| Kap. 2530 Foreldrepengar
|
|
(i 1 000 kr)
|
|
Post
|
Nemning
|
Rekneskap 2008
|
Saldert budsjett
2009
|
Forslag
2010
|
|
70
|
Foreldrepengar ved fødsel
, overslagsløyving
|
11 576 808
|
12 011
500
|
13 351 500
|
|
71
|
Eingongsstønad ved fødsel
og adopsjon
,
overslagsløyving
|
392 296
|
400 000
|
409 500
|
|
72
|
Feriepengar
av foreldrepengar
, overslagsløyving
|
312 659
|
345 000
|
380 000
|
|
73
|
Foreldrepengar ved adopsjon
,
overslagsløyving
|
85 058
|
100
000
|
75 000
|
|
|
Sum kap. 2530
|
12 366
821
|
12 856 500
|
14 216 000
|
| Resultatrapport 2008/2009
|
Rapporteringa tek utgangspunkt i dei delmåla som vart presenterte
i St.prp. nr. 1 (2007-2008).
| Gode moglegheiter for mødrer og fedrar
til å kombinere yrkesaktivitet og småbarnsomsorg
|
| Vidareføre ei fleksibel og brukarvennleg foreldrepengeordning
|
51 575 kvinner mottok foreldrepengar ved fødsel i 2008, 1 292
fleire enn i 2007. 2 678 mødrer og 2 167 fedrar brukte gradert
uttak av foreldrepengar ved fødsel i 2008, ein auke frå 2006 på
183,4 prosent for mødrene og på heile 464,3 prosent for fedrane. Dette
har samanheng med meir fleksible reglar for gradert uttak av foreldrepengar
frå 1. januar 2007.
Det er likevel berre 5,4 prosent av fedrane og 5,2 prosent av
mødrene med foreldrepengar ved fødsel som bruker gradert uttak.
24,8 prosent av mødrene og 21,7 prosent av fedrane med gradert uttak
tek ut foreldrepengar med 50 prosent i kombinasjon med 50 prosent
arbeid.
| Få fleire menn til å ta ut meir enn fedrekvoten
|
6 638 fedrar tok ut foreldrepengar ved fødsel ut over fedrekvoten
i 2008, det vil seie i om lag 16,5 prosent av dei tilfella der mor
òg har betalt foreldrepermisjon. At ein så liten del av fedrane
tek permisjon ut over fedrekvoten, må mellom anna sjåast i samanheng
med at rettane til fedrane i stor grad er bestemte av kva mor gjer
etter fødselen. For at far skal kunne ta ut foreldrepengar må
mor ut i arbeid, ta offentleg godkjent utdanning på heiltid, ta
offentleg godkjent utdanning i kombinasjon med arbeid som til saman
gir heiltid, vere for sjuk til å ta seg av barnet eller vere innlagd
i helseinstitusjon. Ulike undersøkingar (AFI-rapport 2/2008, NAV-rapport
2/2009) tyder på at også andre forhold enn utforminga av regelverket
påverkar korleis foreldra deler permisjonen mellom seg. Mellom
anna opplever ein del fedrar motstand frå arbeidsplassen om dei
ønskjer å ta ut meir enn fedrekvoten. Det er også slik at foreldra
sjølve oftare legg vekt på at far sin arbeidssituasjon gjer det
vanskeleg for han å ta ut lengre permisjon, enn omvendt. Foreldra
sine haldningar elles spelar også inn.
Det var 1 075 fedrar som tok ut foreldrepengar på sjølvstendig
grunnlag i 2008, mot 1 338 i 2006. Dette gjeld tilfella der far,
men ikkje mor, har rett til foreldrepengar. 78 prosent av desse
fedrane tok ut meir enn 30 dagar i 2008, mot 76 prosent i 2006.
| Utvida rettar for fedrar frå 1. juli 2009
|
Fedrekvoten er utvida frå seks til ti veker for barn fødde
1. juli 2009 eller seinare. Den samla stønadsperioden er samtidig
utvida med to veker, til 46 veker med full lønnsdekning eller 56
veker med 80 prosent lønnsdekning. Endringane går fram av Ot.prp.
nr. 56 (2008-2009).
For barn fødde 1. juli 2009 eller seinare er stønadsperioden
der berre far har tent opp rett til foreldrepengar, utvida med åtte
veker, frå 29/39 veker til 37/47 veker. Tidlegare blei stønadsperioden
i desse tilfella redusert med det veketalet som er øyremerkt for
mor, og vekene som er øyremerkte for far (fedrekvoten). Ein går
no bort frå at fedrekvoten skal trekkjast frå der berre far har
rett til foreldrepengar. Fedrar sin rett til foreldrepengar på
sjølvstendig grunnlag er med dette forbetra og foreldrepengeregelverket
gjort enklare og meir brukarvennleg. Endringane går fram av Ot.prp.
nr. 56 (2008-2009).
For barn fødde 1. juli 2009 eller seinare kan far ta ut foreldrepengar
som ikkje er fedrekvote, dersom mor deltek i
introduksjonsprogram
for nykomne innvandrarar
eller i
kvalifiseringsprogram
for personar med vesentleg nedsett arbeids- og inntektsevne
.
Fedrar i familiar der mor deltek i eit av programma, får same moglegheit
til å ta ut foreldrepengar som i familiar der mor er i arbeid eller under
utdanning. Endringa inneber ei styrking av fedrar sin rett til å
ta ut foreldrepengar. På same tid gjer ein det enklare for kvinner
som får barn, å delta i programma. Endringane går fram av Ot.prp. nr.
56 (2008-2009).
Departementet har, saman med Arbeids- og velferdsetaten, starta
eit arbeid for å styrkje informasjonen til foreldre om korleis
dei kan dele stønadsperioden mellom seg. Arbeids- og velferdsetaten
har mellom anna laga ei ny side retta mot fedrar på heimesidene
sine.
Departementet har òg hatt eit møte med partane i arbeidslivet
om tiltak for meir familievennlege arbeidsplassar, og om kva som
kan gjerast for å fremme fedrar sine uttak av foreldrepengar.
| Styrkje rettane til sjølvstendig næringsdrivande
|
Frå 1. juli 2008 fekk sjølvstendig næringsdrivande rett til
foreldrepengar og svangerskapspengar med 100 prosent dekningsgrad,
avgrensa oppover til 6G. Tidlegare hadde sjølvstendig næringsdrivande
rett til 65 prosent dekning og måtte teikne og betale ei tilleggsforsikring
om dei ville ha 100 prosent dekning. Endringa gjeld òg sjølvstendig næringsdrivande
fedrar, som er sikra 100 prosent dekning under uttak av fedrekvoten
og under foreldrepengeuttak som ikkje er fedrekvote.
Tabell 3.23 Fødslar og
bruk av foreldrepengeordninga i 2007 og 2008
|
|
2007
|
2008
|
Endring
2007/2008
|
|
Talet på fødslar
|
57 655
|
59 655
|
2 000
|
|
Talet
på levandefødde barn
|
58 459
|
60 497
|
2 038
|
|
Talet
på kvinner som avslutta minst éin periode med foreldrepengar
ved fødsel
|
50 283
|
51 575
|
1 292
|
|
-
av desse med 80 prosent lønnskompensasjon
|
36 395
|
35 511
|
-884
|
|
Talet
på menn som avslutta minst éin periode med foreldrepengar
ved fødsel
|
37 672
|
40 182
|
2 511
|
|
-
av desse med permisjon inntil 24 dagar
|
8 117
|
9 941
|
1 824
|
|
-
av desse med permisjon inntil 25 dagar
|
8 660
|
1 076
|
-7 584
|
|
-
av desse med permisjon 26–29 dagar
|
714
|
756
|
42
|
|
-
av desse med permisjon 30 dagar
|
13 663
|
21 772
|
8 109
|
|
-
av desse med permisjon 31–39 dagar
|
1 079
|
1 182
|
103
|
|
-
av desse med permisjon 40–59 dagar
|
2 654
|
2 501
|
-153
|
|
-
av desse med permisjon 60 dagar eller meir
|
2 785
|
2 955
|
170
|
|
Gjennomsnittleg
foreldrepengegrunnlag ved fødsel for kvinner (kr)
|
283 390
|
269 951
|
13 439
|
|
Gjennomsnittleg
foreldrepengegrunnlag ved fødsel for menn (kr)
|
387 850
|
339 938
|
17 912
|
|
Talet
på kvinner med gradert uttak av foreldrepengar ved fødsel
|
2 678
|
1 777
|
901
|
|
Talet
på menn med gradert uttak av foreldrepengar ved fødsel
|
2 167
|
795
|
1 372
|
|
Talet
på fødslar utanfor institusjon
|
211
|
354
|
-143
|
|
Talet
på kvinner med svangerskapspengar
|
2 372
|
2 014
|
358
|
|
-
av desse sjølvstendig næringsdrivande
|
110
|
87
|
23
|
|
Talet
på kvinner som avslutta minst éin periode med foreldrepengar
ved adopsjon
|
416
|
492
|
-76
|
|
-
av desse med 80 prosent lønnskompensasjon
|
343
|
300
|
-43
|
|
Talet
på menn som avslutta minst éin periode med foreldrepengar
ved adopsjon
|
412
|
338
|
-74
|
|
-
av desse med permisjon inntil 24 dagar
|
106
|
101
|
-5
|
|
-
av desse med permisjon 25 dagar
|
73
|
11
|
-62
|
|
-
av desse med permisjon 26–29 dagar
|
5
|
5
|
0
|
|
-
av desse med permisjon 30 dagar
|
116
|
128
|
12
|
|
-
av desse med permisjon 31–39 dagar
|
18
|
14
|
-4
|
|
-
av desse med permisjon 40–59 dagar
|
25
|
23
|
-2
|
|
-
av desse med permisjon 60 dagar eller meir
|
69
|
56
|
-13
|
|
Gjennomsnittleg
foreldrepengegrunnlag ved adopsjon for kvinner (kr)
|
305 555
|
310 399
|
4 844
|
|
Gjennomsnittleg
foreldrepengegrunnlag ved adopsjon for menn (kr)
|
353 508
|
361 208
|
7 700
|
|
Talet
på kvinner med gradert uttak av foreldrepengar ved adopsjon (kr)
|
62
|
85
|
23
|
|
Talet
på menn med gradert uttak av foreldrepengar ved adopsjon (kr)
|
18
|
41
|
23
|
|
Talet
på kvinner med eingongsstønad ved fødsel
|
11 926
|
11 328
|
-598
|
|
Talet
på menn med eingongsstønad ved fødsel
|
14
|
15
|
1
|
|
Talet
på kvinner med eingongsstønad ved adopsjon
|
8
|
6
|
-2
|
|
Talet
på menn med eingongsstønad ved adopsjon
|
0
|
0
|
0
|
|
Talet
på menn med minst éin dag med foreldrepengar ved fødsel utan
rett til fedrekvote (mor har hatt eingongsstønad / mor har hatt
stillingsdel på under 50 prosent)
|
1 204
|
1 075
|
-129
|
|
-
av desse med permisjon inntil 24 dagar
|
155
|
146
|
-9
|
|
-
av desse med permisjon 25 dagar
|
24
|
10
|
-14
|
|
-
av desse med permisjon 26–29 dagar
|
24
|
23
|
-1
|
|
-
av desse med permisjon 30 dagar
|
72
|
57
|
-15
|
|
-
av desse med permisjon 31–39 dagar
|
94
|
74
|
-20
|
|
-
av desse med permisjon 40–59 dagar
|
185
|
145
|
-40
|
|
-
av desse med permisjon 60 dagar eller meir
|
650
|
620
|
-30
|
| Mål og strategiar
|
For 2010 blir følgjande mål prioriterte:
|
Delmål
|
Resultatmål
|
Resultatindikator
|
|
Ei
god foreldrepengeordning for mødrer og fedrar
|
Fleire fedrar
får rett til fedrekvote
|
Omfanget av fedreuttak av foreldrepengar
|
| Ei god foreldrepengeordning for
mødrer og fedrar
|
| Fleire fedrar får rett til fedrekvote
|
| Gi fedrar rett til fedrekvote der mor har tent opp rett
til foreldrepengar i mindre enn halv stilling
|
Departementet føreslår å gi fedrar som har tent opp rett til
foreldrepengar rett til fedrekvote når mor har tent opp rett til
foreldrepengar i mindre enn halv stilling. I dag er det eit vilkår
for rett til fedrekvote at begge foreldra har tent opp rett til foreldrepengar
og at yrkesaktiviteten til mor i oppteningstida har svart til minst
halv stilling. At fedrar tidleg tek ansvar for barneomsorg, er viktig for
å etablere god kontakt mellom far og barn og gjere tilknytinga
til arbeidslivet for fedrane og mødrene meir lik. Fedrekvoten har
vist seg effektiv for å auke fedrane sin bruk av foreldrepengar. Forslaget
inneber at det vil føreliggje rett til fedrekvote i alle tilfelle
der begge foreldra har tent opp rett til foreldrepengar. Endringa
vil gi om lag 1 500 fleire fedrar rett til fedrekvote. Departementet føreslår
at endringa skal gjelde for fødslar og omsorgsovertakingar frå
og med 1. juli 2010. Departementet vil fremme ein odelstingsproposisjon
med forslag til nødvendige lovendringar.
Departementet vil òg arbeide for at fleire fedrar enn i dag
tek ut ein større del av foreldrepengeperioden enn fedrekvoten.
I regjeringa sin handlingsplan for meir entreprenørskap blant kvinner
går eitt av tiltaka som BLD har ansvar for på dette. Det går
fram av handlingsplanen at departementet i samarbeid med Arbeids-
og velferdsetaten vil styrkje informasjonen til foreldra om korleis
dei kan fordele stønadsperioden seg imellom. I St.meld. nr. 8 (2008-2009)
Om menn, mannsroller og likestilling
går
det òg fram at regjeringa vil samarbeide med partane i arbeidslivet
for å styrkje informasjonen om arbeidstakarane sine rettar med
omsyn til å tilpasse arbeid til familieliv, og for å utforme tiltak som
stimulerer arbeidsgivarar til å ha ein personalpolitikk med bevisste
strategiar for permisjonstakarar og arbeidstakarar med barn.
Departementet vil i samarbeid med organisasjonane i arbeidslivet
arrangere ein konferanse i 2010. Konferansen skal bidra til å fremme
eit meir familievennleg arbeidsliv mellom anna ved betre informasjon
og gode eksempel. Tiltak for å støtte opp om moglegheitene fedrar
har til å ta ut meir av foreldrepengane vil òg vere viktige for
å fremme eit meir familievennleg arbeidsliv.
| Fleire foreldre får rett til foreldrepengar ved at arbeidsavklaringspengar
gir opptening
|
I 2008 blei det vedteke å innføre ein ny stønad, arbeidsavklaringspengar,
som skal erstatte attføringspengar, rehabiliteringspengar og tidsavgrensa
uførestønad. Det blei samtidig vedteke at arbeidsavklaringspengar
skal gi oppteningsrett til foreldrepengar. Innføring av ordninga
med arbeidsavklaringspengar er utsett til 1. mars 2010. Endringa
vil gi fleire mødrer og fedrar rett til foreldrepengar enn i dag
og leggje langt betre til rette i samband med fødsel for familiar
der ein av foreldra er ute av arbeid på grunn av helseproblem.
Forslaget vil òg gi eit enklare og meir konsistent regelverk.
| Stans av offentlege ytingar ved barnebortføring
|
Utgreiinga om å halde tilbake offentlege ytingar, mellom anna
foreldrepengar, og barnebidrag ved barnebortføring er sendt ut
til offentleg høyring med høyringsfrist 1. november 2009. Sjå
også omtale under kap. 841 Samliv og konfliktløysing, kap. 844
Kontantstøtte og kap. 845 Barnetrygd.
| Nærmare om budsjettforslaget
|
Stønadene under kap. 2530 Foreldrepengar er heimla i folketrygdlova
kap. 14 Ytelser ved svangerskap, fødsel og adopsjon.
| Mål
|
Stønadene under dette kapitlet skal kompensere for bortfall
av inntekt i samband med svangerskap, fødsel og adopsjon og sikre
støtte til kvinner som ikkje har tent opp rett til foreldrepengar.
| Tildelingskriterium
|
Tildelingskriterium er omtalte under dei enkelte budsjettpostane
nedanfor.
| Oppfølging og kontroll
|
Foreldrepengar blir forvalta av Arbeids- og velferdsetaten, jf.
tilsvarande punkt under kap. 844 Kontantstøtte.
| Budsjettforslag 2010
|
Departementet føreslår å gi fedrar rett til fedrekvote òg
der mora har tent opp rett til foreldrepengar i mindre enn halv
stilling, med verknad for barn fødde eller adopterte frå og med
1. juli 2010. Kostnadene i 2010 er rekna til 10 mill. kroner. Overslaget
byggjer på dagens omfang av uttak av fedrekvoten. Heilårseffekten
er rekna til mellom 40 og 75 mill. kroner.
Frå 1. mars 2010 blir periodar med mottak av arbeidsavklaringspengar
rekna med i oppteningstida for rett til foreldrepengar. Stønadsmottakar
må ha arbeidsavklaringspengar i minst seks av dei siste ti månadene
før stønadsperioden tek til, for å få utbetalt foreldrepengar
på grunnlag av denne ytinga aleine. Meirutgiftene over dette kapitlet
i 2010 er anslått til 12 mill. kroner, medan heilårseffekten er
100 mill. kroner. Anslaget er vidare auka med 258 mill. kroner grunna
følgjande tiltak sett i verk frå 1. juli 2009: Utvida fedrekvote
til 10 veker (253,5 mill. kroner), innføring av rett til foreldrepengar
til fedre der mor deltar i introduksjonsprogram for nyankomne innvandrarar
eller kvalifiseringsprogram for personar med vesentleg nedsett arbeids-
og inntektsevne (2,5 mill. kroner) og auka stønadsperiode når
berre far har rett til foreldrepengar (2 mill. kroner), jf. Ot.prp.
nr. 56 (2008-2009).
Det er lagt til grunn ein vekst i foreldrepengegrunnlaget tilsvarande
anslaget på den generelle lønnsveksten frå 2009 til 2010.
Budsjettforslaget byggjer mellom anna på tal frå Statistisk
sentralbyrå sin siste befolkningsframskriving.
| Post 70 Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving
|
Foreldrepengar ved fødsel blir betalte ut etter reglane i folketrygdlova
§§ 14-5 til 14-16. Det er eit vilkår for rett til foreldrepengar
at stønadsmottakar har vore yrkesaktiv med pensjonsgivande inntekt
i minst seks av dei siste ti månadene før stønadsperioden tek
til, jf. folketrygdlova § 14-6. Arbeidsavklaringspengar vil bli
likestilte med yrkesaktivitet etter denne regelen og gi oppteningsrett
til foreldrepengar frå 1. mars 2010. Foreldrepengar dekkjer ikkje
inntektstap som per år overstig seks gonger grunnbeløpet i folketrygda
(6G), jf. folketrygdlova § 14-7. Per 1. mai 2009 utgjer grunnbeløpet
72 881 kroner.
For fødslar frå og med 1. juli 2009 er stønadsperioden 46
veker med 100 prosent lønnskompensasjon eller 56 veker med 80 prosent
lønnskompensasjon, jf. folketrygdlova § 14-9. Ti av desse vekene
er øyremerkte far (fedrekvoten). Sidan stønadsperioden med 100
prosent dekning er avgrensa til 46 veker, kan det maksimalt bli
refundert 386 830 kroner per stønadstilfelle. For barn fødde før
1. juli 2009 er stønadsperioden 44/54 veker. Fedrekvoten er seks
veker. For stønadsperiodar på 44 veker kan det maksimalt bli refundert
370 011 kroner per stønadstilfelle. Foreldra kan fordele ein større
del av stønadsperioden mellom seg i samsvar med reglane i folketrygdlova
§ 14-13.
For fødslar og omsorgsovertakingar frå og med 1. juli 2010
vil det etter regjeringa sitt forslag liggje føre rett til fedrekvote
i alle tilfella der begge foreldra har tent opp rett til foreldrepengar.
For fødslar og omsorgsovertakingar før 1. juli 2010 ligg det føre
rett til fedrekvote når begge har tent opp rett til foreldrepengar
og yrkesaktiviteten til mor i oppteningstida har svart til minst
halv stilling.
For fødslar og omsorgsovertakingar frå og med 1. juli 2009
blei stønadsperioden der berre far har tent opp rett til foreldrepengar
utvida med åtte veker til 37/47 veker, jf. folketrygdlova § 14-14.
Frå same tidspunkt fekk fedrar rett til å ta ut foreldrepengar
dersom mor deltek i introduksjonsprogram for nykomne innvandrarar
eller kvalifiseringsprogram for personar med vesentleg nedsett arbeids- og
inntektsevne, jf. folketrygdlova § 14-13.
Foreldrepengar kan takast ut gradert i samsvar med skriftleg
avtale med arbeidsgivar om delvis arbeid, jf. vilkåra i folketrygdlova
§ 14-16. Folketrygdlova § 14-11 gir òg rett til å utsetje stønadsperioden
når den som mottek foreldrepengar, er i arbeid på heiltid. Uttak
av foreldrepengar må vere avslutta seinast tre år etter fødselen.
Under post 70 høyrer òg svangerskapspengar som blir ytte i samsvar
med vilkåra i folketrygdlova § 14-4.
| Post 71 Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon,
overslagsløyving
|
Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon blir ytt etter reglane
i folketrygdlova § 14-17 til kvinner som ikkje har tent opp rett
til foreldrepengar. Eingongsstønaden blir føreslått vidareført
nominelt frå 2009 til 2010, og er på 35 263 kroner. Ved fleirbarnsfødslar
og fleirbarnsadopsjonar blir det ytt ein eingongsstønad per barn.
Under post 71 høyrer òg stønad ved fødsel utanfor institusjon,
jf. folketrygdlova § 5-13, som blir ytt til kvinner som ikkje er
innlagte på sjukehus eller fødestue i samband med fødselen. Stønaden
er på 1 765 kroner.
| Post 72 Feriepengar av foreldrepengar,
overslagsløyving
|
Feriepengar av foreldrepengar blir ytt i samsvar med vilkåra
i folketrygdlova § 14-8. Folketrygda yter feriepengar til arbeidstakarar
med 10,2 prosent av utbetalte foreldrepengar for dei første 12 vekene
av kvar stønadsperiode, alternativt for 15 veker dersom det er
valt redusert lønnskompensasjon (80 prosent).
| Post 73 Foreldrepengar ved adopsjon,
overslagsløyving
|
Foreldrepengar ved adopsjon blir ytt etter vilkåra i folketrygdlova
§§ 14-5 til 14-16 ved adopsjon av barn under 15 år.
For omsorgsovertakingar frå og med 1. juli 2009 er stønadsperioden
43 veker med 100 prosent lønnskompensasjon eller 53 veker med 80
prosent lønnskompensasjon, jf. folketrygdlova § 14-9. Fedrekvoten
er på ti veker. Sidan stønadsperioden med 100 prosent dekning
er avgrensa til 43 veker, kan det maksimalt betalast ut 361 602
kroner per stønadstilfelle. Sjå elles omtalen under post 70.
For omsorgsovertakingar fram til 1. juli 2009 er stønadsperioden
41 veker med 100 prosent lønnskompensasjon eller 51 veker med 80
prosent lønnskompensasjon, jf. folketrygdlova § 14-9. Fedrekvoten
er på seks veker. Sidan stønadsperioden med 100 prosent dekning
er avgrensa til 41 veker, kan det maksimalt utbetalast 344 783 kroner
per stønadstilfelle.