Kommunane får eit integreringstilskot over fem år for kvar flyktning dei buset. I tillegg til integreringstilskotet mottar kommunane ekstra eingongstilskot for eldre og funksjonshemma etter fastsette kriterium. Kommunane får og eit særskilt tilskot ved busetting av einslige mindreårige, og tilskot til språkundervisning for barn og vaksne.
Eit berekningsutval med representantar frå staten og kommunane kartlegg kvart år det gjennomsnittlege utgiftsnivået i kommunane knytt til busettings- og integreringsarbeidet. Kartlegginga som Berekningsutvalet gjer, er ein del av grunnlaget for fastsetting av integreringstilskottet.
For 2006 gjer Regjeringa framlegg om at tilskotet for femårsperioden blir auka til 450 000 kroner for vaksne og 430 000 kroner for barn. Med om lag 60 prosent vaksne og 40 prosent barn gir dette ein gjennomsnittleg tilskottssats på om lag 442 000 kroner over integreringstilskottsperioden. Dette er ein auke på om lag 17 000 kroner frå 2005 og 49 000 kroner frå 2004.
For dei som er omfatta av rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap vil Regjeringa auke norsktilskottet for femårsperioden frå 88 000 kroner til 90 730 kroner for personar frå Afrika, Asia, Oseania (eksklusiv Australia og New Zealand), Øst-Europa, Sør-Amerika og Mellom-Amerika, mens tilskotet for personar frå Vest-Europa, Nord-Amerika, Australia og New Zealand blir auka frå 33 000 kroner til 34 020 kroner. Dei som ikkje er omfatta av rett og plikt til opplæring, vil kunne få norskopplæring innanfor ramma av ei femårig overgangordning.
Sjå eige spørsmål om overgangsordninga.