Kunnskapsdepartementet (KD)

Programkategori 07.10 Administrasjon

Utgifter under programkategori 07.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

200

Kunnskapsdepartementet

272 090

268 094

363 045

35,4

Sum kategori 07.10

272 090

268 094

363 045

35,4

Inntekter under programkategori 07.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

3200

Kunnskapsdepartementet

1 932

Sum kategori 07.10

1 932

Kap. 200 Kunnskapsdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Driftsutgifter

259 556

254 152

348 428

21

Særskilde driftsutgifter

11 112

11 197

11 803

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

1 422

2 745

2 814

Sum kap. 0200

272 090

268 094

363 045

Post 01 Driftsutgifter, post 21 Særskilde driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga på post 01 skal dekke lønn og driftsutgifter i departementet. Løyvinga på post 21 dekker mellom anna utgifter til den norske UNESCO-kommisjonen og utgreiings- og utviklingsoppgåver i Kunnskapsdepartementet. Løyvinga på post 45 gjeld kjøp av datautstyr, programvare og tenester som blir nytta i utviklinga av IKT-systemet i departementet.

Mål for 2017

Måla her gjeld drift av Kunnskapsdepartementet. Dei faglege måla for departementet er omtalte i dei aktuelle fagkapitla.

Måla for 2017

  • Departementet skal ha eit godt grunnlag for utforminga av kunnskapspolitikken.

  • Departementet skal sikre at kunnskapspolitikken blir sett i verk.

  • Departementet skal ha ein god dialog med alle relevante aktørar i samfunnet.

  • Departementet skal vere førebudd på å handtere alle typar kriser i sin eigen sektor.

  • Kunnskapsdepartementet har formulert eit sett med verdiar som er rettesnorer for arbeidet med å nå måla.

Verdiane for Kunnskapsdepartementet er

  • profesjonalitet

  • openheit

  • gjennomføring

Rapport for 2015

Kunnskapsdepartementet har ansvaret for å utvikle og sette i verk den overordna politikken for barnehage, grunnopplæring, høgre utdanning, livslang læring og forsking. I 2015–16 har departementet i tillegg til dei faste budsjettproposisjonane utarbeidd desse proposisjonane og meldingane til Stortinget:

  • Prop. 157 L (2014–2015) Lov om konsortium for europeisk forskingsinfrastruktur (ERIC-lova)

  • Prop. 7 L (2015–2016) Endringer i universitets- og høyskoleloven (oppnevning av eksterne styremedlemmer ved statlige høyskoler)

  • Prop. 33 L (2015–2016) Endringer i barnehageloven (tilsyn m.m.)

  • Prop. 41 L (2015–2016) Endringer i universitets- og høyskoleloven (modell for styring og leiing mv.)

  • Prop. 72 L (2015–2016) Endringar i opplæringslova (friare skoleval over fylkesgrenser, praksisbrevordning m.m.)

  • Prop. 81 L (2015–2016) Endringer i universitets- og høyskoleloven (NOKUTs tilsyn, nasjonal vitnemålsportal mv.)

  • Prop. 95 L (2015–2016) Endringer i fagskoleloven (om studentrettigheter m.m.)

  • Prop. 103 L (2015–2016) Endringer i barnehageloven og opplæringslova (spesialpedagogisk hjelp, kortere ventetid for barnehageplass m.m.)

  • Prop. 139 L (2015–2016) Lov om godkjenning av yrkeskvalifikasjoner (yrkeskvalifikasjonsloven)

  • Meld. St. 16 (2015–2016) Fra utenforskap til ny sjanse

  • Meld. St. 19 (2015–2016) Tid for lek og læring . Bedre innhold i barnehagen.

  • Meld. St. 28 (2015–2016) Fag – Fordypning – Forståelse

Som del av grunnlaget for politikkutforminga sørger Kunnskapsdepartementet for at det finst system for å samle inn og legge til rette informasjon om sektoren. Grunnskolens Informasjonssystem (GSI) og Database for statistikk om høgre utdanning (DBH) er slike system, som er informasjonskjelder som både departementet sjølv og andre med interesser i sektoren bruker.

Departementet skaffar seg kunnskapsgrunnlag gjennom å følge med på norsk og internasjonal forsking, og gjennom å sette ut forskingsoppdrag på område der departementet har eit spesifikt kunnskapsbehov. Rapporten Skolekvalitet i videregående opplæring, som Senter for økonomisk forskning (SØF) la fram i 2016, er resultatet av eit slikt forskingsoppdrag for Kunnskapsdepartementet.

Kunnskapssektoren har mange interessentar: elevar og studentar, foreldre, tilsette, arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonar. Desse gruppene kan ha røynsler og synspunkt som det er viktig å kjenne til når vegval skal gjerast. Framleggings- og høyringsrundar er kanalar der slik informasjon kan komme fram. Departementet har i tillegg jamleg kontakt med interessentar i sektoren under arbeidet med meldingar og andre dokument til Stortinget. Kontakten kan vere med einskilde grupper kvar for seg eller til dømes i form av eit innspelseminar.

Kunnskapsdepartementet har mange underliggande verksemder, og dessutan står kommunane og fylkeskommunane for ein stor del av tenesteproduksjonen. Iverksettinga av kunnskapspolitikken skjer derfor både gjennom dei underliggande verksemdene og gjennom verkemiddel overfor kommunesektoren. Eit av verkemidla i styringa er å fastsette korleis organiseringa skal vere i den statlege delen av kunnskapssektoren, det vil seie kva for verksemder vi skal ha, og korleis arbeidsdelinga skal vere mellom dei. I 2015 hadde Kunnskapsdepartementet i arbeid eit ekspertutval som vurderte organiseringa og arbeidsdelinga i kunnskapssektoren, og som la fram tilrådinga si tidleg i 2016. Departementet har hatt tilrådinga ute til høyring, og arbeider vidare med organisasjonsspørsmåla på grunnlag av den tilrådinga og dei høyringsfråsegnene som har komme inn.

Budsjettforslag for 2017

Kunnskapsdepartementet foreslår ei samla løyving på 348,4 mill. kroner over kap. 200 post 01, 11,8 mill. kroner over post 21 og 2,8 mill. kroner over post 45.

Det skal etablerast nye leigeavtalar for departementslokala frå 1. januar 2017. Dei nye leigekontraktane skal tilsvare det faktiske arealet som det enkelte departement og Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon vil disponere i 2017. Konsekvensen av ny leigeavtale for Kunnskapsdepartementet er ein auke av løyvinga på 58,4 mill. kroner over kap. 200 post 01. Sjå omtale under Prop. 1 S (2016–2017) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet, kap. 2445 Statsbygg.

Frå 2017 innfører regjeringa ein forenkla modell for premiebetaling til Statens pensjonskasse (SPK) for dei verksemdene som ikkje betaler premie i dag. For Kunnskapsdepartementet medfører dette ein auke på kap. 200 post 01 med 30,7 mill. kroner. Sjå hovudinnleiinga for nærare omtale.

Departementet foreslår vidare at kap. 200 post 01 blir redusert med 187 000 kroner som følge av gevinstar ved overgangen til digital post til innbyggarar og næringsliv, jf. omtale i hovudinnleiinga.

Grunna etableringskostnader i samband med opprettinga av ei ny sivil klareringsmyndigheit foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 200 post 01 med 32 000 kroner mot ein tilsvarande auke på Justis- og beredskapsdepartementets budsjett. Sjå omtale under Prop. 1 S (2016–2017) for Justis- og beredskapsdepartementet og kap. 283 post 50 Meteorologisk institutt.

Noreg deltek i EU-programmet ISA 2 (Interoperability solutions and common frameworks for European public administrations, businesses and citizens as a means for modernising the public sector). Post 21 er auka med 350 000 kroner knytta til Kunnskapsdepartementet sin del av utgiftene til programmet.

Departementet foreslår at løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3200 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 3200 Kunnskapsdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

02

Salsinntekter o.a.

1 932

Sum kap. 3200

1 932

Programkategori 07.20 Grunnopplæringa

Utgifter under programkategori 07.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

220

Utdanningsdirektoratet

468 690

465 128

504 230

8,4

221

Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane

13 431

13 946

14 827

6,3

222

Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat

100 135

90 133

102 333

13,5

223

Sametinget

40 331

41 501

42 592

2,6

224

Senter for IKT i utdanninga

90 095

82 813

89 953

8,6

225

Tiltak i grunnopplæringa

1 650 238

1 918 244

1 692 203

-11,8

226

Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa

2 488 103

3 491 406

3 522 290

0,9

227

Tilskott til særskilde skolar

132 254

145 137

151 316

4,3

228

Tilskott til frittståande skolar o.a.

4 058 761

4 087 165

4 345 801

6,3

229

Noregs grøne fagskole – Vea

27 865

24 381

27 239

11,7

230

Statleg spesialpedagogisk støttesystem

694 498

701 384

760 703

8,5

Sum kategori 07.20

9 764 401

11 061 238

11 253 487

1,7

Inntekter under programkategori 07.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

3220

Utdanningsdirektoratet

13 721

5 218

5 337

2,3

3222

Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat

10 469

5 140

5 257

2,3

3224

Senter for IKT i utdanninga

8 701

1 628

1 665

2,3

3225

Tiltak i grunnopplæringa

67 375

292 298

218 601

-25,2

3229

Noregs grøne fagskole – Vea

5 936

2 853

2 923

2,5

3230

Statleg spesialpedagogisk støttesystem

63 401

76 044

55 717

-26,7

Sum kategori 07.20

169 603

383 181

289 500

-24,4

Innleiing

Gjennom formålsparagrafen for grunnopplæringa har samfunnet gitt grunnopplæringa eit omfattande og viktig mandat, jf. opplæringslova § 1-1. Opplæringa skal gi alle elevar dugleikar, holdningar og verdiar som gjer dei i stand til å meistre sitt eige liv, delta i arbeids- og samfunnslivet og ta vare på seg sjølve og andre i samfunnet. Alle skal ha moglegheit til å realisere læringspotensialet sitt i ein inkluderande skole.

Kommunane, fylkeskommunane og dei frittståande skolane skal realisere samfunnsmandatet for grunnopplæringa. Grunnopplæringa blir i hovudsak finansiert gjennom dei frie inntektene til kommunane og fylkeskommunane, det vil seie rammetilskottet og skatteinntekter. Kommunane og fylkeskommunane har eit sjølvstendig ansvar for å budsjettere midlar til grunnopplæringa etter lokale behov, jf. opplæringslova § 13-10. Dette gjeld til både drift, investeringar og kvalitetsutvikling av grunnopplæringa ved skolane og i lærebedriftene. For ei samla framstilling av ressursbruken i grunnopplæringa viser departementet til del III i budsjettproposisjonen, kapittel 6 Ressursar i grunnopplæringa.

Under programkategori 07.20 blir drifta av underliggande verksemder med oppgåver retta mot barnehagane og grunnopplæringa finansierte, jf. kap. 220 Utdanningsdirektoratet, kap. 221 Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane, kap. 224 Senter for IKT i utdanninga og kap. 230 Statleg spesialpedagogisk støttesystem. Sametinget får også tilskott til utdanningsformål over programkategorien, jf. kap. 223 Sametinget. Dei nasjonale satsingane for å styrke kvaliteten i grunnopplæringa blir finansierte over kap. 226. Kap. 225 Tiltak i grunnopplæringa omfattar ei rekke tilskottsordningar, særleg øyremerkte tilskott til kommunesektoren. Statlege skolar blir finansierte over kap. 222 Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat og kap. 229 Noregs grøne fagskole – Vea. Enkelte særskilde skolar og frittståande skolar får tilskott over programkategorien, jf. høvesvis kap. 227 Tilskott til særskilde skolar og kap. 228 Tilskott til frittståande skolar o.a.

Hovudprioriteringar for 2017

Grunnopplæringa blir hovudsakleg finansiert gjennom dei frie inntektene til kommunane og fylkeskommunane. Regjeringa foreslår ein reell vekst i dei frie inntektene til kommunesektoren på 4,1 mrd. kroner i 2017. Dette er ein realvekst på 1,2 pst. i høve til 2016.

Regjeringa legg med budsjettforslaget for 2017 eit grunnlag for å realisere prinsippet om tidleg innsats. Tidleg innsats inneber å fange opp utfordringar hos elevar og følge dei opp raskt. Regjeringa vil sende ut til høyring eit lovforslag om tidleg innsats. Det er tidlegast aktuelt å iverksette endringa i skoleåret 2018–19. Det vil i høyringa bli foreslått at fagleg svake elevar skal få tilbod om tidsavgrensa intensivopplæring. For å førebu kommunane på det varsla lovforslaget vil regjeringa allereie i 2017 styrke arbeidet med tidleg innsats i kommunane ved å foreslå ein auke i dei frie inntektene på 150 mill. kroner. Auken vil bidra til at kommunane kan forbetre eigen praksis og på sikt oppnå betre elevresultat. Regjeringa tar sikte på at den samla styrkinga av kommunane knytt til tidleg innsats blir på 360 mill. kroner i 2018. Regjeringa vil vurdere auken av dei frie inntektene til kommunane i samanheng med det kommande lovforslaget om tidleg innsats. Tiltaket vil vere eit sentralt tiltak i stortingsmeldinga som Kunnskapsdepartementet vil legge fram tidleg i 2017 om kvalitet i skolen og skoleeigarskap.

Eit anna viktig grep i meldinga vil vere eit forslag til ein ny modell for styring og finansiering av kompetanseutvikling i grunnskolen. Regjeringa vil at dei statlege midlane til kompetanseutvikling i større grad blir differensierte etter behova til kommunane og kapasiteten dei har til å utvikle skolane sine. Regjeringa vil starte på omlegginga i budsjettet for 2017 og vil nytte 200 mill. kroner på tiltak som er i tråd med den nye modellen. Det omfattar mellom anna 100 mill. kroner til eit meir desentralisert system for kompetansetiltak og ei styrking av Rettleiarkorpset retta mot skoleeigarar som over tid ikkje oppnår tilfredsstillande resultat på indikatorar som læringsmiljø, gjennomføring og læringsutbytte.

Regjeringa foreslår ei vesentleg styrking av arbeidet mot mobbing og for eit betre læringsmiljø i 2017. I budsjettforslaget har regjeringa sett av om lag 75 mill. kroner til dette ein auke på om lag 35 mill. kroner frå 2016. Tiltaka kan delast inn i tre hovudområde: eit betre handhevingsapparat for mobbesaker, betre støtte og rettleiing til elevar og foreldre og meir kompetanse i barnehagar og skolar. Ein stor del av satsinga skal gå til å auke den evna barnehagane og skolane har til å førebygge, avdekke og handtere mobbing. Det vil omfatte både auka kompetanse om regelverk og praktisk mobbearbeid. Dei med størst utfordringar får raskast og mest hjelp.

Regjeringa foreslår å styrke strategien Yrkesfaglærerløftet med 30 mill. kroner til gjennomføring av kompetanseutviklingstiltak for yrkesfaglærarar frå hausten 2017. Heilårsverknaden av tiltaket er 60 mill. kroner i 2018.

Regjeringa foreslår å styrke satsinga på realfag med 30 mill. kroner. Regjeringa vil utvide ordninga med realfagskommunar, innføre ei satsing på elevar som presterer på høgt nivå og gjennomføre tiltak for betre læring for lågt presterande elevar i grunnskolen.

Personar som har fullført vidaregåande opplæring eller tilsvarande i utlandet har i dag ikkje rett til vidaregåande opplæring i Noreg, sjølv om opplæringa ikkje blir akseptert som likeverdig med norsk vidaregåande opplæring og verken gir yrkeskompetanse eller studiekompetanse i Noreg. Dette innskrenkar moglegheitene deira til vidare studiar eller ein jobb dei er kvalifiserte for. Eit tiltak i Meld. St. 16 (2015–2016) Fra utenforskap til ny sjanse er at regjeringa vil vurdere å endre opplæringslova slik at personar med vidaregåande opplæring frå utlandet som ikkje blir godkjent i Noreg, har rett til vidaregåande opplæring. Kunnskapsdepartementet vil foreslå denne endringa av opplæringslova med verknad frå skoleåret 2017–18. For å kompensere fylkeskommunane for auken i personar med rett til vidaregåande opplæring foreslår regjeringa å auke rammetilskottet til fylkeskommunane med 46,1 mill. kroner i 2017. Utgifter til utdanningsstøtte kjem i tillegg, slik at den samla budsjetteffekten av forslaget er 60,8 mill. kroner i 2017. Heilårsverknaden av endringa er 235 mill. kroner i 2019.

Regjeringa foreslår å styrke satsinga på nye karrierevegar for lærarar i 2017. Regjeringa vil sette av om lag 20 mill. kroner til satsinga – ein auke på 7 mill. kroner i høve til 2016.

Fleire andre sentrale tiltak innanfor grunnopplæringa blir førte vidare i 2017. Regjeringa vil blant anna vidareføre den historiske satsinga på vidareutdanning av lærarar. Talet på deltakarar er nesten tredobla etter at Solberg-regjeringa tok over. I Sundvolden-erklæringa varsla regjeringa at 10 000 lærarar skulle få tilbod om vidareutdanning i matematikk i løpet av fem år. Regjeringa er i rute for å nå målet. Så langt har over 5 600 lærarar fått tilbod om vidareutdanning i matematikk og rekning som grunnleggande dugleik.

Tilstandsvurdering

Departementet har sett følgande overordna mål for grunnopplæringa:

  • Elevane skal ha eit godt og inkluderande læringsmiljø.

  • Elevane skal meistre grunnleggande dugleikar og ha god fagleg kompetanse.

  • Fleire elevar og lærlingar skal gjennomføre vidaregåande opplæring.

Dei tre måla heng saman. Eit godt læringsmiljø er både eit mål i seg sjølv og eit middel for betre læringsutbytte. Gjennomføring av vidaregåande opplæring heng tett saman med det faglege og det sosiale grunnlaget elevane har frå grunnskolen.

Mål: Elevane skal ha eit godt og inkluderande læringsmiljø

Elevundersøkinga er ei spørjeundersøking til elevane i grunnopplæringa om korleis dei oppfattar sitt eige læringsmiljø. Undersøkinga er obligatorisk å gjennomføre for skoleeigarane på 7. og 10. trinn i grunnskolen og for elevar i vidaregåande opplæring. Undersøkinga blei revidert i 2013. Ein må derfor tolke endringar i 2013 med varsemd.

Figur 4.1 Rapportering frå elevane om læringsmiljøet på skolen

Figur 4.1 Rapportering frå elevane om læringsmiljøet på skolen

Kjelde: Elevundersøkinga 2008–15

Trivselen til elevane er i gjennomsnitt høg gjennom heile opplæringsløpet. I 2015 var det rundt 90 pst. av elevane som rapporterte at dei trivst godt eller svært godt på skolen. Delen elevar som trivst godt eller svært godt på 10. trinn, er noko lågare enn både på 7. trinn og på Vg1. Sidan 2008 har det vore ein gradvis auke i delen elevar som trivst godt eller svært godt på alle desse trinna i grunnopplæringa. Auken i 2013 kan skyldast revideringa av spørjeskjemaet for Elevundersøkinga i 2013.

Sjølv om delen elevar som trivst godt eller svært godt i grunnopplæringa, i gjennomsnitt er stor gjennom heile opplæringsløpet, er det likevel i underkant av fem pst. av elevane på 7. og 10. trinn i 2015 som seier at dei blir mobba to til tre gonger i månaden eller oftare. På Vg1 er det rundt 2,5 pst. som seier at dei blir mobba to til tre gonger i månaden eller oftare. Nedgangen i 2013 i delen elevar som rapporterer om hyppig mobbing, kan skyldast revideringa av spørjeskjemaet for Elevundersøkinga. Det har òg vore ein nedgang frå 2013 til 2015 som ikkje kan knytast til revideringa av undersøkinga.

Sidan 2008 har det vore ein klar framgang i delen elevar som liker skolearbeid godt eller svært godt. På 7. trinn har delen elevar som rapporterer at dei liker skolearbeid godt eller svært godt, auka frå rundt 56 pst. i 2008 til 68 pst. i 2015. Auken i 2013 kan mellom anna skyldast revideringa av spørjeskjemaet for Elevundersøkinga. Det har vore ein auke også frå 2013 til 2015 for 7. trinn, medan delen som liker skolearbeid godt eller svært godt, er stabil for 10. trinn og Vg1 i denne perioden. Delen elevar som liker skolearbeid godt eller svært godt, ligg systematisk lågare på 10. trinn enn på 7. trinn og Vg1.

Mål: Elevar skal meistre grunnleggande dugleikar og ha god fagleg kompetanse

Grunnleggande dugleikar er definerte som digitale dugleikar, munnlege dugleikar, å kunne lese, å kunne rekne og å kunne skrive. Grunnleggande dugleikar er føresetnader for å utvikle kompetanse i undervisningsfag, og er derfor integrerte i kompetansemåla for alle fag i grunnopplæringa. Fagleg kompetanse er den kompetansen elevane skal oppnå gjennom arbeid med faga i grunnopplæringa.

Noreg deltar i fleire internasjonale undersøkingar som måler dei grunnleggande dugleikane og den faglege kompetansen til elevane. Resultata frå undersøkingane kan samanliknast med resultata til andre land og seier noko om utviklinga over tid.

Vurderinga av tilstanden for dette målet har endra seg lite frå budsjettproposisjonen departementet la fram i fjor haust, fordi resultata frå nye internasjonale undersøkingar først blir publiserte mot slutten av 2016.

Trends in International Mathematics and Science Study (TIMSS) 2011 viste tydeleg forbetring av prestasjonane til norske elevar i matematikk og naturfag på 4. og 8. trinn frå 2003, med unntak av naturfag for elevar på 8. trinn, der nivået var stabilt frå 2003 til 2011. Progress in International Reading Literacy Study (PIRLS) 2011 viste tilsvarande ei klar forbetring i leseprestasjonane for 4. og 5. trinn. Som følge av forskjellar i alder ved skolestart er norske elevar på 5. trinn nærare i alder elevar på 4. trinn i mange andre land. Norske elevar ligg over det internasjonale gjennomsnittet for både 4. og 5. trinn i PIRLS 2011.

Programme for International Student Assessment (PISA) 2012 viste derimot at den positive utviklinga i førre PISA-undersøking i 2009 ikkje blei ført vidare. PISA testar 15-åringar i naturfag, lesing og matematikk. Leseprestasjonane er stabile frå 2009 til 2012, mens prestasjonane i naturfag og matematikk har blitt reduserte i same periode. Når ein ser heile perioden 2000 til 2012 under eitt, er nivået på læringsutbyttet målt gjennom PISA relativt stabilt, jf. figur 4.2. Prestasjonane til dei norske elevane i matematikk og naturfag i PISA 2012 låg under gjennomsnittet for OECD-landa i undersøkinga.

Figur 4.2 Gjennomsnittlege elevprestasjonar i PISA

Figur 4.2 Gjennomsnittlege elevprestasjonar i PISA

I dei internasjonale undersøkingane er 500 poeng skalamidtpunktet, og noko forenkla svarer om lag 30–40 poeng til den gjennomsnittlege framgangen i prestasjonar til elevane i løpet av eit skoleår.

Kjelde: Kjærnsli mfl. (2013)

Dei internasjonale undersøkingane synte at avstanden mellom fagleg sterke og fagleg svake elevar blei tydeleg redusert frå midten av 2000-talet. Reduksjonen i spreiinga mellom elevar kunne i stor grad forklarast med betra prestasjonar blant dei fagleg svakaste elevane. PISA 2012 viser likevel at avstanden mellom fagleg sterke og fagleg svake elevar auka frå 2009. Samanlikna med andre land er det få norske elevar på dei høgste prestasjonsnivåa i dei internasjonale undersøkingane.

Norske elevar presterte godt over det internasjonale gjennomsnittet i ei internasjonal undersøking av dei digitale dugleikane til elevane (ICILS), som blei gjennomført blant 18 land og to provinsar i Canada i 2013. Målgruppa for undersøkinga var elevar på 8. trinn, men i Noreg deltok elevar på 9. trinn. Undersøkinga viste likevel at om lag 24 pst. av dei norske elevane har så svake dugleikar at dei vil ha problem med å meistre enkle digitale oppgåver som er vanlege i arbeidslivet.

Resultata frå ei internasjonal undersøking om medborgarskap og demokrati (ICCS) frå 2009 viste at norske elevar på 8. og 9. trinn har svært gode kunnskapar om og dugleikar i demokrati og medborgarskap samanlikna med elevar i dei andre landa som deltok. Resultata er om lag på same nivå som i ei tilsvarande undersøking i 1999.

I dei siste åra har Utdanningsdirektoratet arbeidd med å legge grunnlaget for trendmålingar i dei nasjonale prøvene. Hausten 2014 starta desse målingane i rekning og engelsk. Dei første resultata av berekning av endring over tid blei rapporterte hausten 2015. Som venta var det små endringar i resultata på nasjonalt nivå frå 2014 til 2015. Kommunar og skolar kan følge med på si eiga utvikling, men det er viktig å vere merksam på at resultata kan svinge mykje i små einingar, og at det trengst tal for fleire år for å kunne fastslå ein trend. Trendmålingar i dei nasjonale prøvene i lesing kan starte når leseprøvene har blitt elektroniske. Dette arbeidet er under utvikling. Resultata frå dei nasjonale prøvene i 2015 viser at jentene gjer det betre enn gutane i lesing på både 5. trinn og 8. trinn. På rekneprøva er det ingen forskjell mellom jenter og gutar på 5. trinn, mens gutane gjer det litt betre enn jentene i rekning på 8. trinn.

Variasjonen i læringsutbytte mellom norske elevar kan i mindre grad forklarast med sosial bakgrunn samanlikna med andre OECD-land. Det er likevel ein klar samanheng mellom utdanningsnivået til foreldra og prestasjonane til elevane, og det er berre minimale endringar i denne samanhengen over tid, jf. figur 4.3.

Figur 4.3 Gjennomsnittlege grunnskolepoeng til elevane etter utdanningsnivået til foreldra

Figur 4.3 Gjennomsnittlege grunnskolepoeng til elevane etter utdanningsnivået til foreldra

Kjelde: SSB. Grunnskolepoeng er eit samlemål for alle karakterane ved avslutta grunnskole

Mål: Fleire elevar og lærlingar skal gjennomføre vidaregåande opplæring

Fleire elevar og lærlingar skal gjennomføre vidaregåande opplæring. Det er samstundes avgjerande at den kompetansen dei oppnår, blir verdsett i høgre utdanning eller på arbeidsmarknaden. For elevar med generell studiekompetanse vil i hovudsak fullført høgre utdanning utgjere den viktigaste kvalifikasjonen deira på arbeidsmarknaden. For elevar med yrkesfagleg kompetanse vil vidaregåande opplæring utgjere den viktigaste kvalifikasjonen deira på arbeidsmarknaden. I mange år har om lag halvparten av elevane valt yrkesfaglege utdanningsprogram på Vg1. Likevel har delen elevar som oppnår yrkeskompetanse, lege på eit vesentleg lågare nivå enn delen elevar som oppnår studiekompetanse. Det skyldast at gjennomføringa er lågare for elevane som vel yrkesfag enn for elevane som vel studieførebuande utdanningsprogram, men også at mange elevar på yrkesfag orienterer seg mot løp som gir generell studiekompetanse, særleg tilbodet påbygging til generell studiekompetanse. Utdanningsprogramma service og samferdsel og helse- og oppvekstfag har særleg mange elevar som vel påbygging.

Gjennomføring av vidaregåande opplæring

Over mange år har om lag 70 pst. av elevane som begynner i vidaregåande opplæring, fullført utdanninga i løpet av fem år. I dei siste åra har det likevel vore ein auke i gjennomføringa. Av elevane som starta på vidaregåande opplæring i 2010, hadde 72,5 pst. fullført og bestått på normert eller meir enn normert tid i 2015. Det er ein auke på 1,7 prosentpoeng samanlikna med 2009-elevkullet, og ein auke på 2,9 prosentpoeng samanlikna med 2007-kullet. Gjennomføringa betra seg på både studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram. Det er store forskjellar mellom studieførebuande (85,8 pst.) og yrkesfaglege (58,8 pst.) utdanningsprogram i gjennomføring.

Frå 2009-kullet til 2010-kullet har det også vore betring i gjennomføringa for elevar med innvandrarbakgrunn. Men framleis har elevar som sjølv har innvandra langt lågare gjennomføring enn både norskfødde med innvandrarforeldre og andre elevar. Sjå Mål for integrering i Prop. 1 S (2016–2017) for Justis- og beredskapsdepartementet for vidare omtale.

Av 2010-kullet slutta 15,3 pst. undervegs i opplæringa, 6,7 pst. hadde gjennomført utan å bestå og 5,4 pst. var i vidaregåande opplæring framleis i 2015.

Figur 4.4 Oppnådd kompetanse fem år etter at elevane begynte på vidaregåande opplæring

Figur 4.4 Oppnådd kompetanse fem år etter at elevane begynte på vidaregåande opplæring

Kjelde: SSB

Ein del av elevane som ikkje fullfører og består i løpet av fem år, kjem tilbake til vidaregåande opplæring på eit seinare tidspunkt. Dersom måletidspunktet blir sett til ti år etter påbegynt opplæring, aukar delen elevar som fullfører og består vidaregåande opplæring, til rundt 80 pst.

Det er store variasjonar mellom fylkeskommunane i graden av gjennomføring av vidaregåande opplæring. Akershus har høgst gjennomføring av vidaregåande opplæring for 2010-kullet – 78,7 pst. Gjennomføringa er også høg i Sogn og Fjordane, Oslo og Møre og Romsdal. Fylkeskommunane i Nord-Noreg og Østfold har svakast gjennomføring.

Figur 4.5 Fullført på normert eller meir enn normert tid fem år etter påbegynt vidaregåande opplæring, på fylkesnivå
 (prosentdel)

Figur 4.5 Fullført på normert eller meir enn normert tid fem år etter påbegynt vidaregåande opplæring, på fylkesnivå (prosentdel)

Kjelde: SSB

Gjennomføring blir målt også etter overgangar frå kvart trinn i vidaregåande opplæring, jf. figur 4.6. Elevar kan etter kvart trinn ha ordinær progresjon, vere ute av vidaregåande opplæring eller repetere lågare eller same trinn i vidaregåande opplæring. For dei elevane som starta på Vg1 i skoleåret 2014–15, hadde 85,9 pst. ordinær progresjon frå Vg1 i 2015. Dei seinare åra har det vore ein svak auke i delen elevar med ordinær progresjon frå både Vg1 og Vg2. For skoleåret 2014–15 hadde 82,8 pst. ordinær progresjon frå Vg2 i 2015.

Figur 4.6 Overgangar i vidaregåande opplæring

Figur 4.6 Overgangar i vidaregåande opplæring

Kjelde: Utdanningsdirektoratet / Skoleporten

Verdsetting i høgre utdanning og på arbeidsmarknaden

Det er viktig at dei som gjennomfører vidaregåande opplæring oppnår ein kompetanse som blir verdsett i høgre utdanning eller på arbeidsmarknaden. Det er enkelte utfordringar knytte til dette, som blant anna kjem til uttrykk ved at mange av elevane vel bort yrkesfagleg kompetanse undervegs i opplæringsløpet, og at arbeidsmarknaden verdset kompetansen frå enkelte utdanningsprogram og lærefag lågt. Utfordringane kjem også til uttrykk ved at ein del elevar som gjennomfører og består vidaregåande opplæring med generell studiekompetanse, ikkje blir godt nok førebudde på å studere. NIFU leverte i juni 2016 sluttrapporten frå eit forskingsprogram om kvalitet, innhald og relevans i dei studieførebuande utdanningsprogramma. Rapporten definerer det å vere godt førebudd som å ha tileigna seg kunnskapar og dugleikar, òg ha lært seg gode arbeidsmåtar. Det kan sjå ut til at studentar kan oppleve overgangen til høgre utdanning som krevjande. Rapporten peiker på at elevar frå vidaregåande opplæring har lite trening i å lese lange tekster, skrive fagspesifikke tekster og er lite førebudde på å organisere studiekvardagen. Kva dei opplev som utfordrande varierer likevel i stor grad elevar i mellom og mellom studia. Dette heng saman med at ulike studium krev ulik kompetanse og ulik grad av sjølvstendig studiearbeid. Samtidig vet vi at karakterar frå vidaregåande opplæring i stor grad påverkar fråfall i første studieår, produksjon av studiepoeng og fullføringstid ved universitet og høgskolar.

Av dei som oppnådde fag- og sveinebrev i skoleåret 2014–15, var 79 pst. i arbeid, 11,7 pst. i utdanning og 9,3 pst. utanfor arbeid og utdanning i november 2015. Det er store variasjonar mellom utdanningsprogramma i delen fagarbeidarar som er i arbeid, frå 59 pst. (medium og kommunikasjon) til 84 pst. (bygg- og anleggsteknikk), jf. figur 4.7. Delen fagarbeidarar som er i arbeid per november i same år som dei oppnådde fag-/sveinebrev, falt med 3,5 prosentpoeng frå 2014 til 2015 samla sett ifølge statistikken, men det er uklart om nedgangen skyldast ein vanskelegere arbeidsmarknad for fagarbeidarar eller at Statistisk sentralbyrå har endra kjelda for sysselsettingstal. For service og samferdsel, teknikk og industriell produksjon, naturbruk og i noko mindre grad helse- og oppvekstfag er det mange fagarbeidarar som søker seg til høgre eller anna utdanning. Det tyder på at mange fagarbeidarar opplever at kompetansen frå enkelte lærefag ikkje er tilstrekkeleg som kompetanse i arbeidsmarknaden.

Figur 4.7 Delen sysselsette fagarbeidarar per november i same opplæringsår som dei oppnådde fag-/sveinebrev

Figur 4.7 Delen sysselsette fagarbeidarar per november i same opplæringsår som dei oppnådde fag-/sveinebrev

Kjelde: Utdanningsdirektoratet / Skoleporten

Samsvaret mellom talet på nye fagarbeidarar og sysselsettinga i relevante næringar gir informasjon om etterspørselen i arbeidsmarknaden. I bygg- og anleggsteknikk blir det utdanna om lag 4 500 fagarbeidarar kvart år, jf. figur 4.8. Samstundes rapporterer næringa om underskott på kvalifisert arbeidskraft gjennom bedriftsundersøkinga til Nav frå våren 2016. Helse- og oppvekstfag og service og samferdsel har hatt stor vekst i talet på nyutdanna fagarbeidarar. Helse- og oppvekstfag utdanna flest fagarbeidarar i 2014–15 med i overkant av 5 800 beståtte fag- og sveineprøver. Bedriftsundersøkinga til Nav frå 2016 viser likevel stort underskott på kvalifisert arbeidskraft på områda helse, pleie og omsorg. Samanlikna med talet på sysselsette i relevante næringar, er talet på fagarbeidarar særleg lågt for service og samferdsel og restaurant- og matfag.

Figur 4.8 Beståtte fag- og sveineprøver i fag- og yrkesopplæringa

Figur 4.8 Beståtte fag- og sveineprøver i fag- og yrkesopplæringa

Kjelde: Utdanningsdirektoratet / Skoleporten 2015

Samla vurdering av tilstanden

PISA 2012 viste at den positive utviklinga i førre PISA-undersøking i 2009 ikkje har blitt ført vidare. Leseprestasjonane i PISA er stabile frå 2009 til 2012, mens prestasjonane i naturfag og matematikk har gått ned i same periode. Når ein ser heile perioden 2000 til 2012 under eitt, er dermed nivået på læringsutbyttet målt gjennom PISA relativt stabilt. Regjeringa er ikkje nøgd med resultata frå PISA, særleg ikkje resultata i naturfag og matematikk. Regjeringa meiner det er behov både for å heve prestasjonane til elevane på dei lågaste nivåa, og for at fleire elevar presterer på dei høgste nivåa i PISA.

Gjennomføringa i vidaregåande opplæring har auka i dei siste to åra. 72,5 pst. av 2010-elevkullet gjennomførte innan 2015, ein auke på 2,9 prosentpoeng i høve til 2007-kullet. Det er gledeleg at utviklinga går i riktig retning, men regjeringa meiner framleis at gjennomføringa i vidaregåande opplæring er for låg. Overgangen til arbeidsmarknaden er ikkje god nok for delar av fag- og yrkesopplæringa.

Trivselen til elevane er i gjennomsnitt god gjennom heile grunnopplæringa, og sidan 2008 har det vore ein auke i delen elevar som trivst godt eller svært godt. Delen elevar som liker skolearbeid godt eller svært godt, har også auka gradvis sidan 2008. Det er positivt at delen av elevane som rapporterer at dei blir mobba hyppig, har gått ned i dei seinare åra, men det er framleis for mange som blir mobba. I 2015 seier i underkant av fem pst. av elevane på 7. og 10. trinn at dei blir mobba to til tre gonger i månaden eller oftare.

Strategiar og tiltak

Tilstandsvurderinga viser at grunnopplæringa har mange sterke sider, men at måloppnåinga må bli betre. Regjeringa har høge ambisjonar for den norske skolen, og gjennomfører derfor fleire nasjonale satsingar for å nå måla for grunnopplæringa.

Læraren er nøkkelen til å heve kvaliteten på grunnopplæringa. Mange av dei viktigaste grepa regjeringa har tatt innanfor grunnopplæringa ligg derfor i strategien Lærerløftet . Strategien blir følgt opp i statsbudsjettet, og i budsjettforslaget for 2017 blir det særleg lagt vekt på å inkludere yrkesfaglærarane i det løftet som regjeringa gjennomfører. For at elevane skal kunne lære meir, må dei ha eit trygt og godt læringsmiljø der dei trivst og ikkje blir mobba. Eit godt læringsmiljø er òg eit mål i seg sjølv. Arbeidet mot mobbing og for eit godt læringsmiljø er derfor eit prioritert område i budsjettforslaget for 2017. Tilstandsvurderinga viser at det særleg er innanfor realfaga at norske elevar ikkje lærer nok. Satsinga på realfag har blitt prioritert i alle budsjetta regjeringa har lagt fram, og dette held fram i forslaget for 2017.

I 2017-budsjettet vil regjeringa legge grunnlaget for ei satsing for fagleg svake elevar gjennom å legge til rette for at kommunane skal sette inn innsatsen for desse elevane tidleg. Dette er eit av tiltaka i ei stortingsmelding om kvalitet i skolen og skoleeigarskap som regjeringa vil legge fram tidleg i 2017. Eit anna tiltak som skal inngå i denne meldinga er ein ny modell for statleg finansiering av kompetanseutvikling som tar meir omsyn til at kommunane har ulike behov. Regjeringa vil starte på denne omlegginga i budsjettet for 2017.

Lærerløftet

I september 2014 lanserte regjeringa strategien Lærerløftet , som inneheld ei rekke tiltak for å skape ein skole der elevane lærer meir. Målet med strategien er fagleg sterke lærarar, ei attraktiv lærarutdanning og fleire karrierevegar for lærarar. Regjeringa følger opp strategien gjennom fleire tiltak. Desse er omtalte under.

Kunnskapsdepartementet sette i 2015 ned ei ekspertgruppe om lærarrolla. I august 2016 leverte dei ein rapport som ser på korleis lærarrolla har utvikla seg over tid og som har fleire anbefalingar til korleis lærarrolla kan styrkast. Departementet vil vurdere korleis analysane og tilrådingane frå ekspertgruppa kan nyttast i det vidare arbeidet med Lærerløftet .

Vidareutdanning av lærarar og skjerpa kompetansekrav

Vidareutdanning for lærarar er ei viktig satsing for regjeringa. Talet på deltakarar er nesten tredobla, og med løyvingsforslaget for 2017 vil over 5 000 lærarar få tilbod om vidareutdanning neste haust. Den nye stategien for vidareutdanning for lærarar og skoleleiarar, Kompetanse for kvalitet 2016–2025 , blei lansert hausten 2015. Departementet samarbeider med Utdanningsforbundet, Norsk Lektorlag, Skolelederforbundet, Nasjonalt råd for lærarutdanning, KS og Skolenes Landsforbund om denne. For at skoleeigarar skal vere i stand til å innfri krava til relevant kompetanse for undervisning i engelsk, matematikk, norsk, norsk teiknspråk og samisk innan 2025, er desse faga prioriterte i strategien. Andre viktige prinsipp i strategien er at det skal leggast til rette for fleksibilitet i tilboda, og at vidareutdanninga skal bidra til å utvikle skolen som profesjonelt fellesskap.

Rektorutdanning

Kompetansen til skoleleiarane er avgjerande for kvalitetsutvikling og for å utvikle gode profesjonelle fellesskap på den einskilde skole. Den nasjonale rektorutdanninga med statleg finansierte studieplassar blir ført vidare for ein ny femårsperiode frå hausten 2015.

Undervisningspersonell utan godkjent lærarutdanning

Frå og med hausten 2015 er det etablert ei stipendordning for tilsette i undervisningsstillingar som manglar lærarutdanning, og som er kvalifiserte for praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfaglærarar (PPU-Y) og yrkesfaglærarutdanning (YFL). Både personar som er tilsette i grunnskolen og i vidaregåande skole kan søke. Departementet foreslår å føre ordninga vidare i 2017.

Nye karrierevegar for lærarar

Regjeringa vil bidra til å utvikle nye karrierevegar for lærarar som ønsker profesjonell utvikling utan å gå over i ei administrativ stilling. Hausten 2015 starta pilotar med funksjon som lærarspesialist. Lærarspesialistane har norsk eller matematikk som spesialiseringsområde i piloten. Oppgåvene til lærarspesialistane er mellom anna å rettleie kollegaer, halde kurs, følge opp prøve- og kartleggingsresultat, vere pådrivarar for kunnskapsutvikling og å bidra til å gjere forsking tilgjengeleg. Som følge av den store interessa for lærarspesialistordninga vil regjeringa forlenge og utvikle denne vidare. Formålet er å få eit enda betre grunnlag for å vurdere meir permanente ordningar. Piloten går over to år og skal evaluerast.

For å kvalifisere fleire lærarar til å kunne fungere som lærarspesialist er det i samarbeid med blant andre KS, Utdanningsforbundet og Nasjonalt råd for lærarutdanning laga rammer for ei eiga vidareutdanning for lærarspesialistar. Omfanget er 60 studiepoeng over to år, og det er stilt høge krav til formell kompetanse og relevant erfaring. Utdanninga er spesielt innretta mot at lærarspesialistane skal ha ansvar for kollektiv læring og utvikling i skolen. NTNU har utvikla eit tilbod om spesialistutdanning i matematikk for ungdomstrinnet, og Universitetet i Stavanger har utvikla eit tilbod om norsk med vekt på grunnleggande lese- og skriveopplæring for 1.–7. trinn. Studia starta opp hausten 2016 med drygt 40 lærarar til saman for dei to studietilboda. Basert på den interessa som er vist for lærarspesialistordninga, foreslår departementet å utvide studiet med 45 nye studieplassar frå hausten 2017.

Femårig lærarutdanning

Regjeringa vil at lærarar skal ha større fagleg fordjuping og betre innsikt i forskings- og utviklingsarbeid og vitskapsmetode. Ny rammeplan for femårig mastergradsutdanning for lærarar er fastsett i juni 2016. Dei nye mastergradsutdanningane blir innførte frå 2017. Prioriterte fag skal vere lærarutdanningsfaga norsk, samisk, norsk teiknspråk, matematikk og engelsk. Sjå nærare omtale under programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning.

Rettleiarkorpset

Rettleiarkorpset skal hjelpe utvalde skoleeigarar med å utvikle seg og oppnå betre resultat basert på identifiserte behov og definerte utviklingsmål. Måla skal inngå i ein heilskapleg plan. Rettleiinga har som mål å utvikle skoleeigaren og skoleleiinga sin kompetanse i kvalitetsutvikling i deira eigen organisasjon. Regjeringa vil prioritere støttetiltak overfor dei skoleeigarane som treng det mest, og har derfor endra bruken av korpset. Rettleiarkorpset skal vere ein ressurs som primært er mynta på skoleeigarar som har vist svake resultat over tid på indikatorar som læringsmiljø, gjennomføring og læringsutbytte. Korpset skal i samarbeid med fylkesmennene stimulere utvalde skoleeigarar til å arbeide målretta for å oppnå betre resultat. Rettleiarkorpset vil vere ein sentral del av den nye modellen for finansiering av kompetanseutvikling, sjå omtale mot slutten av omtalen av strategiane og tiltaka til regjeringa innanfor grunnopplæringa.

Andre kompetanseutviklingstiltak for tilsette i opplæringa

I budsjettforslaget for 2017 foreslår departementet å føre vidare fleire etter- og vidareutdanningssatsingar, i tillegg til Lærerløftet . Dei største av desse satsingane er omtalte under.

Satsing på ungdomstrinnet

Satsinga på ungdomstrinnet gjennom Ungdomstrinn i utvikling 2013–2017 går inn i sitt siste år i 2017. Satsinga har vore eit viktig nasjonalt tiltak for å styrke skolen som lærande organisasjon, styrke dei grunnleggande dugleikane og auke motivasjonen og læringsutbyttet til elevane. Satsinga er basert på skolebasert kompetanseutvikling i klasseleiing, lesing, skriving og rekning. Kompetanseutviklinga i klasseleiing blir sett i samanheng med satsinga på betre læringsmiljø i skolen.

Etter- og vidareutdanning for dei tilsette i den pedagogisk-psykologiske tenesta

Departementet vil i 2017 føre vidare Strategi for etter- og vidareutdanning for tilsette i den pedagogisk-psykologiske tenesta (2013–2018) . Strategien skal føre til at PP-tenesta jobbar meir systemretta gjennom auka kompetanse i organisasjonsutvikling og endringsarbeid, læringsmiljø og gruppeleiing, rettleiing og rådgiving. Satsinga skal føre til at skolane blir rusta til å gjere meir innanfor ramma av den ordinære tilpassa opplæringa.

Opplæring av minoritetsspråklege

Kompetanse for mangfold 2013–2017 er ei femårig satsing på kompetanse for opplæring av minoritetsspråklege. Regjeringa vil i 2017 føre vidare arbeidet med å utvikle denne kompetansen i universitets- og høgskolesektoren, hos skoleeigarar og barnehagestyresmakter, hos tilsette i barnehage, skole og PP-tenesta. Målet med satsinga er at dei tilsette skal vere i stand til å støtte barn, unge og vaksne med innvandrarbakgrunn på ein måte som fører til at desse i størst mogleg grad fullfører og består utdanningsløpet.

Nasjonal strategi for språk, lesing og skriving

Språkløyper – nasjonal strategi for språk, lesing og skriving 2016–2019 i barnehagen og grunnopplæringa har som mål å styrke språk-, lese- og skrivekompetansen til alle barn og elevar og på den måten også den faglege kompetansen deira. Strategien skal òg bidra til å styrke kompetansen til personalet i å identifisere og legge til rette for barn og elevar med språk-, lese- og skrivevanskar. Strategien har tre hovudtiltak: nettbaserte kompetanseutviklingspakker, introduksjonssamlingar og støtte til lokalt utviklingsarbeid. Regjeringa vil føre vidare satsinga i 2017.

Yrkesfagløftet

Regjeringa gjennomfører eit yrkesfagløft i samarbeid med skoleeigarane og partane i arbeidslivet. Satsinga skal bidra til å dekke behovet i arbeidslivet for fagfolk i framtida og auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. For å nå måla skal departementet sette i gang og føre vidare tiltak som aukar fleksibilitet, relevans og kvalitet i fag- og yrkesopplæringa.

Yrkesfaglærerløftet

Gode yrkesfaglærarar med oppdatert fagkunnskap bidrar til relevant og praktisk opplæring for elevane, noko som vil kunne føre til at fleire fullfører og består fagopplæringa. Departementet sette derfor hausten 2015 i gang ei satsing på yrkesfaglærarane – Yrkesfaglærerløftet . Satsinga skal bidra til å rekruttere fleire yrkesfaglærarar, sørge for at fleire får ei godkjent lærarutdanning, og at yrkesfaglærarar har gode moglegheiter til å delta i etter- og vidareutdanning. Ei undersøking gjennomført av NIFU i mars 2016 synte at yrkesfaglærarar særleg ønsker å auke kompetansen sin på sitt eige fagområde, innanfor nyare teknologi, fagdidaktikk og pedagogikk. For å gi yrkesfaglærarar slike tilbod foreslår departementet å auke satsinga på Yrkesfaglærerløftet med 30 mill. kroner i 2017. Midlane skal nyttast til å gjennomføre kompetanseutviklingstiltak frå hausten 2017. Heilårseffekten av tiltaket er 60 mill. kroner i 2018. Innhald og organisering vil vere baserte på utprøvingar våren 2017.

Ordningane for yrkesfaglærarar som ønsker å hospitere i bedrift eller få fagleg oppdatering i arbeidslivet skal førast vidare. Det skal også prøvast ut tiltak retta mot instruktørar og prøvenemnder. Departementet vil i tillegg føre vidare satsinga på å rekruttere og kvalifisere yrkesfaglærarar gjennom eit rekrutteringsstipend for at skoleeigarar skal kunne rekruttere lærarar, og eit utdanningsstipend til personar utan godkjent lærarutdanning, nærare omtalt under Lærerløftet .

Ny tilbodsstruktur for yrkesfaga

Eit viktig tiltak er å fortsette samarbeidet med partane i arbeidslivet om å utvikle ein ny tilbodsstruktur for yrkesfaga. Målet er at opplæringstilboda skal bli meir relevante for arbeidslivet, målt opp mot kriterium som rekruttering, gjennomføring og verdsetting på arbeidsmarknaden. Dei faglege råda for kvart utdanningsprogram har, saman med fem yrkesfaglege utval som er nemnde opp av kunnskapsministeren, komme med forslaga og vurderingane sine kring endringar i dei yrkesfaglege utdanningsprogramma våren 2016. Utdanningsdirektoratet har vurdert desse forslaga saman med ulike forskingsrapportar og la i september 2016 fram sitt heilskaplege forslag til ny struktur for yrkesfaga. Departementet vil vurdere forslaga og sende endringsforslag ut til høyring med sikte på å fastsette ny tilbodsstruktur for yrkesfaga i 2017.

Arbeidet for fleire læreplassar

Kvart år står mange ungdommar utan læreplass. Departementet vil saman med partane i arbeidslivet føre vidare arbeidet for at fleire skal få læreplass, i både offentleg og privat sektor. Dette omfattar mellom anna skjerping av krava om bruk av lærlingklausular i utlysingar av offentlege anbod, ei merkeordning for verksemder med lærlingar og betre vilkår for læreverksemder. Stortingsfleirtalet har auka lærlingtilskottet med 17 500 kroner reelt per lærekontrakt under Solberg-regjeringa.

I mars 2016 underteikna partane i arbeidslivet saman med kunnskapsministeren og kommunal- og moderniseringsministeren ein ny samfunnskontrakt for fleire læreplassar som skal gjelde fram til 2020. Målet er at alle kvalifiserte søkarar skal få læreplass. Partane er samde om at det viktigaste arbeidet må skje lokalt. Dei har derfor forplikta seg til å bidra til at det blir skipa lokale nettverk i kvart fylke, og at desse skal arbeide med å rekruttere lærebedrifter. Riksrevisjonens forvaltningsrevisjon av arbeidet med læreplassar frå mai 2016 synte at arbeidet med å rekruttere nye lærebedrifter ikkje er prioritert høgt nok av partane lokalt. Dette arbeidet er derfor viktig.

Satsing på realfag

Kompetansen i realfag til barn og unge etter avslutta grunnopplæring har ikkje blitt forbetra i dei siste 20 åra. Internasjonale undersøkingar, karakterstatistikk, gjennomføringstal i vidaregåande opplæring og undersøkingar av forkunnskapar til høgre utdanning viser på kvar sin måte middels resultat. Samtidig er det større etterspørsel etter realfagleg kompetanse i arbeidslivet. Gjennom realfagsstrategien Tett på realfag (2015–2019) for barnehagen og grunnopplæringa vil regjeringa snu den negative trenden og forbetre motivasjon, læring og resultat i realfaga. Det er eit mål i strategien å redusere delen elevar som slit i matematikk og naturfag, og å auke delen elevar som presterer på høgt nivå i realfaga. Strategien skal mobilisere og forplikte barnehagar, skolar og kommunar til endring lokalt. Regjeringa foreslår å styrke strategien med 30 mill. kroner i 2017. Den samla satsinga vil med dette vere på om lag 80 mill. kroner.

Regjeringa lanserte i statsbudsjettet for 2015 ei ordning med realfagskommunar som eit sentralt verkemiddel i den nye strategien. Realfagskommunane skal utvikle ein lokal strategi for å arbeide systematisk med å forbetre kompetansen og resultata i realfag frå barnehage til fullført grunnskole. Departementet vil utvide ordninga i 2017.

Noreg har eit lågt timetal i naturfag på barnetrinnet. Det låge timetalet gir lite tid til variert opplæring etter kompetansemåla i læreplanen. Frå hausten 2016 er timetalet i naturfag auka med ein veketime på eitt av trinna på 5.–7. trinn. I 2017-budsjettet får denne auken heilårsverknad, som utgjer om lag 200 mill. kroner.

Gjennomføring i vidaregåande opplæring

Det er ein nær samanheng mellom kvaliteten på grunnopplæringa og gjennomføring i vidaregåande opplæring. Alle grepa regjeringa tar for å auke kvaliteten på grunnopplæringa, er derfor viktige for at gjennomføringa i vidaregåande opplæring skal bli betre.

Det fylkeskommunale nettverket i Program for bedre gjennomføring, som blir leia av Kunnskapsdepartementet, blir avslutta i 2016. Departementet vil fortsette samarbeidet med fylka om å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring gjennom blant anna eit tettare samarbeid med det fylkeskommunale kvalitetsnettverket.

Departementet har sett i gang ei rekke forskingsprogram for å få meir presis kunnskap om kva for tiltak som gir størst effekt på gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Resultata frå effektforskinga vil vere klare frå 2018. På grunnlag av desse vil det bli vurdert kva for tiltak som skal gjennomførast nasjonalt.

Hausten 2016 er det innført ei maksimumsgrense for fråvær i vidaregåande opplæring. Elevar som har meir enn ti pst. udokumentert fråvær i eit fag, vil som hovudregel ikkje få karakter i faget. Rektor kan gjere unntak for elevar som har inntil 15 pst. udokumentert fråvær. Ordninga skal evaluerast og revurderast etter tre år.

Læringsmiljø og arbeidet mot mobbing

Skolen skal vere ein trygg arena for læring og meistring. Regjeringa vil sikre alle elevane eit godt læringsmiljø gjennom kontinuerleg arbeid for å førebygge og kjempe mot mobbing. Våren 2016 presenterte regjeringa ei rekke tiltak for å motverke mobbing, blant anna på bakgrunn av tilrådingar i NOU 2015: 2 Å høre til. Virkemidler for et trygt psykososialt skolemiljø (Djupedalutvalet). I budsjettforslaget for 2017 foreslår regjeringa å styrke satsinga på arbeidet mot mobbing og for eit godt læringsmiljø vesentleg. Til saman har regjeringa sett av om lag 75 mill. kroner til dette. Departementet vil gjennomføre tiltak innafor tre hovudområde: eit betre handhevingsapparat for mobbesaker, betre støtte og rettleiing til elevar og foreldre og meir kompetanse i barnehagen og på skolen. Effekten av tiltaka skal vere raskare handtering, mindre mobbing og betre samanheng mellom barnehage og skole.

Reglane om læringsmiljøarbeid og handtering av mobbesaker skal reviderast, medrekna etablering av ei enklare, tryggare og raskare handhevingsordning for mobbesaker i skolen. Dette vil hjelpe fleire elevar enn i dag. For å sikre dette må kompetansen og kapasiteten til fylkesmannen styrkast vesentleg. Departementet foreslår derfor å styrke fylkesmannen med 17 mill. kroner i 2017. Det er eit stort og udekt behov for støtte og rettleiing til barn og unge i barnehage og skole og foreldra deira i vanskelege mobbesaker. Departementet foreslår derfor at Barneombodets kapasitet til å gi slik støtte og rettleiing blir styrkt med 3 mill. kroner. Vidare vil kapasiteten bli styrkt ved støttetenesta til Blå Kors for barn og unge via nettprat på snakkommobbing.no.

Ei kompetansepakke skal styrke barnehagane og skolane si evne til å førebygge, avdekke og handtere mobbing. Ho vil omfatte auka kompetanse om både regelverk og praktisk mobbearbeid. Delar av kompetansepakka skal differensierast. Dei med størst utfordringar skal få raskast og mest hjelp med ekstern rettleiing. Det skal i tillegg utviklast eit opplegg for barnehage- og skolebasert kompetanseutvikling basert på behova til barnehagane og skolane, samt opne nettressursar og MOOC-tilbod slik at alle barnehagar og skolar som ønsker det, skal kunne utvikle kompetansen på området på eiga hand.

Fornying av innhaldet i skolen

I april 2016 la regjeringa fram Meld. St. 28 (2015–2016) Fag – Fordypning – Forståelse: En fornyelse av Kunnskapsløftet . Det har gått ti år sidan innføringa av reforma Kunnskapsløftet, og i meldinga foreslår regjeringa blant anna ei fornying av alle delane av læreplanverket i grunnopplæringa, samstundes som sentrale prinsipp i Kunnskapsløftet blir førte vidare.

I meldinga blir det fremma forslag om at alle faga i grunnskolen og dei gjennomgåande faga i vidaregåande opplæring skal fornyast. Faga skal bli mindre omfattande, og innhaldet skal få ei tydelegare prioritering. Det er lagt vekt på god progresjon og god samanheng mellom fag. Læreplanane skal framleis ha kompetansemål som beskriv det elevane er forventa å meistre i faga. Å kunne lese, å kunne skrive, å kunne rekne, munnlege og digitale dugleikar skal førast vidare og vidareutviklast som grunnleggande dugleikar i opplæringa. Tre fleirfaglege tema skal prioriterast når faga blir fornya: demokrati og medborgarskap, berekraftig utvikling og folkehelse og livsmeistring .

Departementet vil utvikle ein ny generell del av læreplanverket. Ny generell del skal klargjere verdigrunnlaget i skolen ved å utdjupe formålsparagrafen i opplæringslova og få klart fram det breie lærings- og danningsoppdraget til skolen. Regjeringa vil sjå fornyinga av læreplanane og arbeidet med ny generell del i samanheng, slik at den nye generelle delen heng tettare saman med læreplanane for fag. Fornyinga skal gi betre samanheng mellom dei ulike delane av læreplanverket, slik at både det breie formålet til skolen og den faglege læringa til elevane blir betre tatte vare på.

I meldinga blir det lagt stor vekt på involvering og samarbeid i fagfornyingsprosessen. Det skal utviklast ein strategi for fagfornyinga som sikrar brei involvering og tilstrekkeleg tid til kvart trinn i prosessen.

Tidleg innsats

Regjeringa meiner det trengst eit heilskapleg grep for å realisere prinsippet om tidleg innsats. Tidleg innsats inneber å fange opp utfordringar hos elevar og følge dei opp raskt. Kommunane har allereie ulike plikter for å ivareta fagleg svake elevar. Kommunane har blant anna plikt til å tilpasse opplæringa til føresetnadene til elevane, sørge for særskilt høg lærartettleik på 1.–4. trinn og til å prøve ut tiltak innanfor ordinær opplæring før det blir gjort sakkunnig vurdering av rett til spesialundervisning.

Til tross for dette viser den siste PISA-undersøkinga frå 2012 at nærare 20 pst. av elevane går ut av grunnskolen med så svake dugleikar at dei kan få problem med vidare skolegang og arbeid. Delen har vore forholdsvis stabil sidan PISA-undersøkinga i 2003. I tillegg aukar omfanget av spesialundervisning med klassetrinn i grunnskolen. Det betyr at skolane sjølve vurderer det slik at delen elevar med utilfredsstillande utbytte av ordinær undervisning er større ved avslutninga enn ved starten av grunnskolen.

Regjeringa vil sende ut til høyring eit lovforslag om tidleg innsats. Det er tidlegast aktuelt å iverksette endringa i skoleåret 2018–19. Det vil i høyringa bli foreslått at fagleg svake elevar skal få tilbod om tidsavgrensa intensivopplæring som ikkje føreset sakkunnig vurdering eller omfattande sakshandsaming. Målet med lovforslaget er at elevane fullfører grunnskolen utan avvik frå kompetansemåla i læreplanane for fag.

Ifølge forsking er intensivopplæring i smågrupper i ein periode, i tillegg til ordinær undervisning, eit effektivt tiltak for fagleg svake elevar. Forsking viser likevel at differensiering etter fagleg nivå på permanent basis ikkje er effektivt for læringsutbyttet til elevane. Inkludering av alle elevar i same fellesskap vil framleis vere det overordna prinsippet for grunnskolen.

For å førebu kommunane på det varsla lovforslaget vil regjeringa allereie i 2017 styrke arbeidet med tidleg innsats i kommunane ved å foreslå ein auke i dei frie inntektene til kommunane med 150 mill. kroner. Auken vil bidra til at kommunane kan forbetre eigen praksis og på sikt oppnå betre elevresultat. Regjeringa tar sikte på at den samla styrkinga av kommunane knytt til tidleg innsats blir på 360 mill. kroner i 2018. I tillegg kjem eksisterande tiltak knytte til auka ressursnivå i skolen, mellom anna tilskottet til auka lærartettleik på 1.–4. trinn, som i budsjettforslaget for 2017 er på 836 mill. kroner. Til saman gir det ei betydeleg satsing på grunnskolen. Departementet vil vurdere auken av dei frie inntektene til kommunane i samanheng med det kommande lovforslaget om tidleg innsats. Forslaget skal sette meir presise og høgre krav i regelverket til arbeidet med tidleg innsats gjennom intensivopplæring.

Det er òg eit mål at samarbeidet mellom tenester og ressursar rundt skolen skal bli betre. Som del av lovforslaget om tidleg innsats vil departementet vurdere om det bør settast tydelegare krav om fleirfagleg vurdering og oppfølging av desse elevane, utan at det føreset vedtak om spesialundervisning.

I stortingsmeldinga om kvalitet i skolen og skoleeigarskap, som skal leggast fram i starten av 2017, vil forslaget om tidleg innsats vere eit sentralt tiltak saman med forslaget om omlegging av statens kompetansetiltak.

Ny modell for finansiering av kompetanseutvikling

Staten har over tid bygd opp ei rekke kompetansetiltak finansiert over kap. 226 post 21 for å styrke læringsfellesskapet i skolen. Etter at ansvaret for kompetanseutvikling blei eintydig plassert hos skoleeigarane i 2005 (jf. opplæringslova § 10-8), har staten bygd opp desse kompetansetiltaka med den føresetnaden at det er skoleeigarane sjølve som har hovudansvaret for å utvikle skolane sine. Basert på evalueringar og eigne vurderingar har departementet komme til at kompetansetiltaka har følgande svakheiter:

  • Dei statlege kompetansetiltaka er for små til aleine å kunne heve kvaliteten i skolen. Skoleeigarane må derfor leie arbeidet med skoleutvikling. Departementet meiner at det er behov for i større grad å sjå den statlege og den kommunale innsatsen i samanheng.

  • Dagens kompetansetiltak er godt mottatte i sektoren, men det kan vere krevjande for skolane å tilpasse dei til behovet og arbeidet lokalt. Tiltaka blir ofte oppfatta som kortvarige, retta mot avgrensa område og baserte på prioriteringar som varierer for mykje over tid.

  • Det er i hovudsak universitet og høgskolar som skal stå for kompetanseutviklinga, men institusjonane er i liten grad organiserte og finansierte for denne utviklarrolla. Forskingsmiljøa er for små og fragmenterte til å svare på det aukande behovet i sektoren i stor nok grad.

  • Enkelte skoleeigarar utnyttar ikkje ressursar til kompetanseutvikling på ein effektiv og målretta måte.

Forsking tyder på at kompetanseutvikling er blant dei mest effektive tiltaka i skolen, men effekten avheng av kor godt tiltaka er forankra. For å få effekt må slike tiltak føre til at det blir etablert eller vidareutvikla eit profesjonelt læringsfellesskap på skolen. Universitet og høgskolar må også tilby kompetanseutvikling av god kvalitet. Departementet vurderer det slik at nøkkelen til kvalitetsutvikling i skolen er lokalt samarbeid mellom skolane og universitet og høgskolar.

På bakgrunn av desse vurderingane vil departementet at dei statlege midlane til kompetanseutvikling i større grad blir differensierte etter behova til kommunane og kapasiteten dei har til å utvikle skolane sine. Basert på dette hovudprinsippet vil Kunnskapsdepartementet i ei stortingsmelding om kvalitet i skolen og skoleeigarskap som kjem tidleg i 2017, legge fram ein modell for korleis departementet vil at kompetanseutvikling skal finansierast og organiserast i framtida. Dreiinga av bruken av midlane i denne retninga vil vere eit langsiktig arbeid som vil strekke seg over fleire budsjettår, og det vil sannsynlegvis også vere behov for å utvikle modellen vidare etter kvart som departementet får meir erfaring med korleis han fungerer. På lengre sikt tar departementet sikte på at dei kompetanseutviklingsmidlane staten rår over, i hovudsak blir kanaliserte gjennom følgande hovudordningar:

  • Kompensatorisk ordning for skoleeigarar som over tid ikkje oppnår tilfredsstillande resultat på indikatorar som læringsmiljø, gjennomføring og læringsutbytte, basert på ein utvida og forsterka versjon av dagens rettleiarkorps. At ordninga er kompensatorisk inneber at midlane blir retta mot dei skoleeigarane som treng det mest.

  • Desentralisert system for kompetansetiltak for alle skoleeigarar. Staten vil fastsette nokre overordna rammer og legge til rette for samarbeid, men overlate til kommunar og universitet og høgskolar i samarbeid å definere innhald og prioriteringar i kompetansetiltaka innanfor desse rammene. Departementet vil finansiere systemet slik at universitet og høgskolar kan bygge opp tilbod av relevante kompetansetiltak baserte på eksisterande kunnskap og forsking og skoleeigarar kan gjennomføre kompetanseutvikling.

  • Innovasjonsordning der staten stiller strenge krav til kvalitet og evaluering, men lar det vere opp til forskarar og skolar å utforme innhaldet i forskings- og utviklingsprosjekt, innanfor nokre tematiske rammer. Midlane skal vere søkbare og bli tildelte på basis av kvalitet etter konkurranse. Formålet er å skape ny kunnskap som skal spreiast til andre skolar og skoleeigarar.

Departementet vil starte arbeidet med omlegginga mot den nye modellen i statsbudsjettet for 2017, og i budsjettforslaget er det foreslått å nytte om lag 200 mill. kroner basert på prinsippa i modellen. Satsinga blir i hovudsak finansiert frå kompetanseutviklingstiltak som blir, eller er i ferd med å bli, fasa ut. Om lag 100 mill. kroner vil gå til den desentraliserte modellen for kompetansetiltak, og til saman vil departementet i 2017 nytte om lag 45 mill. kroner på eit utvida og forsterka rettleiarkorps. Grunnlaget for innovasjonsordninga vil vere satsinga på forskingsbasert kunnskap om tiltak som har god effekt på gjennomføring i vidaregåande opplæring (finansiert over kap. 226 post 60) og prosjektet Eit lag rundt eleven , der det skal prøvast ut ulike modellar for bruk av fleire yrkesgrupper i skolen.

Departementet foreslår at den statlege ordninga for vidareutdanning for lærarar og skoleleiarar blir ført vidare i den nåverande forma. Sjå omtale under kap. 226 post 22 og av Lærerløftet ovanfor.

Friare skoleval på tvers av fylkesgrensene

Regjeringa la våren 2016 fram forslag til ei lovendring for å gi elevane i vidaregåande opplæring større fridom ved val av skole. Lovforslaget blei vedtatt av Stortinget, og lovendringa tredde i kraft i august i år. Lovendringa inneber at elevane frå og med skoleåret 2017–18 har rett til å få skoleplass i andre fylke dersom det er ledig kapasitet. Endringa gir elevane større valfridom samtidig som fylkeskommunane beheld ansvaret for å oppfylle retten til vidaregåande opplæring for elevar som er busette i fylket.

Organisering av skoleåret i vidaregåande opplæring

Regjeringa er opptatt av at skolen skal vere organisert på ein måte som gir elevane best moglege føresetnader for gode faglege prestasjonar, og at elevane får den undervisninga dei skal ha. Kunnskapsdepartementet kjenner til at det er nokre utfordringar i organiseringa av skoleåret knytte til blant anna undervisningstid, førebuingar til eksamen og tidspunkt for eksamen. Kunnskapsministeren har hausten 2016 sett ned ei gruppe som skal sjå på moglege organiseringar av skoleåret i vidaregåande opplæring, og om skoleåret kan organiserast på ein betre måte enn i dag. Utgreiinga skal leverast i 2017.

Satsing på elevar med stort læringspotensial

Regjeringa ønsker å vurdere ei langsiktig og meir heilskapleg satsing for elevar som presterer på eit høgt fagleg nivå, elevar med spesielle talent og elevar som har potensial til å nå dei høgste faglege nivåa. Hausten 2015 sette derfor regjeringa ned eit utval, Jøsendalutvalet, som mellom anna fekk i oppdrag å stille saman den kunnskapen som finst om temaet og å foreslå konkrete tiltak for å gi desse elevane eit betre skoletilbod. Dette er første gong det blir skrive ei utgreiing om dette temaet i Noreg. Utgreiinga NOU 2016: 14 Mer å hente. Bedre læring for elever med stort læringspotensial , blei lagd fram i september 2016. Utvalet peiker mellom anna på at det er behov for å gjere handlingsrommet for tilpassa opplæring tydelegare og for meir kunnskap om elevar med stort læringspotensial. Departementet vil sende utgreiinga på brei høyring, og deretter vurdere forslaga til utvalet og komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Forpliktingar i samband med søknad om å arrangere matematikkolympiaden i Oslo i 2020

Matematikkolympiaden samlar deltakarar frå over 100 land frå fem kontinent. Noreg har deltatt 31 gonger, men aldri vore arrangør. Universitetet i Oslo vil søke om å få arrangere olympiaden, men dei treng ein garanti for utgiftene til arrangementet. Departementet meiner at å arrangere den internasjonale matematikkolympiaden i Noreg vil vere ei unik moglegheit til å få stor merksemd om matematikkfaget. Det blir derfor foreslått at departementet får fullmakt til å ta på seg forpliktingar på inntil 20 mill. kroner i samband med eventuell førebuing og gjennomføring av den internasjonale matematikkolympiaden i Oslo, jf. forslag til vedtak IV nr. 6. Det blir lagt til grunn at fullmaktsbeløpet kan justerast til kroneverdi for utbetalingsåret. Midlane blir kun utbetalte om Noreg blir tildelt arrangementet, og utgiftene blir dekte innanfor budsjettramma til Kunnskapsdepartementet.

Oppfølging av oppmodingsvedtak

Inntektsgradert foreldrebetaling i SFO

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 87, 3. desember 2015 i samband med handsaminga av Innst. 2 S (2015–2016), jf. Prop. 1 S (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett 2016 utrede forslag om differensiert oppholdsbetaling i SFO/AKS etter modell fra barnehagene.»

Skolefritidsordninga (SFO) er eit fritidstilbod og er ikkje ein del av grunnskoleopplæringa. Det er derfor lokal fridom for den einskilde kommunen til å bestemme innhaldet i SFO, innanfor dei krava som går fram av opplæringslova § 13-7 om at skolefritidsordninga skal legge til rette for leik-, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alderen til barna, funksjonsnivået og interessa deira.

Ifølge opplæringslova kan kommunane krevje at utgiftene til SFO blir dekte gjennom eigenbetaling frå foreldra. Det betyr at foreldrebetalinga i SFO kan dekke, men ikkje overstige, dei reelle utgiftene kommunane har til SFO. Innanfor denne avgrensinga er det opp til kommunane sjølve å fastsette foreldrebetalinga, medrekna om dei ønsker graderte satsar baserte på inntekt. I skoleåret 2015–16 hadde 54 kommunar inntektsgraderte plassar i SFO, 131 kommunar hadde friplassar, og 323 hadde søskenmoderasjon. Det er stor variasjon på nivået på foreldrebetalinga mellom ulike kommunar.

Regjeringa nemnde i juni 2015 opp eit utval som skal gå gjennom støtta og tenestetilbodet til barnefamiliane, inkludert SFO. Utvalet skal vurdere moglege endringar, blant anna for å redusere barnefattigdom. Utgreiinga til utvalet vil vere eit viktig kunnskapsgrunnlag for å vurdere tiltak retta mot låginntektsfamiliar.

Regjeringa har greidd ut ei ordning med differensiert foreldrebetaling i SFO etter modell frå ordninga for foreldrebetalinga i barnehagen. Vi manglar per i dag god informasjon om utgifter til SFO i låginntektsgrupper. Utgreiinga er likevel gjort med utgangspunkt i blant anna tal frå Barnetilsynsundersøkinga frå 2010. På usikkert grunnlag er budsjetteffekten av ei slik ordning berekna til 25 mill. kroner ved innføring 1. august og ein heilårseffekt på om lag 60 mill. kroner, inkludert kompensasjon til kommunane for administrative meirutgifter. Berekninga tar utgangspunkt i ein modell der foreldrebetalinga til låginntektshushalda, definert som hushald med person- og kapitalinntekt under 450 000 kroner, maksimalt skal utgjere seks pst. av den samla person- og kapitalinntekten i hushaldet for et heiltidstilbod for første barn i SFO. Det er også lagt inn ein føresetnad om søskenmoderasjon for SFO der foreldra minimum får tilbod om 30 pst. søskenmoderasjon.

Berekninga departementet har gjort, gir ein prisreduksjon på gjennomsnittleg 200 kroner i månaden for låginntektshushalda. Til samanlikning innebar ordninga for barnehagane ein gjennomsnittleg reduksjon på i underkant av 700 kroner. Årsaken til forskjellen er i hovudsak at foreldrebetalinga i SFO i gjennomsnitt ligg på eit lågare nivå enn foreldrebetalinga i barnehage. Den berekna prisreduksjonen er lågare enn den prisreduksjonen mange låginntektsfamiliar får i dag gjennom eksisterande kommunale ordningar. Dersom det blir innført ei ordning etter modell frå barnehagane, er det mogleg at nokre av kommunane som i dag har moderasjonsordningar vil velje å tilpasse dei eksisterande ordningane sine til ei nasjonal minsteordning, slik at den nasjonale ordninga fører til høgre SFO-prisar for låginntektsfamiliar.

Etter ei samla vurdering vil regjeringa ikkje prioritere ei ordning med inntektsgradert foreldrebetaling i SFO no, men vil vurdere dette i seinare budsjettforslag.

Kunnskap om vår tids slaveri

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 115, 7. desember, i samband med handsaminga av Innst. 62 S (2015–2016), jf. Dok 8: 91 S (2014–2015):

«Stortinget ber regjeringen sikre bevisstgjøring og kunnskap om vår tids slaveri i kompetansemålene i skolen.»

Departementet vil følge opp vedtaket i arbeidet med den fagfornyinga som er varsla i Meld. St. 28 (2015–2016) Fag – Fordypning – Forståelse: En fornyelse av Kunnskapsløftet . Læreplanane skal vere tydelege, men dei skal samstundes opne for at opplæringa kan tilpassast lokale forhold og ulike elevgrupper. Dette prinsippet må også vere utgangspunkt for oppfølginga av vedtaket.

Fråværsgrense i vidaregåande opplæring

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 899, 7. juni 2016, i samband med handsaminga av Innst. 398 S (2015–2016), jf. Dok. 8: 86 S (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen oppheve forskriften om en fraværsgrense på ti prosent i enkeltfag i videregående opplæring, og i dialog med sektoren utarbeide et nytt regelverk for fravær.»

Kunnskapsdepartementet har vore i dialog med aktørane i sektoren om eit nytt fråværsreglement. 23. juni 2016 fastsette Kunnskapsdepartementet ein ny modell for ei fråværsgrense i vidaregåande opplæring. Den nye modellen bygger på den først fastsette grensa, men opnar i tillegg for at rektor i særskilde tilfelle kan utøve skjønn for elevar som har inntil 15 pst. udokumentert fråvær i enkeltfag. Fråværsgrensa skal evaluerast og revurderast etter tre år.

Bruk av pensjonerte lærarar i språkopplæring

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 439:3, 12. januar 2016, i samband med handsaminga av Dok. 8: 37 S (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen om å legge til rette for å rekruttere pensjonerte lærere som kan drive språkopplæring gjennom å bruke pensjonistlønn. Innebærer at en alderspensjonist som blir engasjert etter pensjonistvilkår, som hovedregel beholder pensjonen uten reduksjon.»

Utdanningsdirektoratet opna i januar 2016 for registrering av lærarar og anna kvalifisert personale i ein «lærarpool» som kan bidra i kortare, mellombelse oppdrag i kommunar der det er eit behov. Pensjonerte lærarar kan delta i ordninga og arbeide på pensjonistvilkår. Kommunane kan sjølve søke etter aktuelle kandidatar i lærarpoolen. Regjeringa vil føre vidare ordninga med lærarpool så lenge det er eit behov, basert på erfaringane med tiltaket.

Tiltak mot segregering og radikalisering

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 439:11, 12. januar 2016, i samband med handsaminga av Dok. 8: 37 S (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringa om å vurdere tiltak som sørger for at opplæringsinstitusjoner ikke bidrar til segregering eller radikalisering.»

Skolen skal bidra til å førebygge segregering og radikalisering. Det viktigaste tiltaket er at nykomne barn og unge raskt kjem inn i ordinær opplæring, slik at dei lærer norsk og blir inkluderte i skole- og nærmiljø. For meir om tiltak mot radikalisering i skolen, sjå. kap. 8 om likestilling og arbeid mot diskriminering.

Ein demokratisk kultur er basert på at deltaking og kritisk tenking er den beste måten for å førebygge holdningar som kan true demokratiet. Rolla til skolen i dette førebyggande arbeidet handlar om å utvikle holdningar, kunnskapar og dugleikar. Dembra , Demokratisk beredskap mot rasisme og antisemittisme, er eit tilbod om opplæring for skolar til støtte i arbeidet mot rasisme, antisemittisme og udemokratiske holdningar. Tilbodet er i regi av Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret) og blei frå og med 2016 lansert nasjonalt. Tilbodet gir skolar reiskapar for førebygging, og til å sette i gang lokale prosessar etter dei behova skolen har.

Små og verneverdige handverksfag

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 655, 11. juni 2016, i samband med handsaminga av Innst. 344 L (2014–2015), jf. Prop. 84 L (2014–2015):

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag til hvordan en kan sikre rekrutteringen til de små og verneverdige håndverksfagene og finansiering av disse utdanningene.»

Utdanningsdirektoratet leverte i september 2016 eit samla forslag til ny tilbodsstruktur innanfor fag- og yrkesopplæringa, jf. omtale under Yrkesfagløftet . Dei små og verneverdige faga inngår i denne tilbodsstrukturen. Departementet vurderer nå tilrådingane til direktoratet og vil i den samanhengen også vurdere forslag til korleis ein kan sikre rekruttering til og finansiering av dei små og verneverdige handverksfaga. Departementet vil sende endringsforslag ut til høyring med sikte på å fastsette ny tilbodsstruktur for yrkesfaga i 2017.

Kap. 220 Utdanningsdirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Driftsutgifter

262 091

272 976

302 224

21

Særskilde driftsutgifter , kan nyttast under post 70

151 613

135 065

143 321

70

Tilskott til læremiddel o.a. , kan overførast, kan nyttast under post 21

54 986

57 087

58 685

Sum kap. 0220

468 690

465 128

504 230

Løyvingane under kap. 220 finansierer faste driftsoppgåver i Utdanningsdirektoratet. I tillegg kjem oppgåver som direktoratet har ansvaret for, men som blir finansierte over andre kapittel, til dømes mellombelse oppgåver knytte til kvalitetsutvikling og -vurdering i barnehagen og grunnopplæringa, jf. kap. 226 (grunnopplæring) og kap. 231 (barnehage). Omtale av verksemda til direktoratet er derfor dels plassert under andre kapittel. Direktoratet er delegert mynde i forvaltningssaker som gjeld

  • etatsstyring av fylkesmannen på barnehageområdet og grunnopplæringsområdet

  • tilsynsarbeid som følger av barnehagelova, opplæringslova, friskolelova, vaksenopplæringslova kap. 4 Diverse skolar og folkehøgskolelova

  • tolking av og rettleiing om barnehagelova, opplæringslova, friskolelova, vaksenopplæringslova kap. 4 Diverse skolar, og folkehøgskolelova med forskrifter på nasjonalt nivå

  • etatsstyring av statlege skolar som gir grunnopplæring, jf. kap. 222

  • tilskott til styrking av norskspråkleg utvikling for minoritetsspråklege barn i barnehage, eksamensavvikling, friskolar, folkehøgskolar og andre formål, jf. kap. 225, 226, 227, 228, 231 og 253

  • etatsstyring av det statlege spesialpedagogiske støttesystemet (Statped), jf. kap. 230

  • styring av den faglege verksemda ved dei nasjonale sentera

Post 01 Driftsutgifter

Mål for 2017

Mål som er omtalte i innleiinga til programkategoriane 07.20 Grunnopplæringa og 07.30 Barnehagar, er førande for arbeidet til Utdanningsdirektoratet. Mål for verksemda til direktoratet i 2017 er som følger:

  • Barnehage- og skoleeigarar har tilsette med kompetanse som fremmar læring, utvikling og trivsel.

  • Barnehageeigarar, skoleeigarar og barnehagemyndigheiter forstår, formidlar og etterlever regelverket.

  • Barnehage- og skoleeigarar arbeider kunnskapsbasert i utviklinga av barnehagane og skolane sine og overfor lærebedrifter.

Rapport for 2015

Difi har på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet evaluert Utdanningsdirektoratet og la fram rapport frå evalueringa 7. oktober 2015. Rapporten gir i all hovudsak eit positivt bilde av direktoratet og arbeidet til verksemda. Det blei likevel identifisert nokre utviklingsområde som direktoratet har lagt ein plan for å arbeide med, mellom anna å gjere arbeidet i direktoratet meir brukarretta og sørge for at det i større grad hentar inn erfaringar frå praksis i sektorane. I rapporten blei det dessutan peika på nokre utfordringar i styringa av direktoratet. Hovudutfordringa kan seiast å vere for detaljert styring av direktoratet, og departementet arbeider med å følge opp rapporten på det området.

Nedanfor er arbeidet og resultata i direktoratet omtalte for kvart av måla som blei sette for verksemda i 2015.

Betre kompetanse i barnehagen og grunnopplæringa

Direktoratet har i dei siste åra arbeidd mykje med utvikling og forvaltning av tiltak som aukar kompetansen for tilsette i barnehagar og i grunnopplæringa. Dette har skjedd i samarbeid med universitet og høgskolar. Stadig fleire får tilbod om kompetanseutvikling. Omfanget på fleire kompetanseutviklingstiltak for tilsette i barnehage og grunnopplæring blei auka samanlikna med året før. Det blei oppretta stipendordningar for å rekruttere og kvalifisere personar utan godkjent utdanning i grunnopplæringa, og det blei gjennomført ei forsøksordning med stipend for barnehagetilsette. Fleire og større kompetanseutviklingstiltak har kravd omfattande ressursar for å kunne etablere og forvalte ordningane i Utdanningsdirektoratet. For omtale av tiltak for kompetanseutvikling på barnehageområdet, sjå omtale under programkategori 07.30 og kap. 231 post 21.

Ei av utfordringane i åra framover vil vere å finne gode mål på kvalitet på og effekt av dei ulike tiltaka. Inntil vidare baserer direktoratet seg på deltakarundersøkingar, det vil seie kva den enkelte deltakaren sjølv meiner om kvaliteten på tilbodet og sitt eige læringsutbytte. Deltakarundersøkingane for vidareutdanning av lærarar for studieåret 2014–15 viser at dei aller fleste deltakarane opplever at studia har høg kvalitet. Dei fleste deltakarane rapporterer også at dei har endra eller vil endre sin eigen undervisningspraksis som følge av kompetansehevinga. For vidare omtale av tiltaka for kompetanseutvikling i grunnopplæringa, sjå omtale under kap. 226 postane 21 og 22.

Betre kvalitet i fag- og yrkesopplæringa

Direktoratet har ansvaret for fleire tiltak som skal betre kvaliteten i fag- og yrkesopplæringa: arbeid med samfunnskontrakten for fleire læreplassar (2012–2015), hospiteringsordningar, utprøving av vekslingsmodellar, alternativ Vg3 for elevar som ikkje får læreplass, yrkesretting av fellesfaga, Lærlingløftet m.m. Vidare har direktoratet styrkt oppfølginga av tilsynet med fagopplæringa gjennom å utvikle eit tilsynsopplegg som kan brukast når fylkesmannen har tilsyn med vidaregåande opplæring i lærebedrift. For vidare omtale av tiltaka på dette området, sjå kap. 226 post 21.

Eit godt kunnskapsgrunnlag og system for å vurdere og styrke kvaliteten i barnehagen og i grunnopplæringa

Direktoratet medverkar i stor grad til ny kunnskap om barnehagar og skolar. Gjennom forsking, statistikk og analysar er eit godt kunnskapsgrunnlag tilgjengeleg for barnehagar, skolar, barnehage- og skoleeigarar og styresmaktene.

For at barnehagar og skolar skal få nytte av forsking og statistikk, legg direktoratet vekt på formidlingstiltak og tiltak for å gjere statistikk lett tilgjengeleg. I 2015 lanserte direktoratet Statistikkportalen, som er publiseringsdelen av direktoratets nye statistikksystem. Det nye systemet gir nye moglegheiter for kvalitetssikring og samanstilling og analyse av statistikk. Vidare bidrar systemet til ei forsvarleg handsaming av personopplysningar. Direktoratet lanserte i 2015 også Barnehagefakta, ein nettstad med foreldre som hovudmålgruppe. Nettstaden gir oversikt over alle barnehagane i Noreg og presenterer nøkkeltal om kvar enkelt barnehage og kommune.

Over tid er det utvikla gode datakjelder som kan brukast i kvalitetsvurdering for skolar og skoleeigarar. Systemet bygger på at det blir sett mål lokalt, og at kvalitetsarbeidet er ein kontinuerleg prosess der vurderingane som blir gjorde, blir følgde opp med justeringar og nye mål. Frå 2015 kunne skolar og skoleeigarar for første gong vurdere endringar over tid i sine eigne resultat på nasjonale prøver i rekning og engelsk. Samtidig vurderer direktoratet at rapporteringstrykket på skolesektoren må sjåast opp mot behovet for statistikk, og i 2015 har derfor direktoratet gjennomført ein kritisk gjennomgang av Grunnskolens Informasjonssystem (GSI) og redusert omfanget av rapporteringa.

Udir utviklar eit system for å følge med på og utvikle kvaliteten i barnehagen, Kvalitet i barne-hagen . Kvalitetssystemet skal legge til rette for at barnehagar, eigarar og lokale og nasjonale styresmakter har tilgang på informasjon om tilstanden i sektoren og har verktøy for kvalitetsarbeid i barnehagane. For meir omtale, sjå programkategori 07.30 Barnehagar.

Kunnskapsgrunnlaget for barnehagesektoren har blitt styrkt og systematisert i dei seinare åra. Direktoratet gjennomfører mellom anna ei årleg spørjeundersøking til Barnehage-Noreg om ulike tilhøve i tillegg til statistikkgrunnlaget i rapporteringssystemet BASIL (Barnehage–Statistikk–InnrapporteringsLøsning) og tilsynsrapportar frå fylkesmennene. Direktoratet set ut ulike forskings- og evalueringsoppdrag som bidrar til å gi ny kunnskap.

Direktoratet formidlar statistikk som er relevant for politikkutviklinga og for praksisen i utdanningssektoren i mellom anna dei faste publikasjonane Barnehagespeilet og Utdanningsspeilet. Direktoratet utviklar òg verktøy som skal hjelpe barnehageeigarar og barnehagar med å drive kunnskapsbasert kvalitetsutvikling lokalt.

Forståing og etterleving av regelverk

Etter nokre års forsterka innsats på regelverksområdet er det fleire indikasjonar på at forståinga av og etterlevinga av regelverka ute i sektorane har blitt betre. Men det er framleis variasjonar i etterlevinga av regelverket i sektorane.

For skolesektoren er prosjektet Regelverk i praksis eit tiltak som skal betre kompetansen om regelverket. I 2015 var det sett i gang delprosjekt i store delar av landet, og både fylkeskommunar, kommunar og enkeltskolar er involverte på ulikt vis. Prosjektet legg òg vekt på kompetanseheving av tilsette i Utdanningsdirektoratet og i embeta, til dømes gjennom programmet Den praktiske skole- og skoleeierhverdagen . Erfaringane frå prosjekta blir registrerte og vil bli samanfatta ved utgangen av prosjektperioden. Enkeltdøme kan tyde på at prosjekta har positiv effekt, slik at det til dømes blir meir lik tolking av regelverk mellom kommunar.

Direktoratet har utvikla eit nettbasert verktøy som gir skolar og skoleeigarar hjelp til å vurdere sin eigen praksis opp mot regelverket (RefLex). Verktøyet blei lansert i januar 2015 for offentlege skoleeigarar og blei i løpet av året utvida for kommunane som barnehagemyndigheit. Direktoratet har starta arbeidet med eit tilsvarande verktøy for dei frittståande skolane. Det at systemet blir mykje brukt i sektoren, tyder på at brukarane opplever systemet som relevant og nyttig.

Funn frå tilsyn er ei viktig kjelde til informasjon om regelverksetterlevinga for barnehage- og skolemyndigheitene. Funna er viktige for vidare politikkutforming på lokalt og nasjonalt nivå og for det utviklingsarbeidet som skoleeigarar og barnehageeigarar har ansvaret for. Utdanningsdirektoratet har ansvaret for det overordna tilsynsarbeidet og for tilsynet med frittståande skolar, mens det er fylkesmannsembeta som gjennomfører tilsyna med barnehagemyndigheiter og offentlege skoleeigarar. For meir omtale, sjå programkategori 07.30 Barnehagar

I 2015 er det gjennomført totalt 87 tilsyn på barnehageområdet. Dei fleste tilsyna har omfatta kontroll med kommunens godkjenning og rettleiing av og tilsyn med barnehagar. Funn frå tilsyna viser at barnehagemyndigheitene har manglar i lovforståinga. Direktoratet har i 2015 arbeidd med å auke kompetansen til embeta når det gjeld tilsyn med barnehagemyndigheitene, og til å styrke regionsamarbeidet mellom embeta. Tilsynet til fylkesmennene viser at barnehagemyndigheitene ikkje er gode nok til å vurdere om barnehagane følger regelverket. Tilsyn med og rettleiing av barnehagane blir heller ikkje gjennomførte slik at dei er eigna til å avdekke om tenestetilbodet er i tråd med barnehagelova.

På opplæringsområdet blei det i 2015 gjennomført til saman 248 tilsyn. Av dette er 168 felles nasjonale tilsyn. Tema for felles nasjonalt tilsyn i åra 2014–17 er arbeidet i skolen med det utbyttet elevane har av opplæringa, skolebasert vurdering og saksbehandlingskompetanse. Talet på brot på regelverket har gått ned i 2015 samanlikna med i 2014, både i dei felles nasjonale tilsyna og i eigeninitierte tilsyn. Rettleiing knytt til tilsyna synest å vere årsaka til denne positive utviklinga. Statlege myndigheiter legg inn ein betydeleg del av den totale tilsynsinnsatsen på å rettleie kommunar og skoleleiarar i forkant av nasjonalt tilsyn. Det kan synast som om kommunar og skoleleiarar er meir tilfredse med tilsynet på grunnskoleområdet i dei seinare åra enn tidlegare. I Difi-rapport 2015:19 om statleg styring av kommunane seier informantar på alle nivå i Difis intervju at tilsynsmetodikken i dag er betre eigna til å nå målsettinga om gode kommunale tenester. Tilsynsresultata frå både 2014 og 2015 viser at læring i tilsynet fører til at skoleeigarar og barnehagemyndigheiter korrigerer brot på regelverket på eit tidlegare tidspunkt i tilsynsprosessen.

Utover dei felles nasjonale tilsyna er det ført mange tilsyn med arbeidet i skolane når det gjeld det psykososiale miljøet til elevane, og fleire tilsyn med spesialundervisning og svømmeopplæring. Det er i 2015 jamt over avdekt færre brot på regelverket enn tidlegare. Sjølv om funna berre gjeld eitt år, kan det sjå ut til at kommunane har betra regelverksetterlevinga si på desse områda.

I 2015 gjennomførte direktoratet tilsyn med 45 friskolar på ulike tema samt tilsyn med årsrekneskap for alle dei frittståande skolane. Den mest alvorlege reaksjonen på regelverksbrot er å trekke tilbake godkjenninga til skolen. Dette blei sist gjort i 2013. I 2015 varsla direktoratet tilbaketrekking av godkjenning i tre saker. Felles for dei er at direktoratet ikkje har tillit til at styret for skolen vil drive skolen i samsvar med regelverket i framtida. Ved alle skolane er dette grunngitt i alvorlege eller gjentatte brot på friskolelova.

Barn, unge og vaksne med særskilde behov får eit tilrettelagt tilbod til rett tid

Nasjonale tilsyn viser at arbeidet i kommunane med å sikre rettane til barn, unge og vaksne med særskilde behov må styrkast. Direktoratet har derfor støtte- og rettleiingsressursar og har inkludert denne gruppa eksplisitt i dei nasjonale satsingane i større grad enn tidlegare. Direktoratet har arbeidd med å involvere PP-tenestene i kommunane i større grad i nasjonale satsingar, og det synest som dette gjer at også kommunane involverer PP-tenesta i større grad i arbeidet med nasjonale tiltak. Direktoratet har ansvaret for styringa av det statlege spesialpedagogiske støtteapparatet (Statped) og den faglege styringa av dei nasjonale sentera. Vidare har direktoratet ansvaret for kompetanseprogrammet for PP-tenesta Strategi for etter- og vidareutdanning (SEVU-PPT). For nærare omtale av tiltaka retta mot barn, unge og vaksne med særskilde behov og dei verksemdene som arbeider særskilt med denne gruppa, sjå kap. 226 postane 21, 22 og 50 og kap. 230.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår ei løyving på 302,2 mill. kroner på post 01 i 2017. I løyvingsforslaget er det tatt omsyn til fleire flyttingar av midlar til og frå posten. Det gjeld følgande:

  • Til saman 2,7 mill. kroner til drift av sekretariatet for Samarbeidsrådet for yrkesopplæring og dei ni faglege råda innanfor fag- og yrkesopplæringa er flytte frå denne posten til 21-posten på kapitlet.

  • 2,5 mill. kroner som er knytte til drift og vedlikehald av den elektroniske forvaltningsløysinga for tilskottsforvaltning, er flytte frå denne posten til 21-posten på kapitlet, for å samle utgiftene til dette på denne posten.

  • 0,9 mill. kroner i driftsstøtte til Sekretariatet for små og verneverdige fag er flytte frå denne posten til kap. 227 post 76, som finansierer tilskottet til Norsk håndverksinstitutt.

  • 0,9 mill. kroner er flytte frå kap. 231 post 21 til denne posten. Midlane finansierer eit årsverk til oppfølging og forvaltning av leiarutdanninga for styrarar og andre kompetansetiltak i barnehagesektoren.

Frå 2017 innfører regjeringa ein forenkla modell for premiebetaling til Statens pensjonskasse (SPK) for dei verksemdene som ikkje betaler premie i dag. Dette medfører ein auke av løyvinga på 28,8 mill. kroner. Sjå hovudinnleiinga for nærare omtale.

Løyvingsforslaget er redusert med 163 000 kroner som følge av gevinstar ved overgangen til digital post til innbyggarar og næringsliv, jf. nærare omtale i hovudinnleiinga.

Departementet foreslår vidare å redusere løyvinga på posten med 1 mill. kroner for å effektivisere drifta av verksemda. På same tid får direktoratet utvida oppgåver. Departementet foreslår at løyvinga blir auka med 1 mill. kroner knytt til kompetanseutviklingstiltak, jf. omtale under kap. 226 post 21.

Departementet foreslår at løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3220 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan nyttast under post 70 og post 70 Tilskott til læremiddel o.a., kan overførast, kan nyttast under post 21

Løyvinga på post 21 er knytt til kostnader direktoratet har til større utviklingsprosjekt og oppdragsverksemd. Utarbeiding av eksamensoppgåvene og materiell for rettleiing til sentralt gitt eksamen i grunnskolen, i vidaregåande opplæring og i den sentralt gitte delen av fag- og sveineprøver innanfor yrkesfaga blir finansierte under denne posten. Løyvinga på post 70 er knytt til utvikling av læremiddel. Utviklinga av læremiddel skal skje i samsvar med prinsippa om tilpassa opplæring og universell utforming og ta vare på det fleirkulturelle perspektivet. Løyvingane på postane 21 og 70 må sjåast i samanheng.

Mål for 2017

Målet med dei tiltaka som blir finansierte over post 21, er mellom anna god prøve- og eksamensutvikling og -gjennomføring inkludert dei systemretta tenestene, eit godt kunnskapsgrunnlag om tilstanden i sektoren og å legge til rette for god bruk av læreplanane.

Løyvinga på post 70 skal medverke til at det blir utvikla og produsert læremiddel der det ikkje er grunnlag for kommersiell produksjon. Dette gjeld læremiddel for smale fagområde, inkludert nynorske parallellutgåver, særskilt tilrettelagde læremiddel og læremiddel for språklege minoritetar.

Rapport for 2015

Eit nytt statistikksystem for Utdanningsdirektoratet er vidareutvikla og lansert i 2015. Skoleporten er vidareutvikla for å bli meir brukarvennleg og for å bli styrkt som verktøy for kvalitetsopplæring generelt og fag- og yrkesopplæring spesielt.

Direktoratets tenester knytte til eksamen og prøver krev utvikling av nye IT-løysingar. Ein minimumsversjon av tenestene blei tatt i bruk første gong til hausteksamen 2015. Gjennomføringa var svært god med lite behov for brukarstøtte og få meldingar om feil. Ingen feil fekk konsekvensar for gjennomføringa av eksamen.

Utdanningsdirektoratet har i 2015 gitt tilskott til 18 ulike læremiddelprosjekt for elevar/lærlingar på smale fagområde over post 70. Fem prosjekt var parallellutgåver på nynorsk. Resten gjaldt utvikling av digitalt innhald til eksisterande prosjekt. 17 læremiddelprosjekt på området som har fått tilskott i tidlegare år, blei ferdigstilte.

Det blei gitt tilskott til 16 nye læremiddelprosjekt for barnehagebarn, elevar og lærlingar med behov for særskild tilrettelegging. I 2015 blei multifunksjonell tilrettelegging av ordinære læremiddel for fellesfaga, særleg på barne- og ungdomssteget, prioritert. 15 læremiddelprosjekt som har fått tilskott i tidlegare år, blei ferdigstilte.

Det er vidare gitt tilskott til 20 nye læremiddel for minoritetsspråklege elevar i heile grunnopplæringa. 15 læremiddelprosjekt på området som har fått tilskott i tidlegare år, blei ferdigstilte. Det nordiske ordbokprosjektet LEXIN og det nordiske samarbeidet om den fleirspråklege, interaktive bildeordboka Bildetema er førte vidare.

Det er framleis behov for at det i større grad blir utvikla tilrettelagde læremiddel på ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring, særleg for elevar med motoriske og språkrelaterte vanskar. Direktoratet har arbeidd med å utvikle kompetansen til dei som utviklar læremiddel. Resultatet er at utviklarane sjølve har danna nettverk for erfaringsutveksling.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår ei løyving på 143,3 mill. kroner på post 21. Løyvinga er foreslått auka med 5,2 mill. kroner, som er flytte frå 01-posten på kapitlet, sjå omtale under denne posten. Dette gjeld

  • 2,5 mill. kroner til drift og vedlikehald av den elektroniske forvaltningsløysinga for tilskottsforvaltning

  • 2,7 mill. kroner til drift av sekretariatet for Samarbeidsrådet for yrkesopplæring og dei ni faglege råda innanfor fag- og yrkesopplæringa

Departementet foreslår å føre løyvinga på post 70 vidare på same nivå som i 2016.

Det blir foreslått ei tilsegnsfullmakt på 30 mill. kroner knytt til post 70, jf. forslag til vedtak III nr. 1.

Kap. 3220 Utdanningsdirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Inntekter frå oppdrag

6 945

4 034

4 126

02

Salsinntekter o.a.

6 776

1 184

1 211

Sum kap. 3220

13 721

5 218

5 337

Inntektene gjeld oppdragsverksemd, salsinntekter og refusjonar. Departementet foreslår å føre løyvingane vidare på same nivå som i 2016.

Kap. 221 Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Driftsutgifter

13 431

13 946

14 827

Sum kap. 0221

13 431

13 946

14 827

Post 01 Driftsutgifter

Foreldreutvalet for barnehagar, FUB, og Foreldreutvalet for grunnopplæringa, FUG, er sjølvstendige rådgivande organ for departementet. Løyvinga gjeld drift av FUB, FUG og deira felles sekretariat. Funksjonstida til det nåverande FUB er ut 2018, og funksjonstida til det nåverande FUG er ut 2019. Utvala skal gi informasjon og rettleiing om verdien av foreldresamarbeid, og samarbeide med aktuelle aktørar i saker der det er viktig at foreldreperspektivet er til stades.

Mål for 2017

FUB skal arbeide for eit godt samarbeid mellom barnehage og heim og ta i vare interessene til foreldra i barnehagesamanheng. FUG skal arbeide for eit godt samarbeid mellom skole og heim, og ta i vare interessene til foreldra i skolesamanheng.

Rapport for 2015

FUB og FUG har halde eit høgt aktivitetsnivå i arbeidet for eit godt samarbeid mellom barnehage og heim og skole og heim. Begge utvala har synleggjort foreldreperspektivet og verdien av foreldresamarbeid gjennom dialog med relevante organisasjonar og institusjonar, deltaking i arbeids- og referansegrupper på nasjonalt nivå og ved å halde foredrag i ulike forum. Utvala har oppfylt oppgåva si som rådgivande organ og høyringsinstans for Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet gjennom ulike møtepunkt og levering av høyringssvar. Utvala har brukt ulike kanalar for å nå ut med informasjon og rettleiing til foreldre, barnehagar og skolar. Hausten 2015 arrangerte FUB og FUG ein felles nasjonal foreldrekonferanse for 200 foreldre med temaet «Gode relasjoner».

I 2015 fekk FUB 390 førespurnader frå føresette og representantar for føresette. Dei fleste førespurnadene gjeld den retten foreldra har til å medverke, drift av barnehagen, utfordringar knytte til barnas trivsel og lokale foreldreutval.

FUG fekk i 2015 530 førespurnader frå føresette og representantar for føresette. Dei fleste førespurnadene gjeld organiseringa i skolen, lokale rådsorgan, læringsmiljø og problematisk kommunikasjon med rektor.

Budsjettforslag for 2017

Frå 2017 innfører regjeringa ein forenkla modell for premiebetaling til Statens pensjonskasse (SPK) for dei verksemdene som ikkje betaler premie i dag. Dette medfører ein auke av løyvinga på 0,9 mill. kroner. Sjå hovudinnleiinga for nærare omtale.

Løyvingsforslaget er redusert med 287 000 kroner som følge av gevinstar ved overgangen til digital post til innbyggarar og næringsliv, jf. nærare omtale i hovudinnleiinga.

Departementet foreslår å løyve 14,8 mill. kroner på posten.

Kap. 222 Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Driftsutgifter

98 683

88 642

100 805

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

1 452

1 491

1 528

Sum kap. 0222

100 135

90 133

102 333

Løyvingane under kapitlet gjeld

  • drift av Sameskolen for Midt-Noreg, Hattfjelldal

  • drift av Samisk vidaregåande skole i Karasjok og Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole i Kautokeino

  • lønn etter rettsvilkårsavtalen for personale ved nedlagde statlege skolar og ventelønn for personale frå avvikla statsinternat i Finnmark

  • Opplæringa ved skolane følger Kunnskapsløftet – Samisk .

Post 01 Driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Mål for 2017

Målet med løyvingane til dei samiske skolane er særleg å halde oppe og utvikle vidare samisk identitet, språk og kultur.

Rapport for 2015

Sameskolen for Midt-Noreg

I skoleåret 2015–16 fekk 55 elevar fjernundervisning ved skolen, mot 45 elevar i 2014–15 og 60 elevar i 2013–14. Elevane som får fjernundervisning på sørsamisk, har òg tilbod om språksamlingar på skolen. I språksamlingane får elevane sjå, høyre og bruke det samiske språket, mellom anna gjennom samiske kulturaktivitetar.

Samiske vidaregåande skolar

Skolane har både heiltidselevar og deltidselevar. Hausten 2015 hadde Samisk vidaregåande skole i Karasjok samla sett 143 elevar. I 2014 hadde skolen 127 fulltidselevar og 14 deltidselevar. Skolen gir også eksternt finansierte kurs. Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole i Kautokeino hadde hausten 2015 samla sett 94 elevar. I 2014 hadde skolen 78 fulltidselevar og 14 deltidselevar. I tillegg til den ordinære undervisninga gir skolane fjernundervisning i samisk.

Begge skolane er opne for samiske elevar frå heile landet, og dei held fram med ordninga med vertsfamiliar primært for dei yngste tilreisande elevane.

Ved skolen i Karasjok blei nytt tilbygg for byggfag og ombygd spesialrom ferdigstilte og tatte i bruk i desember 2015.

Ventelønn

I samband med tidlegare nedlegging av statlege skolar og statsinternat i Finnmark er det i 2015 utbetalt 2,1 mill. kroner i ventelønn til tidlegare tilsette ved desse skolane og statsinternata.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår å auke løyvinga på post 01 med 2 mill. kroner for å dekke delar av dei auka kostnadene til husleige som følge av nytt tilbygg og ombygging ved Samisk vidaregåande skole i Karasjok.

Departementet har gitt Statsbygg i oppdrag å utarbeide eit nytt forprosjekt for bygging av nye skolelokale for Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole i Kautokeino.

Departementet viser til at Stortinget i samband med behandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 2016 løyvde midlar for å halde oppe drifta ved Sameskolen for Midt-Noreg i skoleåret 2016–17 i påvente av alternativ organisering, jf. Innst. 400 S (2015–2016). Løyvingsforslaget på post 01 legg til rette for drift av skolen ut skoleåret 2016–17, og departementet er i dialog med Hattfjelldal kommune for å sjå på ulike løysingar for alternativ organisering frå neste skoleår.

Frå 2017 innfører regjeringa ein forenkla modell for premiebetaling til Statens pensjonskasse (SPK) for dei verksemdene som ikkje betaler premie i dag. Dette medfører ein auke av løyvinga på 8,3 mill. kroner. Sjå hovudinnleiinga for nærare omtale.

Løyvingsforslaget for post 01 er redusert med 17 000 kroner som følge av gevinstar ved overgangen til digital post til innbyggarar og næringsliv, jf. nærare omtale i hovudinnleiinga.

Departementet foreslår ei samla løyving på postane 01 og 45 på 102,3 mill. kroner.

Departementet foreslår at løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3222 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 3222 Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

02

Salsinntekter o.a.

10 469

5 140

5 257

Sum kap. 3222

10 469

5 140

5 257

Post 02 gjeld inntekter frå mellom anna kurs og vaksenopplæring, sal frå kantine, hybelutleige og betaling frå heimeskolane for fjernundervisning. Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2016.

Kap. 223 Sametinget

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

50

Tilskott til Sametinget

40 331

41 501

42 592

Sum kap. 0223

40 331

41 501

42 592

Post 50 Tilskott til Sametinget

Mål for 2017

Målet med tilskottet er å medverke til finansiering av utdanningsformål i Sametinget, inkludert utvikling og produksjon av læremiddel for samiske elevar, medrekna spesialpedagogiske læremiddel, læreplanarbeid og -utvikling og tilskott til råd om og rettleiing i samisk opplæring.

Rapport for 2015

Sametinget har som hovudmål for grunnopplæringa at den samiske befolkninga har den rette kunnskapen, kompetansen og dugleiken for å bevare og utvikle det samiske samfunnet. For å nå målet har Sametinget mellom anna arbeidd for samiske elevar sin rett til samiskopplæring og skolens innhald og verdigrunnlag. Sametinget gir også informasjon og rettleiing til elevar, foreldre og skoleeigarar som har førespurnader om grunnopplæringa. I 2015 var i hovudsak førespurnadene knytt til tilbod om samiskopplæring og organisering av opplæringa.

Det er stadig mangel på samiske lærarar og samiske læremiddel. Sametinget gir informasjon om samiske læremiddel gjennom læremiddelsentralen i Sametinget og læremiddelportalen Ovttas.no. I 2015 blei det på vidaregåande nivå prioritert læremiddel på alle dei tre samiske språka: nordsamisk, sørsamisk og lulesamisk. For grunnskolen var prioriteringa læremiddel i tverrfagleg temabasert språk og kultur.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2016.

Kap. 224 Senter for IKT i utdanninga

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Driftsutgifter

59 729

60 878

68 817

21

Særskilde driftsutgifter

30 366

21 935

21 136

Sum kap. 0224

90 095

82 813

89 953

Løyvingane under kap. 224 finansierer faste driftsoppgåver i Senter for IKT i utdanninga. I tillegg kjem oppgåver knytte til kvalitetsutvikling og -vurdering i barnehagen og grunnopplæringa som senteret har ansvaret for, jf. kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa.

Post 01 Driftsutgifter og post 21 Særskilde driftsutgifter

Mål for 2017

Måla for grunnopplæringa og barnehagen, jf. innleiinga til programkategoriane 07.20 Grunnopplæringa og 07.30 Barnehagar, er førande for arbeidet til Senter for IKT i utdanninga.

Måla for verksemda til senteret er

  • auka digital kompetanse hos tilsette i barnehagen og i grunnopplæringa

  • auka kvalitet i det pedagogiske arbeidet med digitale dugleikar hos barn og unge

  • auka kvalitet i infrastrukturen og dei administrative prosessane i sektorane

Departementet har i samarbeid med senteret utarbeidd styringsparametrar for måla til verksemda, for betre å kunne vurdere måloppnåinga deira. Desse blei første gong tatte inn i tildelingsbrevet for 2016.

Rapport for 2015

Senteret opplevde i 2015 ein aukande etterspørsel etter og interesse for tilboda om kompetanseutvikling, rettleiing og rådgiving. Auken i talet på barnehagar, skolar, barnehagelærarar, lærarar, skoleleiarar og barnehage- og skoleeigarar som tar del i tilboda til senteret, heldt òg fram i 2015. Dette gjeld både direkte kontakt i form av konferansar, nettverkssamlingar mv. og besøk på ulike nettressursar. Mellom anna var det ein 50 pst. auke i bruken av IKTplan.no frå 2014. Dette er eit komplett undervisningsopplegg for arbeid med digitale dugleikar og eit planverktøy for skoleleiarar og skoleeigarar. Det blei gjennomført 4,7 mill. brukarsesjonar på utdanning.no , ein auke på 20 pst. frå 2014. Eit anna døme er ressursen dubestemmer.no om personvern og nettvett, som hadde 90 000 ulike brukarar i 2015, ein auke på 25 pst. frå 2014.

I 2015 utvikla senteret i samarbeid med fleire universitet og høgskolar to nettbaserte etter- og vidareutdanningstilbod. Tilboda legg til rette for at lærarar tar vidareutdanning samstundes som dei arbeider heilt eller delvis. Senteret vidareutvikla òg Den virtuelle matematikkskolen, DVM, eit nettbasert tilbod i matematikk til både høgt og lågt presterande elevar.

Senteret følger opp arbeidet med ei nasjonal identitetsforvaltning for utdanningssektoren basert på Feide – felles elektronisk identitet. Det har vore ein svakare vekst enn forventa i talet på Feide-godkjente skoleeigarar. Etter skoleåret 2015–16 var det framleis 87 kommunar som ikkje var Feide-godkjente. Dei fleste av desse er små kommunar. Likevel har stadig fleire elevar og lærarar aktivt tatt i bruk Feide, og i 2015 var 92,8 pst. av elevane i grunnopplæringa knytte til Feide-godkjente kommunar. Bruken av Feide i grunnopplæringa, målt ved talet på innloggingar, auka med 94 pst. frå 2014 til 2015. Auken i talet på innloggingar kjem dels av fleire Feide-godkjente kommunar og dels av at potensialet i Feide i større grad er tatt i bruk.

Senteret utarbeidde i 2015 ein rettleiar om høveleg bruk av IKT i klasserommet. Rettleiaren rettar seg mot både skoleeigarar og skoleleiarar ved å skildre rammevilkår for god bruk av IKT, og mot lærarar ved å gi råd om korleis ein kan arbeide systematisk og effektivt med IKT i klasserommet.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår samla løyvingar til senteret på 90 mill. kroner. Løyvinga på post 21 er foreslått redusert med 1,3 mill. kroner. Dette kjem i tillegg til den årlege reduksjonen som følger av avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma.

Frå 2017 innfører regjeringa ein forenkla modell for premiebetaling til Statens pensjonskasse (SPK) for dei verksemdene som ikkje betaler premie i dag. Dette medfører ein auke av løyvinga på 6,7 mill. kroner. Sjå hovudinnleiinga for nærare omtale.

Løyvingsforslaget for post 01 er redusert med 50 000 kroner som følge av gevinstar ved overgangen til digital post til innbyggarar og næringsliv, jf. nærare omtale i hovudinnleiinga.

Feide, Felles elektronisk identitet, skal bli den einaste løysinga for innlogging til nasjonale prøver frå hausten 2018 og for eksamen frå våren 2019. Senteret skal saman med UNINETT vurdere og utvikle overgangsløysingar for dei kommunane som ikkje kjem i mål med Feide innan hausten 2018.

Den virtuelle matematikkskolen, DVM, blir ført vidare som prosjekt til ut skoleåret 2018–19. I løpet av 2017 skal senteret sette i verk utgreiing av modellar for eventuell framtidig drift av DVM frå 2019. Det skal òg greiast ut korleis andre offentlege og private aktørar kan få ei rolle i drifta av prosjektet.

Senteret skal saman med Utdanningsdirektoratet arbeide med eit treårig forsøk med programmering som valfag på ungdomstrinnet, mellom anna arbeid med erfarings- og kunnskapsspreiing mellom skolar.

Departementet foreslår at løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3224 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 3224 Senter for IKT i utdanninga

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Inntekter frå oppdrag o.a.

8 701

1 628

1 665

Sum kap. 3224

8 701

1 628

1 665

Post 01 gjeld inntekter frå oppdragsverksemd, i hovudsak frå EU-prosjekt og frå Universitetet i Oslo. Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2016.

Kap. 225 Tiltak i grunnopplæringa

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Driftsutgifter

22 138

22 217

22 665

21

Særskilde driftsutgifter

98 082

100 241

102 533

60

Tilskott til landslinjer

202 772

211 531

220 662

62

Tilskott til dei kommunale sameskolane i Snåsa og Målselv

23 003

23 670

24 321

63

Tilskott til samisk i grunnopplæringa , kan overførast

51 390

58 975

63 806

64

Tilskott til opplæring av barn og unge som søkjer opphald i Noreg

111 502

492 063

441 618

65

Rentekompensasjon for skole- og symjeanlegg , kan overførast

472 032

334 218

223 186

66

Tilskott til leirskoleopplæring

43 245

48 247

49 574

67

Tilskott til opplæring i finsk

7 539

8 059

7 165

68

Tilskott til opplæring i kriminalomsorga

256 167

272 918

279 396

69

Kompensasjon for investeringskostnader ved grunnskolereforma

222 194

216 826

124 555

70

Tilskott til opplæring av lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar med særskilde behov

77 474

57 870

59 490

71

Tilskott til kunst- og kulturarbeid i opplæringa

25 594

29 336

30 157

72

Tilskott til internasjonale utdanningsprogram og organisasjonar

6 420

6 290

6 290

73

Tilskott til studieopphald i utlandet

13 754

14 153

14 549

74

Tilskott til organisasjonar

16 932

21 630

22 236

Sum kap. 0225

1 650 238

1 918 244

1 692 203

Post 01 Driftsutgifter og post 21 Særskilde driftsutgifter

Løyvinga på post 01 finansierer dei kostnadene som fylkesmannen har ved å administrere sentralt gitt eksamen i grunnskolen og i vidaregåande opplæring.

Løyvinga på post 21 dekker utgifter til lærarar som har tatt på seg oppdrag med å vere sensorar ved sentralt gitt eksamen (sensur og klagehandsaming). Midlane blir utbetalte via fylkesmannen. Ordninga er heimla i forskrift til opplæringslova § 3-26 og i Kunnskapsløftet om gjennomføring av eksamen i grunnskolen og i vidaregåande opplæring, inkludert den sentralt gitte delen av fag- og sveineprøva innanfor yrkesfaga.

Mål for 2017

Målet med løyvingane er å medverke til at det blir gjennomført sentralt gitt eksamen i grunnskolen og i vidaregåande opplæring.

Rapport for 2015

Våren 2015 blei det gjennomført om lag 78 000 eksamenar i grunnskolen og om lag 150 500 i vidaregåande opplæring. Hausten 2015 blei det gjennomført om lag 70 000 eksamenar i vidaregåande opplæring. Det blei handsama om lag 1 300 klager i grunnskolen og 12 000 vår og haust for vidaregåande opplæring. Totalt var det om lag 3 650 sensorar som deltok i sensorarbeidet. Totalt blei 72 pst. av eksamenssvara våren 2015 leverte elektronisk i Prøvegjennomføringssystemet (PGS), men i mange fag er prosentdelen over 90. For eksamen hausten 2015 var talet noko lågare, da fleire av privatistane framleis leverer på papir. Det har vore ein jamn auke i delen av eksamenssvara som blir leverte i PGS i dei seinare åra. Utarbeiding av sentralt gitt eksamen og elektroniske prøve- og eksamenstenester blir finansiert av løyvinga på kap. 220 post 21.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår å føre løyvingane vidare på same nivå som i 2016.

Post 60 Tilskott til landslinjer

Tilskottet skal gå til fylkeskommunar med landslinjer til drift av landslinjene og innkjøp av utstyr.

Mål for 2017

Målet med tilskottsordninga er at elevar frå heile landet kan få eit nasjonalt tilbod i små og/eller kostbare kurs i vidaregåande opplæring.

Rapport for 2015

Kapasiteten i skoleåret 2015–16 var på 1 490 heilårsplassar. Kapasitetsutnyttinga samla for alle landslinjene var på 85 pst. hausten 2015 og 82 pst. våren 2016. Kapasitetsutnyttinga har vore jamn og lege på i overkant av 80 pst. i dei siste åra.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår å auke løyvinga med 0,9 mill. kroner i 2017 for å dekke heilårseffekten av at landslinja for skiidrett ved Meråker vidaregåande skole fekk utvida kapasiteten med 20 elevar frå hausten 2016. Departementet foreslår vidare å auke løyvinga med 2,4 mill. kroner for å dekke våreffekten av Vg2-tilbodet og oppstart av Vg3-tilbodet hausten 2017 for landslinja i natur- og miljøfag ved Rjukan vidaregåande skole. Samla foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 3,3 mill. kroner.

Post 62 Tilskott til dei kommunale sameskolane i Snåsa og Målselv

Tilskottet finansierer drift av dei kommunale sameskolane i Snåsa og Målselv, med tilhøyrande internat. Skolane har heile landet som opptaksområde. Opplæringa ved skolane følger Kunnskapsløftet – Samisk .

Mål for 2017

Målet med tilskottsordninga er å medverke til å halde oppe og utvikle samisk identitet, språk og kultur.

Rapport for 2015

Sameskolen i Snåsa hadde 15 elevar hausten 2015, mot tolv elevar året før. I tillegg fekk fem elevar ved Snåsa skole undervisning ved sameskolen. Sju elevar fekk fjernundervisning, det same talet som året før. Sameskolen i Målselv hadde 15 elevar hausten 2015, mot elleve elevar året før. I tillegg fekk tolv elevar fjernundervisning, mot elleve elevar året før.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2016.

Post 63 Tilskott til samisk i grunnopplæringa, kan overførast

Under denne posten er det tre tilskottsordningar: ei ordning for samiskopplæring i grunnskolen, ei ordning for samiskopplæring i den vidaregåande opplæringa og ei ordning med studieheimlar i samisk for lærarar i grunnopplæringa.

Mål for 2017

Mål for løyvinga er å bidra med finansiering til kommunar, fylkeskommunar og frittståande skolar som tilbyr samiskopplæring i samsvar med § 6-2 og § 6-3 i opplæringslova, og å styrke kompetansen i samisk til lærarar i grunnopplæringa.

Rapport for 2015

Talet på elevar som vel samisk språk i grunnskolen, har halde seg stabilt i dei siste tre åra. Tabellen under viser at det i skoleåret 2015–16 har vore ein reduksjon i talet på elevar i grunnskolen som vel samisk som førstespråk. Samstundes har det vore ein auke i talet på elevar som vel samisk som andrespråk. Samla for samisk som språkval utgjer auken frå skoleåret 2014–15 til skoleåret 2015–16 i alt 48 elevar eller 2,3 pst.

Tabell 4.1 Tal på grunnskoleelevar som har samisk som første- og andrespråk

Skoleår

2012–13

2013–14

2014–15

2015–16

Samisk som førstespråk

930

916

915

882

Samisk som andrespråk

1 196

1 210

1 201

1 282

Totalt

2 126

2 126

2 116

2 164

Endring frå året før i pst.

0,0 pst.

–0,5 pst.

2,3 pst.

Kjelde:  Grunnskolens Informasjonssystem (GSI)

Ved teljedato 2. mai 2016 var det i alt 250 elevar/lærlingar som fekk opplæring i samisk i vidaregåande opplæring ved fylkeskommunale og frittståande vidaregåande skolar. Dette er ein reduksjon på fem elevar samanlikna med året før, da 255 elevar/lærlingar fekk opplæring i samisk.

Bruken av samiske studieheimlar har i dei to siste åra vore høgre enn åra før. Tilskottsutbetalinga var på 1,5 mill. kroner i 2015 og 1,7 mill. kroner i 2014, mot tilsvarande om lag 1 mill. kroner i 2013. Tilskottsordninga blei i 2015 utvida til å gjelde for lærarar i heile grunnopplæringa og i heile landet. Det blei utbetalt tilskott til seks studieheimlar, fordelte på fire kommunar i Finnmark og ein kommune i Troms.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår ei løyving på 63,8 mill. kroner på posten.

Post 64 Tilskott til opplæring av barn og unge som søker opphald i Noreg

Ordninga skal finansiere opplæring av barn og unge som søker opphald i Noreg. Dette omfattar asylsøkarar og personar som søker om familiegjensameining. Ordninga inkluderer tilskott til tre grupper:

  • barn og unge til og med 15 år som har rett og plikt til grunnskoleopplæring

  • ungdom mellom 15 og 18 år som søker opphald, og som har rett til grunnskoleopplæring

  • ungdom mellom 15 og 18 år som søker opphald, og som har rett til vidaregåande opplæring

Tilskottsordninga er avgrensa til dei som bur på mottak/omsorgssenter eller oppheld seg lovleg i landet.

Mål for 2017

Målet med tilskottet er å bidra med finansiering til kommunar og fylkeskommunar som sørger for at barn og unge som søker opphald i Noreg, får grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring, jf. opplæringslova § 2-1 andre ledd og § 3-1 tolvte ledd.

Rapport for 2015

Rapporteringa frå fylkesmannsembeta viser at til saman 2 943 barn som var busette i mottak, eller som budde privat, fekk grunnskoleopplæring i skoleåret 2014–15. Av desse var 2 451 barn i grunnskolealderen og 492 i aldersgruppa 16–18 år. I tillegg fekk 53 personar i aldersgruppa 16–18 år vidaregåande opplæring.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår å løyve 441,6 mill. kroner i 2017. Dette er ein reell reduksjon på 64 mill. kroner i høve til Saldert budsjett 2016, som følge av ein venta reduksjon i talet på barn og unge som søker opphald i Noreg.

Post 65 Rentekompensasjon for skole- og symjeanlegg, kan overførast

Løyvinga skal kompensere kommunar og fylkeskommunar for renteutgifter for investeringar innanfor rammene på til saman 30 mrd. kroner, som staten har gitt tilsegner om i perioden 2002–16. Ordninga omfattar også offentlege symjeanlegg som skolen bruker i undervisninga si.

Mål for 2017

Løyvinga skal nyttast til å innfri tilsegner om rentekompensasjon som er gitte i perioden 2002–16. Målet med å gi tilsegnene har vore å stimulere kommunar og fylkeskommunar til å bygge nye skoleanlegg, samt rehabilitere og ruste opp gjeldande anlegg.

Rapport for 2015

2,5 mrd. kroner av investeringsramma blei fasa inn i 2015. Det blei utbetalt 472 mill. kroner i rentekompensasjon i 2015.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår å løyve 223,2 mill. kroner i 2017.

Det blir foreslått å harmonisere rentesatsane for både nye og gamle tilsegner under rentekompensasjonsordninga. I tråd med dette foreslår departementet at rentenivået for tilsegner gitte før 2015 frå og med 2017 blir fastsett på rentenivået til tilsegner som er gitte etter 2015. Effekten av det reduserte rentenivået er berekna til 92 mill. kroner i 2017. For å fullføre harmoniseringa av rentekompensasjonsordningane blir det også foreslått at tilsegner frå både før og etter 2015 blir knytte direkte til den flytande basisrenta, jf. omtale i kap. 8 i Gul bok.

Post 66 Tilskott til leirskoleopplæring

Etter opplæringslova § 2-3 første ledd kan ein del av undervisningstida brukast til leirskoleopplæring. Dette blir i retningslinjene for tilskott til leirskoleopplæring definert som leirskoleopplæring ved bemanna leirskole eller annan aktivitet med ei varigheit på minst tre overnattingar i samanheng. Kommunane har ansvaret for å finansiere sjølve leirskoleopphaldet. Tilskottet skal fullt ut nyttast til opplæring i samband med leirskoleopphald, eller til annan aktivitet/opplæring som fyller kravet om at opphaldet skal ha ei varigheit på minst tre overnattingar.

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 479, 11. februar 2016, i samband med handsaminga av Innst. 155 S (2015–2016), jf. Dok. 8: 146 (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen utrede hvordan læreplanene kan bidra til å ivareta at alle elever får tilbud om en overnattingstur av flere døgns varighet og med et pedagogisk opplegg i tråd med kompetansemål i skolens læreplaner, for eksempel gjennom leirskole, studieturer eller andre løsninger i regi av skolen, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Eit leirskoleopphald kan sjåast i samanheng med kompetansemål i fleire ulike fag, men det er lærarane og skolane som har ansvaret for å konkretisere kompetansemåla og velje innhald i og metode for undervisninga som vil bidra til at elevane kan nå måla i faga. Kommunane har i dag ikkje plikt til å tilby elevane eit leirskoleopphald eller andre liknande turar. Viss kommunane skal forpliktast til å tilby overnattingsturar, må dette skje gjennom ei lovendring og ikkje i læreplanane, fordi det må vere ein heimel for å pålegge kommunane oppgåver. Det følger av Innst. 155 S (2015–2016) at fleirtalet i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen meiner at ei rettsfesting gjennom lov er eit sterkt verkemiddel som først og fremst skal gi eit juridisk rettsvern, og at det ikkje er det rette verkemiddelet i denne saka. Departementet er einig i dette.

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 480, 11. februar 2016, i samband med handsaminga av Innst. 155 S (2015–2016), jf. Dok. 8: 146 (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen utarbeide tiltak for å hjelpe skolene med å sikre minoritetselevers deltakelse på overnattingsturer i skolens regi.»

Eit godt samarbeid mellom skole og heim skal sikre forståing av innhaldet i og målet med opplæringa, inkludert leirskoleopphald og andre overnattingsturar. I eit mangfaldig samfunn med ein aukande del elevar med fleirkulturell bakgrunn blir denne dialogen spesielt viktig. Det kan vere mange årsaker til at elevar har utfordringar knytte til overnattingsturar. I alle tilfelle skal skolen legge til rette for at eleven på best mogleg måte kan delta i det fellesskapet som skolen skal bidra til. Departementet har tillit til at den enkelte skoleeigar, skoleleiar og lærar finn ein god balanse i slike spørsmål.

Mål for 2017

Målet med tilskottsordninga er å stimulere kommunane til å gi alle elevar eit leirskoleopphald i løpet av grunnskolen.

Rapport for 2015

Frå og med skoleåret 2015–16 har det blitt gjort endringar i rapporteringa av elevar på leirskole. Det blir ikkje lenger publisert statistikk for planlagde leiskoleopphald i Grunnskolens Informasjonssystem (GSI). I staden rapporterer fylkesmennene om innvilga leirskoletilskott. GSI-tal frå tidlegare år viste at det blei planlagt leiskoleopphald for i underkant av ti pst. av elevane i grunnskolen kvart år.

Rapportering frå fylkesmennene viser at det i 2015 blei innvilga leirskoletilskott for i alt 49 794 elevar i 355 kommunar. Dette utgjer 8,3 pst. av gjennomsnittet av talet på grunnskoleelevar i skoleåra 2014–15 og 2015–16. Det tyder på at dei fleste, men ikkje alle, elevane har fått eit leirskoleopphald i løpet av grunnskolen. Nokre av fylkesmennene opplyser om at det er kommunar i fylket som ikkje sender elevar på leirskole.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2016.

Post 67 Tilskott til opplæring i finsk

Under denne posten er det tre tilskottsordningar: ei for opplæring i finsk som andrespråk i grunnskolen, ei for opplæring i finsk som andrespråk i vidaregåande opplæring og ei ordning for studieheimlar i finsk for lærarar i grunnskolen.

Mål for 2017

Målet med løyvinga er å bidra med finansiering til kommunar og frittståande grunnskolar i Troms og Finnmark som gir elevar med kvensk-finsk bakgrunn opplæring i finsk som andrespråk i samsvar med dei rettane som går fram av § 2-7 i opplæringslova. Vidare er målet med løyvinga å bidra med finansiering til fylkeskommunar og frittståande vidaregåande skolar som gir finskopplæring til elevar og lærlingar med kvensk-finsk bakgrunn. Det er òg eit mål å styrke kompetansen i finsk for lærarar i grunnskolen.

Rapport for 2015

Det har vore ein reduksjon i talet på elevar som vel finsk som andrespråk i grunnskolen i dei seinare åra. Reduksjonen frå skoleåret 2014–15 til skoleåret 2015–16 var på 23 elevar eller fire pst.

Ved teljedato 2. mai var det i alt 22 elevar som fekk opplæring i finsk i vidaregåande opplæring. Dette er same nivå som året før, da 21 elevar fekk slik opplæring.

Bruk av studieheimlar har vore om lag uendra i dei siste åra.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår ei løyving på 7,2 mill. kroner på posten.

Post 68 Tilskott til opplæring i kriminalomsorga

Mål for 2017

Målet med tilskottsordninga er å medverke med finansiering til fylkeskommunar som gir opplæring til innsette og lauslatne som har begynt på opplæring under soning, og som har rett til grunnskole- eller vidaregåande opplæring, eventuelt plikt til grunnskoleopplæring. For å motivere flest mogleg til å ta opplæring, også dei som har kort soningstid eller sit i varetekt, er det eit mål at det òg blir gitt kortare kurs. Desse kursa skal i størst mogleg grad ta utgangspunkt i kompetansemål frå Læreplanverket for Kunnskapsløftet og opplæring i grunnleggande dugleikar. Det er vidare eit mål å legge til rette for god opplæring i dei to einingane for soning for barn og unge. Det overordna målet er å gi fleire innsette høve til å tilby etterspurd kompetanse til arbeidsmarknaden eller å gi dei eit grunnlag for å fullføre opplæring eller utdanning når dei slepp ut av fengsel.

Rapport for 2015

Det er opplæringstilbod i alle fengsla der det er formålstenleg. I tillegg er det oppfølgingsklasser ti stader i landet. I 2015 var det gjennomsnittleg 2 150 elevar/deltakarar i fengsel og oppfølgingsklasser (510 på heiltid og 1 640 på deltid). Dette er ein nedgang samanlikna med 2014, da talet var 2 339 (542 på heiltid og 1 797 på deltid).

11 264 personar (8 579 på deltid og 2 685 på heiltid) tok del i ei eller anna form for opplæring i 2015 (i 2014 var det tilsvarande talet 9 500 personar med 7 257 på deltid og 2 203 på heiltid). Det var fleire av dei innsette som deltok i opplæring gjennom året samanlikna med 2014, men dei deltok over kortare tid. Dette kan forklarast med endringar innanfor straffelova, straffegjennomføringslova og kriminalomsorga mellom anna med etablering av fleire typar straffegjennomføringar og institusjonar.

Oppfølgingsklasser er etablerte ti stader i landet for å lette overgangen etter lauslating. Av alle som deltok i opplæringa, fekk 680 personar tilbod gjennom oppfølgingsklassene (528 på deltid og 152 på heiltid). Dette er ein auke frå 2014, da 447 personar fekk tilbod gjennom oppfølgingsklassene (122 på heiltid og 355 på deltid).

Gjennom heile året har skolane hatt 148 (190 i 2014) elevar/deltakarar i grunnskoleopplæring, 3 729 (3 149 i 2014) elevar/deltakarar i vidaregåande opplæring, 2 675 (3 052 i 2014) elevar/deltakarar på arbeidskvalifiserande kurs og 4 712 (3 806 i 2014) elevar/deltakarar på andre typar opplæringskurs. I tillegg var det 220 (200 i 2014) som studerte ved fagskolar, høgskolar og universitet. Både arbeidskvalifiserande kurs og andre kurs er i stor grad utforma ut ifrå kompetansemål i læreplanar for vidaregåande skolar.

Det samla talet på inngåtte lærekontraktar, praksiskandidatar, fagprøver og lærekandidatar har gått noko opp, frå 196 i 2014 til 230 i 2015.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår å løyve 279,4 mill. kroner på posten i 2017. I 2016-budsjettet er det sett av 1 mill. kroner til eit eingongstilskott til undervisningsutstyr i samband med ei kapasitetsutviding ved fleire fengsel. Desse midlane er trekte ut i løyvingsforslaget for 2017.

Post 69 Kompensasjon for investeringskostnader ved grunnskolereforma

Den samla investeringsramma for ordninga blei fastsett til 5 182,9 mill. kroner.

31. desember 2016 vil samla restgjeld vere på 123,9 mill. kroner, og 31. juli 2017 vil restgjelda vere nedbetalt. Investeringskompensasjonen er basert på den effektive renta i Noregs Bank på ni månaders statskassevekslar per 1. juli kvart år, med eit tillegg på 0,5 prosentpoeng.

Mål for 2017

Målet med tilskottsordninga er å kompensere kommunane for meirutgifter til nødvendige investeringar i skolebygg i samband med skolestart for seksåringar.

Rapport for 2015

I 2015 blei det samla utbetalt 222,2 mill. kroner i kompensasjon.

Budsjettforslag for 2017

31. juli 2017 vil heile investeringsramma som blei fastsett da ordninga blei oppretta, vere nedbetalt. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 92,3 mill. kroner i høve til Saldert budsjett for 2016.

Post 70 Tilskott til opplæring av lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar med særskilde behov

Målgruppa for tilskottet er lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar som ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, og/eller som har svake norskdugleikar og har budd kort tid i Noreg.

Mål for 2017

Tilskottsordninga skal stimulere lærebedrifter til å gi lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar med særskilde behov høve til å oppnå ei fagutdanning eller delar av ei fagutdanning. Målet er å gi ungdommar under 25 år betre høve til å jobbe i det ordinære arbeidslivet.

Rapport for 2015

Tabell 4.2 viser at talet på søknader har auka monaleg i dei siste åra.

Tabell 4.2 Talet på søknader om tilskott for lærlingar og lærekandidatar i perioden 2008–15

År

Tal på søknader

Lærlingar

Lærekandidatar

2008

186

129

57

2009

278

159

119

2010

357

176

181

2011

326

122

204

2012

528

194

334

2013

551

214

337

2014

626

226

400

2015

855

301

554

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Søknader om tilskott for lærekandidatar utgjorde i 2015 om lag 65 pst. av søknadene. Tilskottet har auka vesentleg i dei siste åra for å stette auken i talet på søknader. I 2015 blei tilskottet utbetalt uavkorta til alle tilskottsmottakarane.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2016.

Storleiken på tilskottet blir avkorta dersom samla timetal for alle søkarane overstig budsjettet for ordninga.

Post 71 Tilskott til kunst- og kulturarbeid i opplæringa

Tilskottsmottakarar er Norsk kulturskoleråd, Fellesrådet for kunstfagene i skolen og Samarbeidsforum for estetiske fag med medlemsorganisasjonane deira. Tilskottet skal medverke til å finansiere drifta for tilskottsmottakarane og felles utviklingsarbeid på området.

Mål for 2017

Målet med tilskottsordninga er å bidra til høgre kvalitet i kulturskolen og i arbeidet med kunst og kultur i grunnopplæringa. Arbeidet og tiltaka til tilskottsmottakarane skal bidra til kvalitet for elevane og kompetanseheving for dei tilsette i kulturskolen og i grunnopplæringa. Vidare skal det støtte opp om nasjonale satsingar og samarbeid mellom opplæringssektoren og kultursektoren, og bidra til gode modellar for innhald, organisering og samarbeid lokalt.

Rapport for 2015

I 2015 blei øyremerkte midlar til Fellesrådet for kunstfagene i skolen (FKS) og Samarbeidsforum for estetiske fag (SEF) flytte til denne posten. Frå tidlegare fekk Norsk kulturskoleråd midlar over posten. Det blei samstundes etablert felles mål for bruken av midlane på posten.

Organisasjonane har i 2015 arbeidd med ei rekke ulike tiltak og satsingar for å betre kvaliteten i kulturskolane og i arbeidet med kunst og kultur i grunnopplæringa. Kvar tilskottsmottakar har fordelt ein del av tilskottet sitt vidare til underliggande medlemsorganisasjonar og prosjekt. Døme på prosjekt som har fått midlar, er De unges arena, Ungdommens musikkmeisterskap UMM, Kykeliky – kultur for dei yngste og Veslefrikk – ei nasjonal satsing på skapande musikkarbeid med barn og unge.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2016.

Post 72 Tilskott til internasjonale utdanningsprogram og organisasjonar

Gjennom EØS-avtalen deltar Noreg i alle EU-programma på området opplæring og utdanning. Midlane på denne posten skal dekke bidraget frå Noreg til EUs utviklings- og informasjonssenter for yrkesopplæring (Cedefop), utgifter til nasjonal ekspert ved Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU), nasjonal drift av Det europeiske ungdomsparlamentet (EUP), og kontingent til Det europeiske språkrådet i Graz.

Mål for 2017

Hovudformålet med tilskottsordninga er at samarbeidsaktivitetane skal utvikle kvaliteten, den interkulturelle dialogen og den europeiske dimensjonen i utdanningssystema til deltakarlanda. Tilskottet skal medverke til at Noreg tar del i forpliktande samarbeid på tvers av landegrensene for å oppnå internasjonalisering av norsk utdanning.

Rapport for 2015

Forvaltninga av tilskottsordninga blei i 2015 overført frå Fylkesmannen i Vest-Agder til Senter for internasjonalisering av utdanninga (SIU). I 2015 blei det samla utbetalt 6,4 mill. kroner på posten.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår ei løyving på 6,3 mill. kroner på posten.

Post 73 Tilskott til studieopphald i utlandet

Mål for 2017

Målet med tilskottsordninga er å legge til rette for at ungdom frå Noreg kan få skolegang og studieopphald i utlandet, for å gi dei betre kunnskap om kultur og språk i andre land og ei betre identitetsforståing. I tillegg skal ordninga gi fransklærarar frå Noreg høve til fagleg og kulturell oppdatering gjennom studieopphald i Frankrike. Vidare skal ordninga legge til rette for internasjonale mobilitetsordningar i framandspråka fransk, tysk og spansk.

Rapport for 2015

Forvaltninga av tilskottsordninga blei i 2015 overført frå Fylkesmannen i Vest-Agder til Senter for internasjonalisering av utdanninga (SIU).

Franske lycé

Dette er ein avtale mellom Noreg og Frankrike, som gir norske elevar høve til å ta tre år på skole i Frankrike. Tilboda er på vidaregåande nivå, og elevane får fransk baccalauréat, i tillegg til opplæring i norsk og samfunnsfag. I 2015 gjekk til saman 60 norske elevar på dei skoletilboda som er omfatta av ordninga. Det kom inn 62 nye søknader for hausten 2015, og 22 elevar fekk plass. Noreg har kvart år høve til å sende totalt 22 elevar per årskull til skoletilboda i Frankrike.

United World Colleges (UWC)

Hausten 2015 gjekk 80 elevar på United World Colleges (UWC) fordelte på to årskull. Det kom inn 156 søknader for hausten 2015, noko som var rekordstor søking. Noreg har kvart år høve til å sende 40 elevar per årskull til skolane – 30 elevar til utlandet og ti til skolen i Noreg.

Tyske stipend

Ordninga gir norske vidaregåande elevar med opplæring i tysk høve til studieopphald eller sommarkurs i Tyskland. I 2015 blei det gitt tyske stipend til 17 elevar fordelte på fem heilstipend og tolv delstipend. Det var ein norsk følgelærar med elevane som deltok på sommarkurset.

Trollstipend

Ordninga gir norske fransklærarar og elevgrupper med franskopplæring høve til fagleg og kulturell oppdatering gjennom kortare studieopphald i Frankrike. I 2015 blei 20 søknader om gruppereise til Frankrike godkjente. Desse stipenda førte til at 344 elevar frå grunnskolen og den vidaregåande skolen fekk reise saman med 39 lærarar på studieopphald og skoleutveksling i Frankrike. Individuelle Trollstipend blei gitte til 16 lærarar.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2016.

Post 74 Tilskott til organisasjonar

Tilskottsmottakarar er frivillige og private organisasjonar. Verksemda til organisasjonen må ha ein nasjonal verdi, og aktivitetar/tiltak må nå flest mogleg elevar og skolar. Tilskottsposten omfattar også prosjektstøtte til interesseorganisasjonar for funksjonshemma.

Mål for 2017

Formålet med tilskottsordningane på posten er å stimulere organisasjonane til å sette i verk tiltak, enten innanfor ordinær drift eller som prosjektretta tiltak, som på ulike måtar kan bidra til å nå sektormåla for grunnopplæringa, jf. omtale i kategoriinnleiinga.

Rapport for 2015

Følgande organisasjonar har fått tildelt midlar frå tilskottsordninga for private og frivillige organisasjonar i 2015: Landslaget for nærmiljøskolen, Noregs Mållag, Dissimilis kultur- og kompetansesenter, Elevorganisasjonen, Landslaget for Norskundervisning, Landslaget Fysisk Fostring i Skolen, Magasinett, Pirion, Redd Barna, First Scandinavia – Newtonrommene og First LEGO League, WorldSkills Norway, Ungt Entreprenørskap Norge, Skeiv Ungdom, MOT, LLH – Rosa kompetanse skole, Norsk Pedagogisk Dataforening, Foreningen !les, Antirasistisk Senter, Norges Røde Kors – Leksehjelp, Operasjon Dagsverk, Blikk AS, Unicef-Norge, Leser søker bok og Dysleksi Norge.

Frå prosjektstøtteordninga til interesseorganisasjonar for funksjonshemma har følgande organisasjonar fått tildelt tilskott i 2015: Cerebral Parese-foreningen, Norges Blindeforbund, Norsk Interesseforening for kortvokste og Stoffskifteforbundet.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2016. Departementet vil sikre at Elevorganisasjonen, FIRST Scandinavia, Operasjon Dagsverk og Worldskills Norway får eit grunntilskott i 2017. Utover dette foreslår departementet å prioritere tilskott til organisasjonar som kan bidra til å styrke dei grunnleggande dugleikane til elevane, og til organisasjonar som arbeider mot mobbing.

Kap. 3225 Tiltak i grunnopplæringa

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

67 375

292 298

218 601

Sum kap. 3225

67 375

292 298

218 601

Visse innanlandske utgifter til flyktningar kan i høve til statistikkdirektiva til OECD bli definerte som offentleg utviklingshjelp. Ein del av løyvinga på kap. 225 post 64 blir rapportert som utviklingshjelp. Kunnskapsdepartementet foreslår ei tilsvarande løyving på kap. 3225 post 04. Refusjon av ODA-godkjente utgifter er berekna til 218,6 mill. kroner i 2017.

Kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

21

Særskilde driftsutgifter , kan overførast

767 997

823 398

924 606

22

Videreutdanning for lærarar og skoleleiarar

1 004 109

1 324 132

1 325 314

50

Nasjonale senter i grunnopplæringa

85 976

91 939

94 040

60

Tilskott til forsking på tiltak for å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring

39 662

40 812

41 934

62

Tilskott for auka lærartettleik

383 518

395 215

236 882

63

Tidleg innsats i skolen gjennom auka lærarinnsats på 1.–4. trinn

150 000

754 420

836 303

70

Tilskott til NAROM

7 921

8 151

8 379

71

Tilskott til vitensenter

48 920

53 339

54 832

Sum kap. 0226

2 488 103

3 491 406

3 522 290

Skoleeigarane har hovudansvaret for kvalitetsutvikling av opplæringa i skolane sine og i lærebedrifter. For å bidra til høg kvalitet på grunnopplæringa i heile landet legg regjeringa stor vekt på å støtte og rettleie skolar og skoleeigarar gjennom kompetanse- og utviklingstiltak. Kap. 226 omfattar statlege løyvingar til kvalitetsutvikling i grunnopplæringa.

Delar av løyvingane på postane 21 og 22 dekker utgifter til lønn og administrasjon i Kunnskapsdepartementet, Utdanningsdirektoratet og hos andre statlege aktørar som er knytte til drift av dei ulike prosjekta og tiltaka.

Ansvaret for forvaltninga av midlane på kapitlet og gjennomføringa av tiltaka er i stor grad delegert til Utdanningsdirektoratet.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast

Omtalen av denne posten må ein sjå i samanheng med omtalen under kap. 220 postane 01 og 21. Drift av Utdanningsdirektoratet og faste oppgåver som direktoratet har fått delegert, sikrar og støttar tiltak for å utvikle kvaliteten i grunnopplæringa.

Løyvinga på posten finansierer kompetanseutvikling i grunnopplæringa, tiltak for betre læringsmiljø, tiltak for auka gjennomføring i vidaregåande opplæring og utvikling av læreplanverket for grunnopplæringa. Løyvinga på posten dekker òg element i kvalitetsvurderingssystemet for grunnopplæringa, mellom anna internasjonale undersøkingar, brukarundersøkingar, utdanningsstatistikk og forsking og evaluering. Offentlege utval og ekspertutval som departementet har sett ned, får også dekt sine utgifter på denne posten. Løyvinga på posten blir òg nytta til drift av tidsavgrensa prosjekt i den sentrale utdanningsadministrasjonen og tilskott til offentlege aktørar som blir involverte i kvalitetsutvikling i grunnopplæringa. Etter kunngjering blir ein mindre del av posten tildelt private aktørar.

Skoleeigarane har ansvaret for å sikre nødvendig kompetanseutvikling for sine tilsette i grunnopplæringa, jf. § 10-8 i opplæringslova. Den statlege støtta til kompetanseutvikling i sektoren kjem i tillegg, til dømes når det blir gjort endringar i kompetansekrav, ved implementering av reformer og for å møte nasjonale utfordringar. Vidareutdanning for lærarar og skoleleiarar blir i hovudsak finansiert av løyvinga på kap. 226 post 22. Sjå omtale av dette, inkludert strategien Kompetanse for kvalitet, under denne posten.

Mål for 2017

Midlane på posten skal medverke til kvalitetsutvikling i grunnopplæringa slik at sektormåla blir nådde, jf. omtale av desse i kategoriinnleiinga.

Rapport for 2015

Samla blei det nytta om lag 770 mill. kroner over posten i 2015. Hovuddelen av midlane gjekk til ulike kompetanseutviklingstiltak, der ungdomstrinnssatsinga Ungdomstrinn i utvikling var den største satsinga. Tiltak innanfor fag- og yrkesopplæringa og for å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring utgjorde også ein betydeleg del av forbruket i 2015, i tillegg til kvalitetsvurderingssystemet for grunnopplæringa. Dei største tiltaka og satsingane når det gjeld beløp, er nemnde i tabellen under. Beløpa er avrunda.

Satsing/tiltak

Beløp (mill. kroner)

Ungdomstrinn i utvikling

160

Program for bedre gjennomføring i videregående opplæring

90

Nasjonalt kvalitetsvurderingssystem for grunnopplæringa

80

Strategi for etter- og vidareutdanning av tilsette i PP-tenesta

33

Program for forsking og innovasjon i utdanningssektoren (FINNUT)

33

Rettleiarkorpset

28

Betre læringsmiljø

28

Kompetanse for mangfold

27

Samfunnskontrakten for fleire læreplassar

22

Kompetanseutvikling i grunnopplæringa

Ungdomstrinn i utvikling (2013–2017) blei ført vidare i 2015. Måloppnåinga med omsyn til deltaking er svært god. Pulje 2 av totalt fire puljar av skolar med ungdomstrinn avslutta sine tre semester i slutten av 2015. 309 skolar deltok i pulje 2. Samla sett har 561 skolar med ungdomstrinn deltatt i dei to første puljane. Det er eit mål at elevane skal oppleve meir meistring og læring gjennom meir variert og motiverande undervisning. Skolebasert kompetanseutvikling er ein viktig del av satsinga, som også skal medverke til kollektiv profesjonsutvikling. Rapportar viser at alle skolane i pulje 2 ser teikn til forbetringar i klasserommet og i kollegasamarbeidet. Fylkesmannen og skoleeigar ser på ressurslærarfunksjonen og utviklingsrettleiiarane som ei særleg god støtte i arbeidet. For å lykkast er det nødvendig med eit godt samarbeid mellom universitet og høgskolar, skoleeigar og skolar, samt at skoleleiar forankrar satsinga i lærarkollegiet. Delrapporten frå Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU), som evaluerer satsinga, frå desember 2015 viser at dette skjer i ulik grad. Sluttrapporten kjem i desember 2018.

Til saman 184 tilsette og leiarar fekk tilbod om studieplass innanfor Strategi for etter- og vidareutdanning av tilsette i PP-tenesta (2013–2018) i 2015. I perioden 2014–16 har 444 tatt vidareutdanning innanfor strategien. NIFU og Nordlandsforskning følgeevaluerer strategien. Første delrapport skal leverast hausten 2016, og sluttrapporten kjem våren 2018.

Kompetanse for mangfold (2013–2017) blei i 2015 gjennomført som barnehage- og skolebasert kompetanseutvikling i tema som andrespråkspedagogikk og fleirkulturell pedagogikk. Det er også utvikla fleire vidareutdanningstilbod som del av satsinga. NIFU evaluerer satsinga. Den første delrapporten, som kom i mars 2015, synte at det ofte var lettare å få med dei barnehagane og skolane som allereie arbeidde med fleirkulturelle spørsmål, enn dei som ikkje hadde kompetanse på området. I 2015 har satsinga lagt meir vekt på korleis ein kan gi eit godt barnehage- og skoletilbod til barn som kjem som flyktningar. Neste delrapport for satsinga kjem i november 2016, og endeleg rapport skal komme i februar 2018.

I 2015 fekk 34 kommunar status som realfagskommune innanfor strategien Tett på realfag – Nasjonal strategi for realfag i barnehagen og grunnopplæringen (2015–2019) . Kommunane får fagleg og økonomisk støtte til etablering og drift av lokale realfagsnettverk for barnehage og grunnskole. Det blei nytta 19 mill. kroner til tiltaket i 2015.

Senter for IKT i utdanninga har i 2015 følgt opp og vidareutvikla Den virtuelle matematikkskolen (DVM). Vidare har senteret dokumentert erfaringane og spreidd kunnskap om DVM i sektoren. Det er mellom anna opparbeidd verdifull kunnskap om tilpassa opplæring gjennom arbeidet med DVM.

Senter for IKT i utdanninga har saman med Universitetet i Tromsø og Høgskolen i Sør-Trøndelag etablert ei digital plattform for etter- og vidareutdanning av lærarar, Matematikk MOOC . Hausten 2015 starta det første kurset ved Universitetet i Tromsø med 297 studentar. Utviklinga av tilbodet blei finansiert av løyvinga på denne posten, medan sjølve utdanningstilbodet blir finansiert innanfor ramma av Kompetanse for kvalitet på kap. 226 post 22.

Program for bedre gjennomføring i videregående opplæring blei ført vidare i 2015. Hovudelementa i programmet er eit systematisk og kunnskapsbasert samarbeid på tvers av fylka og igangsetting av ein omfattande forskingsinnsats, sjå kap. 226 post 60. Innsatsen i det fylkeskommunale nettverket, som blir leia av departementet, har i særleg grad vore retta mot å styrke arbeidet med auka gjennomføring i fylkeskommunane og samarbeid mellom fylkeskommune og kommune om det 13-årige skoleløpet. Fylkeskommunane rapporterer om at nettverket er eit viktig bidrag til å auke systematikken i arbeidet deira for auka gjennomføring.

Gjennom satsinga Fellesfag, yrkesretting og relevans (FYR) har 1 300 fellesfaglærarar, programfaglærarar og leiarar på yrkesfaglege utdanningsprogram i 2015 fått skolering og trening i samarbeid om ei meir yrkesretta og relevant undervisning i fellesfaga. Alle fylkeskommunane deltar, og fleire rapporterer at dei ser ei god utvikling på skolane sine.

Statleg støtte til lokal kvalitetsutvikling

Løyvinga finansierer statleg støtte til lokal kvalitetsutvikling i skolen. Dette gjeld ulike statlege kvalitetsutviklingsprogram og stimuleringstilskott.

I samarbeid med Utdanningsforbundet og KS blei det i 2015 lagt rammer for pilotering av ein funksjon som lærarspesialist i faga matematikk og norsk med vekt på lese- og skriveopplæring. Hausten 2015 blei 205 lærarar tilsette i funksjon som lærarspesialist. Det blei nytta 4,3 mill. kroner på tiltaket i 2015. NIFU evaluerer prosjektet og skal levere ein delrapport i oktober 2016 og sluttrapport i desember 2017.

Samfunnskontrakten for fleire læreplassar (2012–2015) blei underteikna av utdanningsmyndigheitene og partane i arbeidslivet i april 2012. Samfunnskontrakten hadde tre hovudresultatmål for perioden: Talet på godkjente lærekontraktar skulle auke med 20 pst. i 2015 samanlikna med nivået ved utgangen av 2011. Vidare skulle talet på vaksne som tar fag- og sveinebrev, auke, og den delen av lærlingane som fullfører og består med eit fag- eller sveinebrev, skulle auke. Frå 2011 til 2015 har talet på nye lærekontraktar i Noreg auka med åtte pst. Det er store forskjellar mellom fylka, utdanningsprogramma og sektorane. Tre fylke nådde målet om ein auke på 20 pst. For seks av ni utdanningsprogram ser vi ein auke. Best ut kjem helse- og oppvekstfag med 37 pst. fleire lærekontraktar. I privat sektor har det vore ein auke på sju pst., i statleg sektor 22 pst., og i kommunal sektor har det vore ein auke på 29 pst. for talet på lærekontraktar. Talet på vaksne som tar eit fag- eller sveinebrev, har auka med 21 pst. Om lag 80 pst. av lærlingane tar fagbrev innan fem år. Delen av lærlingane som gjennomfører med fagbrev, har auka med eit par prosentpoeng frå 2008-kullet til 2011-kullet.

I samband med samfunnskontrakten blei det satt i gang fleire tiltak som skulle medverke til å auke talet på læreplassar. I 2015 blei det mellom anna nytta midlar til utprøving av følgande tiltak: modellar for veksling mellom opplæring i skole og opplæring i bedrift, eit forsterka alternativt Vg3 i skole for dei som ikkje får læreplass, modellar for kvalifisering mellom Vg2 og Vg3 og hospitering for lærarar i vidaregåande skole og faglege leiarar og instruktørar i lærebedrift. Det blei òg nytta midlar til prosjekt for betre og meir samarbeid mellom skole og arbeidslivet i samband med samfunnskontrakten. Tiltaka er omtalte under.

I 2015 blei det nytta midlar til å stimulere utprøving av vekslingsordningar der elevane i større grad kan veksle mellom opplæring i skole og opplæring i bedrift. Fafo leverte ein delrapport i desember 2015. Rapporten viser at det har vore utfordringar med å rekruttere elevar og å få tilstrekkeleg med læreplassar. Delrapporten peiker òg på at mange skolar og lærarar opplever det som krevjande å organisere vekslingsmodellar i tillegg til det ordinære opplæringsløpet.

Elevar som ikkje får læreplass, har rett til alternativt Vg3 i skole, men erfaringa så langt syner at tilbodet ikkje fungerer godt nok. Derfor blei det i 2013 sett i gang ei utprøving i fem fylkeskommunar av eit forsterka alternativt Vg3 med minst eit halvt år ekstra tid og opplæring basert på eit tett samarbeid mellom skole og arbeidsliv. Fafo evaluerte utprøvinga, og prosjektet blei avslutta i januar 2016 med ein sluttrapport frå Utdanningsdirektoratet. Evalueringa frå Fafo konkluderte med at ein ikkje kan seie sikkert om ordninga har effekt, og at dei fylkeskommunane som har deltatt i utprøvinga, ikkje har klare anbefalingar når det gjeld vidareføring. Direktoratet konkluderer derfor med at det ikkje er grunnlag for å innføre éin eller fleire nasjonale modellar for forsterka alternativt Vg3 i skole.

I 2015 blei det gitt tilskott til alle fylkeskommunane for å prøve ut modellar for kvalifisering mellom det andre og det tredje året i vidaregåande opplæring. Tiltaket gjeld for elevar som står i fare for ikkje å få læreplass, eller som ikkje har føresetnader for å gjennomføre Vg3 påbygging til generell studiekompetanse. Hausten 2016 vil Fafo levere ein rapport der resultata av dei ulike kvalifiseringstiltaka vil bli presenterte.

Alle fylkeskommunane deltok i 2015 i vidareføring av hospiteringsordninga for programfaglærarar, instruktørar, faglege leiarar, fellesfaglærarar og rådgivarar. I perioden frå 2013 til 2015 var det i overkant av 2 800 deltakarar i utprøvinga av hospiteringsordningar. Av desse deltok 1 300 i 2015. Programfaglærarar utgjorde størstedelen av gruppa. I 2015 fekk fylkeskommunane moglegheit til å søke om tilskott til fagleg oppdatering for yrkesfaglærarar blant anna i form av korte kurs i regi av arbeidslivet.

I 2015 blei det gjennomført prosjekt for å styrke samarbeidet mellom skole og arbeidsliv som følge av tilskott frå denne posten. Alle fylka er representerte med minimum eitt prosjekt. Måla har vore å skape varige samarbeidsarenaer og -prosessar mellom skole, skoleeigar og lokalt arbeidsliv. I tillegg skal prosjekta bidra til betre prosessar for dimensjonering, fleire læreplassar og at bedriftene i større grad blir brukte som læringsarena. Prosjektet blir avslutta i 2016.

Med bakgrunn i strategien Lærerløftet – på lag for kunnskapsskolen , som regjeringa la fram i september 2014, har Rettleiarkorpset fått ei ny, meir kompensatorisk innretting, som inneber at innsatsen blir retta mot dei skoleeigarane som treng det mest. Rettleiingsperioden er utvida til inntil to og eit halvt år. Ti nye skoleeigarar starta opp med rettleiing i 2015, som første gruppe med utvida rettleiingsperiode.

I 2015 blei 6 mill. kroner nytta til tiltak for rettleiing av nytilsette nyutdanna lærarar på posten. Midlane gjekk til å styrke rettleiarutdanninga og nettverksarbeid mellom skoleeigarar og lærarutdanningsinstitusjonane. Ordninga skal bidra til ein god overgang mellom utdanning og yrke, og til å rekruttere, utvikle og halde på dyktige lærarar og barnehagelærarar. For omtale av rettleiing av barnehagelærarar sjå kap. 231 post 21. Ei kartlegging frå 2014 viste at ni av ti skolar med nytilsette nyutdanna lærarar hadde innført ei rettleiingsordning. Rambøll evaluerer ordninga, og sluttrapporten blir levert i desember 2016.

Satsinga Betre læringsmiljø blei avslutta i 2015. I satsinga blei det utvikla og formidla forskingsbasert kunnskap og nettressursar som skolar og skoleeigarar kan bruke i det praktiske arbeidet med læringsmiljøet til elevane. Evalueringa frå Uni Research i 2014 syner at mange skoleeigarar og skolar arbeider meir systematisk med læringsmiljøet til elevane. Samstundes er det framleis store utfordringar i arbeidet med det psykososiale miljøet til elevane, jf. mellom anna NOU 2015: 2 Å høre til. Virkemidler for et trygt psykososialt skolemiljø (Djupedalutvalet).

Manifest mot mobbing bestod av sentrale nasjonale partar og gjaldt i utgangspunktet for perioden 2010–14. I påvente av utgreiinga frå Djupedalutvalet valde regjeringa å føre vidare manifestet også i 2015. Partane blei i 2015 einige om å ikkje føre vidare Manifest mot mobbing . I staden blei eit nytt Partnerskap mot mobbing etablert frå januar 2016. Fire fylke fekk i 2015 utbetalt støtte til vidareføring av prøveordninga med mobbeombod. Telemarksforsking har fått i oppdrag å evaluere ordninga. Sluttrapporten er venta mot slutten av 2016.

Læringsmiljøprosjektet gir målretta hjelp og rettleiing til kommunar og skolar som har høge mobbetal. Prosjektet starta opp i 2013, og ved hausten 2016 blei den tredje puljen med deltakarar tatt opp. Da er til saman 36 kommunar og 78 skolar med over 20 000 elevar med i prosjektet. Skolane er valde ut etter ein analyse av resultata frå Elevundersøkinga og ei vurdering frå fylkesmannen av kva for kommunar og skolar som treng hjelp til å handsame dei utfordringane dei har. Ein del av prosjektet er også at fylkesmannen skal følge opp kommunar som har utfordringar på læringsmiljøfeltet, men som ikkje tar del i prosjektet. Prosjektet er blitt godt mottatt i kommunane.

I 2015 blei forsøket med gratis deltidsplass på aktivitetsskolen ved Mortensrud skole i Oslo ført vidare, innanfor ramma av Oslo Sør-satsingen. Deltakinga på aktivitetsskolen har auka mykje sidan forsøket starta – frå 30 pst. 1. oktober 2013 til 92 pst. per 1. mai 2015 – og dei føresette med barn på Mortensrud skole er svært nøgde med tilbodet på aktivitetsskolen. Prosjektet blir ført vidare ut skoleåret 2016–17, og sluttrapporten er venta hausten 2017.

Som ein del av Groruddalssatsingen (2007–2016) gjennomfører Oslo kommune i perioden 2012–16 eit fleirårig skoleutviklingsprosjekt i Groruddalen og i bydel Søndre Nordstrand. Hovudinnsatsen i 2015 har vore sett inn på språk- og skriveopplæring og klasseleiing. Oxford Research gjennomfører ei evaluering av prosjektet, og sluttrapporten kjem i 2017.

I 2015 blei det nytta 5,8 mill. kroner til tilskottsordninga for symjeopplæring for nykomne minoritetsspråklege barn, unge og vaksne som er omfatta av grunnskoleopplæringa. Alle fylka fekk midlar som kommunane kunne søke om.

Struktur, læreplanar og vurdering

I 2015 har det vore arbeidd med tiltaka i Meld. St. 20 (2012–2013) På rett vei . Departementet har fastsett eit nytt tredje ledd i forskrift til opplæringslova § 1-3, som opnar for fleksibel fag- og timefordeling i vidaregåande opplæring. Det blei utarbeidd forslag til læreplanar for dei nye studieførebuande utdanningsprogramma kunst, design og arkitektur og medium og kommunikasjon; desse blei fastsette etter høyring våren 2016.

I 2015 blei det nytta 3,4 mill. kroner til arbeidet med å gjennomgå tilbodsstrukturen på dei yrkesfaglege utdanningsprogramma. I arbeidet samarbeider Utdanningsdirektoratet tett med partane i arbeidslivet. Direktoratet gav anbefalingane sine til Kunnskapsdepartementet i september 2016, sjå omtale under Strategiar og tiltak i kategoriinnleiinga.

Arbeidslivsfaget blei hausten 2015 eit ordinært tilbod på ungdomstrinnet etter å ha vore ei forsøksordning sidan 2009. Revidert læreplan i faget utdanningsval og ny rettleiing til faget blei også ferdigstilte i 2015.

Det overordna målet med den nasjonale satsinga Vurdering for læring har vore å vidareutvikle ein vurderingskultur og ein vurderingspraksis som har læring som mål. Frå 2010 til 2015 har 305 kommunar, alle fylkeskommunane og 102 private skoleeigarar deltatt. Satsinga er no i hovudsak basert på samlingar og innretta mot skoleeigarar. I 2015 blei det nytta 19 mill. kroner til prosjektet. Satsinga har oppnådd gode resultat. Forskingsrapportar, resultat frå Utdanningsdirektoratets spørjeundersøkingar til skolar og skoleeigarar og Elevundersøkinga, samt tilbakemeldingar frå deltakarar i satsinga, viser mellom anna at arbeidet med vurdering av elevar og lærlingar fører til betre forståing av læreplanar, og at fleire skoleeigarar og skolar har utvikla ein felles kultur for vurdering. Satsinga skal avsluttast i 2018.

Kvalitetsvurderingssystemet for grunnopplæringa

Det nasjonale prøve- og vurderingssystemet omfattar nasjonale prøver, kartleggingsprøver, læringsstøttande prøver og karakterstøttande prøver. Dei nasjonale prøvene gir styringsinformasjon til nasjonale utdanningsmyndigheiter, skolar og skoleeigarar, og blir nytta som eit pedagogisk verktøy av lærarane. Kartleggingsprøvene, læringsstøttande prøver og karakterstøttande prøver skal avdekke behov for oppfølging og tilrettelegging på elev- og skolenivå og vere til støtte for lærarane i vurderingsarbeidet.

I dei siste åra har Utdanningsdirektoratet arbeidd med å legge grunnlaget for trendmålingar i dei nasjonale prøvene. Sjå tilstandsvurderinga i kategoriinnleiinga for omtale av resultat frå dei nasjonale prøvene.

Utviklinga av kvalitetsvurderingssystemet i fag- og yrkesopplæringa blei ført vidare i 2015. Informasjon om gjennomføring, læringsmiljø, kvaliteten på opplæringa i lærebedriftene og overgangen til arbeidsmarknaden for nyutdanna fagarbeidarar skal inngå. Sluttrapporten for eit forskingsprosjekt om kvalitet i fag- og yrkesopplæringa blei levert i mai 2015. Forskinga, som blei gjennomført i samarbeid mellom NIFU, Fafo, Universitetet i Bergen og Høgskolen i Oslo og Akershus, konsentrerte seg om seks tema: læringsmiljø, innhald og vurdering, kvalitetsarbeid, gjennomføring og fråfall, fagopplæringa som inngangsport til arbeidslivet og eit heilskapleg kvalitetsvurderingssystem for fag- og yrkesopplæringa.

Budsjettforslag for 2017

Kunnskapsdepartementet foreslår ei løyving på 924,6 mill. kroner på kap. 226 post 21 i 2017 til ulike tiltak for kvalitetsutvikling i grunnopplæringa. Det er ein auke på 101 mill. kroner i høve til Saldert budsjett 2016.

Utdanningsdirektoratet får fullmakt til å vurdere disponeringa av hovuddelen av midlane på posten i samråd med departementet, innanfor den ramma som er foreslått over.

I løyvingsforslaget er det tatt omsyn til fleire flyttingar av midlar til og frå posten:

  • 23,8 mill. kroner er flytte til kap. 280 post 01 (driftsløyvinga til NOKUT). Midlane gjeld finansiering av ordninga for godkjenning av utanlandsk fagutdanning.

  • 800 000 kroner er flytte til kap. 280 post 50 (driftsløyvinga til SIU). Midlane gjeld internasjonale oppgåver som SIU har innanfor fag- og yrkesopplæringa.

  • Løyvinga er foreslått auka med 1 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 500 post 21 under Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Midlane har vore nytta til finansiering av opplæringskontoret for statlege verksemder i Oslo og Akershus medan kontoret var eit pilotprosjekt.

  • Løyvinga er foreslått auka med 2 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 285 post 53. Midlane skal gå til ei styrking av forskinga om antisemittisme og gruppebaserte fordommar gjennom Noregs forskingsråd. Totalt blir det sett av 4 mill. kroner til forsking om antisemittisme og gruppebaserte fordommar på posten i 2017. Sjå kap. 8 om likestilling og arbeid mot diskriminering for nærare omtale.

Det blir foreslått ei tilsegnsfullmakt på 20 mill. kroner knytt til posten, jf. forslag til vedtak III nr. 1.

Nedanfor følger omtale av dei viktigaste prioriteringane innanfor løyvingsforslaget.

Kompetanseutvikling

Våren 2017 vil regjeringa legge fram ei melding til Stortinget om kvalitet i skolen og skoleeigarskap. Eit viktig grep i meldinga er ein ny modell for styring og finansiering av kompetanseutvikling i skolen. Målet er at kompetanseutviklingstiltak i større grad blir differensierte etter behova til kommunane og kapasiteten dei har til å utvikle skolane sine. Departementet vil også styrke lokalt kvalitetsutviklingsarbeid og støtte skoleeigarar med svake resultat på sentrale område. Dette er nærare omtalt under Strategiar og tiltak i kategoriinnleiinga. Departementet ønsker å gjennomføre omlegginga til den nye modellen over tid, men vil starte arbeidet i budsjettet for 2017. Innanfor løyvingsforslaget på posten vil departementet nytte om lag 160 mill. kroner på tiltak som er i tråd med den nye modellen. Tiltaka blir i hovudsak finansierte frå midlar til kompetanseutviklingstiltak som blir, eller er i ferd med å bli, fasa ut. Midlane vil bli nytta på denne måten:

  • Departementet vil nytte om lag 45 mill. kroner på eit utvida og forsterka rettleiarkorps, som primært er mynta på skoleeigarar som over tid ikkje oppnår tilfredstillande resultat på indikatorar som læringsmiljø, gjennomføring og læringsutbytte. Korpset skal i samarbeid med fylkesmennene stimulere utvalde skoleeigarar til å arbeide målretta for å oppnå betre resultat.

  • Om lag 100 mill. kroner skal nyttast til eit nytt, meir desentralisert system for kompetanseutvikling i skolen. Staten vil fastsette nokre overordna rammer og legge til rette for samarbeid, men overlate til skoleeigarar og universitet og høgskolar i samarbeid å definere innhald og prioriteringar i kompetansetiltaka innanfor desse rammene. Departementet vil finansiere systemet slik at universitet og høgskolar kan bygge opp tilbod av relevante kompetansetiltak baserte på eksisterande kunnskap og forsking og skoleeigarar kan gjennomføre kompetanseutvikling.

  • Departementet vil sette av om lag 15 mill. kroner på posten til ei i nnovasjonsordning der staten stiller strenge krav til kvalitet og evaluering, men lar det vere opp til forskarar og skolar å utforme innhaldet i forskings- og utviklingsprosjekt, innanfor nokre tematiske rammer. Midlane skal vere søkbare og bli tildelte på basis av kvalitet etter konkurranse. Formålet er å skape ny kunnskap som skal spreiast til andre skolar og skoleeigarar. Eit lag rundt eleven inngår i innovasjonsordninga i den nye modellen. I prosjektet skal det vurderast og prøvast ut ulike modellar for bruk av fleire yrkesgrupper i skolen. Tiltaket må også settast i samanheng med arbeidet til regjeringa for eit godt læringsmiljø.

I 2017 vil siste pulje med skolar fullføre skolebasert kompetanseutvikling i klasseleiing, lesing, skriving og rekning i satsinga Ungdomstrinn i utvikling (2013–2017). Da vil nær alle skolar med ungdomstrinn i landet ha deltatt i satsinga. Departementet vil sette av om lag 80 mill. kroner vil satsinga i 2017. Dette er ein reduksjon på om lag 70 mill. kroner i høve til 2016, fordi det berre er ein pulje med skolar som deltar i 2017. Dei andre åra har to puljar gått parallelt.

Departementet vil halde fram med satsinga Strategi for etter- og vidareutdanning for tilsette i PP-tenesta (2013–2018), og vil nytte om lag 30 mill. kroner til dette i 2017.

Departementet vil halde fram med satsinga Kompetanse for mangfold 2013–2017. Satsinga omhandlar kompetanse for opplæring av minoritetsspråklege. Departementet vil sette av 23 mill. kroner til satsinga i 2017.

På grunn av flyktningsituasjonen hausten 2015 og våren 2016 blei det sett i gang ei rekke tiltak for å hjelpe skoleeigarane med å gi ei god opplæring til dei nykomne elevane. Det blei etablert spørjingar for å følge opp at asylsøkande barn får den opplæringa dei har rett på, starta utvikling av nettsida skolekassa.no med læringsressursar på fleire språk, etablert ein lærarpool av lærarar med ledig kapasitet, samt starta utvikling av regionale kurs retta mot kommunar som har mottatt mange nykomne asylsøkarar eller flyktningar i skolealderen. Denne kompetansehevinga startar hausten 2016 gjennom samlingar for skoleleiarar, lærarar og tilsette i PPT og mottak. Samlingane vil ta opp tema som regelverk, innføringstilbod, kunnskap om andrespråksopplæring og handtering av traumar. Departementet vil i 2017 føre vidare og vidareutvikle desse tiltaka og set av 13 mill. kroner til dette.

Strategien Yrkesfaglærerløftet – for fremtidens fagarbeidere blei lagd fram hausten 2015. Innanfor løyvingsforslaget for posten foreslår departementet å styrke strategien med om lag 30 mill. kroner til utvikling og gjennomføring av etter- og vidareutdanningstilbod for yrkesfaglærarar.

Regjeringa vil sette av om lag 30 mill. kroner til satsinga Språkløyper – nasjonal strategi for språk, lesing og skriving 2016–2019 i 2017. I samband med strategien vil Utdanningsdirektoratet i 2017 også lyse ut midlar for å bidra til at det blir utvikla gode lesestimuleringstiltak som støttar opp under mål, målgrupper og temaområde i Språkløyper .

Innanfor løyvingsforslaget på posten vil departementet sette av om lag 65 mill. kroner til arbeidet mot mobbing og for eit godt læringsmiljø ein auke på rundt 35 mill. kroner frå 2016. I tillegg kjem midlar på kap. 231 post 21. Tiltaka til regjeringa kan delast inn i tre hovudområde: eit betre handhevingsapparat, betre støtte og rettleiing til elevar og foreldre og meir kompetanse i barnehagen og skolen. Av dette vil 17 mill. kroner bli nytta til å styrke fylkesmannen for å sikre at den nye handhevingsordninga skal vere enklare, raskare og tryggare enn i dag. 3 mill. kroner blir nytta til å auke kapasiteten til Barneombodet til å gi støtte og rettleiing i vanskelege mobbesaker i barnehage og skole. Ein stor del av satsinga skal gå til å auke evna barnehagane og skolane har til å førebygge, avdekke og handtere mobbing. Det vil omfatte både auka kompetanse om regelverk og praktisk mobbearbeid. Dei med størst utfordringar får raskast og mest hjelp.

Satsinga på arbeidet mot mobbing og for eit godt læringsmiljø skal omfatte tiltak mot rasisme og antisemittisme. Dette omfattar ei styrking av Dembra (Demokratisk beredskap mot rasisme og antisemittisme), som er eit opplegg for etterutdanning av lærarar og skoleleiarar kring temaa antisemittisme, rasisme og handtering av konfliktar i skolen. Sjå òg kap. 8 Likestilling og arbeid mot diskriminering i del III. Tiltaka mot mobbing er også ein del av opptrappingsplanen mot vald og overgrep, jf. omtale i Prop. 1 S (2016–2017) for Barne- og likestillingsdepartementet.

Statleg støtte til lokal kvalitetsutvikling

Løyvingsforslaget for 2017 inneber ei styrking av satsinga på nye karrierevegar for lærarar. Departementet vil forlenge og vidareutvikle piloteringa av funksjonen som lærarspesialist. I tillegg vil departementet utvide den spesialistutdanninga som starta hausten 2016, med ytterlegare 45 studieplassar frå hausten 2017. Departementet vil sette av om lag 20 mill. kroner til satsinga på nye karrierevegar for lærarar i 2017, ein auke på 7 mill. kroner i høve til 2016.

I 2017 vil departementet gi tilskott på til saman 20 mill. kroner til Oslo, Drammen, Stavanger og Trondheim til prosjekt med gratis deltidstilbod i SFO. Prosjekta starta opp hausten 2016, og kommunane har valt ulike modellar, der somme etablerer ei behovsprøvd ordning etter inntekta til foreldra, somme tilbyr gratis deltid til nykomne grunnskoleelevar, og somme gir tilbod til alle elevar ved utvalde trinn eller skolar. Utdanningsdirektoratet følger prosjektet og tilbyr arenaer for erfaringsdeling mellom kommunane.

Departementet vil føre vidare Lektor2-ordninga, der fagpersonar frå arbeidslivet med realfagskompetanse underviser i enkelttimar på ungdomstrinnet i grunnskolen og i vidaregåande opplæring.

Staten og Oslo kommune har samarbeidd om ei satsing i Groruddalen i perioden 2007–16. Regjeringa og Oslo kommune har i juni 2016 inngått ein samarbeidsavtale om ei ny, tiårig satsing i Groruddalen for perioden 2017–26, jf. Prop. 1 S (2016–2017) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet, kap. 590 post 65. Eit av dei tre delprogramma i satsinga er Oppvekst og utdanning . Målet med dette delprogrammet er å sikre gode oppvekstvilkår og medverke til at fleire fullfører og består vidaregåande opplæring gjennom forbetring av tenester på oppvekst- og utdanningsfeltet i Groruddalen. Departementet vil sette av 10 mill. kroner til prosjekt innanfor barnehage og skole i 2017. Midlane blir tildelte frå Utdanningsdirektoratet til Oslo kommune etter søknad.

Departementet foreslår å auke satsinga på Tett på realfag med 30 mill. kroner i 2017 til om lag 80 mill. kroner. Auken vil bli nytta på å rekruttere fleire kommunar til realfagskommunar, til talentsentre ved nokre vitensenter og til å implementere kunnskap om god opplæring i matematikk og naturfag i sektoren. Det vil også bli sett av midlar til evaluering av strategien.

Den virtuelle matematikkskolen (DVM) gir digitale tilbod til elevar på 10. trinn som vil ta matematikk på vidaregåande skole, og elevar på ungdomstrinnet som strever med matematikk. Frå skoleåret 2016–17 vil det også bli starta opp forsøk med tilbod til elevar på ungdomstrinnet som ønsker større utfordringar/fordjuping i matematikk, men som ikkje ønsker forsering (DVM Pluss). DVM skal førast vidare som prosjekt fram til 2020. I prosjektperioden skal det greiast ut om vidare drift av DVM kan overlatast til kommunar og fylkeskommunar og/eller til kommersielle aktørar. Departementet tar ikkje sikte på at staten skal ta ansvaret for drifta av DVM på permanent basis.

Det fylkeskommunale nettverket i Program for bedre gjennomføring blir avslutta i 2016. Departementet vil fortsette samarbeidet med fylka om gjennomføring i vidaregåande opplæring gjennom å delta i det fylkeskommunale kvalitetsnettverket som KS oppretta i 2014. Kunnskapsdepartementet vil støtte drifta i 2017. Det blir òg foreslått å føre vidare løyvinga under kap. 226 post 60 til utprøving og effektevaluering av tiltak for auka gjennomføring, jf. omtale under denne posten.

Skoleringa av lærarar og leiarar i FYR-prosjektet (Fellesfag, Yrkesfag, Relevans) blir avslutta i 2016. Departementet vil likevel føre vidare den nasjonale koordineringa av arbeidet med yrkesretting og relevans i fellesfaga på dei yrkesfaglege utdanningsprogramma.

I samband med handsaminga av revidert nasjonalbudsjett for 2016 blei det løyvd 15 mill. kroner til eit tilskott retta mot permitterte og oppsagde lærlingar og lærekandidatar, jf. Innst. 400 S (2015–2016). I 2017 får dette tilskottet heilårsverknad på 30 mill. kroner.

0–24-samarbeidet mellom dei fem direktorata Utdanningsdirektoratet, Integrerings- og mangfaldsdirektoratet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Helsedirektoratet og Arbeids- og velferdsdirektoratet vil bli ført vidare i 2017. Programmet skal legge til rette for meir samordna innsats retta mot utsette barn og ungdom mellom 0 og 24 år som kan bidra til at fleire lykkast i skolen og fullfører vidaregåande opplæring, og at færre fell utanfor i samfunnet. Utdanningsdirektoratet koordinerer programmet, som varer til 2020.

Departementet vil føre vidare midlar til samiske tiltak. Det er utvikla eit rammeverk for samisk fjernundervisning som skal medverke til betre kvalitet på og likeverd i fjernundervisningstilboda, styrkt informasjon til skolar, føresette og elevar om fjernundervisningstilboda og auka kompetanse blant fjernundervisningstilbydarar. Midlane vil òg bli nytta til vidare drift av den samiske læremiddeltenesta Ovttas/Aktan/Aktesne.

Struktur, læreplanar og vurdering

I Meld. St. 28 (2015–2016) Fag – Fordypning – Forståelse: En fornyelse av Kunnskapsløftet er det varsla ei fornying av alle delar av læreplanverket i grunnopplæringa. Fornyinga vil gi ein auke i utgiftene til læreplanarbeid, og det er sett av midlar til dette i løyvingsforslaget for 2017.

Departementet vil føre vidare tilskottsordninga for symjeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar. Målet med tilskottet er å stimulere kommunane til å gi ei sårbar gruppe elevar meir og betre symjeopplæring, slik at risikoen for ulykker blir redusert. Departementet vil sette av 10 mill. kroner til ordninga. Ei dugleiksprøve i symjing er innført hausten 2016. I 2017 skal det etablerast ein nettportal for symjing og eit kompetansehevingstilbod for lærarar. Det skal også utviklast støttemateriell for samarbeid mellom frivillige organisasjonar og kommunar.

Prøveordninga med valfag i programmering på ungdomstrinnet i nokre kommunar blir ført vidare. Departementet har sett av 5 mill. kroner til dette.

Kvalitetsvurderingssystemet for grunnopplæringa

Kvalitetsvurderingssystemet blir forvalta og utvikla vidare i 2017. Dette omfattar utvikling av Skoleporten, brukarundersøkingar, statistikk og indikatorar og deltaking i internasjonale undersøkingar. Vidare blir løyvinga nytta til forsking og evaluering i grunnopplæringa, inkludert kartleggingar, evalueringar og forskingsbaserte analysar av statlege tiltak som er under utprøving eller implementering. Dette omfattar midlar til Program for forsking og innovasjon i utdanningssektoren (FINNUT), sjå meir omtale under programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring. Innanfor løyvinga blir det nytta midlar til utvikling av eit kvalitetsvurderingssystem for fag- og yrkesopplæringa. Midlar til drift av systemet blir òg løyvde over kap. 220 postane 01 og 21.

Andre saker

Departementet vil innanfor løyvingsforslaget gi eit tilskott til Norsk Folkemuseum på 1,6 mill. kroner til forvaltning av nettstaden minstemme.no. Forvaltningsansvaret blei flytt frå Senter for IKT i utdanninga til Eidsvoll 1814, som er ei avdeling av Norsk Folkemuseum, 1. august 2016, jf. omtale i Prop. 122 S (2015–2016).

Post 22 Vidareutdanning for lærarar og skoleleiarar

Løyvinga finansierer regjeringa si satsing på kvalifisering av og vidareutdanning for lærarar og skoleleiarar. Satsinga omfattar fleire ordningar.

For å stimulere lærarar og skoleeigarar til å satse på vidareutdanning er det innanfor strategien Kompetanse for kvalitet etablert ei vikar- og stipendordning. I vikarordninga gir staten eit tilskott på 75 pst. av gjennomsnittleg årsverkskostnad for vidareutdanning i matematikk og naturfag og 60 pst. i andre fag for vidareutdanning på inntil 60 studiepoeng. Gjennom stipendordninga får lærarar eit stipend for å ta vidareutdanning på inntil 30 studiepoeng. I begge ordningane finansierer staten studieplassar til vidareutdanning ved universitet og høgskolar, mens skoleeigaren dekker kostnader i samband med reise, opphald, læremiddel og liknande.

Ein ny strategi med partane om vidareutdanning for lærarar og skoleleiarar innanfor Kompetanse for kvalitet gjeld frå hausten 2016 og skal gjelde for perioden 2016–25. Partane har lagt opp til eit tiårig løp for å sikre fordjuping i fag i tråd med dei nye krava til kompetanse.

Rektorutdanninga er eit deltidsstudium på 30 studiepoeng. Studieplassane er finansierte av staten.

Frå og med hausten 2015 er det etablert ei stipendordning for tilsette i undervisningsstillingar som manglar lærarutdanning, og som er kvalifiserte til PPU, PPU-Y og treårig yrkesfaglærarutdanning (YFL). Både grunnskolen og vidaregåande opplæring er omfatta av ordninga. Våren 2016 blei det òg utlyst stipendmidlar til rekruttering av personar utanfor skolesektoren som ønsker å ta ei yrkesfaglærarutdanning for å jobbe i skolen.

Kompetansekrava for undervisning blei skjerpa frå august 2015, slik at alle lærarar som underviser i faga engelsk, matematikk, norsk, samisk og norsk teiknspråk i grunnskolen, må ha relevant formalkompetanse, jf. Innst. 352 L (2014–2015) og Prop. 82 L (2014–2015) Endringar i opplæringslova og privatskolelova (krav om relevant kompetanse i undervisningsfag m.m.). Den statlege satsinga på vidareutdanning skal legge til rette for at skoleeigarane kan nå kompetansekrava i løpet av ein periode på ti år. Regjeringa vil hausten 2016 legge fram ein lovproposisjon som følger opp vedtaket frå Stortinget om at lærarar som blei utdanna før 1. januar 2014, skal ha dispensasjon frå krava i denne perioden (sjå omtale av oppmodingsvedtak nr. 599 under).

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 593, 12. april 2016, i samband med handsaminga av Innst. 218 S (2015–2016), jf. Dok. 8:11 S (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen sørge for at videreutdanningstilbudene er av høy kvalitet, riktig dimensjonert og tilpasset regionale behov. Videreutdanningstilbudene må organiseres på en måte som minimerer unødvendig tidsbruk for den enkelte lærer.»

Gjennom strategien Kompetanse for kvalitet , fornya for perioden 2016–25, har universitet og høgskolar forplikta seg til å tilby vidareutdanning av høg kvalitet. Det blir gjennomført ei årleg deltakarundersøking, og resultata blir følgde opp i dialog mellom Utdanningsdirektoratet og utdanningsinstitusjonane. Tilboda i matematikk, engelsk og norsk vil bli følgde opp særskilt. Utdanningsdirektoratet vil jamleg vurdere behovet for tiltak for å sikre høg kvalitet i tilboda.

Nasjonale styresmakter har forplikta seg til å dimensjonere satsinga slik at skoleeigarane kan oppfylle kompetansekrava til undervisning. Vurderingar rundt dimensjonering skjer årleg, på bakgrunn av kartlagde behov for kompetanse.

Vidareutdanninga gir lærarar og skoleeigarar mange val når det gjeld studiestad og tidsbruk. Eit av prinsippa i strategien er at nasjonale styresmakter skal legge til rette for fleksibilitet, slik at partane lokalt kan definere behov for kompetanseutvikling og utvikle lokale og regionale tilbod. Det finst i dag fleire slike tilbod. Lærarar som deltar på slike tilbod, kan bruke mindre tid på reiser og overnattingar. Det finst også fleire nettbaserte vidareutdanningstilbod, med færre samlingar.

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 594, 12. april 2016, i samband med handsaminga av Innst. 218 S (2015–2016), jf. Dok. 8:11 S (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen legge til rette for at videreutdanningstilbud kan tilbys gjennom teknologiske løsninger som e-læringssystemer og MOOC.»

Det er oppretta fleire nettbaserte vidareutdanningstilbod, med færre samlingar og to opne nettkurs (MOOC) i matematikk heilt utan krav til at læraren må delta på samlingar. Utdanningsdirektoratet vil halde fram med å legge til rette for fleire slike tilbod.

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 595, 12. april 2016, i samband med handsaminga av Innst. 218 S (2015–2016), jf. Dok. 8:11 S (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen legge til rette for at utdannede lærere som i dag jobber utenfor skoleverket, kan tilegne seg nødvendig kompetanse for å undervise i basisfagene.»

Dersom universitet og høgskolar har ledig kapasitet i vidareutdanningstilboda sine etter søknadsbehandlinga i Utdanningsdirektoratet, kan dei ta inn lærarar som arbeider i skolen utanfor stipend- eller vikarordning i Kompetanse for kvalitet. Godkjenning frå skoleeigaren er da ikkje nødvendig. Kunnskapsdepartementet vil opne denne moglegheita også for personar med lærarutdanning som ikkje er tilsette i skolen. Departementet vil også vurdere korleis ein kan legge ytterlegare til rette for å gi tilbod frå studieåret 2018–19.

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 596, 12. april 2016, i samband med handsaminga av Innst. 218 S (2015–2016), jf. Dok. 8:11 S (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen sørge for at skoleeier gjør en vurdering av implementeringen av kompetansekravene, og på bakgrunn av dette lager planer for at lærere som underviser i og mangler kompetanse i de aktuelle fagene, skal gis gode muligheter til å skaffe seg slik kompetanse i perioden fram til 2025. Skoleeiere med svak utvikling må bli fulgt opp.»

Skoleeigarar må ha oversikt over kompetansen til lærarane og eit system for nødvendig kompetanseutvikling, jf. opplæringslova § 10-8. I strategien Kompetanse for kvalitet er ansvaret til partane definert. Skoleeigaren må kartlegge behov for vidareutdanning på den einskilde skolen og samarbeide med arbeidstakarane om langsiktige planar for kompetanseutvikling, medrekna korleis dei nye kompetansekrava skal oppfyllast innan 2025. Kunnskapsdepartementet vil sørge for å følge opp at skoleeigarane jobbar planmessig for at kompetansekrava skal kunne bli innfridd. Grunnskolens Informasjonssystem (GSI) vil synleggjere utviklinga til den enkelte skoleeigaren, slik at fylkesmannen kan følge opp arbeidet.

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 597, 12. april 2016, i samband med handsaminga av Innst. 218 S (2015–2016), jf. Dok. 8:11 S (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen i overgangsperioden fram til 2025 følge utviklingen i studiepoeng blant lærerne som underviser i basisfagene, og årlig komme tilbake til Stortinget på egnet måte med en beskrivelse av situasjonen.»

Kunnskapsdepartementet vil følge utviklinga i studiepoeng, blant anna med utgangspunkt i tal frå GSI. Det er gjort endringar i GSI for å få betre oversikt over situasjonen i kommunane. Rapporteringa til Stortinget vil skje i dei årlege budsjettproposisjonane.

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 599, 12. april 2016, i samband med handsaminga av Innst. 218 S (2015–2016), jf. Dok. 8:11 S (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen sikre at lærere utdannet før 1. januar 2014 får dispensasjon fra kompetansekravene, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte med forslag til nødvendige lovendringer. Det skal fortsatt være skoleeiers ansvar å sikre at kompetansekravene oppfylles. Dispensasjonen skal ikke vare lenger enn til 1. august 2025.»

Kunnskapsdepartementet vil legge fram ein lovproposisjon med forslag om endring av reglane om relevant kompetanse i undervisningsfag hausten 2016.

Mål for 2017

Vidareutdanning for lærarar og skoleleiarar og kvalifisering av lærarar skal bidra til god fagleg og pedagogisk kvalitet i grunnopplæringa, som igjen skal auke læringa til elevane.

Rapport for 2015

I 2015 blei det nytta drygt 900 mill. kroner til vidareutdanning for lærarar gjennom strategien Kompetanse for kvalitet . Drygt 3 300 lærarar tok vidareutdanning innanfor strategien i studieåret 2014–15, medan om lag 4 900 starta på vidareutdanning hausten 2015. Av desse er det over 1 350 som deltok i stipendordninga, medan resten hadde vikarordning. Samla måltal var 5 050 deltakarar, men på grunn av fråfall før studiestart blei talet på deltakarar litt lågare

Deltakarundersøkinga for studieåret 2014–15 viser at dei fleste deltakarane opplever at studia har høg kvalitet. Dei fleste deltakarane rapporterer også at dei har endra eller vil endre sin eigen undervisningspraksis som følge av kompetansehevinga.

For studieåret 2015–16 blei godkjente søkarar i norsk, matematikk, engelsk, norsk teiknspråk og samisk prioriterte, men også søkarar til vidareutdanning i andre fag fekk tilbod.

Rundt 50 mill. kroner blei nytta til rektorutdanninga. Om lag 500 skoleleiarar deltok på rektorutdanninga i studieåret 2014–15, og om lag 500 byrja på studiet hausten 2015.

Om lag 50 mill. kroner blei nytta til kompetansetiltak for ikkje-kvalifisert undervisningspersonell i 2015. I alt fekk 656 søkarar stipend til PPU og PPU-Y, og 180 søkarar fekk tildelt stipend til yrkesfaglærarutdanning.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår å løyve 1 325,3 mill. kroner på posten i 2017. Løyvinga skal gi rom for å finansiere drygt 5 000 plassar innanfor Kompetanse for kvalitet i studieåret 2017–18.

Søkinga til stipend for at tilsette i undervisningsstillingar utan godkjend lærarutdanning kan ta praktisk pedagogisk utdanning (PPU/PPU-Y) eller yrkesfaglærarutdanning (YFL) våren 2016 ga eit mindrebehov på 40,8 mill. kroner. I samband med handsaminga av revidert nasjonalbudsjett for 2016 blei mindrebehovet omdisponert til tiltak for å avhjelpe arbeidsløyse og medverke til kunnskapsbasert omstilling på Sør- og Vestlandet. Departementet foreslår å føre denne omdisponeringa vidare i 2017. Det gir ein reduksjon av løyvinga på 35,9 mill. kroner i høve til Saldert budsjett 2016.

Som følge av stipendordningane som blir finansierte av løyvinga på posten, der delar av stipendet først blir utbetalte når vidareutdanninga er fullført, er det behov for ei tilsegnsfullmakt på 249,2 mill. kroner knytt til posten, jf. forslag til vedtak III nr. 1.

Post 50 Nasjonale senter i grunnopplæringa

Løyvinga finansierer tilskott til dei nasjonale sentera i grunnopplæringa. Styring og oppfølging av den faglege verksemda ved sentera er delegert til Utdanningsdirektoratet. Vertsinstitusjonane (universitet og høgskolar) har ikkje ansvar for den faglege verksemda, men for dei administrative tenestene dei yter, jf. universitets- og høyskoleloven § 1-4 fjerde ledd.

Det er oppretta ti senter på sentrale fagområde:

  • Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (Høgskolen i Oslo og Akershus)

  • Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa (Universitetet i Oslo)

  • Nasjonalt senter for matematikk i opplæringa (NTNU)

  • Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking (Universitetet i Stavanger)

  • Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa (Høgskulen i Volda)

  • Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa (Høgskolen i Østfold)

  • Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa (Nord universitet)

  • Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforsking (NTNU)

  • Nasjonalt senter for læringsmiljø og åtferdsforsking (Universitetet i Stavanger)

  • Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet (Høgskolen i Bergen)

Verksemda i sentera er knytt til dei overordna måla for barnehagesektoren og grunnopplæringa. Sentera er nasjonale ressurssenter som skal bidra til å betre kvaliteten på opplæringa innanfor sine fagområde og for sine målgrupper. Sentera for fleirkulturell opplæring, matematikk i opplæringa, leseopplæring og leseforsking samt læringsmiljø og åtferdsforsking har fått utvida målgruppa til òg å gjelde den pedagogisk-psykologiske tenesta. Sentera skal hjelpe universitets- og høgskolesektoren og lærarutdanningsinstitusjonane i arbeidet med satsingar på kompetanseutvikling.

Mål for 2017

Dei nasjonale sentera skal medverke til at den nasjonale utdanningspolitikken blir sett i verk og gjennomført slik at barn, unge og vaksne kan få ei likeverdig og tilpassa opplæring av høg kvalitet i eit inkluderande fellesskap.

Rapport for 2015

Den overordna vurderinga er at sentera har god måloppnåing for 2015.

Fleire av dei nasjonale sentera medverkar i arbeidet med nasjonale satsingar, som Ungdomstrinn i utvikling , FYR-prosjektet , ulike satsingar innanfor realfag, blant anna Tett på realfag – Nasjonal strategi for realfag i barnehagen og grunnopplæringen , Språkløyper – nasjonal strategi for språk, lesing og skriving og tiltaksplan for nynorsk og for programfag innanfor framandspråk.

Departementet har saman med Utdanningsdirektoratet arbeidd med å forbetre styringa av sentera i dei siste åra. Det har vore sett søkelys på god styring av oppdrag og finansiering av desse, samt på å styrke rapporteringa frå sentera. Direktoratet har vidareutvikla mål- og resultatstyringa av sentera.

Departementet følger med på utviklinga i styring og finansiering av sentera, og vurderer behovet for ytterlegare tiltak i samråd med Utdanningsdirektoratet.

Nokre av sentera har hatt mindreforbruk gjennom fleire år. Dette er hovudsakleg knytt til ei stor mengd tilleggsoppdrag for fleire av sentera. Saman med dei faste oppdraga til sentera, som blir finansierte av grunnløyvinga til sentera, har det ført til ei stor total mengd oppdrag for sentera som dei ikkje har hatt kapasitet til å gjennomføre fullt ut innanfor det einskilde budsjettåret. Mindreforbruket har blitt redusert betydeleg i løpet av dei tre siste åra, og det blir arbeidd målretta for ytterlegare reduksjon. I 2015 og 2016 følgde det ikkje med nye midlar for mange av tilleggsoppdraga. Det vil seie at sentera må finansiere desse oppdraga med akkumulert mindreforbruk. Målet har vore at det meste av det akkumulerte mindreforbruket skal vere borte innan utgangen av 2016.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2016.

Post 60 Tilskott til forsking på tiltak for å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring

Tilskottet finansierer forsking og inngår i satsinga Program for bedre gjennomføring i videregående opplæring .

Mål for 2017

Målet med løyvinga er å få meir forskingsbasert kunnskap om kva for tiltak som har god effekt på gjennomføringa i vidaregåande opplæring.

Rapport for 2015

Løyvinga for 2015 gjekk til fylkeskommunar til tiltak for tettare oppfølging av elevar i vidaregåande opplæring som har svake grunnleggande dugleikar på kartleggingsprøver i Vg1, og elevar med svake grunnleggande dugleikar og høgt fråvær allereie på ungdomstrinnet. Rapportar frå fylkeskommunane viser stort mangfald i dei lokale tiltaka. Det er vanskeleg å vurdere effekten av løyvinga for 2015 nasjonalt. Innrettinga av ordninga er endra frå og med 2016-budsjettet.

Budsjettforslag for 2017

Midlane blei i 2016 tildelte til utvalde fylkeskommunar og forskingsmiljø etter ein konkurranse. Desse vil få midlar også i 2017. Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2016.

Post 62 Tilskott for auka lærartettleik

Løyvinga på posten finansierer ei fireårig forsøksordning med auka lærartettleik på ungdomstrinnet som starta hausten 2013. Tilskottet går til kommunar med skolar som i skoleåret 2011–12 hadde ein gjennomsnittleg gruppestørrelse i ordinær undervisning på over 20 elevar per lærar på ungdomstrinnet, og som hadde grunnskolepoeng under snittet for landet. Skoleåret 2016–17 er siste år for forsøksordninga. Ordninga blir evaluert. Rapporten frå evalueringa skal ferdigstillast i 2017.

Mål for 2017

Målet med tilskottsordninga er å auke lærartettleiken ved skolar som i skoleåret 2011–12 hadde ein gjennomsnittleg gruppestorleik på over 20 elevar per lærar på ungdomstrinnet og med grunnskolepoeng under snittet for landet.

Rapport for 2015

Tilskottet blei utbetalt til alle kommunane som søkte. Ordninga omfatta 573 nye lærarårsverk i 98 kommunar. Tal frå GSI og rapportar frå enkelte av kommunane om bruk av midlar viser at dei er nytta i tråd med formålet.

Budsjettforslag for 2017

Skoleåret 2016–17 er det siste for forsøksordninga. Hausteffekten av tilskottet er derfor trekt ut av løyvingsforslaget. Det gir ein reduksjon på 169,3 mill. kroner i høve til Saldert budsjett 2016.

Post 63 Tidleg innsats i skolen gjennom auka lærarinnsats frå 1.–4. trinn

Løyvinga på posten skal sette kommunane i stand til å auke lærartettleiken på 1.–4. trinn i grunnskolen. Midlane er øyremerkte til lærarstillingar og blei frå hausten 2016 tildelte alle kommunar. Hovuddelen av midlane blir fordelte mellom kommunane basert på grunnskolenøkkelen i inntektssystemet til kommunane.

Inntil 120 mill. 2015-kroner skal nyttast til forsking på effektar av fleire lærarstillingar på 1.–4. trinn. Målet med forskingsprosjektet er å utvikle kunnskap om effektane av ulike former for auka lærartettleik i småskolen. Satsinga skal gi ny kunnskap om kva for effektar ulike måtar å ta i bruk auka lærarressursar på i skolen har for læringa og læringsmiljøet til elevane. Satsinga skal òg gi informasjon om korleis fleire lærarressursar eventuelt bidrar til å betre læringsutbyttet og læringsmiljøet til elevane. Forskingsprosjektet, kalla LÆREEFFEKT, starta hausten 2016 og skal vare ut skoleåret 2019–20. LÆREEFFEKT blir administrert av Forskingsrådet og gjennomført av Universitetet i Stavanger og Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU).

Mål for 2017

Tilskottsordninga skal sette kommunane i stand til å auke lærarinnsatsen på 1.–4. trinn i grunnskolen.

Rapport for 2015

Ordninga blei oppretta i statsbudsjettet for 2015. Midlane var øyremerkte til lærarstillingar i kommunar som låg over landsgjennomsnittet for berekna gruppestørrelse 2 på 1.–4. trinn i GSI, med utgangspunkt i gjennomsnittet for skoleåra 2012–13, 2013–14 og 2014–15. Landsgjennomsnittet var 15,94 elevar, og 100 kommunar låg over dette snittet. Kommunane skal rapportere på om dei har nytta midlane i tråd med formålet, og dei rapporterer om at dei har gjort det.

Budsjettforslag for 2017

I statsbudsjettet for 2016 blei våreffekten av intervensjonane i forskingsprosjektet LÆREEFFEKT trekte ut av løyvinga fordi intervensjonane først starta hausten 2016. I 2017 får forskingsprosjektet heilårsverknad. Løyvinga er derfor foreslått auka med 61,1 mill. kroner i høve til Saldert budsjett 2016.

Post 70 Tilskott til NAROM

NAROM AS er eit nasjonalt senter og skolelaboratorium for alle utdanningsnivåa innanfor romrelatert opplæring. NAROM bruker den etablerte infrastrukturen ved Andøya Space Center (ASC) og Alomar Observatory, som er eit atmosfæreobservatorium på Andøya.

Mål for 2017

Tilskottet skal støtte opp under arbeidet til NAROM med å bidra til rekruttering til norsk romverksemd samt skape større interesse for real- og teknologifaga. Senteret skal òg arbeide med å få ein posisjon for Noreg innanfor internasjonalt samarbeid om romopplæring.

Rapport for 2015

I 2015 er det gjennomført i alt 106 ulike opplæringstiltak, derav 55 tiltak for grunnopplæringa. I alt har 3 885 deltatt på ulike aktivitetar. Av desse er 3 076 frå grunnopplæringa. Det var ein auke i talet på deltakarar frå 2014, både totalt og frå grunnopplæringa.

NAROM har medverka til og hatt ansvaret for fleire nettbaserte læringsressursar. Senteret har deltatt på ulike internasjonale aktivitetar og samarbeidstiltak.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2016.

Post 71 Tilskott til vitensenter

Eit vitensenter er eit populærvitskapleg lærings- og opplevingssenter for teknologi, naturvitskap og matematikk der besøkande lærer ved å eksperimentere. Vitensentera blir nytta i opplæringa av realfag i barnehagar, skolar og lærarutdanninga og i fritida. Vitensentera er eit viktig verkemiddel for auka kunnskap i realfag og bidrar til å skape interesse for og rekruttering til eit kompetanseområde Noreg treng både nå og i framtida. Sentera fungerer som ei støtte og gir verktøy til skolane og lærarane i opplæringa og bidrar til oppfølging av nasjonale strategiar, slik som realfagsstrategien, jf. omtale under post 21. Tilbodet er knytt til læreplanar i realfag. Ti vitensenter er omfatta av Vitensenterprogrammet :

  • Jærmuseet – Rogaland

  • Nordnorsk vitensenter – Tromsø

  • Vitensenteret i Oslo v/Norsk Teknisk Museum

  • Vilvite – Bergen

  • Vitenlaben – Grenland

  • Vitensenteret i Trondheim

  • Vitensenteret innlandet – Gjøvik

  • Inspiria Science Center – Østfold

  • Sørlandet vitensenter

  • Vitenparken Campus Ås

Mål for 2017

Målet med tilskottet er å auke interessa for realfag.

Rapport for 2015

I 2015 fekk dei ni regionale vitensentera som var omfatta av Vitensenterprogrammet , tilskott på til saman 48,9 mill. kroner.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2016.

Kap. 227 Tilskott til særskilde skolar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

60

Tilskott til Murmanskskolen

2 179

2 242

2 304

61

Tilskott til vaksenopplæring i Andebu kommune

4 951

5 095

5 235

62

Tilskott til Fjellheimen leirskole

5 822

6 070

6 237

70

Tilskott til Den franske skolen i Oslo

7 356

10 158

10 442

71

Tilskott til internatdrifta ved Krokeide vidaregåande skole

25 427

26 164

26 897

72

Tilskott til Røde Kors Nordisk United World College

32 069

32 999

33 923

73

Tilskott til opplæring i Kenya

347

74

Tilskott til Signo grunn- og videregående skole og Briskeby videregående skole

41 324

44 522

45 769

75

Tilskott til opplæring i rusinstitusjonar

9 192

10 630

10 928

76

Tilskott til Foreningen Norden og Norsk håndverksinstitutt

3 587

4 857

7 114

77

Tilskott til Lycée International de Saint- Germain-en-Laye

2 400

2 467

Sum kap. 0227

132 254

145 137

151 316

Kap. 227 omfattar i hovudsak tilskott til skolar som ikkje har lovheimla rett til tilskott, men som departementet likevel ønsker å støtte fordi verksemda ved skolane dekker viktige behov.

Post 60 Tilskott til Murmanskskolen

Tilskottet går til Troms fylkeskommune og skal nyttast til drift av norskrussisk vidaregåande skole i Murmansk (Murmanskskolen).

Mål for 2017

Målet med tilskottsordninga er å gi elevar frå Noreg med kompetanse i russisk høve til å ta siste året i vidaregåande opplæring (Vg3) ved Murmanskskolen.

Rapport for 2015

I skoleåret 2015–16 var det ni elevar frå Noreg som tok Vg3 ved Murmanskskolen, det same elevtalet som i 2014–15.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2016.

Post 61 Tilskott til vaksenopplæring i Andebu kommune

Stiftelsen Signo har ein institusjon og ein skole for døvblinde og døve med tilleggsfunksjonshemmingar i Andebu. Andebu kommune er ifølge opplæringslova ansvarleg for å finansiere opplæring for vaksne som har meldt flytting til kommunen. 1. januar 2017 blir Andebu kommune slått saman med kommunane Stokke og Sandefjord.

Mål for 2017

Tilskottet skal bidra med finansiering til Andebu kommune på bakgrunn av ekstrakostnader kommunen har som følge av ansvaret for å gi vaksenopplæring til bebuarar ved Stiftelsen Signo.

Rapport for 2015

Av tilskottet på 5 mill. kroner som kommunen fekk i 2015, blei 4,3 mill. kroner nytta til kjøp av vaksenopplæringstenester frå Signo og 340 000 kroner til kjøp frå PP-tenesta. Resten gjekk til å finansiere administrative meirutgifter for Andebu kommune.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2016.

Post 62 Tilskott til Fjellheimen leirskole

Mål for 2017

Målet med tilskottsordninga er at barn, unge og vaksne med psykisk utviklingshemming eller med lærevanskar kan få eit meiningsfylt tilbod om rekreasjon med tilpassa friluftsliv og sosial omgang i trygge omgivnader.

Rapport for 2015

Talet på deltakarar ved leirskolen i 2015 var totalt 965 personar. Dette viser at leirskolen nytter kapasiteten godt i og med at skolen kan ta inn opp til 1 000 deltakarar kvart år. Talet er også høgre enn resultatkravet på 900 deltakarar som er fastsett i retningslinjene for tilskottet.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2016.

Post 70 Tilskott til Den franske skolen i Oslo

Noreg har inngått ein avtale med Frankrike som forpliktar Noreg til å gi eit årleg tilskott til Den franske skolen i Oslo, mot at Frankrike legg til rette for opplæring av lærlingar frå Noreg i Frankrike. På skolen går det elevar frå både Frankrike og Noreg, samt elevar frå mange andre land.

Mål for 2017

Målet med tilskottsordninga er å styrke samarbeidet med Frankrike og stillinga til det franske språket i Noreg.

Rapport for 2015

I skoleåret 2015–16 hadde Den franske skolen i Oslo 269 elevar på barnetrinnet, 163 elevar på ungdomstrinnet og 67 elevar i vidaregåande opplæring, totalt 499 elevar. Elevtalet er nesten uendra frå skoleåret 2014–15.

I skoleåret 2015–16 var det 16 lærlingar frå Noreg som fekk opplæring innanfor restaurant- og matfaget i Frankrike.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2016.

Post 71 Tilskott til internatdrifta ved Krokeide vidaregåande skole

Krokeide videregående skole AS er godkjent etter friskolelova § 2-1 bokstav f for å tilby særskilt tilrettelagd opplæring for funksjonshemma elevar. Skolen gir eit landsdekkande tilbod, som er godkjent for 200 elevar og har plass til drygt 100 elevar på internatet. Tilskottet skal bidra til drifta av internatet ved Krokeide videregående skole og det sosialmedisinske hjelpeapparatet ved skolen.

Mål for 2017

Målet med tilskottsordninga er at Krokeide videregående skole skal kunne tilby yrkesretta vidaregåande opplæring for personar med fysiske eller psykiske utfordringar.

Rapport for 2015

I 2015 var det 92 elevar på internatet om våren, og 105 elevar om hausten. Utnyttinga av kapasiteten til internatet er god.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2016.

Post 72 Tilskott til Røde Kors Nordisk United World College

United World Colleges (UWC) er ein internasjonal organisasjon som arbeider for å fremme fred og forståing gjennom utdanning. Det eksisterer i alt 15 UWC-skolar, og Røde Kors Nordisk United World College i Fjaler i Sogn og Fjordane (RKNUWC) er ein av desse. Skolen fører elevane fram til ein International Baccalaureate (IB)-eksamen.

Mål for 2017

Målet med tilskottsordninga er at det skal vere eit UWC-tilbod i Noreg. Tilskottet skal legge til rette for auka forståing mellom folk frå ulike land.

Rapport for 2015

I skoleåret 2015–16 hadde RKNUWC 193 elevar frå 86 land. 60 av elevane kom frå nordiske land. Elevtalet og fordelinga mellom kva regionar elevane kjem frå, har vore relativt stabile i dei siste åra.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2016.

Post 73 Tilskott til opplæring i Kenya

Ordninga blei avvikla våren 2015 på grunn av for få elevar.

Rapport for 2015

Våren 2015 fekk to elevar på barnetrinnet og tre elevar på ungdomstrinnet undervisning lokalt i Kenya.

Post 74 Tilskott til Signo grunn- og vidaregåande skole og Briskeby vidaregåande skole

Skolane får i tillegg til dette tilskottet også tilskott over kap. 228 post 75 i samsvar med elevtalet som følge av at dei er godkjente som friskolar for funksjonshemma elevar. Målgruppene til Signo er døvblinde og døve med tilleggsfunksjonshemmingar, mens målgruppa til Briskeby er høyrselshemma elevar.

Mål for 2017

Målet med tilskottsordninga er at Signo og Briskeby skal kunne gi eit tilbod av høg kvalitet til målgruppene sine.

Rapport for 2015

Våren 2015 var det åtte elevar på grunnskolenivå og 13 heiltidselevar på vidaregåande nivå ved Signo. Det var 31 heiltids- og 21 deltidselevar på vidaregåande nivå ved Briskeby. Elevtalet ved dei to skolane har vore relativt stabilt i dei siste skoleåra og ligg på eit høgt nivå i høve til det elevtalet skolane er godkjente for.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2016.

Post 75 Tilskott til opplæring i rusinstitusjonar

Tilskottsordninga skal medverke til å føre vidare det opplæringstilbodet som rusinstitusjonane Tyrilistiftelsen og Stiftelsen Fossumkollektivet har i Østfold, Hedmark og Oppland. Tilskottet skal dekke kostnader til opplæring som ligg utanfor ramma av opplæringslova, og som derfor ikkje ligg under ansvaret til fylkeskommunane.

Mål for 2017

Tilskottsordninga skal medverke til at bebuarar på rusinstitusjonane Tyrilistiftelsen og Stiftelsen Fossumkollektivet får eit opplæringsløp som gjer dei best mogleg i stand til å gå inn i og fullføre eit ordinært opplæringsløp i skole eller arbeidsliv.

Rapport for 2015

65 elevar frå 14 fylke har i 2015 vore knytte til skoleavdelinga til Fossumkollektivet i Østfold. Ved dei to avdelingane i Hedmark har til saman 23 elevar tatt del i ulike opplæringstilbod. Ved dei to verksemdene Tyrilistiftelsen har i Hedmark og Oppland, har 63 bebuarar hatt eit opplæringstilbod i regi av Frankmotunet, og 59 bebuarar har deltatt på ulike skoletilbod ved Mesnali/Lillehammer i 2015.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2016.

Post 76 Tilskott til Foreningen Norden og Norsk håndverksinstitutt

Mål for 2017

Tilskottet til Foreningen Norden skal vere eit bidrag til det arbeidet organisasjonen gjer med å gi nordisk samfunn, kultur og språk ein tydeleg plass i grunnopplæringa.

Tilskottet til Norsk håndverksinstitutt skal støtte opp under det arbeidet organisasjonen gjer med å ta vare på tradisjonshandverk. Det skal bidra til at Noreg oppfyller intensjonen med UNESCO-konvensjonen om immateriell kulturarv.

Rapport for 2015

Foreningen Norden gav i 2015 stipend på til saman rundt 140 000 kroner til elevar og lærarar som besøkte nordiske samarbeidsskolar. 21 skolar med til saman1 400 elevar frå 5. til 10. trinn deltok på arrangementet Nordisk forfattarbesøk, der tre svenske forfattarar presenterte to av bøkene sine. Organisasjonen vidareutvikla undervisningsportalen nordeniskolen.org, som blir formidla til alle skolar i Noreg.

Norsk håndverksinstitutt utvikla i 2015 ei ny nettløysing for registeret over handverkarar. Registeret omfattar om lag 2 700 handverkarar innanfor 90 fag og gir òg ei oversikt over lærebedrifter i små handverksfag. Hausten 2015 starta ein filigranssølvsmed og ein smed opp under den nye stipendiatordninga for handverkarar. Instituttet blei i 2015 valt inn som medlem av UNESCOs Evaluation Body med ei funksjonstid på fire år. Dette er eit evalueringsorgan som vurderer innkomne forslag til oppføring på UNESCOs lister over immateriell kulturarv.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår å føre tilskottet til Foreningen Norden vidare på same nivå som i 2015.

Tilskottet til Norsk håndverksinstitutt er foreslått auka med 1,2 mill. kroner til finansiering av to nye stipendiatar til utvikling av handverkstradisjonar. Med dette er innfasinga av dei seks stipendiatstillingane i ordninga fullført. I tillegg blir det foreslått å auke løyvinga med 0,9 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 220 post 01. Dette gjeld flytting av midlar til driftsstøtte til Sekretariatet for små og verneverdige fag. Samla blir tilskottet til Norsk håndverksinstitutt foreslått auka med 2,1 mill. kroner.

Post 77 Tilskott Lycée International de Saint-Germain-en-Laye

Tilskottet blei oppretta i samband med Stortingets behandling av statsbudsjettet for 2016, jf. Innst. 12 S (2015–2016), for at skolen skulle kunne føre drifta vidare i 2016.

Mål for 2017

Tilskottet skal bidra til at norske elevar får opplæring ved den norske seksjonen av Lycée International de Saint-Germain-en-Laye våren 2017.

Budsjettforslag for 2017

Skolen har mista godkjenninga til å drive friskole med rett til statstilskott etter utgangen av skoleåret 2015–16 på grunn av at skolen ikkje dreiv i tråd med friskolelova.

Det blei i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2016 varsla at regjeringa ikkje tok sikte på å fremme forslag om at tilskottet skulle førast vidare etter utgangen av skoleåret 2016–17. Departementet foreslår derfor at det blir løyvt 2,5 mill. kroner på posten i 2017 for å dekke driftstilskottet til skolen for våren 2017.

Kap. 228 Tilskott til frittståande skolar o.a.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

70

Frittståande grunnskolar , overslagsløyving

1 874 818

1 866 052

2 074 624

71

Frittståande vidaregåande skolar , overslagsløyving

1 497 212

1 520 416

1 555 114

72

Frittståande skolar godkjende etter kap. 4 i vaksenopplæringslova , overslagsløyving

143 647

146 078

152 268

73

Frittståande grunnskolar i utlandet , overslagsløyving

113 567

119 492

125 072

74

Frittståande vidaregåande skolar i utlandet , overslagsløyving

19 637

23 026

18 143

75

Frittståande skolar for funksjonshemma elevar , overslagsløyving

253 550

259 368

273 231

76

Andre frittståande skolar , overslagsløyving

46 437

47 312

48 438

77

Den tyske skolen i Oslo , overslagsløyving

15 558

17 180

17 761

78

Kompletterande undervisning

31 202

23 277

11 964

79

Toppidrett

40 250

41 417

44 979

80

Friskoleorganisasjonar

714

735

756

81

Elevutveksling til utlandet

1 839

1 892

1 945

82

Kapitaltilskott til friskolar, kapital- og husleigetilskott

20 330

20 920

21 506

Sum kap. 0228

4 058 761

4 087 165

4 345 801

Innleiing

Lov 4. juli 2003 nr. 84 om frittståande skolar (friskolelova) skal medverke til at det kan bli oppretta og drive frittståande skolar i Noreg, slik at foreldre og elevar kan velje andre skolar enn dei offentlege, jf. menneskerettsloven § 2 nr. 2. Lova gjeld godkjenning med rett til statstilskott for frittståande grunnskolar og frittståande vidaregåande skolar, og vilkåra for å få slikt tilskott. Lova stiller mellom anna krav til kvaliteten på opplæringa.

Endringar i privatskolelova («ny friskolelov») tredde i kraft 1. august 2015, jf. Innst. 344 L (2014–2015), jf. Prop. 84 L (2014–2015). Ny friskolelov fører vidare ordninga med krav til særskilt grunnlag for godkjenning, og innfører to nye godkjenningsgrunnlag – profilskolar og skolar som tilbyr vidaregåande opplæring i yrkesfaglege utdanningsprogram. Fråsegna om at alle offentlege tilskott og skolepengar skal komme elevane til gode, og at det er forbode å ta utbytte, er ført vidare og klargjord i ny friskolelov.

Løyvingane under kap. 228 går til tilskottsordningar til frittståande skolar som er godkjente etter friskolelova eller vaksenopplæringslova. Tilskottet oppfyller dei finansielle pliktene staten har overfor frittståande skolar som er godkjente etter lova. I tillegg blir det over dette kapitlet gitt tilskott til kompletterande undervisning, jf. friskolelova § 6-4, Den tyske skolen i Oslo, toppidrett, friskoleorganisasjonar og til elevutveksling i utlandet.

Satsane for tilskott til dei fleste frittståande skolane bygger på dei gjennomsnittlege utgiftene i den offentlege skolen, jf. friskolelova kap. 6. Satsane for 2017 er rekna ut på grunnlag av dei ressursane kommunane brukte til skole i 2015, rapporterte gjennom KOSTRA. Tilskottsgrunnlaget er korrigert for utgifter som er rapporterte i KOSTRA, men som ikkje skal vere med i grunnlaget for utrekninga av tilskottet fordi desse utgiftene gjeld kommunesektoren og ikkje dei frittståande skolane. Satsane er justerte for ein venta pris- og lønnsauke fram til og med 2017. Nærare informasjon om utrekningsmåten ligg på www.utdanningsdirektoratet.no.

Mål for 2017

Målet med tilskottsordningane er å medverke til at det kan etablerast og drivast friskolar etter friskolelova.

Rapport for 2015

Tabellen under viser endringar i talet på elevar og frittståande skolar som får tilskott under postane 70–76, frå skoleåret 2013–14 til skoleåret 2015–16. For grunnskolen gjeld tala frå elevteljinga 1. oktober. For vidaregåande skole gjeld gjennomsnittet av talet på elevar frå elevteljingane 1. oktober og 1. april.

Tabell 4.3 Friskolar, tal på skolar og elevar

Skolar

Elevar

Skoletype

2013–14

2014–15

2015–16

2013–14

2014–15

2015–16

Skolar for funksjonshemma elevar

14

14

14

666

699

716

Vidaregåande skolar godkjente etter kap. 4 i vaksenopplæringslova

31

31

29

1 374

1 324

1 376

Andre frittståande skolar

2

2

2

179

179

180

Vidaregåande skolar

75

77

78

12 901

13 276

13 496

Grunnskolar

180

192

208

16 845

18 078

19 300

Grunnskolar i utlandet

11

11

11

839

903

885

Vidaregåande skolar i utlandet

5

5

4

214

190

142

Sum

318

332

346

33 018

34 649

36 095

Hausten 2015 gjekk 3,1 pst. av grunnskoleelevane i frittståande skolar i Noreg. Hausten 2014 var talet til samanlikning 2,9 pst. Hausten 2015 gjekk 6,9 pst. av elevane på vidaregåande nivå i private skolar. Hausten 2014 var talet til samanlikning 6,8 pst. Dei siste ti åra har delen av elevane som går i friskolar auka jamt. For omtale av Utdanningsdirektoratets tilsyn med private skolar, sjå kap. 220.

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 656, 11. juni 2015, i samband med handsaminga av Innst. 344 L (2014–2015), jf. Prop. 84 L (2014–2015):

«Stortinget ber regjeringen utrede krav om at hoveddelen av det pedagogiske personalet må være ansatt i skolen, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Hovudregelen etter arbeidsmiljølova er at arbeidstakarar skal vere fast tilsette. Samtidig blir det gitt ein viss tilgang til midlertidig tilsetting og innleie. I realiteten inneber det eit krav om at hovuddelen av personalet må vere tilsett i verksemda. Arbeidsmiljølova gjeld òg for godkjente friskolar. Departementet kan ikkje sjå behov for eit særskilt krav for personalet i godkjente friskolar.

Post 70 Frittståande grunnskolar, overslagsløyving

Frittståande grunnskolar som er godkjente etter friskolelova, får tilskott tilsvarande 85 pst. av tilskottssatsen.

Budsjettforslag for 2017

På bakgrunn av oppdaterte elevtal og nye satsar samt kompensasjon for våreffekten av innføring av ein ny naturfagtime foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 208,6 mill. kroner i høve til Saldert budsjett 2016.

Post 71 Frittståande vidaregåande skolar, overslagsløyving

Vidaregåande skolar som er godkjente etter friskolelova, får tilskott tilsvarande 85 pst. av tilskottssatsen.

Budsjettforslag for 2017

I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2016 blei det varsla at regjeringa vil foreslå ei utviding av merverdiavgiftskompensasjonsordninga til også å omfatte innkjøpa til friskolar for oppføring og drift av internatdelen av skolen i dei tilfella der bo- og opplæringstilbodet er eit heile. Denne endringa vil skje frå 1. januar 2017, jf. omtale i Prop. 1 LS Skatter, avgifter og toll 2017.

I handsaminga av revidert nasjonalbudsjett for 2016 har fleirtalet i finanskomiteen i Innst. 400 S (2015–2016) lagt til grunn «at samtlige skoler får kompensert for den tapte merverdiavgiftskompensasjon som følge av praktisering av eksiterende regelverk.» . Fleirtalet presiserer vidare at kompensasjonen også skal gjelde opplæring av vaksne utan rett til vidaregåande opplæring.

For å dekke berekna merverdiavgiftsutgifter knytte til opplæring av vaksne som ikkje har rettskrav på opplæringa, foreslår Kunnskapsdepartementet å auke satsane for statstilskottet for desse elevane. Departementet foreslår som ei følge av dette å auke løyvinga på posten med 9 mill. kroner. Departementet vil be Utdanningsdirektoratet gjere nærare vurderingar av berekninga for utgifter til meirverdiavgift.

Frittståande skolar for funksjonshemma elevar som får driftstilskott over kap. 228 post 75 kan også ta inn vaksne elevar utan rett. Departementet tar sikte på at delar av den foreslåtte løyvingsauken på 9 mill. kroner kan nyttast til auka tilskott også til desse skolane.

På bakgrunn av oppdaterte elevtal og nye satsar, samt at det særskilde tilskottet til Oslo By Steinerskole og Kongshaug musikkgymnas blir ført vidare, foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 34,7 mill. kroner i høve til Saldert budsjett for 2016.

Post 72 Frittståande skolar godkjende etter kap. 4 i vaksenopplæringslova, overslagsløyving

Satsane for tilskott til desse skolane er knytte til tre av satsane for frittståande vidaregåande skolar, med unntak av satsane til Norsk Yrkesdykkerskole. Dei tre satsane er knytte til utdanningsprogram for studiespesialisering, idrettsfag, og musikk, dans og drama. Skolar godkjente etter kap. 4 i vaksenopplæringslova får 75 pst. av tilskottssatsane.

Budsjettforslag for 2017

På bakgrunn av oppdaterte elevtal og nye satsar foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 6,2 mill. kroner i høve til Saldert budsjett for 2016.

Post 73 Frittståande grunnskolar i utlandet, overslagsløyving

Skolane får tilskott etter same grunnlag som frittståande grunnskolar i Noreg, men satsen blir høgre da desse skolane ikkje er omfatta av ordninga med kompensasjon for meirverdiavgift. Posten omfattar òg avrekning mellom Noreg og Sverige for svenske elevar i norske skolar i utlandet og for norske elevar ved svenske frittståande grunnskolar i utlandet. I tillegg omfattar posten utgifter til spesialundervisning.

Budsjettforslag for 2017

På bakgrunn av oppdaterte elevtal og nye satsar samt kompensasjon for våreffekten av innføring av ein ny naturfagtime foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 5,6 mill. kroner i høve til Saldert budsjett for 2016.

Post 74 Frittståande vidaregåande skolar i utlandet, overslagsløyving

Skolane får tilskott etter same grunnlag som frittståande vidaregåande skolar i Noreg, men satsen blir høgre sidan desse skolane ikkje er omfatta av ordninga med kompensasjon for meirverdiavgift. Posten omfattar òg utgifter til spesialundervisning.

Budsjettforslag for 2017

På bakgrunn av oppdaterte elevtal og nye satsar foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 4,9 mill. kroner i høve til Saldert budsjett for 2016.

Post 75 Frittståande skolar for funksjonshemma elevar, overslagsløyving

Grunn- og vidaregåande skolar for funksjonshemma elevar får tilskott tilsvarande 100 pst. av ein normalsats per elev. Nokre av skolane får i tillegg statstilskott til husleigeutgifter på same nivå som i 2003, jf. Innst. O. nr. 80 (2002–2003).

Budsjettforslag for 2017

På bakgrunn av oppdaterte elevtal og nye satsar foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 13,9 mill. kroner.

Post 76 Andre frittståande skolar, overslagsløyving

Posten omfattar tilskott til Sørlandet Seilende Skoleskibs Institution (MS Sjøkurs) og Unge Sjømenns Kristelige Forening (MS Gann). Skolane får tilskott per elev etter satsen for utdanningsprogram for teknikk og industriell produksjon. Skolane får 85 pst. av tilskottssatsen. I tillegg får desse skolane eit fast tilskott som blir prisjustert kvart år.

Budsjettforslag for 2017

På bakgrunn av oppdaterte elevtal og nye satsar foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 1,1 mill. kroner i høve til Saldert budsjett for 2016.

Post 77 Den tyske skolen i Oslo, overslagsløyving

Gjeldande avtale mellom Noreg og Tyskland om Den tyske skolen i Oslo blei godkjent av Stortinget 19 november 2009, jf. Innst. 43 S (2009–2010) og St.prp. nr. 92 (2008–2009) Om samtykke til inngåelse av en avtale mellom Norge og Tyskland om omgjøring av Den tyske skolen i Oslo – Max Tau til en tysk-norsk bikulturell skole . Tilskottet blir rekna ut på same måte som tilskottet til frittståande skolar som er godkjente etter friskolelova, men med 54,4 pst. av tilskottssatsen. I tillegg blir det gitt eit fast tilskott på 1,4 mill. kroner.

Mål for 2017

Tilskottet skal styrke samarbeidet med Tyskland og stillinga til det tyske språket i Noreg.

Rapport for 2015

Hausten 2015 var det 285 elevar ved Den tyske skolen i Oslo – 186 elevar på barnetrinnet, 62 elevar på ungdomstrinnet og 37 elevar på studiespesialiserande utdanningsprogram på vidaregåande nivå. Dette utgjer ein auke på åtte elevar samanlikna med hausten 2014, da fordelinga var 171 elevar på barnetrinnet, 71 elevar på ungdomstrinnet og 35 elevar på studiespesialiserande utdanningsprogram på vidaregåande nivå.

Budsjettforslag for 2017

På bakgrunn av oppdaterte elevtal og nye satsar foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 0,6 mill. kroner i høve til Saldert budsjett for 2016.

Post 78 Kompletterande undervisning

Tilskottsordninga medverkar til finansiering av kompletterande undervisning i norsk, samfunnsfag og kristendom, religion, livssyn og etikk (KRLE) for elevar ved utanlandske eller internasjonale grunnskolar i utlandet. Tilskottsmottakarar i ordninga er to sertifiserte nettskolar – Globalskolen og Norskskolen. Til og med 2015 var norske og svenske skolar i utlandet, Den tyske skolen i Oslo og Den franske skolen i Oslo tilskottsmottakarar i ordninga. Til og med 2014 var også internasjonale grunnskolar i Noreg med godkjenning etter opplæringslova § 2-12 tilskottsmottakarar i ordninga.

Rapport for 2015

Tabellen nedanfor viser at elevtala var relativt stabile i åra 2012–14. For 2015 er elevtalet for kompletterande undervisning innanlands om lag halvert, sidan internasjonale grunnskolar i Noreg ikkje lenger er tilskottsmottakarar i ordninga.

Tabell 4.4 Oversikt over talet på elevar som har fått kompletterande undervisning frå 2013 til 2015, fordelt på ulike skoletypar

Elevtal

2013

2014

2015

Nettskolar

1 853

1 876

1 699

Utanlandske og internasjonale grunnskolar i Noreg

1 355

1 447

669

Svenske grunnskolar i utlandet

70

75

39

Sum

3 278

3 398

2 407

For nettskolane blei det i 2015 fastsett eit øvre elevtak for berekning av tilskott til kompletterande undervisning for å halde tilskottet innanfor budsjettramma. Samla er derfor elevtalet i tilskottsordninga vesentleg lågare i 2015 i høve til i tidlegare år.

Budsjettforslag for 2017

Dei to nettskolane som mottar tilskott over posten, tilbyr undervisning som elevane ikkje har rett til etter lova. Departementet prioriterer derfor ikkje å føre tilskottet vidare. I løyvingsforslaget for 2017 er hausteffekten av tilskottet trekt ut. Det gir ein reduksjon på 12 mill. kroner i høve til Saldert budsjett 2016.

Post 79 Toppidrett

Ordninga gjeld skolar som i tillegg til godkjenninga etter friskolelova er godkjente som toppidrettsgymnas av Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF). Ordninga omfattar følgande skolar: NTG i Bærum, Geilo, Kongsvinger, Lillehammer og Tromsø, Wang i Oslo, Fredrikstad, Stavanger og Tønsberg, Telemark toppidrettsgymnas og Haugesund toppidrettsgymnas. Det blir gitt eit fast tilskott til kvar av desse skolane. Det er ein føresetnad at skolane har elevar på tilbodet om særskilt tilrettelagd vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrett. Dersom det blir fleire godkjente skolar med tilbod om slik opplæring, og som samtidig blir godkjente av NIF, vil dei ikkje automatisk bli omfatta av ordninga med særskilt toppidrettstilskott.

Mål for 2017

Målet med tilskottet er at dei skolane som er omfatta av ordninga, kan legge til rette for at toppidrettsutøvarar kan kombinere trening med vidaregåande opplæring.

Rapport for 2015

Hausten 2015 var det 2 369 elevar ved desse skolane. Til samanlikning var det 2 455 elevar ved desse skolane hausten 2014.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår å auke løyvinga på posten med 2,4 mill. kroner i 2017 for å auke tilskottet til dei skolane som får minst per elev, basert på elevtal per 1. oktober 2015.

Post 80 Friskoleorganisasjonar

Mål for 2017

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at friskoleorganisasjonane kan drive med samordningsoppgåver for medlemsskolane sine.

Rapport for 2015

I 2015 fekk fem friskoleorganisasjonar tilskott ut frå at dei til saman hadde 254 godkjente medlemsskolar.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2016.

Post 81 Elevutveksling til utlandet

Denne tilskottsordninga gjeld for utveksling til utlandet for elevar i frittståande vidaregåande skolar med rett til statstilskott. Det ordinære statstilskottet etter friskolelova kan ikkje nyttast til elevutveksling til utlandet. Skolane kan søke om støtte til administrasjon, oppfølging av og tilrettelegging for elevutveksling. Tilskottet kan bli gitt til godkjente samarbeidsprosjekt mellom norske frittståande vidaregåande skolar med rett til statstilskott og utanlandske skolar. Følgande frittståande vidaregåande skolar er godkjente for å kunne bli tildelte slikt tilskott: Danielsen videregående skole i Bergen, Heltberg Private Gymnas i Oslo og Drottningborg videregående skole i Grimstad.

Mål for 2017

Målet med tilskottsordninga er å stimulere dei skolane som er omfatta av ordninga, til å tilby elevutveksling i utlandet.

Rapport for 2015

I 2015 fekk kvar av skolane eit basistilskott på 100 000 kroner. Resten av tilskottsmidlane blei fordelte etter talet på elevar innanfor ordninga. Skolane har mottatt tilskott for 77 elevar for skoleåret 2015–16; det er om lag det same som i 2014–15.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare med same nivå som i 2016.

Departementet vil fastsette retningslinjer for tilskottsordninga og vil sende utkast til retningslinjer på høyring til dei aktuelle skolane. I samband med dette går departementet gjennom ordninga.

Post 82 Kapitaltilskott til friskolar, kapital- og husleigetilskott

Tilskottet blei oppretta i 2014. Frittståande grunn- og vidaregåande skolar i Noreg som får driftstilskott under kap. 228 postane 70 og 71, er omfatta av ordninga.

Departementet viser til at eit fleirtal i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen i samband med handsaminga av Prop. 84 L (2014–2015) kom med følgande merknad i Innst. 344 L (2014–2015):

«Flertallet ber regjeringen utrede hvordan kostnader til bygg bør innlemmes i tilskuddsgrunnlaget og utrede innlemming av avskrivning av varige driftsmidler i tilskuddsgrunnlaget til friskolene.»

Kunnskapsdepartementet er i gang med å greie ut ulike alternativ for innlemming av kapital- og husleigeutgifter i tilskottet til friskolane. Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Mål for 2017

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at frittståande skolar i Noreg skal kunne finansiere vedlikehald og rehabiliteringar av bygg, og husleige.

Rapport for 2015

I 2015 fekk frittståande skolar 20,3 mill. kroner i kapitaltilskott. Tilskottet blei fordelt mellom dei frittståande grunn- og vidaregåande skolane i Noreg som får driftstilskott under kap. 228 postane 70 og 71.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare med same nivå som i 2016.

Kap. 229 Noregs grøne fagskole – Vea

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Driftsutgifter

26 350

23 223

26 052

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

1 515

1 158

1 187

Sum kap. 0229

27 865

24 381

27 239

Post 01 Driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga på posten går til drift av Noregs grøne fagskole, Vea. Frå 1. januar 2017 skiftar skolen namn frå Vea – Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar til Noregs grøne fagskole – Vea.

Fagskolen har elevar og studentar fordelte på tre hovudretningar: blomsterdekoratør-, gartnar- og anleggsgartnarfaglege utdanningsprogram. Vea er NOKUT-godkjent tilbydar innanfor fagområdet grøne design og miljøfag og har i dag ni ulike fagskoletilbod på fagområdet.

Skolen skal framleis gi tilbod på vidaregåande nivå for elevar frå ulike fylke når fylkeskommunen betaler for det, jf. kap. 3229 post 61. I tillegg gir skolen tilbod om vaksenopplæring på vidaregåande nivå.

Mål for 2017

Den fremste målsettinga til Vea er å utdanne kompetente yrkesutøvarar som bransjen og næringa treng på grøne fagområde.

I 2017 skal Noregs grøne fagskole, Vea halde fram med arbeidet med å utvikle ei fagskoleutdanning med god kvalitet, auke talet på studentar gjennom fleksible og tilpassa studieopplegg, heve kompetansen hos tilsette og utvikle fagleg samarbeid med nasjonale og internasjonale miljø.

Rapport for 2015

Opptaket for hausten 2015 viser eit stabilt tilfang av elevar og studentar.

Tal for opptak hausten 2015, med teljedato 1. oktober, viser at Vea samla har 142 elevar og studentar som tar utdanning på heiltid og deltid. Det er ein oppgang i talet på elevar og studentar med 16 samanlikna med året før.

Det er ein stadig auke i samlingsbaserte studium på deltid. Slike studium gir større fleksibilitet og er meir relevante for bransjen og trekker slik til seg fleire studentar.

I skoleåret 2014–15 var det ingen heiltidsstudentar på fagskolenivå. Det var 67 deltidsstudentar på fagskolenivå.

I skoleåret 2014–15 var det 75 deltidsstudentar og ingen heiltidsstudentar som tok vaksenopplæring på vidaregåande nivå. I tillegg tok ingen elevar i vidaregåande opplæring Vg2 blomsterdekoratør gjennom fylkeskjøpte plassar.

Budsjettforslag for 2017

Frå 2017 innfører regjeringa ein forenkla modell for premiebetaling til Statens pensjonskasse (SPK) for dei verksemdene som ikkje betaler premie i dag. Dette medfører ein auke av løyvinga på post 01 på 2,4 mill. kroner. Sjå hovudinnleiinga for nærare omtale.

Løyvingsforslaget for post 01 er redusert med 12 000 kroner som følge av gevinstar ved overgangen til digital post til innbyggarar og næringsliv, jf. nærare omtale i hovudinnleiinga.

Departementet foreslår samla løyvingar til skolen på 27,2 mill. kroner i 2017.

Departementet foreslår at løyvinga over post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3229 postane 02 og 61, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 3229 Noregs grøne fagskole – Vea

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

02

Salsinntekter o.a.

5 272

1 718

1 757

61

Refusjon frå fylkeskommunar

664

1 135

1 166

Sum kap. 3229

5 936

2 853

2 923

Post 02 gjeld inntekter frå mellom anna kurs og vaksenopplæring, sal frå kantine, hybelutleige og betaling frå heimeskolane for fjernundervisning. Post 61 gjeld betaling frå fylkeskommunar for kjøp av opplæringsplassar ved skolen.

Kap. 230 Statleg spesialpedagogisk støttesystem

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Driftsutgifter

642 829

631 218

705 979

21

Særskilde driftsutgifter

45 044

61 289

45 625

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

6 625

8 877

9 099

Sum kap. 0230

694 498

701 384

760 703

Statped er ei verksemd underlagd Utdanningsdirektoratet og er eit statleg verkemiddel for å støtte kommunar og fylkeskommunar i arbeidet deira med å nå sektormåla og realisere samfunnsmandatet for grunnopplæringa for barn, unge og vaksne med særskilde behov. Statped yter spesialpedagogiske tenester på individ- og systemnivå til kommunar og fylkeskommunar og spreier spesialpedagogisk kompetanse og forskingsbasert kunnskap om likeverdig, tilpassa og inkluderande opplæring.

Post 01 Driftsutgifter, post 21 Særskilde driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga gjeld drift av Statped, inkludert ventelønn og lønn etter rettsvilkårsavtalen for overtalige. I tillegg blir det over post 01 gitt midlar til internasjonalt samarbeid med meir, drift av Utdanningsdirektoratets råd for likeverdig utdanning og dekning av utgifter til nasjonal koordinator i Utdanningsdirektoratet for the European Agency for Special Needs and Inclusive Education.

Mål for 2017

Statped skal arbeide etter følgande mål i 2017:

  • vere ein tydeleg og tilgjengeleg ytar av spesialpedagogiske tenester til kommunar og fylkeskommunar. Alle kommunar og fylkeskommunar skal få likeverdig tilgang til tenester frå Statped

  • vidareutvikle spisskompetanse innanfor dei fastsette spesialpedagogiske fagområda og vere ein bidragsytar til kunnskaps- og kompetansespreiing om likeverdig, tilpassa og inkluderande opplæring på desse områda

  • arbeide ut frå ein heilskapleg FoU-strategi for prioritering av område for forskings- og utviklingsarbeid på det spesialpedagogiske området, forankra i eit samarbeid med universitet og høgskolar

Rapport for 2015

Statped har vore under omstilling frå 2012 til 2016. Omstillinga var ei oppfølging av Stortingets handsaming av Meld. St. 18 (2010–2011) Læring og fellesskap , jf. Innst. 405 S (2010–2011). Eit hovudmål med omstillinga var at Statped skulle bli ein meir einskapleg organisasjon som bruker kompetansen i organisasjonen på ein meir heilskapleg måte, både i tenesteytinga og i kunnskapsutviklinga. Utdanningsdirektoratet har fått i oppdrag å evaluere omstillinga og skal levere rapport om evalueringa første halvår 2017. Departementet fekk i september 2016 ein delrapport frå evalueringa. Denne viser at Statped har gjennomført eit omfattande og grundig arbeid for å etablere ein samla, landsdekkande organisasjon med nye strukturar, system og rutinar. Vidare har Statped gjennomført mange tiltak for å skape ein ny kultur i verksemda slik at arbeidsformene blir endra i tråd med måla for omorganiseringa. Delrapporten viser at det har skjedd endringar i riktig retning, men at det er rom for vidare utvikling. Etter sluttrapporten frå evalueringa vil vi vite meir om resultata av omstillinga.

Tenesteyting

Statped har i 2015 arbeidd med å vidareutvikle ei tydeleg og føreseieleg verksemd. Statped har halde fram med å utvikle samarbeidet med kommunar og fylkeskommunar slik at fordelinga av ansvar og oppgåver mellom instansane er tydelegare, samt å avklare kompetansebehov i kommunesektoren.

Statped har arbeidd med å dreie verksemda mot systemretta tenester og registrerte oppdrag viser at det har vore ei viss endring i retning av meir systemretta framfor individretta tenester. Statped rapporterer at PP-tenestene i 2015 har blitt betre til å greie ut sakene før dei blir sende til Statped, og at Statped har ein tettare dialog med kommunar og fylkeskommunar i denne fasen. Statped har prioritert arbeidet med å gjere kjent for kommunar og fylkeskommunar kva for tenester verksemda kan levere. Eit anna bidrag har vore å utvikle retningslinjer for handtering av oppdrag i Statped. Retningslinjene har sikra at handsaminga av søknader skjer på ein meir fleirfagleg, effektiv og einskapleg måte.

Sentralt i arbeidet med å utvikle tenestene til Statped er brukarmedverknad og samarbeid med brukarorganisasjonane. Statped har etablert arenaer for brukarmedverknad på både regionalt og nasjonalt nivå.

Statped har i 2015 utvikla ei samla oversikt over dei tenestene verksemda tilbyr. Oversikta inneheld òg informasjon om arbeidsformer Statped nyttar for å levere tenester til både samarbeidspartnarar og brukarar. Statistikk frå fagsystemet blir nytta i aukande grad i møte med samarbeidspartnarar. Statistikk over den typen teneste Statped har levert i ein kommune, kan vere med på å danne eit bilde av kva for kompetanse og tenester kommunane har behov for. På denne måten svarer tenestene til Statped betre på behovet i kommunane.

Tabell 4.5 Talet på tenester innanfor kategoriane utgreiing, rådgiving/rettleiing og søknader

2013

2014

2015

Utgreiing

4 586

4 337

3 734

Rådgiving/rettleiing

5 381

6 075

4 718

Søknad om individbaserte tenester

1 968

1 748

1 740

Søknad om systembaserte tenester

303

392

419

Kvaliteten på statistikken over tenester er framleis usikker innanfor nokre område. Tabellen over viser at talet på utgreiingar og rådgiving/rettleiing er større enn talet på søknader på individ- og systembaserte tenester. Søknader om systembaserte tenester har auka i dei to siste åra. Dette viser at Statpeds dialog med PP-tenestene og kommunane og fylkeskommunane har gitt ei arbeidsdeling som er meir i tråd med måla for omstillinga.

Statped har også i 2015 arbeidd med utvikling, tilrettelegging og produksjon av læremiddel med særleg vekt på bøker i punktskrift for barn og elevar med synshemmingar, teiknspråkleg materiell for barn og elevar med høyrselshemmingar, og materiell for dei som treng alternativ og supplerande kommunikasjon. Eit oversyn over tilrettelagde læreverk for blinde og sterkt svaksynte elevar har blitt utvikla på nettstaden til Statped.

Statped har halde fram med arbeidet med å styrke deltidsopplæringa for døve og høyrselshemma elevar som får opplæringstilbod i bustadkommunen eller heimefylket. I 2015 gjaldt dette 150 elevar, noko som er om lag på same nivå som i 2014.

Skådalen skole for døvblindfødte i Oslo og A.C. Møller skole i Trondheim er dei einaste attverande statlege skolane i Statped etter avviklingar og omleggingar i tråd med Meld. St. 18 (2010–2011). Ved skolestart hausten 2015 var det ni elevar i grunnskolen og to elevar i den vidaregåande skolen ved Skådalen skole for døvblindfødte i Oslo, og tolv elevar på fulltid ved A.C. Møller skole i Trondheim.

Kompetanseutvikling og -spreiing

Statped har i 2015 formidla kunnskap, tatt del i ei rekke forskings- og utviklingsprosjekt og medverka til fleire FoU-prosjekt i universitets- og høgskolesektoren.

Statped har arbeidd for å nå fleire målgrupper når det gjeld kompetanseutvikling og spreiing av kompetanse. Nettstaden til Statped er ein viktig kommunikasjonskanal når det gjeld kompetansespreiing. I 2015 har verksemda halde fram med å etablere ein ny nettstad som skal bidra til å styrke fagleg formidling, tilgang til læringsressursar og oversyn over tenester frå Statped.

Statped har i 2015 vidareutvikla rutinar som bind lokal kompetanseutvikling til enkeltsaker og på et meir generelt nivå. Statped har formidla kunnskap til kommunar og fylkeskommunar, inkludert PP-tenesta, barnehagar, skolar, vaksenopplæring samt einskilde lærarar og barnehagelærarar. I løpet av 2015 arrangerte Statped i underkant av 500 kurs for brukarar og samarbeidspartar. Statped har òg etablert ein årleg konferanse om spesialpedagogikk og teknologi (SPOT) for dette formålet.

For å auke kjennskapen til Statpeds spisskompetanse ute i sektorane har verksemda medverka med fagartiklar og utvikling av spesialpedagogisk faglitteratur både nasjonalt og internasjonalt. Tilsette i Statped har òg undervist ved ulike høgre utdanningar.

Statped har utarbeidd ei rekke artiklar, nyheitssaker og filmar om å bruke læringsressursar og teknologi hos tilsette i barnehagar og skolar.

Statped har arbeidd vidare med å følge opp Strategi for etter- og vidareutdanning for PP-tenesta. Arbeidet tar utgangspunkt i dei behova PP-tenesta har for kompetanseheving innanfor definerte fagområde gitt av direktoratet. Tilbodet blir gitt i form av etterutdanning, regionale nettverk og ein nasjonal nettverkskonferanse.

I 2015 har Statped arbeidd vidare med satsinga Vi sprenger grenser som rettar seg mot barn, unge og vaksne med store samansette lærevanskar og utviklingshemmingar. Statped har prøvd ut ulike modeller i pilotprosjekt ved skolar, barnehagar og for foreldre/føresette. Evalueringa av pilotprosjekta viser at dei har vore vellykka. Statped vil nytte erfaringane frå pilotprosjekta til å utvikle vidare og styrke kvaliteten i dei fleirfaglege tenestene som blir ytte til PP-tenestene, barnehagar, skolar og føresette når det gjeld læring og utvikling hos barn og elevar med store samansette lærevanskar og utviklingshemmingar.

Statped har i 2015 utarbeidd modellar for opplæring for foreldre med barn innanfor målgruppene til Statped. Arbeidet skal bidra til at foreldre skal kunne delta i opplæringa av sine eige barn, og det skal bidra til eit likeverdig tilbod på tvers av bustad og fagområde. Pilotkurs startar opp i 2016.

Budsjettforslag for 2017

Etter den nemnde evalueringa av omstillinga av Statped vil departementet ha eit betre grunnlag for å gi føringar for vidare utvikling av Statped. Det er likevel klart at det for den vidare utviklinga av Statped framleis er viktig at verksemda siktar mot eit godt samarbeid med kommunar og fylkeskommunar, samt arbeider systemretta mot PP-tenestene for å utnytte og utvikle kompetansen i kvar region.

Statsbygg har varsla at Skådalen skole for døvblindfødte ikkje kan drive vidare i nåverande lokale. Departementet vil greie ut ulike alternativ i både statleg og kommunal regi og vere i dialog med Oslo kommune og brukarane om dette.

Når det gjeld A.C. Møller skole, har departementet og Trondheim kommune skrive ein intensjonsavtale på administrativt nivå om å overføre skoleverksemda frå staten til kommunen. Avtalen skal handsamast av politisk nivå både i kommunen og i departementet før den kan tre i kraft. Departementet og kommunen er einige om at skolen skal drivast vidare i nåverande lokale i to til tre skoleår. Det er òg einigheit om å styrke den kommunale teiknspråkkompetansen, sikre god samhandling mellom Statped og kommunen og sikre eit landsdekkande tilbod framover. Departementet tar sikte på å kompensere Trondheim kommune for kostnader til vidare drift av skolen med eit tilskott over kap. 230 post 01 i ein overgangsperiode på to år. Kompensasjonen vil svare til driftskostnadene til skolen ved overføringstidspunktet. Dersom ansvaret for heiltidsopplæringa blir overført til kommunen i tråd med intensjonsavtalen, vil Statped få i oppdrag å styrke det landsdekkande arbeidet sitt på teiknspråkfeltet på ulike vis.

Frå 2017 innfører regjeringa ein forenkla modell for premiebetaling til Statens pensjonskasse (SPK) for dei verksemdene som ikkje betaler premie i dag. Dette medfører ein auke av løyvinga på post 01 på 66,6 mill. kroner. Sjå hovudinnleiinga for nærare omtale.

Løyvingsforslaget for post 01 er redusert med 0,9 mill. kroner som følge av gevinstar ved overgangen til digital post til innbyggarar og næringsliv, jf. nærare omtale i hovudinnleiinga.

Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 230 post 01 med 4 mill. kroner for å effektivisere drifta av verksemda, som kjem i tillegg til den årlege reduksjonen som følge av avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma.

Samla foreslår departementet løyvingar til Statped på 760,7 mill. kroner i 2017.

Departementet foreslår at løyvinga over post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3230 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 3230 Statleg spesialpedagogisk støttesystem

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Inntekter frå oppdrag

45 044

61 289

45 625

02

Salsinntekter o.a.

18 357

14 755

10 092

Sum kap. 3230

63 401

76 044

55 717

Post 01 gjeld oppdragsverksemd som Statped utfører for kommunar, fylkeskommunar, høgskolar, universitet m.m. Post 02 gjeld sal av læremiddel, sal av elevprodukt, sal frå kantine, utleige av lokale, inntekter frå hjelpemiddeltilpassing og inntekter frå kurs.

Departementet foreslår å redusere løyvinga på post 02 med 5 mill. kroner for å redusere gebyra på lydbøker slik at dei berre dekker formidlingskostnader. Dette er i tråd med målsettinga i Meld. St. 18 (2010–2011) Læring og fellesskap på dette området.

Programkategori 07.30 Barnehagar

Utgifter under programkategori 07.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

231

Barnehagar

430 657

607 588

614 231

1,1

Sum kategori 07.30

430 657

607 588

614 231

1,1

Innleiing

Regjeringa ønsker at alle barn skal få ein god start i livet, og har klare ambisjonar om å utvikle barnehagen slik at alle barn får eit tilbod av god kvalitet. Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ta i vare barnas behov for omsorg og leik, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barna skal vere trygge, trivast, utvikle seg og lære innanfor den nordiske barnehagemodellen med sitt heilskaplege syn på leik og læring. Når barna startar på skolen, skal dei kunne norsk, kunne samarbeide med andre og ha lyst til å lære meir. Alle foreldre skal vite at barna deira har det godt i barnehagen, og ha tilgang på informasjon om kvaliteten på tilbodet. Dei tilsette er den viktigaste ressursen i barnehagen, og god kvalitet i barnehagen er avhengig av deira kompetanse. Regjeringa vil derfor føre vidare kvalitets- og kompetansetiltak retta mot barnehagesektoren.

For svært mange barn er barnehagen ein viktig barndomsarena her og nå, samstundes som barnehagen medverkar til å legge eit godt grunnlag for vidare utvikling og læring i skolealderen og seinare i livet. Gode barnehagar støttar barn ut ifrå dei individuelle føresetnadene hos barna og medverkar til utvikling som er tilpassa alderen og funksjonsevna til barna. Barnehagen kan dermed fange opp barn med særlege utfordringar på eit tidleg tidspunkt. Tidleg innsats kan vere avgjerande for korleis barnet trivst i barnehagen og korleis desse barna klarer seg seinare i livet. Regjeringa vil arbeide for eit rikt mangfald av barnehagar og sikre openheit om innhald og kvalitet, slik at foreldra og andre kan vurdere kvaliteten på tilbodet. Føreseielege rammevilkår skal medverke til mangfald og likeverd i barnehagesektoren.

Globalisering og auke i talet på innvandrarar har ført til at Noreg er blitt eit stadig meir fleirkulturelt land, noko som stiller store krav til korleis vi får til god integrering av innvandrarar og etterkommarane deira i kunnskapssamfunnet. Barnehagen er ein viktig danningsarena som skal møte barna med tillit og respekt, og som gjennom det arbeidet personalet gjer, bidrar til å fremme demokrati og likestilling og motarbeide alle former for diskriminering. Barnehagen er særleg viktig for læring av norsk som andrespråk, noko som bidrar til eit godt grunnlag før skolestart og dermed betre moglegheiter både for eit god læringsutbytte i utdanninga og for deltaking i arbeids- og samfunnsliv seinare. Eit godt utvikla språk er inngangsporten til venskap og leik mellom barn med ulik bakgrunn.

Barnehagane er først og fremst finansierte gjennom dei frie midlane til kommunane. I tillegg kjem foreldrebetalinga, som utgjer om lag 15 pst. av finansieringa. Enkelte tilskott og tildelingar blir finansierte over programkategori 07.30. Dette gjeld tilskott til samiske barnehageformål, jf. kap. 231 post 50, tilskott til tiltak for å styrke den norskspråklege utviklinga for minoritetsspråklege barn i barnehage, jf. kap. 231 post 63, tilskott for symjing i barnehagane, jf. kap. 231 post 70 og midlar til forsking, undersøkingar, utgreiingar, informasjonsarbeid og kvalitets- og kompetanseutvikling, jf. kap. 231 postane 21 og 51. Nærare informasjon om statistikk og ressursbruken i barnehagesektoren finst i kap. 231 og i del III, kap. 7 Ressursar i barnehagesektoren.

Hovudprioriteringar for 2017

Regjeringa har i den politiske plattforma si lova å løfte kvaliteten i barnehagane. Totalt totalt vil nærare 400 mill. kroner bli nytta til tiltak for å fremme kvaliteten i 2017. Ein offensiv kompetansepolitikk skal medverke til kvalitetsutvikling og redusere forskjellane mellom barnehagane. Regjeringa vil i 2017 føre vidare det prioriterte kompetanse- og kvalitetsarbeidet som har blitt vesentleg styrka i dei seinare åra, jf. strategien Kompetanse for framtidens barnehage, Strategi for kompetanse og rekruttering 2014–2020 . Departementet tar sikte på å revidere strategien i 2017.

Rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen er eit viktig styringsdokument som legg premissane for høg kvalitet på tilbodet. Departementet er i gang med ei grundig revidering som skal føre til ein ny rammeplan. Den nye rammeplanen skal etter planen tre i kraft frå hausten 2017 og vil mellom anna vere basert på forslaga i Meld. St. 19 (2015–2016) Tid for lek og læring. Bedre innhold i barnehagen og Stortinget si behandling av meldinga, jf. Innst. 348 S (2015–2016).

Regjeringa vil i løpet av våren 2017 sende på høyring eit forslag om bemanningsnorm. Regjeringa har som ambisjon at forslaget skal tre i kraft innan 2020.

Regjeringa vil i 2017 vurdere å prioritere ein større del av kompetansemidlane til vidareutdanning og utvikling av spisskompetanse for barnehagelærarar. Hausten 2016 blei det sett i gang nye vidareutdanningstilbod for barnehagelærarar, og i 2017 foreslår regjeringa å utvide tilbodet ved å opprette fleire studieplassar. I tillegg foreslår regjeringa å utvide tilbodet om vidareutdanning i praksisrettleiing for praksislærarane i barnehagelærarutdanninga. Vidare vil regjeringa vurdere å prioritere ein større del av kompetansemidlane til å utvide fagskoletilbodet for barne- og ungdomsarbeidarar i barnehagane.

For å styrke det faglege miljøet for barnehageforsking har departementet gitt Noregs forskingsråd i oppdrag å lyse ut midlar til eitt eller to nye forskingsmiljø for barnehagerelevant forsking. Departementet vil finansiere styrkinga med inntil 10 mill. kroner årleg i fem år.

Regjeringa foreslår å styrke satsinga på realfag i barnehagane og grunnopplæringa med 30 mill. kroner i 2017, jf. Programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Regjeringa foreslår ein vesentleg auke av satsinga på arbeidet mot mobbing og for eit betre læringsmiljø i 2017, jf. Programkategori 07.20. I budsjettforslaget har departementet sett av om lag 75 mill. kroner til dette – ein auke på rundt 35 mill. kroner frå 2016. Tiltaka omfattar mellom anna betre støtte og rettleiing til elevar og foreldre og meir kompetanse i barnehagar og skolar. Ein stor del av satsinga skal gå til å auke evna barnehagane og skolane har til å førebygge, avdekke og handtere mobbing. Dette vil omfatte både betre kompetanse om regelverk og praktisk mobbearbeid.

Regjeringa foreslår at maksimalprisen for eit ordinært heiltidstilbod i 2017 blir ført vidare på same reelle nivå som i 2016. Det gir ein maksimalpris på 2 730 kroner per månad og 30 030 kroner per år. Samtidig fører regjeringa vidare det nasjonale minstekravet til redusert foreldrebetaling som gjer at ingen familiar må betale meir enn seks pst. av samla skattbar inntekt for ein barnehageplass. Regjeringa fører også vidare ordninga med gratis kjernetid for tre-, fire- og femåringar i familiar med låg inntekt. Regjeringa foreslår å auke løyvingane til kommunane med 29 mill. kroner i 2017 for å dekke heilårseffekten av å utvide ordninga til treåringar i 2016. Inntektsgrensa frå 1. august 2017 er foreslått prisjustert til 428 000 kroner.

Tilstandsvurdering

Mål: Barnehagar med høg kvalitet som fremmer trivsel, leik og læring

Kunnskap om barnehagen

Kunnskapsomfanget på barnehageområdet har blitt styrka og systematisert i dei seinare åra. Dette omfattar statistikk frå barnehagane gjennom rapporteringssystemet BASIL, tilsynet som fylkesmannen fører, og ei årleg spørjing til Barnehage-Noreg (barnehagestyrarar, eigarar og kommunane som barnehagemyndigheit) om utvalde tema. I tillegg kjem ulike forskingsoppdrag, undersøkingar og evalueringar som departementet og direktoratet har initiert. Omfanget av den norske barnehageforskinga har auka mykje i dei seinare åra. Også nordisk forsking har stor overføringsverdi for norske forhold. Utdanningsdirektoratet har ansvaret for å gi barnehagesektoren oppdatert informasjon om statistikk og forskingsresultat, jf. kap. 220.

Forskingsfunna viser at kompetansen til dei tilsette er viktig for kvaliteten på tilbodet, og at det særleg er kvaliteten på relasjonane og samhandlinga mellom barn og vaksne, og også mellom barna, som er viktig for trivsel, utvikling og læring. Ulike foreldreundersøkingar viser at eit stort fleirtal av foreldra er svært nøgde med barnehagetilbodet. Når barna sjølve blir spurde om kor godt dei trivst i barnehagen, er svara noko meir varierte. I fleire norske undersøkingar seier nokre barn at dei ikkje trivst så godt, og at dei blir erta og plaga av andre barn. Sett i samanheng med undersøkingar om mobbing og utestenging frå leik gir dette eit bilde av at det i ein del barnehagar må gjerast ein innsats for at alle barn skal ha eit godt leike-, omsorgs- og læringsmiljø.

Samfunnsøkonomiske analysar viser at det er lønnsamt for samfunnet å satse på god kvalitet i barnehagen, mellom anna som eit tidleg førebyggande tiltak for barn med særlege behov og sårbare barn. Tidleg innsats gir ikkje berre barn eit betre liv her og nå ved at barnet får hjelp og støtte, men kan òg gjere at det ikkje blir nødvendig med dyrare kompenserande tiltak seinare. For meir detaljert omtale av forsking på barnehageområdet viser departementet til Meld. St. 19 (2015–2016) Tid for lek og læring. Bedre innhold i barnehagen .

Det auka kunnskapsomfanget på barnehageområdet i dei seinare åra har gitt meir kunnskap om korleis barnehagen påverkar barn, kva som er kjenneteikn på god kvalitet på tilbodet, kva for kvalitetsforskjellar som finst i norske barnehagar, og konsekvensane av desse, særleg for sårbare barn. Regjeringa meiner at det auka kunnskapsomfanget medverkar både til kompetanseutvikling for dei tilsette i heile barnehagesektoren og til eit betre grunnlag for faglege og politiske avgjerder som gjeld styringa av sektoren.

Personaltettleiken i barnehagen

Det er fagleg einigheit blant forskarar om at både kompetansen til dei tilsette og talet på tilsette er viktig for trivselen og utviklinga til barna. Barnehagelova stiller ikkje konkrete krav til personaltettleiken i barnehagen, men seier dette: «Bemanningen må være tilstrekkelig til at personalet kan drive en tilfredsstillende pedagogisk virksomhet.» Barnehageeigaren er ansvarleg for å sikre ei pedagogisk forsvarleg bemanning, og kommunen som barnehagemyndigheit er ansvarleg for å føre tilsyn med om lovkravet er oppfylt. Både tradisjonelt og i den offentlege debatten i dei seinare åra har det vore lagt til grunn at norma bør vere éin vaksen per tre barn under tre år og éin vaksen per seks barn over tre år, jf. mellom anna tilrådinga frå det statleg oppnemnde barnehageutvalet i NOU 2012: 1 Til barnas beste. Ny lovgivning for barnehagene .

I 2015 var det på nasjonalt nivå i gjennomsnitt 6,04 barn per årsverk i barnehagen. Dette er ei betring frå 6,15 barn per årsverk i 2012 (korrigert for alder og opphaldstid). Personaltettleiken er altså tilfredsstillande i gjennomsnitt. Samstundes er det store forskjellar mellom dei enkelte barnehagane. I 2015 hadde dei ti pst. barnehagane med lågast personaltettleik fleire enn 6,7 barn per årsverk, mens dei ti pst. barnehagane med høgst personaltettleik hadde færre enn 5,1 barn per årsverk. Årsverka omfattar pedagogiske leiarar og både faglærte og ufaglærte assistentar. Det er noko høgre personaltettleik i kommunale barnehagar (5,93 barn per årsverk) enn i ikkje-kommunale barnehagar (6,15 barn per årsverk).

Kompetansen til personalet i barnehagen

Omtalen nedanfor av personalet i barnehagen omfattar alle tilsettegruppene i barnehagen med unntak av merkantilt/administrativt personale, reingjeringspersonale og vaktmeistrar. Departementet skil mellom såkalla barnehagefagleg kompetanse (utdanning som barnehagelærar eller tilsvarande pedagogisk utdanning med tilleggskompetanse i barnehage) og barnefagleg kompetanse (utdanning som gir kunnskap om utviklinga og behova til barn, som anna pedagogisk utdanning eller fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar). Grunnbemanninga i barnehagen omfattar pedagogiske leiarar og assistentar. Assistentane er ei samansett gruppe som omfattar både personar med pedagogisk utdanning, fagarbeidarar og ufaglærte.

Eit av hovudfunna i internasjonal forsking på barnehagekvalitet viser at kompetansen til personalet i barnehagen er den viktigaste enkeltfaktoren for trivselen og utviklinga til barna. I 2015 var det 36,2 pst. av dei tilsette i grunnbemanninga (pedagogiske leiarar og assistentar) som hadde barnehagelærarutdanning, mot 34,3 pst. i 2014. Regjeringa er tilfreds med at den positive utviklinga held fram, og legg til grunn at dette vil medverke til at barnehagen gir eit betre tilbod. Samtidig er det store variasjonar mellom barnehagane. Dei ti pst. barnehagane med lågast pedagogtettleik i grunnbemanninga (21,6 barn per barnehagelærar) har over dobbelt så mange barn per barnehagelærar som dei ti pst. barnehagane med høgst pedagogtettleik i grunnbemanninga (ti barn per barnehagelærar).

Barnehagelova set krav om at styraren i barnehagen skal ha utdanning som barnehagelærar eller anna høgskoleutdanning som gir barnefagleg og pedagogisk kompetanse. Kommunen kan gi dispensasjon frå utdanningskravet til styrarar dersom det ikkje er mogleg å skaffe kvalifiserte søkarar. Delen styrarar med dispensasjon frå utdanningskravet har vore stabilt låg i dei siste åra og var i 2015 på 0,8 pst., ein liten nedgang frå 1,1 pst. i 2014. Regjeringa er tilfreds med at delen har blitt så låg at berre éin av hundre styrarar er omfatta av dispensasjon, sjølv om målet er at alle skal oppfylle utdanningskravet.

I tillegg til krav til styraren, set barnehagelova krav om at pedagogisk leiar skal ha utdanning som barnehagelærar, eller ha anna pedagogisk utdanning på høgskolenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk. Pedagognorma i barnehagelova seier at det skal vere minimum éin pedagogisk leiar per 14–18 barn når barna er over tre år, og éin pedagogisk leiar per sju–ni barn når barna er under tre år og den daglege opphaldstida for barna er over seks timar. Kommunen kan gi dispensasjon frå utdanningskravet til pedagogiske leiarar dersom det ikkje er mogleg å skaffe kvalifiserte søkarar. Delen pedagogiske leiarar utan godkjent utdanning var på 7,7 pst. i 2015 mot 9,7 pst. i 2014 og 17,5 pst. i 2007. Regjeringa er tilfreds med at utviklinga held fram med å gå i riktig retning.

I 2015 oppfylte 70 pst. av dei ordinære barnehagane pedagognorma utan å bruke dispensasjon frå utdanningskravet, mot 55 pst. i 2014. Dette er ei svært positiv utvikling. Utrekningar frå Utdanningsdirektoratet viser at barnehagane i 2015 mangla om lag 2 200 barnehagelærarar for å oppfylle pedagognorma utan bruk av dispensasjonar. Mangelen har vore kraftig redusert i dei siste åra, frå 3 700 i 2014 og frå heile 7 300 i 2009. Regjeringa er svært nøgd med den positive utviklinga.

I samband med behandlinga av Dokument 8:101 S (2014–2015) fatta Stortinget oppmodingsvedtak nr. 39, 24. november 2015, jf. Innst. 47 S (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen fjerne kommunens mulighet til å gi varige dispensasjoner fra dagens krav om barnehagelærerutdanning for pedagogiske ledere.»

Kunnskapsdepartementet har følgt opp vedtaket gjennom oppheving av den tidlegare føresegna i ny forskrift fastsett 30. juni 2016 nr. 930 med verknad frå 1. august 2016. Det er dermed ikkje lenger mogleg for barnehageeigar å gi varig dispensasjon frå utdanningskravet om barnehagelærarutdanning for pedagogiske leiarar og styrarar.

Assistentane utgjer 52 pst. av personalet. Dette er ei samansett gruppe som varierer mykje i både alder, yrkeserfaring og realkompetanse. Barnehagelova har ingen krav til kompetansen til assistentane, og kompetansen varierer frå å vere barnehagelærar til ingen formell kompetanse. Stadig fleire barnehagar tilset fagarbeidarar som har fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget. I 2015 hadde 30 pst. av assistentane fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget mot 27 pst. i 2014. Regjeringa er nøgd med at også denne delen stig, og legg til grunn at dette vil medverke til at barnehagen gir eit betre tilbod. Av dei andre assistentane, som utgjer høvesvis 70 pst. av assistentgruppa og 36 pst. av dei tilsette, har nokre barnehagelærarutdanning eller anna pedagogisk utdanning, men dei fleste har inga formell utdanning for å arbeide med barn. Kompetansesatsinga legg til rette for at også denne delen av personalet kan få tilbod om kompetanseutvikling.

Kompetanseutvikling

Forskingsgrunnlaget viser at kompetansen til personalet i barnehagen er den viktigaste enkeltfaktoren for trivselen og utviklinga til barna. I 2015 blei det nytta 257 mill. kroner til kvalitets- og kompetanseutviklingstiltak på barnehageområdet. Utdanningsdirektoratet har ansvaret for oppfølginga av Kompetanse for framtidens barnehage, Strategi for kompetanse og rekruttering 2014–2020. Strategien omfattar eit system for kompetanseutvikling med ei rekke tiltak retta mot alle grupper tilsette som arbeider med barna. For nærare omtale av midlar og deltakartal, sjå kap. 231 Barnehagar post 21 Særskilde driftsutgifter.

Trøndelag Forskning og Utvikling evaluerer kompetansestrategien, og ein første delrapport blei publisert i august 2016. Om lag halvparten av styrarane kjenner godt til strategien, og dei opplever at strategien er romsleg, langsiktig, heilskapleg og i samsvar med tidlegare føringar. Dei er ikkje nøgde med finansieringa, særleg at det ikkje er gitt midlar til vikar, og at det har vore korte fristar for å søke om utdanningsstipend. Strategien har ført til at éin av tre kommunar har gjennomført ny kartlegging av kompetanse, og kommunane meiner at strategien har vore lett å tilpasse til det eksisterande planleggings- og utviklingsarbeidet deira.

I tillegg til den ordinære barnehagelærarutdanninga, er det to viktige kompetanseutviklingstilbod som kan medverke til å gi fleire barnehagelærarar i barnehagen: arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU) og tilleggsutdanning i barnehagepedagogikk (TIB) for personar med anna pedagogisk utdanning frå før. ABLU er eit tiltak der både faglærte og ufaglærte assistentar får tilbod om å ta barnehagelærarutdanninga på deltid mens dei arbeider i barnehagen. Studiet medverkar til å rekruttere studentar som ikkje har høve til å ta utdanninga på heiltid. I tillegg bidrar studiet til å rekruttere studentar med høg motivasjon fordi dei gjennom å ha arbeidd i barnehage har god kjennskap til kva yrket går ut på. Dette er viktig med tanke på å unngå fråfall frå yrket. TIB er eit deltidsstudium på 60 studiepoeng retta mot personale med anna treårig pedagogisk høgskoleutdanning, som allmennlærar/grunnskolelærar, faglærar, spesialpedagog og barnevernspedagog. Fullført studium gir kompetanse som kvalifiserer til stilling som pedagogisk leiar i barnehagen. Studiet medverkar dermed til å redusere mangelen på pedagogiske leiarar gjennom at andre pedagoggrupper får kompetanse på barnehagefeltet. For nærare omtale av midlar og deltakartal, sjå kap. 231 post 21.

I delrapporten som er utarbeidd av Trøndelag Forskning og Utvikling, er det òg omtale av ei deltakarundersøking blant studentar på TIB og ABLU. Deltakarane opplever at barnehageeigaren oppfordrar til studium, men at det ikkje blir følgt opp med praktisk og økonomisk tilrettelegging. I etterkant av at undersøkinga blei gjennomført, er det oppretta ei statleg stipendordning. Deltakarundersøkinga viser vidare at ABLU når ei anna gruppe deltakarar enn studentane på den ordinære barnehagelærarutdanninga, og at dei har lang erfaring dei kan nytte i studiet. ABLU-deltakarane opplever arbeidsplassen som ein mindre tilrettelagd læringsarena enn deltakarane på TIB. Deltakarane har høge forventningar til ABLU og TIB, men får dei i mindre grad innfridde enn på den ordinære barnehagelærarutdanninga. Departementet vil ta omsyn til desse funna i arbeidet med revidert kompetansestrategi.

Barnehagane har ikkje tidlegare fått statleg støtte til å legge til rette for at tilsette kan delta i vidare- og etterutdanningstilbod. Manglande tilrettelegging, både økonomisk og praktisk, har vore blant årsakene til låg deltaking i og fråfall frå aktuelle studietilbod. Regjeringa innførte derfor hausten 2015 ei ordning med stipend for tilsette i barnehagen som tar enten arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU) eller tilleggsutdanning i barnehagepedagogikk (TIB). Om lag 1 000 deltakarar fekk stipend for studieåret 2015–16, og alle som søkte, fekk søknaden innvilga. Utforminga av ordninga viste seg å ha nokre utfordringar, mellom anna at det var lite rom for barnehageeigaren for koordinering av arbeidet med kompetanse i den enkelte barnehage. Ordninga er derfor endra for studieåret 2016–17 ved at det er barnehageeigarar som mottar midlar som kan nyttast til vikar og støtte til tilsette som tar vidareutdanning, jf. kap. 231 post 21.

God leiing av barnehagen er viktig for kvaliteten på tilbodet til barna. For å auke leiarkompetansen finansierer departementet eit tilbod om leiarutdanning for barnehagestyrarar i perioden 2014–17. Tiltaket er eit studium på mastergradsnivå som går over tre semester ved seks universitet og høgskolar. For nærare omtale av midlar og deltakartal, sjå kap. 231 post 21.

For å styrke omfanget av og kvaliteten på rettleiingsordninga for nyutdanna barnehagelærarar har Utdanningsdirektoratet tildelt midlar til drift og vidareutvikling av igangsette tiltak for rettleiing. Tiltaka blir drivne av lærarutdanningane ved universitet og høgskolar og omfattar mellom anna informasjons- og motivasjonsarbeid retta mot leiarar og eigarar. Ordninga blir evaluert av direktoratet, og sluttrapport skal ligge føre i desember 2016.

Pedagogisk utviklingsarbeid i barnehagen (såkalla PUB-studium) er ei vidareutdanning på deltid for barnehagelærarar som arbeider i barnehage. PUB-studium er på 30 studiepoeng og skal medverke både til at barnehagelærarane får fagleg påfyll, og til å rekruttere og halde på erfarne barnehagelærarar i barnehagen. Tilbodet omfattar mellombelse studieplassar med innretning knytt til prioriterte satsingsområde i kompetansestrategien. For nærare omtale av midlar og deltakartal, sjå kap. 231 post 21.

For å auke delen fagarbeidarar i grunnbemanninga gir departementet midlar slik at erfarne assistentar gjennom praksiskandidatordninga får moglegheit til å gå opp til fagprøva i barne- og ungdomsarbeidarfaget for å formalisere realkompetansen sin. Departementet gir òg midlar til tilbod som skal sikre at fleire ufaglærte assistentar får eit minimum av barnehagefagleg grunnkompetanse og betre forståing av innhaldet i og ansvaret i samband med arbeidet.

Kompetansehevingsstudiet for assistentar er eit deltidsstudium på 15 studiepoeng. Studiet skal bidra til både å rekruttere nye og halde på erfarne assistentar som allereie arbeider i barnehagen. I tillegg kan studiet motivere assistentar til å ta fagprøva i barne- og ungdomsarbeidarfaget eller starte på arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU).

I kompetansestrategien er eitt av tiltaka utvikling av fagskoleutdanning i oppvekstfag. Dette er eit tilbod om vidareutdanning for barne- og ungdomsarbeidarar som jobbar i barnehage. Fagplanen for studiet «Barn med særskilte behov» blei godkjent av NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga) i 2013 og oppdatert med beskrivingar av læringsutbytte i 2015. Utdanningsdirektoratet gir midlar til totalt 260 plassar på dette studiet ved fire fagskolar gjennom fireårige kontraktar for perioden 2016–20. I 2015 godkjente også NOKUT fagplanar for studia «Arbeid med språk, flerspråklighet og flerkulturell kompetanse i barnehagen» og «Arbeid med de yngste barna (0–3 år) i barnehagen». Regjeringa er tilfreds med at fagskoletilbodet for barne- og ungdomsarbeidarane er i utvikling.

Arbeidet med minoritetsspråklege barn og fleirkulturalitet er eit område der barnehagepersonalet ofte etterspør meir kompetanse, og departementet finansierer satsinga Kompetanse for mangfold for perioden 2013–17, jf. omtale under kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa post 21 Særskilde driftsutgifter. Satsinga er ei oppfølging av Meld. St. 6 (2012–2013) En helhetlig integreringspolitikk. Mangfold og fellesskap og skal medverke til at tilsette i barnehagane og grunnopplæringa får auka kompetansen sin på det fleirkulturelle området. Utdanningsdirektoratet har ansvaret for gjennomføringa. Målgruppa omfattar også barnehage- og skoleeigarar og kommunen som barnehagemyndigheit. Lærarutdanningane tilbyr kompetanseheving til målgruppa samtidig som dei utviklar sin eigen kompetanse på det fleirkulturelle området. Ein stor del av Kompetanse for mangfold blir gjennomført som barnehagebasert og skolebasert etterutdanning. I 2015 blei det brukt 23 mill. kroner til satsinga over kap. 226 post 21, og om lag 60 barnehagar i Nord-Trøndelag, Nordland, Oppland, Buskerud og Finnmark deltok. Det er òg utvikla to tilbod om vidareutdanning retta mot pedagogar i barnehagen. NIFU gjennomfører ei følgeevaluering av satsinga, og sluttrapport kjem i februar 2018.

Språkkompetansen til dei tilsette er viktig for at barna skal få eit rikt og variert språkmiljø, og i arbeidet med å støtte og stimulere den norskspråklege utviklinga hos barna. Tal frå Statistisk sentralbyrå frå 2015 viser at om lag 9 500 personar, i overkant av 16 pst. av assistentane i barnehagen er innvandrarar. Norskfødde med innvandrarforeldre utgjer mindre enn ein pst. av assistentane. Utdanningsdirektoratets spørjing til Barnehage-Noreg i 2015 viste at 15 pst. av dei tilsette, målt etter heiltidsstillingar, har eit anna førstespråk enn norsk. Av dei barnehagane som har minst éin tilsett med eit anna førstespråk enn norsk, har éin av tre styrarar i løpet av det siste året opplevd at minst éin av desse tilsette har hatt utilstrekkelege norskkunnskapar til å kommunisere godt med barn, foreldre eller kollegaer.

Den nye barnehagelærarutdanninga (BLU) som blei innført i studieåret 2013–14, blir følgt av ei følgegruppe som er nemnd opp av departementet. Gruppa har mandat fram til sommaren 2017 og skal både vurdere utviklinga og gi rettleiing til utdanningsinstitusjonane i omleggingsprosessen. Første delrapport frå 2014 viste mellom anna at nye BLU blei opplevd som eit stort og omfattande reformarbeid. Vidare peika rapporten på at innhaldet i BLU i varierande grad var kjent for praksislærarane, og at dei må få rettleiarkompetanse. Andre delrapport frå 2015 viser mellom anna at når institusjonane skal utvikle kvart kunnskapsområde vidare og sjå til at kunnskapsområda heng saman i innhald, så stiller dette store krav til samordning og leiing. Utdanningsinstitusjonane har lagt ned mykje ressursar i å utvikle eit variert tilbod om fordjupingseiningar det tredje året i utdanninga, men har i varierande grad planar om å utvikle nye mastergradstilbod tilpassa den nye barnehagelærarutdanninga. Vidare viser rapporten at institusjonane har problem med å rekruttere kompetente personar til BLU, særleg på professor- og dosentnivå. Ein tredje delrapport i 2016 gav ei vurdering av det nasjonale BLU-tilbodet sett opp mot nasjonale og regionale behov for barnehagelærarar, der hovudkonklusjonen er at vi er på veg mot full dekning i samsvar med kravet som er sett i pedagognorma.

Utdanningsdirektoratet har sidan 2014 publisert eit magasin for å bidra til å spreie informasjon om kompetansetiltak for alle grupper tilsette i barnehagen. Magasinet inneheld òg fagleg påfyll, som artiklar om viktige fagområde og utfordringar dei tilsette kan møte i arbeidskvardagen. Ei evaluering gjennomført av Opinion våren 2016 viser at både styrarar, pedagogar og assistentar meiner at magasinet er relevant, og at det medverkar til yrkesstolthet, refleksjon og faglege diskusjonar. Eit interessant funn er at assistentane omtaler magasinet som ei kjelde til å få fagleg påfyll, slik at dei kan delta i faglege diskusjonar med pedagogane.

Rekruttering av kompetent personale

Barnehagelærarstudiet er ei treårig utdanning på bachelornivå. Hausten 2015 gjekk 8 031 studentar på barnehagelærarstudiet, mot 7 830 studentar i 2014. Talet på kandidatar som blei uteksaminerte frå barnehagelærarutdanninga, viser ein auke frå 1 862 kandidatar i 2014 til 2 084 kandidatar i 2015.

Talet på kvalifiserte søkarar som har barnehagelærarstudiet som førstevalet sitt, var om lag 2 660 personar i 2016 mot om lag 2 450 i 2015, altså ein auke på om lag 210 søkarar. Regjeringa er svært nøgd med at talet har stige så mykje. I tillegg kjem søkarar som har barnehagelærarstudiet lenger ned på prioriteringslista si. For studieåret 2016–17 er det gitt tilbod om studieplass til 3 742 studentar, ein auke på 307 studentar frå studieåret 2015–16, da talet var 3 435. Utdanningsinstitusjonane gir tilbod til fleire personar enn det er plass til, dette fordi det av erfaring alltid er ein del som takkar nei til studieplass.

SSBs framskrivingar LÆRERMOD i 2015 viser at med pedagogtettleiken i dag vil mangelen på barnehagelærarar bli dekt i løpet av få år. NOVA-rapporten «Barnehagelærerne – Yrkesgruppen som sluttet å slutte» frå 2015 peiker på at stadig fleire barnehagelærarar jobbar i barnehage, og at dei er den mest stabile yrkesgruppa i barnehagane. Regjeringa er svært nøgd med at både framskrivingar, statistikk og rapportar peiker på trendar som tilseier at det er i ferd med å bli utdanna nok barnehagelærarar til å oppfylle minimumskravet til pedagogisk bemanning.

Leike-, omsorgs- og læringsmiljøet i barnehagen

I Meld. St. 19 (2015–2016) viste regjeringa til at ei av dei største utfordringane på barnehageområdet, er at ikkje alle barn opplever eit trygt og inkluderande leike-, omsorgs- og læringsmiljø i barnehagen. Forskinga viser at mange barnehagar driv eit systematisk og godt relasjonsarbeid, men nokre undersøkingar peiker på at fleire barnehagar ikkje arbeider godt nok med å støtte leiken og fremme gode relasjonar mellom barna. Nokre barn fell utanfor leike- og læringsfellesskapet og treng hjelp og støtte for å meistre dei sosiale kodane som trengst for å få vere med i leiken.

Ikkje alle barn trivst i barnehagen. Nokre barn manglar ein ven å leike med dagleg, og nokre barn opplever mobbing, plaging, erting eller utestenging frå leiken. Dette er alvorleg for dei barna det gjeld. Forsking viser at barn som blir utestengde frå leik, ofte manglar leikekompetanse og språk- og kommunikasjonsdugleikar. Vidare viser forsking at eit barn som fell utanfor, lettare blir oversett og definert negativt av dei tilsette i barnehagen. Regjeringa meiner at det å arbeide for eit godt leike-, omsorgs- og læringsmiljø, er ei av kjerneoppgåvene til barnehagen.

Barn med særlege behov

Barn med særlege behov er ei samansett gruppe. Mange av desse barna har nedsett funksjonsevne, som kan omfatte fysiske funksjonshemmingar, utviklingshemmingar, språk- og talevanskar, åtferdsvanskar og psykiske lidingar. Samtidig treng det ikkje ligge til grunn ein diagnose, for særlege behov kan innebere at barnet har eit behov som er meir omfattande enn vanleg for alderen. Den vide definisjonen gjer det vanskeleg å vurdere kvaliteten på det tilbodet barnehagen gir til barn som kan seiast å ha særlege behov.

Barn under opplæringspliktig alder som har eit særleg behov for spesialpedagogisk hjelp, har rett til slik hjelp etter § 5-7 i opplæringslova. Retten gjeld uavhengig av om barnet går i barnehage eller ikkje. Det er kommunen som skal oppfylle retten, og den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT) er den sakkunnige instansen som skal vurdere behovet. Foreldra må gi samtykke til både vurdering av og tilbod om spesialpedagogisk hjelp. Det er ikkje noko krav om individuell opplæringsplan (IOP) for barn i barnehagealderen sidan det ikkje ligg føre noka opplæringsplikt for desse barna. Det er heller ikkje noko krav at den spesialpedagogiske hjelpa skal bli gitt i barnehagen. Det avgjerande er kva for behov barnet har, og korleis dette behovet kan bli møtt på best mogleg vis. Det er viktig at kommunen i sitt enkeltvedtak tar stilling til kven som skal gi hjelpa, og korleis hjelpa skal organiserast. Utdanningsdirektoratet har rettleiingsmateriale om spesialpedagogisk hjelp på nettsidene sine.

Delen barn i barnehage som får spesialpedagogisk hjelp etter § 5-7 i opplæringslova, har auka litt i dei siste åra, frå 2,1 pst. i 2007 til 2,8 pst. i 2015, noko som i 2015 omfattar i underkant av 7 950 barn. Den spesialpedagogiske hjelpa i barnehagen er ofte knytt til utfordringar med språkutvikling og åtferdsvanskar.

Fylkesmannen er klageinstans for klager som gjeld mellom anna retten til spesialpedagogisk hjelp for barn under skolepliktig alder heimla i opplæringslova § 5-7 og rett til teiknspråkopplæring etter § 2-6 tredje ledd. Fylkesmannen behandla i 2015 totalt 71 klager som gjaldt desse områda, 70 klager etter § 5-7 og ei klage etter § 2-6. Dette er tilsvarande nivå som i 2014, da det totalt var 69 klager.

Regjeringa er opptatt av å få meir kunnskap for å kunne vurdere om barnehagen gir eit kvalitativt godt tilbod til barn med særlege behov. På oppdrag frå Utdanningsdirektoratet har NTNU Samfunnsforskning i samarbeid med Trøndelag Forskning og Utvikling og NIFU gjennomført ei undersøking om barn med særlege behov. Sluttrapporten blei lagd fram i januar 2016, og undersøkinga viser at det ikkje er signifikante forskjellar i den kommunale ressursbruken til barn med særlege behov før og etter overgangen til rammefinansiering i 2011, noko regjeringa meiner er positivt. Forskarane vurderer at det ikkje er gode nok rutinar og system for å registrere vansketypar og spesialpedagogisk hjelp. Undersøkinga viser at barn utan klare diagnosar opplever noko lengre saksbehandlingstid. Regjeringa har merka seg at det er utfordringar på dette feltet.

Regjeringa la våren 2016 fram Prop. 103 L (2015–2016) Endringer i barnehageloven og opplæringslova (spesialpedagogisk hjelp, kortere ventetid for barnehageplass m.m.). Proposisjonen blei behandla i Stortinget våren 2016, jf. Innst. 338 L (2015–2016), og lovendringane tredde i kraft frå 1. august 2016. Endringane omfattar mellom anna følgande tiltak som gjeld barn med særlege behov:

  • Reguleringa av retten til spesialpedagogisk hjelp blir flytt frå opplæringslova til barnehagelova. Dette vil gi ei meir logisk og brukarvennleg plassering i regelverket.

  • Kommunen si plikt til å legge til rette for barn med nedsett funksjonsevne i barnehage skal følge av barnehagelova. Barn og foreldre får klagerett til fylkesmannen.

  • Barn med vedtak om spesialpedagogisk hjelp eller teiknspråkopplæring som flytter til ny kommune, får rett etter tidlegare vedtak fram til ny kommune gjer nytt vedtak. Endringa vil sikre at barn ikkje opplever lange avbrot i nødvendig tilbod.

  • Kommunen si pedagogisk-psykologiske teneste (PP-tenesta) får plikt til å arbeide systemretta mot barnehagane, dette for å sikre at flest mogleg barn får eit godt tilbod.

  • For barn som går i barnehage, skal PP-tenesta vurdere kvaliteten på det ordinære barnehagetilbodet og kva nytte barnet har av det når PP-tenesta skal vurdere barnet sitt behov for spesialpedagogisk hjelp.

Med desse endringane har regjeringa styrka tilbodet til barn med særlege behov gjennom å klargjere og styrke rettene deira i lovverket. I tillegg vil dei nye pliktene til PP-tenesta medverke til at fleire barn med særlege behov får eit godt tilbod i barnehagen.

Ei kunnskapsoversikt våren 2016 om forsking på tiltak for barn med spesifikke språkvanskar er med på å understreke kor viktig språkarbeidet i barnehagen er for barn med særlege behov. Termen spesifikke språkvanskar blir brukt om vedvarande språkvanskar som ikkje kan forklarast med andre former for funksjonsnedsetting, og der det er eit misforhold mellom språklege dugleikar og andre dugleikar. Ifølge kunnskapsoversikta har sju pst. av femåringane slike vanskar. Det er brei einigheit om at barn med spesifikke språkvanskar har større risiko for leserelaterte vanskar seinare i skolen. Språkvanskar gjer det vanskelegare med god kommunikasjon og samhandling med andre, og mykje tyder på at barn med språkvanskar har høgre risiko for psykososiale problem seinare i livet. Rapporten peiker på at ein viktig faktor i språkarbeidet er å gi personalet god opplæring om spesifikke språkvanskar, slik at dei kan oppdage barn med dette og sette inn tiltak.

Barnehagen er ein viktig språkarena for alle barn, særleg for barn som av ulike årsaker er forseinka i språkutviklinga, og for barn med eit anna morsmål enn norsk. Gode språklege dugleikar legg grunnlaget for framtidig læring og deltaking i både grunnopplæringa og samfunnslivet. Den spesialpedagogiske hjelpa til barn i barnehage er ofte knytt til utfordringar med språkutvikling og åtferdsvanskar. Utdanningsdirektoratet har utvikla fleire ressursar til støtte for språkarbeidet, og de nasjonale sentera bidrar også med ressursar og materiell. Det er svært gode erfaringar med bruk av støtteressursar for språkarbeidet i barnehagen. Undersøkingar viser at desse i stor grad har vore nyttige i barnehagebasert vurdering og refleksjon.

Arbeid mot omsorgssvikt, vald og overgrep

Dei tilsette i barnehagen har opplysningsplikt til barnevernet når det er grunn til å tru at eit barn blir mishandla i heimen, eller det ligg føre andre former for alvorleg omsorgssvikt, eller når eit barn har vist vedvarande alvorlege åtferdsvanskar. Statistisk sentralbyrå (SSB) fører statistikk over alle undersøkingar som barnevernet har starta og/eller avslutta i løpet av året, og kven som har meldt saka. Tal for 2015 viste at av 11 693 påbegynte undersøkingar for barn i alderen 1–5 år, hadde barnehagen meldt 1 963 eller 16,8 pst. av sakene. Tilsvarande tal for 2014 var 1 970 saker av 11 514, altså 17,1 pst. Fordelinga på små og store barn viste at barnehagen i 2015 melde 6,5 pst. (263 av 4 041 saker) av påbegynte undersøkingar for barn i alderen 1–2 år og 22,2 pst. (1 700 av 7 652 saker) av påbegynte undersøkingar for barn i alderen 3–5 år. Regjeringa tar til etterretning at barnehagen melder 17 pst. av sakene for barn i alderen 1–5 år, og vil følge med på utviklinga.

Ei spørjeundersøking utført av Ipsos MMI på oppdrag frå Redd Barna i 2015 viste at 49 pst. personleg kjente nokon som har vore utsett for seksuelle overgrep som barn. Regjeringa ser svært alvorleg på dette, og meiner at barnehagen har ei viktig rolle i arbeidet mot vald og overgrep mot barn.

Regjeringa har tidlegare lagt fram tiltaksplanen En god barndom varer livet ut for perioden 2014–17 for å motarbeide vald og seksuelle overgrep mot barn og unge. Eit av tiltaka er å sikre at kunnskap om vald og seksuelle overgrep inngår og blir lagd vekt på i lærarutdanningane. Barnehagelærarutdanninga (BLU) har mangla tydelege føringar på dette, og regjeringa har derfor endra forskrifta om rammeplan for BLU. Endringa, som gjeld frå 1. august 2016, skal sikre at studentane har fått kunnskap om barn i vanskelege livssituasjonar, medrekna kunnskap om vald og seksuelle overgrep, at studentane kan identifisere teikn på vald og overgrep, og at dei på bakgrunn av faglege vurderingar raskt skal kunne sette i verk nødvendige tiltak og samarbeide med andre fagmiljø til beste for barnet.

I det siste året har det vore fleire tilfelle av seksuelle overgrep der tilsette i barnehagar har forgripe seg på barnehagebarn. Regjeringa ønsker å gjere alt for at slikt ikkje skal skje, og har allereie gjennomført fleire tiltak. Frå 1. desember 2015 tredde ny forskrift om politiattest for nye tilsette i barnehagar i kraft. Politiattesten gir meir informasjon enn tidlegare og viser om personen har vore sikta, tiltalt, fått førelegg eller vore dømd for seksualbrot, mishandling, vald, ran og narkotikabrot. Personar som har vore dømde for seksuelle overgrep mot mindreårige, har yrkesforbod. Den nye forskrifta gjer at barnehageeigaren må vurdere om andre forhold enn seksuelle overgrep mot mindreårige gjer personen ueigna til å arbeide i barnehage. Forskrifta strammar òg inn regelverket på enkelte punkt, som at personar i kortvarige vikariat ikkje lenger slepp å levere politiattest. Forskrifta gjer det òg mogleg for eigaren å få oppdaterte opplysningar frå politiet om tilsette som allereie arbeider i barnehagen. Samla sett skal den nye forskrifta medverke til at barnehagen er ein trygg stad å vere for alle barn.

Ulykker i barnehagar

Oslo universitetssjukehus og Helsedirektoratet gav i 2016 saman ut rapporten Barnehage- og skoleskader i Oslo 2015 . Rapporten omfatta 1 705 skadar i barnehagar i Oslo. Delen skadar som skjer i barnehage, aukar gradvis, frå 19 pst. for eittåringar til litt over 40 pst. for fire- og femåringar av det totale talet skadar i aldersgruppa. Fordelinga av skadar inne og ute er den same. Av skadane i barnehagar var ein relativt stor del sårskadar og hovudskadar. Det store fleirtalet av skadar i barnehage blei definert som liten (88 pst.) eller moderat skade (elleve pst.). 70 pst. av skadane i barnehage skjedde mens vaksne observerte kva som hende.

Mål: Eit tilgjengeleg barnehagetilbod for alle barn

Deltaking i barnehage

Stortinget innførte ein individuell rett til barnehageplass i 2009. Barn som har fylt eitt år innan utgangen av august, har rett til barnehageplass same året dersom foreldra har søkt om plass innan fristen for hovudopptaket. Retten skal oppfyllast innan utgangen av august i det året det blir søkt om plass.

I samband med behandlinga av Prop. 1 S (2015–2016) fatta Stortinget følgande oppmodingsvedtak, jf. vedtak nr. 95, 3. desember 2015 og Innst. 2 S (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag til endring i barnehageloven § 12a slik at barn som fyller ett år, senest innen utgangen av oktober det året det søkes om barnehageplass, etter søknad har rett til å få plass i barnehagen fra fylte ett år i samsvar med denne loven med forskrifter. Barn født før 1. september skal få plass innen utgangen av august som i dag.»

For å følge opp oppmodingsvedtaket foreslo regjeringa våren 2016 kortare ventetid for rett til barnehageplass for barn som fyller eitt år i september eller oktober, jf. Prop. 103 L (2015–2016), og Stortinget vedtok dette, jf. Innst. 338 L (2015–2016). Endringa i retten til plass tredde i kraft frå 17. juni 2016 og inneber at barn som fyller eitt år i september eller oktober, etter søknad har rett til å få plass i barnehage frå den månaden barnet fyller eitt år. Barnet har rett til plass i barnehage i den kommunen der barnet er busett, og kommunen bestemmer søknadsfristen til opptaket. Barn som fyller eitt år i september eller oktober, kan enten velje å starte i barnehagen allereie i august eller i den månaden barnet fyllar eitt år.

Ved utgangen av 2015 gjekk om lag 283 600 barn i ordinær barnehage eller familiebarnehage. Dette svarer til ein dekningsgrad på 90,4 pst. for eitt- til femåringar, ein liten auke frå 90,2 pst. i 2014. Talet på barn i barnehage har i dei to siste åra gått noko ned, men dette heng saman med mindre barnekull. Dekningsgraden for femåringane aleine er på 97,3 pst. i 2015.

Definisjonen på minoritetsspråklege barn i barnehage omfattar barn med ein annan språkleg og kulturell bakgrunn enn norsk, samisk, svensk, dansk og engelsk. Delen minoritetsspråklege barn i barnehage har auka mykje i dei seinare åra. I 2015 gjekk om lag 43 400 minoritetsspråklege barn i barnehage, noko som utgjer 15 pst. av alle barnehagebarn. Dekningsgraden for minoritetsspråklege eitt- til femåringar var 77,6 pst. i 2015 mot 79,0 pst. i 2014. Til samanlikning var dekningsgraden 93,2 pst. i 2015 for barn i alderen eitt til fem år som ikkje er definerte som minoritetsspråklege, ein liten auke frå 92,5 pst. i 2014. Det er framleis slik at barnehagedeltakinga for minoritetsspråklege fire- og femåringar er ganske lik deltakinga for dei andre fire- og femåringane, mens det er større forskjellar for dei yngre barna. Minoritetsspråklege toåringar har til dømes ein dekningsgrad på 75,4 pst. mot 95,2 pst. for andre toåringar, og for treåringane er tala 87,8 pst. mot 97,4 pst. Samla sett har det i det siste året blitt større forskjell i deltaking mellom minoritetsspråklege barn og barn som ikkje er definerte som minoritetsspråklege, og departementet vil følge med på utviklinga. For meir utfyllande statistikk, sjå del III, kap. 7 Ressursar i barnehagesektoren. For nærare omtale av inkludering, sjå Mål for inkludering i del III i Prop. 1 S (2016–2017) for Justis- og beredskapsdepartementet.

Så framt barnet ikkje har rett til plass av særlege årsaker, har barn som fyller eitt år frå og med 1. november, ikkje rett til plass før neste haust. I 2015 blei rammetilskottet til kommunane auka med 333 mill. kroner for å legge til rette for meir fleksible opptaksløysingar, slik at foreldre med barn som fyller eitt år 1. september eller seinare, får kortare ventetid på ein barnehageplass, jf. Innst. 2 S Tillegg 1 (2014–2015). Ytterlegare 400 mill. kroner blei løyvde i budsjettet for 2016. Midlane er berekna til å kunne finansiere opptil 3 400 nye barnehageplassar. Løyvinga finansierer, saman med midlar som allereie låg i rammetilskottet til kommunane, den utvida retten til plass, jf. omtale over.

Om lag 11 800 barn som fylte eitt år etter 31. august, gjekk i barnehage ved utgangen av 2015. Av dei som gjekk i barnehage, men ikkje hadde rett til plass, var det 9 600 barn som hadde fylt eitt år i perioden 1. september–31. desember, og 2 200 barn som ennå ikkje hadde fylt eitt år ved årsskiftet.

Ventelistene i kommunane omfatta per 15. desember 2015 om lag 10 400 søknader om barnehageplass, ein auke frå 8 300 i 2014. Det er ulike årsaker til at barn står på venteliste, men alle kommunar oppfyller retten til plass. 57 pst. av barna på venteliste har ikkje rett til plass på grunn av alderen til barnet. I ein del tilfelle har ikkje foreldra søkt om plass innan fristen for det kommunale hovudopptaket, eller foreldra har søkt plass i ein annan kommune enn der barnet bur. Talet inkluderer også barn der foreldra søker om plass i fleire kommunar samtidig, slik at barnet står på venteliste fleire stader, og barn som allereie har barnehageplass, men der foreldra søker om plass i ein annan barnehage. Det er flest barn på venteliste i Stavanger og Oslo.

Gratis kjernetid i barnehage

Barne- og likestillingsdepartementet starta i 2006 eit forsøk med gratis kjernetid i barnehage i nokre utvalde område med høg del barn med innvandrarbakgrunn for å auke barnehagedeltakinga i desse områda. Evalueringa viser mellom anna at av barn med minoritetsspråkleg bakgrunn i dei fem Oslo-bydelane som hadde tilbod om gratis kjernetid, var det 15 pst. fleire som gjekk i barnehage enn i andre bydelar. Barn med innvandrarbakgrunn som hadde gått i barnehage som fire- og femåringar, gjorde det betre på kartleggingsprøver i 1. klasse, særleg i norsk, samanlikna med barn med innvandrarbakgrunn som ikkje hadde gått i barnehage. Forsøket i dei fire bydelane i Groruddalen blei avslutta til sommaren 2016. Forsøket i Oslo Sør (Søndre Nordstrand) held fram ut barnehageåret 2016–17, jf. Prop. 1 S (2016–2017) for Justis- og beredskapsdepartementet.

1. august 2015 blei det innført ei ny nasjonal ordning med gratis kjernetid i barnehage for alle fire- og femåringar frå familiar med låg inntekt, uansett språkleg bakgrunn. Inntektsgrensa blei sett til 405 000 kroner i 2015, og barna fekk rett til 20 timar gratis barnehage per veke. Det er estimert at om lag 16 500 har rett til gratis kjernetid etter denne ordninga. Rapporteringa frå kommunane i BASIL viser at om lag 10 000 fire- og femåringar fekk gratis kjernetid i 2015. Ordninga er frå 1. august 2016 utvida til å omfatte treåringar frå familiar med låg inntekt, og inntektsgrensa blei sett til 417 000 kroner frå same dato. Med denne utvidinga er det estimert at om lag 25 000 barn har rett til gratis kjernetid i barnehage.

Foreldrebetaling

I 2016 var maksimalprisen for foreldrebetalinga 2 655 kroner per månad og 29 205 kroner per år. Regjeringa er opptatt av at nivået på foreldrebetalinga for ein barnehageplass ikkje skal hindre familiar i å kunne ha barnet i barnehage, og frå 1. mai 2015 blei det innført eit nasjonalt minstekrav til redusert foreldrebetaling for familiar med låg inntekt. Kravet er at foreldrebetalinga for ein heiltidsplass maksimalt skal utgjere seks pst. av kapital- og personinntekta til hushaldet, med maksimalprisen som ei øvre grense. Reduksjonen i foreldrebetaling for familiar med låg inntekt gir ein betre sosial profil på foreldrebetalinga og legg til rette for at fleire barn kan få delta i barnehage. Det er estimert at nær 50 000 barn hadde rett til moderasjon etter denne ordninga. I 2015 fekk 25 000 barn redusert foreldrebetaling gjennom denne ordninga. Regjeringa vil følge med på utviklinga i bruken av dette tilbodet og tilbodet om gratis kjernetid. Ei evaluering av ordningane kjem i 2017 og skal vise både kjennskap til ordningane og årsaker til kvifor nokre familiar ikkje bruker tilboda.

SSB har ei årleg undersøking av foreldrebetalinga i barnehagen. Rapporten for 2016 viser at i kommunale barnehagar er foreldrebetalinga for hushald med inntekt på 250 000 kroner redusert med 40 pst. sidan januar 2015. Reduksjonen viser at innføringa av det nasjonale minstekravet til redusert foreldrebetaling i 2015 har betra den sosiale profilen på foreldrebetalinga. Rapporten finn vidare at den gjennomsnittlege betalinga per månad på landsbasis i januar 2016 var 2 362 kroner. I tillegg blei det på landsbasis kravd inn gjennomsnittleg 274 kroner i kostpengar og 5 kroner i tilleggsutgifter per månad, slik at eit gjennomsnittleg hushald betalte 2 641 kroner for ein barnehageplass i januar 2016. For meir omtale, sjå del III, kap. 7 Ressursar i barnehagesektoren.

Opne barnehagar

Opne barnehagar er eit tilbod som er regulert etter barnehagelova, men som kommunane ikkje har plikt til å gi. Opne barnehagar har eksistert sidan 1988 og er eit lågterskeltilbod som kommunane kan tilby familiar som ikkje bruker det ordinære barnehagetilbodet. Ein forelder eller annan omsorgsperson er med barnet, og det pedagogiske opplegget er leidd av ein barnehagelærar. I dei seinare åra har det vore ein reduksjon i talet på opne barnehagar, frå 278 opne barnehagar i 2005 med kapasitet til 7 900 barn, til 171 opne barnehagar i 2015 med kapasitet til 4 600 barn.

Undersøkingar viser at opne barnehagar kan vere ein god rekrutteringsarena til ordinær barnehage, særleg for barn med innvandrarbakgrunn. Tidlegare evalueringar har vist at personalet etterlyser meir kompetanse i rettleiing av foreldre og det å arbeide med kulturelt og språkleg mangfald. I budsjettet for 2016 blei det derfor løyvd midlar til kompetanseheving for personalet i opne barnehagar.

Mål: Føreseielege rammevilkår som medverkar til mangfald og likeverd i barnehagesektoren

Tilsyn med barnehagesektoren

Ei av fylkesmannens hovudoppgåver på barnehageområdet er å føre tilsyn med og gi rettleiing til kommunen som barnehagemyndigheit. Dette er eit viktig verkemiddel for å bidra til å sikre at barnehagelova blir følgt, og at kvaliteten på barnehagetilbodet er høg. Tilsyn, informasjon, rettleiing og klagesaksbehandling skal medverke til å sikre rettstryggleiken til innbyggarane.

Regjeringa har i den politiske plattforma si lovd å innføre eit uavhengig tilsyn med barnehagane, og foreslo i Prop. 33 L (2015–2016) Endringer i barnehageloven (tilsyn m.m.) å utvide tilsynsansvaret til fylkesmannen til å omfatte tilsyn med enkeltbarnehagar i særlege tilfelle. Endringa reduserer utfordringa med at kommunen er tillagd rolla som både myndigheit og eigar, og medverkar til å gi foreldre og barn eit betre rettsvern. Ved å gi fylkesmannen heimel til å føre tilsyn med enkeltbarnehagar i tillegg til tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit vil fylkesmannen kunne sjå tilsyna i samanheng. Stortinget vedtok lovforslaget i juni 2016, jf. Innst. 344 L (2015–2016), og endringa gjeld frå 1. august 2016. Departementet har auka løyvinga til fylkesmannen med 4 mill. kroner for 2016.

Utdanningsdirektoratet har ansvaret for styringa av fylkesmannen på barnehageområdet, jf. kap. 220 Utdanningsdirektoratet. Direktoratet har i dei siste åra gjort ein innsats for å vidareutvikle tilsynet og sikre eit forsvarleg, einsarta og treffsikkert tilsyn med høg legitimitet. Felles tilsynsmetode skal sikre lik behandling på landsbasis og legge til rette for at tilsyna inneber ressurseffektive undersøkingar av tilstanden i kommunane, effektiv korrigering av eventuell lovstridig praksis samt at tilsyna skjer i samsvar med forvaltningsmessige krav. Det er òg ei viktig målsetting at tilsyna skal ha læringseffekt for kommunane. Direktoratet har tidlegare utvikla rettleiingsmateriell retta mot kommunane som barnehagemyndigheit, og har i 2016 utvikla eit nettbasert verktøy til hjelp for kommunen som barnehagemyndigheit til å vurdere sin eigen praksis opp mot regelverket.

Oppsummeringa av årsrapportane for 2015 frå dei atten fylkesmannsembeta viser at det blei gjennomført i alt 87 tilsyn med 81 kommunar på barnehageområdet. Dei fleste tilsyna har omfatta kontroll med kommunens godkjenning og rettleiing av og tilsyn med barnehagar. Til samanlikning blei det i 2013 gjennomført 138 tilsyn med 133 kommunar og i 2014 gjennomført 109 tilsyn med 99 kommunar. Fylkesmannen har i 2015 brukt 32 pst. av ressursane sine på tilsyn på barnehageområdet og grunnopplæringsområdet mot 34,7 pst. i 2014 og 36,8 pst. i 2013.

Funna frå fylkesmannens tilsyn i 2015 viser at kommunane som barnehagemyndigheit framleis har manglar ved lovforståinga si. For at rettleiinga av og tilsynet med barnehagane skal føre til at barnehagane følger regelverket, er det avgjerande at kommunen som barnehagemyndigheit både bruker regelverket og har riktig forståing av kva regelverket krev. Samtidig viser tilsynsresultata frå både 2014 og 2015 at læring gjennom tilsyn fører til at kommunane som barnehagemyndigheit korrigerer brot på regelverket på eit tidlegare tidspunkt i prosessen, noko som er svært positivt.

Fylkesmannen behandla i 2015 totalt 136 klager etter barnehagelova med forskrifter, noko som er ein reduksjon på 42 klager eller 24 pst. frå 178 klager i 2014. Den viktigaste enkeltårsaka til nedgangen er 39 færre klager etter den tidlegare forskrifta om likeverdig behandling av offentleg tilskott til ikkje-kommunale barnehagar, frå 156 i 2014 til 117 i 2015. Utdanningsdirektoratet meiner at reduksjonen kan komme både av at kommunane har større regelverksetterleving i berekninga av tilskott enn før, og av at auken av tilskottet til private barnehagar gjer at dei finn mindre grunn til å klage på vedtaket i kommunen. Øvrige klager i 2015 gjeld § 10 om godkjenning (1), § 16 om tilsyn (5), forskrift om foreldrebetaling (7) og forskrift om dispensasjon frå utdanningskravet (6), totalt 19 klager mot 22 klager i 2014. Dei fleste sakene har blitt behandla innan fristen på tre månader.

Økonomiske rammevilkår for barnehagane

I 2015 utgjorde dei private barnehagane 54 pst. av alle barnehagar, og 49 pst. av barna gjekk i ein privat barnehage. Det er stor variasjon innanfor denne gruppa, som små einingar med ein enkelt eigar, foreldreeigde barnehagar, studentbarnehagar og store, profesjonelle kjeder med mange einingar. Frå 1. januar 2016 har dei private barnehagane krav på 100 pst. av det dei kommunale barnehagane i gjennomsnitt får i offentleg finansiering.

Departementet har i åra etter overgangen til rammefinansiering i 2011 arbeidd med å gjere finansieringssystemet betre. Ei ny forskrift om finansiering av private barnehagar blei sett i kraft 1. januar 2016. Forskrifta fører vidare prinsippet om at tilskottet skal bli berekna ut frå utgiftene i dei kommunale barnehagane i kommunen, men for å gjere ordninga meir treffsikker er det innført eit fast prosentpåslag for pensjonsutgifter og eit differensiert kapitaltilskott basert på nasjonale satsar.

Samla vurdering av sektormåla

Barnehagar av høg kvalitet som fremmer trivsel, leik og læring

Som omtalt i Meld. St. 19 (2015–2016) Tid for lek og læring. Bedre innhold i barnehagen er det etter vurderinga til regjeringa urovekkande at det er store ulikskapar i innhaldet i tilbodet i barnehagen og i utbyttet til barna. Kvalitetsforskjellane kan ha stor innverknad på trivselen og utviklinga til barna, noko som vil kunne påverke livskvaliteten deira både her og nå og i framtida, som moglegheitene for å gjennomføre utdanning og få god tilknyting til yrkeslivet. Etter vurderinga til regjeringa er dei største utfordringane knytte til innhaldet i barnehagen følgande:

  • at ikkje alle barn opplever eit trygt omsorgs- og læringsmiljø i barnehagen

  • at det er for stor variasjon mellom barnehagar i kvaliteten på det allmennpedagogiske tilbodet

  • at mange barn manglar tilstrekkeleg norskspråkleg kompetanse når dei startar på skolen

  • at barn med behov for særskild støtte og tilrettelegging ikkje får eit tilpassa tilbod i tide

  • at ikkje alle barn opplever ein god overgang og samanheng mellom barnehage og skole

For å nå målet om at barnehagane skal ha høg kvalitet som fremmer trivsel, leik og læring, er det viktig med eit godt kunnskapsgrunnlag som kan medverke både til kompetanse- og kvalitetsutvikling i barnehagesektoren og til eit betre grunnlag for faglege og politiske avgjerder som gjeld styringa av sektoren. Løyvingane til forsking over statsbudsjettet i dei seinare åra har ført til ein auke i forskingsomfanget på barnehagefeltet, noko regjeringa er svært nøgd med. Forskingsfunna viser mellom anna at barnehagen gir mange barn ei positiv utvikling, men at variasjonen i tilbodet er stor, og at ikkje alle barn trivst like godt i barnehagen, jf. omtale i Meld. St. 19 (2015–2016) Tid for lek og læring. Bedre innhold i barnehagen . Fleire store forskingsprosjekt vil levere rapportar i dei kommande åra slik at kunnskapsgrunnlaget blir enda betre.

Regjeringa har i den politiske plattforma si lovd å gjere mest mogleg informasjon om barnehagane ope tilgjengeleg og utarbeide felles indikatorar for kvalitet. Nettportalen barnehagefakta.no har ført til at barnehageeigarane, barnehagepersonalet, foreldre og andre interesserte har fått god tilgang til relevant informasjon om barnehagane. Utdanningsdirektoratet medverkar til å spreie resultat frå skandinavisk barnehageforsking gjennom ulike publikasjonar, som rapporten Utdanningsspeilet og magasinet Vetuva. Det ligg dermed føre meir informasjon om barnehagane enn tidlegare, noko som legg eit godt grunnlag for vurderingar av kvaliteten på tilbodet. Systemet for å følge med på kvaliteten i barnehagen skal utviklast vidare i åra som kjem, noko regjeringa meiner er særleg viktig for foreldre slik at dei både kan velje det tilbodet som passar best for deira barn og få betre moglegheit til å påverke kvaliteten.

Eit breitt internasjonalt og nasjonalt forskingsgrunnlag gjennom fleire år viser at kompetansen til dei tilsette er svært viktig for kvaliteten på det pedagogiske tilbodet til barna. Regjeringa legg derfor til grunn at kompetansetiltak for alle grupper tilsette medverkar til høgre kvalitet på det samla barnehagetilbodet, og at kompetansestrategien er eit viktig verkemiddel i dette arbeidet. Statistikken viser at både delen barnehagelærarar og delen assistentar med barnefagleg kompetanse har halde fram med å auke også i 2015, noko som har betra den samla formelle kompetansen hos dei tilsette. Bruken av dispensasjonar frå utdanningskravet har gått ned for kvart år, noko regjeringa er særleg nøgd med. Det er likevel framleis ei utfordring at ein stor del av personalet manglar formell kompetanse for å arbeide med barn, og at det mangla om lag 2 200 barnehagelærarar i 2015 for å oppfylle lovkrava om godkjent utdanning for styrarar og pedagogiske leiarar. Samtidig er regjeringa svært nøgd med at mangelen har vore redusert med om lag 1 500 frå om lag 3 700 i 2014. Regjeringa er vidare nøgd med at det har vore ein auke i talet på kvalifiserte søkarar som har barnehagelærarstudiet som førstevalet sitt hausten 2016, og at det i tillegg har vore ein auke i talet på studentar og talet på uteksaminerte kandidatar.

Eit tilgjengeleg barnehagetilbod for alle barn

For å nå målet om eit tilgjengeleg barnehagetilbod for alle barn er det viktig å gjere noko med dei hindringane familiane støyter på, enten det er mangel på plassar eller økonomiske årsaker. Barn som fyller eitt år etter 31. august, har etter lova ikkje hatt rett til plass i barnehage før neste haust, sjølv om mange barn får plass gjennom året der det er ledig kapasitet. Frå 17. juni 2016 har barn fødde i september og oktober fått rett til barnehageplass frå den månaden dei fyller eitt år, jf. Innst. 338 L (2015–2016). Med denne lovendringa har barnehagetilbodet blitt tilgjengeleg for fleire småbarnsfamiliar.

Regjeringa er opptatt av å sikre ein god sosial profil på foreldrebetalinga slik at prisen ikkje skal vere til hinder for at barn frå familiar med låg inntekt får gå i barnehage. Regjeringa innførte derfor i 2015 både ei nasjonal moderasjonsordning og ei ordning med gratis kjernetid for fire- og femåringar frå familiar med låg inntekt. Frå 1. august 2016 omfattar gratis kjernetid også treåringar frå familiar med låg inntekt. Evalueringar av ordningane skal etter planen ligge føre i 2018 og vil gi nyttig informasjon om effekten.

Føreseielege rammevilkår som medverkar til mangfald og likeverd i barnehagesektoren

Regjeringa har i den politiske plattforma si lovd å sikre likebehandling av alle barnehagar og forenkle finansieringsordninga. Auken av tilskottet til private barnehagar frå 98 til 100 pst. i 2016 har ført til økonomisk likebehandling.

Barnehagesektoren er prega av stort mangfald ved at om lag halvparten av alle barnehagar er private, og ved at det er stor forskjell på barnehagar når det gjeld storleik, organisering og pedagogisk retning. Regjeringa meiner at dette mangfaldet er bra fordi det gir foreldra stor valfridom, og fordi ulike barnehagar kan medverke til å inspirere kvarandre. Samstundes skal tilbodet vere likeverdig på eit overordna plan og i samsvar med formålet i barnehagelova og rammeplanen, sjølv om det varierer i utforming mellom dei enkelte barnehagane.

Samla sett er det få klager på barnehageområdet, og brukarundersøkingar viser at eit stort fleirtal av foreldra er nøgde med tilbodet. Statistikken og forskinga viser likevel at det er stor forskjell mellom barnehagar når det gjeld ein del sentrale tilhøve. Det kan gjelde personalmessige tilhøve, som manglande oppfylling av enten pedagognorma eller kravet til at bemanninga skal vere pedagogisk forsvarleg, eller hyppig utskifting i personalgruppa, noko som gir ustabilitet for barna. Det kan òg gjelde manglar ved det pedagogiske innhaldet, som at barn ikkje får god nok oppfølging, eller at mobbing og utestenging frå leik ikkje blir tatt tak i. Regjeringa meiner at det er urovekkande dersom barn i ein del barnehagar over tid ikkje får det tilbodet dei etter retten sin skulle hatt. Tiltaka i dei nyleg framlagde lovproposisjonane og i meldinga om innhaldet i barnehagen skal bidra til å gi meir føreseielege rammevilkår og medverke til likeverd i tilbodet til barna.

Strategiar og tiltak

Kunnskap om barnehagen

Forskingsprogrammet FINNUT (2014–2023) er finansiert av Kunnskapsdepartementet gjennom Noregs forskingsråd og skal støtte forsking og innovasjon for å fornye og styrke norsk utdanning. FINNUT finansierer ei rekke forskingsprosjekt på barnehageområdet, og departementet forventar meir kunnskap om barnehagar etter kvart som prosjekta blir ferdigstilte.

Departementet vil føre vidare styrkinga av barnehageforskinga, mellom anna gjennom utdanningsforskingsstrategien Kvalitet og relevans 2014–2019 . Fleire store forskingsprosjekt er i gang og vil gi nye resultat i åra som kjem, mellom anna om meir langsiktige effektar av det å gå i barnehage.

Sjølv om vi i dag har eit betre kunnskapsgrunnlag om barnehagar enn nokon gong, og forskinga på barnehage i Noreg er i framgang, er det framleis eit stort potensial for ein betre samla forskingsinnsats. Den barnehagerelevante forskinga er fragmentert og prega av at det er mange og små forskingsmiljø. Eit godt kunnskapsgrunnlag gjennom forsking på barnehagefeltet medverkar både til kompetanse- og kvalitetsutvikling i barnehagesektoren og til eit betre grunnlag for faglege og politiske avgjerder som gjeld styringa og utviklinga av sektoren. For å styrke det faglege miljøet for barnehageforsking har departementet gitt Noregs forskingsråd i oppdrag å lyse ut midlar til eitt eller to nye forskingsmiljø for barnehagerelevant forsking. Departementet vil finansiere styrkinga med inntil 10 mill. kroner årleg i fem år.

For omtale av løyvingar til barnehageforsking, sjå kap. 231 postane 21 og 51.

Plan for bemanningsnorm og styrka pedagognorm

I samband med behandlinga av Dokument 8:101 S (2014–2015), Innst. 47 S (2015–2016) fatta Stortinget oppmodingsvedtak nr. 38, 24. november 2015:

«Stortinget ber regjeringen legge fram en plan for innfasingen av en bemanningsnorm, der det vurderes om krav om 50 pst. barnehagelærere bør være en del av planen.»

Oppmodingsvedtak nr. 38, 24. november 2015 må sjåast i samanheng med oppmodingsvedtak nr. 790, 7. juni 2016, som òg omhandlar bemanningsnorm og barnehagelærarnorm. I samband med behandlinga av Meld. St. 19 (2015–2016) Tid for lek og læring. Bedre innhold i barnehagen fatta Stortinget oppmodingsvedtak nr. 790, 7. juni 2016:

«Stortinget ber regjeringen snarest, og senest høsten 2016, fremme en sak for Stortinget der regjeringens arbeid med bemanningsnorm og barnehagelærernorm gjøres rede for.»

Regjeringa har i den politiske plattforma si lovd å innføre ei bemanningsnorm i barnehagane innan 2020, og denne lovnaden ligg fast. Det statleg oppnemnde barnehageutvalet tilrådde i NOU 2012: 1 Til barnas beste. Ny lovgivning for barnehagene at norma bør vere éin vaksen per tre barn under tre år og éin vaksen per seks barn over tre år. Statistikken for 2015 viser at det i gjennomsnitt allereie er éin vaksen per tre barn under tre år og éin vaksen per seks barn over tre år i dei kommunale barnehagane. Ei bemanningsnorm innretta slik er dermed i gjennomsnitt oppfylt i kommunale barnehagar. Ei norm vil samstundes gi ulike utslag på kommune- og barnehagenivå. Kommunar og barnehagar der bemanninga i dag er lågare enn kravet, vil få auka utgifter ved innføring av ei bemanningsnorm og/eller vil måtte omprioritere ressursar mellom barnehagar. I private barnehagar var det i 2015 i gjennomsnitt 6,15 barn per vaksen (korrigert for alder og opphaldstid). Det vil seie at vaksentettleiken ikkje er fullt så høg som i dei kommunale barnehagane. Frå 1. januar 2016 har dei private barnehagane krav på 100 pst. av det dei kommunale barnehagane i gjennomsnitt får i offentleg finansiering, og det er dermed lagt til rette for at også dei private barnehagane kan auke bemanninga si, slik at dei kjem opp på same nivå som dei kommunale. Regjeringa vil i løpet av våren 2017 sende på høyring eit forslag om bemanningsnorm. Regjeringa har som ambisjon at forslaget skal tre i kraft innan 2020.

Pedagognorma i dag er ei minimumsnorm og seier at det skal vere minimum éin pedagogisk leiar per 14–18 barn når barna er over tre år, og éin pedagogisk leiar per 7–9 barn når barna er under tre år og den daglege opphaldstida for barna er over seks timar. I 2015 oppfylte 70 pst. av barnehagane pedagognorma, ein auke på 15 prosentpoeng frå 2014. Delen barnehagelærarar i grunnbemanninga utgjorde i gjennomsnitt 36,2 pst. i 2015. Mange barnehagar har allereie gode erfaringar med høgre pedagogtettleik. Variasjonane i tettleik er store, til dømes er det i dei ti pst. barnehagane som har flest barn per barnehagelærar i grunnbemanninga, over dobbelt så mange barn per barnehagelærar som i dei ti pst. barnehagane med høgst pedagogtettleik. Utrekningar frå Utdanningsdirektoratet viser at barnehagane i 2015 mangla om lag 2 200 barnehagelærarar for å oppfylle pedagognorma utan bruk av dispensasjonar. I 2012 mangla det om lag 5 400 barnehagelærarar, og i 2014 mangla det om lag 3 700, så utviklinga har gått raskt i riktig retning.

Eit eventuelt krav om å auke delen barnehagelærarar må mellom anna sjåast i samanheng med utviklinga i talet på barnehagelærarar som blir utdanna og som blir i yrket. Eit krav om å auke delen barnehagelærarar i grunnbemanninga til for eksempel 50 pst. vil koste om lag 900 mill. kroner. Regjeringa vil følge med på utviklinga i tettleiken av barnehagelærarar og i lys av utviklinga vurdere behovet for ytterlegare tiltak.

Rekruttering av kompetent personale

Rekruttering av barnehagelærarar er eit lokalt ansvar som ligg hos barnehageeigarane. For å støtte det lokale arbeidet med rekruttering av både studentar til utdanninga og nyutdanna kandidatar til stillingar i barnehagane, vil fylkesmannen halde fram med å koordinere regionale nettverk i kvart fylke. Eit viktig rekrutteringstiltak for å få fleire barnehagelærarar er å stimulere til at erfarne assistentar tar arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU).

Rekruttering av fleire assistentar med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget vil bidra til å auke delen tilsette som har barnefagleg kompetanse. Yrkesfagløftet i vidaregåande opplæring kan medverke til at fleire elevar som avsluttar ungdomsskolen, startar på og gjennomfører denne yrkesutdanninga. For nærare omtale av Yrkesfagløftet og vidaregåande opplæring, sjå programkategori 07.20 Grunnopplæringa. I tillegg har erfarne assistentar gjennom praksiskandidatordninga moglegheit til å gå opp til fagprøva i barne- og ungdomsarbeidarfaget for å formalisere realkompetansen sin. Dette er eit av dei mest nytta tiltaka i kompetansestrategien.

I behandlinga av Meld. St. 19 (2015–2016) Tid for lek og læring. Bedre innhold i barnehagen fatta Stortinget oppmodingsvedtak nr. 800, 7. juni 2016, jf. Innst. 348 S (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen sikre tiltak som kan rekruttere flere menn til å arbeide i barnehagesektoren.»

Regjeringa skal følge opp vedtaket i 2017 i samband med revideringa av kompetansestrategien.

Styrking av kompetanse og kvalitet i barnehagen

Kompetansen til personalet i barnehagen er avgjerande for kvaliteten på tilbodet, og departementet foreslår å føre vidare arbeidet med kompetanse og kvalitet i 2017. Totalt vil nærare 400 mill. kroner bli nytta til tiltak for å fremme kvaliteten i barnehagane.

Regjeringa vil føre vidare vidare- og etterutdanningstilbod for tilsette i barnehagar. Kompetansestrategien Kompetanse for framtidens barnehage. Strategi for kompetanse og rekruttering 2014–2020 gir føringar for innhald, prioriteringar og ansvarsdeling innanfor kompetanseutviklinga. Strategien omfattar både styrarar, pedagogar, barne- og ungdomsarbeidarar og ufaglærte assistentar, og inneheld eit system for kompetanseutvikling som synleggjer ulike kompetansehevingstiltak for dei ulike gruppene tilsette. Det er viktig at alle aktørar tar ansvar for å følge opp kompetansestrategien, mellom anna ved at barnehageeigarane legg til rette for deltaking i kompetansetiltaka.

Eit av tiltaka i Meld. St. 19 (2015–2016) er å revidere strategien Kompetanse for framtidens barnehage, Strategi for kompetanse og rekruttering 2014–2020 . Revideringa skal medverke til

  • å gi barnehagelærarane betre moglegheiter for fagleg oppdatering og utvikling av spisskompetanse på prioriterte område

  • vidareutvikle dei barnehagebaserte kompetansetiltaka i samsvar med kompetansebehov som følge av ny rammeplan

  • styrke fagskoletilbodet innanfor prioriterte område i samsvar med kompetansebehov som følge av ny rammeplan

  • legge til rette for at personalet har nødvendig kompetanse for å skape eit godt og trygt omsorgs- og læringsmiljø og motarbeide mobbing i barnehagen

Regjeringa foreslo i meldinga å føre vidare ordninga med økonomisk tilrettelegging av deltaking i studium for tilsette i barnehage, og Stortinget støtta forslaget. Dette vil bidra til å auke kompetansen i barnehagane.

Regjeringa foreslo i meldinga å samarbeide med Sametinget om kompetanse- og rekrutteringstiltak retta mot tilsette i den samiske barnehagesektoren. Regjeringa vil følge opp dette på ein eigna måte.

Regjeringa foreslo i meldinga å styrke kvaliteten i barnehagelærarutdanninga. Dette skal mellom anna skje gjennom oppfølging av to andre forslag i meldinga: Det eine omfattar å vurdere regulering av praksisopplæringa slik at studentar i både barnehagelærarutdanninga og grunnskolelærarutdanninga 1–7 skal få innblikk i innhald og praksis i barnehage og grunnskole. Barnehagelærarutdanninga har allereie krav om fem dagar med fokus på overgangen barnehage–skole. Forskrifta om rammeplan for grunnskolelærarutdanninga for trinn 1–7 blei endra 7. juni 2016 til at fem dagar praksis skal legge vekt på overgangen barnehage–skole og derfor bør leggast til barnehage. Det andre forslaget omfattar å vurdere tiltak overfor kommunane i form av støtte- og rettleiingsressursar for å oppmuntre til gjensidig hospitering i barnehage og skole og for å understøtte andre tiltak for kunnskaps- og erfaringsutveksling på tvers av sektorane. På lengre sikt skal desse tiltaka gi betre samanheng mellom barnehage og skole for barna, og dermed auka trivsel og kjensle av meistring.

Eit tiltak som bidrar til å styrke kvaliteten i barnehagelærarutdanninga, er å sørge for at praksislærarane har god rettleiingskompetanse. Andre delrapport (2015) frå følgegruppa viser at ein tredel av praksislærarane mangla formell rettleiingskompetanse, noko som kan ha konsekvensar for oppfølginga av studentane når dei i løpet av studietida er i praksis i barnehage. Følgegruppa for den nye barnehagelærarutdanninga har derfor peikt på at vidareutdanning i praksisrettleiing bør vere eit prioritert tiltak, og det er sett i gang tilbod om kurs i rettleiing for praksislærarane hausten 2016. Regjeringa ønsker å utvide talet på plassar i 2017, jf. kap. 231 post 21.

I behandlinga av Meld. St. 19 (2015–2016) fatta Stortinget oppmodingsvedtak nr. 798, 7. juni 2016, jf. Innst. 348 S (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen vurdere å opprette et kvalifiseringsprogram for ufaglærte i barnehagene.»

Regjeringa legg til grunn at dette oppmodingsvedtaket allereie er dekt opp gjennom dei kompetansetilboda som ligg føre i dag for ufaglærte tilsette. Desse tilboda omfattar kurs i barnehagefagleg grunnkompetanse, barnehagebasert fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget og arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU). Tilboda legg til rette for å auke kompetansen til ufaglærte tilsette i barnehagane. Tilbod til ufaglærte tilsette vil bli ført vidare og utvikla i arbeidet med revidert kompetansestrategi for barnehagen.

I behandlinga av Meld. St. 19 (2015–2016) fatta Stortinget oppmodingsvedtak nr. 796, 7. juni 2016, jf. Innst. 348 S (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen utarbeide forslag til endringer i barnehageloven som sikrer at ansatte i offentlige og private barnehager behersker norsk språk, og at ansatte i samiske barnehager behersker samisk språk.»

Regjeringa vil komme tilbake til dette oppmodingsvedtaket på ein eigna måte.

Den femårige satsinga Kompetanse for mangfold for perioden 2013–17 er i 2017 inne i sitt siste år, jf. omtale under kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa post 21 Særskilde driftsutgifter. Satsinga er ei oppfølging av Meld. St. 6 (2012–2013) En helhetlig integreringspolitikk. Mangfold og fellesskap og skal gi tilsette i barnehagar og skolar betre kompetanse på det fleirkulturelle området. Utdanningsdirektoratet har ansvaret for gjennomføringa.

Ny rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen

Regjeringa har klare ambisjonar om å utvikle innhaldet i barnehagetilbodet slik at alle barn får eit tilbod av god kvalitet, og derfor vil regjeringa vere tydelegare på kva slags innhald som skal prege barnehagekvardagen. Som det første, frivillige trinnet i utdanningsløpet skal barnehagen legge grunnlaget for vidare utdanning og arbeidsliv og dermed for moglegheitene til den enkelte til å nå måla sine og utvikle potensialet sitt.

Rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen har status som forskrift til barnehagelova og er eit viktig styringsdokument som legg premissane for høg kvalitet på tilbodet. Barnehagelova med forskrifter er dei viktigaste styringsdokumenta for det faglege arbeidet i barnehagane. Ei revidering av rammeplanen har vore varsla tidlegare, og gjennom Meld. St. 19 (2015–2016) Tid for lek og læring. Bedre innhold i barnehagen ga regjeringa Stortinget høve til å diskutere viktige vegval med tanke på den langsiktige utviklinga av barnehagesektoren.

Meldinga omhandlar dei viktigaste prioriteringane for å styrke kvaliteten på innhaldet i barnehagen, mellom anna ei rekke forslag til klargjeringar i den nye rammeplanen. Meldinga førte til mykje debatt i sektoren. Stortinget vedtok dei aller fleste forslaga i meldinga, jf. Innst. 348 S (2015–2016).

Regjeringa legg til grunn at revideringa av rammeplanen blir så omfattande at departementet må vedta ny forskrift heller enn ei teknisk komplisert revidering av den gjeldande forskrifta. Regjeringa vil halde på det beste frå den gjeldande rammeplanen, men gjennom å gjere planen tydelegare gi klarare styringssignal for at barnehagen skal oppfylle det eksisterande samfunnsmandatet sitt. Ny rammeplan skal bli eit enda betre verktøy slik at rettane til barna blir sikra på best mogleg vis.

Den nye rammeplanen vil mellom anna vere basert på forslaga i Meld. St. 19 (2015–2016) og Stortinget si behandling av meldinga, jf. Innst. 348 S (2015–2016). Utkast til ny rammeplan skal etter planen bli sendt ut til høyring i oktober 2016. Ny rammeplan skal tre i kraft frå hausten 2017.

Støtte til det faglege arbeidet i barnehagane

Regjeringa har i den politiske plattforma si lovd å styrke bruken av norsk og språkutviklinga i barnehagen for å førebu barna på skole og utdanning og gi nødvendig hjelp til barn som har svake språkdugleikar. I Meld. St. 19 (2015–2016) foreslo regjeringa ei rekke tiltak som gjeld språkarbeidet i barnehagen. Stortinget slutta seg til langt dei fleste av desse forslaga, jf. Innst. 348 S (2015–2016). Dette omfattar forslag om at ny rammeplan skal klargjere kva det inneber å støtte språkutviklinga til barna fram mot skolestart, og at ny rammeplan skal bli tydelegare på barnehagen sitt ansvar for å sikre at barn med eit anna morsmål enn norsk får god oppfølging i utviklinga av norsk som andrespråk. I tillegg vil regjeringa vidareutvikle eksisterande og utvikle nytt materiell for språkarbeidet.

Det samiske perspektivet skal bli tatt i vare i det faglege arbeidet i barnehagen. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har sett ned eit samisk språkutval som skal gjere greie for gjeldande ordningar, tiltak og regelverk knytte til dei samiske språka. Utvalet skal legge fram rapporten sin hausten 2016, og regjeringa vil vurdere korleis forslaga skal følgast opp. Oppfølginga skal sjåast i samanheng med dei forslaga i Meld. St. 19 (2015–2016) som gjeld barnehagetilbodet til samiske barn. Departementet vil følge opp desse forslaga i samarbeid med Sametinget.

Stortinget avviste forslaget frå regjeringa om at ny rammeplan skal klargjere det språklege og det sosiale utbyttet barn skal ha med seg etter enda barnehagetid. Stortinget fatta oppmodingsvedtak nr. 794, 7. juni 2016, jf. Innst. 348 S (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen tydeliggjøre målene for barnehagens arbeid med språk og sette mål for hvordan barnehagen skal arbeide med lek, omsorg og sosial kompetanse.»

Regjeringa vil følge opp dette i arbeidet med ny rammeplan.

Stortinget avviste forslaget frå regjeringa om ei rettleiande norm for det språklege grunnlaget barn bør ha med seg frå barnehagen. Stortinget fatta oppmodingsvedtak nr. 795, 7. juni 2016, jf. Innst. 348 S (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen om ikke å utarbeide veiledende normer for det språklige grunnlaget barn bør ha med seg fra barnehagen.»

Regjeringa har retta seg etter dette vedtaket ved ikkje å starte arbeidet med å utarbeide ei slik norm.

Språkløyper – Nasjonal strategi for språk, lesing og skriving 2016–2019 har som mål å styrke språk-, lese- og skrivedugleikane til alle barn og elevar, og på den måten også den faglege kompetansen deira. Strategien skal òg bidra til å styrke kompetansen til personalet i barnehagen, mellom anna når det gjeld utvikling av språkmiljøet og identifisering av og tilrettelegging for barn med språkvanskar. Strategien skal òg medverke til betre samanheng mellom språkarbeid i barnehagen og skolen. Strategien har tre hovudtiltak: gratis, nettbasert kompetansemateriale som ligg tilgjengeleg på nettstaden sprakloyper.no, introduksjonssamlingar og støtte til lokalt utviklingsarbeid for dei kommunane som får status som språkkommunar. Regjeringa vil føre vidare satsinga i 2017. For meir omtale, sjå kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa.

Regjeringa lanserte i august 2015 realfagsstrategien Tett på realfag – Nasjonal strategi for realfag i barnehagen og grunnopplæringen (2015–2019) , jf. omtale under programkategori 07.20 Grunnopplæringa og kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa. Strategien skal mobilisere og forplikte barnehagar, skolar, barnehageeigarar og skoleeigarar til endring lokalt. 34 kommunar fekk i 2015 status som realfagskommunar og skal vere viktige forbilde når det gjeld å utvikle ein lokal strategi for å arbeide systematisk med realfag frå barnehage til fullført grunnskole. Hovudgrepa i strategien er mellom anna å gå gjennom og fornye rammeplanen for innhald og oppgåver i barnehagen for å styrke det realfaglege innhaldet, å auke kompetansen til personalet og å styrke arbeidsmåtane i barnehagen. Regjeringa foreslår å styrke satsinga med 30 mill. kroner i 2017, jf. kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa. Midlane skal mellom anna gå til å auke talet på realfagskommunar, styrke realfagsarbeidet i barnehagane i samband med innføring av ny rammeplan og til å utvikle kvalitetskriterium for læremidlar som grunnlag for rettleiingstiltak og utvikling av ein nasjonal læremiddelkatalog.

Regjeringa la i juni 2016 fram handlingsplanen Trygghet, mangfold, åpenhet for perioden 2017–20. Dette er ein handlingsplan mot diskriminering på grunn av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk. I planen blir det vist til at barnehagen skal fremme toleranse for mangfald, både når det gjeld ulike typar familiar, og det at barn skal få sleppe å bli pressa inn i kjønnsstereotypiar.

Staten og Oslo kommune har samarbeidd om ei satsing i Groruddalen i perioden 2007–16. Regjeringa og Oslo kommune har i august 2016 inngått ein ny samarbeidsavtale om ei ny, tiårig satsing i Groruddalen for perioden 2017–26, jf. Prop. 1 S (2016–2017) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet, kap. 590 post 65. Satsinga omfattar dei tre delprogramma Nærmiljø, Sysselsetting og Oppvekst og utdanning, og barnehage er inkludert i det siste. Målet med dette delprogrammet er å sikre gode oppvekstvilkår og medverke til at fleire fullfører og består vidaregåande opplæring gjennom forbetring av tenester på oppvekst- og utdanningsfeltet i Groruddalen. Sjå kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa post 21 Særskilde driftsutgifter for nærare omtale av midlar til satsinga.

Utdanningsdirektoratet har utvikla støtteressursar for det faglege arbeidet i barnehagane, mellom anna ei filmpakke med korte filmar frå barnehagekvardagen som gir gode eksempel frå praksis. I tillegg kjem skriftleg materiell, som artiklar og forslag til spørsmål til refleksjon over arbeidet i barnehagen. Direktoratet har vidare gitt dei nasjonale sentera i oppdrag å lage støtteressursar for barnehagane på kvart sitt einskilde fagområde, jf. kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa post 50 Nasjonale senter i grunnopplæringa.

Leike-, omsorgs- og læringsmiljøet i barnehagen

Barnehagen skal gi trygg og god omsorg, noko som er viktig for alle barn, men særleg for dei yngste barna. Regjeringa foreslo i Meld. St. 19 (2015–2016) Tid for lek og læring. Bedre innhold i barnehagen at ny rammeplan skal klargjere tilbodet til dei yngste barna, og Stortinget støtta dette, jf. Innst. 348 S (2015–2016). Departementet tar sikte på å følge opp dette i rammeplanarbeidet hausten 2016 og våren 2017.

I behandlinga av Meld. St. 19 (2015–2016) fatta Stortinget oppmodingsvedtak nr. 1 008, 7 juni 2016, jf. Innst. 348 S (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen vurdere å innføre bestemmelser i barnehageloven om at barn har rett til å tilhøre en barnegruppe og om barnegruppens størrelse.»

Regjeringa vil komme tilbake til dette oppmodingsvedtaket på ein eigna måte.

I behandlinga av Meld. St. 19 (2015–2016) fatta Stortinget oppmodingsvedtak nr. 1 009, 7. juni 2016, jf. Innst. 348 S (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan barnehagen kan støttes i å legge til rette for gode tilvenningsrutiner.»

Regjeringa vil komme tilbake til dette oppmodingsvedtaket på ein eigna måte.

Innanfor løyvingsforslaget vil departementet setje av om lag 75 mill. kroner til arbeidet mot mobbing og for eit godt læringsmiljø – ein auke på rundt 35 mill. kroner frå 2016. Tiltaka i oppfølginga av NOU 2015: 2 Å høre til – Virkemidler for et trygt psykososialt skolemiljø (Djupedalutvalet) omfattar mellom anna betre støtte og rettleiing til elevar og foreldre og meir kompetanse på skole- og barnehagenivå, jf. programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Det er eit stort og udekt behov for støtte og rettleiing til barn og unge i barnehage og skole og foreldra deira i vanskelege mobbesaker. Hausten 2016 lanserte regjeringa portalen nullmobbing.no, der barn, unge og foreldre kan finne informasjon om tiltak mot mobbing og om rettar og regelverk. Barneombodet er ein viktig nasjonal aktør som støttar og rettleier barn og foreldre i vanskelege mobbesaker. Departementet foreslår at Barneombodet skal styrkast med 3 mill. kroner, jf. kap. 226 post 21.

Regjeringa styrkar kompetansesatsinga gjennom ei differensiert kompetansepakke som skal gjere barnehagane og skolane betre til å førebygge, avdekke og handtere mobbing. Det vil omfatte auka kompetanse om både regelverk og praktisk mobbearbeid, jf. kap. 226 post 21. Delar av kompetansepakka skal vere kompensatorisk, slik at dei med størst utfordringar får raskast og mest hjelp. Tilbodet blir delt i barnehage- og skolebasert kompetanseutvikling og eit nettbasert tilbod, som MOOC (Massive Open Online Courses). Barnehagesektoren har ikkje hatt kompetansehevingstilbod av denne typen før, og det skal derfor gjennomførast pilotar som grunnlag for å skalere opp tilboda.

Partnerskap mot mobbing er ein femårig avtale for perioden 2016–20 som erstattar den tidlegare avtalen Manifest mot mobbing . Det nye partnarskapet er blitt utvida med nye partar, medrekna Private Barnehagers Landsforbund (PBL). Partnarskapet omfattar mellom anna kompetanseutvikling lokalt for å førebygge, avdekke og motverke mobbing og krenkingar, spreiing av kunnskap om rettar og plikter og bygging av lokale nettverk for å sikre gode oppvekstvilkår for barn og unge.

I behandlinga av Meld. St. 19 (2015–2016) støtta Stortinget forslaget om at ny rammeplan skal ha tydelege krav til barnehagens arbeid for eit godt omsorgs- og læringsmiljø, inkludert førebygging, avdekking og handtering av mobbing. Departementet tar sikte på å følge opp dette i arbeidet med ny rammeplan hausten 2016 og våren 2017.

I behandlinga av Meld. St. 19 (2015–2016) støtta Stortinget forslaget om å utvikle ein nettressurs til støtte for barnehagens arbeid for eit godt omsorgs- og læringsmiljø, jf. Innst. 348 S (2015–2016). Departementet tar sikte på å følge opp dette i 2017.

I behandlinga av Meld. St. 19 (2015–2016) fatta Stortinget oppmodingsvedtak nr. 792, 7. juni 2016, jf. Innst. 348 S (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om egen lovhjemmel om et trygt omsorgs- og læringsmiljø, jf. opplæringsloven § 9a.»

Regjeringa vil komme tilbake til dette oppmodingsvedtaket på ein eigna måte.

Tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid er viktig for å hjelpe utsette barn. Satsinga 0–24-samarbeidet (2015–2020) er eit samarbeid mellom fem departement med tilhøyrande direktorat, og skal støtte opp om det arbeidet kommunane og fylkeskommunane gjer for utsette barn og unge i alderen 0–24 år. For nærare omtale, sjå programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Arbeid mot omsorgssvikt, vald og seksuelle overgrep mot barn

Barnehagen skal vere ein trygg stad å vere, og personalet skal ha kompetanse til å oppdage barn i vanskelege livssituasjonar. Regjeringa skal hausten 2016 legge fram ein opptrappingsplan om arbeidet mot vald og overgrep. Planen er utforma i samarbeid mellom aktuelle departement, dette som ei oppfølging av oppmodingsvedtak nr. 623, 8. juni 2015, jf. Prop. 1 S (2016–2017) for Barne- og likestillingsdepartementet, og inneheld ei rekke tiltak. Kunnskapsministeren hadde våren 2016 eit innspelsmøte med store aktørar i barnehagesektoren om korleis barnehagen kan bli betre til å avdekke og førebygge overgrep, og fleire av tiltaka i opptrappingsplanen vil bygge på desse innspela.

Regjeringa foreslo i Meld. St. 19 (2015–2016) å vurdere om det regelverket som gjeld barnehagen sitt ansvar for å oppdage og hjelpe barn som er utsette for omsorgssvikt, vald og seksuelle overgrep, er godt nok. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 348 S (2015–2016), og regjeringa skal følge opp tiltaket gjennom regelverksarbeidet i Kunnskapsdepartementet. I tillegg fatta Stortinget oppmodingsvedtak nr. 799, 7. juni 2016:

«Stortinget ber regjeringen sikre at barn får alderstilpasset opplæring om kropp, identitet og følelser, gjerne i samarbeid med helsestasjonen.»

Regjeringa vil følge opp oppmodingsvedtaket i ny forskrift om rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen og gjennom revideringa av kompetansestrategien for barnehagen.

System for å følge med på og utvikle kvaliteten i barnehagen (KIB)

Alle barn har krav på gode barnehagar uansett kvar i landet dei bur, og foreldra skal vere trygge på at barna har det godt i barnehagen. Regjeringa vil gjere det enklare for foreldre og andre å følge med på kvaliteten i tilbodet. Utdanningsdirektoratet utviklar systemet Kvalitet i barnehagen (KIB) for å følge med på og utvikle kvaliteten i barnehagen. Gjennom systemet skal barnehagar, eigarar og lokale og nasjonale myndigheiter få betre informasjon om tilstanden i sektoren og dermed støtte til det lokale arbeidet med vurdering og kvalitetsutvikling. Systemet gir i tillegg barnehagane tilgang til verktøy for kunnskapsbasert kvalitetsutvikling lokalt. Systemet skal vere ferdig utvikla og implementert i løpet av 2017.

Nettportalen barnehagefakta.no opna i august 2015. Nettsida gir informasjon om utvalde nøkkeltal for alle barnehagar i Noreg, mellom anna om personaltettleik, utdanningsnivået til dei tilsette, informasjon om areal og om barnehagen oppfyller pedagognorma. Nettsida vil særleg vere relevant for foreldre når dei skal søke om barnehageplass. Det er barnehagane sjølve som rapporterer inn data per 15. desember kvart år.

Hausten 2016 skal Utdanningsdirektoratet for første gang gjennomføre ei nasjonal foreldreundersøking om barnehagen. Resultatet av foreldreundersøkinga kan saman med andre data og vurderingar frå barnehagen medverke til eit heilskapleg kvalitetsarbeid i barnehagen.

Gratis kjernetid i barnehage

Den nasjonale ordninga med gratis kjernetid i barnehage for alle tre-, fire- og femåringar frå familiar med låg inntekt, uansett språkleg bakgrunn, blir ført vidare i 2017. Regjeringa foreslår at inntektsgrensa frå 1. august 2017 blir sett til 428 000 kroner, og at barna har rett til 20 timar gratis barnehage per veke, jf. forslag til romartalsvedtak IV Diverse fullmakter, nr. 5. I 2017 foreslår regjeringa å kompensere kommunane for heilårseffekten av å utvide ordninga til å omfatte treåringar gjennom å auke løyvinga med 29 mill. kroner. Evaluering av ordninga skal etter planen ligge føre i 2018 og vil gi nyttig informasjon om implementering og kjennskap til ordninga.

Barne- og likestillingsdepartementet har i fleire år hatt forsøksordningar med gratis kjernetid i barnehage i innvandrartette delar av Oslo, Bergen og Drammen. Ansvaret for integreringsfeltet blei i desember 2015 overført til Justis- og beredskapsdepartementet. For omtale av desse forsøksordningane, sjå Prop. 1 S (2016–2017) for Justis- og beredskapsdepartementet.

Gratis kjernetid for barn i asylmottak

Stortinget fatta i samband med integreringsforliket hausten 2015 oppmodingsvedtak nr. 436.2, 12. januar 2016, jf. Dokument 8:37 S (2015–2016):

«Barnehage spiller en viktig rolle i integrering av barn og familier. Det å beherske norsk i tidlig alder er en vesentlig faktor for å kunne lykkes senere i livet. Stortinget ber regjeringen legge til rette for at kommunene kan tilby gratis kjernetid i barnehager til barn av familier som har fått opphold. Regjeringen bes i forbindelse med integreringsmeldingen å legge fram forslag som gjør at barn av familier som har stor sannsynlighet for opphold også kan tilbys gratis kjernetid i barnehage, herunder vurdere tilbudet til 2- og 3-åringer.»

Barn av asylsøkarar har i utgangspunktet ikkje rett til barnehageplass før familien har fått opphaldsløyve i Noreg og er busett i ein kommune. Likevel har ein stor del fire- og femåringar i asylmottak i fleire år fått moglegheit til å gå i barnehage ved at det statlege vertskommunetilskottet over kap. 490 post 60 dekker heiltidsplass i barnehage dersom vertskommunen for asylmottaket har ledige plassar. Regjeringa har derfor lagt til grunn at det ikkje er nødvendig med nye midlar til gratis kjernetid for fire- og femåringane. Frå hausten 2016 er det lagt til rette for at kommunane kan tilby gratis kjernetid i barnehage for to- og treåringar i asylmottak frå familiar som har fått opphaldsløyve, mens som framleis bor i mottaket. Ordninga blir finansiert gjennom vertskommunetilskottet til kommunar med asylmottak og omsorgssenter. Regjeringa foreslår å overføre 5,5 mill. kroner frå kap. 231 post 21 til budsjettet for Justis- og beredskapsdepartementet for å finansiere satsinga, jf. nærare omtale under kap. 231 post 21 og i Prop. 1 S (2016–2017) for Justis- og beredskapsdepartementet.

Ein del av oppmodingsvedtak nr. 436.2, 12. januar 2016 omfattar det å legge fram forslag som gjer at barn frå familiar der det er sannsynleg at dei får opphaldsløyve, også kan få tilbod om gratis kjernetid i barnehage. Regjeringa uttalte i Meld. St. 30 (2015–2016) Fra mottak til arbeidsliv – en effektiv integreringspolitikk at dette krev ei noko lengre utgreiing, og at regjeringa vil komme tilbake til saka på eit seinare tidspunkt. Regjeringa legg til grunn at alle fire- og femåringar i asylmottak uansett får moglegheit til heiltidsplass i barnehage slik som i dag dersom vertskommunen har ledige plassar. Denne delen av oppmodingsvedtaket gjeld dermed to- og treåringar frå familiar der det er sannsynleg at dei får opphaldsløyve. Definisjonen av desse familiane er avhengig av ein heilskapleg vurdering av flyktningsituasjonen og asylpolitikken. Regjeringa vil komme tilbake til den resterande delen av vedtak 436.2, 12. januar 2016 overfor Stortinget på ein eigna måte.

Foreldrebetaling

Regjeringa foreslår at maksimalprisen for eit ordinært heiltidstilbod i 2017 blir fastsett til 2 730 kroner per månad og 30 030 kroner per år, jf. forslag til romartalsvedtak IV Diverse fullmakter, nr. 4. Det er ei reell vidareføring av prisen frå 2016.

For å sikre ein god sosial profil på foreldrebetalinga i barnehagen vil regjeringa føre vidare det nasjonale minstekravet til redusert foreldrebetaling for familiar med låg inntekt som blei innført 1. mai 2015. Denne moderasjonsordninga sikrar at foreldrebetalinga per år for ein heiltidsplass i barnehage maksimalt skal utgjere seks pst. av den samla person- og kapitalinntekta til hushaldet, med maksimalprisen som øvre grense. Evaluering av ordninga skal etter planen ligge føre i 2018 og vil gi nyttig informasjon om effekten av ordninga.

Undersøkingar har vist at barn frå familiar med låg inntekt har lågare barnehagedeltaking, og i strategien mot barnefattigdom for perioden 2015–17 lovde regjeringa å vurdere nye tiltak for å nå dei familiane som ikkje har barn i barnehage. Rammetilskottet til kommunane blei derfor i 2016 styrkt med 10 mill. kroner til informasjons- og rekrutteringsarbeid på barnehagefeltet for å auke barnehagedeltakinga blant barn frå familiar med låg inntekt og barn med minoritetsspråkleg bakgrunn. Midlane legg til rette for at kommunane kan styrke arbeidet sitt med å informere foreldre om innhaldet i barnehagetilbodet, hjelpe med søknader og orientere om ordningane for redusert pris og gratis kjernetid.

Tilsyn med barnehagesektoren

Tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit vil framleis vere ei viktig oppgåve for fylkesmannen i 2017. Frå 1. august 2016 har fylkesmannen i tillegg fått heimel til å føre tilsyn med barnehagar direkte i særlege tilfelle, jf. Innst. 344 L (2015–2016) og Prop. 33 L (2015–2016). Endringa vil redusere dei moglege negative følgene av at kommunen har ei dobbeltrolle som både barnehageeigar og barnehagemyndigheit. Dette vil gi eit betre tilsyn til beste for barna i barnehagane og større rettstryggleik for både barn og foreldre.

Det er Utdanningsdirektoratet som har ansvaret for styringa av fylkesmannen på utdanningsområdet, noko som omfattar tilsynet med både barnehagesektoren og grunnopplæringssektoren, jf. kap. 220 Utdanningsdirektoratet. Nærare omtale av tilsynet kjem i tildelingsbrevet til fylkesmannen, jf. Prop. 1 S (2016–2017) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

I behandlinga av Prop. 33 L (2015–2016) Endringer i barnehageloven (tilsyn m.m.) fremma Stortinget oppmodingsvedtak nr. 788, 7. juni 2016, jf. Innst. 344 L (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen sørge for at kommunenes tilsynsansvar evalueres i løpet av en toårsperiode, for å sikre at det fortsatt er en positiv utvikling. Videre forutsettes resultatet fremlagt for Stortinget på egnet måte.»

Regjeringa vil komme tilbake til dette oppmodingsvedtaket på ein eigna måte.

Endringar i barnehagelova

Regjeringa la våren 2016 fram Prop. 33 L (2015–2016) Endringer i barnehageloven (tilsyn m.m.) . Regjeringa foreslo mellom anna å gi fylkesmannen heimel til å føre tilsyn med enkeltbarnehagar i særlege tilfelle, jf. nærare omtale over. I tillegg foreslo regjeringa at termen førskolelærar blir erstatta med barnehagelærar i lovverket, og at barnehagelova presiserer at departementet kan gi forskrift om innhaldet i og oppgåvene til barnehagen (forskrift om rammeplan). Stortinget støtta desse forslaga, jf. Innst. 344 L (2015–2016). Når det gjeld forslaget om presisering av reglane for dokumentasjon og vurdering, førte dette til debatt i sektoren, og forslaget til regjeringa blei ikkje vedtatt av Stortinget. I staden fremma Stortinget to oppmodingsvedtak.

I behandlinga av Prop. 33 L (2015–2016) Endringer i barnehageloven (tilsyn m.m.) fremma Stortinget oppmodingsvedtak nr. 789, 7. juni 2016, jf. Innst. 344 L (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag til ny § 2 første ledd i barnehageloven som ivaretar et eventuelt behov for lovhjemling av barnehagens behandling av personopplysninger, men som på ingen måte legger til rette for mer dokumentasjon, kartlegging og måling av det enkelte barn.»

Regjeringa vil komme tilbake til dette oppmodingsvedtaket på ein eigna måte.

I behandlinga av Prop. 33 L (2015–2016) Endringer i barnehageloven (tilsyn m.m.) fremma Stortinget oppmodingsvedtak nr. 791, 7. juni 2016, jf. Innst. 344 L (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en sak som klargjør hjemmelsgrunnlaget for innsamling, oppbevaring og bruk av personopplysninger. Det understrekes at det ikke skal legges til rette for mer dokumentasjon, kartlegging og måling av det enkelte barn.»

Regjeringa vil komme tilbake til dette oppmodingsvedtaket på ein eigna måte.

Kap. 231 Barnehagar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

21

Særskilde driftsutgifter , kan overførast, kan nyttast under post 51

265 936

419 255

421 448

50

Tilskott til samiske barnehagetilbod

15 660

16 114

16 565

51

Forsking , kan nyttast under post 21

8 517

8 694

8 892

63

Tilskott til tiltak for å styrke den norskspråklege utviklinga for minoritetsspråklege barn i barnehage

134 339

138 235

142 036

70

Tilskott for symjing i barnehagane, prøveprosjekt frivillige organisasjonar

6 205

25 290

25 290

Sum kap. 0231

430 657

607 588

614 231

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 51

Midlane på posten blir nytta til forsking, utviklingsarbeid, kartleggingar, utgreiingar, kompetansetiltak, rekrutteringstiltak, informasjons- og erfaringsspreiing i barnehagesektoren og utviklingsbehov som oppstår gjennom året. Ein mindre del av løyvinga kan bli nytta til tilskott til etablering av fagskoletilbod som er relevante for arbeid i barnehage.

Delar av løyvinga dekker utgifter til lønn og administrasjon i Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet i samband med drift av ulike prosjekt og tiltak.

Mål for 2017

Målet med løyvinga i 2017 er å medverke til å auke kvaliteten i barnehagane gjennom kompetansetiltak for barnehagepersonalet og styrking av kunnskapsgrunnlaget. Vidareutvikling og styrking av barnehagen som pedagogisk institusjon og som lærande organisasjon står sentralt.

Rapport for 2015

I 2015 blei det over kap. 231 post 21 totalt nytta 266 mill. kroner. Av desse blei 248 mill. kroner nytta til kvalitets- og kompetansetiltak for barnehagesektoren. Midlane gjekk til styrking av kunnskapsgrunnlaget gjennom forsking, undersøkingar og kunnskapsoversikter og til kvalitets- og kompetanseutvikling. 18 mill. kroner blei nytta til forvaltning av kompetansetiltak og statistikk hos fylkesmannen, i Utdanningsdirektoratet og Kunnskapsdepartementet.

Satsinga på betre kunnskapsgrunnlag legg eit betre grunnlag for politikkutforminga og diskusjonar om pedagogisk praksis i barnehagane. Om lag 30 mill. kroner blei nytta til å styrke kunnskapsgrunnlaget gjennom forsking, undersøkingar og statistikkarbeid. Dette inkluderte 3,9 mill. kroner til utviklinga av systemet for kvalitet i barnehagen (KIB), 13,9 mill. kroner til Noregs forskingsråd og 12,2 mill. kroner til ulike rapportar og evalueringar.

Kompetansesatsinga har til formål både å heve kompetansen blant dei tilsette i barnehagane og å rekruttere kvalifisert personale. Satsinga omfatta kompetansetiltak for alle grupper tilsette i barnehagen uansett erfaring og kompetansenivå.

Fylkesmannsembeta har vore viktige pådrivarar i arbeidet med kompetansesatsinga, og har sikra at kommunale og ikkje-kommunale barnehagar har fått midlar til kompetanseheving. Embeta forvalta ei rekke tiltak, og nytta i 2015 om lag 126 mill. kroner til kompetanseutvikling i barnehagesektoren. Av desse midlane blei 50 mill. kroner fordelte fylkesvis og nytta til arbeid med oppfølging av kompetansestrategien Kompetanse for framtidens barnehage. Strategi for kompetanse og rekruttering 2014–2020, inkludert arbeid med likestilling i barnehagen. 26,7 mill. kroner av midlane blei nytta til kompetanseheving for assistentar og barne- og ungdomsarbeidarar. Tilbodet til erfarne assistentar om å ta fagprøva i barne- og ungdomsarbeidarfaget for å formalisere realkompetansen sin hadde 913 deltakarar i 2015, om lag same oppslutning som i 2014. Det var i 2015 færre deltakarar på tilbodet om kompetansehevingsstudium for assistentar og barne- og ungdomsarbeidarar og på tilbodet om kurs i barnehagefagleg grunnkompetanse. Desse hadde høvesvis 245 og 1 751 deltakarar. Tilbodet om å ta fagprøva som praksiskandidat har medverka til å auke delen assistentar som har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar i dei siste åra.

Det blei i 2015 tildelt 7,5 mill. kroner til fylkesmannsembeta til regionale rekrutteringsnettverk og fagsamlingar. Midlane har mellom anne vore brukte til å føre vidare regionale GLØD-nettverk knytte til lokalt rekrutteringsarbeid for å få fleire studentar til barnehagelærarutdanninga, inkludert rekruttering av menn til barnehagane.

Det blei i 2015 nytta 3,8 mill. kroner til vidareutdanning i pedagogisk utviklingsarbeid i barnehagen (såkalla PUB-studium), og dei blei forvalta av fylkesmannen. Tilbodet hadde 97 deltakarar i studieåret 2015–16.

Studietilboda som gjeld tilleggsutdanning i barnehagepedagogikk (TIB) og arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU), har medverka til å redusere mangelen på kvalifisert personale.

Det blei i 2015 sett i gang ei prøveordning med stipend til om lag 1 000 studentar ved ABLU og TIB. Det blei brukt 21 mill. kroner til ordninga, og studentane fekk utbetalt andre halvparten av stipendet våren 2016. Frå hausten 2016 blir ikkje stipendordninga ført vidare, men barnehageeigarar får høve til å søke om tilretteleggingsmidlar til dei tilsette som deltar på kompetansehevingstilboda.

Det blei i 2015 nytta 7,2 mill. kroner til tilleggsutdanning i barnehagepedagogikk (TIB) for pedagogisk personale som ikkje har barnehagelærarkompetanse, og tilbodet hadde 236 deltakarar. 118 av desse starta på studiet i 2015. Midlane og tilbodet blei forvalta av fylkesmannen.

Det blei i 2015 nytta 36,4 mill. kroner til arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU), som er ei deltidsutdanning for fagarbeidarar og assistentar som allereie arbeider i barnehage. 290 personar starta på ABLU i 2015, og totalt tal på deltakarar i 2015 er 503.

Det blei i 2015 nytta 34,7 mill. kroner til leiarutdanninga for styrarar. Hausten 2015 fekk 426 styrarar tilbod om plass på studiet, og av desse starta 382. Desse skal ta eksamen hausten 2016.

Det blei i 2015 nytta 6,4 mill. kroner til stimuleringstiltak i regi av lærarutdanningane for å auke tilbodet om rettleiing for nytilsette nyutdanna barnehagelærarar på posten. Sjå også omtale under kap. 226 post 21 under programkategori 07.20. Ei evaluering kjem hausten 2016 og vil legge grunnlaget for vidare oppfølging.

Det blei i 2015 inngått avtalar med fire fagskolar om til saman 260 studieplassar for fagarbeidarar og assistentar som arbeider i barnehage, og nytta 4,2 mill. kroner til dette tiltaket. Fagskoletilbodet har ei fordjuping i temaet barn med særskilde behov .

Dei nasjonale sentera fekk i 2015 tildelt 6,8 mill. kroner til oppdrag på barnehageområdet, mellom anna til Språkløyper – Nasjonal strategi for språk, lesing og skriving 2016–2019 .

Budsjettforslag for 2017

Totalt vil det bli nytta om lag 385 mill. kroner over kap. 231 post 21 til tiltak for å fremme kvaliteten i barnehagane i 2017.

Departementet foreslår å flytte budsjettmidlar for ei stilling i Utdanningsdirektoratet til driftsbudsjettet for direktoratet. Det inneber ein reduksjon i løyvinga på posten med 0,9 mill. kroner mot ein tilsvarande auke over kap. 220 post 01.

I budsjettet for 2016 blei det løyvd midlar til fleire studieplassar til vidareutdanning for tilsette i barnehagane. Fleire studieplassar fører til større utgifter til utdanningsstøtte, jf. omtale under programkategori 07.80 Utdanningsstøtte. Departementet foreslår å redusere løyvinga med 1,1 mill. kroner for å finansiere auka utgifter til studiestøtte.

Regjeringa foreslår å styrke barnehagelærarutdanninga ved å løyve midlar til fleire studieplassar i praksisrettleiing for praksislærarane som skal følge opp studentane når dei har praksisperiodar i barnehage.

Departementet har gitt Noregs forskingsråd i oppdrag å lyse ut midlar til eitt eller to nye forskingsmiljø for barnehagerelevant forsking. Departementet vil finansiere styrkinga med inntil 10 mill. kroner årleg i fem år.

Departementet foreslår å overføre midlar frå posten til budsjettet til Justis- og beredskapsdepartementet for å finansiere tilbodet om gratis kjernetid for to- og treåringar i asylmottak frå familiar som har fått opphaldsløyve. Det inneber ein reduksjon i løyvinga på posten med 5,5 mill. kroner mot ein tilsvarande auke over kap. 490 post 60 på budsjettet til Justis- og beredskapsdepartementet.

Samla sett foreslår departementet ei løyving på 421 mill. kroner.

Det blir foreslått ei tilsegnsfullmakt på 50 mill. kroner knytt til posten, jf. forslag til vedtak III nr. 1.

Post 50 Tilskott til samiske barnehagetilbod

Sametinget forvaltar tilskott til samiske barnehagar, barnehagar med samiske avdelingar og barnehagar med tilbod om samisk språkopplæring. I tillegg kan tilskottet nyttast til utviklingsarbeid og prosjekt i barnehagane. Sametinget og Kunnskapsdepartementet har både faste samarbeidsmøte på administrativt nivå og konsultasjonar etter behov og nærare avtale.

Mål for 2017

Målet med tilskottsordninga er at samiske barn skal få utvikle samisk språk og kultur i barnehagen.

Rapport for 2015

I 2015 mottok Sametinget 15,7 mill. kroner i tilskott til samiske barnehagetilbod. Statistikk frå Sametinget viser at det i 2015 var totalt 783 barn som gjekk i barnehagar med eit samisk tilbod, mot 815 i 2014. Av desse gjekk 581 barn i samiske barnehagar, 87 barn i barnehagar med samisk avdeling og 115 barn i barnehagar med samisk språkopplæringstilbod. Av dei 783 barna hadde 735 barn nordsamisk bakgrunn mot 762 i 2014, 22 barn hadde lulesamisk bakgrunn mot 28 i 2014, og 26 barn hadde sørsamisk bakgrunn mot 25 i 2014.

I 2015 var det registrert 24 samiske barnehagar og sju barnehagar med samisk avdeling, same tal som i 2014. 29 barnehagar hadde samisk språkopplæringstilbod mot 27 i 2014. Dei sistnemnde barnehagane ligg i åtte fylke: Finnmark, Troms, Nordland, Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag, Oppland, Buskerud og Akershus.

Nordlandsforskning har i 2015 levert ei evaluering av tilskottsordningane retta mot samiske barnehagetilbod. Evalueringa gir eit godt bilde av effekten av ordningane og språksituasjonen i barnehagane. Evalueringa viser at det er store variasjonar i den språkstøtta som samiske barn får. Det er særleg ei utfordring for barnehagepersonalet å arbeide med samisk språkutvikling i område der samisk står svakt utanfor barnehagen. Nordlandsforskning konkluderer med at effekten av tilskottsordningane er god.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2016.

Post 51 Forsking, kan nyttast under post 21

Midlane blir nytta til forsking på og for barnehagar. Løyvinga på posten må sjåast i samanheng med løyvinga til kompetanseutvikling på post 21. Løyvinga blir forvalta av Noregs forskingsråd gjennom ulike forskingsprogram.

Mål for 2017

Målet er å få eit betre kunnskapsgrunnlag for praksis, forvaltning og barnehagepolitikk.

Rapport for 2015

Forskingsprogrammet FINNUT (2014–2023) omfattar forsking og innovasjon i utdanningssektoren, frå barnehage og skole til høgre utdanning og vaksnes læring. Heile løyvinga på posten gjekk uavkorta til Noregs forskingsråd, som fordeler midlane til ulike forskingsprosjekt på barnehageområdet.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2016.

Post 63 Tilskott til tiltak for å styrke den norskspråklege utviklinga for minoritetsspråklege barn i barnehage

Mål for 2017

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at kommunane kan utforme tiltak for å styrke den norskspråklege utviklinga for minoritetsspråklege barn i barnehage.

Rapport for 2015

Totalt blei 134,3 mill. kroner nytta over posten i 2015. Heile summen blei tildelt kommunane ut frå talet på minoritetsspråklege barn som går i barnehage i den enkelte kommune.

Rapporteringar frå barnehagane viser at 36 pst. av dei minoritetsspråklege barna i barnehage fekk tilbod om særskild språkstimulering i 2015. Dette er tilbod som er vidare enn det ordinære arbeidet med språkutvikling i barnehagen, og delen barn som får eit slikt tilbod, har halde seg på om lag same nivå i fleire år.

For statistikk om minoritetsspråklege barn i barnehage, sjå del III, kap. 7 Ressursar i barnehagesektoren.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2016.

Tilskottet blir i dag fordelt mellom kommunane ut frå talet på minoritetsspråklege barn i barnehage. Samtidig har summen per barn gått mykje ned, dette som ein konsekvens av at løyvinga ikkje har auka i samsvar med auken i talet på minoritetsspråklege barn i barnehage. Dette har ført til at kommunane får mindre ut av midlane enn tidlegare, og på bakgrunn av ei evaluering frå 2014 bestemte regjeringa at tilskottsordninga burde leggast om. I Meld. St. 19 (2015–2016) Tid for lek og læring. Bedre innhold i barnehagen foreslo regjeringa å legge om tilskottsordninga for å få tydelegare fram at formålet med tilskottet er å medverke til å styrke dei norskspråklege dugleikane til minoritetsspråklege barn i barnehage. Forslaget omfattar at tilskottet kun skal nyttast til tiltak direkte retta mot barna i barnehagen, til dømes ekstra personalressursar til språkstimuleringsarbeidet og innkjøp av språkmateriell og bøker. Regjeringa legg til grunn at det norskspråklege miljøet generelt vil vere svakare i barnehagar med høg del minoritetsspråklege barn fordi det ikkje vil vere mange norskspråklege leikekameratar, og at barnehagar med mange ulike språk vil ha større utfordringar i språkarbeidet enn barnehagar med få språk. Regjeringa ønsker å spisse kriteria for tildeling av tilskottet gjennom å klargjere formålet og endre fordelinga av midlane til dei kommunane som treng det mest.

Regjeringa foreslår vidare å legge om kriteria for fordeling av tilskottsmidlane. Ny modell for tildeling er basert på to kriterium, både at minst ti pst. av barnehagebarna i kommunen må vere definerte av barnehagen til å vere minoritetsspråklege, og at talet på desse i kommunen må vere minst 50 barn. Tilskottssummen per barn vil bli berekna ut frå talet på minoritetsspråklege barn som går i barnehage i dei kommunane som får tilskott. Etter denne modellen vil om lag 110 kommunar ta i mot tilskott for om lag 84 pst. av alle minoritetsspråklege barn i barnehage, dette basert på tal for 2016. Summen per barn vil stige med om lag 20 pst.

Stortinget støtta forslaget om omlegging av tilskottsordninga for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealderen i Meld. St. 19 (2015–2016), men fatta i behandlinga av meldinga samtidig oppmodingsvedtak nr. 797, 7. juni 2016, jf. Innst. 348 S (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen sikre at tilskuddet til tiltak for å bedre språkforståelsen blant minoritetsspråklige barn i førskolealder, også kan benyttes til å ansette morsmålsassistenter.»

Regjeringa viser til at kommunane står fritt til å velje mellom ulike verkemiddel og konkrete tiltak som kan bidra til å oppfylle målet med ordninga, uavhengig av om ordninga blir lagd om eller ikkje, og at oppmodingsvedtaket dermed er følgt opp.

Departementet tar sikte på at nye retningslinjer for tilskottsordninga trer i kraft frå 1. januar 2017.

Post 70 Tilskott for symjing i barnehagane, prøveprosjekt frivillige organisasjonar

Tilskottsordninga blei oppretta i 2015, og Stortinget viste i den samanhengen til at det i dei siste åra har vore mange tragiske drukningsulykker blant barn og unge, særleg i innvandrarbefolkninga, og at symjedugleikane blant barn og unge må styrkast slik at barn blir trygge i vatnet så tidleg som mogleg, jf. Innst. 14 S (2014–2015). Tilskottet skal medverke til at kommunar, frivillige organisasjonar og barnehagar kan gjennomføre tiltak for å gi barn i alderen 4–6 år i barnehage tilstrekkeleg symjeopplæring, slik at barna får eit betre grunnlag for å lære å symje og blir trygge i vatnet. Tilskottsordninga blir forvalta av fylkesmannsembeta.

Mål for 2017

Det overordna målet med ordninga er at barn i barnehage i alderen 4–6 år skal bli trygge i vatnet, slik at grunnlaget for å lære å symje blir betre.

Rapport for 2015

I 2015 blei tilskottet nytta i Oslo, Akershus, Buskerud, Rogaland og Hordaland. 37 kommunar og sju frivillige organisasjonar fekk tilskott, og gjennom desse fekk om lag 4 000 barn tilbod om symjeopplæring i barnehagetida.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nominelle nivå som i 2016.

Programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring

Utgifter under programkategori 07.50 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

252

EUs utdannings- og ungdomsprogram

437 409

513 780

512 112

-0,3

253

Folkehøgskolar

771 997

797 064

828 845

4,0

254

Tilskott til vaksenopplæring

214 903

221 136

221 493

0,2

255

Tilskott til freds- og menneskerettssenter

114 168

101 095

90 770

-10,2

256

Kompetanse Noreg

64 678

64 643

73 184

13,2

257

Kompetansepluss

136 935

163 124

167 997

3,0

258

Tiltak for livslang læring

96 088

128 587

135 367

5,3

Sum kategori 07.50

1 836 178

1 989 429

2 029 768

2,0

Inntekter under programkategori 07.50 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

3256

Kompetanse Noreg

13 639

11 571

11 836

2,3

Sum kategori 07.50

13 639

11 571

11 836

2,3

Innleiing

Eit høgt kunnskaps- og kompetansenivå i heile folket er grunnlaget for sosial utjamning og for at norske verksemder skal ha den kompetansen dei treng. Ei kompetent vaksenbefolkning legg grunnlaget for nyskaping, omstilling og vekst i norsk nærings- og arbeidsliv. Utdanning og livslang læring gjer det mogleg for den einskilde å delta i arbeid og samfunnsliv, og stimulerer til produktivitet, omstillingsevne og meistring. Det er derfor viktig å legge til rette for at fleire vaksne både i og utanfor arbeidslivet skal kunne halde ved like og tileigne seg ny kunnskap, og oppgradere kompetansen sin gjennom utdanning og opplæring.

Hovudmålet med løyvingane under denne programkategorien er kompetanse som trengst i dag og i framtida . Vidare er utdanning og læring for kvar einskild eit viktig mål for løyvingane, jf. figur 1.2 Målbilde for Kunnskapsdepartementet.

Kompetansepolitikken omfattar verkemiddel for å utvikle og bruke kompetansen i det norske folket gjennom betre samsvar mellom etterspørselen etter arbeidskraft i arbeidslivet og den einskilde sin bruk av sin eigen kompetanse. Dette inneber å legge til rette for at den einskilde kan ta gode utdanningsval, å legge grunnlaget for læringsprosessar utover opphavleg utdanning, og sikre eit system for å anerkjenne kvalifikasjonar og læring. Kunnskapsdepartementet har ansvaret for samordning, men verkemidla i kompetansepolitikken går på tvers av departement, sektorar og forvaltningsnivå.

I tillegg til kompetansepolitikken blir utdanningsforsking og internasjonalt utdanningssamarbeid omtalte under programkategori 07.50, og tilskott til utvekslingsprogrammet Erasmus+, tilskott til folkehøgskolane, tilskott til studieforbund og tilskott til freds- og menneskerettssentera blir finansierte over denne programkategorien.

Utdanningsforskinga skal, forutan å gi ny kunnskap og erkjenning generelt, medverke til høgre kvalitet i barnehagane, i skolane, i høgre utdanning og i kompetansepolitikken, og gi eit solid grunnlag for politikkutvikling. Gode miljø for utdanningsforsking skal bringe fram eit godt kunnskapsgrunnlag som gir rom for ein meir opplyst debatt om innhald, læring, ressursbruk og resultat.

Internasjonalt samarbeid medverkar til betre kvalitet på og større relevans i norsk utdanning og forsking. Gjennom deltaking i internasjonale utvekslingsprogram legg departementet til rette for at elevar, studentar og tilsette ved lærestadene får høve til å skaffe seg internasjonal kompetanse og fagleg utbytte.

Folkehøgskolane i Noreg er eit alternativ og supplement til det formelle utdanningssystemet, og har som mål å fremme allmenndanning og folkeopplysning.

Freds- og menneskerettssentera arbeider med å styrke fredsarbeid og mellommenneskeleg forståing, og gir opplæring i demokratiske verdiar og holdningar. Opplæringa er særleg retta mot barn og unge.

Hovudprioriteringar for 2017

Regjeringa har ambisjonar om å utvikle eit kunnskapssamfunn der vaksne som har vanskar med å få varig tilknyting til arbeidslivet, får tilgang til opplæring som gir den kompetansen arbeidslivet treng. Det inneber at vaksne med svak kompetanse får identifisert kompetansebehova sine, og får tilgang til tilbod som møter desse behova. Kartlegging skal følgast av rettleiing, og opplæringstilbod skal i størst mogleg grad vere arbeidsretta og kunne kombinerast med arbeid. For å sikre at personar med kompetanse frå utlandet får tatt i bruk denne så raskt som mogleg, er det eit mål at ingen skal vente i lang tid for å få godkjent den kompetansen dei allereie har, når dei treng eller ønsker dette.

Stortinget behandla i juni 2016 Meld. St. 16 (2015–2016) Fra utenforskap til ny sjanse. Samordnet innsats for voksnes læring, jf. Innst. 362 S (2015–2016) . Viktige forslag i meldinga på Kunnskapsdepartementets område er mellom anna utvikling av eit kartleggingsverktøy for grunnleggande dugleikar, forsøk med førebuande vaksenopplæring gjennom modulstrukturert opplæring, ein e-læringsressurs for grunnleggande dugleikar, og rett til vidaregåande opplæring for innvandrarar med slik utdanning frå utlandet som ikkje er godkjent i Noreg. Kompetanse Noreg, tidlegare Vox, har fått i oppdrag å utvikle eit slikt kartleggingsverktøy, og å utvikle ein e-læringsressurs for grunnleggande dugleikar. Verktøyet skal vere ein ressurs for offentlege aktørar som kjem i kontakt med personer som treng å betre dei grunnleggande dugleikane sine. E-læringsressursen skal gjere det mogleg å ta opplæring i grunnleggande lesing, skriving og rekning på ein enkel og fleksibel måte, gjerne i kombinasjon med anna opplæring. Oppdraget sjåast i samband med forsøk med førebuande vaksenopplæring, det vil seie ei modulstrukturert opplæring på grunnskolenivå, og forsøk med modulstrukturert opplæring innanfor einskilde lærefag i fag- og yrkesopplæringa. Modulstrukturert opplæring skal gjere det enklare å veksle mellom opplæring og arbeid og andre plikter. Det skal også vere mogleg å kombinere modular frå førebuande vaksenopplæring med modular frå fag- og yrkesopplæringa. Kunnskapsdepartementet foreslår om lag 60 mill. kroner under programkategori 07.50 til oppfølging av ulike tiltak i meldinga i 2017.

Innvandrarar som har fullført vidaregåande opplæring eller tilsvarande i utlandet har i dag ikkje rett til vidaregåande opplæring i Noreg sjølv om opplæringa ikkje blir akseptert som likeverdig med norsk vidaregåande opplæring og verken gir yrkeskompetanse eller studiekompetanse i Noreg. Regjeringa vil foreslå å innføre ein slik rett, med verknad frå skoleåret 2017–18.

Regjeringa ønsker at menneske og verksemder har naudsynt kompetanse slik at Noreg kan møte omstillingskrav i økonomien, og at vi som nasjon også i framtida vil ha eit konkurransedyktig næringsliv og ein effektiv og god offentleg sektor. På bakgrunn av dette er det vedtatt at det skal utviklast ein nasjonal kompetansepolitisk strategi for Noreg (NKPS), utforma i nært samarbeid mellom myndigheitene og partane i arbeidslivet. Regjeringa vil i 2017 følge opp strategien.

Tilstandsvurdering

Kompetansepolitikken

Kompetansebasert vekst og omstilling i norsk arbeids- og næringsliv

Norsk arbeidsliv er prega av høge kompetansekrav, høg produktivitet og høge lønnskostnader. Eit overordna mål for kompetansepolitikken er å medverke til at verksemdene har tilgang til og kan vidareutvikle den kompetansen dei treng, og medverke til inkludering i samfunns- og arbeidsliv ved at vaksne som treng det, får opplæring. Ein auke i talet på innbyggarar med innvandrarbakgrunn gjer dette særleg aktuelt. Mange i denne gruppa treng påfyll av kompetanse for å kunne delta i arbeids- og samfunnsliv.

Kompetansepolitikken er tverrgåande på den måten at han omfattar oppgåver, ansvar og verkemiddel fordelte på mange aktørar, fleire departement, regionale og kommunale aktørar, partane i arbeidslivet, enkeltbedrifter og -verksemder, frivillig sektor og andre kompetansepolitiske aktørar. Utfordringane i kompetansepolitikken kan derfor ofte berre løysast gjennom samarbeid mellom fleire aktørar på tvers av sektorar og forvaltningsnivå.

Kunnskapsgrunnlaget for kompetansepolitikken har blitt betre i dei seinaste åra, ikkje minst takk vere nasjonale og internasjonale undersøkingar. Vox-spegelen viser statistikk over vaksne si deltaking i utdanning og opplæring. Saman med data frå Statistisk sentralbyrå (SSB) og internasjonale undersøkingar som OECD Skills Strategy og PIAAC (Programme for the International Assessment of Adult Competencies) gir han eit godt bilde av status og utfordringar i kompetansepolitikken.

I rapporten Skills Strategy Diagnostic Report Norway frå 2014 peiker Organisation for Economic Co-operation and Development (OECD) på at Noreg, trass i gode føresetnader, ikkje godt nok evnar å få ut potensialet i sitt eige folk når det gjeld kompetanse. OECD trekker fram fleire, dels kjente, utfordringar for Noreg. Hovudanbefalinga frå OECD er at Noreg må bli betre til å utvikle den kompetansen som arbeids- og næringslivet treng.

Ei av utfordringane OECD peiker på, er godt samsvar mellom utdanningsvala til den einskilde og det behovet arbeidslivet har for ulike typar arbeidskraft. Dette er viktig både for kvart enkelt individ og for heile samfunnet. SSB sine framskrivingar av tilbod og etterspørsel etter arbeidskraft fram mot 2030 er éi av fleire kjelder til kunnskap om framtidige kompetansebehov. Berekningane deira viser eit framtidig overskott av dei med berre grunnskoleutdanning og eit framtidig underskott på dei med vidaregåande yrkesfagleg opplæring som høgste fullførte utdanning. Betre fullføring i vidaregåande opplæring vil gi fleire med naudsynt kompetanse og samtidig redusere delen med berre grunnskoleutdanning. Med lanseringa av Skills Agenda 2030 og Skills Guarantee har også EU framheva at alle vaksne treng kompetanse tilsvarande vidaregåande opplæringsnivå for å klare seg godt på arbeidsmarknaden.

Ifølge Vox-barometerundersøkinga for 2016 vil kvar tredje verksemd ha eit underskott på kompetanse i dei neste to åra. Verksemdene treng fleire sysselsette med høgre utdanning og yrkesfag- og fagskoleutdanning. Samstundes ønsker mange verksemder å redusere delen ufaglærte arbeidstakarar. Det er særleg dei mellomstore verksemdene (med 21–50 sysselsette) og verksemder i omstilling som rapporterer om eit problem med å dekke behovet sitt for kompetanse, 30 pst. i nokon grad og fire pst. i stor grad. Størst underskott finn ein i kunnskapsnæringar som finansiering, forsikring og informasjon og kommunikasjon, tett etterfølgde av undervisning. Minst underskott på kompetanse finn ein i transport og lagring, men også overnattings- og serveringsverksemder og varehandel har eit lavt underskott. Det er også store skilnader mellom fylka. Størst underskott på kompetanse finn ein i Sogn og Fjordane, medan også Nordland og Møre og Romsdal har relativt mange verksemder med underskott på kompetanse.

For den einskilde er det viktig med eit godt kunnskapsgrunnlag som utgangspunkt for val av utdanning og yrke. Betre kunnskap om framtidige kompetansebehov er også viktig for nasjonale og lokale myndigheiter som planlegg studieplassar, dimensjonering av vidaregåande opplæring, lærlingplassar, næringsutvikling osv. Fleire land har etablert ulike typar system for analyse, dialog og formidling av framtidige kompetansebehov. I 2013 sette Kunnskapsdepartementet i gang eit treårig prosjekt med mål om å etablere eit system for analysar, dialog og formidling av framtidige kompetansebehov i Noreg. Prosjektet har hatt ein utgreiingsfase i åra 2014–16, og er nå i ein sluttfase. Hensikta var å skape eit betre kunnskapsgrunnlag. Gjennom å samle inn og sjå ulike typar analysar i samanheng kan ein komme fram til ei betre forståing av kompetansebehova i framtida. Betre informerte val kan gi betre samsvar mellom tilbod og etterspørsel etter ulike typar arbeidskraft. Målet med prosjektet er å foreslå ein betre systematikk for analyse, dialog og formidling av framtidige kompetansebehov i Noreg.

Eit betre kunnskapsgrunnlag om framtidige kompetansebehov gir også betre tenester for karriererettleiing, både i skole og opplæring, i fagskolar og høgre utdanning, og for vaksne. I ei tid med store utfordringar knytte til omstilling og integrering er tilgang til tenester for karriererettleiing viktig. Det er ein klar etterspørsel etter betre tenester innanfor livslang karriererettleiing, og dette samsvarer òg med anbefalingane frå OECD. Karriererettleiing er eit verktøy for å utnytte kompetansen i arbeidsstyrken, og samstundes er det eit viktig verkemiddel for at den einskilde skal gjere gode val knytte til utdanning og arbeid. Dette vil motverke fråfall og feilval – og medverke til at fleire får ein stabil og varig tilknyting til arbeidslivet.

Regjeringa sette i 2015 ned eit utval som fekk i oppdrag å greie ut eit heilskapleg system for livslang karriererettleiing. Utvalet leverte ein delrapport i oktober 2015, og hovudinnstillinga si NOU 2016: 7 Norge i omstilling – karriereveiledning for individ og samfunn i april 2016. Utvalet kjem med anbefalingar for alle dei relevante sektorane. Dette inkluderer aktørar som mellom anna Nav, introduksjonsordninga, universitet og høgskolar, men dei største grepa er foreslåtte for rådgivinga i grunnopplæringa og for dei fylkesvise karrieresentera. Utvalet meiner eit godt utbygd karriererettleiingstilbod vil medverke både i integreringssamanheng og lette omstillingsprosessar lokalt. Dei har ei rekke anbefalingar til regjeringa, mellom anna om nettbaserte tilbod, kompetanseheving for rådgivarar i grunnopplæringa, og styrka regionalt karriererettleiingstilbod.

Livslang læring

Gode utdannings- og yrkesval for den einskilde må følgast av livslang læring. Dei fleste tileignar seg kontinuerleg ny kompetanse gjennom læring i arbeidslivet. Formell etter- og vidareutdanning ved universitet og høgskolar er eit viktig bidrag i kompetansepolitikken. Fagskolar er også eit viktig bidrag til etter- og vidareutdanning; sjå også omtale av livslang læring og fleksibel utdanning under programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning. Gjennom studieforbunda og andre delar av frivillig sektor, i tillegg til opplæring på arbeidsplassen gjennom programmet Kompetansepluss (tidlegare Basiskompetanse i arbeidslivet ), får mange vaksne òg tilbod om opplæring utanfor det formelle utdanningssystemet.

Lærevilkårsmonitoren , ei årleg kartlegging av læring og kompetanseutvikling blant vaksne gjennomført av SSB, viser at det er langt fleire av dei sysselsette som deltar i kurs og anna opplæring, enn det er blant dei som står utanfor arbeidslivet, jf. tabell 4.6. Dei sysselsette som deltar mest på kurs, konferansar, seminar og i anna uformell opplæring, jobbar i akademiske yrke (62 pst.), medan dei som jobbar som prosess- og maskinoperatørar og innanfor transport, deltar minst (32 pst.). Gjennomgåande er det dei med høg utdanning som tar mest del i slik opplæring. Blant sysselsette i alderen 15–24 år deltar 63 pst. i formell utdanning, og delen er høgre blant kvinner (70 pst.) enn blant menn (57 pst.).

Tabell 4.6 Vaksne si deltaking i utdanning og opplæring, 2009–16. Alle tal i pst.

Type opplæring

Gruppe

2009

2010

2011

2012

2013

2014

2015

2016

Formell utdanning

Sysselsette

11,0

9,4

8,6

9,7

10,3

9,5

8,9

8,3

Ikkje-sysselsette

13,5

11,7

10,6

12,4

13,2

13,6

14,4

13,9

Kurs og anna opplæring

Sysselsette

51,8

47,6

49,1

51,3

51,7

49

51,5

50,2

Ikkje-sysselsette

13,2

13

10,1

12,4

12,4

13,7

15,2

13,0

Tala gjeld vaksne frå 25 til 66 år. Endringar i tala frå dei som har blitt presenterte tidlegare år, skyldast at vaksne er rekna frå 25 år og oppover, medan vaksne tidlegare har vore rekna frå 22 år.

Kjelde:  Statistisk sentralbyrå (SSB)

Det er viktig for arbeidslivet at arbeidstakarane kan ta kurs og anna opplæring. Samstundes er det ei utfordring at ein med tilboda i dag ikkje når mange nok av dei som står utanfor arbeidslivet. Studieforbunda tilbyr fleksibel og brukartilpassa opplæring utanfor det formelle utdanningssystemet. Nokre studieforbund har opplæring retta mot spesielle målgrupper, som til dømes tilbod til innsette i fengsel, rusmisbrukarar, ufaglærte og norskopplæring for innvandrarar. Som for tidlegare år viser rapporteringa for 2015 at det er vanskeleg for studieforbunda å synleggjere effekt av den opplæringa dei tilbyr. Undersøkingar viser vidare at gjennomsnittsdeltakarane på kursa til studieforbunda har høgre utdanning enn gjennomsnittsbefolkninga. Dette tyder dermed på at studieforbundsordninga ikkje godt nok treffer dei med låg kompetanse og svake grunnleggande dugleikar.

I følge SSB, er det om lag 540 000 vaksne i Noreg som har grunnskole som den høgste utdanninga si. Denne gruppa er og vil vere sårbar i eit arbeidsliv som i aukande grad krev høg kompetanse. Den store internasjonale PIAAC-undersøkinga frå oktober 2013 viste at medan Noreg gjer det betre enn det internasjonale gjennomsnittet i lese- og talforståing og problemløysing med IKT blant vaksne, var det òg ei relativt stor gruppe som hadde svake grunnleggande dugleikar. Om lag 400 000 vaksne mellom 16 og 65 år manglar grunnleggande dugleikar i lesing, 480 000 manglar grunnleggande dugleikar i talforståing, og om lag 800 000 vaksne manglar grunnleggande IKT-dugleikar.

PIAAC-undersøkinga viste at talet på vaksne med svake grunnleggande dugleikar er stort. Likevel er det få vaksne i grunnskole og vidaregåande opplæring. Vaksne som treng det, har rett til grunnskoleopplæring, jf. opplæringslova § 4A-1, og vaksne som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, har rett til dette, jf. § 4A-3. Ifølge tal frå SSB var det i skoleåret 2014–15 om lag 10 000 vaksne frå alle fylka i landet som deltok i ordinær grunnskoleopplæring eller fekk spesialundervisning innanfor grunnskolen sitt område. 92 pst. av dei som var i ordinær grunnskoleopplæring, var minoritetsspråklege. Same år var det om lag 24 500 vaksne som deltok i vidaregåande opplæring. Av dei om lag 11 000 vaksne som avla fag- og sveineprøve i 2014–15, bestod 93 pst. prøva. Nær fire av fem som går opp til fag- og sveineprøve, er praksiskandidatar. Praksiskandidatordninga inneber at vaksne med minst 25 pst. lengre allsidig praksis i faget enn læretida kan framstille seg til fag- eller sveineprøve.

Undersøkinga tyder på at ei relativt stor gruppe har falle – eller står i fare for å falle – utanfor utdanning og arbeidsliv. Regjeringa har våren 2016 lagt fram ei stortingsmelding, Meld. St. 16 (2015–2016) Fra utenforskap til ny sjanse. Samordnet innsats for voksnes læring , jf. Innst. 362 S (2015–2016) . Målet for regjeringa er at den einskilde skal ha ein kompetanse som dannar grunnlaget for ei stabil og varig tilknyting til arbeidslivet. Meldinga inneheld tiltak som skal gi vaksne betre høve til å styrke kompetansen sin, betre høve til å delta i opplæring, og til å få den kompetansen dei bringar med seg frå utlandet, godkjent i Noreg. Utfordringane går ofte på tvers av sektorlinjer. Derfor er meldinga utforma i eit samarbeid mellom Kunnskapsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet og Arbeids- og sosialdepartementet.

Vaksne må ofte kombinere arbeid og utdanning og har forseinkingar eller avbrot i utdanninga si på grunn av flytting, barn og anna ansvar. Meldinga legg til grunn at tilboda til vaksne med svake grunnleggande dugleikar må vere fleksible og tilpassa livssituasjonen til dei vaksne. Mange vaksne treng òg hjelp frå fleire delar av det offentlege hjelpeapparatet. Koordineringa har ofte vore for dårleg. Sjølv om sektorane har dei same overordna måla, kan målkonfliktar og ulike regelverk stå i vegen for dei gode løysingane. Dei offentlege instansane må i større grad enn før tilpasse tiltaka sine til dei behova den einskilde har for kompetanse. Meldinga legg til grunn at det er nødvendig med betre samarbeid på tvers av ulike sektorar og forvaltningsnivå.

SSB manglar opplysningar om utdanningsnivået til 24 pst. av dei busette innvandrarane som er 16 år og eldre. Dette utgjer i underkant av 152 500 personar (oktober 2015). Talet på vaksne med ukjente utdanningsopplysningar veks etter som talet på innvandrarar aukar. Nokre innvandrarar kjem frå land utan eit fungerande utdanningssystem og har ikkje fått grunnleggande opplæring, men mange har fullført utdanning i utlandet som dei ikkje har registrert i Noreg. Innvandrarar som har fullført vidaregåande opplæring eller tilsvarande i utlandet har i dag ikkje rett til vidaregåande opplæring i Noreg sjølv om opplæringa ikkje blir akseptert som likeverdig med norsk vidaregåande opplæring og verken gir yrkeskompetanse eller studiekompetanse i Noreg. Dette innskrenkar moglegheita deira til vidare studiar eller ein jobb dei er kvalifiserte for. For ein del av dei med ukjent eller låg utdanning vil ei kartlegging av dugleikane deira vere nødvendig for å identifisere behova deira for opplæring. Andre treng godkjenning av den utanlandske utdanninga si for å dra nytte av kompetansen sin og gjere sitt i samfunnet.

Ordningar for godkjenning av både utanlandske utdanningar og yrkeskvalifikasjonar er blitt viktigare med ei auka tilstrøyming av flyktningar. Meld. St. 16 (2015–2016) viste at godkjenningar kan vere avgjerande for å få arbeid i Noreg og slik få ei varig og stabil tilknyting til arbeidslivet. Dette er òg omtalt i Meld. St. 30 (2015–2016) Fra mottak til arbeidsliv – en effektiv integreringspolitikk, jf. Innst. 362 S (2015–2016).

Utdanningsforsking

I dei siste åra har forskinga om barnehagen, grunnopplæringa, fagskolen, høgre utdanning og læring blant vaksne auka i omfang. Det har vore ei positiv utvikling i kvalitet og relevans, og fleire gode og produktive fagmiljø har vakse fram. Ifølge NIFU-rapporten Utdanningsforskningen i Norge i 2013: Ressurser og resultater blei det i 2013 brukt 1,1 mrd. kroner til ulike forskingsmiljø som arbeider inn mot utdanningsforsking. Det er ein klar vekst frå førre rapport, som kom i 2007. Talet på publiseringspoeng innanfor utdanningsforsking auka frå om lag 460 poeng i 2005 til i underkant av 1 100 poeng i 2013. Den delen av utdanningsforskarar som har førstekompetanse, auka frå 37 pst. i 2009 til 50 pst. i 2013.

Samstundes er det nokre alvorlege utfordringar: Utdanningsforskingsmiljøa i Noreg deltar i liten grad i internasjonale nettverk, og har lite internasjonalt forskingssamarbeid. Det meste av publiseringa skjer på norsk. Utdanningsforsking finansiert av EU-midlar har òg gått ned frå 2009 til 2013.

Det er derfor viktig at den positive utviklinga i utdanningsforskinga held fram, og regjeringa sitt forslag til endringar i finansieringssystemet for universitet og høgskolar styrker insentiva for internasjonalt samarbeid, jf. omtale i del III kap. 13. Dei utfordringane som sektorane møter, blir stadig meir komplekse, og ein treng derfor ny kunnskap, nye metodar og nye former for samarbeid for å finne betre løysingar på dei utfordringane ein ser i skolane, i forvaltninga og i organiseringa og styringa av utdanningssektoren. Det er viktig å halde oppe volumet på utdanningsforskinga for å bygge gode fagmiljø. For betre å forstå kva som har effekt i læringssituasjonar og undervisning, treng ein særleg meir forsking som måler effekten av ulike tiltak og intervensjonar på praksisfeltet.

Internasjonalt utdanningssamarbeid

Deltaking i EUs utdanningsprogram er eit viktig verkemiddel for å nå utdanningspolitiske mål. Sidan tidleg i 1990-åra har norsk deltaking i EUs utdanningsprogram medverka til at fleire tusen elevar, lærlingar, studentar, lærarar og andre tilsette ved norske utdanningsinstitusjonar har kunna reise på utvekslingsopphald i Europa. Den auka prioriteringa av internasjonalisering i norsk utdanning er godt illustrert i investeringane i deltaking i EUs utdanningsprogram. I det førre programmet, EUs program for livslang læring (LLP) (2007–13), viser deltakinga frå norske aktørar ein kraftig vekst.

Samstundes har mange utanlandske studentar, elevar, lærarar og tilsette vore på utvekslingsopphald i Noreg. Deltakinga har òg gitt norske skolar, universitet og høgskolar tilgang til eit omfattande nettverk med europeiske samarbeidspartnarar. Sidan 1992 har alle norske høgre utdanningsinstitusjonar bygd opp europeiske samarbeidsavtalar. Desse avtalane inkluderer til dømes utveksling, strategiske partnarskap, utvikling av felles undervisningsopplegg og doble gradar eller fellesgradar.

Tabell 4.7 LLP Erasmus/Erasmus+-mobilitet 2009–15

2009–10

2010–11

2011–12

2012–13

2013–14

2014–15

Studentmobilitet:

Studium

1 262

1 450

1 542

1 603

1 563

1 559

Praksis

94

479

148

103

107

174

Tilsettmobilitet:

Tilsettmobilitet

197

211

253

339

324

375

Lærarmobilitet

363

402

406

426

390

317

Kjelde:  Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU)

Stortinget vedtok i april 2014 at Noreg skal delta i EUs program for utdanning, ungdom og idrett, Erasmus+ (2014–20). Budsjettet for programmet er basert på Europakommisjonens langtidsbudsjett, og har ei total ramme på 16,4 mrd. euro. Noregs del er om lag 500 mill. euro gjennom perioden. Sjå omtale av Erasmus+ under kap. 252.

Erfaringa viser at den norske medverknaden i dei europeiske utdanningsprogramma i dei siste åra har to klare hovudutfordringar. Den første er å få fleire studentar i høgre utdanning til å ta delar av eller heile utdanninga si i utlandet. Nivået har tidlegare lege under eit europeisk gjennomsnitt, og det ser ut til å halde fram slik. Den andre hovudutfordringa er å auke talet på norske aktørar som deltar i prosjekt som får midlar som er sentralt kunngjorde i EU, og som er opne for konkurranse for aktørar frå alle programland. Her er det potensial for å delta meir. I dei siste åra har tala på innreisande studentar til norske institusjonar vore over to og ein halv gonger så store som talet på studentar frå Noreg som reiser utanlands. Innreisande studentar, saman med innreisande lærarar og tilsette, er samstundes viktige for internasjonalisering av utdanninga i Noreg.

Eit utviklingspotensial for Noreg er god deltaking i dei sentraliserte tiltaka, som er dei midlane som blir fordelte i Brussel og ikkje av nasjonalkontora. Det har over tid vore eit for dårleg statistikkmateriale for denne delen av programmet. SIU har i dei siste åra jobba med å utvikle betre statistikk, og vil kunne presentere betre statistikkmateriale i åra som kjem.

Tyskland-strategien til regjeringa slår fast at Tyskland er Noregs viktigaste partnar i Europa, og at regjeringa vil stimulere til auka interesse for tysk språk og Tyskland i skolen og blant studentar. Strategien slår òg fast at Tyskland har ei viktig rolle for norsk verdiskaping og gjer auka kompetanse om det tyske samfunnet, tysk språk og kultur viktig for næringslivet. I tillegg er Tyskland kjent for forskings- og utdanningsinstitusjonar av høg kvalitet, og det er ønskeleg å betre samarbeidet. Det er derfor ønskeleg at fleire norske elevar og studentar tar heile eller delar av utdanninga si i Tyskland.

For å nå utdanningspolitiske mål er det òg avgjerande å styrke kontakten med strategisk viktige land utanfor EU og Nord-Amerika. Store geografiske avstandar, språk- og kulturskilnader gjer det krevjande å etablere langsiktige relasjonar til prioriterte land på andre kontinent, og tala på norske studentar som vel studium i land som ikkje er engelskspråklege, er framleis låge. Erasmus+ er eit viktig verkemiddel for meir utdanningssamarbeid med slike land. I tillegg la regjeringa hausten 2015 fram Panorama – Strategi for høyere utdannings- og forskningssamarbeid med Brasil, India, Japan, Kina, Russland og Sør-Afrika (2016–2020) . Dette er land som står for ein stadig større del av kunnskapsproduksjonen i verda. Fleire av landa er òg viktige marknader for norsk næringsliv. Målet med Panorama-strategien er eit meir langsiktig og målretta samarbeid med desse landa, inkludert ei meir samordna tilnærming på tvers av ansvarsområda til ulike departement. Eit styrka samarbeid innanfor utdanning med Panorama -landa er mellom anna viktig for å utdanne fleire kandidatar med relevant kompetanse av høg kvalitet, kombinert med den internasjonale erfaringa og kulturforståinga som mellom anna norsk næringsliv i aukande grad etterspør.

Folkehøgskolar og freds- og menneskerettssenter

Folkehøgskolane er eit supplement til den opplæringa som finn stad gjennom det ordinære utdanningssystemet og i arbeidslivet. Folkehøgskolar har lange tradisjonar i Noreg, og den første skolen blei oppretta i 1864. Det er 79 folkehøgskolar i Noreg, og dei fungerer som eit alternativ og supplement til det formelle utdanningssystemet. I dei seinare åra har det totale elevtalet på folkehøgskolane lege på om lag 7 000 årselevar, det vil seie rundt ti pst. av eit årskull 19-åringar. Eit år på folkehøgskole kan for mange unge gi høve til å utvikle seg i ein modningsfase i overgangen til vaksenlivet.

Kunnskapsdepartementet gir tilskott til sju freds- og menneskerettssenter rundt om i landet. Gjennom utstillingar og pedagogiske undervisningsopplegg gir dei kvart år opplæring til om lag 30 000 elevar, studentar og lærarar. Sentera har ulik profil og ulike pedagogiske opplegg retta mot barn og unge. Felles for alle er at dei på bakgrunn av erfaringar frå tidlegare konfliktar og krigar ønsker å fremme respekt for menneskerettar og fred gjennom dialog og samhandling. I ei tid prega av eit aukande internasjonalt konfliktnivå og store flyktningstraumar er det ei viktig oppgåve.

Fleira av sentera har i dei siste åra fått bidrag til utbetring av lokale og betre fasilitetar for dei besøkande. Narviksenteret flytte våren 2016 inn i nye lokale i eit næringsbygg på Narvik Torv, der staten har bidratt med om lag 95 mill. kroner, jf. omtale under kap. 255 post 74. Holocaust-senteret, Falstadsenteret og Stiftelsen Arkivet har òg mottatt særskilde løyvingar til utbetring av sine eigne lokale i dei siste åra.

Strategiar og tiltak

Kompetansepolitikken

Kompetansebasert vekst og omstilling i norsk arbeids- og næringsliv

Regjeringa har vedtatt at det skal utviklast ein nasjonal kompetansepolitisk strategi for Noreg (NKPS), og at ein slik strategi skal medverke til betre koordinering mellom ansvar og tiltak. Strategien blir utforma i nært samarbeid mellom myndigheitene og partane i arbeidslivet. Målsettinga for strategien er å medverke til at menneske og verksemder har naudsynt kompetanse slik at Noreg kan møte omstillingskrav i økonomien, og at vi som nasjon også i framtida vil ha eit konkurransedyktig næringsliv og ein effektiv og god offentleg sektor. På bakgrunn av dette skal strategien konsentrerast om følgande hovudmål:

  • god kompetanse i arbeidslivet gjennom tilgang på kvalifisert arbeidskraft og målretta læring i arbeidslivet

I dette arbeidet vil tema som betre realkompetansevurderingar, læring i arbeidslivet, samarbeid mellom utdanning og arbeid, karriererettleiing, godkjenning av kompetanse frå andre land, kunnskap om framtidige kompetansebehov og misforhold mellom den einskildes kvalifikasjonar og kompetansebehov i arbeidslivet vere sentrale tema.

Arbeidet med å etablere eit system for analysar, dialog og formidling av framtidige kompetansebehov i Noreg er òg ein del av arbeidet med ein nasjonal kompetansepolitisk strategi. Gjennom å samle inn og sjå ulike typar analysar i samanheng kan ein komme fram til ei betre forståing av kompetansebehova i framtida. Prosjektet har hatt ein utgreiingsfase i åra 2014–16. I denne fasen har prosjektet koordinert SSB sine framskrivingar av behovet for ulike typar arbeidskraft og bestilt andre analysar for å utvide kunnskapsgrunnlaget om framtidige kompetansebehov i Noreg. Desse omfattar analyser om korleis etterspørselen etter arbeidskraft endrar seg med robotar og omstilling frå petroleumsnæringa. Prosjektet har arrangert ei rekke større fagseminar og dialogmøte, samla internasjonale erfaringar og lagt fram to rapportar om kunnskapsgrunnlaget. Betre informerte val kan gi betre samsvar mellom tilbod og etterspørsel etter ulike typar arbeidskraft. Basert på erfaringar frå arbeidet foreslår regjeringa å opprette eit Kompetansebehovsutval, med representantar for forskingsmiljøa, departementa og partane i arbeidslivet. Utvalet skal samle og analysere kjeldemateriale, og legge til rette for ei tilpassa og meir målretta formidling av resultata til ulike målgrupper.

I Skills Strategy -rapporten frå OECD frå 2014 er ei av tilrådingane å utvikle eit heilskapleg system for livslang karriererettleiing for å sikre betre tilgang til og kvalitet på karriererettleiinga i Noreg. Det regjeringsnedsette utvalet skulle greie ut korleis den livslange karriererettleiinga for elevar, studentar og vaksne i og utanfor arbeidslivet kan styrkast. Utvalet leverte hovudinnstillinga si, NOU 2016: 7 Norge i omstilling – karriereveiledning for individ og samfunn , i april 2016. Før NOU 2016: 7 blei send ut til høyring, fekk partane i arbeidslivet uttale seg om rapporten, og innspela og vurderingane deira blei lagde ved høyringa. Regjeringa vil vurdere vidare oppfølging på bakgrunn av både høyringsfråsegna og innspel og drøftingar i arbeidet med nasjonal kompetansepolitisk strategi.

For å medverke til å utvikle betre samsvar mellom dei regionale behova for kompetanse i arbeids- og næringsliv og tilgjengeleg kompetanse, har Kunnskapsdepartementet i 2015 og 2016 gitt midlar til eit prosjekt der fylkeskommunane fekk i oppdrag å kartlegge behov for kompetanse i deira regionar framover. Formålet med prosjektet er å styrke kunnskapsgrunnlaget til fylkeskommunane for å betre balansen mellom tilbod og etterspørsel etter kompetent arbeidskraft i deira eigen region – på kort og på lengre sikt.

Regjeringa har vedtatt at flyktningar i asylmottak skal få karriererettleiing allereie i mottak etter at dei har registrert sin eigen kompetanse når dei kjem til mottak. Rettleiinga vil ha som mål å få flyktningane raskare inn på riktig spor vidare i utdanning og arbeid, ut frå den kompetansen dei har, og behova i den norske arbeidsmarknaden. Dette startar opp som utvalde pilotar hausten 2016.

Livslang læring

Stortinget behandla i juni 2016 Meld. St. 16 (2015–2016) Fra utenforskap til ny sjanse. Samordnet innsats for voksnes læring , jf. Innst. 362 S (2015–2016) . Regjeringa har ambisjonar om å utvikle eit kunnskapssamfunn der vaksne som har problem med å få varig tilknyting til arbeidslivet, får tilgang til opplæring som gir den kompetansen arbeidslivet treng. Det inneber at vaksne med svak kompetanse får identifisert kompetansebehova sine og får tilgang til tilbod som møter desse behova. Kartlegging skal følgast av rettleiing, og opplæringstilbod skal i størst mogleg grad vere arbeidsretta og kunne bli kombinerte med arbeid. For å sikre at personar med kompetanse frå utlandet får tatt i bruk denne så raskt som mogleg, er det eit mål at ingen skal vente i lang tid for å få godkjent den kompetansen dei allereie har, når dei treng eller ønsker dette.

Viktige forslag i meldinga på Kunnskapsdepartementets område er mellom anna utvikling av eit kartleggingsverktøy for grunnleggande dugleikar, forsøk med førebuande vaksenopplæring gjennom modulstrukturert opplæring, ein e-læringsressurs for grunnleggande dugleikar, og rett til vidaregåande opplæring for innvandrarar med slik utdanning frå utlandet som ikkje er godkjent i Noreg.

Vox leverte i 2015 tre rapportar med forslag til korleis ein kan utvikle og etablere eit verktøy for å kartlegge dei grunnleggande dugleikane til vaksne. Forslaga blei vurderte og omtalte i Meld. St. 16 (2015–2016). I 2016 har Vox fått i oppdrag å halde fram med arbeidet med å utvikle eit slikt kartleggingsverktøy, og å utvikle ein e-læringsressurs for grunnleggande dugleikar. Verktøyet skal vere ein ressurs for offentlege aktørar som kjem i kontakt med personer som treng å betre dei grunnleggande dugleikane sine. E-læringsressursen skal gjere det mogleg å ta opplæring i grunnleggande lesing, skriving og rekning på ein enkel og fleksibel måte, gjerne i kombinasjon med anna opplæring.

Departementet har gitt Vox i oppdrag å sette i gang forsøk med førebuande vaksenopplæring, det vil seie ei modulstrukturert opplæring på grunnskolenivå som er omtalt i Meld. St. 16 (2015–2016) . Departementet har gitt Utdanningsdirektoratet i oppdrag å starte forsøk med modulstrukturert opplæring innanfor einskilde lærefag i fag- og yrkesopplæringa, jf. også omtale under programkategori 07.20 Grunnopplæringa. Modulstrukturert opplæring skal gjere det enklare å veksle mellom opplæring og arbeid og andre plikter. Det skal også vere mogleg å kombinere modular frå førebuande vaksenopplæring med modular frå fag- og yrkesopplæringa. Vox har også fått i oppdrag å utvikle eit nettbasert lågterskeltilbod for vaksne med svake grunnleggande dugleikar.

Innvandrarar som har fullført vidaregåande opplæring eller tilsvarande i utlandet har i dag ikkje rett til vidaregåande opplæring i Noreg sjølv om opplæringa ikkje blir akseptert som likeverdig med norsk vidaregåande opplæring, og verken gir yrkeskompetanse eller studiekompetanse i Noreg. Eit tiltak i Meld. St. 16 (2015–2016) Fra utenforskap til ny sjanse er at regjeringa vil vurdere å endre opplæringslova slik at innvandrarar med vidaregåande opplæring frå utlandet som ikkje godkjennast i Noreg, har rett til vidaregåande opplæring. For å følge opp meldinga foreslår Kunnskapsdepartementet å innføre rettsendringa med verknad frå skoleåret 2017–18, jf. omtale i kategoriinnleiinga til programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Vaksne er ofte lite motiverte for tradisjonell opplæring i faga i grunnskolen, og vanlegvis opptatte av å komme raskast mogleg ut i arbeid. Opplæringsløpet kan bli unødig langt for dei som treng grunnskoleopplæring for vaksne. Vaksne med innvandrarbakgrunn utgjer i dag over 90 pst. av deltakarane i ordinær grunnskoleopplæring for vaksne. Det skal derfor utviklast læreplanar for forsøka med førebuande vaksenopplæring som er betre tilpassa behova til vaksne, også behova til vaksne innvandrarar. I utviklinga av modular i fag- og yrkesopplæringa vil læreplanane i Kunnskapsløftet bli lagde til grunn.

Mange vaksne har behov for å kombinere utdanning med arbeid og andre plikter. For å følge opp meldinga har departementet invitert partane i arbeidslivet til arbeidet med å utvikle ein ny veg til fagbrev, kalla Fagbrev på jobb. Denne modellen skal gi fleire ufaglærte høve til å kombinere opplæring med arbeid og inntekt, jf. omtale under kap. 226.

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 440.2, 12. januar 2016, jf. Dok 8:37 S (2015–2016).

«Gjennomgå eksisterende ordninger for godkjenning av utenlandsk utdanning med sikte på forenkling og raskere godkjenning.»

Departementet vil følge opp tiltaka i Meld. St. 16 (2015–2016) knytte til å forbetre ordningane for godkjenning av utanlandsk utdanning og utanlandske yrkeskvalifikasjonar, med sikte på å gjere tilgangen til slike ordningar enklare for dei som treng eller ønsker å søke om godkjenning av utdanninga si. Noreg har eit velfungerande system for godkjenning av utanlandsk høgre utdanning, med NOKUT som ansvarleg etat, jf. kap. 280 post 01. Frå 2016 har NOKUT fått i oppdrag å utvikle ei ordning for godkjenning av utanlandsk fagskoleutdanning, og ei ordning for godkjenning av utanlandsk fag- og yrkesutdanning. Regjeringa har starta oppfølging av meldinga for å forenkle og betre tilgangen til desse tenestene for både EØS-borgarar og personar med utdanningar og yrkeskvalifikasjonar frå land utanfor EØS.

Regjeringa la 10. juni 2016 fram eit forslag til lov om godkjenning av yrkeskvalifikasjonar, Prop. 139 L (2015–2016) Lov om godkjenning av yrkeskvalifikasjoner (yrkeskvalifikasjonsloven). Lova skal gjennomføre EU sitt yrkeskvalifikasjonsdirektiv (direktiv 2005/36/EF), med seinare endringar, og da spesielt endringsdirektiv 2013/55/EU. Formålet med direktiva er å auke mobiliteten for yrkesutøvarar innanfor EU/EØS. Lova skal gjelde for alle yrke som blir omfatta av yrkeskvalifikasjonsdirektivet, unntatt for personell i helse- og dyrehelseyrke. For desse yrka vil Helse- og omsorgsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet gjennomføre føresegnene i direktiv 2013/55/EU i gjeldande forskrifter for deira sektorar. Lovforslaget er i hovudsak ei fullmaktslov, og dei meir detaljerte føresegnene vil bli gjennomførte i forskrift som blir utarbeidd til lova. Blant forslaga i lova er ein ny felles portal for søknader om godkjenning av yrkeskvalifikasjonar, uavhengig av godkjenningskontor som har ansvar for å handsame søknaden.

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 337, 16. desember 2015, i samband med Stortinget si handsaming av statsbudsjettet for 2016, jf. Innst. 21 S (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med en sak om studiesentrenes rolle i det fremtidige utdanningssystemet.»

Departementet viser til Meld. St. 22 (2015 2016) Nye folkevalgte regioner – rolle, struktur og oppgaver , der regjeringa gir ein omtale av studiesenter og andre aktørar som bidrar til kontakt mellom utdanningssøkande vaksne og tilbod frå utdanningsinstitusjonar. Departementet vil komme attende til denne saka våren 2017.

Utdanningsforsking

Kunnskapsdepartementet har ei langsiktig satsing på forsking på utdanning gjennom Program for forsking og innovasjon i utdanningssektoren (FINNUT) i Noregs forskingsråd. FINNUT skal utvikle kunnskap av høg kvalitet og relevans for politikkutforming, forvaltning og praksisfelt, medverke til fornying av forskingsfeltet og til innovasjon i utdanningssektoren. Programmet skal òg medverke til å vidareutvikle utdanningsforskinga som eit fleirfagleg og tverrfagleg forskingsområde og få fram meir kvantitativ og empirisk forsking. Departementet legg opp til at FINNUT får ei rammeløyving på 72,5 mill. kroner i 2017. Programmet vil i 2017 bli finansiert over kap. 226 post 21, kap. 231 postane 21 og 51, kap. 258 post 21, kap. 281 post 50 og kap. 285 post 53.

Universitetet i Bergen (UiB) har etter konkurranse fått i oppdrag av Kunnskapsdepartementet å etablere eit fagmiljø for læringsanalyse, og har oppretta det tverrfaglege senteret SLATE (Centre for the Science of Learning and Technology), som starta opp i juni 2016. Eininga er finansiert av Kunnskapsdepartementet og UiB.

Kunnskapsdepartementet finansierer òg Center for Educational Measurement at University of Oslo (CEMO), som blei oppretta hausten 2012. Eininga skal medverke til nasjonal kompetanseutvikling innanfor pedagogiske målingar og til å utvikle og formidle kunnskap til utdanningssektoren. CEMO har hatt ei god utvikling, og regjeringa tar sikte på å føre vidare finansieringa av senteret til og med 2022, med 7 mill. kroner årleg over kap. 226 post 21.

Forskingsrådet har fått i oppgåve å lyse ut 10 mill. kroner til ein eller to einingar som skal styrke den barnehagerelevante forskinga i Noreg, jf. kap. 231 post 21. Målsettinga med tiltaket er å styrke den tverrfaglege barnehagerelevante forskinga.

Ved handsaminga av statsbudsjettet for 2015 blei det oppretta ei tilskottsordning til fleire lærarar for dei yngste elevane i grunnskolen, sjå kap. 226 post 63. Ein del av løyvinga skal i ein periode på fire år fordelast slik at det kan forskast på effektane av auka lærartettleik. Forskingsrådet har fått i oppdrag å administrere satsinga LÆREEFFEKT. Satsinga finansierer to intervensjonsstudiar med start i 2016 der ei rekke forskingsmiljø deltar, samt eit prosjekt som skal supplere intervensjonsstudiane.

I samband med Program for bedre gjennomføring i videregående opplæring skal det gjerast systematiske forsøk med tiltak for å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring, jf. kap. 226 post 60. Satsinga har ei samla ramme på om lag 120 mill. kroner over tre år. Kunnskapsdepartementet er oppdragsgivar.

Kunnskapsdepartementet finansierer òg forskingssatsinga Et lag rundt eleven , der ulike modeller for bruk av fleire yrkesgrupper i skolen blir prøvd ut. Det er satt av 15 mill. kroner til denne satsinga på kap. 226 post 21, og Utdanningsdirektoratet administrerer satsinga.

Internasjonalt utdanningssamarbeid

For å sikre ei god norsk deltaking i alle delar av EUs utdanningsprogram har Kunnskapsdepartementet utarbeidd ein strategi for utdanningssamarbeidet i Erasmus+ og gitt Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) ansvaret for å utvikle ein handlingsplan for norsk deltaking i Erasmus+. Det er eit mål at aktiviteten aukar gjennom programperioden, og samanlikna med tidlegare programperiodar. Deltaking i Erasmus+ skal medverke til å nå måla i norsk utdanningspolitikk, til kvalitetsutvikling og til å styrke det internasjonale utdanningssamarbeidet på alle nivå. Dette vil både gjere utdanninga relevant, og gjere elevar, lærlingar og studentar attraktive for arbeidsmarknaden, samtidig som den einskilde får høve til fagleg og personleg utvikling.

Regjeringa la hausten 2015 fram Panorama – Strategi for høyere utdannings- og forskningssamarbeid med Brasil, India, Japan, Kina, Russland og Sør-Afrika (2016–2020) . Hovudtiltaka under strategien er knytte til vidare utvikling av utdanningsprogrammet UTFORSK og ei styrking av INTPART-programmet, jf. omtale under programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning og programkategori 07.70 Forsking. Erasmus+ er òg eit viktig verkemiddel for auka utdanningssamarbeid med strategisk viktige land utanfor EU fram mot 2020.

I planlegginga av Noreg sitt formannskap i Nordisk ministerråd i 2017 blir det lagt vekt på å føre vidare arbeidet med høgaktuelle fellesnordiske saker knytte til mellom anna grunnopplæring og godkjenning av utdanning for flyktningar, innsats mot radikalisering, og samarbeid om kvalitet i høgre utdanning. Heilskapleg innsats for kompetanse, omstilling og inkludering, Norden som ein sterk universitetsregion og Norden som føregangsregion for forsking vil vere overskrifter for det konkrete arbeidet som Noreg vil legge vekt på i 2017.

Som ein del av oppfølginga av regjeringa si Tyskland-strategi har Kunnskapsdepartementet auka kontakten med tyske utdannings- og forskingsmyndigheiter. Departementet har òg lansert ein eigen tiltaksplan med fleire konkrete tiltak. Mellom anna blir retten til støtte til vidaregåande opplæring i Tyskland for heile klasser med korte studieopphald utvida frå og med skoleåret 2016–17. Vidare blir dei eksisterande ordningane med støtte til språkkurs gjennom Lånekassen utvida frå og med studieåret 2016–17. Behovet for ei oppdatering av tiltaksplanen vil bli vurdert fortløpande.

Rekommandasjonen om det europeiske kvalifikasjonsrammeverket for livslang læring (EQF) blei tatt inn i EØS-avtalen 17. mars 2009, og er ein del av det europeiske samarbeidet om kompetansepolitikken. Målet er å kople dei nasjonale kvalifikasjonsrammeverka i Europa til EQF for å gjere utdanningssystema meir forståelege og lettare å samanlikne på tvers av land. Dette skal vere med på å auke mobiliteten i utdannings- og arbeidsmarknaden i Europa. Kunnskapsdepartementet har fastsett eit nasjonalt heilskapleg kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR). Rammeverket klargjer forventa læringsutbytte på alle utdanningsnivåa, frå grunnskole til doktorgrad. NKR viser til EQF, som beskriv åtte nivå for læringsutbytte. Kunnskapsdepartementet har hausten 2016 sendt ut på høyring eit utkast til forskrift om NKR og tilvisinga til EQF. Rekommandasjonen vil bli revidert i nær framtid.

For å styrke arbeidet med demokrati og medborgarskap gjennom utdanning har Kunnskapsdepartementet støtta Europarådet økonomisk i arbeidet deira for å utvikle eit rammeverk for vurdering av demokratisk kompetanse i skolen. Europarådet har også blitt oppmoda om å støtte opp om UNESCO sitt arbeid for å utvikle ein global konvensjon for godkjenning av kvalifikasjonar i høgre utdanning.

Kunnskapsdepartementet har eit koordineringsansvar for å følge opp berekraftmålet om utdanning og livslang læring, som blei vedtatt i FNs generalforsamling i september 2015, jf. kap. 12 i del III .

Folkehøgskolar og freds- og menneskerettssenter

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 19, 10. november 2015, i samband med Stortinget si handsaming av statsbudsjettet for 2016, jf. Innst. 21 S (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen utarbeide en strategi for statens innsats hva gjelder freds-, dokumentasjons- og formidlingsarbeidet, samt retningslinjer for statens finansielle bidrag til stiftelsene som arbeider med dette og mottar støtte.»

Freds- og menneskerettssentera er uavhengige stiftelsar, og det har vore viktig for regjeringa å involvere dei etablerte sentera i arbeidet med strategien. Departementet vil i ein strategi legge til grunn at sentera får halde på sine ulike profilar. Dei er alle bygde opp rundt ein idé eller ei historisk hending som har skapt og utvikla det unike ved det einskilde senteret. Departementet har derfor bedt sentera om å gi innspel til strategien, og vil hausten 2016 ha ein løpande dialog med sentera i arbeidet med ein strategi.

Kap. 252 EUs utdannings- og ungdomsprogram

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

70

Tilskott

437 409

513 780

512 112

Sum kap. 0252

437 409

513 780

512 112

Post 70 Tilskott

Noreg deltar i EUs program for utdanning, ungdom og idrett, Erasmus+ (2014–2020), jf. Innst. 153 S (2013–2014) og Prop. 43 S (2013–2014). Løyvinga på posten dekker utgifter til norsk deltaking i programmet. Løyvinga kan også dekke kostnader knytte til prosjekt som ennå ikkje er avslutta i EU sitt program for livslang læring (LLP), som varte frå 2007 til 2013, samt attståande utbetalingar til Erasmus Mundus og Aktiv ungdom.

Erasmus+ gir høve til å delta i samarbeidsprosjekt og utveksling i alle land. Programmet omfattar både mobilitet, institusjonssamarbeid, samarbeid med arbeids- og næringsliv og politikkutvikling. Målgruppa er i hovudsak norske elevar, lærlingar, studentar, lærarar og tilsette i utdanningssystemet, barn og unge, tillitsvalde og tilsette i barne- og ungdomsorganisasjonar. Norsk deltaking vil gi norske skolar, universitet, høgskolar og andre aktørar tilgang til eit omfattande nettverk av samarbeidspartnarar av høg kvalitet.

Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) er nasjonale kontor for Erasmus+. Dei administrerer dei midlane som Noreg får tildelt gjennom ein europeisk fordelingsnøkkel. Det er berre om lag ti pst. av midlane i Erasmus+ som blir fordelte sentralt etter konkurranse på europeisk nivå. Sjå omtale av SIU under kap. 280 post 50.

Mål for 2017

Målet med den norske deltakinga i Erasmus+ er å styrke kvaliteten, relevansen og attraktiviteten til det norske utdanningssystemet. Det er òg eit mål at elevar, studentar og tilsette ved lærestadene skaffar seg internasjonal kompetanse og fagleg utbytte, slik at dei er betre kvalifiserte for eit stadig meir internasjonalt samfunns- og næringsliv. Deltaking i programmet er også ein del av norsk utanrikspolitikk. Det er eit mål å sørge for høg kvalitet på norske søkarar, og godt tilslag på dei om lag ti pst. av midlane som blir delte ut etter konkurranse sentralt i EU. Statistikkgrunnlaget for deltakinga må vidareutviklast og bli meir tilgjengeleg.

Rapport for 2015

Den første utlysingsrunden i Erasmus+ blei gjennomført våren 2014, og dei første prosjekta som fekk støtte, starta opp same haust og våren 2015.

Den norske deltakinga i EUs utdanningsprogram har lenge hatt eit utviklingspotensial når det gjeld utanlandsopphald for norske studentar. For 2014–15 er tala stabile: frå 1 563 i 2013–14 til 1 559 i 2014–15.

Kunnskapsdepartementet rettar også merksemda mot utanlandsopphald blant tilsette i norsk utdanningssektor. I 2015 fekk grunnopplæringa støtte til å gjennomføre 1 498 utanlandsopphald – 297 innanfor skole, 1 146 innanfor fag- og yrkesopplæring samt 55 innanfor vaksne si læring. Det blei i første halvdel av 2015 gjennomført ei rekke informasjonsaktivitetar for å synleggjere verkemiddel for etter- og vidareutdanning av lærarar, samt dialogmøte med europeiske søsterkontor og kurstilbydarar av etter- og vidareutdanning. Det er grunn til å tru at dette på lengre sikt vil føre til auka norsk tilslag på desse midlane. I tillegg til desse aktivitetane har 375 tilsette deltatt i opplæringsopphald utanlands. Støtta til lærarmobilitet hadde derimot ein tilbakegang frå 390 til 317 mobilitetar.

For å medverke til auka norsk deltaking i dei sentraliserte tiltaka i Erasmus+ (fordelte i Brussel, ikkje av nasjonalkontora) lyser SIU ut midlar til prosjektetablering. I 2015 var det stor auke i interessa for dette. Det er naudsynt med langsiktige promoteringstiltak, og innsatsen er retta mot enkeltmiljø, i tillegg til å informere breitt om programma.

Eit nytt grep i Erasmus+ er etableringa av «Strategiske partnerskap», som skal støtte fagleg samarbeid mellom organisasjonar som jobbar innanfor høgre utdanning. Til søknadsrunden i 2015 fekk 28 av 67 søknader prosjektstøtte. Desse fordeler seg med høvesvis 16 prosjekt på skole (inkludert skolepartnarskap), fire prosjekt på fag- og yrkesopplæring, seks prosjekt på høgre utdanning og to prosjekt på vaksne si læring. Innanfor høgre utdanning har det lykkast å klargjere prioriteringa for tettare samarbeid med arbeids- og næringsliv, og det er partnarar herifrå i dei fleste prosjekta. Framover vil det bli arbeidd målretta for å oppnå ei større fagleg breidde (fleire søknader innanfor teknologifag, realfag, økonomiske og samfunnsvitskaplege fag), samt fleire prosjekt som involverer tunge fagmiljø ved utdanningsinstitusjonane. I tillegg trengst prosjekt som satsar på entreprenørskap innanfor høgre utdanning.

Innanfor «Skolepartnerskap» er det mogleg å søke om enten reine skolepartnarskap eller partnarskap som involverer også andre aktørar. I 2015 gjaldt meir enn 90 pst. av søknadene reine skolepartnarskap. Med tanke på at Erasmus+ har som overordna mål at det skal etablerast partnarskap mellom partnarar frå ulike nivå og sektorar, er det eit mål at også andre norske aktørar i skolesektoren i større grad deltar i Erasmus+-skolepartnarskap. Innanfor fag- og yrkesopplæring er det god spreiing på type organisasjonar som søker. Temaa i søknadene er relevante, og næringslivet er representert i fleire av dei tildelte prosjekta. Arbeidet med å få fram fleire søknader frå denne sektoren bør likevel halde fram. Innanfor vaksenopplæringa kom det derimot særs sterke søknader, noko som gav sterk konkurranse om midlane.

Deltaking av aktørar frå arbeidslivet står sentralt i Erasmus+, for både mobilitet og prosjektsamarbeid. Det er etablert ein tett dialog med representantar og kontaktar for arbeids- og næringslivet for å nå denne målgruppa. I tillegg har synleggjering av relevante møteplassar blitt prioritert. Arbeidet mot denne målgruppa går på tvers av utdanningssektorar. I arbeidet med å promotere praksismobilitet i høgre utdanning er det eit særleg potensial for å bruke ordninga for praksis etter avslutta utdanning, men det føreset at institusjonane legg til rette for auka bruk av ordninga. For å styrke tilrettelegginga har SIU laga ei handbok for utdanningsinstitusjonane. I tillegg er det dialog med relevante samarbeidspartnarar og nettverk. Graden av samarbeid med arbeidslivet varierer mellom utdanningssektorar og ordningar. I fag- og yrkesopplæring (og til dels vaksne sin læring) er det lang tradisjon for samarbeid, som det er naturleg å føre vidare internasjonalt. For skolesektorane er dette samarbeidet mindre etablert, men større satsing på blant anna entreprenørskap i skolen endrar ein del føresetnader.

I 2015 hadde den «internasjonale dimensjonen» av Erasmus+ dei første utlysingane, som er retta mot global mobilitet og kapasitetsbygging med land utanfor EU og EØS. Det var tilfredsstillande interesse frå sektoren tatt i betraktning at dette er heilt nye tiltak for norske institusjonar. Det er likevel her eit uutnytta potensial, særleg innanfor kapasitetsbygging. Det har vore få norske søknader til dei sentraliserte tiltaka i Erasmus+. Når det gjeld global mobilitet innanfor høgre utdanning, fekk 18 av totalt 27 søknader støtte (67 pst.). Dei mest populære destinasjonslanda var Russland, Kina, Canada, India, Brasil og Georgia. SIU har inngått eit tett samarbeid med andre skandinaviske søsterkontor for å diskutere og finne løysingar på felles utfordringar med å implementere dette tiltaket.

Tabell 4.8 Erasmus+ 2014 og 2015

Tiltak

Talet på mottatte søknader

Innvilga søknader

Tildelingsrate i pst.

2014

2015

2014

2015

2014

2015

Key Action 1

Vaksenopplæring – tilsettmobilitet ut

7

8

6

6

85

75

Høgre utdanning –

studentmobilitet ut

47

48

47

48

100

100

Høgre utdanning – tilsettmobilitet ut

48

48

48

48

100

100

Skole – tilsettmobilitet ut

59

42

47

33

80

78,5

Fag- og yrkesopplæring – elev-/lærling- og tilsettmobilitet ut

72

60

53

57

74

95

Key Action 2

Vaksenopplæring –strategiske partnarskap

5

7

2

2

40

28,6

Høgre utdanning –strategiske partnarskap

17

17

5

6

29

35,3

Skole – strategiske partnarskap

6

4

3

2

50

50

Skole – skolepartnarskap

29

31

6

14

20,5

45,2

Fag- og yrkesopplæring – strategiske partnarskap

13

9

6

4

46

44,4

Kjelde:  Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU)

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår å redusere løyvinga som dekker Noreg sine kontingentforpliktingar knytte til Erasmus+ med 1,7 mill. kroner i 2017.

Det er sett av 11 mill. kroner for å dekke kostnadene for fem norske ekspertar på utdanningsområdet til Erasmus+.

Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve til saman 512,1 mill. kroner på posten.

Kap. 253 Folkehøgskolar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

70

Tilskott til folkehøgskolar

766 716

791 630

823 259

71

Tilskott til Folkehøgskolerådet

4 683

4 819

4 954

72

Tilskott til Nordiska folkhögskolan

598

615

632

Sum kap. 0253

771 997

797 064

828 845

Tilskottet til folkehøgskolane er tredelt gjennom eit basistilskott, eit elevtilskott og husleigetilskott. Basistilskottet er likt for kvar folkehøgskole. Elevtilskottet blir fastsett på grunnlag av gjennomsnittleg elevtal for dei tre åra før det føregåande året. Tilskott til husleige blir fordelt etter innstilling frå Folkehøgskolerådet. I tillegg får fire folkehøgskolar som har ein stor del elevar med redusert funksjonsevne, eit særskilt tilskott for desse elevane. Folkehøgskolane gir tilbod om langkurs på 16,5 veker eller meir og kortkurs på minst tolv timar. Langkurs er kjerneverksemda til folkehøgskolane, og etter lova skal minst 50 pst. av den samla verksemda til kvar skole vere langkurs. Føresegner om kursordningar, elevrapportering, tilskottsmodell m.m. er gitt i forskrifta til folkehøgskolelova.

Folkehøgskolane har ikkje eksamen, og elevane bur i internat på skolen. Skolane fastset sitt eige verdigrunnlag, og dei har pedagogisk fridom. Folkehøgskolane har ulike typar kurs på ei rekke område.

Post 70 Tilskott til folkehøgskolar

Mål for 2017

Målet med tilskottet er å fremme allmenndanning og folkeopplysning.

Rapport for 2015

Det er totalt 79 folkehøgskolar spreidde over heile landet. Talet inkluderer Nordnorsk Pensjonistskole og Norsk senter for seniorutvikling, som begge er godkjente som folkehøgskoleliknande tiltak og får tilskott etter folkehøgskolelova. Desse to skolane har dispensasjon til berre å halde kortkurs. Tabellen under viser utviklinga i talet på folkehøgksoleelevar i dei seinare åra. Talet har vore ganske stabilt.

Tabell 4.9 Elevtal i folkehøgskolane

2012

2013

2014

2015

Elevar med langkurs (vår og haust) (16,5–33 veker) Elevar med kortkurs (3 dagar–16 veker)

14 496

18 121

13 948

18 489

13 285

17 710

13 880

17 075

Sum elevar

32 617

32 437

30 995

30 955

Årselevar langkurs

Årselevar kortkurs

6 957

712

6 777

706

6 774

694

7 050

650

Sum årselevar

Sum godkjente årselevar / fastsett elevtal

Tilskottselevar

7 669

7 595

7 304

7 483

7 429

7 570

7 468

7 383

7 654

7 700

7 594

7 583

Kjelde:  Utdanningsdirektoratet

Budsjettforslag for 2017

Kristiansand folkehøgskole blei godkjent for oppstart i skoleåret 2015–16, og det blei løyvd 3,4 mill. kroner til skolen i statsbudsjettet for 2015. Ved ein feil blei ikkje heilårsverknaden lagd inn i Saldert budsjett for 2016. Feilen blei retta opp i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2016. Dette blir ført vidare i 2017-budsjettet, og det gir ein auke av løyvingsforslaget på 5 mill. kroner i høve til Saldert budsjett 2016.

Ny folkehøgskole i Mandal – SKAP Kreativ Folkehøyskole – er oppretta frå hausten 2016. Det er lagt opp til ei gradvis opptrapping av tilskottet til skolen over tre år. Løyvinga blir foreslått auka med 4,4 mill. kroner som følge av dette.

Samla foreslår departementet å auke løyvinga med 9,5 mill. kroner til 823,3 mill. kroner.

Post 71 Tilskott til Folkehøgskolerådet

Folkehøgskolerådet er ein interesseorganisasjon for folkehøgskolane. Rådet har eit fast sekretariat.

Mål for 2017

Formålet med tilskottet er å medverke til at Folkehøgskolerådet kan ta hand om fellesoppgåver for folkehøgskolane og koordineringsoppgåver for Utdanningsdirektoratet. Vidare er det eit mål å medverke til at Folkehøgskolerådet kan fremme kunnskap om og utvikling av folkehøgskolane.

Rapport for 2015

Det blei gitt eit tilskott på 4,7 mill. kroner til Folkehøgskolerådet i 2015. Rådet tok hand om fellesoppgåver for folkehøgskolane og koordineringsoppgåver for Utdanningsdirektoratet, mellom anna å gi innstilling til fordeling av husleigetilskottet til folkehøgskolane. Rådet bidrog også på ein positiv måte til at unge flyktningar som kom til landet hausten 2015, får bu på folkehøgskolar. Dette er eit godt tiltak for å bidra til integrering.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2016.

Post 72 Tilskott til Nordiska folkhögskolan

Nordiska folkhögskolan i Kungälv blei etablert i 1947 for å styrke nordisk samkvem. Tilskottet finansierer utgifter til norske lærarressursar ved skolen.

Mål for 2017

Formålet med tilskottet er å støtte opp under verksemda til Nordiska folkhögskolan. Skolen skal mellom anna medverke til å utvikle dei skapande evnene til elevane og auke solidarisk medverking i samfunnsutviklinga i Norden og elles i verda.

Rapport for 2015

Det blei gitt eit tilskott på 598 000 kroner til skolen i 2015. Frå 2015 er Nordiska folkhögskolan einaste tilskottsmottakar på posten.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2016.

Kap. 254 Tilskott til vaksenopplæring

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

70

Tilskott til studieforbund

202 501

208 374

208 374

73

Tilskott til vaksenopplæringsorganisasjonar

12 402

12 762

13 119

Sum kap. 0254

214 903

221 136

221 493

Post 70 Tilskott til studieforbund

Livslang læring finn stad på mange arenaer, og opplæring i og gjennom frivillig sektor er ein god læringsarena for mange vaksne. Gjennom tilskott til studieforbund og frivillige organisasjonar ønsker regjeringa å legge til rette for at vaksne skal få tilgang til fleksibel og brukartilpassa opplæring også utanfor det formelle utdanningssystemet. Tilskottet medverkar til å finansiere opplæring i regi av frivillig sektor, og skal føre til reduserte opplæringskostnader for deltakarane. Løyvinga er tredelt med eit grunntilskott, eit opplæringstilskott og eit tilretteleggingstilskott. Opplæringa skjer i regi av 15 landsdekkande studieforbund og dei nær 500 medlemsorganisasjonane deira. Desse organisasjonane består av frivillige og ideelle organisasjonar og har til saman tusenvis av lokallag spreidde over heile landet. Blant desse organisasjonane er ideelle opplæringstilbydarar, fagforeiningar, barne- og ungdomsorganisasjonar, samiske organisasjonar, idrettslag, korps, kor, religiøse organisasjonar, og medlemsorganisasjonar for personar med nedsett funksjonsevne. Tilskottsordninga blir forvalta av Kompetanse Noreg, tidlegare Vox.

Ein mindre del av tilskottet kan nyttast til å refundere kostnader til opplæring i samisk språk som blir gjennomført av godkjente studieforbund eller nettskolar, jf. forskrift til samelova om rett til opplæring i samisk.

Mål for 2017

I samsvar med vaksenopplæringslova skal studieforbunda drive opplæringsaktivitet på grunnlag av fleire overordna mål, mellom anna å styrke demokratiet gjennom å engasjere og aktivisere medborgarar, og styrke kulturelt mangfald. Regjeringa meiner det er viktig at tilskottet skal medverke til å redusere utanforskap og fremme inkludering blant vaksne som treng det.

Rapport for 2015

Det var i alt 15 studieforbund som var godkjente etter krava i vaksenopplæringslova og fekk tilskott i 2015. Studieforbunda står fritt i val av innhald i og nivå på opplæringa. Den største delen av opplæringa er av ikkje-formell art. Nær 50 pst. av samla tilskott i 2015 gjekk til dei tre største studieforbunda (Studieforbundet Folkeuniversitetet, Studieforbundet Funkis og Musikkens Studieforbund). Talet på timar med tilretteleggingstilskott er gått litt ned frå 2014 og utgjorde i 2015 vel 14 pst. Størstedelen går til studieforbundet Funkis.

Aktiviteten i studieforbunda har samla vore stabil sidan 2011, men det er betydelege årlege variasjonar for einskilde forbund. Alle 15 studieforbunda som fekk tilskott i 2015, har rapportert aktivitet til Statistisk sentralbyrå (SSB) for dette året. Studieforbunda arrangerte i alt 44 672 kurs i 2015, ein auke på 1,6 pst. frå 2014. Talet på deltakarar var 507 909, ein nedgang på 3,6 pst. frå 2014. Talet på kurstimar har halde seg relativt stabilt i perioden 2010 til 2015. I 2015 var talet på kurstimar 1 390 852, som er om lag det same nivået som i 2011.

43 pst. av kursdeltakarane var 50 år eller eldre, medan 14–29-åringar utgjorde 27 pst. av deltakarane. Auken i deltakartalet er i den yngste aldersgruppa. Som i tidlegare år er det flest kvinner som deltar i kursa til studieforbunda. Kurs i emnegruppa estetiske fag og handverksfag er framleis mest populære, og her er musikkfag den største emnegruppa. Rapporteringa til SSB viser ein stor auke i talet på deltakarar til kurs med tilbod om offentleg eksamen i 2015.

Tabell 4.10 Aktivitet og deltaking i studieforbunda, 2010–15

2010

2011

2012

2013

2014

2015

Deltakarar

504 000

471 000

478 000

493 200

509 724

507 909

Kurs

40 200

42 600

42 400

43 000

43 956

44 672

Kurstimar

1 310 000

1 400 000

1 350 000

1 352 500

1 384 796

1 390 852

Kjelde:  Statistisk sentralbyrå (SSB)

Studieforbunda skal i årsmeldinga si rapportere om dei seks overordna måla som er fastsette i vaksenopplæringslova § 4. For å få ei heilskapleg rapportering utvikla Vox i 2012 ein felles mal for rapporteringa. Rapportane er framleis svært ulike i innhald, kvalitet og omfang. Samla synest det som studieforbunda har lagt mindre vekt på målrapporteringa for 2015 enn for tidlegare år. Rapportane viser at fleire studieforbund utarbeider sine eigne handlingsplanar som bygger på dei overordna måla, og at dei arbeider godt med å gjere dei kjente i sin eigen organisasjon. Som for tidlegare år viser rapporteringa for 2015 at det er vanskeleg for studieforbunda å rapportere konkret i høve til dei generelle målformuleringane i vaksenopplæringslova § 4.

Budsjettforslag for 2017

Kunnskapsdepartementet har gjennom 2016 vore i dialog med Voksenopplæringsforbundet (VOFO) om innrettinga på og kriterier for tilskottsordninga, jf. Innst. 12 S (2015–2016). Departementet vil komme attende til saka. Kunnskapsdepartementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nominelle nivå som i 2016.

Post 71 Tilskott til nettskolar

Tilskottet til nettskolar blei avvikla frå og med 2015.

Post 72 Tilskott til studiesenter

Tilskottet har vore øyremerkt Studiesenteret Finnsnes AS og Studiesenteret.no.

Tilskottet til dei to studiesentera over kap. 254 post 72 blei avvikla frå og med 2015. Tilskottet til Studiesenteret Finnsnes blei frå og med 2015 løyvt frå Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet, over kap. 260 post 50.

Post 73 Tilskott til vaksenopplæringsorganisasjonar

Fleksibel utdanning Norge (FuN) og Voksenopplæringsforbundet (VOFO) er fellesorgana for dei offentleg godkjente nettskolane og studieforbunda. Organisasjonane utfører fellesoppgåver for medlemsorganisasjonane knytte til aktivitetsrapportering frå nettskolar og studieforbund og bruk av statstilskott. Kunnskapsdepartementet har delegert forvaltninga av tilskottsordninga til Kompetanse Noreg, tidlegare Vox. Tilskottet blir fastsett etter årleg søknad og rapportering frå organisasjonane.

Mål for 2017

FuN og VOFO skal arbeide for auka kunnskap om og utvikling av vaksenopplæring som blir gitt gjennom medlemsorganisasjonane. Tilskottsordninga skal medverke til drifta av fellesorgana slik at dei kan gjere nettskolane og studieforbunda betre i stand til å tilby vaksne fleksibel og brukartilpassa opplæring av høg kvalitet og god dokumentasjon av aktiviteten.

Rapport for 2015

Fleksibel utdanning Norge (FuN) har til saman 42 medlemmer på feltet fleksibel utdanning og digitale læringsformer. Blant desse er 18 godkjente nettskolar, 14 høgskolar og universitet og fire fylkeskommunale nettskolar. Dei andre seks er Studiesenteret.no, Læringsnettverket Attføringsbedriftene, DigForsk AS og tre private føretak. Etter at utviklingsmidlane til nettskolane fall bort frå og med 2015, har FuN starta arbeidet med eit samla oversyn over utviklingsarbeid innanfor digitale læringsformer og arbeidet med å lage ein katalog over utdanningstilbod på nettet. «Kvalitetsnormer for nettbasert utdanning», som nå er samstemte med NOKUT sitt kvalitetsarbeid for fagskolane og høgre utdanning, blei i 2015 omsett og utgitt på engelsk. FuN er aktiv i fleire norske og internasjonale utviklingsprosjekt om fjernundervisning og fleksibel utdanning. Nettskolane sin aktivitetsrapportering til SSB har fått betre kvalitet frå 2015.

Voksenopplæringsforbundet (VOFO) er interesseorganisasjon for dei 15 godkjente studieforbunda. Alle studieforbunda rapporterer studieaktiviteten sin til SSB gjennom eit felles kursadministrasjonsprogram for studieforbunda (KursAdmin), og VOFO kvalitetssikrar denne rapporteringa. Eit fåtal av studieforbunda bruker KursAdmin som primærløysing for kursadministrasjonen sin.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2016.

Kap. 255 Tilskott til freds- og menneskerettssenter

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

70

Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter

31 166

32 070

32 968

71

Falstadsenteret

18 111

18 636

19 158

72

Stiftelsen Arkivet

8 768

25 522

11 434

73

Nansen Fredssenter

5 870

6 040

6 209

74

Narviksenteret

37 532

5 737

6 898

75

Det europeiske Wergelandsenteret

7 875

8 103

8 976

76

Raftostiftelsen

4 846

4 987

5 127

Sum kap. 0255

114 168

101 095

90 770

Freds- og menneskerettssentera er stiftelsar som arbeider med dokumentasjon av, forsking på og formidling innanfor områda demokrati, fred og menneskerettar, fangehistorie og folkemord.

Tilskottsforvaltninga under kapitlet er delegert til Kompetanse Noreg, tidlegare Vox, med unntak av post 75 Det europeiske Wergelandsenteret, som får tilskott direkte frå departementet.

Post 70 Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter

Mål for 2017

Målet med tilskottet er at Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret) kan drive forsking, dokumentasjon, undervisning og formidling på områda Holocaust, folkemord, minoritetsspørsmål og menneskerettar. Tilskottet skal særleg medverke til at senteret kan tilby eit godt opplæringstilbod om fred og menneskerettar til barn og unge.

Rapport for 2015

HL-senteret tok imot i alt 17 697 besøkande i 2015. Det er ein auke på 18 pst. frå 2014. Av desse var 6 499 barn og unge. Senteret har i 2015 ført vidare det fleirårige skoleutviklingsprosjektet Demokratisk beredskap mot rasisme og antisemittisme, der ti skolar deltok.

I samarbeid med Universitetet i Oslo har HL-senteret også gjennomført ein open foredragsserie med tittelen Et ufritt Norge. Krig og okkupasjon 70 år etter . Foredragsserien hadde stor publikumsoppslutning. Senteret har markert den internasjonale Holocaustdagen og leidd juryen, og har administrert arbeidet med Benjaminprisen.

HL-senteret har halde fram med forskingsarbeidet innanfor fagområda sine og byrja arbeidet med ei befolkningsundersøking om holdningar til jødar og andre minoritetar. Forskingsprosjekta ved senteret inkluderer mellom anna Demokratiets institusjoner i møte med en nazistisk okkupasjonsmakt. Norge i et komparativt perspektiv .

HL-senteret har medverka til Handlingsplan mot antisemittisme og utarbeidd Å bli dem kvitt , en rapport om norske rom og holocaust.

HL-senteret har arrangert nasjonale og internasjonale konferansar og seminar innanfor senterets temaområde. Foredrag, konsertar og andre arrangement har hatt auka publikumsoppslutning i 2015, og for å gjere foredraga ved senteret lettare tilgjengelege for allmenta strøymer senteret frå og med 2015 alle foredrag.

HL-senteret har arbeida vidare med planane om eit tilbygg, for å betre oppfylle alle delar av sitt mandat.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2016.

Post 71 Falstadsenteret

Mål for 2017

Målet med tilskottet er å medverke til at Falstadsenteret kan drive eit opplærings- og dokumentasjonssenter om fangehistorie frå den andre verdskrigen, og fremme kunnskap om demokrati, humanitær folkerett og menneskerettane. Tilskottet skal særleg medverke til at senteret kan tilby eit godt opplæringstilbod om fred og menneskerettar til barn og unge.

Rapport for 2015

I 2015 hadde Falstadsenteret 12 006 besøkande. Av dette var 6 314 elevar i grunnopplæringa. Elevtalet auka med tolv pst. samanlikna med året før, og besøkstala frå universitet og høgskolar viser også stor auke. Utvikling av metodar for undervisning i menneskerettar og demokratiopplæring har vore ei prioritert oppgåve i 2015. Undervisningstilbodet omfattar eit fire timars opplegg om historia til Falstad, fangehistorie, menneskerettar og demokrati.

Undervisning er kjerneaktiviteten ved senteret, og Prosjekt Falstad Minnelandskap er eit tverrfagleg, fleirårig dokumentasjons- og formidlingsprosjekt som skal styrke det pedagogiske tilbodet og gi dei besøkande meir kunnskap om det tidlegare leirområdet. Forskings- og dokumentasjonsverksemda i 2015 har i hovudsak vore knytt til krigsgraver, fangeregister og tidsvitnemateriale. Forskings- og utviklingsarbeid om undervisning i menneskerettar har vore eit viktig satsingsområde også i 2015.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2016.

Post 72 Stiftelsen Arkivet

Mål for 2017

Målet med tilskottet er at Stiftelsen Arkivet i Kristiansand skal vere eit informasjons- og dokumentasjonssenter om krigshistoria, folkeretten og menneskerettane, og eit senter for demokrati og fredsskapande arbeid. Tilskottet skal særleg medverke til at stiftelsen kan tilby eit godt opplæringstilbod om fred og menneskerettar til barn og unge.

Rapport for 2015

7 801 elevar, studentar, lærarar og andre har i 2015 vore med på ulike undervisningsopplegg ved Stiftelsen Arkivet, med tema som rasisme, menneskerettar og jødeforfølging, ein auke på 1 152 frå 2014. 4 176 elevar med lærarar var på omvising i Gestapokjellaren. Alt i alt hadde senteret om lag 9 000 besøkande i 2015.

Senteret samarbeider med Universitetet i Agder om to doktorgradsprosjekt, eitt om kinoen som konfliktarena under den andre verdskrigen, og eitt om krigsseglarane. Arbeidet med å utvikle eit nasjonalt register over krigsseglarane er nå i gang.

Stiftelsen Arkivet var i 2015 arena for fleire kulturtiltak, arrangement og markeringar av mellom anna Holocaustdagen, frigjeringsdagen, russerfangane sin dag og krigsseglarane sin dag.

Stiftelsen har i 2015 arbeidd vidare med å utvikle biblioteket sitt, arkivet sitt og utstillinga si, og med å førebu ei fornying og utbygging av lokala stiftelsen held til i.

Budsjettforslag for 2017

I samband med Stortingets handsaming av statsbudsjettet for 2016 fekk Stiftelsen Arkivet ein auke i løyvinga på 1,5 mill. kroner for å etablere eit nasjonalt register over krigsseglarane, jf. Innst. 12 S (2015–2016) frå Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen:

«Komiteen mener historien om krigsseilerne er en viktig del av vår nære historie. Et krigsseilersenter som formidler forskningsbasert kunnskap, dokumentasjon og krigsseilerinformasjon vil være viktig kunnskap for kommende generasjoner og etterkommere av krigsseilerne.»

Stiftelsen Arkivet fekk vidare ein auke i driftsløyvinga på 0,6 mill. kroner i samband med Stortingets handsaming av revidert nasjonalbudsjett 2016, jf. Innst. 400 S (2015–2016).

Kunnskapsdepartementet foreslår å gjere auken varig, slik at samla løyving til senteret blir 11,4 mill. kroner.

Post 73 Nansen Fredssenter

Mål for 2017

Målet med tilskottet er å medverke til at Nansen Fredssenter kan tilby kurs og opplæring og drive dokumentasjon og formidling for å fremme arbeidet for dialog, fred, menneskerettar og forsoning som eit alternativ eller supplement til opplæring ved andre institusjonar.

Rapport for 2015

I 2015 hadde Nansen Fredssenter 4 300 besøkande. Av dette var 909 barn og unge. Nansen Fredssenter har etablert kontaktflater nasjonalt og internasjonalt, og har i 2015 samarbeidd med ei rekke aktørar innanfor satsingsområda til senteret. Fredssenteret har gjennomført kurs i dialog- og konflikthandtering, medverka i den nasjonale dugnaden for å møte den nye flyktningsituasjonen og medverka i debattar og møte. Kursa har vore haldne i Noreg og i dei landa der senteret har etablert kontakt med offentlege eller private aktørar på området. Målet har vore å medverke til å styrke det sivile samfunnet og grasrotorganisasjonar og med dette medverke til freds- og forsoningsprosessar i konfliktfylte område. Aktivitetane til senteret har i 2015 i hovudsak omfatta område og organisasjonar på Balkan, Ukraina og einskilde land i Midtausten.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2016.

Post 74 Narviksenteret

Mål for 2017

Målet med tilskottet er at Narviksenteret – nordnorsk stiftelse for historieformidling, menneskerettigheter og fredsbygging, kan fremme kunnskap om og forståing for fred og menneskerettar gjennom dokumentasjon og formidling av mellom anna nordnorsk krigs- og okkupasjonshistorie. Tilskottet skal særleg medverke til at senteret kan tilby eit godt opplæringstilbod om fred og menneskerettar til barn og unge.

Rapport for 2015

Narviksenteret har i 2015 drive formidlingsaktivitet i form av seminar og konferansar, foredrag og utstillingar. Om lag 23 500 personar har besøkt Narviksenteret i 2015. Av desse var 3 500 elevar i grunnopplæringa. Det har også blitt arrangert pedagogiske opplegg for studentgrupper frå universitet og høgskolar.

Senteret har halde fram med arbeidet med dokumentasjon av krigsminne. Senteret har også i 2015 hatt eit nært samarbeid med Røde Kors, og har også samarbeidd med ei rekke andre institusjonar, blant andre dei to universiteta i landsdelen, UiT – Noregs arktiske universitet og Universitetet i Nordland (nå Nord universitet). Senteret har òg medverka i eit program støtta av Erasmus+ og Aktiv Ungdom.

Narviksenteret fekk i 2013 og 2014 tilsegn om totalt 92,8 mill. kroner til nye lokale for senteret i eit næringsbygg på Narvik Torv. I 2015 løyvde Stortinget 25,3 mill. kroner for å dekke attståande tilsegner av totalsummen. Senteret fekk òg 2 mill. kroner til inventar og nye utstillingar i samband med det nye bygget.

Budsjettforslag for 2017

Narviksenteret flytte våren 2016 inn i dei nye lokala på Narvik Torv, og den nye utstillinga blei offisielt opna i august 2016. Kunnskapsdepartementet foreslår å auke driftsløyvinga til senteret med 1 mill. kroner for å sette senteret i stand til å drifte dei nye lokala gjennom eit heilt driftsår, slik at samla løyving på posten blir 6,9 mill. kroner.

Post 75 Det europeiske Wergelandsenteret

Det europeiske Wergelandsenteret samarbeider med Europarådet om opplæring i interkulturell forståing, menneskerettar og aktivt medborgarskap, jf. Innst. S. nr. 9 (2008–2009) og St.prp. nr. 86 (2007–2008).

Mål for 2017

Målet med tilskottet er at Wergelandsenteret kan vere eit ressurssenter for opplæring på dei nemnde områda og tilby opplæring til ulike målgrupper på utdanningsfeltet, til dømes lærarutdannarar, lærarar, rektorar, forskarar og politikkutformarar.

Rapport for 2015

Om lag 2 200 lærarar, rektorar og andre personar deltok direkte i program, prosjekt og aktivitetar som blei gjennomførte av Wergelandsenteret i 2015. I tillegg deltok nær 27 000 personar i lokale prosjekt som ei oppfølging av programmet til senteret. Til saman har Wergelandsenteret dermed nådd ut til om lag 30 000 personar i 2015.

I 2015 arrangerte Wergelandsenteret for sjette gong Regional Summer Academies i Polen, for fjerde gong i Montenegro, og for første gong i Baltikum. Regional Summer Academies er eit tilbod om opplæring i demokrati og menneskerettar for skolar og opplæringsmiljø rundt om i Europa, med støtte frå Utanriksdepartementet. Opplæringsseminara blir arrangerte i samarbeid med Europarådet og polske, montenegrinske og baltiske myndigheiter, med deltakarar frå fleire europeiske land. I tråd med Wergelandsenteret si målsetting om å nå ut til fleire land blei det også arrangert nasjonale variantar av Summer Academies for første gong i Hellas og i Kosovo. Wergelandsenteret har også i 2015 hatt auka aktivitet retta mot diskriminering, hatprat, rasisme og antisemittisme. Senteret har mellom anna medverka i oppfølginga av regjeringa sin handlingsplan mot valdeleg ekstremisme og radikalisering.

I 2015 har senteret oppgradert kommunikasjonskanalane sine og formidlingsarbeidet sitt. Nett-tenestene til senteret har nådd ut til fleire personar og blir stadig viktigare som verkemiddel for å nå ulike aktørar som er opptatte av opplæring i demokratisk medborgarskap.

Budsjettforslag for 2017

Senteret flytte våren 2016 til nye lokale i Oslo sentrum etter opphør av eksisterande leigeavtale. Dei nye lokala er òg betre eigna for å ta imot besøk, som er ein viktig del av verksemda ved senteret. Departementet foreslår å auke driftsløyvinga med 0,6 mill. kroner i samband med flyttinga, og foreslår ei samla løyving på posten på 9 mill. kroner.

Post 76 Raftostiftelsen

Mål for 2017

Målet med tilskottet er å medverke til at elevar, studentar, lærarar og andre grupper blir tilbydde eit godt opplæringstilbod om menneskerettane gjennom Raftostiftelsen.

Rapport for 2015

Raftostiftelsen har i 2015 gitt opplæring i menneskerettar og demokrati til 2 659 elevar i grunnskolen. Dette er ein auke på 24 pst. frå 2014. I løpet av året har Raftostiftelsen vidareutvikla dei fem undervisningspakkene sine med ulike tema og starta arbeidet med internasjonalisering av undervisninga. Stiftinga har også halde to lærarkurs.

Raftoprisen for 2015 blei gitt til presten Ismael Morenoi Coto, betre kjent som Padre Melo, frå Honduras, for kampen hans for menneskerettar i eit land prega av ekstrem vald. I 2015 har arbeidet til Raftostiftelsen vore konsentrert om mellom anna det moralske ansvaret til næringslivet og kampen for ytringsfridom og mot hatefulle ytringar.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2016.

Kap. 256 Kompetanse Noreg

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Driftsutgifter

49 506

53 333

61 640

21

Særskilde driftsutgifter

15 172

11 310

11 544

Sum kap. 0256

64 678

64 643

73 184

Post 01 Driftsutgifter og post 21 Særskilde driftsutgifter

Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk bør ha eit namn som tydelegare kommuniserer regjeringa sine ambisjonar på det kompetansepolitiske feltet, i lys av omstillingsbehov og endringar i arbeidslivet som krev kompetansepåfyll. Kunnskapsdepartementet har derfor bestemt at namnet endrast til Kompetanse Norge/Kompetanse Noreg.

Kompetanse Noreg vidareførast som det nasjonale kompetansepolitiske fagorganet, og det høyrer inn under Kunnskapsdepartementet.

Kompetanse Noreg har ansvaret for å forvalte tilskott til vaksenopplæring som blir gitte av studieforbunda, og tilskott til vaksenopplæringsorganisasjonar, jf. kap. 254, tilskott til freds- og menneskerettssentera, jf. kap. 255, tilskott til Kompetansepluss -programma, jf. kap. 257, nokre av dei prosjektmidlane som blir løyvde over kap. 258 post 21, og tilskott til karriererettleiing, jf. kap. 258 post 60.

Nasjonal eining for karriererettleiing er plassert i Kompetanse Noreg, og har ansvaret for å utvikle og koordinere rettleiingsfeltet i Noreg.

Kompetanse Noreg er sekretariat for Nasjonalt fagskoleråd.

På oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet har Kompetanse Noreg det faglege og pedagogiske ansvaret for innhaldet i opplæringa i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar.

Mål for 2017

Det er eit mål at fleire vaksne tar del i utdanning og opplæring, at kompetansen til befolkninga blir brukt betre, og at det er kvalitet i opplærings- og utdanningstilbodet til vaksne. Kompetanse Noreg skal medverke til at befolkninga utviklar og tar i bruk den kompetansen samfunnet treng.

Kompetanse Noreg skal vere ein pådrivar for ein heilskapleg og effektiv kompetansepolitikk. I det ligg det at Kompetanse Noreg skal gi kunnskapsbaserte innspel til kompetansepolitikken, løfte fram kompetansepolitiske problemstillingar på ulike arenaer, og samarbeide med relevante aktørar om utvikling av idear, forslag og ordningar.

Gjennom Nasjonal eining for karriererettleiing har Kompetanse Noreg som mål å auke tilgangen til tenestene, styrke kvaliteten på karriererettleiinga og medverke til likeverdige tilbod for alle gjennom heile livet og i alle livssituasjonar.

Rapport for 2015

Vox har i 2015 utvikla ein ny strategisk plan og gjennomført ei omorganisering for å støtte opp under den kompetansepolitiske satsinga regjeringa har lagt opp til i Meld. St. 16 (2015–2016) Fra utenforskap til ny sjanse. Samordnet innsats for voksnes læring. Vox har medverka i arbeidet med stortingsmeldinga med faglege innspel baserte på deira eigne og andre sine undersøkingar. Vox har jobba for å vise at det kompetansepolitiske arbeidet handlar om felles innsats og verkemiddel for å betre omstillingsevna til samfunnet og den einskilde, og for å få fleire i arbeid. Kunnskapsdepartementet er nøgd med at Vox gjennom kartleggingar og brukarundersøkingar synleggjer eit arbeidslivsperspektiv som er relevant for politikkutviklinga, og som støttar opp under prioriteringane til regjeringa.

Frå september 2015 har Vox vore sekretariat for Kunnskapsdepartementet i arbeidet med å utvikle ein nasjonal kompetansepolitisk strategi. Samarbeid med andre aktørar har stått sentralt i 2015, og Vox har prioritert samarbeidet med partane i arbeidslivet.

Vox har gjennomført ei rekke utgreiingar i 2015. På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet har Vox mellom anna undersøkt behovet for norskopplæring blant tilsette i arbeidslivet. Vidare har Vox levert ein rapport som beskriv korleis andre land organiserer arbeidet sitt med framtidige kompetansebehov. Vox har levert to rapportar om effektar av Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA) og ført vidare arbeidet med nasjonale brukarundersøkingar ved dei fylkesvise karrieresentera. Rapportane er omtalte under dei respektive fagkapitla, jf. kap. 257 og kap. 258.

Vox har vidareutvikla statistikkbanken over utdanning og læring hos dei vaksne. Statistikken blir oppdatert fortløpande gjennom heile året. I 2015 publiserte Vox for første gong tal frå Lærevilkårsmonitoren og Arbeidskraftundersøkinga (AKU).

Nasjonalt fagskoleråd har i 2015 særleg arbeidd med å synleggjere fagskolane og med å fremme kvalitet i fagskoleutdanninga.

Vox har i 2015 medverka til kunnskapsgrunnlag for karriererettleiingsutvalet. I samband med auka tilstrøyming av flyktningar til Noreg har arbeidet med karriererettleiing for innvandrarar blitt prioritert. Vox har i 2015 leidd eit arbeid med å utforme felles etiske retningslinjer for dei fylkesvise karrieresentera.

Vox har ei tverrsektoriell rolle på området realkompetansevurdering. I 2015 har Vox mellom anna publisert ein rapport frå fire pilotprosjekt om fritaksordningar i universitets- og høgskolesektoren. Vox har også gitt innspel til oppdateringa av European Guidelines for validating non-formal and informal learning samt til oppdatering av den norske tilstandsrapporten til European Inventory on Validation .

Budsjettforslag for 2017

Kunnskapsdepartementet foreslår ein auke på 2 mill. kroner for å følge opp arbeid med integrering omtalt i Meld. St. 16 (2015–2016) og Meld St. 30 (2015–2016) Fra mottak til arbeidsliv – en effektiv integreringspolitikk , særleg arbeid et med eit system for kartlegging av kompetanse hos flyktningar.

Departementet foreslår at kap. 256 post 01 blir reduserert med 70 000 kroner som følge av gevinstar ved overgangen til digital post til innbyggarar og næringsliv, jf. omtale i hovudinnleiinga. Vidare er løyvinga på post 21 foreslått redusert med 0,3 mill. kroner. Dette kjem i tillegg til den årlege reduksjonen som følger av avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma.

Frå 2017 innfører regjeringa ein forenkla modell for premiebetaling til Statens pensjonskasse (SPK) for dei verksemdene som ikkje betaler premie i dag. For Kompetanse Noreg medfører dette ein samla auke på kap. 256 post 01 og 21 med 5,5 mill. kroner. Sjå hovudinnleiinga for nærare omtale.

Departementet foreslår ei samla løyving på kapitlet på 73,2 mill. kroner.

Departementet foreslår at løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3256 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 3256 Kompetanse Noreg

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Inntekter frå oppdrag

11 447

11 225

11 482

02

Salsinntekter o.a.

2 192

346

354

Sum kap. 3256

13 639

11 571

11 836

Inntektene på post 01 kjem frå oppdragsverksemd ved Kompetanse Noreg. Inntektene på post 02 kjem frå salsinntekter og refusjonar.

Kap. 257 Kompetansepluss

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

21

Særskilde driftsutgifter , kan overførast, kan nyttast under post 70

5 218

5 306

5 760

70

Tilskott , kan overførast

131 717

157 818

162 237

Sum kap. 0257

136 935

163 124

167 997

Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA) blei oppretta i 2006 for å styrke grunnleggande dugleikar hos vaksne og trygge tilknytinga deira til arbeidslivet. Bedrifter og offentlege verksemder kan søke om tilskott både til motivasjonsarbeid og til opplæring i grunnleggande dugleikar.

Frå 2015 har regjeringa lagt til rette for at dei frivillige organisasjonane òg kan stå for både rekruttering av deltakarar og sjølve opplæringa gjennom ein ny komponent, Program for basiskompetanse i frivilligheita (BKF).

I samband med handsaminga av revidert nasjonalbudsjett for 2016 blei namna på BKA og BKF endra, og dei nye namna er frå 2017 Kompetansepluss arbeid og Kompetansepluss frivilligheit .

Kompetanse Noreg, tidlegare Vox, forvaltar ordninga.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70

Mål for 2017

Løyvinga skal nyttast til å utvikle Kompetansepluss-programmet , slik at fleire vaksne med svake grunnleggande dugleikar blir motiverte for og kan få opplæring, og sikre at opplæringa held høg kvalitet.

Løyvinga skal òg nyttast til å gjere administreringa av programmet best mogleg og auke kvaliteten på dei tilboda som blir gitte. Løyvinga skal òg kunne nyttast til forsøk som kan gjere Kompetansepluss-programmet betre i stand til å svare på kompetansebehova i arbeidslivet. Ein mindre del av løyvinga skal gå til å utvikle modellar for samarbeid mellom Nav, fylkeskommunar og verksemder, slik at fleire arbeidssøkarar kan få opplæring i grunnleggande dugleikar.

Rapport for 2015

Det er til ei kvar tid i gang over 1 000 aktive prosjekt gjennom Kompetansepluss-programmet . Vox arbeider kontinuerleg med å effektivisere forvaltninga av og styrke kvaliteten i Kompetansepluss -opplæringa.

I 2015 blei det starta ei prøveordning med ei treårs godkjenningsordning av tilbydarar i Kompetansepluss-programmet . Denne prøveordninga har ei løpande søknadshandsaming og ingen søknadsfristar. Tilbydarar må oppfylle kriterium som er fastsette for å få godkjenning. Mellom anna må søkarane ha vore tilbydarar av Kompetansepluss-programmet i minst to år og ha eit pedagogisk miljø. Den faglege og administrative gjennomføringsevna blir vurdert før godkjenning blir gitt. 32 tilbydarar fekk godkjenning etter desse kriteria. Tilbydarar som har fått godkjenning, har høve til å søke om ei rammetilsegn der godkjente tilbydarar kan starte Kompetansepluss -prosjekt innanfor ei tildelt ramme. 14 tilbydarar fekk slik godkjenning i 2015.

Det blei òg gjennomført tre seminar i 2015 der tilbydarane fekk orientering om oppstarting av prosjekt, fristar for rapportering, rammer for det faglege innhaldet og praktiske sider ved gjennomføringa av prosjekta.

Frå og med 2015 omfatta både Kompetansepluss arbeid og Kompetansepluss frivilligheit kurs i munnleg norsk. Av dei godkjente prosjekta i Kompetansepluss arbeid var 60 pst. kurs i munnleg norsk. For Kompetansepluss frivilligheit var talet 58 pst. Vox har i 2015 kartlagt effektar av Kompetansepluss arbeid -opplæring i munnleg norsk. Denne kartlegginga viste at nyskapinga gir positive effektar for deltakarane, men at det er eit potensial for større utbytte av kursa. Kartlegginga viste òg noko variasjon frå bransje til bransje.

Vox publiserte i 2015 rapporten Norsk på arbeidsplassen . Rapporten er eit resultat av ei kartlegging Vox har gjort i samarbeid med Byggenæringens Landsforening, Norsk Industri og Fellesforbundet. Rapporten viser at det er behov for norskopplæring av arbeidsinnvandrarar i byggenæringa og industrien. Det er grunn til å tru at situasjonen er lik i andre næringar òg. Frå 2016 kan det derfor bli gitt opplæring i grunnleggande norsk som ein av dugleikane.

Kunnskapsdepartementet er nøgd med at programmet når målgruppa. Departementet er òg nøgd med at Vox har ført vidare arbeidet sitt med å betre kvaliteten i tilboda og å gjere handsaminga av ordninga best mogleg.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår ein auke på 0,3 mill. kroner som følge av forenkla modell for premiebetaling til Statens pensjonskasse (SPK), jf. omtale i hovudinnleiinga.

Departementet foreslår å løyve 5,8 mill. kroner på posten.

Post 70 Tilskott, kan overførast

Mål for 2017

Målet med programmet Kompetansepluss arbeid er at fleire kan ta del i opplæring og utdanning, og at færre fell ut av arbeidslivet på grunn av manglande dugleikar. Kompetansepluss arbeid skal gi vaksne arbeidstakarar høve til å styrke dei grunnleggande dugleikane sine i lesing, skriving, rekning, IKT og munnleg norsk. Tilskottsordninga skal òg styrke opplæringa i grunnleggande norsk. Opplæringa i Kompetansepluss arbeid skal vere praksisnær og knytt til arbeidssituasjonen til deltakarane. Opplæringa skal òg halde høg kvalitet og vere tilpassa behova til dei vaksne, slik at ho gir ein positiv effekt for den einskilde.

For å inkludere fleire målgrupper i opplæringa er ordninga utvida med Kompetansepluss frivilligheit. Formålet med deltaking i denne opplæringa kan òg vere å få grunnleggande dugleikar som gir høve til auka deltaking i samfunnet og liknande, i tillegg til å styrke høvet til å delta i arbeidslivet.

Det er eit mål å nå ulike bransjar gjennom programma særleg dei som sysselset arbeidskraft med låg utdanning og er konjunkturutsette. Programmet skal nå små og mellomstore verksemder.

Rapport for 2015

Sidan Kompetansepluss arbeid -ordninga starta, har den årlege løyvinga til programmet over kap. 257 post 70 auka frå 14,5 mill. kroner i 2006 til 161,9 mill. kroner i 2015.

Det kom inn 651 søknader om midlar til utlysinga for 2015. Omsøkt beløp var 200,7 mill. kroner. Totalt fekk 561 søknader stønad med til saman 161,9 mill. kroner. 78 pst. av søkarane var tilbydarar, mot 54 pst. i 2014. Dei resterande søkarane var offentlege og private verksemder. I dei siste åra har det blitt fleire tilbydarar som søker om midlar til Kompetansepluss arbeid .

Frå 2015 blei opplæring i grunnleggande dugleikar i munnleg norsk tatt inn i hovudutlysinga for Kompetansepluss arbeid . Det kom inn 357 søknader der grunnleggande dugleikar i munnleg norsk var ein del av opplæringa. 334 av desse fekk støtte. Ved tilleggsutlysinga i 2014 var tilsvarande tal 189 søknader og 172 som fekk tildelt midlar.

Første halvår av 2015 lyste Vox ut 4 mill. kroner i forprosjektmidlar for å gjere søkarane betre i stand til å styrke søknadene i hovudutlysinga. For å stimulere til tiltak som skal medverke til at eldre arbeidstakarar ikkje blir støytte ut av arbeidslivet på grunn av svake grunnleggande dugleikar, blei det i utlysinga av prosjektmidlar oppmoda spesielt til å levere forprosjekt som tar sikte på opplæring i grunnleggande digitale dugleikar for seniorar i arbeidslivet. Av dei 161 forprosjekta som fekk stønad, hadde 63 pst. også seniorar som målgruppe.

Tabell 4.11 Kompetansepluss arbeid (tidlegare BKA), 2006–16 1

2006

2007

2008

2009

2010

2011

2012

2013

2014

2015

2016

Omsøkt beløp, i mill. kroner

85,5

78,2

122,5

142,4

169,4

197,6

190,6

182,7

186,2

200,7

280,3

Tildelt beløp, i mill. kroner

14,5

20,0

31,6

68,6

80,8

93,4

107,7

104,3

141,9

161,9

208,2

Talet på søknader

167

208

282

339

345

410

503

461

600

651

893

Talet på innvilga søknader

65

70

99

214

209

250

370

348

503

560

683

Talet på deltakarar

1 205

817

2 095

5 091

6 999

7 527

8 688

7 729

10 604

1 Tabellen omfattar søknader og tildelingar knytte til ordinær utlysing og særskilde satsingar. Deltakartala har tidlegare vore baserte på alle innmelde deltakarar, mens dei i år er baserte på innmelde deltakarar på faktisk haldne kurs. Deltakartal for 2015 og 2016 er ikkje klare. Tildelt beløp er for dei siste åra betydeleg høgre enn løyvinga på posten, finansiert med overføring frå tidlegare års løyving.

Kjelde:  Kompetanse Noreg, Statistikkbanken

Midlar til Kompetansepluss frivilligheit blei utlyste og tildelte første gong hausten 2015. I programmet Kompetansepluss frivilligheit kan ein søke om midlar til opplæring i dei grunnleggande dugleikane lesing, skriving, rekning, IKT og munnleg norsk.

Det kom inn 121 søknader, og omsøkt beløp var 38,9 mill. kroner. Totalt fekk 45 prosjekt tildelt til saman 10 mill. kroner. Prosjekta fordelte seg på 25 søkarar. Forventa tal på deltakarar var til saman 1 300.

Tabell 4.12 Kompetansepluss frivilligheit (tidlegare BKF) etter dugleik, i pst.

Dugleik

Prosjektsøknader

Innvilga prosjekt

Lesing og skriving

36

73

Rekning

14

29

Digitale dugleikar

50

71

Munnlege dugleikar

31

58

Dei fleste prosjekta som fekk stønad gjennom Kompetansepluss frivilligheit , omfatta meir enn éin grunnleggande dugleik, og alle dugleikane er representerte. Tabell 1.7 viser fordeling av prosjekt etter dugleik. I dei fleste tilfella var prosjekta eit samarbeid med lokale frivillige organisasjonar, slik at dei 45 godkjente søknadene omfatta aktivitet i om lag like mange frivillige organisasjonar.

Budsjettforslag for 2017

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 440.5, 12. januar 2016, jf. Dok 8:37 S (2015–2016).

«Vurdere å styrke programmet for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA), for å bedre lese- og skriveferdigheter både blant unge og innvandrere.»

Kompetansepluss -programma blei styrka med ei eingongsløyving i samband med revidert nasjonalbudsjett 2016, jf. Prop 122 S (2015–2016) og Innst. 400 S (2015–2016). Departementet valde for Kompetansepluss arbeid å foreslå ei særskild utlysing på 15 mill. kroner i dei fylka som er hardast råka av arbeidsløyse på Sør- og Vestlandet. Kompetansepluss frivilligheit blei styrka med 5 mill. kroner, slik at den samla utlysinga for 2016 og 2017 er på 25 mill. kroner.

Departementet foreslår å løyve 162,2 mill. kroner på posten.

Kap. 258 Tiltak for livslang læring

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Driftsutgifter

4 991

4 895

4 994

21

Særskilde driftsutgifter , kan nyttast under post 01

60 387

91 834

97 639

60

Tilskott til karriererettleiing

30 710

31 858

32 734

Sum kap. 0258

96 088

128 587

135 367

Post 01 Driftsutgifter og post 21 Særskilde driftsutgifter, kan nyttast under post 01

Departementet vil nytte løyvingane over kap. 258 postane 01 og 21 til tiltak for livslang læring, og til statistikk, dokumentasjon, analysar og forsking som kan medverke til politikkutvikling på heile ansvarsområdet til departementet, med særskild prioritering av læring blant vaksne.

Mål for 2017

Målet med løyvingane er å utvikle vidare tiltak og satsingar for vaksne med svake grunnleggande dugleikar og auke innsatsen for betre utnytting av kompetansen hos alle vaksne til nytte for norsk arbeids- og næringsliv. I tillegg er det eit mål å få betre oversikt over kompetansebehova i Noreg framover.

Rapport for 2015

Kompetansepolitikken

Organisation for Economic Co-operation and Development (OECD) peikte i rapporten sin Skills Strategy Action Report frå 2014 på at Noreg treng å få meir systematisk kunnskap om behova for kompetanse framover for å unngå kompetanseubalanse både nasjonalt og regionalt. Kunnskapsdepartementet starta hausten 2013 opp eit prosjekt som i ein treårsperiode skal arbeide med å utvikle eit overordna system for analyse, dialog og formidling av dei framtidige kompetansebehova i Noreg. Prosjektet er finansiert med ei løyving over kap. 258 post 21. Arbeidet blei ført vidare i 2015, jf. omtale under tilstandsvurdering i kategoriinnleiinga.

For å følge opp tilrådingane frå OECD og skape større heilskap i arbeidet med den norske kompetansepolitikken starta Kunnskapsdepartementet i 2014 eit arbeid med ein nasjonal strategi for kompetansepolitikken. Strategien blir utforma i samarbeid med Arbeids- og sosialdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Barne- og likestillingsdepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Finansdepartementet, og i dialog med partane i arbeidslivet. I 2015 blei den første av fem temakonferansar med partane i arbeidslivet arrangert, med tema omstilling og målretta læring i arbeidet.

Kunnskapsdepartementet har i 2015 òg gitt midlar til eit prosjekt der fem fylkeskommunar skulle kartlegge behov for kompetanse i deira regionar framover. Formålet med prosjektet er å styrke kunnskapsgrunnlaget til fylkeskommunane for å betre balansen mellom tilbod og etterspørsel etter kompetent arbeidskraft i deira eigen region – på kort og på lengre sikt.

Vox leverte i 2015 tre rapportar med forslag til korleis ein kan utvikle og etablere eit verktøy for kartlegging av dei grunnleggande dugleikane til vaksne. Forslaga blei vurderte og omtalte i Meld. St. 16 (2015–2016) Fra utenforskap til ny sjanse. Samordnet innsats for voksnes læring. Rapportane dannar grunnlag for vidare arbeid med kartleggingsverktøy i 2016, jf. omtale under Strategiar og tiltak i kategoriinnleiinga.

Det er eit stort behov for betring av vaksenpedagogikken og for kompetanseutvikling hos lærarar som underviser vaksne. Dette blei kartlagt gjennom rapporten Voksenlærernes kompetanse og kompetansebehov, som Vox publiserte i 2015. Vox fekk ei løyving på 5 mill. kroner til dette, og har samarbeidd med fylkesmannsembeta, fylkeskommunane og Voksenopplæringsforbundet om etterutdanningskurs for vaksenlærarar innanfor tema som vaksenpedagogikk og norskopplæring. I tillegg har Vox arrangert kurs for Kompetansepluss -lærarar og kurs retta mot vaksenlærarar generelt. I alt har rundt 2 100 lærarar deltatt på kurs. Det har òg vore eit samarbeid med Universitetet i Stavanger og Høgskolen i Buskerud og Vestfold om vidareutdanning for lærarar som underviser vaksne i grunnleggande dugleikar. Om lag 30 lærarar gjennomførte slik utdanning våren 2015, 19 deltakarar med stipend frå Vox.

Det er stor etterspørsel blant vaksenlærarar etter materiell om metodar for læringa til vaksne, med ei dreiing frå papir til nettressursar. Vox har i 2015 vidareutvikla digitale læringsressursar med vekt på praksisnær opplæring knytt til Kompetansepluss og andre yrkesnære opplæringsarenaer.

Tilskott til skolering av tillitsvalde i kompetanseutvikling har sidan våren 2013 vore gitt til 25 prosjekt med i alt 250 deltakarar frå tolv fylke, pluss Svalbard. Av desse fekk seks prosjekt med om lag 50 deltakarar støtte i 2015. Ordninga blei evaluert i 2015. Konklusjonane var at ho i nokon grad bidrar til kompetanseheving hos tilsette, men at det varierer i ulike delar av arbeidslivet, og ikkje når dei som treng det mest.

Norsk arbeidsliv treng fleire faglærte arbeidarar. Vox leverte i 2015 sluttrapport frå første runde med forsøk med fagbrev på jobb, retta mot ufaglærte med helsefagarbeid og barne- og ungdomsarbeid. I rapporten foreslår Vox mellom anna ein tredje veg til fagbrev for vaksne ufaglærte som er i arbeid, men som ikkje har tilstrekkeleg arbeidspraksis til å kunne ta fagbrev etter praksiskandidatordninga. Ni fylkeskommunar fekk hausten 2014 tilskott for å medverke til at fleire vaksne ufaglærte tar fagbrev i service-, transport- og primærnæringane. Vox følger prosjekta ut 2016 og departementet tar sikte på at dette blir ei varig ordning, jf. Meld. St. 16 (2015-2016).

Nordlandsforskning leverte våren 2015 ei evaluering av opplæring i grunnleggande dugleikar gjennom kriminalomsorga. Rapporten Det er de små skrittene som teller – Økt kunnskap om praksisnær opplæring i grunnleggende ferdigheter i kriminalomsorgen viser gode resultat gjennom dei prosjekta Vox har støtta. Han peiker på positive erfaringar med praksisnær opplæring, der innsette har fått trening i grunnleggande dugleikar gjennom arbeid i fengsla.

Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR) blei fastsett i 2011, og nivåa i NKR blei i 2014 kopla til nivåa i det europeiske kvalifikasjonsrammeverket for livslang læring (EQF). Ein mindre del av løyvinga på post 21 har i 2015 vore nytta til å styrke NOKUT som Nasjonalt kontaktpunkt for EQF.

Delar av løyvinga på postane har i 2015 vore nytta til drift av eit ekspertutval som har greidd ut framtidas karriererettleiing. Departementet har hatt ansvaret for sekretariatet til utvalet. Utvalet leverte rapporten sin den 25. april 2016.

Mastergradsutdanninga i karriererettleiing ved Høgskolen i Lillehammer og Høgskolen i Buskerud og Vestfold starta opp hausten 2014. Vox har følgt opp prosessen med etableringa av mastergradsutdanninga. Vox har på bakgrunn av søknad frå høgskolane gitt eit tilskott på 1 mill. kroner til forsking og styrking av fagmiljøa i 2015.

Kunnskapsdepartementet ved Vox har ei fagleg, tverrsektoriell rolle når det gjeld realkompetansevurdering. Vox har i 2015 følgt opp fritaksvurderingar i universitets- og høgskolesektoren ved å publisere ein rapport frå fire pilotprosjekt om fritaksvurderingar.

Kunnskapsdepartementet har i 2015 arbeidd for å utvikle kunnskapsgrunnlaget på kompetansefeltet. Det blei løyvd midlar til den øyremerkte satsinga på forsking om vaksne si læring gjennom utdanningsprogrammet FINNUT i Noregs forskingsråd. Vox har òg utarbeidd fleire rapportar som styrker kunnskapen om vaksne si læring.

Utdanningsforsking og andre formål

Kunnskapssenter for utdanning skal ha oversyn over og formidle nasjonal og internasjonal forsking som kan gi innsikt i kva som medverkar til kvalitet i utdanninga og opplæringa. Senteret opna offisielt i 2013. I 2015 utarbeidde senteret mellom anna systematiske kunnskapsoversyn om fråfall i vidaregåande opplæring og overgang frå barnehage til skole, og ei forskingsoppsummering om evnerike elevar og elevar med stort læringspotensial. Senteret har blitt evaluert i 2016.

Ein del av utdanningsforskingsprogrammet FINNUT, inkludert forsking på vaksne si læring, har blitt finansiert over denne posten, jf. omtale under Strategiar og tiltak i kategoriinnleiinga.

Delar av løyvinga har blitt nytta til arbeid med utdanningsforsking og utdanningsstatistikk i OECD.

Ein del av løyvingane på posten har gått til å følge opp og kvalitetssikre byggeprosessen ved Narviksenteret, jf. omtale under kap. 255 post 74.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår ei løyving på 102,6 mill. kroner i 2017.

Regjeringa la våren 2016 fram Meld. St. 16 (2015–2016) Fra utenforskap til ny sjanse. Samordnet innsats for voksnes læring . Meldinga har ei rekke tiltak for vaksne med svake grunnleggande dugleikar og låg kompetanse, som har auka risiko for å falle ut av utdanning og arbeidsliv, eller for ikkje å komme i arbeid. Ein større del av løyvinga på post 21 vil i 2017 bli nytta til utvikling, forsøk, etablering og dokumentasjon av tiltak i samband med meldinga, jf. omtale under Strategiar og tiltak i kategoriinnleiinga.

Ansvar og oppgåver fordelte på svært mange aktørar er ei av hovudutfordringane for vaksenopplæringa. Livssituasjon og bustad, heller enn individuelle behov, vil i mange tilfelle avgjere kva for tilbod kvar einskild mottar. Spreiing av gode erfaringar vil kunne medverke til at fleire får nytte av gode løysingar. Kompetanse Noreg, tidligare Vox, vil i 2017 bruke midlar til vidare spreiing av vellykka forsøk og pilotar til aktørar som har eit ansvar for opplæring av vaksne, mellom anna kommunar, fylkeskommunar, Nav, kriminalomsorga, fylkesmennene, behandlingsinstitusjonar, frivillige organisasjonar og andre som arbeider med vaksne.

For å stimulere til universell utforming av digitale læremiddel for vaksne vil Kompetanse Noreg i 2017 lyse ut midlar til formålet.

Mange vaksne treng ei kartlegging av dei grunnleggande dugleikane sine for å komme vidare i opplæring og få ei varig tilknyting til arbeidslivet. Kunnskapsdepartementet har derfor gitt Kompetanse Noreg i oppdrag å etablere eit slikt verktøy, i samarbeid med andre etatar som arbeider med målgruppene. Oppdraget ses i samband med forsøk med førebuande vaksenopplæring, det vil seie ei modulstrukturert opplæring på grunnskolenivå og forsøk med modulstrukturert opplæring innanfor einskilde lærefag i fag- og yrkesopplæringa. Kompetanse Noreg og Utdanningsdirektoratet administrerer forsøka.

Departementet foreslår om lag 60 mill. kroner til desse prosjekta og oppfølging av ulike tiltak i meldinga i 2017.

For å auke kvaliteten i vaksenopplæringa har Kompetanse Noreg i perioden 2013–16 utvikla og sett i gang lokale tilbod om etterutdanning for lærarar og andre som underviser i vaksenopplæringa. Departementet foreslår å vidareføre ei løyving på 5 mill. kroner til arbeidet i 2017.

Kunnskapsdepartementet har i 2016 leidd arbeidet med ein nasjonal strategi for kompetansepolitikken for å følge opp tilrådingane frå OECD. Målet med strategien skal vere å medverke til god kompetanse i arbeidslivet gjennom tilgang på kvalifisert arbeidskraft og målretta læring i arbeidslivet. Delar av løyvinga på kap. 258 post 21 vil kunne bli nytta til å følge opp strategien.

Regjeringa vil opprette eit kompetansebehovsutval, med representantar for forskingsmiljøa, departementa og partane i arbeidslivet. Utvalet skal samle og analysere kjeldemateriale, og legge til rette for ei tilpassa og meir målretta formidling av resultata til ulike målgrupper. Departementet vil i 2017 nytte ein del av løyvinga til arbeidet i utvalet og til sekretariatet for utvalet.

Direktiv 2005/36/EF om godkjenning av yrkeskvalifikasjonar (yrkeskvalifikasjonsdirektivet) omfattar EØS-borgarar som vil praktisere eit regulert yrke i eit anna EØS-land. I Noreg er om lag 170 lovregulerte yrke omfatta av direktivet. Direktiv 2005/36/EF blei modernisert ved direktiv 2013/55/EU i 2015. Endringane blir i Noreg gjennomførte gjennom lov om godkjenning av yrkeskvalifikasjonar, Prop. 139 L (2015–2016) Lov om godkjenning av yrkeskvalifikasjoner (yrkeskvalifikasjonsloven), og gir nye avgjerder når det gjeld profesjonskort for utvalde yrke, varslingsmekanismar, elektroniske søknader og delvis tilgang til yrke. Ein del av løyvinga vil i 2017 gå til dette arbeidet.

NOU 2016: 7 om karriererettleiing er på høyring hausten 2016, jf. omtale under Strategiar og tiltak. Deler av løyvinga på post 21 vil kunne gå til å følge opp rapporten og høyringsfråsegna. Departementet foreslår å føre vidare løyvinga på 1 mill. kroner til å styrke forskinga og fagmiljøa innanfor karriererettleiing.

Delar av løyvinga vil gå til å følge opp og vidareutvikle arbeidet med realkompetansevurdering og kvalifikasjonar frå ikkje-formell læring.

I 2015 blei eit fagmiljø for læringsanalyse etablert ved Universitetet i Bergen, jf. omtale under Strategiar og tiltak. Kunnskapsdepartementet foreslår å føre vidare løyvinga til fagmiljøet i 2017.

Delar av løyvinga vil i 2017 gå til Kunnskapssenter for utdanning, jf. omtale under Strategiar og tiltak.

Kunnskapsdepartementet vil i 2017 nytte ein del av løyvinga til å styrke kunnskapsgrunnlaget om vaksnes læring og kompetansepolitikken gjennom oppdragsforsking. Departementet vil òg nytte ein mindre del av løyvinga til utviklingsoppgåver innanfor kompetansepolitikken og utdanningsforskinga.

Departementet foreslår ein auke på 1,1 mill. kroner som følge av at regjeringa frå 2017 innfører ein forenkla modell for premiebetaling til Statens pensjonskasse (SPK). Sjå hovudinnleiinga for nærare omtale.

Departementet vil la delar av løyvinga bli forvalta av Kompetanse Noreg.

Post 60 Tilskott til karriererettleiing

For å medverke til at alle unge og vaksne skal ha eit tilbod om karriererettleiing, har Kunnskapsdepartementet gjennom tilskottsmidlar stimulert til etablering av fylkesvise partnarskap for karriererettleiing. Partnarskapa skal medverke til å utvikle tenestetilbodet og til samarbeid mellom ulike rettleiingsaktørar lokalt. Oppretting og utvikling av karrieresenter i fylka er ei viktig målsetting for partnarskapa. Karrieresentera skal tilby karriererettleiing til alle vaksne over 19 år. I tillegg skal dei vere faglege ressurssenter for rettleiarar i Nav og i grunnopplæringa. Dei fleste karrieresentera er samlokaliserte med andre institusjonar, som Nav, vidaregåande skolar eller vaksenopplæringssenter. I tillegg til det tilskottet som går frå denne posten til fylkeskommunane via Kompetanse Noreg, tidlegare Vox, får karrieresentera finansiering frå fylkeskommunane, Nav og kommunane.

Mål for 2017

Formålet med tilskottsordninga er å utvikle og opprette fylkesvise karrieresenter med tilbod til alle vaksne over 19 år, slik at karriererettleiing er tilgjengeleg for alle, og slik at vaksne kan ta gode val knytte til utdanning og arbeid. Tilskottet til dei fylkesvise partnarskapa for karriererettleiing skal medverke til å styrke samarbeidet mellom rettleiingsaktørane lokalt, heve kvaliteten og medverke til at unge og vaksne over heile landet får tilgang til karriererettleiing.

Rapport for 2015

Dei fylkesvise partnarskapa for karriererettleiing er mottakarar av tilskotta, som blir administrerte av den einskilde fylkeskommunen. I dag har alle fylke utanom Oslo partnarskap for karriererettleiing. I 2015 har det blitt oppretta eit karrieresenter i Sør-Trøndelag, og det er nå karrieresenter i 16 av 19 fylke. Til saman er det 38 karrieresenter i desse fylka. I løpet av 2016 vil det òg bli oppretta eit karrieresenter i Finnmark. Det er til dels store skilnader mellom fylka når det gjeld både omfanget av og innhaldet i aktiviteten. Vox har derfor halde fram med tiltak for å gjere tilbodet meir likeverdig og kvalitativt godt i heile landet. Karrieresentera har frå 1. januar 2015 registrert informasjon om brukarane og tenestetilboda sine og skal frå 2016 årleg rapportere denne informasjonen til Vox. Årsrapporteringa frå karrieresentera vil gi ein nasjonal statistikk om aktiviteten ved sentera og medverke til å gjere tilbodet om karriererettleiing synleg for befolkninga og avgjerdstakarar. I tillegg vil statistikken kunne nyttast ved dei einskilde sentera.

I 2015 har det også blitt etablert felles etiske retningslinjer for dei fylkesvise karrieresentera. Retningslinjene er i bruk frå 2016.

I 2015 utgjorde tilskottet 30,7 mill. kroner. Av dette var 28 mill. kroner grunntilskott og 3 mill. kroner stimuleringstilskott. I 2015 fekk 15 fylke grunntilskott og fem fylke stimuleringstilskott. Eit fylke fekk stimuleringstilskott som blei tilbakeført da fylket ikkje hadde kapasitet til å gjennomføre utviklingsprosjektet.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2016.

Programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning

Utgifter under programkategori 07.60 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

260

Universitet og høgskolar

31 078 729

32 623 575

34 416 051

5,5

270

Internasjonal mobilitet og sosiale formål for studentar

555 228

821 950

746 986

-9,1

276

Fagskoleutdanning

66 747

68 683

108 460

57,9

280

Felles einingar

499 075

522 104

598 481

14,6

281

Felles tiltak for universitet og høgskolar

388 985

567 975

594 916

4,7

Sum kategori 07.60

32 588 764

34 604 287

36 464 894

5,4

Inntekter under programkategori 07.60 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

3280

Felles einingar

3 507

1 326

1 357

2,3

3281

Felles tiltak for universitet og høgskolar

10

10

0,0

Sum kategori 07.60

3 507

1 336

1 367

2,3

Innleiing

Kunnskap og kompetanse er dei viktigaste faktorane for å møte dei store samfunnsutfordringane, utvikle og ta i bruk nye teknologiar, auke norsk produktivitet og konkurransekraft og for å utvikle den enkelte. Høg kvalitet i forsking og høgre utdanning legg grunnlaget for omstilling og framtidig velferd og verdiskaping. Dette er bakgrunnen for at regjeringa har lagt fram langsiktige planar og ambisjonar for auka kvalitet i utdanning og forsking i Meld. St. 7 (2014–2015) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2015–2024 og Meld. St. 18 (2014–2015) Konsentrasjon for kvalitet. Strukturreform i universitets- og høyskolesektoren.

Regjeringa legg fram ei stortingsmelding om fagskoleutdanning hausten 2016. Meldinga vil blant anna ta for seg plasseringa til fagskolane i utdanningssystemet, kvalitet i fagskoleutdanninga, overgangsordningar mellom fagskole og universitet og høgskole, finansiering av fagskolane og forvaltning av fagskolane og fagskolesektoren.

Regjeringa legg fram ei stortingsmelding om kvalitet i høgre utdanning tidleg 2017.

Kunnskapsdepartementet har sett følgande fire mål for forsking, høgre utdanning og fagskoleutdanning, jf. figur 1.2 i hovudinnleiinga, som bygger opp under dei langsiktige ambisjonane for sektoren:

  • høg kvalitet i utdanning og forsking

  • forsking og utdanning for velferd, verdiskaping og omstilling

  • god tilgang til utdanning

  • effektiv, mangfaldig og solid høgre utdanningssektor og forskingssystem

Tilstandsvurderinga for universitets- og høgskolesektoren er i kategoriomtalen strukturert etter desse måla. For meir utfyllande informasjon, sjå tilstandsrapporten for høgre utdanning som er utarbeidd av Kunnskapsdepartementet i 2016.

Tilstandsvurdering av fagskolesektoren er omtalt under kap. 276. For meir utfyllande informasjon, sjå tilstandsrapporten som er utarbeidd av departementet i 2016 for fagskoleutdanning.

Hovudprioriteringar for 2017

Regjeringa innfører femårige grunnskolelærarutdanningar på mastergradsnivå frå 2017. Regjeringa foreslår totalt 252,4 mill. kroner for å sikre god implementering av dei nye grunnskolelærarutdanningane. Av desse midlane er 150 mill. kroner nye i 2017.

Regjeringa ønsker å styrke fagskolesektoren og foreslår totalt 57,9 mill. kroner til utviklingsmidlar i 2017. Midlane vil blant anna gå til tiltak for å heve kvaliteten i fagskolane, vidareutvikling av dagens utdanningstilbod og utvikling av nye etterspurde utdanningstilbod. Midlane vil òg bli brukte til sektorovergripande tiltak, som til dømes utreiingar og evalueringar. Midlane kan sjåast i samanheng med stortingsmeldinga om fagskoleutdanning og blir foreslått fordelte over kap. 276 post 01 og post 70 og kap. 281 post 01.

Finansieringssystemet for universitet og høskolar er eit styringsverkemiddel som skal bidra til at institusjonane når fastsette mål. I Prop. 1 S (2015–2016) for Kunnskapsdepartementet gjorde regjeringa greie for kva for indikatorar den resultatbaserte delen av finansieringssystemet for universitet og høgskolar skal ha frå 2017. I statsbudsjettet for 2017 foreslår regjeringa insentivstyrken på indikatorane og implementering av endringane i finansieringssystemet.

Kunnskapsdepartementet foreslår 66,8 mill. kroner til vidareføring og opptrapping av studieplassar for å følge opp revidert nasjonalbudsjett for 2016, jf. Innst. 400 S (2015–2016), der det blei vedtatt 590 nye studieplassar.

I Meld. St. 7 (2014–2015) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2015–2024 lanserte regjeringa ein opptrappingsplan for 500 nye rekrutteringsstillingar innan 2018. Regjeringa foreslår 48,1 mill. kroner til 120 nye rekrutteringsstillingar i 2017. Med dette forslaget vil 492 av dei 500 rekrutteringsstillingane vere finansierte. Midlane til rekrutteringsstillingane blir tildelte universitet og høgskolar, ordningane for nærings-ph.d. og offentleg sektor-ph.d. og instituttsektoren. Midlane blir foreslåtte fordelte over kap. 260 postane 50 og 70, kap. 281 post 50 og kap. 285 post 53 under programkategori 07.70 Forsking.

Regjeringa har lagt til grunn ei samla framtidig campusløysing for Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) i området rundt Gløshaugen. Regjeringa foreslår 20 mill. kroner til vidare planlegging av campus NTNU.

Regjeringa foreslår 10 mill. kroner til prosjektering av nytt klinikkbygg for Odontologisk fakultet ved Universitetet i Oslo og 5 mill. kroner til prosjektering av bygg for Tromsø museum – Universitetsmuseet ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet. Midlane blir foreslåtte over budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Gode studentvelferdstilbod er viktige for å kunne ta høgre utdanning. Regjeringa vil halde fram med satsinga på studentbustader i 2017 og foreslår å føre vidare nivået frå 2016 på tilsegn om tilskott til 2 200 nye studenthybeleiningar.

Departementet foreslår 39,8 mill. kroner for å styrke kapasiteten til NOKUT for godkjenning av utanlandsk utdanning. Av desse midlane er 10 mill. kroner ei eingongsløyving i 2017.

Departementet foreslår totalt 5,4 mill. kroner til utvikling av kompletterande studietilbod og 60 nye studieplassar til kompletterande utdanning.

Tilstandsvurdering

Mål: Høg kvalitet i utdanning og forsking

Regjeringa vil at utdannings- og forskingsmiljøa i Noreg skal ha høg kvalitet, og at fleire norske forskings- og utdanningsmiljø skal hevde seg internasjonalt.

Utdannings- og forskingsmiljø

Fleire evalueringar og indikatorar peiker på at det er ei positiv utvikling i utdannings- og forskingsmiljøa i Noreg. Studiebarometeret til NOKUT og kandidatundersøkingane til Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) viser at studentane er godt nøgde med kvaliteten på studieprogramma, men variasjonen er framleis for stor. Stadig fleire studentar gjennomfører på normert tid. Likevel meiner Kunnskapsdepartementet at det er nødvendig å ha høgre ambisjonar og halde fram med arbeidet med å tilpasse utdanningane til eit samfunn i endring.

I strukturmeldinga peikte regjeringa på at for mange små, sårbare fagmiljø og spreidde utdanningstilbod var ei utfordring for kvaliteten. I arbeidet med å følge opp strukturreforma har fleire statlege og nokre private institusjonar slått seg saman frå og med 2016, eller har vedtatt samanslåing frå og med 2017. Som del av fusjonsprosessane gjennomgår institusjonane fagområda og aktivitetane sine for å konsolidere og skape gode og solide fagmiljø.

I tråd med forslag i strukturmeldinga fastsette Kunnskapsdepartementet våren 2016 endringar i forskrifta om kvalitetssikring og kvalitetsutvikling i høgre utdanning og fagskoleutdanning. Endringane medfører skjerpa krav til fagmiljø på mastergrads- og doktorgradsstudium og for akkreditering som vitskapleg høgskole og universitet. NOKUT skal fastsette forskrift om utfyllande krav til fagmiljøet og resultat i fagmiljøet. Kunnskapsdepartementet meiner endringane samla vil medverke til sterkare og meir profilerte fagmiljø og slik auke kvaliteten i utdanning og forsking.

Gjennomføringa i norsk høgre utdanning har blitt betre i dei seinare åra, sjølv om Noreg ligg lågare enn gjennomsnittet i OECD. 58 pst. av dei studentane som starta høgre utdanning i 2001, hadde fullført ein grad i 2011. Av dei som starta i 2006, hadde 63 pst. oppnådd ein grad i løpet av åtte år. Det er særleg dei unge studentane som i større grad nå fullfører. Om lag 43 pst. av både bachelor- og mastergradsstudentane gjennomførte studia på normert tid i 2015.

Det har òg vore betring i dei siste åra når det gjeld gjennomstrøyminga i doktorgradsutdanninga, men måla er ikkje nådde. I dei siste fem åra har delen kandidatar som har disputert innan seks år, vore om lag 65 pst., mens dei nasjonale måla varierer frå 75 pst. til 85 pst. avhengig av fagområde. Låg gjennomstrøyming kan ha ulike årsaker, og noko fråfall er rimeleg å forvente. Gjennomstrøyminga er likevel for låg, og dette inneber ein kostnad for den enkelte og for samfunnet. Kunnskapsdepartementet meiner at institusjonane må halde fram med arbeidet med å betre gjennomstrøyminga og redusere fråfallet i doktorgradsutdanninga.

Studiebarometeret viser at studentane meiner dei får for lite kunnskap om vitskapleg arbeidsmetode og forsking, og at dei etterlyser betre oppfølging frå dei fagleg tilsette. Gjennom innspela til den kommande stortingsmeldinga om kvalitet i høgre utdanning har institusjonane vist fram mange gode eksempel på innovative utdanningar og studentaktiv læring. Mange fagmiljø har ei kunnskapsbasert tilnærming til utdanninga og utviklar undervisningsopplegget basert på undersøkingar av resultata til studentane og tilbakemeldingar frå studentar og fagfellar. Kunnskapsdepartementet meiner at tradisjonelle undervisningsopplegg med mykje bruk av forelesningar i plenum og tradisjonelle eksamensformer framleis er for dominerande. Vi treng undervisnings- og vurderingsformer tilpassa dei ulike studia og dei ulike studentgruppene.

Det er ansvaret til fagmiljøa og leiinga ved institusjonane å legge til rette for at studentane skal få eit godt læringsresultat, at dei skal gjennomføre på normert tid, og at dei skal bli godt førebudde på ei framtidig yrkeskarriere. Institusjonar som lykkast, er prega av ein kvalitetskultur på alle nivåa. Det er derfor viktig at leiinga i alle ledd ved institusjonane tydeleg prioriterer utdanningsleiing og utdanningskvalitet.

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) har i fleira rapportar peikt på manglande heilskap og samanheng i studieprogramma. Ved mange institusjonar har det vore utfordrande å aktivere fagpersonalet i arbeidet med å skrive læringsutbytteskildringar for studieprogramma. Det er viktig at institusjonane utviklar meir heilskaplege studieprogram, og at fagmiljøa sjølve utformer gode læringsutbytteskildringar for studieprogramma.

Kunnskapsdepartementet ser at institusjonane i stor grad følger opp prioriteringane i langtidsplanen for forsking og høgre utdanning i sine eigne strategiar og planar. Institusjonane bygger opp høg kvalitet i fagmiljøa blant anna gjennom å søke på sentrale verkemiddel som senter for framifrå utdanning (SFU), senter for framifrå forsking (SFF), senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) og stipend frå Det europeiske forskingsrådet (ERC). Fagmiljø som ikkje når heilt opp på desse konkurransearenaene, får ofte styrka finansieringa frå sin eigen institusjon for å kunne konkurrere betre ved neste utlysing. På den måten bygger universitet og høgskolar opp framifrå fagmiljø på strategisk prioriterte område.

Det var sterk vekst i vitskapleg publisering fram til 2012, men etter det har veksten nesten stoppa opp. Det same gjeld publiseringspoeng per fagleg tilsette. Mange forskingsmiljø og forskarar har nå eit volum på publiseringa som tilseier at dei bør prioritere å betre kvaliteten i kvar publikasjon framfor å produsere fleire publikasjonar. Andre miljø bør framleis prioritere å auke publiseringsvolumet. Det er eit leiaransvar å ta del i denne vurderinga.

Internasjonalt samspel

Noreg er i stadig større grad ein del av det internasjonale utdannings- og forskingssamarbeidet, særleg i EU. Noreg er eit attraktivt land for utanlandske studentar, og det framandspråklege studietilbodet ved norske universitet og høgskolar er aukande. Det har gjort det enklare for studentar frå andre land å studere i Noreg.

Talet på norske gradsstudentar i utlandet held fram med å stige, men talet på utvekslingsstudentar, det vil seie studentar med studieopphald som ledd i den norske utdanninga, er fallande. Trass i nedgangen i talet på delstudentar i utlandet gjer den høge gradsmobiliteten at Noreg i dei siste åra har vore rett over Bologna-målet om at minst 20 pst. av alle studentar som tar ein grad, skal ha eit studieopphald i utlandet. Fleire studentar bør ha eit utanlandsopphald, og for mange studieprogram kan institusjonane legge betre til rette for utveksling. Særleg utveksling til Europa kan bli betre ettersom det er den viktigaste regionen for Noreg når det gjeld kunnskapssamarbeid.

Sitering av vitskaplege artiklar blir rekna som ein indikator på den internasjonale gjennomslagskrafta til forskinga og kor synleg ho er. Noreg plasserer seg ikkje blant dei aller fremste landa når det gjeld sitering av vitskaplege artiklar, sjølv om vi er eit av dei landa der siteringa har auka mest i dei siste ti åra. Det viser at det framleis er behov for å utvikle forskingskvaliteten ved norske universitet og høgskolar.

Auke i delen samforfattarskap er ein god indikator på at norske forskarar samarbeider meir internasjonalt, og på den måten bidrar til å betre kvaliteten ved institusjonane. Prosjekta i Horisont 2020 er større enn i dei førre rammeprogramma. Det gjer at institusjonane må samarbeide meir med andre for å nå opp i konkurransen, blant anna med institusjonar i andre land.

Deltakinga til universitets- og høgskolesektoren i EUs rammeprogram for forsking og utdanning, Horisont 2020 og Erasmus+, er monaleg lågare enn det regjeringa ønsker. Norske universitet får færre stipend frå Det europeiske forskingsrådet (ERC) enn dei fremste universiteta i Danmark, Finland og Sverige. Vidare var det i all hovudsak berre Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU), Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet og Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) som henta ut forskingsmidlar frå EU i 2015.

Tilbakemeldingar frå universiteta tyder på at dei prioriterer prosjekt frå Det europeiske forskingsrådet (ERC) når dei søker EU-midlar. Det er viktig at institusjonane held fram med å søke på ERC-prosjekt, men den største utfordringa med søknader i EU er knytt til breidda i søknadene. Institusjonane må derfor òg rette søknader inn mot heile spekteret av ordningar og program. Dette gjeld forskingsprogramma i Horisont 2020 og andre verkemiddel. Det må blant anna skje i tettare samarbeid med aktørar i nærings- og arbeidslivet. Med strukturreforma, der fleire høgskolar har blitt del av eit universitet, og med tydeleg universitetsambisjon ved andre samanslåtte høgskolar, har departementet auka forventningar når det gjeld EU-finansiering. Sjå programkategori 07.70 Forsking.

Talet på norske søknader til forskarmobilitetsprogrammet Marie Sklodowska-Curie Actions (MSCA) har gått opp frå sjuande rammeprogram til Horisont 2020, men deltakinga er framleis for låg.

Delar av det europeiske utdanningssamarbeidet gjennom Erasmus+ er dårleg utnytta av norske institusjonar. Institusjonane har potensial for å auke deltakinga, jf. omtale under programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring. Institusjonane må legge til rette for at studentane i større grad bruker Erasmus+.

Bygg for undervisning og forsking

Dei fysiske omgivnadene på campus påverkar læringsmiljøet og kvaliteten i forsking og utdanning. Endringar i undervisningsformer, teknologisk utvikling, behov for meir tverrfagleg samarbeid, auka forskingsaktivitet og vekst i talet på studentar og tilsette fører til at behovet er stort for endringar i og oppgradering av lokale, vedlikehald og nybygg i universitets- og høgskolesektoren. Tilbakemeldingar frå institusjonane tyder på at samling av institusjonane i nye bygg med god kommunikasjon mellom faggrupper fører til auka samhandling, meir samarbeid og betre læringsutbytte for studentane.

Nest etter lønnsutgifter er utgifter til husleige, vedlikehald, investeringar og drift av bygningar den største utgifta for institusjonane. Areal per brukar, det vil seie student og tilsette, har gått ned i dei siste åra frå 13,7 kvm per brukar i 2011 til 12,5 kvm per brukar i 2015. Dette gjeld både dei sjølvforvaltande institusjonane, som i stor grad forvaltar bygningane sjølve, og dei institusjonane som i hovudsak leiger bygg gjennom Statsbygg i tillegg til at dei har private leigeavtalar. Institusjonane prioriterer ein større del av rammeløyvinga til nybygg, oppgradering og leigeprosjekt enn det dei gjorde før.

Riksrevisjonen peiker i Dokument 3:4 (2012–2013), Riksrevisjonens undersøkelse om statens forvaltning av eiendomsmasse i universitets- og høgskolesektoren , på at ein tredel av bygningsmassen ved dei sjølvforvaltande institusjonane har for dårleg teknisk standard. Budsjett- og rekneskapstal tyder på at desse institusjonane har dobla innsatsen til vedlikehald og oppgradering sidan omlegginga til nettobudsjettering i 2003. Tilstandsgraden blir gradvis betre, og institusjonane arbeider for å betre tilstandsgraden ytterlegare. Det er likevel utfordringar med bygningsmassen, både teknisk og funksjonelt.

Situasjonen for å sikre og bevare samlingane ved universitetsmusea har betra seg i dei seinare åra, grunna tiltak i eigne lokale og leige av eksterne magasinlokale. Fleire av utfordringane kan ikkje løysast innanfor den bygningsmassen universitetsmusea rår over i dag. Dette gjeld både magasindelen av musea og utstillingsverksemda.

Institusjonane som forvaltar eigen bygningsmasse, skal ha oversikt over tilstanden på bygningane og utarbeide langsiktige planar for vedlikehald og oppgraderingar. Departementet har òg bedt om at dei sjølvforvaltande institusjonane legg om internhusleigesystemet, slik at dei betre kan møte krava om verdibevarande vedlikehald og sikre effektiv bruk av areala. Departementet har bedt alle dei statlege institusjonane om å utarbeide langsiktige campusplanar for å sikre rasjonell bruk av areal og som støttar opp under dei strategiske prioriteringane til institusjonane. Fleire av institusjonane har utarbeidd campusplanar, og andre har planar under utarbeiding.

Mål: Forsking og utdanning for velferd, verdiskaping og omstilling

Regjeringa har ambisjonar om at Noreg skal bli eit av dei mest innovative landa i Europa. Da treng vi utdanning, forsking og fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid som samspeler med omverda. Langtidsplanen for forsking og høgre utdanning, Meld. St. 7 (2014–2015), peiker på seks prioriterte område: hav, klima, miljø og miljøvennleg energi, fornying i offentleg sektor, mogleggjerande teknologiar, innovasjon og omstilling i næringslivet og utvikling av verdsleiande fagmiljø. Dette er område som òg universitet og høgskolar må prioritere.

Innovasjon, verdiskaping og samspel med omverda

Universitets- og høgskolesektoren har omfattande samarbeid med omverda. Kunnskapen som studentane får gjennom utdanninga, skal bidra til at dei blir attraktive på arbeidsmarknaden, og at dei kan bidra til utvikling og omstilling av samfunnet. Samarbeid mellom utdanningsinstitusjonane og arbeids- og næringsliv om forsking og utdanning (kunnskapstriangelet) er viktig både for kompetansen til studentane og for å auke FoU-innsatsen i arbeids- og næringsliv.

Mykje av arbeidet til institusjonane med innovasjon og kommersialisering skjer gjennom eigne teknologioverføringskontor, Technology Transfer Offices (TTO). Desse kontora får blant anna støtte frå kommersialiseringsprosjektet FORNY2020 i Noregs forskingsråd.

NIFU har evaluert rolla til universiteta når det gjeld kommersialisering og systemet med TTO-ane i rapporten Virkemiddelapparatet for kommersialisering av forskning – status og utfordringer (NIFU 2015). Rapporten seier at systemet for kommersialisering og TTO-ane i det store og heile verkar godt. Det er utvikla betre mekanismar for å skilje ut og følge opp dei beste prosjekta. Auken i kommersialisering ved institusjonane er tydeleg større enn auken i tildelingane til slike aktivitetar. Rapporten konkluderer med at kommersialisering er sett på dagsordenen i fagmiljøa, men òg at det er potensial for å auke kommersialiseringa ytterlegare.

For å bidra til meir kommersialisering og meir støtte til verifisering og lokale prosjekt ved institusjonane har regjeringa meir enn dobla tildelinga til FORNY2020 frå 2014 til 2015. I tildelinga for 2015 er basisløyvingane nokså stabile, og auken i tildelingane har gått til verifisering av prosjekt.

Over tid har delen inntekter frå bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet (BOA) av samla driftsinntekter gått ned ved universiteta og høgskolane. Det bør vere mogleg for institusjonane å auke slike inntekter.

Fagleg tilsette ved universitet og høgskolar formidlar resultata av forskinga i stort omfang og gjennom eit breitt spekter av kanalar, som til dømes tidsskrift og andre medium. Gjennom ordningar med open tilgang får lesarane fri tilgang til vitskaplege artiklar frå universitet og høgskolar på internett. Om lag ein firedel av alle artiklar frå norske institusjonar i universitets- og høgskolesektoren blir nå gjorde ope tilgjengelege med ulike «Open Access»-løysingar. Det er eit mål å auke denne delen betydeleg.

Lærarutdanning

Regjeringa har ei særleg merksemd på lærarutdanninga og har lansert strategien Lærerløftet , som inneheld fleire tiltak for å styrke lærarutdanninga.

Ifølge rapporten i 2015 frå følgegruppa for den fireårige grunnskolelærarutdanninga er utdanninga blitt stadig meir forskingsbasert. Samarbeidet mellom lærestader og praksisfeltet er styrka. Følgegruppa peiker på at det må arbeidast med å betre rekrutteringa, redusere fråfallet og auke talet på lærarutdannarar med førstekompetanse.

Studiebarometeret 2015 til NOKUT viser at grunnskolelærarstudentane er blant dei minst nøgde med studietilbodet.

NOKUT har gjennomført nasjonale deleksamenar i matematikk for grunnskolelærarutdanningane i 2015 og 2016. Resultata varierer mykje, og strykprosenten var høg på eksamen våren 2016, med 37 pst. Studentar med gode karakterar frå vidaregåande skole gjer det systematisk betre enn andre, og studentar på grunnskolelærarutdanning for trinn 5–10 gjer det betre enn dei på 1–7.

Frå og med opptaket hausten 2016 er det innført eit krav om minimum karaktergjennomsnitt på fire i fellesfaget i matematikk frå vidaregåande opplæring for å bli tatt opp til lærarutdanning. Talet på kvalifiserte søkarar vil i ein periode bli redusert, men det skjerpa kravet for opptak vil på lengre sikt medverke til auka kvalitet. Det er lagt til rette for forkurs for søkarar som ikkje fyller kravet i matematikk.

Sommaren 2016 blei det fastsett nye forskrifter om rammeplanar for femårige grunnskolelærarutdanningar som fører til store faglege og administrative omleggingar. Kunnskapsdepartementet ser det som viktig å styrke arbeidet med ei forskingsbasert utdanning ytterlegare for å utvikle ei vesentleg meir krevjande profesjonsutdanning som førebur kandidatane til eit givande, men òg krevjande yrke. Dette set høgre krav til studentane og institusjonane.

Universitetsmusea

Dei seks universitetsmusea har eit særskilt ansvar for å ta vare på den kultur- og naturhistoriske arven gjennom forsking, formidling og forvaltning. Det er spesielt ansvaret for oppgåver knytte til forvaltning av dei store vitskaplege samlingane som skil musea frå resten av verksemda ved universiteta.

Etter at rapportar frå Riksrevisjonen i 2003 og 2008 peikte på utfordringar med sikring og bevaring av samlingane ved universitetsmusea, har departementet følgt opp tilhøva. Det er tildelt ekstra midlar til formålet frå departementet og universiteta for å ta vare på samlingane på ein betre måte. Det er stor variasjon mellom musea når det gjeld sikring og bevaring, men der det har skjedd endring, går ho i riktig retning. Musea i Oslo og Bergen har flytt delar av samlingane til leigde lokale og har med det betra tilhøva for gjenstandane.

Universitetsmusea er ein viktig formidlingsarena for forsking frå universiteta, særskilt innanfor naturvitskap og kulturhistorie.

Besøkstala ved universitetsmusea har gått mykje opp i fleire år, på grunn av nye utstillingar, omvisingar og andre faglege arrangement mot eit breitt og stadig større publikum. I 2015 var besøkstala ved universitetsmusea om lag 1,7 millionar. Musea har besøk av litt over 2 200 skoleklassar kvart år. Dette talet har ikkje auka i dei siste åra på grunn av låg tilgang på utstillingslokale, undervisningsrom og bemanning. Det ligg òg eit stort potensial i digital formidling.

Mål: God tilgang til utdanning

Regjeringa vil at alle skal ha tilgang og høve til å ta høgre utdanning, uavhengig av kjønn, etnisk, sosial, geografisk og økonomisk bakgrunn. Utdanningstilbodet skal legge til rette for god tilgang på arbeidskraft og kompetanse over heile landet. Livslang læring er viktig for å medverke til nødvendig omstilling og fornying for den enkelte og for samfunns- og arbeidslivet.

Kapasitet og kompetanse

Behovet for utdanning og forsking blir påverka av endringar i samfunnet, og Noreg er avhengig av å kunne omstille seg for å sikre arbeidsplassar og velferd i framtida. Sjå programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring for omtale av framskrivingane til Statistisk sentralbyrå av etterspørsel etter og tilbod på arbeidskraft etter utdanningsbakgrunn.

I perioden 2009–14 har Kunnskapsdepartementet tildelt midlar til å opprette om lag 7 800 nye studieplassar i universitets- og høgskolesektoren. Fullt opptrappa med alle kull inneber dette ein auke på om lag 24 500 studieplassar. I tillegg kjem studieplassar som institusjonane sjølv har prioritert midlar til å opprette.

For å møte det framtidige arbeidskraftbehovet er utdanningskapasiteten auka i dei siste åra særleg innanfor lærar-, teknologi- og helsefagutdanningane. På grunn av endringar i petroleumssektoren i den siste tida har det blitt fleire arbeidsledige på Sør- og Vestlandet, og det er særleg prioritert studieplassar til denne regionen. Departementet har òg tildelt midlar til strategiske studieplassar som institusjonane kan prioritere til utdanningar der dei sjølve meiner det er særleg viktig å styrke kapasiteten.

Tal frå Database for statistikk om høgre utdanning (DBH) viser at auken i talet på avlagde 60-studiepoengseiningar i perioden 2009–15 er høgre enn auken i talet på tildelte studieplassar skulle tilseie. Dette viser at sektoren samla har auka aktiviteten og effektiviteten ikkje berre i tråd med føresetnadene, men òg utover desse. Det varierer mellom institusjonane i kor stor grad det har vore auke i aktiviteten, men dei fleste institusjonane har god måloppnåing på tildelte studieplassar.

Kandidatundersøkinga til NIFU frå 2016 viser at arbeidsløysa for nyutdanna mastergradskandidatar auka frå sju pst. i 2013 til ni pst. i 2015. Auken har vore særleg stor i Rogaland og Møre og Romsdal. Det er òg store variasjonar mellom fagfelta. Nyutdanna i helse- og sosialfag, pedagogiske fag og økonomisk-administrative fag har førebels ikkje større vanskar enn før med å få arbeid. Arbeidsløysa har særleg auka for nyutdanna sivilingeniørar og realistar. Kunnskapsdepartementet meiner dette viser at den arbeidsmarknaden som omfattar naturvitskaplege og teknologiske fag, er konjunkturavhengig. Omlegginga i norsk arbeidsliv, eit grønt skifte og større behov for IKT-spesialistar vil etter vurderinga til departementet føre til at det òg framover vil vere behov for fleire dyktige ingeniørar og realistar.

Doktorgradsutdanning er viktig for å tilføre alle delar av arbeidslivet høg kompetanse og på den måten utvikle kunnskapssamfunnet. Det er i dei siste åra løyvd midlar til rekrutteringsstillingar med særleg vekt på matematiske, naturvitskaplege og teknologiske fag (MNT-faga), helse- og omsorgsfag og lærarutdanning.

Det blei avlagt 59 pst. fleire doktorgradar i 2015 enn i 2006, trass nedgangen i avlagde doktorgradar i dei to siste åra. Denne nedgangen heng blant anna saman med at Noregs forskingsråd finansierer færre doktorgradar enn tidlegare. Medisin og samfunnsvitskap er dei fagområda som har hatt størst vekst i dei siste åra, jf. figur 4.9. Noreg skil seg frå dei andre nordiske landa med låg del doktorgradar i teknologiske fag.

Figur 4.9 Talet på avlagde doktorgradar per fagområde i Noreg 2006–15

Figur 4.9 Talet på avlagde doktorgradar per fagområde i Noreg 2006–15

Departementet vil òg framover følge utviklinga nøye med omsyn til framtidige kompetansebehov nasjonalt og regionalt, når det gjeld både studieplassar og rekrutteringsstillingar. I tillegg har universiteta og høgskolane eit betydeleg samfunnsansvar for å prioritere aktiviteten i tråd med behova for kompetanse og omstilling.

Det har vore ein klar vekst i talet på søkarar til høgre utdanning i dei siste åra. Frå 2009 til 2016 auka talet på førstevalssøkarar og kvalifiserte førstevalssøkarar med høvesvis 22 pst. og 42 pst., jf. figur 4.10.

Figur 4.10 	 Utvikling i søkartal til høgre utdanning 2009–16, haust

Figur 4.10 Utvikling i søkartal til høgre utdanning 2009–16, haust

Kjelde: NSD

Ifølge tal frå DBH var om lag 260 000 studentar registrerte ved statlege og private høgre utdanningsinstitusjonar hausten 2015. Om lag halvparten av studentane er på bachelorstudium. Det er talet på mastergradsstudentar som veks mest, med 52 pst. sidan 2006, mot 27 pst. på bachelornivå i same tidsrom.

Veksten i talet på studentar reflekterer endringar i kompetansebehova i arbeidsmarknaden, auka krav til kompetanse, større ungdomskull og at det har blitt meir attraktivt å studere. Ved val av studium ser det ut som om søkarane tar stadig meir omsyn til signal om behov i arbeidsmarknaden. Talet på søkarar til lærarutdanning, sjukepleiarutdanning, realfag og teknologi har auka mykje i dei siste åra. Samla sett er utviklinga i relativt godt samsvar med behova i samfunnet.

Det er ei overvekt av kvinner i høgre utdanning. Seks av ti studentar er kvinner. Utdanningsvalet til norske studentar er framleis i stor grad kjønnsrelatert, og det har vore lite endringar i kjønnsbalansen fordelt på fagfelt i dei siste ti åra. Delen menn er spesielt låg i helse- og sosialfaga, lærarutdanningane og pedagogikkutdanninga. Matematiske, naturvitskaplege og teknologiske fag har ein liten nedgang i delen menn i dei siste ti åra og var 67 pst. i 2015.

Livslang læring og fleksibel utdanning

Livslang læring er avgjerande for omstillingsevna til den enkelte og for å sikre at private og offentlege verksemder har tilsette med nødvendig kompetanse. Sjå programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring.

Fleksibel utdanning omfattar desentralisert utdanning og nettbasert utdanning. Det er den nettbaserte undervisninga som står for veksten i det fleksible utdanningstilbodet. Talet på nettstudentar er meir enn dobla i perioden 2006–15, mens talet på tilbod innanfor desentralisert undervisning er lågare i dag enn i 2006. På grunn av utviklinga i teknologien framover vil truleg omfanget av dei nettbaserte tilboda auke i åra framover og slik bidra til større fleksibilitet for studentar og arbeidstakarar som ønsker å styrke kompetansen sin. Sjølv om det er ei viss utvikling i bruk av digitale læringsformer og verktøy, som gjer fleire tilbod meir fleksible, går digitaliseringa i høgre utdanning for sakte.

Studentvelferd

Gode støtteordningar er eit sentralt verkemiddel for sosial utjamning i rekrutteringa til høgre utdanning. Fleirtalet av studentane nyttar støtteordningar gjennom Lånekassen. Sjå programkategori 07.80 Utdanningsstøtte.

Studentsamskipnadene har som samfunnsoppdrag å tilby rimelege og gode studentvelferdstenester. Departementet vurderer at dette oppdraget blir løyst på ein tilfredsstillande måte.

Av dei mange tenestene som studentsamskipnadene tilbyr, er særleg studentbustader viktig. Studentsamskipnadene kan tilby bustader til om lag 16 pst. av studentane i Noreg. Dersom talet på studentar held fram med å stige, vil det framleis vere behov for å bygge fleire studentbustader.

I 2015 og 2016 har det vore seks samanslåingar av studentsamskipnader, slik at det nå er 17 studentsamskipnader. Samanslåingane må sjåast i samanheng med strukturreformen i universitets- og høgskolesektoren.

Mål: Effektiv, mangfaldig og solid høgre utdanningssektor og forskingssystem

Ein effektiv, mangfaldig og solid høgre utdanningssektor og forskingssystem skal medverke til best mogleg måloppnåing på dei tre første måla for universitets- og høgskolesektoren. Universitet og høgskolar forvaltar ein betydeleg del av midlane til fellesskapet og skal bruke ressursane effektivt og til beste for samfunnet. Institusjonane skal utvikle profilen sin i tråd med styrke og eigenart og medverke til ein differensiert sektor med høg kvalitet. Vidare skal dei møte behova i samfunnet på ulike område og medverke til at Noreg kan hevde seg internasjonalt som ein framifrå kunnskapsnasjon.

Tilskott til private høgskolar og fagskolar

I Dokument 1 (2014–2015), Riksrevisjonens rapport om den årlige revisjon og kontroll for budsjettåret 2013 , peiker Riksrevisjonen på at departementet si oppfølging av tilskottsforvaltninga kan betrast. Ei ekspertgruppe som blei nemnd opp av departementet, foreslår i rapporten Private høyskoler og fagskoler i samfunnets tjeneste (2014) tydelegare og strengare økonomisk regulering av og meir tilsyn med private høgskolar og private fagskolar.

Driftsinntekter, driftskostnader og overføringar

Norske universitet og høgskolar er i stor grad avhengig av inntekter frå det offentlege. Meir enn 90 pst. av inntektene til universitet og statlege høgskolar kjem frå offentlege kjelder. Den direkte tildelinga over budsjettet til Kunnskapsdepartementet utgjorde i 2015 i gjennomsnitt 79 pst. av dei totale inntektene for dei statlege institusjonane. Som del av totale driftsinntekter utgjorde tilskottet frå departementet 66 pst. i gjennomsnitt for dei private høgskolane med statstilskott.

Kunnskapsdepartementet tildeler midlane til universiteta og høgskolane i hovudsak som ei samla ramme. Dette er i tråd med at institusjonane som nettobudsjetterte verksemder sjølve har ansvaret for og fullmakt til å gjere nødvendige prioriteringar og disponere budsjetta for å nå måla for sektoren.

I dei seinare åra har auken i rammeløyvinga til sektoren likevel vore retta inn mot særskilde mål og utfordringar, som å møte auken i talet på studentar, fylle målet frå langtidsplanen om fleire rekrutteringsstillingar, medverke til auka samarbeid, arbeidsdeling, konsentrasjon og samanslåing, samt behov for nye bygg og vedlikehald og oppgradering av eksisterande bygningsmasse.

I perioden 2009–15 har realveksten i driftsinntekter for universitet og høgskolar vore 22 pst. I same periode har det òg vore tilnærma lik vekst på fleire relevante område:

  • løyvinga frå Kunnskapsdepartementet og andre departement: 22 pst.

  • talet på studentar: 21 pst.

  • talet på avlagde studiepoeng: 22 pst.

  • talet på avlagde doktorgradar: 25 pst.

Lønn og sosiale utgifter er den største kostnaden for universitet og høgskolar, og i 2015 utgjorde lønn nesten to tredelar av kostnadene til universitet og høgskolar. Lønnskostnader som del av driftsinntekter har samla sett auka noko i dei siste ti åra.

Universitet og statlege høgskolar har fullmakter til å overføre midlar mellom budsjettåra, og departementet vurderer at dette medverkar til ei langsiktig planlegging og økonomistyring ved institusjonane. Om lag halvparten av dei statlege institusjonane hadde i 2016 innført langtidsbudsjett. Avsetningar gjer det mogleg for institusjonane å planlegge strategiske tiltak i eit fleirårig perspektiv. Gjennomsnittleg avsetningsnivå har vore stabilt i dei siste tre åra, på om lag ti pst., jf. figur 4.11. Med ei slik avsetning har institusjonane eit langsiktig, økonomisk handlingsrom. Avsetningsnivå per institusjon varierte ved utgangen av 2015 frå 2,7 pst. til 29,2 pst. Den viktigaste årsaka til avsetningar i sektoren er konkrete påbegynte prosjekt som investeringar i infrastruktur.

Figur 4.11 Samla avsetningar 2012–15 i pst. av løyving, statlege institusjonar

Figur 4.11 Samla avsetningar 2012–15 i pst. av løyving, statlege institusjonar

Kjelde: NSD

Struktur i universitets- og høgskolesektoren

Måla for strukturreforma i universitets- og høgskolesektoren er å styrke kvaliteten i utdanning og forsking, skape robuste fagmiljø, gi god tilgang til utdanning og kompetanse over heile landet, bidra til regional utvikling, bygge verdsleiande fagmiljø og å utnytte dei samla ressursane effektivt, jf. Meld. St. 18 (2014–2015) Konsentrasjon for kvalitet.

Talet på universitet og statlege høgskolar er redusert frå 33 i 2015 til 22 frå januar 2017, og talet på private høgskolar med statstilskott er redusert frå 21 i 2015 til 17 frå januar 2017. Følgande samanslåingar er gjennomførte 1. januar 2016:

  • Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet, Høgskolen i Narvik og Høgskolen i Harstad er slåtte saman til eit universitet under namnet Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet.

  • Universitetet i Nordland, Høgskolen i Nord-Trøndelag og Høgskolen i Nesna er slåtte saman til eit universitet under namnet Nord universitet.

  • Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Høgskolen i Gjøvik, Høgskolen i Sør-Trøndelag og Høgskolen i Ålesund er slåtte saman til eit universitet under namnet Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU).

  • Høgskolen i Buskerud og Vestfold og Høgskolen i Telemark er slåtte saman til éin institusjon under namnet Høgskolen i Søraust-Noreg.

  • Haraldsplass diakonale høgskole, Høgskolen Betanien, Diakonhjemmet høgskole og Misjonshøgskolen er slåtte saman til éin institusjon under namnet VID vitenskapelige høgskole (VID).

1. januar 2017 blir følgande samanslåingar gjennomførte:

  • Kunst- og designhøgskolen i Bergen og Universitetet i Bergen blir slåtte saman til éin institusjon under namnet Universitetet i Bergen.

  • Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund blir slåtte saman til éin institusjon under namnet Høgskulen på Vestlandet.

Det er dialog mellom Høgskolen i Hedmark og Høgskolen i Lillehammer om mogleg samanslåing. Høyskolen Diakonova og VID vitenskapelige høgskole tar sikte på ei samanslåing av institusjonane.

Prosessane med samanslåingar av institusjonar har sidan 2010 fått midlar frå Kunnskapsdepartementet til samarbeid, arbeidsdeling, konsentrasjon og samanslåing. Midlane har vore viktige for å hjelpe til i gjennomføringa av samanslåingane og for å lette presset på institusjonane i slike prosessar. Kunnskapsdepartementet vurderer at institusjonane generelt viser stor vilje til endring og omstilling for å møte utfordringar og gripe moglegheiter, i tråd med måla frå strukturmeldinga.

Digitalisering

Regjeringa meiner Noreg bør vere internasjonalt leiande i utviklinga av digital forvaltning, jf. Innst. 348 S (2014–2015) og Meld. St. 18 (2014–2015) Konsentrasjon for kvalitet . For å følge opp dette har Kunnskapsdepartementet hausten 2015 sett ned ei arbeidsgruppe som utarbeider forslag til ein heilskapleg IKT-strategi for den faglege og administrative aktiviteten i sektoren. På det administrative området er systemløysingane i ferd med å bli utdaterte, og det er derfor sett i verk ein prosess i regi av Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet og NTNU for å få på plass ei moderne digital plattform og organisering som løyser administrative behov i sektoren.

Undersøkinga Digital tilstand , siste gong publisert i 2015, viser at utviklinga med digitalisering i universitets- og høgskolesektoren går sakte. Mykje av aktiviteten ved universiteta og høgskolane er styrt av enkeltpersonar. Det verkar framleis som dei fleste institusjonane i liten grad systematisk satsar på pedagogisk teknologibruk. Det er dermed behov for ei meir heilskapleg tilnærming til og strategi for arbeidet med digitalisering i sektoren, for å bruke dei moglegheitene moderne IKT gir for å styrke kvaliteten i høgre utdanning.

Frå haustsemesteret 2014 til same periode i 2015 har det vore ei firedobling i gjennomføring av digital eksamen i høgre utdanning. Dette viser ei positiv utvikling, men departementet meiner det framleis må arbeidast for å legge til rette for auka bruk av digital eksamen.

Det er stadig fleire av samlingane ved universitetsmusea som er digitaliserte, men det er framleis mange samlingar som enno ikkje er digitalt tilgjengelege. Digitalisering er viktig både for betre forvaltning av samlingane og for auka tilgang til materialet for forsking og formidling.

Rekruttering, kompetanse og karriere

Talet på årsverk tilsette har auka med om lag 6 700 i perioden 2006–15. Dette er ein auke på 23 pst. og er tilnærma lik den prosentvise auken i studentveksten i perioden. Veksten i administrative årsverk har i prosent vore høgre enn i faglege stillingar. Forholdstalet mellom fagleg og administrativt tilsette har falt frå 2,7 i 2006 til 2,5 i 2015. Dei fagleg tilsette utgjer likevel ein større del av dei tilsette i 2015 enn i 2006, det vil seie 61 pst. mot 60 pst. Det heng saman med at personalet elles, hovudsakeleg teknisk støttepersonale for forsking og undervisning, har auka minst i perioden. Deira del av tilsette er redusert frå 17 pst. til 14 pst. Dei administrativt tilsette auka i same periode frå 23 pst. til 25 pst. av dei tilsette. Det er stor variasjon i talet på tilsette mellom universitet og høgskolar. I 2016 har NTNU 6 700 årsverk, mens tolv høgskolar, hovudsakleg private, har under 100 årsverk.

Figur 4.12 		 Talet på årsverk i stillingsgrupper i universitets- og høgskolesektoren 2006–15

Figur 4.12 Talet på årsverk i stillingsgrupper i universitets- og høgskolesektoren 2006–15

Kompetansenivået i faglege stillingar har auka mykje på ti år. Ein stadig aukande del av fagpersonalet ved universitet og høgskolar har doktorgrad eller tilsvarande, og veksten har i hovudsak vore størst ved høgskolane og dei nye universiteta. Veksten i tal har vore størst i gruppa førsteamanuensar.

Kjønnsbalansen i universitets- og høgskolesektoren har blitt noko betre over tid, sjølv om måla om likestilling i dei faglege toppstillingane ikkje er nådde. Innanfor faglege stillingar er det framleis store skilnader i kvinnedelen mellom stillingsnivåa. Generelt blir delen kvinner mindre jo høgre stillingsnivået er. Kvinnedelen i professorstilling har i gjennomsnitt auka med eit prosentpoeng per år sidan 2006.

Reduksjonen i mellombelse stillingar har stoppa opp etter fleire år med nedgang. Delen tilsette i mellombelse stillingar er framleis for høg, og institusjonane må arbeide med å redusere denne.

Eit fleirtal av kandidatane som tar doktorgrad, skal ha ei framtidig karriere utanfor universitets- og høgskolesektoren. Det same gjeld for ein del av kandidatane i postdoktorstillingar. Institusjonane i sektoren har eit ansvar for å rettleie kandidatane slik at dei blir merksame på dei ulike karrierevegane, og på den måten kan bygge riktig kompetanse. Ordningane med nærings-ph.d. og offentleg sektor-ph.d. er viktige i dette arbeidet. Kunnskapsdepartementet er tilfreds med at fleire institusjonar i sektoren arbeider meir systematisk med karrierepolitikk for dei tilsette enn tidlegare, blant anna med utgangspunkt i Universitets- og høgskolerådets karrierestrategi, Bedre karrierepolitikk for vitenskapelig personale i UH-sektoren (UHR 2015).

Eigarskapsforvaltning ved statlege universitet og høgskolar

I 2015 forvalta statlege universitet og høgskolar eigarinteresser i om lag 100 selskap. I om lag 30 av selskapa har staten dominerande påverknad, normalt ved å eige 50 pst. eller meir av aksjane. I tillegg forvaltar Kunnskapsdepartementet sjølv eigarskapet i dei fem statsaksjeselskapa Universitetssenteret på Svalbard AS, Norsk senter for forskningsdata (NSD), Simula Research Laboratory AS, UNINETT AS og Cessda AS.

Stortinget og Riksrevisjonen har peikt på at mål, resultat og økonomien til selskapa bør følgast betre opp, og at Kunnskapsdepartementet i liten grad følger opp eigarskapsforvaltninga til universiteta og høgskolane, jf. Innst. 179 S (2014–2015) og Dokument 3:2 (2014–2015) Riksrevisjonens kontroll med forvaltningen av statlige selskaper for 2013 .

Stortinget har slått fast at statlege universitet og høgskolar skal ha stor fridom til sjølve å fastsette organiseringa, medrekna eigarskapet sitt i selskap, jf. Innst. S. nr. 337 (2000–2001) og St.meld. nr. 27 (2000–2001) Gjør din plikt – Krev din rett. Departementet har fastsett overordna reglar for eigarskapet til institusjonane, blant anna at eigarskap skal ha fagleg interesse. Departementet meiner at institusjonane skal ha eit sjølvstendig ansvar for å gjere vurderingane av fagleg interesse, korleis eigarskapet bør utøvast i tråd med prinsippa til staten for godt eigarskap, mv. Departementet legg òg til grunn at institusjonane i utgangspunktet sjølve må vurdere korleis dei fungerer i ulike roller, som for eksempel eigar og som samarbeidspartnar. Departementet har registrert ei positiv utvikling i eigarskapet til institusjonane og at dette blir stadig meir profesjonelt. Departementet vurderer at fullmaktene til institusjonane til å eige aksjar har gitt formålstenleg fleksibilitet, og at selskapa gir betre grunnlag for kommersialisering og for samarbeid med nærings- og samfunnsliv.

Kunnskapsdepartementet vil legge til rette for at eigarinstitusjonane utvekslar erfaringar og blir gjorde kjente med beste praksis for eigarskapsforvaltning. Dette blir gjort i den løpande dialogen med institusjonane. Departementet har hausten 2016 eigarskapsforvaltning som tema i økonomiseminara for universitet og høgskolar.

Strategiar og tiltak

Tilstandsvurderinga av universitets- og høgskolesektoren viser at det er mange positive utviklingstrekk, men at det er behov for strategiar og tiltak for å auke måloppnåinga på fleire av områda. I det følgande er strategien og tiltaka til regjeringa sett opp etter dei fire hovudmåla for sektoren. Dei ulike tiltaka skal medverke til å nå eitt eller fleire av måla.

Mål: Høg kvalitet i utdanning og forsking

Kvalitet i høgre utdanning

Institusjonane viser generelt stor vilje til endring og omstilling for å møte dei måla regjeringa la fram i strukturmeldinga. Regjeringa meiner samanslåingane gir gode høve og betre rammevilkår for å heve kvaliteten på utdanning og forsking og vil derfor støtte opp under arbeidet med samanslåingar mellom institusjonar og samarbeid mellom fagmiljøa.

Det er behov for å styrke kvaliteten i høgre utdanning, redusere variasjonen og heve statusen for utdanningsverksemda. Regjeringa vil tidleg 2017 legge fram ei stortingsmelding om kvalitet i høgre utdanning.

Riksrevisjonen la våren 2015 fram for Stortinget ein rapport om studiegjennomføring i høgre utdanning (Dokument 3:8 (2014–2015 ) Riksrevisjonens undersøkelse av studiegjennomføringen i høyere utdanning ). På bakgrunn av denne rapporten har Kunnskapsdepartementet tatt initiativet til ei undersøking av korleis utdanningsplanane blir brukte for blant anna å få meirkunnskap om gjennomføring på normert tid. Rapport frå undersøkinga er venta hausten 2016.

Finansieringssystem for universitet og høgskolar

Finansieringssystemet skal stimulere til god måloppnåing i høgre utdanning og forsking. I statsbudsjettet for 2016 la regjeringa fram forslag til prinsipp for endringar i finansieringssystemet for universitet og høgskolar med budsjetteffekt frå 2017, jf. Prop. 1 S (2015–2016) for Kunnskapsdepartementet.

Finansieringssystemet skal framleis vere eit nasjonalt system som gir departementet grunnlag for å tildele midlane til institusjonane som ei samla ramme (summen av basis og resultatbasert utteljing).

Målet med resultatbasert finansiering er å gi insentiv til gode resultat på følgande område: utdannings- og forskingskvalitet, internasjonalisering og samspel med samfunns- og næringsliv. Regjeringa foreslår i tråd med dette endringar i insentiva og endringar i budsjettrammene for institusjonane for 2017. Finansieringssystemet får to nye indikatorar: ein kandidatindikator og ein indikator for bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet (BOA).

For nærare omtale av styrken på insentiva, sjå kap. 260 og del III kap. 13 Endringar i finansieringssystemet for universitet og høgskolar.

Utviklingsavtalar

Ekspertgruppa som vurderte finansieringssystemet for universitet og høgskolar i 2014, foreslo fleirårige utviklingsavtalar mellom departementet og den enkelte institusjonen som verkemiddel utover eit indikatorbasert finansieringssystem. Departementet prøver i 2017 ut ei ordning med fleirårige utviklingsavtalar med fem utvalde statlege høgre utdanningsinstitusjonar: Universitetet i Oslo, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU), Universitetet i Stavanger, Høgskolen i Søraust-Noreg og Høgskolen i Østfold.

Eit mål med utviklingsavtalane er å medverke til at institusjonane får ein tydelegare profil, og at det blir ei betre arbeidsdeling i universitets- og høgskolesektoren. Kvalitet i utdanning og forsking er det overordna målet.

Ein føresetnad for utviklingsavtalane er at departementet og institusjonen er einige om innhaldet. Departementet har hatt ein god dialog med dei institusjonane som tar del i prøveordninga om formål og innhald i utviklingsavtalane. Departementet vil fortsette dialogen hausten 2016 med sikte på at avtalane for desse institusjonane blir implementerte i 2017.

Prøveordninga skal legge grunnlaget for at utviklingsavtalar kan bli ein fast del av styringsdialogen for alle dei statlege institusjonane. Erfaringane med prosessen med avtalar er så langt positive. Departementet vil i 2017 utvide prøveordninga gjennom dialog om avtalar med fleire institusjonar. Departementet tar sikte på at alle dei statlege institusjonane skal ha utviklingsavtalar frå 2019.

Departementet meiner at avtalane får større effekt ved å knytte økonomiske verkemiddel til dei og tar sikte på å legge fram forslag til dette i Prop. 1 S (2017–2018) for Kunnskapsdepartementet.

Bygg for undervisning og forsking

Løyvingar over statsbudsjettet og investeringar institusjonane sjølve gjer, er nødvendige for å halde bygningsmasse og utstyr oppdaterte og i tråd med utviklinga i undervisnings- og forskingsmetodar. Regjeringa held fram med satsinga på bygg og infrastruktur i universitets- og høgskolesektoren. På oppmoding frå Stortinget vil regjeringa legge fram ein investeringsplan for bygg i samband med neste langtidsplan for forsking og høgre utdanning. Sjå programkategori 07.70 Forsking og del III kap. 5 Oppfølging av langtidsplanen for forsking og høgre utdanning. Regjeringa vil i budsjettet for 2017 prioritere midlar til prosjektering av planlagde byggeprosjekt ved Universitetet i Oslo og Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet. Sjå omtale under kap. 260 post 50 og i Prop. 1 S (2016–2017) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Regjeringa vil òg føre vidare midlar til oppgradering av bygg ved dei sjølvforvaltande institusjonane.

Mål: Forsking og utdanning for velferd, verdiskaping og omstilling

Lærerløftet

Regjeringa vil i samband med strategien Lærerløftet innføre nye, femårige grunnskolelærarutdanningar (GLU) på mastergradsnivå frå 2017. Å auke kvaliteten i lærarutdanninga vil gi meir kompetente lærarar og dermed betre læring i skolen. Overgangen frå fireårig utdanning på bachelornivå til femårig mastergradsutdanning inneber større krav til studentane, leiinga og det fagmiljøet som skal tilby utdanningane.

Forskrift for nye femårige grunnskolelærarutdanningar blei fastsett i juni 2016.

Det er nødvendig å styrke forskinga og det fagdidaktiske FoU-grunnlaget for å nå måla med femårig mastergradsutdanning. Kunnskapsdepartementet har derfor tildelt 51 nye rekrutteringsstillingar i 2016 til lærarutdanningsinstitusjonane. Kompetansen til dei som underviser, har mykje å seie for om undervisninga blir forskings- og utviklingsbasert. Departementet foreslår midlar òg i 2017 til å styrke lærarutdanningane.

NOKUT vil føre vidare prosjekt med nasjonal deleksamen. Departementet meiner det kan fungere som eit godt verkemiddel, og institusjonane må bruke resultata i vidare utvikling av kvalitet i utdanningane.

Maritim utdanning

Regjeringa la våren 2015 fram ein maritim strategi for å legge til rette for berekraftig vekst og verdiskaping i den maritime næringa. Kunnskapsdepartementet vil gjennom prosjektet MARKOM2020 halde fram med arbeidet med å heve kvalitet og relevans i maritim utdanning for å betre tilgangen på godt kvalifisert personell i maritim sektor.

Humaniora

Regjeringa har starta arbeidet med ei melding til Stortinget om humanistisk forsking og utdanning. Målet med meldinga er mellom anna at forskarar og nyutdanna kandidatar i humaniora skal medverke meir til Noregs innsats for å møte store samfunnsutfordringar som til dømes mangfald, fleirreligiøsitet, helse, velferd, skole, klima og miljø. Sjå omtale av arbeidet med stortingsmeldinga om humaniora under programkategori 07.70 Forsking.

Helse- og sosialfagutdanning

I Meld. St. 13 (2011–2012) Utdanning for velferd. Samspill i praksis blir det lagt vekt på at arbeidet med kvalitet og relevans i helse- og sosialfagutdanningane må bli styrka. Kunnskapsdepartementet vil i samarbeid med andre departement legge til rette for eit nytt system for styring av læringsutbytte for helse- og sosialfagutdanningane. Det er her viktig å sikre god medverknad frå brukarar og tenester.

Samarbeid med arbeids- og næringsliv

Ordninga med Råd for samarbeid med arbeidslivet (RSA) ved universitet og høgskolar vil bli evaluert, jf. Meld. St. 22 (2015–2016) Nye folkevalgte regioner – rolle, struktur og oppgaver. Kunnskapsdepartementet tar sikte på at evalueringa blir gjennomført i løpet av 2017. Samarbeid mellom arbeids- og næringsliv og fagskolar og høgre utdanning er òg eit tema i dei varsla meldingane om fagskole og kvalitet i høgre utdanning.

Open tilgang til vitskaplege artiklar

Kunnskapsdepartementet tok i juni 2016 imot eit forslag til nasjonale retningslinjer for open tilgang til forskingsresultat, Open Access, frå ei arbeidsgruppe som er sett ned av departementet. Forslaget er ute til høyring hausten 2016. Departementet vil følge opp på eigna måte.

Oppfølging av langtidsplanen for forsking og høgre utdanning

Programma i Noregs forskingsråd, 21-strategiane til regjeringa, prosjekta i Horisont 2020 og Panorama-strategien er sentrale verkemiddel for å nå måla i langtidsplanen. Departementet vil føre vidare stimuleringsordningane i Noregs forskingsråd for å gjere institusjonane betre i stand til å søke midlar i Horisont 2020. Sjå del III kap. 5 Oppfølging av langtidsplanen for forsking og høgre utdanning.

Statsbygg har stilt ferdig forprosjektet for eit nytt bygg for livsvitskap, farmasi og kjemi ved Universitetet i Oslo. Prosjektet går no gjennom ei ekstern kvalitetssikring. Livsvitskapsbygget er eitt av to særleg prioriterte byggeprosjekt i langtidsplanen for forsking og høgre utdanning.

Det er framleis behov for fleire kandidatar med avlagd doktorgrad. Ein stor del av kandidatane må rettast inn mot næringslivet for å dekke behova i dei verksemdene og sektorane som særleg treng høg kompetanse. Som oppfølging av Meld. St. 7 (2014–2015) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2015–2024 foreslår regjeringa å opprette 120 nye rekrutteringsstillingar i 2017. Midlar til 80 av desse rekrutteringsstillingane blir tildelte universitet og høgskolar. Midlar til 15 rekrutteringsstillingar blir tildelte ordningane for nærings-ph.d. og offentleg sektor-ph.d. Midlar til 25 rekrutteringsstillingar blir tildelte til instituttsektoren for å styrke institutta si rolle i doktorgradsutdanninga.

Mål: God tilgang til utdanning

Personar med flyktningbakgrunn

Personar med flyktningbakgrunn som har utdanning frå heimlandet retta mot eit lovregulert yrke i Noreg, kan ha særlege utfordringar med å komme inn på arbeidsmarknaden. Det er ikkje hensiktsmessig for den enkelte og dårleg samfunnsøkonomi for landet dersom flyktningar med fullført utdanning frå utlandet møter unødvendige hindringar for raskt å kunne praktisere yrket dei er utdanna til. Kunnskapsdepartementet vil derfor fortsette arbeidet med å stimulere lærestadene til å legge til rette for å utvikle og tilby kompletterande studietilbod. I første omgang vil tilboda vere retta mot helse-, lærar-, realfag- og teknologiutdanningar.

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 440.4 12. januar 2016, jf. Dokument 8:37 S (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringa støtte opp om universiteter og høyskolers arbeid for å sikre at flyktninger som har fått avbrutt sitt utdanningsløp kan få fortsette sin utdanning i Norge.»

Personar som har fått avbrote utdanninga i heimlandet, skal få gode moglegheiter til å fortsette utdanningsløpet i Noreg. For å kunne studere i Noreg må ein kunne norsk språk og ofte òg engelsk. Universiteta og høgskolane samarbeider fleire stader i landet med kommunar og Nav for å bidra i norskopplæringa for flyktningar med akademisk bakgrunn. Kunnskapsdepartementet støttar opp under dette og er i god dialog med lærestadene, blant anna gjennom nettverket Akademisk dugnad.

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 439.2 12. januar 2016, jf. Dokument 8:37 S (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen om å legge til rette for at lærerstudenter under utdanning kan undervise for å bidra til tilbudet om norskopplæring.»

Departementet viser til Meld. St. 30 (2015–2016) Fra mottak til arbeidsliv – en effektiv integreringspolitikk , der oppmodingsvedtak 439.2 blir behandla. Det blir i denne meldinga vist til at lærarstudentar på frivillig basis kan medverke i kommunane sine tilbod om undervisning av norsk til innvandrarar med fluktbakgrunn. Utdanningsinstitusjonane kan òg legge til rette for at undervisninga til lærarstudentane av innvandrarar med fluktbakgrunn er ein integrert del av studietilbodet så lenge krav i rammeplanen og andre forskrifter blir oppfylte.

Kjønnsbalanse i utdanning

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 605 i samband med handsaminga av Meld. St. 7 (2015–2016), jf. Innst. 228 S (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen utrede utforming og innføring av ekstrapoeng til gutter og jenter som søker på studier der det er for eksempel 80 prosent eller mer av det motsatte kjønn, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Departementet er i dialog med NTNU og Komité for kjønnsbalanse og mangfold i forskning (Kif-komitéen) om oppfølging av vedtaket. NTNU har brei erfaring med arbeid for å auke rekrutteringa av jenter til mannsdominerte utdanningar. Departementet viser til at det ikkje er gitt at kjønnspoeng aleine vil føre til fleire søkarar av underrepresentert kjønn og dermed auka likestilling på studia. Erfaring viser at kjønnspoeng kan gi ønskte resultat, men det er behov for langvarige holdningsskapande aktivitetar i tillegg.

Departementet har med heimel i lov om universitet og høgskolar fastsett forskrift om opptak til høgre utdanning. Denne forskrifta har heimel for å gi tilleggspoeng for underrepresentert kjønn. Opptaksforskrifta blir revidert årleg, og Kunnskapsdepartementet har sendt ut til høyring forslag til endringar. I høyringa har departementet bedt institusjonar som tilbyr studium med skeiv kjønnsfordeling, vurdere om dei ønsker å foreslå å innføre tilleggspoeng for det underrepresenterte kjønnet for fleire studium, og slik eventuelt bidra til at fleire av det underrepresenterte kjønnet vil kunne nå opp i konkurransen om ein studieplass når dei søker slike studium.

Studentvelferd

God studentvelferd er viktig for å legge til rette for å ta høgre utdanning. Særleg er tilbodet om rimelege studentbustader avgjerande. Regjeringa vil halde fram med satsinga på studentbustader i 2017 og foreslår å føre vidare nivået frå 2016 på tilsegn om tilskott til 2 200 nye studenthybeleiningar.

Mål: Effektiv, mangfaldig og solid høgre utdanningssektor og forskingssystem

Tilskott til private høgskolar og fagskolar

Som ei oppfølging av anbefalingane i rapporten Private høyskoler og fagskoler i samfunnets tjeneste foreslår regjeringa å endre regelverket for betre å sikre at tilskott frå staten til private høgskolar og private fagskolar kjem studentane til gode. Forslag til ny regulering av tilskott og eigenbetaling ved private høgskolar og fagskolar har vore ute til høyring. Departementet tar sikte på at forslag til lovendringar blir fremma for Stortinget i 2017.

Kunnskapsdepartementet har etablert ei ny eining for tilsyn for å betre kontrollen med private høgskolar og private fagskolar. Dette har vore nødvendig for å sikre at institusjonane etterlever aktuelt regelverk. Departementet foreslår å omdisponere midlar frå tilskottet til private høgskolar til eininga. NOKUT vil som tidlegare føre tilsyn med den faglege kvaliteten i høgre utdanning.

I Innst. 12 S (2015–2016) blei Kunnskapsdepartementet bedt om å gå gjennom tilskottsordninga for private høgskolar og vurdere kriteria for tilskott til nye akkrediterte private høgskoletilbod. Departementet har starta dette arbeidet og vil inkludere universitets- og høgskolesektoren i arbeidet. Regjeringa la i statsbudsjettet for 2016 fram prinsippa for endringane i finansieringssystemet for universitet og høgskolar, og Kunnskapsdepartementet legg no fram forslag til endring i insentivstyrken. Det endra finansieringssystemet og forslaga til lovendringar i oppfølginga av ekspertgruppa som har sett på regelverket for tilskott og eigenbetaling, vil ligge til grunn for gjennomgangen av tilskottsordninga for private høgskolar.

Struktur i universitets- og høgskolesektoren

Kunnskapsdepartementet vil føre vidare arbeidet med å støtte opp under arbeidet med samanslåingar av institusjonar i sektoren for å styrke kvaliteten i høgre utdanning og forskings- og utviklingsarbeid.

Samanslåing av institusjonar er ressurskrevjande, ikkje berre sjølve samanslåingane, men òg arbeidet med å heve kvaliteten på tvers av institusjonane. Den pågåande strukturreforma krev derfor stimulerings- og omstillingsmidlar, og Kunnskapsdepartementet vil derfor framleis støtte opp under samarbeid, arbeidsdeling, konsentrasjon og samanslåing for å styrke kvalitetsutviklinga i sektoren.

Digitalisering

Arbeidsgruppa som er sett ned for å utarbeide ein nasjonal IKT-strategi for universitets- og høgskolesektoren, skal levere forslaget sitt innan utgangen av 2016. Som ein delleveranse til den kommande stortingsmeldinga om kvalitet har arbeidsgruppa levert eit forslag til IKT-strategi for utdanning. Denne har blant anna som grunnlag den raske utviklinga som skjer i fornyinga av læringsprosessane. På bakgrunn av forslaga frå arbeidsgruppa vil departementet saman med sektoren etablere ein IKT-strategi og ein handlingsplan for sektoren for å realisere dei måla som er trekte opp i strukturmeldinga. Dette krev òg at ein samstundes vurderer korleis sektoren best mogleg kan organiserast for å utnytte dei digitale ressursane og etablere standardiserte og effektive fellesløysingar.

Regjeringa la våren 2016 fram Meld. St. 27 (2015–2016) Digital agenda for Norge – IKT for en enklere hverdag og økt produktivitet. God tilgang på avansert IKT-kompetanse i næringsliv og i offentleg sektor gjer oss betre i stand til å ta i bruk IKT på ein hensiktsmessig måte. Kunnskapsdepartementet vil derfor føre vidare arbeidet med digital kompetanse i høgre utdanning for å legge til rette for auka kvalitet og fleire kandidatar med IKT-kompetanse.

Rekruttering, kompetanse og karriere

Departementet viser til oppmodingsvedtak nr. 606 i samband med handsaminga av Meld. St. 7 (2015–2016), jf. Innst. 228 S (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen gjennom styringsdialogen oppfordre til å få flere kvinner inn i ansettelsesutvalgene i akademia, samt gjøre ansettelsene åpne og inkluderende.»

Kunnskapsdepartementet har sendt brev til universiteta og høgskolane og vist til universitets- og høyskoleloven §§ 6-2 og 6-3 (3) og det nasjonale ERA-vegkartet, som prioriterer likestilling mellom kjønn og integrering av kjønnsperspektivet i forsking. Departementet har bedt styra ta omsyn til vedtaket i Stortinget og vurdere korleis dei kan følge opp dette.

Kap. 260 Universitet og høgskolar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

50

Statlege universitet og høgskolar

29 842 583

31 345 716

33 073 857

70

Private høgskolar

1 236 146

1 277 859

1 342 194

Sum kap. 0260

31 078 729

32 623 575

34 416 051

Post 50 Statlege universitet og høgskolar og post 70 Private høgskolar

Mål for 2017

Følgande mål gjeld for universitet og høgskolar som får løyving frå Kunnskapsdepartementet over kap. 260:

  • høg kvalitet i utdanning og forsking

  • forsking og utdanning for velferd, verdiskaping og omstilling

  • god tilgang til utdanning

  • effektiv, mangfaldig og solid høgre utdanningssektor og forskingssystem

Departementet legg til grunn at måla skal vere langsiktige og gi ei ramme som institusjonane kan utvikle sine eigne strategiar og planar innanfor. Måla er nærare omtalte i kategoriomtalen.

Innanfor kvart av dei nasjonale måla set Kunnskapsdepartementet styringsparametrar på område der institusjonane skal ha særleg merksemd på resultatutviklinga ut frå nasjonale omsyn. Dei nasjonale styringsparametrane blei reviderte for 2016.

Universitet og høgskolar skal innanfor dei fire nasjonale måla sette sine eigne mål for verksemda og sine eigne styringsparametrar for måloppnåinga si.

Rapport for 2015

Stortinget løyvde til saman 31,1 mrd. kroner til universitet og høgskolar i 2015 over kap. 260 postane 50 og 70. Nedanfor følger ei oversikt over resultat i 2015 av denne løyvinga. Utgangspunktet for resultatrapporteringa er dei nasjonale måla frå 2015 og dei tiltaka som blei sette i verk med midlar over budsjettet til Kunnskapsdepartementet.

Mål: Høg kvalitet i utdanning og forsking

Utdannings- og forskingsmiljø

I 2015 avla studentane i gjennomsnitt 45,4 studiepoeng, om lag det same som i 2014, jf. Database for statistikk om høgre utdanning (DBH). Det er framleis flest avlagde studiepoeng per student ved kunsthøgskolane og færrast ved dei private vitskaplege høgskolane. Blant universitet og statlege høgskolar varierte avlagde studiepoeng per student frå 44,1 til 52,8. Tala tyder på at det ved fleire institusjonar og mange studieprogram er mogleg å auke talet på studiepoeng per student. Studentane avla i gjennomsnitt 85,7 pst. av dei studiepoenga dei hadde planlagt i utdanningsplanen. Dette er om lag det same som i 2014.

Totalt 1 436 personar avla doktorgraden i 2015, noko som er tolv færre enn i 2014. I 2015 blei det for første gong avlagt fleire doktorgradar i samfunnsvitskap enn i matematisk-naturvitskaplege fag. Noreg skil seg ut frå dei andre nordiske landa med ein låg del doktorgradar i teknologiske fag. Dette fagområdet utgjorde elleve pst. av alle doktorgradane i 2015, mot 21– 23 pst. i resten av Norden. I 2015 hadde 66 pst. av dei kandidatane som var tatte opp på doktorgradsprogram, disputert innan seks år.

Universiteta, høgskolane og fagskolane er sjølve ansvarlege for den utdanningskvaliteten dei tilbyr, men NOKUT kontrollerer at kvalitetsarbeidet deira er tilfredsstillande. NOKUTs studiebarometer for 2015 viser at 77 pst. av studentane er tilfredse eller svært tilfredse med den overordna kvaliteten på studieprogrammet. Studentane er minst nøgde med medverknad, undervisning og rettleiing.

Rapporten Kartlegging av læringsutbyttebeskrivelser (NOKUT 2015) har vurderingar av læringsutbytteskildringar innanfor fleire fagfelt. Rapporten viser at det framleis er arbeid å gjere på dette området.

NOKUT har i 2016 følgt opp ordninga med senter for framifrå utdanning (SFU) med ein ny utlysningsrunde som blir avklart hausten 2016. NOKUT er òg i gang med utprøving av nasjonal deleksamen og eit prosjekt for internasjonal samanlikning av mastergradsprogram. I tillegg arbeider NOKUT saman med Noregs forskingsråd for å utvikle ein metode for kombinerte fagevalueringar av utdanning og forsking. Departementet ventar at dette på lengre sikt vil gi betre informasjon om kvaliteten på den samla faglege verksemda i eit fagmiljø. Sjå kap. 280 post 01.

I 2015 blei det òg tildelt 80 mill. kroner over kap. 260 for å styrke arbeidet med framifrå kvalitet innanfor utdanning og forsking for å medverke til å utvikle fleire verdsleiande fagmiljø. Målet med tildelingane var å styrke institusjonane si evne til å tiltrekke seg internasjonalt leiande forskarar og finansiere fagleg aktivitet til desse forskarane. Institusjonane har brukt midlane til å utvikle vidare verdsleiande forskingsmiljø og rekruttere toppforskarar.

Om lag 68 pst. av utgiftene til forsking og utvikling ved universitet og høgskolar blir finansierte over grunnbudsjetta, medan Noregs forskingsråd står for 15 pst. Dei resterande 17 pst. blir finansierte av andre kjelder.

Noregs forskingsråd og EUs rammeprogram er konkurransearenaer som set høge krav til kvalitet. Departementet bruker derfor rapport på tildelte midlar frå desse kjeldene som indikatorar på forskingskvalitet ved den enkelte institusjonen. Samla tildeling frå Noregs forskingsråd til universitet og høgskolar var på 2,7 mrd. kroner i 2015. Om lag 88 pst. av desse gjekk til Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU), Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) og Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet. I Noregs forskingsråd er Fri prosjektstøtte (FRIPRO) det største verkemiddelet for universitets- og høgskolesektoren. Dette programmet har auka tildelinga med over 120 mill. kroner på fem år og har i stor grad fremma fri forsking og høg kvalitet. Dette har vore ei ønskt utvikling.

Internasjonalt samspel

I 2015 kom det 50 pst. fleire utvekslingsstudentar til Noreg enn det reiste ut frå Noreg. Det var om lag 25 000 utanlandske studentar i Noreg i 2015, og det er om lag ti pst. av studentmassen. Det er store variasjonar i utveksling mellom institusjonane, internt ved institusjonane og mellom same fagområde ved dei ulike institusjonane. Dette viser at det er potensial for å auke studentmobiliteten gjennom betre tilrettelegging.

I 2015 var det tilbod om totalt 5 400 engelskspråklege emne ved norske universitet og høgskolar, noko som er ein auke frå 4 800 emne i 2014. Det er 18 pst. av det totale studietilbodet og er ei dobling frå 2007. Det er ei god blanding av norske og utanlandske studentar fordelte på dei 45 internasjonale fellesgradane, noko som er positivt for å skape internasjonale studiemiljø.

EU-tildelingane er den største utanlandske kjelda til finansiering for norske universitet og høgskolar. I 2015 fekk norske universitet og høgskolar til saman 427 mill. kroner frå EU. Av desse var 52 mill. kroner frå Erasmus+ og Interreg, mens 375 mill. kroner kom frå rammeprogramma for forsking. Dei fire breiddeuniversiteta og NMBU stod for 94 pst. av tildelinga frå EUs rammeprogram for forsking. Tildelinga frå Det europeiske forskingsrådet (ERC) til norske universitet og høgskolar har vakse, men dei norske universiteta får likevel færre stipend enn samanliknbare universitet i Danmark, Finland og Sverige. Norske universitet og høgskolar må halde fram med arbeidet og auke innsatsen. Sjå programkategori 07.70 Forsking.

EU-inntektene for universitet og høgskolar har hatt om lag same prosentvise vekst som EU-programma i dei siste åra. Det betyr at returdelen for desse ikkje har auka i same periode, trass i at talet på søknader har vakse. Regjeringa har som mål at den norske returdelen skal auke frå 1,7 pst. i sjuande rammeprogram til to pst. i Horisont 2020. Ved utgangen av 2015 var returdelen på 1,95 pst., der universitet og høgskolar stod for 0,6 pst. Det er den gode utteljinga for næringslivet som har bidratt til veksten. Norske universitet og høgskolar må auke innsatsen og kvaliteten på søknader inn mot EU.

Noreg deltar i arbeidet med å opprette eit felles forskingsområde i Europa, European Research Area (ERA). EU har utarbeidd eit ERA-vegkart med seks prioriterte område, og regjeringa har fastsett eit eige norsk vegkart for å følge opp dette. Intensjonen er blant anna å bidra til høgre kvalitet og til oppretting av internasjonale nettverk ved norske universitet og høgskolar. Sjå programkategori 07.70 Forsking.

Bygg for undervisning og forsking

Universiteta og dei statlege høgskolane disponerte i 2015 om lag 3,4 mill. m², noko som er ein liten nedgang frå 2014. For å sikre at arkitekturen og den fysiske ramma rundt læringsmiljøet bygger opp under utviklinga i undervisning og forsking, har Kunnskapsdepartementet sett i gang fleire byggeprosjekt.

I 2015 var det under oppføring seks ordinære byggeprosjekt med byggeløyvingar frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet og fleire kurantprosjekt, finansierte innanfor dei gjeldande rammeløyvingane til institusjonane. To større byggeprosjekt blei ferdige, og bygga er tatt i bruk: Universitetsmuseet i Bergen (fase ein) for Universitetet i Bergen, og Senter for husdyrforsøk for Noregs miljø- og biovitskaplege universitet. Kunnskapsdepartementet tildelte i 2015 midlar til utstyr og inventar til samlokaliseringsbygget for Kunst- og designhøgskolen i Bergen, som etter planen vil vere ferdig i 2. halvår i 2017. Departementet tildelte òg slike midlar til det nye teknologibygget ved tidlegare Høgskolen i Sør-Trøndelag, no NTNU. Dette bygget skal vere ferdig i 2. halvår i 2016. Vidare tildelte departementet husleigemidlar til samlokaliseringsbygget ved Høgskolen i Bergen, som blei stilt ferdig i mai 2015.

Fleire institusjonar har sett i gang rehabiliterings- og oppgraderingsprosjekt innanfor sine eigne budsjettrammer, som til dømes Brøggers hus (Geologisk museum) og Sophus Bugges hus ved Universitetet i Oslo. Tilsvarande prosjekt er gjennomførte ved universiteta i Bergen og Tromsø, og ved NTNU.

I 2015 innførte departementet ordninga med midlar til oppgradering av bygg ved dei statlege sjølvforvaltande institusjonane. Institusjonane må gi minst tilsvarande midlar til byggeprosjektet som løyvinga frå departementet. 75 mill. kroner blei fordelte på to rehabiliteringsprosjekt ved høvesvis Jahnebakken 5 ved Universitetet i Bergen og Kjemiblokk 3 ved NTNU. Begge prosjekta er sette i gang.

Alle institusjonane skal ha utarbeidd planar for avvikling av oljefyring innan 2018. Dei fleste institusjonane har allereie fasa ut bruken av oljefyring. Dei resterande to institusjonane vil vere ferdige innan utgangen av 2016.

Mål: Forsking og utdanning for velferd, verdiskaping og omstilling

Innovasjon, verdiskaping og samspel med omverda

Universiteta og høgskolane henta i 2015 om lag sju pst. av dei totale driftsinntektene frå anna bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet (BOA), det vil seie utanom finansiering frå Noregs forskingsråd, EU og regionale forskingsfond. Dette omfattar først og fremst oppdragsforsking og etter- og vidareutdanning og utgjer 3,1 mrd. kroner av omsetninga til institusjonane. Omfanget av BOA-inntektene ved institusjonane er ein indikator på relevans og samarbeid med arbeids- og næringsliv. Delen BOA-inntekter av samla driftsinntekter har gått ned ved universiteta og høgskolane, og det bør vere eit potensial for å auke desse inntektene.

Departementet har følgt opp tilrådinga frå NIFUs evaluering av kommersialiseringsverkemidla og etablerte i 2015 pilotordninga StudENT i Forskingsrådet, der gründarar med nyleg avlagd mastergrad kan søke støtte til å arbeide fulltid med å realisere ein idé eller starte eigen verksemd.

Mediebidrag er framleis den hyppigast registrerte formidlingsaktiviteten, etterfølgd av tidsskriftpublikasjonar. Det er positivt at tilsette ved universitet og høgskolar deltar i den generelle samfunnsdebatten og bidrar til å spreie kunnskap på ei rekke arenaer.

Ved utgangen av 2015 hadde 16 institusjonar i universitets- og høgskolesektoren, mellom anna alle dei åtte universiteta, etablert eigne fond for å støtte publisering i opne tidsskrift med fagfellevurdering, «gull Open Access». Tala på kor mange artiklar institusjonane sjølve har publisert ope i dei siste åra, har vore usikre, men om lag ein firedel av alle norske vitskaplege artiklar i 2015 er, eller vil bli gjorde, ope tilgjengelege. Dette viser ei positiv utvikling, men det er eit mål å auke denne delen.

Kunnskapsdepartementet tildelte 147 nye rekrutteringsstillingar til universitet og høgskolar i 2015, som del av oppfølginga av langtidsplanen for forsking og høgre utdanning. Stillingane blei fordelte til helse- og sosialfag, lærarutdanning og ingeniørutdanning for å bygge kompetanse og kapasitet i sentrale fagmiljø ved universiteta og fleire høgskolar.

Universitetsmusea

Formidlinga ved musea har auka mykje kvart år gjennom svært gode besøkstal, til og med i 2015, da den naturvitskaplege avdelinga ved Universitetsmuseet i Bergen var stengt for oppgradering. Dei seks universitetsmusea hadde i 2015 meir enn 1,7 mill. besøkande, ein auke på 59 pst. sidan 2007 og ein auke på seks pst. samanlikna med i 2014. Den delen av samlingane som er digitalisert og tilgjengeleg på nettet, aukar gradvis. Nytt materiale blir digitalisert løpande, men det er framleis eit betydeleg, men varierande etterslep på eldre materiale når det gjeld digitaliseringa av samlingane ved musea. For det naturvitskaplege materialet er Artsdatabanken blitt eit svært viktig verktøy for formidling av kunnskap.

Mål: God tilgang til utdanning

Kapasitet og kompetanse

Talet på søkarar, registrerte studentar og uteksaminerte kandidatar auka frå 2014 til 2015. Det var 127 000 søkarar til høgre utdanning gjennom Samordna opptak (SO) i 2015. Det er ein auke på 6,7 pst. frå 2014. Det var om lag 10 000 fleire registrerte studentar i 2015 enn i 2014.

I 2015 blei 43 700 kandidatar uteksaminerte, noko som er 2 500 fleire kandidatar enn året før. Dei økonomisk-administrative utdanningane hadde flest kandidatar i 2015 og auka òg mest frå året før. Innanfor teknologifag er kandidatveksten på 73 pst. sidan 2006. Talet på kandidatar frå lærarutdanningane fall frå 2006 til 2011, men har sidan auka.

Universiteta og høgskolane har sjølve ansvaret for det samla studietilbodet og for å dimensjonere utdanningane sine i tråd med behova i arbeidslivet og i tråd med sine eigne strategiar og prioriteringar. I dei siste åra har institusjonane blitt tildelte midlar til å auke utdanningskapasiteten innanfor nasjonalt prioriterte fagområde. Kunnskapsdepartementet tildelte midlar til studieplassar i 2011, 2012 og 2014, og midlar i 2015 til vidare utbygging av desse plassane til heile kull. Til saman utgjorde dette 14 126 studieplassar i 2015. Tal frå DBH viser at dei fleste institusjonane har produsert studiepoeng tilsvarande talet på nye studieplassar i perioden 2009–15. Dei fleste av dei som ikkje har full måloppnåing, har likevel hatt ei positiv utvikling i dei siste åra. Departementet følger med på utviklinga. I dei tilfella der det er utfordrande å vurdere måloppnåing, tar departementet dette opp med dei institusjonane det gjeld, for å få ei forklaring på utviklinga.

Fleksibel utdanning

Det var 17 800 studentar i fleksible utdanningar i 2015, noko som er 1 500 fleire enn i 2014. Størstedelen av auken kjem av at det har blitt fleire studentar innanfor nettbasert undervisning. Om lag åtte pst. av den samla studentmassen er i fleksible utdanningar, og denne delen har vore stabil i dei siste sju åra.

Talet på nettbaserte tilbod er om lag det same i 2015 som året før, men delen nettbaserte tilbod innanfor fleksibel utdanning har auka. Nettbaserte tilbod utgjorde 56 pst. av det fleksible studietilbodet i 2015. Det er stor variasjon mellom institusjonane i omfanget av fleksible utdanningar, noko som tyder på at institusjonane gjer ulike strategiske vurderingar ved etablering av slike tilbod. Samstundes er det ei viss utvikling i bruk av digitale læringsformer og verktøy som gjer at òg campusbaserte tilbod blir meir fleksible.

Mål: Effektiv, mangfaldig og solid høgre utdanningssektor og forskingssystem

Driftsinntekter, driftskostnader og overføringar

Løyvinga over kap. 260 utgjer hovuddelen av finansieringa for universiteta og høgskolane, med 31,1 mrd. kroner i 2015. Den resultatbaserte delen av løyvinga på kap. 260 utgjer om lag 30 pst. Stortinget vedtok i 2015 å styrke grunnfinansieringa til universiteta og dei statlege høgskolane med 50 mill. kroner. Finansieringa til dei private høgskolane blei styrkt med 4 mill. kroner.

Universitet og statlege høgskolar hadde 41 mrd. kroner i samla inntekter i 2015. Det er ein auke på 2,1 mrd. kroner frå 2014. Sjå tabell 4.8 i vedlegg 4, som viser inntekter etter inntektskjelde.

Tildelinga til private høgskolar over kap. 260 post 70 utgjorde 1,2 mrd. kroner i 2015. Private høgskolar som får tilskott over budsjettet til Kunnskapsdepartementet, hadde 2,9 mrd. kroner i samla driftsinntekter i 2015, noko som er fire pst. meir enn i 2014. Handelshøyskolen BI stod for om lag halvparten av samla driftsinntekter blant private høgskolar. På bakgrunn av førebelse rekneskapar for 2015 vurderer departementet at fleirtalet av dei private institusjonane har god eller middels god økonomi. Nokre få private institusjonar har svak økonomi og må utvikle strategiar for å bygge opp ein berekraftig økonomi.

Ved utgangen av 2015 var dei samla avsetningane for universitet og statlege høgskolar, inkluderte fri verksemdskapital, på 5,8 mrd. kroner, noko som svarer til 19,2 pst. av tildelinga frå Kunnskapsdepartementet i 2015. Ved dei statlege institusjonane skal avsetningane brukast til bestemte formål, som til dømes nybygg, utstyr i samband med byggeprosjekt og strategiske formål, som nye undervisningstilbod og større forskingssatsingar. Nivået på avsetningane verkar rimeleg for at institusjonane skal kunne planlegge drift og investeringar i eit fleirårig perspektiv. Sjå tabell 4.9 i vedlegg 4, som viser tilhøvet mellom kontantbehaldning, kommande kostnader og avsetningar.

Forvaltning og intern kontroll

To institusjonar fekk vesentlege merknader i Dokument 1 (2015–2016), Riksrevisjonens rapport om den årlege revisjon og kontroll for budsjettåret 2014 . Begge institusjonane hadde feil i rekneskapen, og den eine institusjonen hadde i tillegg mangelfull etterleving av forskrift om offentlege anskaffingar. Kunnskapsdepartementet har følgt opp Riksrevisjonens merknader for begge institusjonane.

Struktur i universitets- og høgskolesektoren

Kunnskapsdepartementet vurderer at institusjonane generelt viser stor vilje til endring og omstilling for å møte utfordringar og gripe moglegheiter, i tråd med måla frå strukturmeldinga. I samband med statsbudsjettet for 2015 vedtok Stortinget 75 mill. kroner til tiltak for samarbeid, arbeidsdeling, konsentrasjon og samanslåingar. Kunnskapsdepartementet fordelte hovuddelen av midlane til dei fusjonsprosessane som nå er gjennomførte, som ved VID vitenskapelige høgskole, Høgskolen i Søraust-Noreg, Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet, NTNU og Nord universitet. CRIStin, Felles studieadministrativt tenestesenter, UNINETT og Norsk senter for forskningsdata fekk midlar til å dekke kostnader som følge av fusjonsprosessane i sektoren.

Rekruttering, kompetanse og karriere

Mange institusjonar hadde framleis ein høg del mellombels tilsette i 2015, med om lag 16 pst. i kategoriane undervisnings- og forskarstillingar, saksbehandlar- og utgreiingsstillingar og støttestillingar. Delen mellombels tilsette var uendra frå året før. Størst var delen mellombels tilsette i undervisnings- og forskarstillingar, med om lag 18 pst. Ei arbeidsgruppe sett ned av Kunnskapsdepartementet hausten 2015 har kartlagt bruken av mellombelse tilsettingar ved fire institusjonar i universitets- og høgskolesektoren. Rapporten Midlertidighet i UH-sektoren har gitt betre kunnskap om grunnlaget av mellombelse tilsettingar og viser blant anna at mellombelse tilsettingar i administrative stillingar varer kortare enn i undervisnings- og forskarstillingar. Rapporten har gitt eit betre grunnlag for diskusjonen i styringsdialogen med dei institusjonane som har stor grad av mellombels tilsetting.

Delen kvinner i professorstilling har auka frå 26 pst. i 2014 til 27 pst. i 2015. Kvinnene utgjer om lag ein tredel ved nytilsettingar. ERA-vegkartet som nyleg er blitt vedtatt, inneber at landa i ERA-området (Det europeiske forskingsområdet) skal arbeide for opne prosessar for utlysing og tilsetting i stillingar, samt legge til rette for mobilitet og sikre attraktive karrierar.

Budsjettforslag for 2017 for postane 50 og 70

Kunnskapsdepartementet foreslår ei samla løyving på 34,4 mrd. kroner over kap. 260 i 2017, fordelte med 33,1 mrd. kroner til universitet og statlege høgskolar over post 50, og 1,3 mrd. kroner til private høgskolar over post 70.

Den resultatbaserte utteljinga utgjer om lag 10,7 mrd. kroner, fordelte med om lag 9 mrd. kroner i open budsjettramme og om lag 1,7 mrd. kroner i lukka budsjettramme. Resultatbasert utteljing aukar med 218 mill. kroner frå 2016 til 2017 som følge av auken i utdanningsinsentiva i tidlegare finansieringssystem.

Finansieringssystemet for universitet og høgskolar

Finansiering er eit viktig verkemiddel i utvikling av høgre utdanning og forsking. Regjeringa la i 2016 fram hovudinnrettinga og prinsippa for eit justert finansieringssystem, jf. Innst. 12 S (2015–2016) og Prop. 1 S (2015–2016). Det inneber at finansieringssystemet framleis skal vere samansett av ein basisdel og ein resultatbasert del, men med justeringar av dei resultatbaserte indikatorane. Finansieringssystemet får to nye indikatorar, ein kandidatindikator og ein indikator for bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet (BOA). Dei andre indikatorane blir i hovudsak førte vidare, men doktorgradsindikatoren får open budsjettramme. Den resultatbaserte finansieringa er om lag 10,7 mrd. kroner i 2017. Med endringane i finansieringssystemet ønsker regjeringa å stimulere til betre gjennomføring i utdanningane, meir internasjonalt retta utdanning og forsking og meir samspel og innovasjon i møte mellom institusjonane og samfunnet. Sjå del III kap. 13 Endringar i finansieringssystemet for universitet og høgskolar for nærare omtale av dei foreslåtte endringane i finansieringssystemet.

Indikatorar med open budsjettramme

Satsane til indikatorane for studiepoeng, kandidatar og utveksling er fastsette slik at den samla utteljinga for desse tre indikatorane i 2017 blir om lag 8,5 mrd. kroner. Det er same nivå som utteljinga ville ha vore dersom berre studiepoeng og utveksling hadde blitt førte vidare.

  • Om lag 80 pst. av desse midlane blir fordelte til institusjonane på grunnlag av talet på studiepoeng. Dette utgjer om lag 6,8 mrd. kroner i 2017.

  • Om lag 20 pst. av desse midlane blir fordelte til institusjonane på grunnlag av talet på kandidatar. Dette utgjer om lag 1,6 mrd. kroner i 2017.

  • Ramma for utvekslingsindikatoren utgjer om lag 134 mill. kroner i 2017. Satsen for utreisande studentar blir styrkt og med eigen sats for studentar gjennom Erasmus+-programmet

  • I tillegg til desse tre indikatorane får óg doktorgradsindikatoren open ramme. Insentivstyrken for doktorgradskandidatar blir ført vidare på om lag same nivå som i 2016. Den opne ramma for doktorgradsindikatoren utgjer om lag 550 mill. kroner i 2017.

Indikatorar med lukka budsjettramme

  • Ramma til EU-indikatoren er auka med om lag 100 mill. kroner samanlikna med det tidlegare finansieringssystemet og utgjer 500 mill. kroner i 2017.

  • Ramma for indikatoren for inntekter frå Noregs forskingsråd og regionale forskingsfond er redusert med om lag 100 mill. kroner samanlikna med det tidlegare finansieringssystemet og utgjer 300 mill. kroner i 2017.

  • Ramma for publiseringsindikatoren er ført vidare på om lag same nivå som i 2016 og utgjer 550 mill. kroner i 2017.

  • Ramma til BOA-indikatoren er finansiert ved å trekke ut midlar frå basisdelen og utgjer 300 mill. kroner i 2017.

Bygg for undervisning og forsking

Det er behov for midlar til å prosjektere fleire bygg i universitets- og høgskolesektoren. Bygga skal legge til rette for høg kvalitet og omstilling.

Odontologisk fakultet ved Universitetet i Oslo er eitt av tre fakultet i Noreg som tilbyr tannlegeutdanning (odontologi), tannpleiarutdanning og spesialistutdanning for tannlegar. Eksisterande klinikkareal er utdaterte og for små. På grunnlag av ei konseptvalutgreiing og ekstern kvalitetssikring har regjeringa vedtatt at det skal planleggast for eit nytt bygg for Odontologisk fakultet på Gaustad. Dette inneber òg at Tannhelsetenesta kompetansesenter Øst (TKØ) og tannteknikarutdanninga ved Høgskolen i Oslo og Akershus blir samlokaliserte med Odontologisk fakultet. Regjeringa foreslår 10 mill. kroner på kap. 530 post 30 under Kommunal- og moderniseringsdepartementet til prosjektering av nytt klinikkbygg.

Tromsø Museum – Universitetsmuseet ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet har i dag for små lokale og fasilitetar som ikkje tilfredsstiller moderne krav til oppbevaring og utstilling. Regjeringa vedtok i 2016 samla lokalisering i eitt bygg for Tromsø Museum – Universitetsmuseet i Tromsø sentrum. Regjeringa foreslår 5 mill. kroner på kap. 530 post 30 under Kommunal- og moderniseringsdepartementet til prosjektering.

Departementet foreslår å føre vidare ordninga med 75 mill. kroner til oppgradering av bygg ved dei statlege sjølvforvaltande institusjonane. Institusjonane må bruke minst tilsvarande midlar av rammeløyvinga til byggeprosjektet som den særskilte løyvinga frå departementet.

Som del av ein langsiktig strategisk plan for bygningsmassen ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) har regjeringa lagt til grunn ei samla framtidig campusløysing for universitetet i området rundt Gløshaugen, jf. Prop. 1 S (2015–2016). Departementet foreslår 20 mill. kroner til vidare planlegging av campus NTNU. Av desse midlane blir 8,8 mill. kroner foreslåtte over kap. 260 post 50 og 11,2 mill. kroner over kap. 281 post 01. Sjå kap. 281 post 01. Kunnskapsdepartementet og NTNU arbeidar vidare med å klargjere omfang, kostnader og framdrift i prosjektet.

Regjeringa foreslår 423,5 mill. kroner over kap. 260 post 50 i 2017 til utstyr og inventar til tre igangsette byggeprosjekt. Det omfattar Universitetet i Bergen (samlokaliseringsbygget for Kunst- og designhøgskolen i Bergen som fusjonerer med Universitetet i Bergen i januar 2017), nybygg for medisin og helsefag ved Universitet i Tromsø – Noregs arktiske universitet og rehabilitering ved Noregs idrettshøgskole. Regjeringa foreslår òg 23,4 mill. kroner i husleigekompensasjon for nye bygg. Det omfattar samlokaliseringsbygget ved Universitetet i Bergen og nytt teknologibygg ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Lærerløftet

Regjeringa innfører femårige grunnskolelærarutdanningar på mastergradsnivå frå 2017. Studentane på dei nye grunnskolelærarutdanningane vil få meir forskingsbasert kunnskap, større fagleg fordjuping, meir studentaktiv undervisning og meir praksis før dei skal ut i arbeid. Det blir lagt større vekt på digital dugleik og bruk av IKT i undervisninga i alle fag. Dei nye krava medfører behov for betydeleg omstilling og utvikling ved lærestadene.

Departementet foreslår 211,3 mill. kroner over kap. 260 for å sikre god implementering av dei femårige grunnskolelærarutdanningane i samsvar med nye krav frå Kunnskapsdepartementet og NOKUT. Av desse midlane er 150 mill. kroner nye i 2017. Midlane skal gå til tettare oppfølging av studentane, auka samarbeid med yrkesfeltet, styrka kompetanse til dei tilsette, meir forskingsbasert utdanning og auka internasjonalisering.

Rekrutteringsstillingar

Som oppfølging av Meld. St. 7 (2014–2015) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2015–2024 foreslår regjeringa midlar til nye rekrutteringsstillingar ved universitet og høgskolar. Kunnskapsdepartementet foreslår 32,1 mill. kroner over kap. 260 post 50 og post 70 til totalt 80 rekrutteringsstillingar ved universitet og høgskolar. Sjå kap. 281 post 50 og programkategori 07.70 Forsking.

Departementet foreslår heilårseffekt i 2017 av midlar som blei løyvde i 2016 til nye rekrutteringsstillingar til universitet og høgskolar. Det utgjer 262,8 mill. kroner i 2017.

Studieplassar

I samband med handsaminga av revidert nasjonalbudsjett for 2016 vedtok Stortinget midlar til 430 nye strategiske studieplassar og studieplassar til lærarutdanning. For å følge opp dette foreslår Kunnskapsdepartementet 53,5 mill. kroner over kap. 260 post 50 og post 70. I tillegg kjem utgifter til utdanningsstøtte over programkategori 07.80 Utdanningsstøtte.

I tillegg vedtok Stortinget i handsaminga av revidert nasjonalbudsjett for 2016 midlar til 160 studieplassar i praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Dette er ein del av ei større omprioritering av midlar som blei vedtatt i revidert nasjonalbudsjett for 2016. Tilsette i undervisningsstillingar utan godkjent lærarutdanning kan søke stipend for å ta PPU eller yrkesfaglærarutdanning, jf. kap. 226 post 22 under programkategori 07.20 Grunnopplæringa. Som følge av låge søkartal vedtok Stortinget i handsaminga av revidert nasjonalbudsjett for 2016 å flytte 40,8 mill. kroner frå denne stipendordninga og bruke desse til studieplassar i PPU/PPU-Y, vitskapleg utstyr og regionale forskingsfond. Dette var tiltak knytte til behov for omstilling og arbeid på Sør- og Vestlandet, og departementet foreslår å føre vidare denne omprioriteringa i 2017. Kostnadene for PPU-plassane aukar frå 2016 til 2017, og ein større del av dei omprioriterte midlane går derfor til PPU-plassar i 2017. Departementet foreslår 13,3 mill. kroner over kap. 260 post 50 i 2017 for å finansiere det første kullet med heilårseffekten av studieplassane. I tillegg kjem utgifter til utdanningsstøtte over programkategori 07.80 Utdanningsstøtte. Sjå óg omtale under kap. 281 post 45 og kap. 287 post 60 under programkategori 07.70 Forsking.

Dei til saman 590 studieplassane som blei vedtatt oppretta som følge av handsaminga av revidert nasjonalbudsjett for 2016, inneber til saman 1 910 studieplassar i 2020 når dei er trappa opp og førte vidare til heile kull.

Departementet fører òg vidare midlar for at institusjonane kan føre vidare og ta opp nye kull for studieplassar som er oppretta i statsbudsjett før revidert nasjonalbudsjett for 2016.

Kompletterande utdanningstilbod

I samband med handsaminga av statsbudsjettet for 2016 vedtok Stortinget midlar til utvikling og start av kompletterande utdanningstilbod for personar utanfor EU og EØS som har fullført sjukepleiarutdanning, lærarutdanning eller realfags- og teknologiutdanning i heimlandet. Departementet foreslår ytterlegare 4,5 mill. kroner over kap. 260 post 50 til utvikling av utdanningstilbod og 60 studieplassar til kompletterande utdanning. I tillegg kjem utgifter til utdanningsstøtte over programkategori 07.80 Utdanningsstøtte. Fordeling av studieplassane mellom fagområda vil bli tilpassa utdanningsbakgrunnen til søkarane.

Tilskott til private fagskolar og høgskolar

Kunnskapsdepartementet har våren 2016 sendt ut varsel om vedtak om å krevje tilbake urettmessig utbetalt statstilskott for studietilbodet film og tv ved Westerdals høyskole – Oslo School of Art, Communication and Technology. Tilskottet til film- og tv-studietilbodet blei overført frå kap. 228 post 72 til kap. 260 post 70 etter at NOKUT hadde akkreditert studietilbodet. Tilskottet blei vidareført på kap. 260 post 70 ut frå det elevtalet Utdanningsdirektoratet la til grunn for statstilskottet. Departementet foreslår å redusere tilskottet over kap. 260 post 70 til Westerdals høyskole med 7,9 mill. kroner, som svarer til det som er tildelt i tilskott på urettmessig grunnlag. Kunnskapsdepartementet vil vurdere om det er grunnlag for å krevje tilbake tilskott som er utbetalt på feil grunnlag i perioden 2012–16.

Private fagskolar og private høgskolar forvaltar store ressursar og får eit betydeleg tilskott over statsbudsjettet. Det er behov for å styrke arbeidet med tilsyn av desse aktørane for å sikre kontroll med at den statlege finansieringa og eigenbetalinga til studentane blir brukte i tråd med regelverket og formålet med tilskottet. Departementet meiner at det ikkje bør vere slike tilsynsoppgåver i departementet, blant anna fordi oppgåver med tilsyn ofte kjem i konflikt med andre oppgåver i departementet. Departementet foreslår at budsjettramma til dei private høgskolane på kap. 260 post 70 blir redusert med totalt 10 mill. kroner, og at midlane blir brukte til å etablere betre tilsyn.

Frå januar 2016 er Markedshøyskolen, Norges Helsehøyskole og Norges Kreative Høyskole ein felles institusjon med namnet Høyskolen Kristiania. Kunnskapsdepartementet har over kap. 260 post 70 tildelt statstilskott for Markedshøyskolen, som òg er med i den resultatbaserte delen av finansieringssystemet for universitet og høgskolar. Departementet foreslår at Høyskolen Kristiania frå 2017 kan bruke statstilskottet tildelt over kap. 260 post 70 for heile verksemda som er akkreditert som høgre utdanning. Det vil framleis vere berre resultata til Markedshøyskolen som gir utteljing i finansieringssystemet.

Oppfølginga til departementet av rapporteringa frå dei private høgskolane i 2016 viser at det over lengre tid er ei særleg negativ økonomisk utvikling ved blant anna Norges Dansehøyskole og Rudolf Steinerhøyskolen. Departementet tar atterhald om at det må gjerast ei konkret vurdering av om det er grunnlag for utbetaling av statstilskott for 2017 til desse institusjonane.

Struktur i universitets- og høgskolesektoren

Kunnskapsdepartementet foreslår å føre vidare 150 mill. kroner på kap. 260 til samarbeid, arbeidsdeling, konsentrasjon og samanslåing for å styrke kvalitetsutviklinga i sektoren.

Andre saker

På bakgrunn av resultata på indikatorane og endringar i finansieringssystemet for universitet og høgskolar foreslår Kunnskapsdepartementet å auke den resultatbaserte løyvinga for dei statlege institusjonane med 1,2 mill. kroner over kap. 260 post 50 mot tilsvarande reduksjon for dei private høgskolane over kap. 260 post 70.

Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR) blei ein del av Høgskolen i Oslo og Akershus 1. januar 2016. NIBR har tidlegare fått grunnløyvinga frå Klima- og miljødepartementet. På bakgrunn av samanslåinga bør grunnløyvinga til instituttet bli utbetalt over budsjettet til Kunnskapsdepartementet frå 2017. Departementet foreslår ein auke på 10,3 mill. kroner på kap. 260 post 50 mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 1410 post 50 under Klima- og miljødepartementet.

Midlar til Det praktisk-teologiske seminar har tidlegare vore løyvde over kap. 340 post 01 under Kulturdepartementets budsjett. I samband med at Den norske kyrkja blir skilt frå staten i 2017, er det bestemt at seminaret frå 2017 skal organiserast under Universitetet i Oslo, jf. Innst. 256 L (2015–2016) og Prop. 55 L (2015–2016) Endringer i kirkeloven (omdanning av Den norske kirke til eget rettssubjekt m.m) . Kunnskapsdepartementet foreslår ein auke på 7,3 mill. kroner på kap. 260 post 50 mot ein reduksjon på 6,7 mill. kroner på kap. 340 post 01 under Kulturdepartementet og ein reduksjon på 0,6 mill. kroner på kap. 612 post 01 under Arbeids- og sosialdepartementet.

I handsaminga av statsbudsjettet for 2016 vedtok Stortinget 5 mill. kroner til drift av Skeivt arkiv ved Universitetet i Bergen. Midlane er varige, og Kulturdepartementet ønsker å overføre midlane til budsjettramma til Kunnskapsdepartementet. Kunnskapsdepartementet foreslår ein auke på 5 mill. kroner på kap. 260 post 50 mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 329 post 01 under Kulturdepartementet.

Senter for marknadsdreven bioinnovasjon, Biosmia, har sidan 2015 fått midlar gjennom rammeløyvinga til Høgskolen i Hedmark. Departementet foreslår å overføre løyvinga til Biosmia til Landbruks- og matdepartementet. Departementet foreslår ein reduksjon på 2 mill. kroner på kap. 260 post 50 mot ein tilsvarande auke på kap. 1137 post 70 under Landbruks- og matdepartementet.

Departementet foreslår at kap. 260 post 50 blir redusert med 15,3 mill. kroner som følge av gevinstar ved overgangen til digital post til innbyggarar og næringsliv, jf. omtale i hovudinnleiinga.

Universitetet i Stavanger har fått overført det medisinske biblioteket frå Helse Stavanger HF i januar 2016, men ikkje alle midlane knytte til biblioteket blei overførte til universitetet i samband med statsbudsjettet for 2016. Kunnskapsdepartementet foreslår ein auke på 0,3 mill. kroner på kap. 260 post 50 mot ein tilsvarande reduksjon under budsjettet til Helse- og omsorgsdepartementet.

Lovene som ligg til grunn for Tøyenfondet, er no oppheva, og fondet er ikkje nemnt i universitets- og høyskoleloven. Observatoriefondet har ikkje vore regulert i lov, men fekk statuttar fastsette ved kongeleg resolusjon av 31. mai 1935. Der blei det vist til Stortingets avgjerd 7. mars 1930 om å opprette fondet av inntektene ved sal og bortfeste av ein del av Observatoriegata 1. Hensikten med dei to fonda har vore at inntektene ved sal og bortfeste av eigedom under Universitetet i Oslo skulle komme universitetet til gode. Departementet sluttar seg til forslaget frå Universitetet i Oslo om å avvikle fonda. Sjå forslag til vedtak IV Diverse fullmakter nr. 3.

Statens pensjonskasse har varsla dei statlege institusjonane i sektoren om at arbeidsgivardelen av pensjonspremien vil bli redusert frå 12,3 pst. til 11,5 pst. frå 2016 til 2017. Dette inneber ein reduksjon av pensjonskostnaden for institusjonane på om 150 mill. kroner i 2017 samanlikna med året før. I tillegg blir kostnaden for arbeidsgivaravgift på pensjonspremien redusert.

Kap. 270 Internasjonal mobilitet og sosiale formål for studentar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

71

Tilrettelegging for internasjonal mobilitet

16 708

17 193

17 674

74

Tilskott til velferdsarbeid

79 991

87 311

84 756

75

Tilskott til bygging av studentbustader , kan overførast

458 529

717 446

644 556

Sum kap. 0270

555 228

821 950

746 986

Post 71 Tilrettelegging for internasjonal mobilitet

Posten omfattar midlar til Fulbright-programmet og Association of Norwegian Students Abroad (ANSA).

Mål for 2017

Internasjonal mobilitet for studentar og forskarar.

Rapport for 2015

Fulbright-programmet er eit stipendprogram som støttar særleg kvalifiserte søkarar til studium på mastergrads- og doktorgradsnivå i USA, og tilsvarande studentar frå USA som vil studere i Noreg. I tillegg blir det gitt stipend til forskarar frå Noreg og USA. I 2015 tildelte Kunnskapsdepartementet 7,9 mill. kroner til Fulbright-programmet. Midlane omfattar driftstilskott og midlar til stipendprogrammet. 44 nordmenn fekk i 2014–15 stipend over dette programmet for å studere eller forske i USA.

I 2015 tildelte departementet 8,8 mill. kroner til ANSA, som er studentsamskipnaden for norske studentar i utlandet. Midlane har gått til velferdstenester og velferdstiltak, informasjonstiltak retta mot norske studentar i utlandet og utgifter til rettelegging for studium i utlandet.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår å løyve 17,7 mill. kroner over kap. 270 post 71. Beløpet omfattar 8,4 mill. kroner til Fulbright Foundation og 9,3 mill. kroner til ANSA.

Post 74 Tilskott til velferdsarbeid

Posten omfattar tilskott til det generelle velferdsarbeidet til studentsamskipnadene og tilskott til landsomfattande interesseorganisasjonar for studentar.

Mål for 2017

Studentvelferd ved utdanningsinstitusjonane. Å fremme interessene til studentane.

Rapport for 2015

I 2015 tildelte departementet 73,9 mill. kroner i tilskott til 20 studentsamskipnader med til saman om lag 240 000 medlemmer. Tilskottet har gått til velferdsarbeid. Velferdsarbeidet til studentsamskipnadene supplerer det generelle velferdstilbodet elles i samfunnet og er ein integrert del av det heilskaplege læringsmiljøet ved utdanningsinstitusjonane. Studentsamskipnadene har velferdstilbod som kantine, bokhandel, idrettstilbod, helse- og rådgivingstenester, studentbustader, barnehage m.m.

I 2015 blei Studentsamskipnaden i Buskerud og Studentsamskipnaden i Vestfold slåtte saman til éin studentsamskipnad, og Studentsamskipnaden i Harstad blei slått saman med Noregs arktiske studentsamskipnad.

Landsomfattande interesseorganisasjonar for studentar fekk utbetalt totalt 6,1 mill. kroner over posten i 2015. Dette var International Students' Union of Norway, Norsk studentorganisasjon, BI studentsamfunn, Organisasjon for norske fagskolestudenter og Stipendiatorganisasjonene i Norge. Tilskottet har gått til å fremme interessene til studentane.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår å løyve 84,8 mill. kroner over kap. 270 post 74. Departementet vil føre vidare ordninga som tar omsyn til studentbarnehagar i tråd med tidlegare fordelingsnøkkel. Tilskott til landsomfattande interesseorganisasjonar vil bli gitte etter søknad, og som tidlegare vil tilskottsordninga ikkje omfatte mindre organisasjonar der medlemmane òg er representerte gjennom dei landsomfattande interesseorganisasjonane.

I samband med handsaminga av statsbudsjettet for 2016 vedtok Stortinget 5 mill. kroner til studentsamskipnadene til tiltak for å betre psykisk helse for studentar, jf. Innst. 12 S (2015–2016). Ei slik tilskottsordning passar betre inn under formålet til Helse- og omsorgsdepartementet. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor å føre over 5 mill. kroner frå kap. 270 post 74 til kap. 765 post 73 under Helse- og omsorgsdepartementet.

Post 75 Tilskott til bygging av studentbustader, kan overførast

Posten omfattar midlar til studentsamskipnadene, og i særskilde tilfelle studentbustadstiftelsar for kjøp, ombygging, oppføring og rehabilitering av studentbustader. Husbanken forvaltar tilskottsordninga for Kunnskapsdepartementet. Studentbustadene er eit supplement til den private bustadmarknaden.

Mål for 2017

Bygging av studentbustader og ein rimeleg bustadsituasjon for studentar.

Rapport for 2015

Løyvinga på posten var på om lag 530 mill. kroner i 2015. Det blei gitt tilsegn om tilskott til bygging og rehabilitering av 2 200 hybeleiningar i 2015, ein auke frå 1 259 hybeleiningar i 2014. I 2015 blei 1 319 hybeleiningar stilte ferdige, noko som har gitt fleire rimelege bustader til studentar. Ved utgangen av 2015 disponerte studentsamskipnadene 38 251 hybeleiningar.

Budsjettforslag for 2017

Regjeringa foreslår å føre vidare nivået frå 2016 på tilsegner om tilskott til studentbustader for 2017. Regjeringa foreslår å løyve 644,6 mill. kroner til studentbustader i 2017. Det inneber å kunne gi tilsegn om tilskott til 2 200 nye studenthybeleiningar i 2017 og dekke opp for tidlegare tilsegner.

Departementet føreset at husleiga for bustader for studentar med nedsett funksjonsevne ikkje skal vere høgre enn det andre studentar betaler for ei hybeleining tilpassa éin person.

Det er behov for ei tilsegnsfullmakt på 412,7 mill. kroner knytt til posten, jf. forslag til vedtak III nr. 1.

Kap. 276 Fagskoleutdanning

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Driftsutgifter , kan nyttast under post 70

32 854

70

Andre overføringar , kan nyttast under post 01

5 000

72

Annan fagskoleutdanning

66 747

68 683

70 606

Sum kap. 0276

66 747

68 683

108 460

Fagskolelova stadfestar at fagskoleutdanning skal vere av høg kvalitet og sikre gode vilkår for studentane. Fagskoleutdanningane må vere kvalitetssikra, fleksible og arbeidsmarknadsretta. I tillegg skal dei vere korte og yrkesretta og tilpassa ny teknologi og nye trendar i arbeidslivet. Fagskoleutdanningane må vere godkjente av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT).

Tilstandsvurdering

Det er i dag tre kjelder til offentleg finansiering av fagskoleutdanning:

  • inntektssystemet for fylkeskommunane

  • øyremerkt tilskott frå Helsedirektoratet til helse- og oppvekstfagleg fagskoleutdanning

  • kap. 276 post 72 til fagskoleutdanning i fag som kunst og film, dans, design, kristent livssyn, byggfag og jordbruk

Det er totalt 94 offentlege og private fagskolar. Det var 15 500 fagskolestudentar i 2015, noko som er same nivå som året før.

Talet på private fagskolar har gått ned i det siste året på grunn av samanslåingar og avviklingar. Delen private fagskolar har hatt ein nedgang frå 60,2 pst. i 2014 til 56,4 pst. i 2015. Nær halvparten av fagskolane er lokaliserte på Austlandet, men det er òg her blitt færre fagskolar i det siste året. Mange av fagskolane er svært små, 39 pst. av dei har under 50 studentar, og 60 pst. har under 100 studentar.

Om lag 52 pst. av studentane gjekk på offentlege fagskolar i 2015, noko som er ein auke frå 2014. Dei offentlege fagskolane har hatt ein vekst i studenttalet på 10,2 pst. i perioden 2013–15, medan talet på studentar ved dei private fagskolane i same periode gjekk ned med 18 pst. Delen fagskolestudentar med bakgrunn frå høgre utdanning har auka i dei siste åra, til tolv pst. i 2015. 5 240 personar fullførte fagskoleutdanning i 2015.

Det er i større grad enn tidlegare ein konsentrasjon av fag som fagskolestudentane tar utdanning innanfor. Maritime fag, tekniske fag og helsefaga er dei største fagområda målt i talet på studentar. Samtidig har talet på utdanningstilbod gått ned sidan 2013. Nedgangen har vore særleg stor innanfor dei økonomiske og administrative faga.

Fagskolelova har våren 2015 blitt endra, jf. Innst. 363 L (2015–2016), Lovvedtak 95 (2015–2016) og Prop. 95 L (2015–2016) Endringer i fagskoleloven (om studentrettigheter m.m.). Med lovvedtaket blir rettane til studentane styrka. Det blei vedtatt nye reglar for gjennomføringa av eksamen, ny klageordning, regulering av moglegheita til å marknadsføre seg som fagskole og ei ordning for godkjenning av utanlandsk fagskoleutdanning.

Strategiar og tiltak

Fagskoleutvalet leverte rapporten, NOU 2014: 14 Fagskolen – et attraktivt utdanningsvalg , i desember 2014. Regjeringa legg hausten 2016 fram ei melding til Stortinget om fagskoleutdanning. Meldinga vil blant anna sjå på plasseringa til fagskolane i utdanningssystemet, overgangsordningar mellom fagskole og universitet og høgskole, opptakskrav til fagskoleutdanning, kvalitet i fagskoleutdanning og forvaltninga av fagskolane. Finansieringa av fagskolane og spørsmålet om ny tilskottsordning vil stå sentralt i meldinga.

I tråd med Sundvolden-erklæringa ønsker regjeringa å styrke fagskolane og innføre statleg finansiering av fagskolane. Fagskolane har i dag ikkje økonomisk handlingsrom til å drive utviklings- og kvalitetsarbeid og omstilling av utdanningstilbodet i samsvar med behova i arbeids- og næringsliv. Dei har òg eit avgrensa handlingsrom til kvalitetsutvikling av utdanningstilbodet.

Regjeringa ser behov for styrke fagskoleutdanninga og foreslår midlar til dette i 2017. Midlane vil blant anna gå til tiltak for å heve kvaliteten i fagskolane, vidareutvikling av dagens utdanningstilbod eller utvikling av nye etterspurde utdanningstilbod.

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 70

Departementet foreslår å opprette ein ny post 01 Driftsutgifter, som omfattar midlar for å hente inn kunnskap om fagskolesektoren og midlar til særskilde utviklingstiltak knytte til kvalitet og utdanningstilbod i fagskolesektoren. Ettersom tilskottet kan vere retta mot både statlege og ikkje-statlege aktørar, foreslår departementet òg å opprette ein ny post 70, Andre overføringar, som kan brukast under post 01. For post 01 foreslår departementet tilsvarande, at løyvinga kan brukast under post 70.

Mål for 2017

Gode utdanningstilbod og utvikling av kvaliteten i fagskolesektoren.

Budsjettforslag for 2017

Regjeringa foreslår 32,9 mill. kroner over kap. 276 post 01 for å styrke arbeidet til fagskolane med kvalitetsutvikling og omstilling av utdanningstilbodet. Av desse midlane foreslår departementet å flytte 5 mill. kroner til læremiddel for fagskolar frå kap. 281 post 01. Sjå òg kap. 276 post 70 og kap. 281 post 01 for omtale av midlar til fagskoleutdanning.

Post 70 Andre overføringar, kan nyttast under post 01

Midlar over kap. 276 post 01 kan vere retta mot statlege og ikkje-statlege aktørar. Departementet foreslår derfor å opprette ein ny post 70, Andre overføringar, til tilskott til ikkje-statlege aktørar. Sjå kap. 276 post 01 for omtale av mål for 2017.

Budsjettforslag for 2017

Kunnskapsdepartementet foreslår 5 mill. kroner til utviklingsmidlar i fagskolesektoren over kap. 276 post 70. Sjå òg kap. 276 post 01 og kap. 281 post 01 for omtale av nye midlar til fagskoleutdanning.

Post 72 Anna fagskoleutdanning

Posten omfattar tilskott til fagskolar med utdanningstilbod i fag som kunst, film, design, kristent livssyn, byggfag og jordbruk.

Mål for 2017

Gode utdanningstilbod ved dei fagskolane som får tilskott over posten.

Rapport for 2015

I 2015 fekk 14 fagskolar tilskott på totalt 66,7 mill. kroner over kap. 276 post 72, og dei hadde til saman 624 studentar. Dette er ein fagskole mindre enn året før, og talet på studentar har gått ned frå 652, om lag fire pst., frå 2014. Desse fagskolane er små og økonomisk sårbare overfor endringar i talet på studentar.

Over 80 pst. av studentane ved desse fagskolane tar utdanningar innanfor kunst og kristent livssyn, medan dei resterande studentane tar utdanningar innanfor dans, mediefag og byggfag. Desse fagskolane har i underkant av 50 studentar i gjennomsnitt, og det er kunstutdanningane som har flest studentar.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår å løyve 70,6 mill. kroner til 14 fagskolar over denne posten. Sjå vedlegg 2 for tabell med fordeling mellom desse fagskolane.

Kap. 280 Felles einingar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Driftsutgifter

76 814

80 456

139 799

21

Særskilde driftsutgifter

1 241

10

10

50

Senter for internasjonalisering av utdanning

70 082

81 114

83 368

51

Drift av nasjonale fellesoppgåver

171 018

174 572

180 303

71

Tilskott til UNIS

121 827

125 360

128 870

72

Tilskott til UNINETT

26 472

27 240

27 503

73

Tilskott til NORDUnet , kan overførast

31 621

33 352

38 628

Sum kap. 0280

499 075

522 104

598 481

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar løyving til Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT).

Mål for 2017

NOKUT skal medverke til at alle utdanningar ved norske universitet, høgskolar og fagskolar har tilfredsstillande kvalitet, at flest mogleg utdanningar er framifrå, og at samfunnet er godt informert om tilstanden i sektoren. NOKUT skal òg medverke til at personar med utanlandsk utdanning effektivt kan nytte kompetansen sin i Noreg, og at arbeidsliv og utdanningsinstitusjonar har god informasjon om kva utanlandsk kompetanse svarer til i Noreg. NOKUT skal ha ei effektiv forvaltning av verksemda, kompetansen og ressursane i samsvar med samfunnsoppdraget og internasjonale standardar på området.

Rapport for 2015

NOKUT hadde ei driftsløyving på til saman 76,8 mill. kroner i 2015 over kap. 280 post 01.

I tillegg tildelte departementet 50,8 mill. kroner til NOKUT over kap. 281 post 01 til blant anna det nye IKT-systemet, arbeidet med senter for framifrå utdanning (SFU) og pilotprosjektet for nasjonale deleksamenar. Vidare tildelte departementet midlar over kap. 226 post 21 og kap. 258 post 21 til arbeidet til NOKUT med nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring og det europeiske kvalifikasjonsrammeverket. Alle tilleggsløyvingane heng tett saman med den ordinære driftsløyvinga og blir derfor rapporterte om nedanfor.

NOKUT har òg i 2015 arbeidd med å utvikle ny tilsynsmodell og endre studietilsynsforskrifta. Verksemda gjennomførte akkreditering av nye utdanningar, evalueringar av kvalitetssikringssystema ved institusjonar, tilsyn med eksisterande verksemd og evalueringar utan sanksjonar. NOKUT har lagt vekt på eit meir målretta og effektivt tilsyn, større vekt på å stimulere til kvalitetsutvikling og betre brukarservice. Det at NOKUT har publisert analysar og rapportar og har halde seminar om ulike tema, har auka merksemda på kunnskapsgrunnlaget om kvaliteten i universitets- og høgskolesektoren.

På vegner av departementet forvaltar NOKUT ordninga med senter for framifrå utdanning (SFU). NOKUT rapporterer at dei fire SFU-ane kan vise til gode erfaringar i arbeidet med å auke kvaliteten på utdanningane.

NOKUT fekk 7 530 søknader om godkjenning av utanlandsk utdanning i 2015. Dette er ein oppgang på 15 pst. frå 2014 til 2015. Til tross for auka pågang og fleire søknader om godkjenning er restansane tilfredsstillande.

Det blei i 2014 starta opp arbeid med eit nytt IKT-system i NOKUT for å sikre god og effektiv sakshandsaming. Prosjektet har blitt ytterlegare forseinka ut frå tidsplanen. NOKUT arbeider for å sikre gode løysingar for prosjektet. Første del av løysinga var implementering av nytt saks- og arkivsystem frå 1. januar 2016.

Studentundersøkinga Studiebarometeret blei gjennomført for tredje gong hausten 2015. 29 000 studentar deltok i undersøkinga, og svarprosenten auka frå 42 pst. i 2014 til 47 pst. i 2015. Studiebarometeret er eit vesentleg bidrag til kunnskap om studentane sitt syn på kvaliteten ved institusjonane. Sjå omtale under kategoriinnleiinga.

Departementet vurderer at NOKUT samla sett hadde god måloppnåing i 2015.

Budsjettforslag for 2017

Kunnskapsdepartementet foreslår ei samla driftsløyving på 139,8 mill. kroner til NOKUT over kap. 280 post 01.

Av den samla driftsløyvinga foreslår departementet foreslår totalt 39,8 mill. kroner for å styrke NOKUTs kapasitet for godkjenning av utanlandsk utdanning. Det omfattar ei eingongsløyving i 2017 på 10 mill. kroner. I tillegg omfattar det ei flytting av 6 mill. kroner frå kap. 281 post 01 og 23,8 mill. kroner frå kap. 226 post 21 under programkategori 07.20 Grunnopplæringa. Midlane skal gå til dei nye ordningane for godkjenning av utanlandsk fag- og yrkesopplæring og fagskoleutdanning, samt auka kapasitet for generell godkjenning av høgre utdanning.

Departementet foreslår å flytte 6,2 mill. kroner frå kap. 281 post 01 til kap. 280 post 01 til NOKUTs arbeid med å administrere SFU-ordninga og til drift av Studiebarometeret. Dette er oppfølging av eit vedtak i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2016.

Frå 2017 innfører regjeringa ein forenkla modell for premiebetaling til Statens pensjonskasse (SPK) for dei verksemdene som ikkje betaler premie i dag. For NOKUT medfører dette ein auke på kap. 280 post 01 med 9,8 mill. kroner. Sjå hovudinnleiinga for nærare omtale.

Departementet foreslår å styrke driftsløyvinga med 2,2 mill. kroner til å følge opp Noregs forpliktingar i EUs yrkeskvalifikasjonsdirektiv (direktiv 2013/55/EU), jf. Prop. 139 L (2015–2016) Lov om godkjenning av yrkeskvalifikasjoner (yrkeskvalifikasjonsloven) . NOKUT blir assistansesenter etter direktivet, får eit større ansvar for elektronisk informasjon og statistikk om dei regulerte yrka, og eit ansvar for einskilde nye ordningar som til dømes europeisk profesjonskort.

Departementet foreslår at kap. 280 post 01 blir redusert med 70 000 kroner som følge av gevinstar ved overgangen til digital post til innbyggarar og næringsliv, jf. omtale i hovudinnleiinga.

Departementet foreslår at løyvinga over post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3280 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Posten omfattar utgifter knytte til oppgåver kor NOKUT får eksterne midlar. Dette føreset meirinntekt på kap. 3280 post 01.

Rapport for 2015

Det var i 2015 ført ei meirutgift på 1,2 mill. kroner på posten som skal sjåast i samanheng med meirinntekta på kap. 3280 post 01, jf. meirinntektsfullmakta.

Sjå òg kap. 3280 post 01.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår ei løyving på 10 000 kroner, som kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3280 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 2.

Post 50 Senter for internasjonalisering av utdanning

Posten omfattar driftsmidlar til Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) og midlar til program og tilskott som SIU forvaltar.

Mål for 2017

SIU skal medverke til at internasjonalisering styrker kvalitetsutviklinga i norsk utdanning. SIU skal medverke til betre samordning og utvikling av arbeidet med internasjonalisering i samarbeid med relevante nasjonale og internasjonale aktørar. SIU skal ha ei effektiv forvaltning av verksemda, kompetansen og ressursane i samsvar med samfunnsoppdraget sitt.

Rapport for 2015

Kunnskapsdepartementet tildelte 70,1 mill. kroner til SIU over kap. 280 post 50 i 2015.

I tillegg tildelte departementet 17,5 mill. kroner til SIU over kap. 281 post 01 i 2015, og dette fordelte seg med 10 mill. kroner til forvaltning av strategien for høgre utdanningssamarbeid med Nord-Amerika og totalt 7,5 mill. kroner til UTFORSK og andre internasjonaliseringstiltak. Frå Kunnskapsdepartementet fekk SIU i tillegg midlar over programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring og programkategori 07.70 Forsking.

Hovudverkeområdet til SIU er forvaltning av internasjonale samarbeidsprogram. SIU forvaltar program for blant andre Kunnskapsdepartementet, Utanriksdepartementet, Norad, Nordisk ministerråd og EU-kommisjonen. Det er god aktivitet innanfor programma.

SIU er nasjonalt kontor for EU-programmet Erasmus+. SIU har sidan lanseringa av programmet sett i gang ei rekke tiltak for å spreie informasjon om programmet og lette overgangen frå EUs handlingsprogram for livslang læring (LLP), som frå 2014 blei avløyst av Erasmus+. Det er framleis utfordringar med for lågt tal på utreisande studentar frå Noreg i Erasmus+, og med at den norske delen av midlane frå dei sentrale utlysingane under Erasmus+ gjennomgåande har vore for låg. Det er viktig at det er stor merksemd på desse utfordringane i arbeidet framover.

UTFORSK er eit pilotprogram i samarbeid mellom SIU og Noregs forskingsråd og skal medverke til å styrke koplinga mellom høgre utdannings- og forskingssamarbeid med Brasil, India, Japan, Kina, Russland og Sør-Afrika. Sjå òg rapportering under programkategori 07.70 Forsking.

SIU har gitt viktige innspel til utvikling av den nye Panorama-strategien for høgre utdannings- og forskingssamarbeid med Brasil, India, Japan, Kina, Russland og Sør-Afrika. SIU er ein sentral aktør i gjennomføringa av strategien.

SIU har ei viktig rolle som kompetansesenter for internasjonalisering. SIU har òg ei viktig rolle i å profilere Noreg i utlandet som eit attraktivt samarbeids- og studieland. SIU gjer ein god jobb på dette området.

Departementet vurderer at SIU samla sett hadde god måloppnåing i 2015.

Budsjettforslag for 2017

Kunnskapsdepartementet foreslår ei løyving på 83,4 mill. kroner til SIU over kap. 280 post 50.

SIU og Cedefop, EUs utviklings- og informasjonssenter for yrkesopplæring, har inngått ein rammeavtale for 2016–19. ReferNet er eit europeisk nettverk med medlemsland i EU, Noreg og Island. Oppgåva som ReferNet-partnar i tråd med rammeavtalen er i 2016 flytt frå Utdanningsdirektoratet til SIU. Departementet foreslår derfor å overføre 0,8 mill. kroner frå kap. 226 post 21 under programkategori 07.20 Grunnopplæringa til kap. 280 post 50.

Sjå òg kap. 281 post 01.

Post 51 Drift av nasjonale fellesoppgåver

Posten omfattar løyvingar til Artsdatabanken, BIBSYS, Nasjonalt senter for realfagsrekruttering, Noregsuniversitetet (NUV), Program for kunstnarleg utviklingsarbeid (PKU) og verksemda samanslått av Current Research Information System in Norway (CRIStin) og Felles studieadministrativt tenestesenter (FSAT). Dette er einingar for drift av nasjonale fellesoppgåver som er organiserte etter § 1-4 fjerde ledd i lov om universiteter og høyskoler.

Frå 1. januar 2017 blir FSAT og CRIStin slåtte saman. Ei samanslåing av FSAT og CRIStin skal gi tenester av betre kvalitet ved at ressursar kan utnyttast på tvers av verkeområda til desse to verksemdene. Verksemda vil vere organisert etter § 1-4 fjerde ledd i lov om universiteter og høyskoler. Rapporteringa for 2015 er nedanfor presentert for FSAT og CRIStin kvar for seg, mens omtale av mål og budsjettforslag for 2017 gjeld den samanslåtte verksemda.

Mål for 2017

Artsdatabanken skal gi offentleg forvaltning, organisasjonar og andre brukarar oppdatert og lett tilgjengeleg informasjon om biologisk mangfald. Artsdatabanken skal òg vere ein pådrivar i utviklinga av infrastruktur for innsamling og formidling av data om det biologiske mangfaldet i Noreg.

BIBSYS skal gi universitet og høgskolar gode og kostnadseffektive bibliotektenester gjennom samarbeid om bibliotekfaglege fellessystem.

Nasjonalt senter for realfagsrekruttering skal i samarbeid med arbeidslivet og utdanningsinstitusjonane medverke til å styrke dei matematiske, naturvitskaplege og teknologiske (MNT) faga. Senteret skal arbeide for å betre rekrutteringa til MNT-fag og for å auke kvinnedelen i MNT-retta fag og yrke.

NUV skal stimulere til utvikling og bruk av teknologi for læring og fleksible studietilbod i høgre utdanning. Vidare skal NUV fremme utdanningssamarbeid mellom høgre utdanning og arbeidsliv gjennom bruk av læringsteknologi.

PKU skal gjennom stipendiatprogrammet og prosjektprogrammet verke for at universitet og høgskolar utfører kunstnarleg utviklingsarbeid på høgt internasjonalt nivå. Programmet skal medverke til å fremme refleksjon og innsikt basert på kunstnarleg praksis, og stimulere til tverrkunstnarleg kommunikasjon og møtestader for dei relevante fagmiljøa.

Verksemda som frå 2017 er ei samanslåing av FSAT og CRIStin, skal føre til mest mogleg effektiv studie- og forskingsadministrasjon. Dei nasjonale fellesløysingane som blir utvikla, skal føre til samanheng og heilskap i studieadministrasjonen til institusjonane. Verksemda skal gi forskinga større samfunnsmessig verdi ved å legge til rette for at forsking i fleire sektorar blir sett i samanheng. CRIStin har i dag oppgåver for Helse- og omsorgsdepartementet. Kunnskapsdepartementet vil i samråd med Helse- og omsorgsdepartementet utarbeide mål for 2018 i dialog med verksemda.

Rapport for 2015

Kunnskapsdepartementet tildelte til saman 171 mill. kroner over denne posten i 2015:

  • Artsdatabanken: 26,5 mill. kroner

  • BIBSYS: 3,6 mill. kroner

  • CRIStin: 25,2 mill. kroner

  • Felles studieadministrativt tenestesenter (FSAT): 35,7 mill. kroner

  • Nasjonalt senter for realfagsrekruttering: 15,8 mill. kroner

  • Noregsuniversitetet (NUV): 26,1 mill. kroner

  • Program for kunstnarleg utviklingsarbeid (PKU): 38,1 mill. kroner

Dei to viktigaste resultata for Artsdatabanken i 2015 var lanseringa av Norsk raudliste for artar 2015 og ein ny versjon av Natur i Noreg (NiN 2.0). Begge viser at Artsdatabanken har eit godt samarbeid med kunnskapsprodusentane og dataleverandørane og har gitt eit betre grunnlag for kunnskapsbasert forvaltning.

BIBSYS har hatt hovudfokus på å innføre eit nytt biblioteksystem i universitets- og høgskolesektoren. BIBSYS brukte elles betydelege ressursar på å unngå store negative konsekvensar av at BIBSYS Brage, som er ei teneste for ope arkiv for forskings- og studentarbeid, blei utsett for eit omfattande tenestenektangrep. Tenestenektangrepet fekk avgrensa konsekvensar.

Nokre av funksjonane i det nye CRIStin-systemet kom i bruk i 2015, og det er gjennomført fleire tiltak for å styrke kontakten med brukarinstitusjonane. Det har vore god framdrift i arbeidet med open tilgang til vitskaplege publikasjonar, og arbeidet med lisensavtalar og konsortieforhandlingar er gjennomført med eit godt resultat. Det nasjonale og internasjonale samarbeidet har blitt styrka på områda open tilgang og lisensavtalar.

FSAT driftar og utviklar studieadministrative system og tenester for universitet og høgskolar. Dette inkluderer ansvaret for Samordna opptak. FSAT handterte i 2015 om lag 130 000 søknader til høgre utdanning. 43 universitet og høgskolar var med i det samordna opptaket i 2015, og opptaket blei gjennomført i tråd med fastsette fristar. FSAT har blant anna administrativt ansvar for drift og utvikling av ein ny nasjonal vitnemålsportal, som i første omgang skal gi tilgang til vitnemål og karakterutskrifter frå høgre utdanning.

Rapportering frå Nasjonalt senter for realfagsrekruttering viser at talet på søkarar med MNT-fag som hovudprioritet auka frå 14,8 pst. i 2010 til 17 pst. i 2015. Det har òg vore ein auke i talet på kvinnelege søkarar til desse studia i dei siste åra.

Formidling av kunnskap frå rapporten Digital tilstand 2014 har stått sentralt i arbeidet ved Noregsuniversitetet (NUV) i 2015. Rapporten dokumenterer at den pedagogiske bruken av teknologi framleis er svakt utvikla. NUV har i 2015 utarbeidd ny strategi og handlingsplan, som vil gjere verksemda meir tematisk konsentrert og målretta mot dei utfordringane som sektoren har på dette feltet.

PKU hadde mål om at 15 stipendiatar skulle fullføre stipendiatperioden i 2015, men berre fem stipendiatar fullførte. Departementet har bedt PKU om å sette i verk tiltak for å sikre at måla blir nådde. Målet til PKU om at seks prosjekt innanfor prosjektprogrammet skulle få midlar i 2015, blei innfridd.

Budsjettforslag for 2017

Kunnskapsdepartementet foreslår ei samla løyving på 180,3 mill. kroner over kap. 280 post 51.

Departementet foreslår 28,1 mill. kroner til Artsdatabanken. Noregs vassdrag- og energidirektorat overfører årleg 0,4 mill. kroner til Artsdatabanken. Olje- og energidepartementet meiner det er betre å inkludere desse midlane i løyvinga til Artsdatabanken over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor ein auke på 0,4 mill. kroner på kap. 280 post 51 mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 1830 post 22 under Olje- og energidepartementet.

Departementet foreslår 3,7 mill. kroner til BIBSYS.

Departementet foreslår totalt 68,4 mill. kroner til verksemda som er samanslått av CRIStin og FSAT. Det omfattar ein auke på 3 mill. kroner for å handtere ein komplett bibliometrisk database med verdsdata og legge til rette for bruk av denne i Noreg. Midlane til den bibliometriske databasen er overført frå kap. 281 post 50 og kap. 285 postane 52, 53 og 54 under programkategori 07.70 Forsking.

Departementet foreslår 15,7 mill. kroner til Nasjonalt senter for realfagsrekruttering.

Departementet foreslår 25,4 mill. kroner til NUV.

Departementet foreslår 39,1 mill. kroner til PKU. Løyvinga inkluderer 23 mill. kroner til stipendiatstillingar i stipendprogram for kunstnarleg utviklingsarbeid og 5,6 mill. kroner til drift av stipendprogrammet, i tillegg til 10,5 mill. kroner til prosjektprogrammet for kunstnarleg utviklingsarbeid.

Post 71 Tilskott til UNIS

Posten omfattar tilskott til Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS).

Mål for 2017

Høg kvalitet i utdanning og forsking med utgangspunkt i at Svalbard ligg i eit høgarktisk område.

Rapport for 2015

Kunnskapsdepartementet tildelte 121,8 mill. kroner til UNIS i 2015. UNIS fekk òg finansiering frå Noregs forskingsråd.

UNIS leverer utdanning og forsking av høg internasjonal kvalitet og har nedslagsfelt nasjonalt og internasjonalt. UNIS har ein vesentleg plass på kunnskapsplattforma Svalbard, noko som blant anna vil seie at Svalbard blir brukt som utgangspunkt for forsking og utdanning.

I 2015 stod UNIS for 121 forskingspublikasjonar. Publikasjonane til UNIS blir siterte meir enn verdsgjennomsnittet, og UNIS er den største norske aktøren som driv Svalbardforsking, målt i årsverk og publikasjonar.

I 2015 blei det gjennomført 202,7 studentårsverk ved UNIS, mot 190 i 2014. Studentar frå 44 nasjonar følgde undervisning ved UNIS i 2015, og 45 pst. av studentane var norske. Studentar og tilsette ved UNIS utgjer ein viktig del av lokalsamfunnet på Svalbard.

Budsjettforslag for 2017

Kunnskapsdepartementet foreslår eit tilskott til UNIS på 128,9 mill. kroner

Post 72 Tilskott til UNINETT

Posten omfattar driftstilskott til UNINETT AS.

Mål for 2017

UNINETT skal utvikle eit landsomfattande datanett og tilby avanserte tenester for utdanning, forsking, formidling og forvaltning, i samspel med internasjonale forskingsnett i Europa og verda elles.

Rapport for 2015

Kunnskapsdepartementet tildelte 26,5 mill. kroner i driftsmidlar til UNINETT over kap. 280 post 72. I tillegg tildelte departementet 15 mill. kroner over kap. 281 post 70 til vidare utvikling av eCampus.

UNINETT har halde fram med å vidareutvikle forskingsnettet og har auka kapasiteten i takt med ei større datamengd og meir bruk av skyteneste. Fiberkabel mellom Ny-Ålesund og Longyearbyen er tatt i bruk i 2015. Ny infrastruktur for sanntidstenester er realisert, og universitet og høgskolar legg i aukande grad telefonsentralar og andre sanntidsløysingar over på nettet. Organisering av eCampus-arbeidet varierer som følge av korleis den enkelte institusjonen satsar på IKT og organiserer arbeidet. eCampus-programmet har hatt ein aktivitet i samsvar med føresetnadene for tildelinga av midlar i 2015. Programmet er avslutta i 2016 og blir evaluert.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår eit tilskott på 27,5 mill. kroner for å føre verksemda til UNINETT vidare.

Post 73 Tilskott til NORDUnet AS, kan overførast

Posten omfattar tilskott til NORDUnet AS.

Mål for 2017

NORDUnet skal medverke til å sikre felles nettverksinfrastruktur for dei nordiske universitets- og høgskolesektorane og knyte dei til internasjonale nett og nett-tenester. Målet med tilskottet er å sikre norsk tilgang til det nordiske samarbeidet om ein IKT-infrastruktur i verdsklasse.

Rapport for 2015

Kunnskapsdepartementet betaler ein årleg kontingent for Noregs deltaking i NORDUnet som utgjorde 31,6 mill. kroner i 2015. Samarbeidet om NORDUnet gjer det mogleg for dei nordiske landa å påverke utforming av teknologiske løysingar i det internasjonale akademiske nettverket og å oppnå meir kostnadseffektive løysingar enn om kvart land skulle operert aleine. NORDUnet har i 2015 blant anna etablert to datanett med høg hastigheit til Nord-Amerika.

Budsjettforslag for 2017

Kunnskapsdepartementet foreslår eit tilskott på 38,6 mill. kroner til kontingenten til NORDUnet for å føre aktiviteten vidare.

Kap. 3280 Felles einingar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Eksterne inntekter NOKUT

1 241

10

10

02

Salsinntekter o.a.

2 266

1 316

1 347

Sum kap. 3280

3 507

1 326

1 357

Post 01

Løyvinga på post 01 gjeld eksterne inntekter NOKUT får i løpet av året, knytte til ulike prosjekt dei tar del i.

Post 02

Løyvinga på post 02 gjeld inntekter til NOKUT frå kurs og konferansar.

Rapport for 2015

NOKUT hadde rekneskapsførte inntekter på 1,2 mill. kroner i 2015 over kap. 3280 post 01 og salsinntekter m.m. på 2,3 mill. kroner over kap. 3280 post 02. Salsinntektene er knytte til konferansar NOKUT har halde.

Kap. 281 Felles tiltak for universitet og høgskolar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Driftsutgifter , kan nyttast under post 70

106 344

209 461

249 498

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

9 957

24 867

13 421

50

Tilskott til Noregs forskingsråd

135 731

167 574

191 938

70

Andre overføringar , kan nyttast under post 01

52 430

75 475

58 226

73

Tilskott til internasjonale program

68 248

73 351

64 103

78

Tilskott til Universitets- og høgskolerådet

16 275

17 247

17 730

Sum kap. 0281

388 985

567 975

594 916

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 70

Posten omfattar midlar til ulike tiltak og prosjekt som skal medverke til kvalitetsutvikling, samordning og andre fellestiltak på prioriterte område for å nå måla for universitets- og høgskolesektoren. Dei fire måla for politikkområdet for høgre utdanning og forsking gjeld for posten. Løyvinga kan nyttast under kap. 281 post 01 når midlane er til statlege aktørar, og under kap. 281 post 70 for tilskott til ikkje-statlege aktørar.

Mål for 2017

  • høg kvalitet i utdanning og forsking

  • forsking og utdanning for velferd, verdiskaping og omstilling

  • god tilgang til utdanning

  • effektiv, mangfaldig og solid høgre utdanningssektor og forskingssystem

Rapport for 2015

Kunnskapsdepartementet tildelte i 2015 totalt 158,8 mill. kroner over kap. 281 postane 01 og 70. Av desse var 106,3 mill. kroner utbetalte over post 01 og 52,4 mill. kroner utbetalte over post 70. Rapporteringa er gitt i høve til dei fire måla for politikkområdet for høgre utdanning og forsking.

Høg kvalitet i utdanning og forsking

Departementet tildelte i 2015 til saman 48 mill. kroner til ulike tiltak for å fremme kvalitet i utdanning og forsking.

Av desse midlane tildelte departementet 10 mill. kroner til arbeidet med å følge opp Strategi for auka høgre utdanningssamarbeid med Nord-Amerika 2012–15, som blei forvalta av Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU). Sjå rapportering under kap. 280 post 50.

Departementet tildelte 19,5 mill. kroner til Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT), som har koordinert og følgt opp ordninga med senter for framifrå utdanning (SFU). NOKUT fekk òg midlar til andre tiltak som skal bidra til auka kvalitet. Sjå rapportering under kap. 280 post 01.

Arbeidet med å følge opp grunnskolelærarutdanninga og barnehagelærarutdanninga blei ført vidare i 2015. Som del av oppfølginga av Lærerløftet tildelte departementet midlar til eit utval som arbeidde med utvikling av rammene til dei nye femårige grunnskolelærarutdanningane. Sjå omtale av Lærerløftet under Tilstandsvurdering og Strategi og tiltak i kategoriomtalen.

I tillegg tildelte departementet midlar til utdanningskvalitetsprisen, Eurostudent V, arbeid i regi av OECD og andre mindre tiltak.

Forsking og utdanning for velferd, verdiskaping og omstilling

Departementet tildelte til saman 27,2 mill. kroner til ulike tiltak for å medverke til forsking og utdanning for velferd, verdiskaping og omstilling. Av desse blei løyvinga på 18,5 mill. kroner til MARKOM2020-prosjektet ført vidare i 2015. Prosjektet er etablert for å styrke dei maritime utdanningane.

Departementet tildelte midlar til SIU for å arbeide vidare med UTFORSK-programmet i 2015. I tillegg tildelte departementet blant anna midlar til utgreiingar og evalueringar for kunnskap om og utvikling av høgre utdanning og forsking.

Samla sett har midlane bidratt til utvikling av kunnskapsgrunnlaget og gjennomføring av ulike tiltak for å møte behov innanfor felta innovasjon, verdiskaping og samspel med omverda.

God tilgang til utdanning

Departementet tildelte totalt 2,5 mill. kroner i 2015 til tiltak retta mot målet om god tilgang til utdanning.

Stipendordninga for norske og russiske studentar blei ført vidare i 2015. Målet med ordninga er å bidra til godt utdanningssamarbeid med Russland. 19 russiske studentar fekk stipend gjennom ordninga for studieåret 2014–15. Det var ingen norske studentar som søkte stipend gjennom ordninga. I tillegg tildelte departementet midlar til arbeidet med å stimulere til utvikling av Y-vegar, som gjer at personar med fagbrev enklare kan ta relevant høgre utdanning.

Effektiv, mangfaldig og solid høgre utdanningssektor og forskingssystem

Departementet tildelte totalt 26,6 mill. kroner til tiltak for å medverke til at den høgre utdanningssektoren skal vere effektiv, mangfaldig og solid.

Departementet tildelte 16,4 mill. kroner til NOKUT for å gjennomføre IKT-prosjektet eSam. Det har vore utfordringar med å gjennomføre IKT-prosjektet i 2015, og prosjektet blei noko forseinka.

Departementet tildelte midlar til samlokalisering av FSAT og CRIStin, utvikling av nasjonal vitnemålsportal og arbeid med integrering av CRIStin-systemet. Sjå omtale under kap. 280 post 51.

I tillegg tildelte departementet midlar til blant anna evaluering av ordninga for husleige ved sjølvforvaltande institusjonar.

Departementet vurderer at dei tiltaka som blei sette gang i 2015, har bidratt til ein effektiv, mangfaldig og solid utdanningssektor og forskingssystem.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår ei samla løyving på 307,7 mill. kroner på kap. 281 postane 01 og 70 i 2017. Av desse foreslår departementet å løyve 249,5 mill. kroner over post 01 og 58,2 mill. kroner over post 70.

Departementet foreslår ein auke samanlikna med 2016 blant anna for å auke satsinga på internasjonalisering og fagskoleutdanning. Departementet foreslår å flytte nokre midlar frå kap. 281 post 01 til andre kapittel og postar:

  • midlar til ei rekrutteringsstilling til kap. 260 post 50

  • midlar til å administrere SFU, studiebarometeret og godkjenningsordning av utanlandsk utdanning til kap. 280 post 01

  • midlar til fagskoleutdanning til kap. 276 post 01

  • midlar knytte til krav om politiattest til kap. 440 post 01 under Justis- og beredskapsdepartementet.

Departementet foreslår at løyvinga over post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3281 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Høg kvalitet i utdanning og forsking

Regjeringa foreslår 20 mill. kroner over kap. 281 post 01 for å styrke fagskoleutdanninga. Midlane vil bli brukte til sektorovergripande tiltak, som utgreiingar og evalueringar. Midlane vil òg kunne bli brukte til utviklingstiltak for fagskolesektoren. Sjå òg kap. 276 post 01 og post 70 for omtale av nye midlar til fagskoleutdanning.

Læraren er viktig for god kvalitet i opplæringa. Kunnskapsdepartementet foreslår 37,6 mill. kroner over kap. 281 post 01 for å følge opp Lærerløftet .

Kunnskapsdepartementet foreslår 22,4 mill. kroner til Panorama-strategien over kap. 281 post 01, inkludert UTFORSK og utdanningssamarbeid med Japan. Panorama-strategien gjeld høgre utdannings- og forskingssamarbeid med Brasil, India, Japan, Kina, Russland og Sør-Afrika i perioden 2016–20. Strategien inneheld fleire tiltak for å fremme samarbeid om høgre utdanning og forsking av høg kvalitet med desse landa. I tillegg blir løyvinga til partnarskapsprogrammet med land i sør (NORPART) foreslått styrka, slik at løyvinga i 2017 blir 17,8 mill. kroner. Programmet, som blir forvalta av SIU, skal støtte institusjonelt samarbeid mellom norske institusjonar og institusjonar i sør, og studentmobilitet skal vere eit element i programmet.

Regjeringa foreslår 20 mill. kroner i 2017 til vidare planlegging av campus NTNU. Av desse midlane blir 11,2 mill. kroner foreslåtte over kap. 281 post 01 og 8,8 mill. kroner foreslåtte over kap. 260 post 50. Sjå kap. 260.

Kunnskapsdepartementet foreslår 5 mill. kroner til tiltak som skal auke kvaliteten i helse- og sosialfagutdanningane gjennom nasjonalt styringssystem for utdanningane.

I tillegg foreslår departementet midlar for å styrke universell tilrettelegging og arbeid med utvikling av kvalitet i universitets- og høgskolesektoren blant anna gjennom SFU-ordninga.

Forsking og utdanning for velferd, verdiskaping og omstilling

Departementet foreslår å føre vidare løyvinga på 38,5 mill. kroner til MARKOM2020.

Prosjektet Saving Oseberg dokumenterer tregjenstandar frå Osebergskipet og forskar på konserveringsmetodar for å ta vare på denne delen av kulturarven vår for framtida. Departementet foreslår 5 mill. kroner til prosjektet Saving Oseberg II.

I tillegg foreslår departementet midlar til FSAT for arbeidet med ein nasjonal vitnemålsdatabank og midlar til analysar av og oppdrag om korleis forsking og utdanning møter behova for å fremme velferd, verdiskaping og omstilling.

God tilgang til utdanning

Departementet foreslår 8 mill. kroner over kap. 281 post 01 til ulike tiltak for at flyktningar som nyleg har komne til Noreg, skal kunne bruke den kompetansen dei har, til å komme raskt ut i arbeidslivet.

I tillegg foreslår departementet å løyve midlar for å føre vidare stipendordninga under samarbeidsavtalen med Russland.

Effektiv, mangfaldig og solid høgre utdanningssektor og forskingssystem

Regjeringa ønsker å sikre at tilskott frå staten til private høgskolar og private fagskolar kjem studentane til gode. Kunnskapsdepartementet foreslår 10 mill. kroner til etablering av ei ny eining for tilsyn for å betre kontrollen med private høgskolar og private fagskolar. Ein del av løyvinga går til å dekke lønn til tilsette i samband med tilsynsarbeidet.

I samband med revidering av fagskolelova blei det oppretta eit nasjonalt klageorgan for fagskoleutdanninga. Kunnskapsdepartementet foreslår midlar til FSAT for drift og sekretariatsarbeid knytt til klagenemnda.

Departementet midlar for å føre vidare arbeidet med å integrere CRIStin-systemet med andre informasjonssystem. I tillegg foreslår departementet midlar til utgreiingar og oppdrag i samband med utvikling av ein effektiv og mangfaldig sektor.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Posten omfattar midlar til investeringar i utstyr og vedlikehald i sektoren.

Mål for 2017

Godt utstyr og vedlikehald i universitets- og høgskolesektoren.

Rapport for 2015

Kunnskapsdepartementet tildelte 10 mill. kroner i 2015 over kap. 281 post 45.

Tildelinga gjekk mellom anna til Høgskolen i Sør-Trøndelag for at høgskolen kunne investere i oppdatert utstyr ved flytting av avdeling for helse- og sosialfag og delar av verksemda for Handelshøgskolen i Trondheim. Departementet tildelte midlar til mellombelse lokale i samband med rehabilitering av bygningsmassen ved Noregs idrettshøgskole.

Budsjettforslag for 2017

Kunnskapsdepartementet foreslår ei samla løyving på 13,4 mill. kroner over kap. 281 post 45. Av dette foreslår departementet 11,3 mill. kroner til vitskapleg utstyr for institusjonar på Sør- og Vestlandet. Dette er ein del av ei større omprioritering av midlar som blei vedtatt i revidert nasjonalbudsjett for 2016. Sjå kap. 260 for nærare omtale av denne omprioriteringa.

Post 50 Tilskott til Noregs forskingsråd

Posten omfattar strategiske midlar kanaliserte gjennom Noregs forskingsråd til ulike forskingsprogram og satsingar på og for universitets- og høgskolesektoren for å styrke både kvalitet og kvantitet når det gjeld forsking og forskarutdanning, særleg innanfor profesjons- og praksisretta utdanningar.

Mål for 2017

Tilskottet skal styrke universitet og høgskolar som innovasjonsaktørar, gi meir og betre forsking i høgskolane og i profesjonsfaga, og fremme forsking ved universitetsmusea.

Rapport for 2015

Kunnskapsdepartementet tildelte 135,7 mill. kroner til følgande program gjennom Noregs forskingsråd over kap. 281 post 50 i 2015:

  • Strategiske høgskoleprogram (SHP): 40 mill. kroner

  • Verkemiddel for regional FoU og innovasjon (VRI): 3 mill. kroner

  • FORNY2020: 16,3 mill. kroner

  • FINNUT: 15,5 mill. kroner

  • Forsking for forskings- og innovasjonspolitikken (FORINNPOL): 2 mill. kroner

  • Nasjonal forskerskole i lærerutdanning (NAFOL): 5 mill. kroner

  • Forskarskolar i arkeologi og biosystematikk: 5,6 mill. kroner

  • HELSEVEL: 9,8 mill. kroner

  • Ordningane for offentleg sektor-ph.d. og nærings-ph.d.: 38,5 mill. kroner

SHP har bidratt til å styrke forskingskompetansen og -kvaliteten ved høgskolane, blant anna gjennom betre samspel med arbeids- og næringslivet.

Ifølge Noregs forskingsråd når dei næringslivsretta verkemidla som VRI ut til ei større breidde enn før, særskilt til små og mellomstore verksemder, og dei samarbeider med gode, relevante forskingsmiljø. Ordninga med nærings-ph.d. møter behovet for fleire forskarar med kompetanse frå næringslivet og bidrar til langsiktig oppbygging av kompetanse i verksemdene.

FORNY2020 er det sentrale verkemiddelet for kommersialisering av forskingsresultat til etablering av bedrifter eller til utvikling av patentar og lisensar. Programmet har medverka til eit meir effektivt system for kommersialisering, blant anna gjennom TTO-ane (Technology Transfer Office) ved universiteta. Sjå Prop. 1 S (2016–2017) frå Nærings- og fiskeridepartementet for meir informasjon om FORNY2020.

FINNUT er eit program for forsking og innovasjon i utdanningssektoren. Noregs forskingsråd er i gang med å utvikle innovasjonssatsinga i FINNUT, men berre to av 50 søknader hadde god nok kvalitet til å få tildelt midlar.

Det nye programmet FORINNPOL etterfølger FORFI og bidrar til å gi eit betre kunnskapsgrunnlag for å utforme forskings- og innovasjonspolitikken.

Den nasjonale forskarskolen for lærarutdanning, NAFOL, har bidratt til å styrke rekrutteringa til og auke kvaliteten på doktorgradsutdanninga innanfor lærarutdanningane. Frå og med 2016 blir NAFOL finansiert gjennom FINNUT.

Forskarskolane i arkeologi og biosystematikk er ei vidareføring av Strategisk forskingssatsing for universitetsmusea og bidrar til å styrke rekrutteringa og auke kvaliteten på doktorgradsutdanningane ved universitetsmusea.

HELSEVEL er ei samanslåing av fleire tidlegare ordningar til ei større satsing og har bidratt til å styrke praksisretta FoU i helse- og sosialfaga.

Ordninga med offentleg sektor-ph.d. har bidratt til ei dobling av årsverk for doktorgradsstipendiatar knytte til forsking i og for innovasjon i offentleg sektor.

Budsjettforslag for 2017

Kunnskapsdepartementet foreslår ei samla løyving på 191,9 mill. kroner over kap. 281 post 50.

Departementet foreslår midlar til vidareføring av SHP, VRI, FORFI, FORNY, FINNUT, HELSEVEL og forskarskolane i arkeologi og biosystematikk ved universitetsmusea.

Som del av langtidsplanen for forsking og høgre utdanning, Meld. St. 7 (2014–2015), foreslår Kunnskapsdepartementet 6 mill. kroner til 15 rekrutteringsstillingar til ordningane for nærings-ph.d. og offentleg sektor-ph.d. over kap. 281 post 50. Staten finansierer nærings- og offentleg sektor-ph.d.-stipendiatar med halv sats. Midlane gir dermed rom for 30 nye stipendiatar innanfor desse ordningane. Sjå kap. 260 og programkategori 07.70 Forsking.

Departementet foreslår heilårseffekt i 2017 av midlar løyvde i 2016 til nye rekrutteringsstillingar til ordningane for nærings-ph.d. og offentleg sektor-ph.d. Dette er 16 mill. kroner i 2017.

Vidare foreslår departementet å flytte 1,5 mill. kroner til ein bibliometrisk database frå kap. 281 post 50 til kap. 280 post 51. Sjå kap. 280 post 51 og kap. 285 postane 52, 53 og 54 under programkategori 07.70 Forsking.

Post 70 Andre overføringar, kan nyttast under post 01

Midlar over kap. 281 post 70 er tilskott til ikkje-statlege aktørar. Sjå kap. 281 post 01 for omtale av felles mål for kap. 281 postane 01 og 70.

Rapport for 2015

Kunnskapsdepartementet tildelte i 2015 til saman 52,4 mill. kroner over kap. 281 post 70 til følgande aktørar og tiltak:

  • Høgskolesenteret i Kristiansund: 4,1 mill. kroner

  • International Council for Open and Distance Education (ICDE): 2,5 mill. kroner

  • Komité for kjønnsbalanse og mangfald i forsking (Kif): 5,6 mill. kroner

  • Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) for Kandidatundersøkinga: 2,1 mill. kroner

  • Nordisk ministerråd for meirutgifter til Noregs kontingent: 0,2 mill. kroner

  • Norsk senter for forskningsdata (NSD) ved Database for statistikk om høgre utdanning (DBH): 15,6 mill. kroner

  • NSD for fusjonsarbeid: 0,5 mill. kroner

  • Universitets- og høgskolerådet (UHR) ved Nasjonalt råd for lærarutdanning (NRLU): 2 mill. kroner

  • UHR for arbeid med praksisstudia i helse- og sosialfagutdanningar: 0,6 mill. kroner

  • UHR for fagstrategisk organ for samisk høgre utdanning og forsking: 0,5 mill. kroner

  • UHR ved Publiseringsutvalet: 1,7 mill. kroner

  • UNINETT for eCampus: 15 mill. kroner

  • UNINETT for fusjonsarbeid: 1 mill. kroner

  • UNINETT for sekretariat for IKT-arbeidsgruppe: 1 mill. kroner

Rapporteringa nedanfor er gitt i høve til dei fire måla for politikkområdet for høgre utdanning og forsking.

Høg kvalitet i utdanning og forsking

Nasjonalt råd for lærarutdanning har i 2015 bidratt i arbeidet med nasjonale retningslinjer for lærarutdanningane gjennom å legge til rette for seminar og samhandling mellom dei ulike aktørane og interessentane.

NIFU legg annakvart år fram halvårlege undersøkingar og spesialundersøkingar om kandidatar frå universitet og høgskolar og deira tilpassing til arbeidsmarknaden. I 2015 la NIFU fram rapporten I hvor stor grad er nyutdannede mastere berørt av nedgangskonjunkturen?

Forsking og utdanning for velferd, verdiskaping og omstilling

UHR har koordinert og gjennomført nasjonalt utviklingsarbeid med mål om å heve kvalitet og sikre relevans i praksisstudia i helse- og sosialfagutdanningane. Gjennomføringa i 2015 har vore tilfredsstillande.

God tilgang til utdanning

eCampus-programmet har medverka til å etablere nasjonale tenester og auka tilgang til utdanning. Sjå kap. 280 post 72.

ICDE har bidratt til å styrke det internasjonale arbeidet innanfor fjernundervisning og fleksibel læring.

Det er etablert eit fagstrategisk organ for samisk høgre utdanning og forsking i 2015 som oppfølging av rapporten Langs lange spor – om samisk forskning og høyere utdanning , som blei overlevert Kunnskapsdepartementet i 2012.

Midlane til Høgskolesenteret i Kristiansund har bidratt til å legge til rette for høgskoleutdanning i Kristiansund.

Effektiv, mangfaldig og solid høgre utdanningssektor og forskingssystem

NSD sin database DBH er ei sentral informasjonskjelde til og om universitets- og høgskolesektoren. Data frå DBH og datatenester frå NSD dannar grunnlaget for statistikk og eit breitt tilbod av styringsdata for politikkutforming i sektoren. Databasen er ope tilgjengeleg.

Publiseringsutvalet, som UHR har etablert på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet, har bidratt med vidare utvikling og fagleg drift av system for dokumentasjon av vitskapleg publisering.

Komité for kjønnsbalanse og mangfald i forsking har i 2015 arbeidd særskilt med etnisk mangfald i høgre utdanning og forsking.

UNINETT har vore sekretariat for arbeidsgruppa for felles IKT-strategi for universitets- og høgskolesektoren. Sjå òg tilstandsvurderinga for programkategori 07.60.

Budsjettforslag for 2017

Kunnskapsdepartementet foreslår ei samla løyving på 58,2 mill. kroner over kap. 281 post 70 i 2017. For det enkelte tiltaket nedanfor er beløpet avrunda til næraste 100 000 kroner.

Høg kvalitet i utdanning og forsking

Departementet foreslår følgande tilskott:

  • 6 mill. kroner til UHR for å halde fram med arbeidet med nasjonale retningslinjer for lærarutdanningane

  • 2,1 mill. kroner til NIFU for å gjennomføre den årlege kandidatundersøkinga

God tilgang til utdanning

Departementet foreslår følgande tilskott:

  • 2,6 mill. kroner til ICDE for å følge opp forpliktingar i samband med det internasjonale arbeidet innanfor fjernundervisning og fleksibel læring

  • 8,2 mill. kroner til Høgskolesenteret i Kristiansund for å legge til rette for høgskoleutdanning i Kristiansund

Effektiv, mangfaldig og solid høgre utdanningssektor og forskingssystem

Departementet foreslår følgande tilskott:

  • 17,2 mill. kroner i driftstilskott til NSD

  • 15 mill. kroner til UNINETT til ei felles nasjonal nettskyteneste og til tiltak for betre administrative tenester for universitets- og høgskolesektoren

  • 5 mill. kroner til UHR for arbeidet til Komité for kjønnsbalanse og mangfold i forsking

  • 2,1 mill. kroner til arbeidet i Publiseringsutvalet i regi av UHR

Post 73 Tilskott til internasjonale program

Posten omfattar tilskott til den nordiske avtalen om tilgang til høgre utdanning.

Mål for 2017

Auka internasjonalt samarbeid i høgre utdanning gjennom ein nordisk avtale om tilgang til høgre utdanning.

Rapport for 2015

Kunnskapsdepartementet betaler ein årleg kontingent for Noregs deltaking i avtalen om gjensidig tilgang til høgre utdanning på tvers av dei nordiske landa i regi av Nordisk ministerråd. I 2015 utgjorde han 68,2 mill. kroner. Avtalen sikrar at norske søkarar til høgre utdanning i andre nordiske land blir handsama likt med nasjonale søkarar ved opptak. Det same gjeld andre nordiske statsborgarar som søker opptak til høgre utdanning i Noreg.

Avtalen er fornya og gjeld no frå og med 2016 til og med 2018. I studieåret 2014–15 studerte 3 443 norske studentar i andre nordiske land, noko som er nokre færre enn året før. I det same studieåret var det totalt 1 201 studentar frå nordiske land i Noreg, ein auke frå året før.

Budsjettforslag for 2017

Kunnskapsdepartementet foreslår 64,1 mill. kroner til kontingenten for den nordiske avtalen om tilgang til høgre utdanning.

Post 78 Tilskott til Universitets- og høgskolerådet

Posten omfattar driftstilskott til Universitets- og høgskolerådet (UHR) og til aktivitet som er koordinert gjennom rådet, inkludert tilskott til utgiving av lærebøker.

Mål for 2017

Samordning mellom universitet og høgskolar.

Rapport for 2015

Kunnskapsdepartementet tildelte 16,3 mill. kroner til UHR i 2015 over kap. 281 post 78. Dette inkluderer 5,3 mill. kroner til støtte for utgiving av norskspråklege lærebøker for høgre utdanning. Sjå òg omtale av tilskott til UHR over kap. 281 post 70.

Tilskottet til UHR har vore med på å fremme samordning mellom universitet og høgskolar innanfor høgre utdanning, forsking, formidling og ressursforvaltning.

I 2015 tok UHR blant anna rolla som eit knutepunkt for informasjon om tiltak i universitets- og høgskolesektoren knytte til flyktningsituasjonen. UHR oppretta eit nettverk av dei største utdanningsinstitusjonane, Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga, Senter for internasjonalisering av utdanning, Felles studieadministrativt tenestesenter, Noregs forskingsråd, Norsk studentorganisasjon og Statens lånekasse for å hente inn erfaringar og utveksle informasjon.

Innanfor internasjonalt samarbeid har UHR særleg prioritert samarbeid i Nordisk universitetssamarbeid og i European University Association.

Kunnskapsdepartementet varsla i Prop. 1 S (2015–2016) at departementet ville få greidd ut ein indikator for fagfellevurdert formidling i finansieringssystemet. Ettersom produksjon av lærebøker kan vere ein indikator for formidling, sette departementet i tillegg ut oppdrag om å evaluere tilskottsordninga for lærebøker. I rapporten Læremidler og formidling i høyere utdanning – En evaluering av tilskuddsordningen og en vurdering av insentivene (NIFU 2016) blir det konkludert med at tilskottsordninga dekker eit reelt behov. Samtidig blir det peikt på at det ikkje er semje i sektoren om at norsk språk er viktig i lærebøker, at digitale prosjekt fell utanfor ordninga, og at behovet for lærebøker på norsk berre gjeld enkelte utdanningar. Sjå del III kap. 13 Endringar i finansieringssystemet for universitet og høgskolar for omtale av den delen av rapporten som gjeld vurdering av ein formidlingsindikator.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår ei samla løyving på 17,7 mill. kroner. Beløpet omfattar 5,6 mill. kroner til støtte for utgiving av norskspråklege lærebøker for høgre utdanning.

Kap. 3281 Felles tiltak for universitet og høgskolar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

02

Salsinntekter o.a.

10

10

Sum kap. 3281

10

10

Post 02 omfattar inntekter knytte til dei tiltaka som får løyving under kap. 281 post 01.

Programkategori 07.70 Forsking

Utgifter under programkategori 07.70 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

283

Meteorologiformål

396 310

428 516

451 788

5,4

284

Dei nasjonale forskingsetiske komitéane

15 403

16 989

18 449

8,6

285

Noregs forskingsråd

3 274 395

3 623 012

3 671 413

1,3

287

Forskingsinstitutt og andre tiltak

497 984

518 417

523 567

1,0

288

Internasjonale samarbeidstiltak

3 032 693

2 695 131

2 587 968

-4,0

Sum kategori 07.70

7 216 785

7 282 065

7 253 185

-0,4

Inntekter under programkategori 07.70 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

3287

Forskingsinstitutt og andre tiltak

6 000 000

3288

Internasjonale samarbeidstiltak

5 287

5 578

5 918

6,1

Sum kategori 07.70

6 005 287

5 578

5 918

6,1

Innleiing

Kunnskapsdepartementet har sett fire mål for forsking og høgre utdanning, jf. figur 1.2 Målbilde for Kunnskapsdepartementet for budsjettåret 2017. Programkategori 07.70 omhandlar forsking, og korleis løyvingane under denne kategorien bidrar til å nå måla for Kunnskapsdepartementet. Tre av måla til departementet er relevante for løyvingane under denne programkategorien:

  • høg kvalitet i utdanning og forsking

  • forsking og utdanning for velferd, verdiskaping og omstilling

  • effektiv, mangfaldig og robust høgre utdanningssektor og forskingssystem

Størstedelen av programkategorien omfattar løyvingar til forsking gjennom Noregs forskingsråd. Forskingsrådet speler ei sentral rolle i det norske forskingssystemet. Løyvingane til Forskingsrådet over denne programkategorien utgjer i underkant av 40 pst. av dei samla løyvingane frå departementa til Forskingsrådet. Løyvingane finansierer i hovudsak langsiktig, grunnleggande forsking, strategiske satsingar og forskingsinfrastruktur. Grunnløyvinga til universitet og høgskolar dekker òg forsking og forskarutdanning. Dette er nærare omtalt under programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning. Norsk deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020, og norsk deltaking i internasjonale grunnforskingsorganisasjonar blir òg finansierte innanfor programkategori 07.70. Programkategorien omfattar også basisløyvingar til dei samfunnsvitskaplege forskingsinstitutta, løyvingar til dei regionale forskingsfonda, Dei nasjonale forskingsetiske komitéane og Meteorologisk institutt.

I 2014 la regjeringa fram Meld. St. 7 (2014–2015) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2015–2024 . Status for langtidsplanen er nærare omtalt i del III, kap. 5 Oppfølging av langtidsplanen for forsking og høgre utdanning.

Tilstandsvurdering

Tilstandsvurderinga er strukturert etter måla for Kunnskapsdepartementet.

Mål: Høg kvalitet i utdanning og forsking

Midlane under denne programkategorien som skal bidra til auka kvalitet i forskinga, er i hovudsak midlar til deltaking i internasjonalt forskingssamarbeid, til langsiktig grunnleggande forsking, til strategiske satsingar på særskilde område, investeringar i forskingsinfrastruktur og senterordningar. Midlar til høg kvalitet i utdanninga og andre verkemiddel for kvalitet blir omtalte under programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning.

I Meld. St. 7 (2014–2015) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2015 2024 gir regjeringa uttrykk for høge ambisjonar for det norske kunnskapssamfunnet. Eit av dei tre overordna måla i langtidsplanen er å utvikle fleire verdsleiande fagmiljø. Noreg har nokre miljø som hevdar seg i verdstoppen, men det er potensial for å få fram fleire slike forskingsmiljø. Funna i Forskningsbarometeret 2016 stadfestar dette. Kor ofte publikasjonane blir siterte av andre forskarar, seier noko om den vitskaplege relevansen og kvaliteten i forskinga. Dei vitskaplege publikasjonane frå Noreg blir relativt ofte siterte av andre forskarar samanlikna med det internasjonale gjennomsnittet. Samstundes er vi ikkje med i gruppa av land med høgst vitskapleg påverknad, verken på nasjonalt nivå eller på institusjonsnivå. Danmark og Nederland er blant dei fremste landa i verda på denne indikatoren, og Noreg ligg eit godt stykke bak desse landa.

Regjeringa inviterer til årlege toppmøte om forskingspolitiske tema. Temaet for toppmøtet i 2015 var verdsleiande fagmiljø, og deltakarane var framifrå forskarar på junior- og seniornivå, leiarar frå akademia, politikarar og andre sentrale aktørar i forskingssystemet. På møtet fekk regjeringa råd om korleis ho kan legge til rette for å utvikle fleire framifrå fagmiljø. Blant råda var ei målretta satsing på unge forskartalent og å gi dei beste forskingsmiljøa gode rammevilkår og solid finansiering. Fri prosjektstøtte (FRIPRO) og senterordningane i Noregs forskingsråd blei trekte fram som gode verkemiddel.

Generelt er konkurranse gjennom Noregs forskingsråd ein måte å støtte dei beste prosjekta på. Forskingsrådet har dessutan fleire verkemiddel som primært har til formål å bidra til høg kvalitet i forskinga. Det gjeld særskilt FRIPRO, senterordningane, den nasjonale infrastrukturordninga, grunnforskingsprogram og grunnforskingsprosjekt innanfor til dømes dei store programma. Finansieringa av Forskingsrådet sine målretta verkemiddel for auka vitskapleg kvalitet har blitt styrka dei seinare åra. Den målretta innsatsen knytt til auka vitskapleg kvalitet var på 2 381 mill. kroner i 2015, ein auke på 3,4 pst. frå 2014. Det er særleg midlar frå Kunnskapsdepartementet som blir nytta til desse verkemidla. Forskingsrådet rapporterer at styrkinga har medverka til å mobilisere fagmiljøa og til at institusjonane har prioritert toppforskingssatsingar innanfor eige budsjett. For nærare omtale av FRIPRO, senterordningane og infrastrukturordninga, sjå kap. 285 postane 52, 53 og 54.

Senterordningane senter for framifrå forsking (SFF), senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) og forskingssenter for miljøvennleg energi (FME) gir stabilitet og føreseielege vilkår til framifrå forskingsmiljø. SFF-ordninga er det fremste verkemiddelet i Forskingsrådet for å støtte verdsleiande fagmiljø. Ved å gi langsiktig finansiering i inntil ti år (to påfølgande femårsperiodar) får forskarane rom for konsentrert og langsiktig forskingsinnsats. SFF-sentera tiltrekker seg svært gode doktorgrads- og postdoktorkandidatar frå fleire land. Gjennom SFF-ordninga har norske forskingsmiljø skapt internasjonalt anerkjente forskingsresultat og eit betydeleg tal publikasjonar i leiande vitskaplege tidsskrift. SFF-ane har knytt til seg internasjonale toppforskarar og auka den norske deltakinga i til dømes European Research Council (ERC). Om lag halvparten av dei 60 norske forskarane som har fått tildelt eit ERC-stipend, er eller har vore knytte til eit SFF.

Den nasjonale satsinga på infrastruktur bidrar til at norske forskarar har tilgang til utstyr i verdsklasse. Det er ein grunnleggande føresetnad for å auke kvaliteten og effektiviteten i norsk forsking og for å henge med i den internasjonale konkurransen. I langtidsplanen har regjeringa lovd å trappe opp løyvingane til forskingsinfrastruktur og utstyr med 400 mill. kroner i perioden 2015–18. I 2015 blei det tildelt ein rekordstor sum til forskingsinfrastruktur. Nesten 1,3 mrd. kroner blei fordelte på 29 prosjekt.

Deltaking i internasjonalt forskingssamarbeid er viktig for å betre kvaliteten på norsk forsking. Evna til gjennomslag på internasjonale konkurransearenaer kan vere ein indikator på kvaliteten i forskinga. Det er eit mål for regjeringa å stimulere til høgre norsk deltaking i EU sitt rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020, jf. Strategi for forsknings- og innovasjonssamarbeidet med EU, som blei lagt fram våren 2014. I langtidsplanen har regjeringa lovd å trappe opp løyvingane til stimuleringstiltak som kan betre den norske deltakinga i Horisont 2020, med 400 mill. kroner i perioden 2015–18. Ambisjonen er at Noreg skal hente heim to pst. av midlane som blir lyste ut i programmet. Dei siste tala syner at Noreg hittil i rammeprogramperioden har ein returdel på 1,89 pst. (per juni 2016).

Til liks med dei andre landa i Europa har Noreg utarbeida eit nasjonalt vegkart (2016–2020) for det europeiske forskingsområdet (ERA). Vegkartet er samkøyrt med det europeiske ERA-vegkartet (2015–2020). Målet med det europeiske og dei nasjonale vegkarta er å samordne forskinga i Europa. Dette gjeld til dømes bi- og multilateralt forskingssamarbeid, mobilitet av forskarar, samarbeid om dei store samfunnsutfordringane og forskingsinfrastruktur, og om open tilgang til vitskaplege publikasjonar og data. Det norske vegkartet inneheld mellom anna tiltak Noreg vil setje i verk for å oppfylle desse måla.

Sett i lys av returambisjonen er det god norsk deltaking i fleire delar av Horisont 2020, men det er framleis naudsynt å auke deltakinga i dei delane av programmet som er særleg retta mot langsiktig, grunnleggande, framifrå forsking. I program for framifrå forsking i Horisont 2020 er det god deltaking i satsinga på samarbeid om forskingsinfrastruktur, som er ein føresetnad for forsking av høg kvalitet. Det europeiske forskingsrådet (ERC) og mobiliseringsprogrammet Marie Skłodowska-Curie Actions (MSCA) løyver midlar til framifrå forskarar uavhengig av tema og fagfelt. Konkurransen om midlar er hard, spesielt i ERC. Av dei landa vi samanliknar oss med i Forskingsbarometeret, har Noreg det lågaste talet stipend frå ERC i høve til folketalet, både under det førre rammeprogrammet og under Horisont 2020. Suksessraten, det vil seie talet på gjennomslag samanlikna med talet på sende søknader, er òg under gjennomsnittet.

For å lykkast med å betre kvaliteten i norsk forsking og med å utvikle fleire verdsleiande miljø må vi nytte talentet i alle delar av befolkninga. Det har vore arbeidd målretta over fleire år med å auke talet på kvinner i norsk forsking, især på toppnivå, men framleis ligg Noreg på botnen når det gjeld kvinnelege stipendmottakarar i ERC. Kvinnedelen er òg låg innanfor senterordningane til Forskingsrådet.

Regjeringa meiner likevel at tilstanden i norsk forsking alt i alt er god, og at utviklinga er positiv. Det er framleis eit mål å auke kvaliteten i breidda og å utvikle fleire verdsleiande fagmiljø. Særleg er det meir å hente på internasjonalt forskingssamarbeid.

Mål: Forsking og utdanning for velferd, verdiskaping og omstilling

Noreg står overfor store omstillingsutfordringar. Det må bli meir lønnsamt å investere i norske arbeidsplassar, og vi må bli betre til å skape nytt. For å vere førebudd på å møte desse utfordringane er det viktig med langsiktige satsingar på kunnskap og kompetanse som medverkar til å styrke næringslivet, gir betre offentlege tenester og høgre produktivitet. I langtidsplanen for forsking og høgre utdanning har regjeringa sett tre overordna mål: å styrke konkurransekraft og innovasjonsevne, møte store samfunnsutfordringar og utvikle verdsleiande fagmiljø. Regjeringa legg til grunn at kunnskap og kompetanse er viktige konkurransefaktorar for norsk økonomi, og at det medverkar til å forstå samfunnsutfordringane og korleis vi kan møte desse på best mogleg måte. I likskap med andre land har Noreg utfordringar knytte til demografisk utvikling, klimaendringar, verdiskaping, nye sjukdommar og sikker tilgang til mat. God innretning på investeringar i forsking og utdanning er viktig for at Noreg skal kunne halde oppe eit høgt nivå på inntekter og levestandard, og for at vi møter dei store samfunnsutfordringane på ein måte som skaper moglegheiter, og som gir grobotn for vekst.

Næringsutvikling og omstilling skjer på initiativ frå verksemdene, men kunnskap som er utvikla ved forskingsinstitusjonar, kan spele ei viktig rolle. Forskingsinstitutta utfører om lag ein firedel av forskinga i Noreg, og er viktige for å bringe fram kunnskap for privat og offentleg sektor. Forskingsinstitutta skårar godt både i nasjonale program og i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon.

Dei fleste av dei målretta forskingsprogramma for verdiskaping, velferd og omstilling blir finansierte over budsjetta til andre departement. Under programkategori 07.70 er senterordningane, dei store programma i Forskingsrådet og løyvinga til EUs rammeprogram, relevante for dette målet. Innovasjon, verdiskaping og å møte store samfunnsutfordringar er viktige mål i Horisont 2020, og norsk deltaking i EU-samarbeidet kan vere eit viktig bidrag til å nå desse måla. Resultata frå dei første utlysingane i Horisont 2020 syner at norske fagmiljø har høgst utteljing innanfor program som er retta mot å møte samfunnsutfordringane, følgt av program retta mot industrielt leiarskap.

Dei store programma i Forskingsrådet er breie, langsiktige satsingar som er viktige for framtidig verdiskaping og for omstilling i næringslivet spesielt og i samfunnet generelt. Til dømes er satsingane på teknologiområda IKT, nanoteknologi og bioteknologi sentrale i utviklinga av tenester, produkt og løysingar på viktige samfunnsområde. Tilsvarande satsingar i Horisont 2020 legg til rette for synergi og samspel mellom dei nasjonale og dei europeiske aktivitetane. Dei ulike senterordningane som Forskingsrådet finansierer, har ei heilskapleg tilnærming som bidrar til fornying og omstilling.

Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) er ei ordning som mellom anna finansierer mykje næringsrelevant forsking. SFI-ordninga styrker innovasjon gjennom satsing på langsiktig forsking i nært samarbeid mellom FoU-aktive verksemder og framifrå forskingsmiljø. Dei sju sentera som blei starta opp i 2010, blei midtvegsevaluerte våren 2015. I rapporten skriv ekspertane at dei såg døme på både verdsleiande forsking og framifrå samarbeid mellom akademia og næringsliv ved dei evaluerte SFI-sentera.

Dei regionale forskingsfonda skal supplere dei nasjonale forskings- og utviklingsverkemidla. Følgeevalueringa av forskingsfonda frå 2013 konkluderte med at dei regionale forskingsfonda er ei veletablert ordning, som fungerer i samsvar med måla om styrka forsking for regional utvikling og forskingsbasert innovasjon. Vidare viste evalueringa at det er brei forståing av at fonda representerer eit supplement til det eksisterande verkemiddelapparatet.

Alt i alt meiner regjeringa at oppfølginga av langtidsplanen, dei store programma i Forskingsrådet og dei regionale forskingsfonda er viktige steg på vegen for å sikre velferd, verdiskaping og omstilling. At norske fagmiljø har høg utteljing innanfor program som er retta mot å møte samfunnsutfordringane, er også særleg positivt i denne konteksten. Samstundes er det framleis ein veg å gå for betre utteljing i EUs rammeprogram.

Mål: Effektiv, mangfaldig og solid høgre utdanningssektor og forskingssystem

Noreg har i all hovudsak eit godt utvikla forskingssystem, men det er behov for å utvikle verkemiddel som bidrar til meir konkurransedyktige og solide fagmiljø. Forskingsrådet har ei sentral rolle i det norske forskingssystemet. Kunnskapsdepartementet har etatsstyringsansvar for Forskingsrådet og ansvar for at rådet når måla som er sette for heile verksemda.

Eit effektivt, mangfaldig og solid forskingssystem er ein viktig føresetnad for å nå måla om høg kvalitet i forskinga, og forsking og utdanning for velferd, verdiskaping og omstilling. Midlane som blir løyvde over denne programkategorien, skal nyttast effektivt og til beste for samfunnet. Det skal vere tilstrekkeleg forskingskapasitet i heile landet, gode system for kunnskapsoverføring og -deling, og mangfald og høg etisk standard i forskinga.

Løyvingane gjennom Noregs forskingsråd og kontingenten til EUs rammeprogram bidrar til eit effektivt, mangfaldig og solid forskingssystem. Forskingsinstitutta og Dei nasjonale forskingsetiske komitéane bidrar også til dette.

Om lag 30 pst. av dei offentlege midlane til forsking går gjennom Forskingsrådet. Desse midlane er med på å strukturere og utvikle det norske forskingssystemet. God styring av Forskingsrådet er derfor sentralt for å sikre eit effektivt forskingssystem. Riksrevisjonens forvaltningsrevisjon av Kunnskapsdepartementets koordinering av forskingspolitikken (2012) og evalueringa av Forskingsrådet (Technopolis 2012) understreka behovet for å styrke koordineringa av forskingspolitikken. Kunnskapsdepartementet, i samarbeid med departementa og Forskingsrådet, utviklar eit nytt styringssystem for Forskingsrådet. Fleire element i det nye styringssystemet er tekne i bruk i styringa av Forskingsrådet i 2016, sjå nærare omtale under kap. 285.

Den nasjonale ordninga for forskingsinfrastruktur er eit av dei viktigaste verkemidla i Forskingsrådet for å sikre eit effektivt, mangfaldig og solid forskingssystem. Sjå omtale av forskingsinfrastruktur under målet Høg kvalitet i utdanning og forsking.

Open tilgang til forskingsresultat bidrar òg til eit effektivt forskingssystem. Open tilgang til vitskaplege artiklar inneber at lesarane fritt kan lese dei på internett. Current Research Information System in Norway (CRIStin) har det nasjonale hovudansvaret for å drive fram og koordinere arbeidet med open tilgang til vitskaplege artiklar. I 2015 var delen publiserte norske forskingsartiklar med open tilgang 16 pst. Forskingsrådet har òg ei viktig rolle i å sikre open tilgang. Forskingsrådet krev at alle vitskaplege artiklar som er resultat av forsking som heilt eller delvis er finansierte av Forskingsrådet, skal vere ope tilgjengelege. I 2016 gav Forskingsrådet støtte til 682 artiklar publiserte ope ved institusjonane i 2015, ein auke på 26,5 pst. frå året før. Open publisering har òg høg prioritet i EUs forskingssamarbeid, mellom anna i Horisont 2020. Sjå òg omtale under programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning.

Deltaking i internasjonalt forskingssamarbeid er ein viktig føresetnad for eit effektivt, mangfaldig og solid forskingssystem. Regjeringa sin strategi for samarbeid med EU om forsking og innovasjon har som eitt av fleire mål at norsk deltaking i Horisont 2020 skal bidra til å utvikle det norske forskings- og innovasjonssystemet. Kunnskapsdepartementet finansierer òg tiltak for å styrke samarbeidet med strategisk viktige land utanfor EU og Nord-Amerika, som ei oppfølging av Panorama – Strategi for høyere utdannings- og forskningssamarbeid med Brasil, India, Japan, Kina, Russland og Sør-Afrika (2016–2020) . Sjå omtale av internasjonalt samarbeid under målet Høg kvalitet i utdanning og forsking.

Noreg har eit omfattande system for å sikre god forskingsetisk praksis og har eit godt etablert system for fagleg uavhengige komitéar på nasjonalt nivå for fastsetting av og rettleiing i kva som er god forskingsetikk. Granskingsutvalet tar i vare behovet for eit nasjonalt apparat for behandling av ureieleg forsking. I dei seinare åra har departementet sett at det er for stor variasjon i korleis forskingsetikken blir følgd opp ved den enkelte institusjon. Etikkarbeidet bør styrkast hjå den enkelte forskar og forskingsinstitusjon, og det bør arbeidast meir med holdningsskapande og førebyggande arbeid.

Alt i alt meiner regjeringa at utviklinga i det norske forskingssystemet er positiv. Budsjettveksten for forskingsinfrastruktur og stimuleringsmidlar for auka deltaking i Horisont 2020, og implementeringa av det nye styringssystemet for Forskingsrådet, legg eit godt grunnlag for forbetring av forskingssystemet.

Strategiar og tiltak

Langtidsplanen for forsking og høgre utdanning

Del III, kap. 5 Oppfølging av langtidsplanen for forsking og høgre utdanning gir ei samla framstilling av regjeringa si oppfølging av langtidsplanen. Omtalen under gjeld tiltak som blir finansierte under programkategori 07.70.

Opptrappingsplanar

I langtidsplanen for forsking og høgre utdanning har regjeringa varsla at ho innan 2018 vil trappe opp løyvingane til forskingsinfrastruktur med 400 mill. kroner, til stimuleringsverkemiddel for god norsk deltaking i Horisont 2020 med 400 mill. kroner, og gjennomføre ein opptrappingsplan for rekrutteringsstillingar med 500 nye stillingar.

Forskingsinfrastruktur

Ordninga til Forskingsrådet for forskingsinfrastruktur av nasjonal, strategisk interesse skal bidra til å styrke kvaliteten på og effektiviteten av investeringane. Ordninga har gjort det mogleg å realisere prosjekt som enkeltinstitusjonar ikkje hadde klart aleine. Satsinga på infrastruktur er også viktig for å delta i europeiske fellesprosjekt av strategisk verdi for norsk forsking. I 2016 auka Stortinget løyvinga til forskingsinfrastruktur med 25 mill. kroner. For 2017 foreslår regjeringa å auke løyvinga med 100 mill. kroner i tråd med opptrappingsplanen. For å redusere dei store overføringane av midlar i Forskingsrådet, foreslår regjeringa samstundes å redusere løyvinga eittårig med 300 mill. kroner. Totalt er derfor løyvinga til forskingsinfrastruktur i 2017 reint teknisk foreslått redusert med om lag 200 mill. kroner. Forskingsrådet kan likevel i 2017 legge opp til aktivitet med utgangspunkt i at kuttet på 300 mill. kroner vil bli reversert i 2018. Med andre ord skal aktivitetsnivået auke, ikkje minke. Dette er ein føresetnad for at kuttet skal få den ønska effekten, nemleg å redusere rådets overføringar.

Stimuleringsmidlar for god norsk deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020

Deltaking i Horisont 2020 er ein indikator på kvaliteten i norsk forsking og innovasjon. Horisont 2020 er verdas største internasjonale forskings- og innovasjonsprogram og Noregs viktigaste verkemiddel for internasjonalisering av forsking og innovasjon. Programmet starta i 2014. I strategien for samarbeid med EU om forsking og innovasjon har regjeringa som ambisjon at to pst. av midlane som blir lyste ut i Horisont 2020, skal gå til norske miljø. I langtidsplanen varsla regjeringa ei styrking av løyvingane til ordningar som bidrar til betre deltaking i Horisont 2020. Desse verkemidla bør vere på plass tidleg i rammeprogrammet for å skape føreseielege vilkår og sikre høg deltaking i heile programmet. I 2015 og 2016 trappa regjeringa opp midlane med til saman over 240 mill. kroner. Midlane har gått til å få på plass ordningar som gir gode og føreseielege vilkår for forskarane, næringslivet og andre samfunnsaktørar. I 2017 foreslår regjeringa å halde fram med opptrappinga og foreslår ein auke på 75 mill. kroner, som i hovudsak vil gå til STIM-EU-ordninga i Forskingsrådet. STIM-EU er ei ordning retta mot å betre vilkåra for forskingsinstitutta. Sjå òg omtale av opptrappingsplanane i langtidsplanen i del III, kap. 5 Oppfølging av langtidsplanen for forsking og høgre utdanning.

Rekrutteringsstillingar

I tråd med opptrappingsplanen i Langtidsplanen for forsking og høgre utdanning foreslår regjeringa å løyve midlar til 120 nye rekrutteringsstillingar. Under programkategori 07.70 foreslår regjeringa at 25 av desse skal gå til stillingar i instituttsektoren. Stillingane er knytte til matematiske, naturvitskaplege og teknologiske fag. Sjå òg omtale under programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning, og kap. 285 post 53.

Langsiktige prioriteringar

I langtidsplanen har regjeringa valt ut seks langsiktige prioriteringar ho vil trappe opp løyvingane til. I 2017 foreslår regjeringa å auke løyvingane til dei to prioriteringane hav og verdsleiande fagmiljø under programkategori 07.70.

Hav

«Arven etter Nansen» er eit samarbeidsprosjekt mellom Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet, Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Universitetssenteret på Svalbard, Havforskingsinstituttet, Norsk Polarinstitutt og Meteorologisk institutt. Eitt av siktemåla med prosjektet er å sikre god utnytting av det nye isgåande forskingsfartøyet «FF Kronprins Haakon», som etter planen er seglingsklart i 2018. Prosjektet skal bidra til auka vitskapleg forståing av den marine bio- og geosfæren i sentrale og nordlege delar av Barentshavet. Dette vil styrke kunnskapsgrunnlaget for forvalting og næringsmessig utnytting av den norske delen av desse områda. Regjeringa foreslår å løyve 10 mill. kroner til tiltaket.

Verdsleiande fagmiljø

Fri prosjektstøtte (FRIPRO) er eit av våre viktigaste verkemiddel med formålet å betre kvaliteten på og gjennomslagskrafta i norsk forsking. Det er mellom anna ein ambisjon at FRIPRO skal bidra til å kvalifisere norske forskarar til å søke finansiering frå Det europeiske forskingsrådet (ERC) og andre internasjonale konkurransearenaer. I dei siste åra har Forskingsrådet vidareutvikla FRIPRO til ei samanhengande kjede av støtte, med alt frå støtte til unge forskartalent, forskarprosjekt og til sterke forskargrupper. Det siste leddet i kjeda, verkemiddelet FRIPRO Toppforsk, skal mellom anna hjelpe sterke forskingsmiljø på vegen mot å bli verdsleiande, til dømes å søke om senter for framifrå forsking (SFF). FRIPRO Toppforsk blir realisert gjennom det såkalla Fellesløft III, der universiteta og forskingsinstitutta (ved Forskningsinstituttenes fellesarena (FFA)) har gått saman med Forskingsrådet om eit spleiselag. Fellesløft III, trinn ein, blei starta opp i juli 2016 og skal vare i fem år, med ei årleg ramme på 200 mill. kroner. I 2016 la institusjonane inn 50 mill. kroner, og Stortinget auka løyvinga til FRIPRO med tilsvarande beløp. For 2017 foreslår regjeringa å auke løyvinga til FRIPRO Toppforsk med 50 mill. kroner, og følger med dette opp sin del av Fellesløft III for 2017.

Regjeringa foreslår òg å styrke satsinga på å fremme mobilitet og karriereutvikling blant yngre forskarar med 10 mill. kroner. I 2013 og 2014 blei det finansiert til saman 107 «Unge forskartalentprosjekt» gjennom Fellesløft II og over det ordinære budsjettet til FRIPRO. FRIPRO mobilitetsstipend er ei mobilitetsordning på postdoktornivå som blei lyst ut første gong i 2014. Ordninga inneber at stipendiatane oppheld seg ved ein utanlandsk forskingsinstitusjon dei første to åra og ved ein norsk institusjon det siste året. Etter planen vil det bli tildelt 14 stipend både i 2016 og i 2017.

Ordninga med senter for framifrå forsking (SFF) er den mest prestisjefylte finansieringsordninga for grunnleggande forsking i Noreg. Forskingsmiljø som blir tildelte SFF-status, har moglegheit for langsiktig finansiering i inntil ti år. I løpet av 2016 skal det løyvast midlar til den fjerde generasjonen SFF-senter. For å halde oppe innsatsen i senterløyvingane foreslår regjeringa å styrke SFF-ordninga med 17 mill. kroner i 2017. Sjå òg kap. 285 post 52 for omtale av FRIPRO og SFF-ordninga.

Andre saker

Områdegjennomgang av systemet for tildeling av forskingsmidlar frå Noregs forskingsråd

Regjeringa varsla i Meld. St. 2 (2015–2016) Revidert nasjonalbudsjett 2016 at ho ville sette ned ei ekspertgruppe som skal utføre ein områdegjennomgang av systemet for tildeling av offentlege forskingsmidlar under Noregs forskingsråd. Bakgrunnen er mellom anna den andre rapporten frå Produktivitetskommisjonen, som peiker på at kvaliteten i norsk forsking har betra seg dei seinaste åra, men at Noreg framleis ikkje er blant dei beste.

Gjennomgangen skal skildre situasjonen i dag og komme med forslag til endringar som betrar effektiviteten i tildelingssystemet, både gjennom auka kvalitet på dei tildelte prosjekta og gjennom redusert ressursbruk i søknadsprosessen og i prosjekthandteringa.

Kunnskapsdepartementet og Finansdepartementet har nå sett ned ekspertgruppa, som skal levere ein rapport innan 1. februar 2017. Gruppa skal hente inn innspel frå hovudstyret i Forskingsrådet, forskingsinstitusjonar og departementa i arbeidet.

Forskingsetikk

Regjeringa ønsker å styrke det forskingsetiske arbeidet i Noreg. Det er i dag stor variasjon i korleis arbeidet blir følgt opp ved institusjonane. I Prop. 158 L (2015–2016) Lov om organisering av forskningsetisk arbeid (forskningsetikkloven) legg regjeringa opp til at det forskingsetiske ansvaret for forskarar og forskingsinstitusjonar blir lovfesta.

Svalbardmelding

I Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard fokuserer regjeringa på behovet for å styrke det norske faglege leiarskapet og betre koordineringa av den internasjonale forskingsverksemda på Svalbard. For å styrke det faglege leiarskapet foreslår regjeringa ein auke på 5 mill. kroner i løyvinga til relevante program i Forskingsrådet, og for å betre koordineringa foreslår regjeringa ein auke på 5 mill. kroner til Svalbard Science Forum og Forskingsrådets kontor på Svalbard i 2017.

Humanioramelding

Regjeringa arbeider med ei melding til Stortinget om humanistisk forsking og utdanning. Humaniora er underutnytta som ressurs i møte med samfunnsutfordringane. Meir aktiv bruk av humaniora i arbeidet med klimaendringar, nye teknologiar, migrasjon, integrering eller liknande kan òg vere eit bidrag til å auke arbeidslivsrelevansen og gjere overgangen til arbeidsmarknaden enklare for humanistiske kandidatar.

Panoramastrategien

Det er ei forskingspolitisk prioritering å styrke samarbeidet med strategisk viktige land utanfor EU, som USA, Japan, Kina, India og Brasil. Eit systematisk og langsiktig samarbeid med desse landa kan også bidra til å utvikle fleire gode fagmiljø i Noreg. I oktober 2015 la regjeringa fram Panorama – Strategi for høyere utdannings- og forskningssamarbeid med Brasil, India, Japan, Kina, Russland og Sør-Afrika (2016–2020). Strategien inneheld fleire tiltak for å styrke samarbeidet om høgre utdanning og forsking med desse landa. Blant dei viktigaste tiltaka er vidareutvikling av UTFORSK-programmet og styrking av INTPART-programmet. Dei nemnde landa står for ein stor og aukande del av verdas kunnskapsproduksjon, og regjeringa ønsker å legge til rette for eit meir heilskapleg og langsiktig samarbeid mellom institusjonar i Noreg og i dei seks landa. Sjå òg omtale under programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring, og 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning, kap. 280 post 50 og kap 281 post 01.

Open forsking

Kunnskapsdepartementet ønsker å legge til rette for at delen forskingsartiklar som er publiserte ope skal stige, og sette derfor vinteren 2016 ned ei arbeidsgruppe med mandat om å legge fram ei tilråding til retningslinjer for open publisering. Retningslinjene er sende ut til høyring, med frist 1. november. Klargjering av retningslinjer vil kunne bidra til at fleire artiklar blir publiserte ope.

Kunnskapsdepartementet ønsker at tilgang til data for forskarar skal vere så open som mogleg, og så lukka som naudsynt, innanfor gjeldande lover og regelverk. Som oppfølging av Meld. St. 27 (2015–2016) Digital agenda for Norge skal Kunnskapsdepartementet derfor legge fram ein strategi for tilgang til data innan utgangen av 2017.

Bibliometridata

Kunnskapsdepartementet vil gje CRIStin i oppgåve å innhente og handtere ein komplett bibliometrisk database med verdsdata, og legge til rette for bruk av denne i Noreg. Ein slik database vil gjere det mogleg med betre internasjonale referansemålingar, styringsinformasjon ved universiteta, og evalueringar av forsking. Dataa vil også kunne brukast i forsking på forsking og forskingspolitikk, og inngå som utrekningsgrunnlag i indikatorbaserte finansieringssystem. Regjeringa foreslår ei løyving på 3 mill. kroner til satsinga. Sjå òg omtale under kap. 280 post 51.

CESSDA

CESSDA er eit europeisk forskingsinfrastruktursamarbeid om samfunnsvitskaplege databasar. Dette blei etablert i Bergen i 2013, mellombels organisert som eit aksjeselskap. Stortingets vedtak av ERIC-lova (lov om konsortium for europeisk forskingsinfrastruktur av 11. desember 2015 nr. 99) opna for bruk av ERIC-organisasjonsforma, og departementet tar sikte på å få etablert CESSDA ERIC i løpet av 2017. CESSDA AS vil da bli avvikla.

Kap. 283 Meteorologiformål

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

50

Meteorologisk institutt

298 257

301 171

297 669

72

Internasjonale samarbeidsprosjekt

98 053

127 345

154 119

Sum kap. 0283

396 310

428 516

451 788

Post 50 Meteorologisk institutt

Meteorologisk institutt står for den offentlege meteorologiske tenesta for sivile og militære formål i Noreg. Meteorologisk institutt har ein samfunnskritisk funksjon.

Instituttet lagar vêrvarsel for samfunnet gjennom vêrvarslingssentralane i Tromsø, Bergen og Oslo. I tillegg er observasjonsstasjonar spreidde over heile landet og i Arktis. Instituttet har folk i arbeid på Jan Mayen, Bjørnøya, Hopen og Svalbard. Observasjonane frå nordområda er òg med på å dokumentere klimaendringar. Meteorologisk institutt er dessutan aleine om å ha personell på Bjørnøya og Hopen, og sikrar i så måte norsk nærvær.

Mål for 2017

Meteorologisk institutt overvaker og varslar vêret med høg kvalitet og regularitet og bereknar klimaet i nåtid og framtid for at styresmaktene, næringslivet, institusjonar og befolkninga kan sikre liv og verdiar og verne miljøet.

Meteorologisk institutt driv forsking og utvikling på alle sine fagområde så instituttet kan yte tenester i verdsklasse.

Rapport for 2015

Departementet er godt nøgd med måloppnåinga til Meteorologisk institutt i 2015.

Varsla for vêr, hav og miljø held høgt kvalitetsnivå, og Meteorologisk institutt auka kvaliteten på vêrvarsla i 2015. Varselkvaliteten for treårsperioden 2013–15 er klart betre enn for perioden 2010–12. Modellane er spesielt analyserte med tanke på ekstremvêr. For parametrar som vind og nedbør, som er knytte til ekstremvêr, er det ei klar betring i løpet av dei siste åra.

Instituttet varsla om ekstreme forhold fem gonger i 2015. Ekstremvêr har fått auka merksemd ved instituttet i dei siste åra, og eit ekstremvêrvarsel medfører i dag auka bemanning for å hjelpe statlege samarbeidspartnarar, kommunar og samfunnet elles.

Den internasjonale bruken av vêrtenesta Yr aukar, men det er norske brukarar som er målgruppa for tenesta. Norske brukarar av yr.no på stasjonære plattformer går ned. Samtidig har bruken av mobile plattformer auka kraftig frå 2012 til 2015. Halo, vêrtenesta til dei store offentlege samarbeidspartnarane til instituttet, har om lag 3 300 brukarar, fordelte på rundt 30 hovudbrukargrupper i tillegg til om lag 80 kommunar. Dette er ein auke på rundt 1 300 brukarar sidan 2014.

Meteorologisk institutt har redusert bemanninga i 2015, og i 2016 vil instituttet redusere bemanninga ytterlegare. Samla sett blir det ei nedbemanning på om lag ti pst. Nedbemanninga er eit av fleire tiltak i ein omstillingsprosess som Meteorologisk institutt sette i gong våren 2015. Målet med omstillinga er å effektivisere og samkjøre vêrvarslinga, styrke utviklingsarbeidet og frigjere midlar til investeringar og vedlikehald.

Samarbeidet med Sveriges meteorologiske og hydrologiske institutt (SMHI) held fram. I løpet av 2015 fekk SMHI ny tungrekneressurs, som saman med norske tungrekneressursar blir brukte i samarbeidet. Samarbeidet aukar den samla kompetansen til modellsystemet og gir meir reknekraft. Dette har medverka til auka kvalitet på vêrvarsla og betre reserveløysingar ved feilhendingar. Meteorologisk institutt har vidare starta eit arbeid for å få eit enda nærare samarbeid med dei nordiske meteorologiske institutta.

Instituttet samarbeider med andre samfunnsinstitusjonar om tryggleik og beredskap, og deltar jamleg i øvingar der vêret/meteorologien speler ei rolle. Instituttet testar dessutan utsleppsmodellane sine jamleg, og vil kunne varsle farlege utslepp til luft og hav i løpet av 30 minutt, så lenge utsleppa kjem frå kjelder med kjent plassering.

Automatiseringa innanfor observasjonsnettet går framover i planlagd takt. Den økonomiske situasjonen tilseier likevel at viss Meteorologisk institutt må velje mellom vedlikehald av eksisterande infrastruktur og bygging av ny, er det vedlikehald som må prioriterast. Kunnskapsdepartementet er einig i denne prioriteringa.

Også arbeidet med Klimaservicesenteret (KSS) går framover. KSS’ webportal klimaservicesenter.no opna hausten 2015, og skal vere ein brukarvennleg kanal for relevant informasjon for klimatilpassing.

Ein omfattande klimarapport ( Klima i Norge 2100 ), som gir eit oppdatert kunnskapsgrunnlag for klimatilpassing i Noreg, blei publisert hausten 2015. Rapporten skildrar både historisk klimautvikling, dagens klima og framskrivingar av klimautvikling fram mot slutten av hundreåret. Meteorologisk institutt hadde hovudforfattaren på rapporten.

Meteorologisk institutt blei i september 2015 kåra til den statsetaten i Noreg som har best omdømme, for tiande år på rad.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår ei løyving på 297,7 mill. kroner. I 2016 blei det løyvd 10 mill. kroner til utbygginga av ny vêrradar på Hafjell i Oppland. Vêr-radaren blir ferdigstilt i 2016. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 10,3 mill. kroner i 2017.

Grunna etableringskostnader i samband med opprettinga av ei ny sivil klareringsmyndigheit, foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 283 post 50 med 107 000 kroner mot ein tilsvarande auke på Justis- og beredskapsdepartementets budsjett. Sjå omtale under Prop. 1 S (2016–2017) for Justis- og beredskapsdepartementet og kap. 200 post 01.

Post 72 Internasjonale samarbeidsprosjekt

Løyvinga på posten går i hovudsak til å innfri dei forpliktingane Noreg har til å betale kontingentutgifter i samband med norsk deltaking i følgande internasjonale meteorologiorganisasjonar:

  • Den europeiske organisasjonen for utnytting av meteorologiske satellittar (EUMETSAT). Eventuelle overskott av kontingentinnbetalingar til EUMETSAT blir overførte til eit fond, Working Capital FUND (WCF). Fondet er heimla i EUMETSATs statuttar og består av akkumulert budsjettoverskott

  • Det europeiske senteret for mellomlange vêrvarsel (ECMWF)

  • Europeiske samarbeidsprosjekt mellom dei meteorologiske institutta (EUMETNET og ECOMET er dei største samarbeidsnettverka)

  • Den meteorologiske verdsorganisasjonen (WMO)

Mål for 2017

Målet med løyvinga er å bidra til og dra nytte av utvikling og forbetring av meteorologiske tenester gjennom internasjonalt samarbeid.

Rapport for 2015

EUMETSAT er den største og viktigaste samarbeidsorganisasjonen, og i 2015 var bidraget frå Noreg på om lag 76 mill. kroner. EUMETSAT driftar ei rekke ulike satellittar for meteorologiske data. Særleg polarbanesatellittane er viktige for varslinga av vêret i Noreg, og det blei starta eit nytt polarbanesatellittprogram (EPS-SG) i 2015. Satellittprogrammet Jason, som overvakar verdshava, skal også førast vidare. For Noreg er dette særskilt viktig for forskinga og overvakinga av klimaet, i tillegg til at data frå satellittane blir nytta i modellar for varsling av straum, havtemperatur, havis med meir. Dei meteorologiske satellittane har i dei seinare åra ført til ei monaleg kvalitetsforbetring av vêrvarslinga.

ECMWF kan til dømes vise til ei klar betring i prognosekvaliteten på grunn av data frå satellittane, og ECMWF har i dag dei beste tidøgnsvarsla i verda. Noreg er eitt av om lag 25 medlemsland i det europeiske reknesenteret ECMWF, og samarbeider mellom anna om utviklinga av varslingsmodellen Arome.

EUMETNET er eit nettverk mellom dei nasjonale meteorologiske institutta i Europa for å nytte ressursane mest mogleg effektivt. EUMETNET driv felles program innanfor det europeiske meteorologiske observasjonssystemet. For å nå måla er Meteorologisk institutt heilt avhengig av det internasjonale samarbeidet i EUMETNET. EUMETNET, saman med EUMETSAT og ECMWF, speler ei viktig strategisk rolle som overbygning for den meteorologiske infrastrukturen i Europa, og som kontaktpunkt overfor EU når det gjeld meteorologi.

ECOMET sørger for at observasjonane og dei numeriske prognosane frå dei nasjonale meteorologiske institutta i Europa er tilgjengelege for private kommersielle aktørar, og for at den kommersielle aktiviteten i dei nasjonale meteorologiske institutta oppfyller konkurranselovgivinga.

WMO sørger for global utveksling av meteorologiske observasjonar i nær sanntid mellom dei 190 medlemslanda. Vitskaplege nyvinningar innanfor varsling av vêr blir òg i stor grad gjorde tilgjengelege for alle verdas meteorologiske institutt gjennom WMO. WMO har mellom anna ei satsing spesielt retta mot å utnytte sesongvarsling og klimaprognosar betre i u-land som er sårbare for tørke og flaum (Global Framework for Climate Services). Tilskottet frå Noreg til WMO i 2015 var på om lag 5,6 mill. kroner.

Budsjettforslag for 2017

Noreg er medlem i EUMETSAT, ECMWF og WMO gjennom å ha tiltredd internasjonale konvensjonar. Budsjettvedtak i dei styrande organa er dermed forpliktande for Noreg. Det prosentvise bidraget frå eit land til budsjettet er proporsjonalt med bruttonasjonalinntekta i landet. Når det gjeld dei andre internasjonale organisasjonane, er det Meteorologisk institutt som er medlem.

Storleiken på løyvinga på posten er òg avhengig av svingingar i valutakursane og aktivitetsnivået i dei ulike organisasjonane. Mesteparten av utgiftene er knytte til den europeiske organisasjonen for utnytting av meteorologiske satellittar (EUMETSAT). Det nye polarbanesatellittprogrammet (EPS-SG) vil føre til ein auke i bidraget frå Noreg til EUMETSAT i åra framover. Vidare skal JASON-programmet under EUMETSAT forlengast. Dette programmet vil også medverke til auka utgifter til EUMETSAT i dei næraste åra. I tillegg er kontingentdelen frå Noreg til EUMETSAT justert opp. Vidare har valutakursutviklinga i det siste året gitt ein auke i bidraga frå Noreg. Den foreslåtte løyvinga for 2017 er derfor monaleg høgre enn løyvinga i 2016.

Kap. 284 Dei nasjonale forskingsetiske komitéane

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Driftsutgifter

15 403

16 989

18 449

Sum kap. 0284

15 403

16 989

18 449

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga gjeld drift av Dei nasjonale forskingsetiske komitéane (FEK), og dekker arbeidet i Nasjonal forskingsetisk komité for medisin og helsefag, Nasjonal forskingsetisk komité for naturvitskap og teknologi, Nasjonal forskingsetisk komité for samfunnsvitskap og humaniora, Nasjonalt utval for gransking av reielegheit i forsking (Granskingsutvalet) og det felles sekretariatet. Også Patentnemnda og Skjelettutvalet ligg til FEK.

Dei nasjonale forskingsetiske komitéane er ein viktig del av det norske forskingssystemet, og skal fremme god og etisk forsvarleg forsking. Oppgåvene er fastsette i forskingsetikklova, som også slår fast at komitéane og utvala er fagleg uavhengige organ. Sekretariatet skal legge til rette for at komitéane kan gjennomføre oppgåvene sine effektivt og med høg kvalitet.

Departementet har nettopp lagt fram ein proposisjon med forslag til ny lov om organisering av det forskingsetiske arbeidet. Så snart denne er behandla av Stortinget, vil departementet gjennomgå og revidere oppgåvebeskrivinga og målformuleringane for etaten.

Mål for 2017

  • FEK skal vere ein sentral kunnskapsformidlar overfor forskarar, forskingsinstitusjonar, styresmaktene og allmenta om forskingsetiske spørsmål og ein pådrivar for debatt på området.

  • FEK har ansvaret for at dei forskingsetiske retningslinjene til kvar ei tid er gode verktøy for å fremme god og etisk forsvarleg forsking.

  • FEK skal styrke samarbeidet med dei forskingsutførande institusjonane.

  • FEK skal behandle og gjere vedtak i enkeltsaker med høg kvalitet og innan rimeleg tid.

Rapport for 2015

Departementet vurderer det slik at FEK i hovudsak oppfyller dei måla som var sette for verksemda. FEK har hatt eit underforbruk i 2015. Dette kjem av at gjennomføringa av nokre større tiltak blei utsette til 2016.

FEK har arbeidd mykje med å vidareutvikle nettsidene fordi dette er ein viktig stad for å spreie god kunnskap om forskingsetiske spørsmål. I ei tid med auka internasjonalisering av norsk forsking er engelskspråkleg informasjon viktigare enn nokon gong, og den engelske versjonen av nettsidene er vesentleg utvida.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår at løyvinga til drift blir 18,4 mill. kroner i 2017, mot 17 mill. kroner i 2016.

Frå 2017 innfører regjeringa ein forenkla modell for premiebetaling til Statens pensjonskasse (SPK) for dei verksemdene som ikkje betaler premie i dag. For dei forskingsetiske komitéane medfører dette ein auke på kap. 284 post 01 med 1,2 mill. kroner. Sjå hovudinnleiinga for nærare omtale.

Departementet foreslår at løyvinga på posten blir redusert med 26 000 kroner som følge av gevinstar ved overgangen til digital post til innbyggarar og næringsliv, jf. omtale under hovudprioriteringane i hovudinnleiinga.

Kap. 285 Noregs forskingsråd

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

52

Langsiktig, grunnleggande forsking

1 525 064

1 600 972

1 666 085

53

Strategiske satsingar

1 017 814

1 256 047

1 431 423

54

Forskingsinfrastruktur av nasjonal, strategisk interesse

455 364

486 317

308 395

55

Administrasjon

276 153

279 676

265 510

Sum kap. 0285

3 274 395

3 623 012

3 671 413

Forskingsrådet er eit sentralt verkemiddel for regjeringa for å utvikle forskingssystemet og for å gjennomføre forskingspolitiske prioriteringar. Forskingsrådet har tre hovudoppgåver: å finansiere forsking, gi forskingspolitiske råd og skape møteplassar.

Ei av dei viktigaste oppgåvene for Forskingsrådet er å sikre kvalitet i den forskinga som blir finansiert, både i breidde og i spiss. Rådet nyttar nasjonal konkurranse i fordelinga av forskingsmidlar. Kvaliteten blir sikra ved at søknadene blir vurderte av internasjonale fagfellar. Berre dei prosjekta som får best vurdering, får støtte. Relevans blir sikra mellom anna gjennom brei involvering av aktørar og samfunnsinteresser i utarbeidinga av programplanar og verkemiddel. Forskingsrådet har vidare ei viktig rolle i å sjå ulike forskingsområde i samanheng, mellom anna ved å knyte saman anvend forsking og grunnforsking og sikre god samanheng mellom nasjonal forsking og internasjonalt forskingssamarbeid. Ei oversikt over dei største tildelingane til Forskingsrådet frå andre departement i 2016 og 2017 er presentert i del III, kap. 5 Oppfølging av langtidsplanen for forsking og høgre utdanning.

I tillegg til midlane over kap. 285 tildeler Kunnskapsdepartementet midlar til Forskingsrådet til basisfinansiering av dei samfunnsvitskaplege forskingsinstitutta over kap. 287 post 57; til forskingsprogrammet Forskning for forsknings- og innovasjonspolitikk (FORINNPOL) over kap. 287 post 21; til utdanningsforsking over kap. 226 post 21, kap. 231 postane 21 og 51 og kap. 258 post 21; til særskilde satsingar retta mot universitets- og høgskolesektoren over kap. 281 post 50.

Mål for 2017

Regjeringa har fastsett fem mål for verksemda til Forskingsrådet. Måla er:

  • auka vitskapleg kvalitet

  • auka verdiskaping i næringslivet

  • møte store samfunnsutfordringar

  • eit velfungerande forskingssystem

  • god rådgiving

Løyvingane frå Kunnskapsdepartementet over kap. 285 postane 52, 53 og 54 bidrar til å nå måla til Forskingsrådet. Delar av administrasjonsutgiftene til Forskingsrådet blir finansierte over eigen post, kap. 285 post 55.

Boks 4.1 Styringssystemet for Noregs forskingsråd

Eit nytt styringssystem for Noregs forskingsråd blei tatt i bruk i 2015. Styringssystemet er felles for alle departementa. Regjeringa har som del av styringssystemet fastsett fem mål for Forskingsrådet: auka vitskapleg kvalitet, auka verdiskaping i næringslivet, å møte store samfunnsutfordringar, eit velfungerande forskingssystem og god rådgiving. Under kvart mål vil det vere eitt til tre strategiske område som er vurderte som dei mest sentrale å rette merksemda mot i styringsdialogen.

Både evalueringa av Forskingsrådet (Technopolis 2012) og Riksrevisjonens forvaltningsrevisjon av Kunnskapsdepartementets forskingskoordinering (2012) peikte på utfordringar knytte til det tidlegare mål- og resultatstyringssystemet. Sentrale ambisjonar for det nye systemet er at styringa frå departementa skal bli meir strategisk og langsiktig, ha auka merksemd på verknader og effektar av verksemda til Forskingsrådet og meir lik praksis mellom departementa i styringa. Det er òg sentralt at Forskingsrådet får større fridom til å forvalte program og aktivitetar på tvers av departementsgrensene.

Kunnskapsdepartementet leier arbeidet med det nye styringssystemet. 2015 var oppstartsår for det nye systemet, og nokre nye element blei tekne i bruk. Systemet er enno ikkje ferdig og vil bli utvikla vidare over ein treårsperiode i samarbeid med dei andre departementa og Forskingsrådet. I 2016 arbeider departementa konkret med å få på plass felles struktur for årsrapporten frå Forskingsrådet og for å få på plass meir styringsinformasjon.

Ei følgeevaluering skal gi kunnskap om korleis styringssystemet utviklar seg i innføringsperioden. Evalueringa vil bli brukt til å utvikle styringssystemet vidare. Så langt er det utvikla ny, felles målstruktur og meir samkøyrde krav til rapportering. Styringsdialogen mellom departementa og Forskingsrådet er blitt meir strukturert og einsretta i 2015. Vidare er rolla til Kunnskapsdepartementet som etatsstyrande departement blitt gjort klarare. Det er òg langt tettare dialog enn tidlegare mellom Kunnskapsdepartementet og sektordepartementa i styringa av Forskingsrådet, inkludert i etatsstyringa.

Rapport for 2015

Samla resultat av verksemda til Noregs forskingsråd

I årsrapporten 2015 er det første gong at rådet rapporterer på måla i det nye styringssystemet. Kunnskapsdepartementet meiner at verksemda til Forskingsrådet samla sett utviklar seg i positiv retning. Forskingsrådet er ein profesjonell og godt drifta organisasjon. Kunnskapsdepartementet er opptatt av at Forskingsrådet har stor merksemd på å etablere og styrke relevant kunnskapsgrunnlag i den vidare utviklinga av verksemda og verkemidla. Departementet vurderer det slik at den nye målstrukturen fungerer betre enn den gamle. Kunnskapsdepartementet ser det som positivt at rådet i større grad enn i tidlegare årsrapportar har analysert og vurdert i kva grad aktivitetane til rådet har bidratt til måloppnåing. Årsrapporten er likevel framleis prega av merksemd på ressursinnsats og budsjettutvikling. Styringssystemet er under utvikling, og det er førebels avgrensa med styringsinformasjon på plass, jf. omtale av styringssystemet i boks 4.1. Kunnskapsdepartementet ventar derfor at rådet framover legg enda større vekt på gode analysar og vurderingar av i kva grad rådet bidrar til å nå måla som er sette for verksemda.

I 2015 har Forskingsrådet forsterka innsatsen for forskingsbasert innovasjon, teknologiutvikling og bruk av resultat frå forskinga. Departementet vurderer det som positivt at rådet har tatt grep for å styrke og betre kontakten med sentrale, nye målgrupper i næringslivet. Vidare viser ei undersøking at verkemidla til rådet er viktige for dei mest siterte norske forskarane. Desse forskarane bruker heile breidda av verkemiddel i Forskingsrådet (kvalitetsverkemiddel, handlingsretta program og store program), og verkemidla er viktige gjennom heile forskarkarrieren. Rådet har òg ein omfattande aktivitet knytt til hav, klima, miljø og miljøvennleg energi, og globale og kulturelle endringar. Departementet ser det vidare som positivt at rådet har gjennomgått alle verkemidla sine for å sikre at nasjonal innsats bygger opp under norsk deltaking i Horisont 2020. Rådet har òg trappa opp arbeidet med å mobilisere til Horisont 2020, men det er framleis utfordringar når det gjeld store program som Det europeiske forskingsrådet (ERC), mobiliseringsprogrammet Marie Skłodowska-Curie Actions (MSCA), helse og IKT. Ei anna utfordring er fornying i offentleg sektor. Offentleg sektor har framleis store kunnskapsbehov. Forskingsrådet har arbeida systematisk for å utvikle verkemidla sine slik at dei er betre tilpassa offentleg sektor og bidrar til samspel mellom kunnskapsaktørar.

Resultat av Kunnskapsdepartementets midlar til Noregs forskingsråd over kap. 285

Kunnskapsdepartementet har ansvaret for forsking på og kunnskapsutvikling i og for eigen sektor. Departementet har eit særleg ansvar for å finansiere grunnforsking og sektorovergripande verkemiddel som er sentrale for eit velfungerande forskingssystem. Grunnforsking blir i hovudsak finansiert over kap. 285 post 52. Sektorovergripande verkemiddel blir i all hovudsak finansierte over kap. 285 postane 53 og 54. Desse midlane er sentrale for å følge opp det ansvaret departementet har for forskingskoordinering. I tillegg finansierer departementet basisløyvingar til dei samfunnsvitskaplege institutta og dei regionale forskingsfonda over høvesvis kap. 287 postane 57 og 60; sjå nærare omtale av resultata under desse postane.

Forskingsrådet arbeider strategisk for å utvikle verkemiddel som understøttar utviklinga av fleire verdsleiande forskingsmiljø, og for å legge til rette for utvikling av framifrå forskarar og yngre talentfulle rekruttar. Desse verkemidla skal bidra til å kvalifisere og mobilisere norske forskarar til å lykkast på internasjonale konkurransearenaer. Departementet er nøgd med arbeidet rådet gjer i samarbeid og samspel med institusjonane med sikte på å mobilisere institusjonane til å satse på toppforsking innanfor eigne budsjett.

Departementet er òg nøgd med det systematiske arbeidet rådet gjer med den nasjonale infrastrukturordninga. Løyvingane frå Kunnskapsdepartementet til infrastruktur er viktige for å utvikle fleire verdsleiande fagmiljø, for auka vitskapleg kvalitet, internasjonalisering, og for samhandling, arbeidsdeling og konsentrasjon i forskinga på nasjonalt prioriterte område.

Forskingsrådet set nå i verk fleire prosjekt for å styrke kunnskapsgrunnlaget for norsk deltaking i Horisont 2020. Kunnskapsdepartementet ventar at dette vil bidra til å betre og styrke mobiliserings- og rådgivingsarbeidet til rådet, slik at norsk deltaking i Horisont 2020 aukar.

Boks 4.2 Verkemiddel i Noregs forskingsråd over Kunnskapsdepartementets budsjett

Fri prosjektstøtte (FRIPRO) er ein open, nasjonal konkurransearena som skal få fram forsking av høg vitskapleg kvalitet uavhengig av fagområde og disiplinar. Ordninga finansierer forskarprosjekt, inkludert doktor- og postdoktorstipend, mobilitetsstipend, toppforsk-prosjekt, utanlandsopphald og arrangement.

Sentersatsingane finansierer forskingsmiljø av høg vitskapleg kvalitet (SFF), samarbeid mellom forskingsaktive verksemder og framståande forskingsmiljø (SFI), og forskingsmiljø på høgt internasjonalt nivå på energi- og miljøområdet (FME).

Vitskapleg utstyr og infrastruktur er heilt avgjerande for å bygge verdsleiande fagmiljø, auke rekrutteringa til forsking, styrke internasjonalt samarbeid og auke Noregs deltaking i EUs forskingsprogram. Gode laboratorium med moderne utstyr er også viktig for utdanningskvaliteten.

Store program er eit sentralt verkemiddel i Forskingsrådet for å følge opp nasjonale forskingspolitiske prioriteringar. Dei store programma er langsiktige, breie satsingar med finansiering frå fleire departement. Dei bidrar til samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon i forskingssystemet, til internasjonalt samarbeid og koordinering av den nasjonale og den internasjonale forskingsinnsatsen. Både grunnleggande forsking, anvend forsking og innovasjon inngår i programma.

Basisløyvingar blir gitte til forskingsinstitutt som driv forsking som er av interesse for norsk næringsliv, forvaltning eller samfunnsliv og har fagleg og vitskapleg kompetanse som mellom anna kjem til uttrykk gjennom vitskapleg publisering. Institutta må vidare ha tilstrekkeleg stor forskingsaktivitet til at det skjer reell kompetanseoppbygging i organisasjonen for å kunne delta i open konkurranse om nasjonale og internasjonale forskingsmidlar.

Handlingsretta program gir kunnskapsgrunnlag for politiske vedtak og for planlegging på forskjellige forvaltningsnivå. Kunnskapsdepartementet finansierer fleire handlingsretta program saman med andre departement.

Strategisk institusjonsstøtte inneber finansiering av strategisk viktige område direkte på institusjonsnivå, mellom anna strategiske høgskoleprogram, Simula Research Laboratory, basisfinansiering av Norsk senter for forskningsdata (NSD) og institusjonsforankra strategiske prosjekt.

Grunnforskingsprogramma dekker eit vidt spekter av fagområde og tema, med mål om høgre kompetanse og fagleg fornying på prioriterte område.

Internasjonale nettverkstiltak har internasjonalisering av norsk forsking som hovudmål. Internasjonalt samarbeid er ein integrert del av alle program og aktivitetar i Forskingsrådet. Stimuleringsordningane for auka deltaking i EUs rammeprogram er eit viktig element i dette verkemiddelet.

Brukarstyrte innovasjonsprogram er retta mot verksemder som vil utvikle si eiga bedrift eller næring, og brukarane er i førarsetet. Programma blir delfinansierte av næringslivet.

Gåveforsterkingsordninga inneber at private gåver til langsiktig, grunnleggande forsking kan utløyse eit tillegg frå staten på 25 pst. av gåvebeløpet.

Post 52 Langsiktig, grunnleggande forsking

Løyvinga over kap. 285 post 52 skal finansiere langsiktig, grunnleggande forsking på alle fagområde. Løyvinga blir også nytta til å finansiere delar av administrasjonsutgiftene til Forskingsrådet. Alle program og aktivitetar i Forskingsrådet finansierer delar av administrasjonsutgiftene til rådet gjennom ein administrasjonsdel frå forskingsløyvingane, jf. nærare omtale under kap. 285 post 55.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår å løyve 1 666 mill. kroner på posten i 2017. Løyvinga finansierer mellom anna Fri prosjektstøtte (FRIPRO), senter for framifrå forsking (SFF), løyvingar til grunnforskingsprogram og strategisk institusjonsstøtte.

Kunnskapsdepartementet foreslår å auke løyvingane til FRIPRO Toppforsk med 50 mill. kroner, 10 mill. kroner til FRIPRO Unge forskartalent, og 17 mill. kroner til SSF.

For å betre koordineringa av den internasjonale forskingsverksemda på Svalbard foreslår Kunnskapsdepartementet ein auke på 5 mill. kroner til Svalbard Science Forum og Forskingsrådets kontor på Svalbard i 2017.

Kunnskapsdepartementet foreslår å flytte løyvinga til programmet Samfunnsutviklingens kulturelle forutsetninger (SAMKUL) frå kap. 285 post 52 til kap. 285 post 53. Bakgrunnen er at løyvinga til SAMKUL høver betre til målet med post 53 Strategiske satsingar enn post 52 Langsiktig, grunnleggande forsking. Dette inneber ein reduksjon i løyvinga på denne posten på 40 mill. kroner.

Kunnskapsdepartementet foreslår å flytte basisløyvinga til Norsk senter for forskningsdata (NSD) frå kap. 285 post 52 til kap. 285 post 54. Bakgrunnen er at løyvinga til NSD høver betre til målet med post 54 Forskingsinfrastruktur av nasjonal, strategisk interesse enn post 52 Langsiktig, grunnleggande forsking. Dette inneber ein reduksjon i løyvinga på denne posten på 11,2 mill. kroner. Kunnskapsdepartementet foreslår vidare å flytte løyvinga til UNIKARD på 1,5 mill. kroner frå kap. 285 post 52 til kap. 285 post 53, med same grunngjeving.

Kunnskapsdepartementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 785 000 kroner for å finansiere oppretting av ein komplett bibliometrisk database med verdsdata, og legge til rette for bruk av denne i Noreg. Midlane blir flytte til CRIStin over kap. 280 post 51. Ein slik database vil legge til rette for betre internasjonale referansemålingar, styringsinformasjon ved universiteta og evalueringar av forsking. Dataa vil også kunne brukast i forsking på forsking og forskingspolitikk, og inngå som utrekningsgrunnlag i indikatorbaserte finansieringssystem.

Post 53 Strategiske satsingar

Løyvinga over kap. 285 post 53 skal finansiere store program, senter for forskingsdriven innovasjon og senter for miljøvennleg energi, handlingsretta program og stimuleringsordningar for internasjonalt forskingssamarbeid. Løyvinga skal særleg støtte opp om den koordinerande rolla Kunnskapsdepartementet har i forskingspolitikken. Løyvinga blir også nytta til å finansiere delar av administrasjonsutgiftene til Forskingsrådet. Alle program og aktivitetar i Forskingsrådet finansierer delar av administrasjonsutgiftene til rådet gjennom ein administrasjonsdel frå forskingsløyvingane, jf. nærare omtale under kap. 285 post 55.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår å løyve 1 431 mill. kroner på posten i 2017, mot 1 256 mill. kroner i 2016. I 2017 foreslår regjeringa å trappe opp løyvinga til stimuleringstiltak for god norsk deltaking i EUs rammeprogram med 75 mill. kroner. Dette er i tråd med den varsla opptrappinga i langtidsplanen for forsking og høgre utdanning. Midlane skal gå til å styrke etablerte verkemiddel, i første rekke STIM-EU, som er retta mot forskingsinstitutta.

Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve 10 mill. kroner til tiltaket «Arven etter Nansen», som er eit samarbeidsprosjekt mellom universiteta i Tromsø, Bergen og Oslo, NTNU, Universitetssenteret på Svalbard, Havforskingsinstituttet, Norsk Polarinstitutt og Meteorologisk institutt. Eitt av siktemåla med prosjektet er å sikre god utnytting av det nye isgåande forskingsfartøyet «FF Kronprins Haakon», som etter planen er seglingsklart i 2018.

Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve 10 mill. kroner til oppretting av 25 rekrutteringsstillingar i instituttsektoren innanfor matematiske, naturvitskaplege og teknologiske fag, som del av den varsla opptrappinga i langtidsplanen for forsking og høgre utdanning. Forskingsrådet vil bli bedd om å tildele stillingane. Sjå òg omtale under kap. 260 post 50 og kap. 281 post 50.

Departementet foreslår å løyve 15,6 mill. kroner i 2017 for heilårseffekt av midlane i 2016 til nye rekrutteringsstillingar til instituttsektoren.

For å styrke det norske faglege leiarskapet av den internasjonale forskingsverksemda på Svalbard, foreslår Kunnskapsdepartementet ein auke på 5 mill. kroner i løyvinga til relevante program i Forskingsrådet i 2017.

Kunnskapsdepartementet foreslår at 27,2 mill. kroner av løyvinga på posten går til Innovasjon Noreg sitt arbeid med EU-rådgiving. Midlane har tidlegare gått via Forskingsrådet, og departementet foreslår no at midlane heller blir sende direkte til Innovasjon Noreg.

Departementet foreslår å flytte løyvingane til programmet Samfunnsutviklingens kulturelle forutsetninger (SAMKUL) og løyvinga til UNIKARD frå kap. 285 post 52 til kap. 285 post 53. Dette inneber ein auke i løyvinga på kap. 285 post 53 på 41,5 mill. kroner.

Kunnskapsdepartementet foreslår å omdisponere 2 mill. kroner av løyvinga på posten til kap. 226 post 21 for å styrke forskinga på antisemittisme og gruppebaserte fordommar gjennom Noregs forskingsråd. Satsinga er ein del av den kommande handlingsplanen mot antisemittisme og gruppebaserte fordommar. Midlane vil særleg gå til rekruttering av forskarar, inkludert både doktorgradsstillingar og postdoktorstillingar. Sjå òg omtale under kap. 226 post 21.

Kunnskapsdepartementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 476 000 kroner for å finansiere oppretting av ein komplett bibliometrisk database hos CRIStin over kap. 280 post 51. Sjå omtale under budsjettforslaget for kap. 285 post 52.

Post 54 Forskingsinfrastruktur av nasjonal, strategisk interesse

Løyvinga over kap. 285 post 54 skal finansiere forskingsinfrastruktur av nasjonal, strategisk interesse. Løyvinga blir også nytta til å finansiere delar av administrasjonsutgiftene til Forskingsrådet. Alle program og aktivitetar i Forskingsrådet finansierer delar av administrasjonsutgiftene til rådet gjennom ein administrasjonsdel frå forskingsløyvingane, jf. nærare omtale under kap. 285 post 55.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår å løyve 308 mill. kroner på posten, mot 486 mill. kroner i 2016. Regjeringa følger opptrappingsplanen for løyvingane til forskingsinfrastruktur og foreslår å auke løyvinga med 100 mill. kroner i 2017. Samstundes blir 300 mill. kroner foreslått trekte ut som ein eittårig reduksjon i 2017. Den eittårige reduksjonen er ei teknisk justering for å redusere overføringane knytte til denne posten. Ved inngangen til 2016 stod 337 mill. kroner av løyvingane på posten på konto i Noregs Bank. Årsaka til at det bygger seg opp slike overføringar er at det tek lang tid frå kontrakt om tildeling av midlar til forskingsinfrastruktur blir inngått, til midlane faktisk blir utbetalte. Den eittårige reduksjonen i løyvingane skal ikkje føre til redusert aktivitet, og Forskingsrådet skal halde fram med utlysingar av midlar til forskingsinfrastruktur i tråd med opptrappingsplanen. Forskingsrådet kan derfor i 2017 legge opp til aktivitet med utgangspunkt i at kuttet på 300 mill. kroner vil bli reversert i 2018.

Kunnskapsdepartementet foreslår å flytte basisløyvinga på 11,2 mill. kroner til Norsk senter for forskingsdata (NSD) frå kap. 285 post 52 til post 54. Sjå omtale under post 52.

Kunnskapsdepartementet foreslår vidare å redusere løyvinga på posten med 239 000 kroner for å finansiere opprettinga av ein komplett bibliometrisk database hos CRIStin over kap. 280 post 51. Sjå omtale under budsjettforslaget for kap. 285 post 52.

Post 55 Administrasjon

Kunnskapsdepartementet løyver midlar til grunnfinansiering av administrasjon i Forskingsrådet. I tillegg blir administrasjonsutgiftene finansierte av dei departementa som kanaliserer FoU-midlar gjennom Forskingsrådet.

Forskingsrådets administrasjonsutgifter kan delast i to: interne og eksterne administrasjonsutgifter. Dei førstnemnde omfattar alle personal- og driftskostnader, inklusive IKT-kostnader. Desse interne administrasjonsutgiftene blir finansierte gjennom grunnfinansiering frå Kunnskapsdepartementet over kap. 285 post 55 og gjennom ein administrasjonsdel frå forskingsløyvingane som departementa kanaliserer gjennom Noregs forskingsråd. Dei eksterne administrasjonsutgiftene er utgifter knytte til FoU-verkemidla, som møtegodtgjersle, reisekostnader, søknadsevaluering, evalueringar og utgreiingar i samband med gjennomføring av program og aktivitetar. Desse utgiftene blir finansierte av det enkelte programmet eller den enkelte aktiviteten.

Mål for 2017

Målet med løyvinga er at Forskingsrådet har ein effektiv og brukarorientert organisasjon.

Rapport for 2015

Løyvinga over posten var på 276,2 mill. kroner i 2015. Midlane over denne posten går til å finansiere dei tre hovudoppgåvene til rådet: finansiering, rådgiving og møteplassfunksjon.

Departementet har sidan 2014 sett tak på dei interne administrasjonsutgiftene. Bakgrunnen for taket var ein monaleg auke i desse utgiftene over tid. I 2015 var taket på dei interne administrasjonsutgiftene 614,5 mill. kroner. Dei samla interne administrasjonsutgiftene var om lag 590 mill. kroner i 2015, eksklusive pensjonsforpliktingar. Administrasjonsdelen frå departementa utgjorde 317 mill. kroner i 2015. Dei eksterne administrasjonsutgiftene, det vil seie utgifter knytte til drift av program og aktivitetar, vil variere over tid som følge av kva for fase dei ulike programma er i. Eksterne administrasjonsutgifter har derfor ikkje vore omfatta av taket. Nivået på desse utgiftene har likevel vore relativt stabilt dei siste åra, og var i 2015 på 174 mill. kroner.

Tabell 4.13 Utvikling i dei interne og eksterne administrasjonsutgiftene til Forskingsrådet i perioden 2013–15

2013

2014

2015

Interne administrasjonsutgifter (ekskl. pensjonsforplikting)

565 123

571 240

588 845

Av dette løyvinga på kap. 285 post 55

275 300

268 936

276 153

Eksterne administrasjonsutgifter

181 777

192 305

173 774

Dei interne administrasjonsutgiftene målte i pst. av FoU-inntektene frå departementa viser ein nedgang frå 7,3 pst. i 2014 til 7,1 pst. i 2015. Departementet er nøgd med at dei samla administrasjonsutgiftene i Forskingsrådet som del av FoU-inntektene er blitt reduserte etter innføringa av taket, til tross for auka aktivitet som følge av satsinga på forsking og innovasjon. Det har heller ikkje blitt vekst i dei eksterne administrasjonsutgiftene etter innføringa av taket for interne administrasjonsutgifter. Dette viser etter departementets vurdering at taket som blei innført i 2014, har bidratt til å halde administrasjonsutgiftene i rådet nede.

Departementet har merksemd retta mot nivået på likviditeten Noregs forskingsråd har i Noregs Bank. Likviditeten består i hovudsak av tre element:

  • avsetning av midlar til lovpålagde oppgåver som feriepengar og pensjonar

  • avsetning av midlar til forskingsaktivitet som er utført, men som ikkje blir betalt ut før året etter (prosjektgjeld til utførte forskingsprosjekt)

  • midlar som er inntektsførte i Forskingsrådet, men som ikkje fullt ut er sette i aktivitet i det året midlane blei løyvde, altså ei forskyving i bruken av midlane. Denne forskyvinga i bruken av midlane skriv seg frå to forhold:

    • forseinkingar ute i forskingsprosjekta (mellom anna ute ved universiteta og høgskolane) slik at utbetalingane kjem i eit anna tempo enn budsjetteringa hadde lagt opp til

    • at midlar ikkje er fordelte vidare til det einskilde forskingsprosjektet

Departementet vil understreke at det er naturleg at Noregs forskingsråd overfører midlar frå eitt budsjettår til eit anna. Dette ligg i den rolla Forskingsrådet har i forskingssystemet, og i dei strukturelle rammene med eittårige tildelingar. Den viktigaste oppgåva til rådet er å fordele forskingsmidlar vidare ut i forskingssektoren etter nasjonal konkurranse, og slik sørge for kvalitet og relevans i den forskinga som blir utført. Dette krev god planlegging og strenge krav til kvalitetssikring og oppfølging, noko som igjen tar tid.

Overføringane i Forskingsrådet har auka i dei seinare åra, men veksten har stoppa opp i 2015. Auka aktivitet og forbruk på fleire område har bidratt til dette. Departementet forventar ein ytterlegare nedgang i overføringane som følge av arbeidet med ny driftsmodell i Forskingsrådet (Forskingsrådet 3.0), noko som skal bidra til ein jamnare aktivitet over tid. Tabell 4.13 i vedlegg 4 viser utviklinga i likviditeten for dei fire siste åra. Meld. St. 7 (2014–2015) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2015–2024 inneber meir føreseielege rammer for Forskingsrådet. Saman med arbeidet i rådet med ein ny driftsmodell med større og meir heilskapleg portefølje av verkemiddel på utvalde område, er det venta ei ytterlegare nedbygging av overføringane over tid. Sjå også omtale av eittårig reduksjon på post 54.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår ei løyving på 265,5 mill. kroner i 2017. For å redusere administrasjonsutgiftene i Forskingsrådet ligg det i forslaget inne eit kutt i løyvinga på 20 mill. kroner.

Det er sett ned eit ekspertutval som skal utføre ein områdegjennomgang av systemet for tildeling av offentlege forskingsmidlar under Noregs forskingsråd; sjå nærare omtale under Strategiar og tiltak.

Kap. 287 Forskingsinstitutt og andre tiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

21

Særskilde driftsutgifter , kan overførast, kan nyttast under post 71

38 650

15 571

15 927

53

NUPI

5 491

4 716

4 823

56

Ludvig Holbergs minnepris

10 050

11 541

11 864

57

Basisløyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt

163 094

178 759

182 845

60

Regionale forskingsfond, tilskott til forsking

226 008

251 562

250 264

71

Tilskott til andre private institusjonar

40 572

41 740

42 909

73

Niels Henrik Abels matematikkpris

14 119

14 528

14 935

Sum kap. 0287

497 984

518 417

523 567

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 71

Mål for 2017

Målet med løyvinga er å medverke til god utvikling av forskingspolitikken.

Rapport for 2015

Kunnskapsdepartementet tildelte i 2015 38,7 mill. kroner over kap. 287 post 21. 25 mill. kroner blei løyvde som tidsavgrensa støtte til fem forskingsinstitutt som hadde bedt Forskingsrådet vurdere om dei tilfredsstilte krava til å få statleg basisløyving. Midlane skulle disponerast til langsiktig kunnskaps- og kompetansebygging i tråd med retningslinjene for basisløyvinga. Dei tidsavgrensa midlane er trekte ut frå og med 2016.

9 mill. kroner av løyvinga blei brukte til å finansiere forskingsprogrammet Forskning for forsknings- og innovasjonspolitikk (FORINNPOL) i Noregs forskingsråd. Programmet starta opp i 2015 og skal vare til 2022. Det er for tidleg i programperioden til å slå fast effekten av løyvinga.

I underkant av 2,5 mill. kroner blei brukte til finansiering av OECDs landgjennomgang av det norske forskings- og innovasjonssystemet, der rapport vil ligge føre i 2017, og av OECD-prosjektet «Enabling the next production revolution». Landgjennomgangen vil gi regjeringa verdifulle innspel til arbeidet med rulleringa av langtidsplanen for forsking og høgre utdanning.

0,8 mill. kroner blei nytta til utvikling av styringssystemet for Noregs forskingsråd, som ei oppfølging av evalueringa av Forskingsrådet frå 2012. Styringssystemet skal utviklast over ein treårsperiode, og prosjektet blei starta opp i 2015. Sjå omtale av det nye styringssystemet under kap. 285 Noregs forskingsråd.

Dei resterande 1,4 mill. kronene blei mellom anna nytta til momsrefusjon for aktivitetar i konsortiet CESSDA, eit europeisk forskingsinfrastruktursamarbeid på det samfunnsvitskaplege området som Noreg er vertsland for, arbeid med dei vitskaplege prisane, og utgreiingsoppdrag i samband med Forskningsbarometeret 2015 .

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2016.

Post 53 NUPI

Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) har til formål å medverke til større innsikt i mellomfolkelege spørsmål, ved å drive forsking og ved å spreie informasjon om internasjonale forhold. Basisløyvinga til NUPI blir gitt over kap. 287 post 57, medan løyvinga på post 53 blir nytta til å finansiere dei nasjonale informasjonsoppgåvene til NUPI, mellom anna den rolla instituttet har som formidlar til barn og unge i alderen 15–25 år.

Mål for 2017

Målet med ordninga er å medverke til at NUPI skal vere eit leiande miljø for presentasjon av og diskusjon om internasjonal politikk, med særleg ansvar for å ta hand om kommunikasjonen med elevar, studentar og offentlegheita.

Rapport for 2015

Departementet er nøgd med måloppnåinga til NUPI når det gjeld dei oppgåvene som er knytte til informasjon og formidling.

NUPI har arbeidd målretta med bruk av digitale kanalar i 2015. Digitale kanalar er ei viktig satsing for NUPI, og er den primære kanalen til NUPI for ekstern kommunikasjon. 63 av arrangementa og seminara i 2015 har blitt filma og direktesende, og er tilgjengelege for strøyming på kanalen til NUPI på YouTube. Den viktigaste kanalen for å spreie informasjon til barn og unge i alderen 15–25 år er nettstaden hvorhenderdet.no. Nyhendebrev frå hvorhenderdet.no blir sende til om lag 26 500 e-postadresser. Det er ein monaleg vekst frå tidlegare år. NUPI har òg i 2015 tatt imot fleire skoleklasser, og har halde oppe tilbodet om eit ope og tilgjengeleg bibliotek.

NUPI har i tillegg arrangert ei stor mengde seminar og konferansar, og forskarane ved NUPI har òg i 2015 vore mykje nytta som kjelder og kommentatorar i media.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår at løyvinga på posten blir ført vidare på same nivå som i 2016.

Post 56 Ludvig Holbergs minnepris

Mål for 2017

Formålet med Holbergprisen er å anerkjenne banebrytande forsking innanfor humaniora, samfunnsvitskap, jus og teologi. Prisen skal gi merksemd i samfunnet om og føre til interesse blant barn og unge for fagfelta.

Rapport for 2015

Holbergprisen blei i 2015 delt ut til den britiske kulturhistorikaren, mytologen og forfattaren Marina Warner ved University of Oxford. Warner blei tildelt prisen for arbeidet sitt med analysar av forteljingar og mytar, og korleis dei reflekterer samtida si. Vinnaren av Holbergprisen får 4,5 mill. kroner.

I tillegg til å dekke prisbeløpet til vinnaren blir løyvinga nytta til ulike arrangement i samband med prisutdelinga og til aktivitetar som skal auke interessa for humanistiske og samfunnsvitskaplege fag, jus og teologi blant barn og unge, og i samfunnet elles. Holbergprisen i skolen er ein nasjonal forskarkonkurranse for elevar i vidaregåande skole. Kvart år deltar tolv skolar og over 400 elevar frå heile landet i konkurransen. Interessa for konkurransen er stor, og fleire skolar ønsker å vere med. I 2015 var det Iben Aarbakke frå Rosenvilde videregående skole som vann prisen.

I samband med Holbergprisen blir òg Nils Klim-prisen for yngre nordiske forskarar delt ut innanfor dei same fagfelta. I 2015 gjekk prisen til Rebecca Adler-Nissen, statsvitar ved Københavns Universitet i Danmark. Prisen er på 250 000 kroner.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2016.

Post 57 Basisløyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt

Kunnskapsdepartementet har ansvaret for basisløyvingane til dei samfunnsvitskaplege institutta, som er omfatta av ordninga med statleg basisløyving. Desse midlane blir fordelte til institutta gjennom Forskingsrådet. Institutta skal nytte basisløyvinga til langsiktig kunnskaps- og kompetansebygging. Løyvinga skal vidare stimulere den vitskaplege kvaliteten til institutta, relevans, internasjonalisering og samarbeid.

Dei 22 samfunnsvitskaplege institutta som får basisløyving gjennom Forskingsrådet, blir i 2015 og 2016 evaluerte av et nordisk ekspertutval. Formålet er å kartlegge status og å finne ut om institutta kan bli betre mellom anna når det gjeld kvalitet, leiing og arbeidsdeling. Evalueringsrapporten skal etter planen vere ferdig i desember 2016.

Mål for 2017

Målet er at Noreg skal ha ein sterk samfunnsvitskapleg forskingsinstituttsektor som tilbyr næringsliv og offentleg sektor relevant kompetanse og forskingstenester av høg internasjonal kvalitet.

Rapport for 2015

Forskingsinstitutta Norut Alta og Norut Tromsø fusjonerte i 2015. Det samanslåtte instituttet heiter Norut Northern Research Institute AS (forkorta til Norut). Forskingsverksemda held fram i Alta og Tromsø.

Til saman blei det utført 798 forskarårsverk i dei 22 samfunnsvitskaplege institutta i 2015. Uni Research Rokkansenteret er størst med 89 forskarårsverk, medan Østfoldforskning og Trøndelag Forskning og Utvikling er minst med om lag 16 forskarårsverk kvar.

Institutta hadde nær 1,5 mrd. kroner i driftsinntekter i 2015, om lag 200 mill. kroner meir enn i 2014. Den statlege basisløyvinga stod for 181 mill. kroner av driftsinntektene, og internasjonale inntekter var på 98 mill. kroner.

I 2015 blei ti pst. av basisløyvinga til dei samfunnsvitskaplege institutta omfordelte mellom institutta etter oppnådde resultat på indikatorar som premierer kvalitet og relevans i den faglege verksemda til institutta. Summen til omfordeling utgjorde 18,9 mill. kroner. Frischsenteret, Uni Research Rokkansenteret og NTNU Samfunnsforskning blei innlemma i ordninga med statleg basisløyving i 2011. Desse institutta kom inn med ei låg basisløyving og har hatt størst nominell prosentvis vekst i perioden frå 2013 til 2015.

Av dei andre institutta har Trøndelag Forskning og Utvikling, Fafo og Møreforsking komme best ut av omfordelinga av basisløyvingane. To institutt har fått redusert basisløyvinga i same periode.

Tabellen viser basisløyvinga til dei samfunnsvitskaplege institutta som fekk statleg basisløyving i 2015, og korleis basisløyvinga for kvart institutt har endra seg frå 2013 til 2015.

Tabell 4.14 Basisfinansieringa av dei samfunnsvitskaplege forskingsinstitutta

Basis- finansiering 2015 (i tusen kroner)

Nominell endring 2013–2015

(i pst.)

Agderforskning

3 872

9

Chr. Michelsens Institutt

15 077

3

Fafo

17 563

12

Fridtjof Nansens Institutt

8 114

-3

Frischsenteret

2 165

25

Institutt for fredsforskning (PRIO)

16 681

10

Institutt for samfunnsforskning

10 577

0

IRIS Samfunnsforskning

6 504

4

Møreforsking

5 087

13

Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU)

13 637

4

Nordlandsforskning

4 667

4

Norut

5 562

3

NTNU Samfunnsforskning

8 382

37

Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI)

15 899

0

SINTEF Teknologi og samfunn

13 837

8

Samfunns- og næringslivsforskning AS (SNF)

7 479

0

Telemarksforsking

4 270

10

Trøndelag Forskning og Utvikling

2 871

15

Uni Research Rokkansenteret

4 699

23

Vestlandsforsking

3 918

4

Østfoldforskning

3 847

12

Østlandsforskning

3 861

7

Kjelde:  Noregs forskingsråd

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår ei løyving på 182,8 mill. kroner i 2017. Det er ei vidareføring av nivået i 2016. I tillegg kjem basisløyvinga til Chr. Michelsens Institutt på 16,9 mill. kroner. Denne løyvinga blir gitt over kap. 165 post 70 på budsjettet til Utanriksdepartementet.

Post 60 Regionale forskingsfond, tilskott til forsking

Dei sju regionale forskingsfonda blei oppretta 1. januar 2009, og midlar til FoU-prosjekt blei første gongen lyste ut og tildelte i 2010. Kunnskapsdepartementet har fastsett retningslinjer for regionale forskingsfond. Retningslinjene spesifiserer formål med ordninga, styringslinjer og aktørar, oppgåvene og ansvarsområda deira, mellom anna krav til administrasjon og styring av midlane i ordninga.

Mål for 2017

Dei regionale forskingsfonda skal styrke regional forsking og forskingsbasert innovasjon. Fonda skal medverke til langsiktig, grunnleggande kompetansebygging i relevante forskingsmiljø og såleis medverke til betre kvalitet i forskinga.

Rapport for 2015

Dei sju regionale forskingsfonda tok imot 583 søknader i 2015. Det er om lag same nivå som i 2014. I alt tildelte fonda 236,5 mill. kroner i 2015. Næringslivet fekk mest midlar frå dei regionale fonda, og deretter kjem offentleg sektor (i hovudsak kommunar og fylkeskommunar) og FoU-institusjonar (universitet, høgskolar og forskingsinstitutt) med om lag like mykje midlar til offentleg sektor og til FoU-institusjonane. Av instituttgruppene var primærnæringsinstitutta den største mottakaren av fondsmidlar i 2015.

I 2015 blei det produsert 285 vitskaplege publikasjonar frå prosjekt finansierte med regionale fondsmidlar. Det er stor variasjon mellom fondsregionane i talet på publikasjonar. Flest publikasjonar kom det frå fondsregion Midt-Noreg (136 publikasjonar), medan det berre var tre publikasjonar frå fondsregion Vestlandet, som har retta det meste av forskingsmidlane sine mot næringslivet og offentleg sektor.

Fondsregionane har ulike FoU-behov og -føresetnader, og det kjem til syne i fondsregionane sine FoU-prioriteringar. Som nemnd prioriterer Vestlandet spesielt forsking i næringsliv og offentleg sektor. Nord-Noreg, Innlandet og Agder har mellom anna valt å nytte fondsmidlar til forskar- og institusjonsprosjekt som ein viktig del av strategien med å bygge opp miljø innanfor område som er viktige for regionen. Regionane har ulike krav om at næringslivet skal vere med i prosjekt som går til offentleg sektor og til FoU-institusjonar.

Budsjettforslag for 2017

Dei regionale forskingsfonda skal bidra til å bygge opp kapasiteten i dei regionale forskingsmiljøa, slik at miljøa ytterlegare kan nå opp i den nasjonale og internasjonale konkurransen om forskingsmidlar. Fonda skal vidare halde fram arbeidet med å følge opp strategien for samarbeidet med EU om forsking og innovasjon.

Frå 2016 er ordninga der 15 pst. av midlane er sette av til fellesutlysingar (samarbeidsprosjekt) mellom fondsregionane, avvikla. Midlane er fordelte til fondsregionane etter same fordelingsnøkkel som for dei andre fondsmidlane. Sjå omtale i Prop. 122 S (2015–2016) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2016 .

I 2016 blei løyvinga på posten auka med 34,9 mill. kroner i omstillingsmidlar, i særskilte område på Sør- og Vestlandet. Kunnskapsdepartementet foreslår å føre vidare 11,3 mill. kroner av desse midlane i 2017, fordelte på regionane Agder, Vestlandet og Midt-Noreg (Møre og Romsdal). Dette er ein del av ei større omprioritering av midlar som blei vedtatt i revidert nasjonalbudsjett for 2016. Sjå òg omtale under kap. 226 post 22, kap. 260 post 50, og kap. 281 post 45.

Tabell 4.15 Fordeling av midlane til regionale forskingsfond

(i 1 000 kroner)

Mottakar og formål

Beløp

Fondsregionar:

Vertsfylkes-kommune

– Nord-Noreg

Troms

38 791

– Midt-Noreg

Sør-Trøndelag

36 225

– Innlandet

Hedmark

19 523

– Hovudstaden

Akershus

37 697

– Oslofjordfondet

Vestfold

43 574

– Agder

Aust-Agder

19 954

– Vestlandet

Hordaland

45 200

Noregs forskingsråd for dekning av årlege administrative meirutgifter knytte til ordninga

9 300

Totalt

250 264

Post 71 Tilskott til andre private institusjonar

Tilskott blir gitt til Senter for grunnforsking (CAS), Det Norske Videnskaps-Akademi (DNVA), Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab (DKNVS), Egede Instituttet, Forskningsinstituttenes fellesarena (FFA) og matematikkorganisasjonen Centre International de Mathématiques Pures et Appliquées (CIMPA). Tilskottet til DNVA dekker òg arbeidet med å administrere Kavliprisen.

Mål for 2017

Målet med tilskotta er at mottakarane har høg kvalitet på den faglege verksemda. Formålet med Kavliprisen er å anerkjenne banebrytande forsking innanfor astrofysikk, nanovitskap og nevrovitskap. Prisen skal gi merksemd i samfunnet og føre til internasjonalt samarbeid mellom forskarar.

Rapport for 2015

Rapporteringa for 2015 viser at alle institusjonane har halde fram med den faglege verksemda. Ein viktig del av arbeidet til DKNVS og DNVA er å formidle forsking. DKNVS rapporterer at dei i 2015 har opplevd ein auke i besøkstalet på arrangementa sine, og at dei har lykkast med å nå ut til nye publikumsgrupper.

Løyvinga til DNVA omfattar òg midlar til arrangement i samband med Kavliprisen. Kavliprisen er et samarbeid mellom DNVA, The Kavli Foundation i California og Kunnskapsdepartementet. Kavliprisen blir delt ut annakvart år for framifrå vitskapleg arbeid innanfor fagfelta astrofysikk, nanovitskap og nevrovitskap. I 2015 blei ikkje prisen delt ut.

Akademi for yngre forskarar blei oppretta hausten 2015, med midlar løyvde til DNVA. Akademiet skal vere ein tverrfagleg møteplass og ei forskingspolitisk plattform for yngre forskarar, ein pådrivar for nyskapande forskingsformidling og ein attraktiv vitskapleg debattarena.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2016. Sjå tabell 4.16 med forslag til fordeling.

Tabell 4.16 Fordeling av midlane på kap. 287 post 71

(i 1 000 kr)

Institusjon

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Det Norske Videnskaps-Akademi

16 950

17 440

17 930

Senter for grunnforskning (CAS)

19 480

20 040

20 600

Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab

2 940

3 020

3 105

Egede Instituttet

404

410

421

Forskningsinstituttenes fellesarena

540

550

565

Centre International de Mathématiques Pures et Appliquées (CIMPA)

250

280

288

Sum

40 564

41 740

42 909

Post 73 Niels Henrik Abels matematikkpris

Mål for 2017

Formålet med Niels Henrik Abels matematikkpris (Abelprisen) er å anerkjenne banebrytande forsking innanfor matematikk. Prisen skal gi merksemd i samfunnet og føre til interesse for matematikk blant barn og unge.

Rapport for 2015

I 2015 blei Abelprisen delt mellom John F. Nash ved Princeton University og Louis Nirenberg ved Courant Institute, New York University. Dei fekk prisen for bidraget sitt til teorien om ikkje-lineære partielle differensiallikningar og deira bruk i geometrisk analyse. Abelkomiteen skriv i grunngivinga si at Nash og Nirenberg har spilt ei leiande rolle i utviklinga av denne teorien, gjennom løysing av fundamentale problem og introduksjon av djupe idear. Resultata deira har blitt nyttige reiskapar i mange ulike samanhengar, ikkje berre innanfor dei problema dei var tenkt å løyse.

Abelprisen blir delt ut årleg av Det Norske Videnskaps-Akademi. Løyvinga dekker prisbeløpet på 6 mill. kroner og fleire arrangement i samband med prisutdelinga. Prisen medverkar til å auke merksemda kring matematikk i samfunnet, særleg blant barn og unge. Akademiet har arbeidd langsiktig med å opprette og støtte tiltak for å stimulere interessa for matematikk blant barn og unge. Abelstyret nyttar om lag 1,5 mill. kroner årleg til tiltak direkte retta mot denne målgruppa, og Akademiet rapporterer at dette har gitt store ringverknader for matematikkaktiviteten rundt omkring i Noreg.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår at løyvinga på posten blir ført vidare på same nivå som i 2016.

Kap. 3287 Forskingsinstitutt og andre tiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

96

Fondskapital – Regionale forskingsfond

6 000 000

Sum kap. 3287

6 000 000

Post 96 Fondskapital – Regionale forskingsfond

Ordninga med regionale fond som fondsmekanisme blei avvikla i statsbudsjettet for 2015, og avkastninga blei ført vidare som ei ordinær løyving over kap. 287 post 60. Fondskapitalen blei ført tilbake til statskassa i 2015.

Kap. 288 Internasjonale samarbeidstiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

21

Særskilde driftsutgifter

27 400

37 252

44 004

72

Internasjonale grunnforskingsorganisasjonar

303 087

306 024

321 841

73

EUs rammeprogram for forsking , kan overførast

2 677 641

2 325 815

2 194 592

75

UNESCO-kontingent

21 358

22 540

23 933

76

UNESCO-formål

3 207

3 500

3 598

Sum kap. 0288

3 032 693

2 695 131

2 587 968

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Løyvinga går til internasjonalt samarbeid innanfor ansvarsområda til departementet, inkludert bilateralt samarbeid med prioriterte land. Løyvinga dekker kontingenten til Senter for utdanningsforsking (CERI) under OECD og førebuing av det norske formannskapet i Nordisk ministerråd. Mindre delar vil òg kunne nyttast til Noregs hus i Cité Internationale Universitaire de Paris (CIUP) og stønad til Tysk-Norsk Ungdomsforum.

Mål for 2017

Det er eit mål at Noreg deltar aktivt i internasjonalt samarbeid innanfor utdanning og forsking, og at det er gode koplingar mellom desse områda.

Rapport for 2015

Arbeidet med ei styrkt strategisk tilnærming til bilateralt høgre utdannings- og forskingssamarbeid med prioriterte land blei ført vidare i 2015. Regjeringa la hausten 2015 fram Panorama – Strategi for høyere utdannings- og forskningssamarbeid med Brasil, India, Japan, Kina, Russland og Sør-Afrika (2016–2020) . Målet med strategien er eit meir langsiktig og målretta samarbeid med desse landa, inkludert ei meir samordna tilnærming på tvers av ansvarsområda til ulike departement. Hovudtiltak under Panorama - strategien frå 2016 er knytte til vidare utvikling av UTFORSK og ei styrking av INTPART-programmet.

Løyvinga har i 2015 mellom anna vore nytta til pilotprogrammet UTFORSK (2013–2015), som er eit samarbeid mellom Forskingsrådet og Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU). Det har vore to UTFORSK-utlysingar i pilotperioden, og 16 prosjekt har fått støtte. Prosjekta har medverka til å styrke koplinga mellom høgre utdannings- og forskingssamarbeid med dei seks Panorama -landa. Programmet blir òg finansiert over kap. 281 post 01.

Løyvinga har likeins vore nytta til å styrke bilateralt samarbeid med Tyskland gjennom Tysk-Norsk Ungdomsforum og til ein konferanse i regi av Framandspråksenteret for å auke interessa for Tyskland og tysk språk blant elevar og studentar i Noreg.

Som eit ledd i regjeringa si satsing på å utvikle fleire framifrå fagmiljø har løyvinga vidare vore nytta til å etablere eit nytt partnarskapsprogram for langsiktig, institusjonelt samarbeid med prioriterte land utanfor EU, inkludert USA og Canada (INTPART). INTPART-programmet skal fremme langsiktig samarbeid mellom institusjonar og fagmiljø i Noreg og strategisk viktige land, og legge til rette for at norske aktørar får del i den internasjonale kunnskapsutviklinga. I 2015 lyste programmet ut midlar til treårige prosjekt, og 19 av i alt 47 søknader fekk støtte. Den tematiske spennvidda er stor, og fleire av partnarskapa medverker til å styrke etablerte samarbeidskonstellasjonar med dei prioriterte landa. Etter at Forskingsrådet og SIU i 2014 starta utforminga av programmet, har dei to første løyvingane i 2015 og 2016 fått særs god respons frå dei norske fagmiljøa.

Løyvinga har òg vore nytta til å utvikle eit meir systematisk kunnskapsgrunnlag for bilateralt samarbeid på felta høgre utdanning og forsking.

Budsjettforslag for 2017

Eit ledd i satsinga til regjeringa for å utvikle fleire framifrå fagmiljø i Noreg er Panorama – Strategi for høyere utdannings- og forskningssamarbeid med Brasil, India, Japan, Kina, Russland og Sør-Afrika (2016–2020) . Midlane til oppfølging av Panorama -strategien blir i hovudsak fordelte mellom samarbeidsprogramma UTFORSK og INTPART, i tillegg til nokre andre tiltak under strategien som kunnskapsutvikling og informasjonstiltak. Programma er retta mot langsiktig institusjonelt samarbeid med dei seks strategilanda og forvaltast av høvesvis SIU og Forskingsrådet. Departementet foreslår å styrke løyvinga på posten med 5,9 mill. kroner for å følge opp strategien. Totalt foreslår departementet ei løyving på 20,1 mill. kroner til oppfølging av strategien over kap. 288 post 21, sjå òg omtale under kap. 281 post 01. I tillegg blir satsinga på verdsleiande forskingsmiljø ført vidare med 20 mill. kroner til INTPART.

Noreg har i 2017 formannskapet i Nordisk ministerråd. Ein del av løyvinga på posten vil gå til å gjennomføre dette. Ein mindre del kan òg bli gitt som stønad til Tysk-Norsk Ungdomsforum, og til bilateralt samarbeid med andre prioriterte land.

Departementet foreslår ei samla løyving på posten på 44 mill. kroner.

Post 72 Internasjonale grunnforskingsorganisasjonar

Løyvinga dekker norsk deltaking i Den europeiske organisasjonen for kjerneforsking (CERN), Det europeiske molekylærbiologiske laboratorium (EMBL), Den europeiske konferansen for molekylærbiologi (EMBC), Det europeiske synkrotronstråleanlegg (ESRF) og Den internasjonale kreftforskingsorganisasjonen (IARC).

Mål for 2017

Medlemskapen i internasjonale grunnforskingsorganisasjonar skal medverke til global kunnskapsutvikling og til å nå overordna forskingspolitiske mål som høg kvalitet og internasjonalisering.

Rapport for 2015

CERN er verdas leiande laboratorium innanfor partikkelfysikk. CERN er basert på forpliktande og langsiktig samarbeid mellom 21 medlemsland, hovudsakleg frå Europa. Noreg har vore medlem i CERN sidan organisasjonen blei oppretta i 1954. Forskingssenteret ligg i Genève og husar mellom anna verdas største partikkelakselerator, Large Hadron Collider (LHC). Etter omfattande oppgradering starta LHC opp igjen i 2015 med nær dobla energi i partikkelkollisjonane. Nær 100 nordmenn arbeider ved CERN. Dei norske CERN-forskarane deltar i arbeidet med å oppgradere LHC-detektorane ALICE og ATLAS.

EMBL er ein verdsleiande forskingsorganisasjon innanfor molekylærbiologi. Over 20 medlemsland eig og driv organisasjonen, som blei oppretta i 1974 for å fremme kvalitet og samarbeid i molekylærbiologisk forsking. Ved utgangen av 2015 var det fem norske tilsette ved laboratoriet til EMBL. EMBL samarbeider med framifrå forskingsmiljø gjennom partnarskap. Noreg er vertskap for to slike: eitt innanfor marin molekylærbiologi ved SARS-senteret i Bergen, og eitt innanfor molekylærmedisin ved Universitetet i Oslo.

EMBC samarbeider tett med EMBL, men er ein eigen organisasjon. EMBC har 27 medlemsland, og arbeider med kursing og opplæring. EMBC finansierer aktivitetane til EMBO (European Molecular Biology Organization). EMBO er ein organisasjon for framifrå forskarar innanfor molekylærbiologi.

ESRF er eit laboratorium for synkrotronforsking. Organisasjonen omfattar òg den sveitsisk-norske strålelinja (SNBL). Forskingsrådet har eit eige program for synkrotron- og nøytronrelatert følgeforsking, som mellom anna skal medverke til god utnytting av den norske medlemskapen i ESRF. Følgeforskinga er retta mot metodeutvikling og kapasitetsbygging i dei norske fagmiljøa.

IARC er eit internasjonalt kreftforskingsinstitutt knytt til Verdas helseorganisasjon. Noreg er eitt av 25 medlemsland i IARC. Hovudformålet er å fremme internasjonalt kreftforskingssamarbeid. Årsaker til kreft og førebygging av kreft er sentrale forskingsfelt. IARC legg vekt på samarbeid med fattige land og fungerer også som global referanseorganisasjon når det gjeld omfanget av kreftsjukdom verda over. Norske forskarar er aktive både i forskinga og i styrande organ. Det har likevel vore ei utfordring å rekruttere postdoktorar frå Noreg til IARC. Derfor blei det i 2015 inngått ein avtale mellom IARC og Noregs forskingsråd om at Forskingsrådet kunngjer postdoktorstipend med norsk lønn til postdoktorar som ønsker å arbeide dei første to åra ved IARC og det siste året ved den norske søkarinstitusjonen.

Budsjettforslag for 2017

Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve 322 mill. kroner på posten i 2017. Kontingentane for dei enkelte medlemslanda blir bestemde ut frå ein avtalefesta berekningsnøkkel der bruttonasjonalproduktet eller liknande er ein hovudfaktor. Kontingentkrava for 2017 er ennå ikkje fastsette for alle organisasjonane. Budsjettforslaget for 2017 tar for dei fleste organisasjonane derfor utgangspunkt i dei kontingentane som blei vedtatte for 2016. Auken er størst for kontingenten til CERN, noko som hovudsakleg kjem av endringar i valutakursen.

Tabell 4.17 Norske kontingentbidrag til internasjonale grunnforskingsorganisasjonar

Organisasjon

Kontingent i lokal valuta

CHF

Euro

1 000 kroner

CERN

32 440 600

273 150

EMBC

530 260

4 936

EMBL

2 759 251

25 684

ESRF

1 075 000

10 006

ESRF Upgrade

107 000

996

IARC

759 468

7 069

Sum

32 440 600

5 230 979

321 841

Post 73 EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, kan overførast

Løyvinga dekker norsk kontingent for deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020. Deltakinga i rammeprogrammet gir tilgang på ny kunnskap, teknologi, nettverk, marknader og infrastruktur. Noreg har deltatt fullt ut i forskingssamarbeidet med EU sidan 1994, og er assosiert deltakar i rammeprogrammet. Det betyr at norske forskarar har lik tilgang og deltar på lik linje med forskarar frå EU-landa, men at Noreg ikkje har formell stemmerett i avgjerdsprosessar, som til dømes i utviklinga av rammeprogrammet.

Mål for 2017

Målet med løyvinga er høg kvalitet i norsk forsking og innovasjon, auka verdiskaping, betre velferd, berekraftig samfunnsutvikling og utvikling av forskings- og innovasjonssektoren.

Rapport for 2015

Horisont 2020 starta opp i januar 2014. Programmet har tre hovudområde: framifrå forsking, eit konkurransedyktig næringsliv og store samfunnsutfordringar. Regjeringa legg stor vekt på god norsk deltaking i Horisont 2020 som ein vesentleg del av norsk forskingspolitikk. Dette blei spegla i langtidsplanen for forsking og høgre utdanning som regjeringa la fram i 2014. I langtidsplanen pliktar regjeringa å trappe opp ordningar som stimulerer til god norsk deltaking i Horisont 2020, med 400 mill. kroner innan 2018. Sjå òg kap. 285 post 53, og del III, kap. 5 Oppfølging av langtidsplanen for forsking og høgre utdanning.

I 2015 heldt Forskingsrådet fram arbeidet med å mobilisere til auka norsk deltaking i Horisont 2020. Forskingsrådet har gått gjennom alle nasjonale program og satsingar for å sikre at den nasjonale innsatsen bygger opp under deltakinga i Horisont 2020. Forskingsrådet har også styrka innsatsen ved å tilsette fleire nasjonale kontaktpersonar (NCP-ar), gjennom meir målretta kurs og seminar og ved fleire tverrtematiske informasjonsmøte. Auken i midlar som skal stimulere til god norsk deltaking i Horisont 2020, blei brukt til å styrke STIM-EU-ordninga, støtte til prosjektetablering og posisjonering og EU-nettverk. Sjå òg kap. 285 post 53.

Ved utgangen av 2015 hadde Noreg mottatt om lag 1,95 pst. av pengane som var delte ut til prosjekt i Horisont 2020. Returdelen vil variere ein del, spesielt i starten av rammeprogramperioden. 2015-talet er høgt, grunna tilslag på eit stort prosjekt hos Borregaard. I førre rammeprogram gjekk om lag 1,67 pst. av midlane til norske deltakarar. Resultata frå 2015 syner at Noreg gjer det best innanfor den delen av programmet som er retta mot å møte store samfunnsutfordringar, med unntak av programmet for helse, demografi og velferd, der returdelen er låg. Den norske deltakinga er også svak innanfor framifrå forsking. Samla sett er regjeringa framleis eit stykke unna ambisjonen om at to pst. av midlane i Horisont 2020 skal tilkomme norske forskarar, men returdelen har gjennomgåande vore høgre i Horisont 2020 enn i det sjuande rammeprogrammet.

Budsjettforslag for 2017

Løyvinga over posten dekker bidraget frå Noreg til EUs rammeprogram for forsking. Etter EØS-avtalen Art. 82 nr. 1 bokstav a skal bidraget frå Noreg til programsamarbeidet med EU vere lik Noregs del av det samla BNP i EU-landa og i Noreg. Delen frå Noreg skal reknast av dei totale utbetalingane gjennom programmet i løpet av kalenderåret. Kor store dei årlege utbetalingane vil vere, er ikkje kjent før året er omme.

Løyvingsbehovet for Noregs bidrag på 2 195 mill. kroner i 2017 er derfor basert på overslaget til Europakommisjonen over kor mykje som vil bli betalt ut i 2017. Eit betre grunnlag for å vurdere utbetalingane i 2017 vil ligge føre når EU har vedtatt budsjettet sitt for 2017 i løpet av hausten 2016. Kunnskapsdepartementet vil foreslå endringar i løyvinga i samband med framlegginga av revidert nasjonalbudsjett for 2017.

Kontingenten frå Noreg vil bli betalt i august 2017. Deretter vil det bli gjort ei etterutrekning våren 2018 basert på dei endelege utbetalingstala for 2017. Ei eventuell korrigering som følge av etterutrekninga vil bli gjord i kontingentkravet for 2019.

Sjølv om programperioden til det sjuande rammeprogrammet blei avslutta i 2013, vil utbetalingane frå programmet bli fasa ut over fleire år. Det betyr at Noreg må rekne med å betale bidrag til det sjuande rammeprogrammet samtidig med bidrag til Horisont 2020.

Post 75 UNESCO-kontingent

UNESCO, FN sin særorganisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon, har i hovudoppgåve å medverke til fred og tryggleik ved å fremme internasjonalt samarbeid på fagområda til organisasjonen. Medlemslanda deltar i UNESCOs generalkonferanse og eksekutivråd, og kan dermed vere med på å påverke arbeidet til UNESCO. Løyvinga på posten dekker medlemskontingenten til UNESCO og tilskott til World Heritage Fund. Kontingenten er eit vilkår for norsk medlemskap og deltaking i UNESCO.

Mål for 2017

Norsk deltaking i UNESCO skal medverke til at UNESCO arbeider for ei god gjennomføring av Agenda 2030 utdanning, ein ny global konvensjon for godkjenning av kvalitet i høgre utdanning, for at organisasjonen arbeider for eit betre kunnskapsgrunnlag for hav og klima, for å verne og styrke verda sin kultur- og naturarv og for å styrke presse- og ytringsfridommen.

I dei styrande organa til UNESCO har Noreg som mål å styrke resultatrapporteringa, betre samarbeidet med andre relevante FN-organisasjonar og konsentrasjon av innsatsen der organisasjonen har dei største fortrinna sine.

Rapport for 2015

Løyvinga har vore nytta til å sikre norsk deltaking i UNESCO gjennom å dekke medlemskontingenten og tilskott til World Heritage Fund. Noreg har arbeidd for at UNESCO skal bli meir effektivt og målretta, mellom anna gjennom nordisk koordinering til styremøta og generalkonferansane i UNESCO. UNESCOs generalkonferanse, som blir halden annakvart år, blei arrangert i 2015.

Noreg støtta i 2015 rolla til UNESCO som kunnskapsleverandør og arbeidet med å måle progresjon mot dei globale utdanningsmåla gjennom Global Monitoring Report (GMR) og UNESCOs statistikkinstitutt (UIS). Noreg har òg støtta arbeidet til UNESCO med å styrke kapasiteten til dei nasjonale myndigheitene i utdanningssektoren i utviklingsland. Vidare medverka Noreg til UNESCOs arbeid med lærarar gjennom Teacher Task Force. Teacher Task Force har gjennomført fleire arrangement i utviklingsland der tilbakemeldingane har vore at dei har medverka til auka kvalitet i lærarprofesjonane.

Noreg var til stades under heile generalkonferansen, der både kunnskapsministeren og kronprinsen med fleire deltok. På generalkonferansen vedtok UNESCO at arbeidet med ein global konvensjon for gjensidig godkjenning av høgre utdanning skal halde fram. UNESCO vedtok forslaget om ein strategi for styrka operasjonell handling for vern av kultur og fremming av kulturell pluralisme i væpna konflikt – mellom anna ved oppretting av ein mekanisme for rask mobilisering av ekspertar som kan arbeide i konfliktsoner og sjå til at kulturkonvensjonane blir implementerte. I tillegg blei den norskleidde prosessen om rammeverk for utdanning i 2030-agendaen sluttført rett før generalkonferansen starta. Handlingsrammeverket Utdanning 2030 utdjupar og konkretiserer berekraftmål 4 om inkluderande, rettferdig og god utdanning for alle. Det blei vedtatt på ministermøtet i randa av UNESCOs generalkonferanse i november 2015. Noreg leidde Styringskomiteen for utdanning for alle som arbeidde for ein oppfølgingsplan for å følge opp berekraftmål 4 og best moglege målindikatorar på global utdanning. Styringskomiteen skal vere ein pådrivar for å nå dei ti delmåla som utgjer berekraftmål 4, jf. omtale under kap. 12 i del III.

Budsjettforslag for 2017

Departementet foreslår å løyve 23,9 mill. kroner til medlemskontingenten i UNESCO i 2017.

Post 76 UNESCO-formål

Løyvinga på posten går til tilskottsordninga til UNESCO-formål. Den norske UNESCO-kommisjonen har frå 2015 forvalta ordninga. Den norske UNESCO-kommisjonen er rådgivande organ for norske myndigheiter og fungerer som bindeledd mellom myndigheitene og fagmiljø på ansvarsområda til UNESCO. Kommisjonen skal òg medverke til å gjere UNESCOs idear, mål og oppgåver kjente i Noreg. Drifta av Den norske UNESCO-kommisjonen blir finansiert over kap. 200 post 21.

Mål for 2017

Tilskottsordninga skal styrke arbeidet og ansvarsområdet til UNESCO, gjere UNESCO meir kjent i Noreg, og understøtte dei vedtatte satsingsområda til den norske UNESCO-kommisjonen.

Rapport for 2015

Tilskottsordninga til UNESCO-kommisjonen gjekk i 2015 til å støtte 28 ulike prosjekt innanfor dei prioriterte områda presse- og ytringsfridom, berekraftig utvikling, immateriell kulturarv, verdsarven og demokratiutvikling. Ordninga har mellom anna støtta medvitsgjering og synleggjering av den samiske kulturarven i Alta gjennom eit undervisningsopplegg for elevar på 9. trinn. Ordninga har òg støtta Spire sitt prosjekt for å spreie kunnskap om berekraftig mat – enten det er ved å ta grøne matval i kvardagen, eller gjennom informasjon og debatt om kor avgjerande matjord er for verda. Spire har spreidd kunnskap om globale matsystem, om sjølvberging og berekraftig landbruk.

Prosjekta er spreidde ut i Noreg, og ordninga har dermed medverka til å gjere UNESCOs ansvarsområde meir kjent i fleire delar av landet.

Budsjettforslag for 2017

For å sikre vidare støtte til UNESCOs skolenettverk ASP-net (Associated School Program Network) foreslår departementet at 400 000 kroner av løyvinga på posten i 2017 skal gå til FN-sambandet, som har ansvaret for ASP-net i Noreg. ASP-net er eit globalt nettverk av meir enn 9 000 utdanningsinstitusjonar i 180 land som arbeider for å fremme verdiane og måla til UNESCO. I Noreg er det 29 medlemsskolar.

Departementet foreslår ei samla løyving på 3,6 mill. kroner på posten i 2017.

Kap. 3288 Internasjonale samarbeidstiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

5 287

5 578

5 918

Sum kap. 3288

5 287

5 578

5 918

Løyvinga på post 04 gjeld innanlandske kostnader knytte til UNESCO-kontingenten som etter statistikkdirektiva til OECD blir definerte som offentleg utviklingshjelp.

Programkategori 07.80 Utdanningsstøtte

Utgifter under programkategori 07.80 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

2410

Statens lånekasse for utdanning

35 344 557

35 830 181

38 447 771

7,3

Sum kategori 07.80

35 344 557

35 830 181

38 447 771

7,3

Inntekter under programkategori 07.80 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

5310

Statens lånekasse for utdanning

15 049 213

14 841 348

16 539 043

11,4

5617

Renter frå Statens lånekasse for utdanning

3 975 581

3 800 306

3 728 910

-1,9

Sum kategori 07.80

19 024 794

18 641 654

20 267 953

8,7

Innleiing

Utdanningsstøtteordningane skal gi alle lik moglegheit til utdanning og medverke til at behovet for kompetanse i samfunnet blir dekt. Statens lånekasse for utdanning (Lånekassen) administrerer utdanningsstøtteordningane, som er heimla i utdanningsstøttelova. Støtteordningane blir regulerte i forskriftene om tildeling og tilbakebetaling av utdanningsstøtte.

Utdanning og kompetanse er viktige for at kvar einskild skal utvikle identitet, evne til å tenke kritisk og kunne ta del i demokratiske prosessar. I stadig større grad er utdanning eit vilkår for å delta i arbeidslivet. Utdanningsstøtta legg såleis til rette for nyskaping og eit kunnskapsbasert samfunn. Gode støtteordningar er eit sentralt verkemiddel for sosial utjamning i rekrutteringa til høgre utdanning og forsking, og for å støtte opp om livslang læring.

Utdanningsstøtta skal legge til rette for at elevar og studentar kan arbeide effektivt og med gode resultat.

Tilstandsvurdering

Mål: God tilgang til utdanning

God tilgang til utdanning er eitt av måla for Kunnskapsdepartementet. I all hovudsak er utdanningsstøtteordninga ei universell velferdsordning som skal medverke til at alle har eit godt grunnlag for livsopphald under utdanninga, uavhengig av geografiske forhold, alder, kjønn, funksjonsevne og sosiale og økonomiske forhold. I tillegg til å dekke behova til majoriteten av støttemottakarane, må støtteordninga derfor også vere målretta mot grupper med særskilde behov. Slik bidrar utdanningsstøtta til at målet kan bli nådd.

Utdanningsstøtta legg til rette for eit samfunn med høgt kunnskapsnivå og internasjonal orientering. Dei norske utdanningsstøtteordningane er gode jamført med både nordiske land og andre land det er naturleg å samanlikne med.

For at arbeidsmarknaden skal fungere godt, trengst utdanning og kompetanse. Noreg vil i framtida trenge fleire personar med relevant fag- og yrkesopplæring og med relevant høgre utdanning. Utdanningsstøtteordningane medverkar til at utdanningssektoren raskt kan fange opp endringar i etterspørselen etter arbeidskraft og utdanning.

Støtteordningane skal sikre at elevar og studentar har økonomisk høve til å ta utdanning som seinare kan nyttast i arbeidslivet. I høgre utdanning er utdanningsstøtta lik for alle på den måten at det blir gitt det same støttebeløpet, uavhengig av kva slags utdanning ein student tar. Dette medverkar til at det blir utdanna eit breitt spekter av mellom anna fagarbeidarar, ingeniørar, lærarar og helsepersonell i Noreg og i utlandet. Lån og stipend skal gi elevar og studentar midlar å leve for under utdanninga, medan omgjering av lån til stipend og rentefritak under utdanning er subsidieelement som skal sikre dei som har avslutta ei utdanning, mot for stor gjeldsbyrde. Det finst også tryggleiksmekanismar i støtteordninga knytte til særskilde stipend ved sjukdom og fødsel, rentefritak ved for eksempel arbeidsløyse, og ettergiving av lån ved varig uførleik. Dette bidrar til at unge ikkje vel bort utdanning fordi dei er urolege for høg gjeld etter avslutta utdanning.

Grad av utnytting

Fleirtalet av studentar og elevar nyttar støtteordningane gjennom Lånekassen. I undervisningsåret 2015–16 var det 516 400 elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring og studentar i høgre utdanning i Noreg (inkludert norske studentar i utlandet). 394 000 personar tok imot stipend og/eller lån til utdanning. Av desse var 160 800 i vidaregåande opplæring dei har rett til etter opplæringslova, og 192 100 var i høgre utdanning. 41 100 var i anna utdanning, til dømes fagskole.

Elevar med lovfesta rett til vidaregåande opplæring (ungdomsrett) har rett til utstyrsstipend. I 2015–16 nytta 84 pst. av dei som har rett til det, denne ordninga.

Blant elevane i vidaregåande opplæring var det i underkant av ti pst. som fekk grunnstipend i 2015–16. Dette er som venta ein langt mindre del enn det som var vanleg tidlegare, noko som heng saman med at vilkåra for tildeling av stipendet blei endra på fleire punkt i 2015–16 med sikte på å målrette ordninga betre mot dei som har størst behov for denne støtta.

Heile ni av ti studentar i høgre utdanning tar imot utdanningsstøtte frå Lånekassen ifølge Levekårsundersøkelsen til Statistisk sentralbyrå (SSB) frå 2010. Delen støttemottakarar i Lånekassen som er 25 år og eldre, og som tar høgre utdanning, var i 2015–16 33 pst., mens delen studentar i høgre utdanning som var 25 år og eldre i 2015, var 47 pst. ifølge SSB. Dette viser at ein stor del av studentane i denne aldersgruppa nyttar Lånekassen.

Departementet er nøgd med at støtteordninga blir brukt av så mange. Proba Samfunnsanalyse har i rapporten Analyse av utdanningsstøtteordningene frå 2013 vist at studentar som kjem frå høgre sosioøkonomiske grupper, nyttar utdanningsstøtteordninga noko meir enn studentar frå lågare sosioøkonomiske grupper. Dei som vel dei mest lønnsame utdanningane, til dømes juridiske studium, tar òg opp mest lån.

Stipend til dei som får støtte til høgre utdanning og andre utdanningar som er omfatta av det same regelverket, blir behovsprøvde. Totalt fekk 46 500, eller drygt 20 pst., av desse støttemottakarane redusert stipend på grunn av inntekt, formue eller trygd over fribeløpet i likningskontrollen for 2014.

Aldersfordeling, kjønn og geografi

Fleirtalet av støttemottakarane i høgre utdanning er i aldersgruppa 20–24 år. Kvinnene er i fleirtal blant støttemottakarane, og delen kvinner aukar med stigande alder. Det er òg eit fleirtal av kvinner blant studentane i høgre utdanning generelt. Relativt få vaksne tar opp lån for å skaffe seg ei grunnopplæring eller ei vidaregåande opplæring.

Noreg er eit land med spreidd busetting. For at det skal vere tilgang til vidaregåande opplæring uavhengig av bustad og avstand til skole eller læreplass, har utdanningsstøtteordninga eit bustipend for elevar som må flytte frå foreldreheimen for å gå på skole. Dei kan òg få stipend til heimreiser.

Under handsaminga av Prop. 60 L (2014–2015) Endringer i lov om utdanningsstøtte (behovsprøving, innhenting av opplysninger) blei Stortinget 5. mai 2015 orientert om at det hadde oppstått tvil om lovheimelen for å hente inn opplysningar om lærekontrakt og opplæringskontrakt i tilstrekkeleg grad dekte behovet til forvaltninga, og at departementet ville komme tilbake til Stortinget med nærare beskjed om saka. Ei nærare vurdering viser at lovheimelen er dekkande, og at han kan nyttast slik han blei vedtatt av Stortinget.

Økonomi

Regjeringa er opptatt av å legge til rette for at det skal vere mogleg for den einskilde studenten å planlegge og gjennomføre studia på normert tid. Utdanningsstøtte frå Lånekassen er ein viktig faktor for studium på heiltid. Undersøkingar viser at noko arbeid ved sida av studia ikkje går ut over studieprogresjonen. Det går fram av evalueringa av Kvalitetsreforma frå 2007 at arbeid i inntil ti timar per veke ved sida av studia ikkje gjer at studentane bruker mindre tid på å studere. Ein SSB-analyse av data frå undersøkinga Eurostudent V konkluderer med det same resultatet (Samfunnsspeilet 4/2015). Levekårsundersøkinga viser at studentane arbeider i snitt sju timar per veke ved sida av studia. I NOKUTs studiebarometer for 2015 oppgav heiltidsstudentane at dei brukte drygt åtte timar i veka på betalt arbeid.

Kor mykje studenten arbeider, vil avhenge av kva den einskilde har kapasitet til ved sida av studia. Kjeldene til livsopphald for heiltidsstudenten vil derfor kunne vere ein kombinasjon av utdanningsstøtte og arbeidsinntekt. Utdanningsstøtta bør rettast inn slik at ho framleis tillèt ein rimeleg kombinasjon av studium på heiltid og noko arbeid ved sida av studia.

Mål: Kompetanse som trengst i dag og i framtida

Kompetanse som trengst i dag og i framtida, er eitt av måla for Kunnskapsdepartementet. Utdanningsstøtteordninga skal bidra til at dette målet kan bli nådd.

Ifølge SSB har nesten kvar tredje person i aldersgruppa over 16 år utdanning på universitets- og høgskolenivå. Brorparten av desse har mottatt støtte frå Lånekassen under utdanninga.

I tillegg til dei delane i støtteordninga som blir nytta av alle, finst enkelte element som skal stimulere studentane til å ta visse utdanningar. Ordninga med delvis ettergiving av lån for visse lærarutdanningar skal bidra til å auke rekrutteringa av studentar til visse fag og emne med spesiell etterspørsel. Ordninga med delvis sletting av utdanningslån for låntakarar som er busette i og utøver eit yrke i Finnmark og enkelte kommunar i Nord-Troms (Finnmarksordninga), skal hjelpe til med å sikre spesiell kompetanse på særskilde stader. 6 070 personar fekk sletta delar av utdanningslånet i 2015 under Finnmarksordninga. Det finst òg element i utdanningsstøtteordninga som skal medverke til raskare gjennomstrøyming av studentar på lærestadene, for eksempel ordninga med omgjering av lån til stipend (konverteringsordninga) og ulike reglar som set grenser for kor lang tid ein kan få støtte. Vidare har lengda på støtteperioden gjennom året òg noko å seie. Desse elementa skal freiste å gi samfunnet kompetansen så raskt som mogleg.

I internasjonal målestokk har Noreg svært gode økonomiske ordningar for studentar som vel å ta utdanning i utlandet. Det finst eigne stipend- og låneordningar både til delvis dekning av utgifter til skolepengar og til reiser. Arbeidsmarknaden er i endring, og internasjonal kompetanse er etter