den auka internasjonaliseringa i samfunnet med mellom anna auka reiseverksemd og endringar som følgje av Noreg si tilknyting til EU og WTO, har skapt nye faglege og forvaltningsrelaterte utfordringar på matområdet. Matskandalane i Europa har vist kor sårbare dei tradisjonelle metodane for tilsyn og kontroll med næringsmiddel kan vere, og har medverka til å skape ein auka politisk medviten om behovet for reformer på dette området. Det er behov for å endre dei faglege metodane og samordne og styrke det internasjonale arbeidet for auka mattryggleik.
Dei tre matdepartementa; Helsedepartementet, Fiskeridepartementet og Landbruksdepartementet, har sett i gang eit arbeid for å tilpasse regelverket og organiseringa av tilsynsverksemda til desse utfordringane.
Helsedepartementet har ansvar for arbeidet med ei ny matlov. Den nye matlova vil femne om verkeområdet til ei rekkje av lovene vi har på matområdet i dag og såleis representere ei monaleg forenkling av regelverket. Den nye matlova skal òg vere tilpassa relevant internasjonalt regelverk. Departementa vil vurdere om loven skal femne om heile matkjeda frå jord og fjord til bord.
Det skal etablerast eit felles Mattilsyn for sjøbasert og landbasert matproduksjon.
Statens næringsmiddeltilsyn, Statens landbrukstilsyn og Statens dyrehelsetilsyn samt Fiskeridirektoratet sitt tilsyn med marine produkt og næringsmiddeltilsynet som i dag blir utført av dei kommunale og interkommunale næringsmiddeltilsyna vil såleis bli samordna i eit nytt statleg tilsyn. Ein tek sikte på å etablere det nye tilsynet frå 2004.
Det er særs viktig at forbrukar og næringsutøvar har tillit til vedtaka som blir fatta. Opne, uavhengige og etterrettelege prosessar vil medverke til det. Departementa vil derfor etablere eit tydelegare skilje mellom dei ulike prosessane og aktørane som har roller i risiokoanalysen. Det vil bli etablert ein vitskapskomité som skal dekkje matforvaltninga sine behov for vitskapleg baserte risikovurderingar. Den nye vitskapskomiteen skal organiserast uavhengig av Mattilsynet som på si side skal ha ansvar for risikohandteringa. Kva risikonivå som skal aksepterast blir fastsett av styresmaktene i samråd med forbrukarane.
I sum gjer Landbruksdepartementet framlegg om å løyve 805 millionar kr til tiltak for å sikre at forbrukarane får trygge matvarer av riktig kvalitet. Dette skal skje gjennom eit systematisk kvalitetsarbeid og kontroll i alle ledda i matkjeda. Det blir lagt stor vekt på å ha kunnskap om kva som skjer i dei ulike ledda i kjeda.