Nr.:

25/2002

Dato:

7.5.2002

Kontaktperson:

Kommunikasjonssjef Therese Riiser Wålen , Telefon 22 24 41 09 , Mobil 940 50 886

Sambuarar får fritak for arveavgift

Regjeringa gjer no framlegg om at sambuarar skal likestillast med ektefellar når det gjeld avgift av arv og gåve mellom dei. Samstundes gjerast det framlegg om å skjerma barn som får arv etter forsørgjar.

Dette gjeld par som har eller har hatt felles barn eller som tidlegare har vore gifte med kvarandre. Ektefellar har i lang tid vore fritekne frå plikta til å svare avgift ved gåve eller arv. Fritaket skal setjast i kraft med verknad frå og med 1. januar i år, og for dei para som fell inn under definisjonen av sambuarar i folketrygdlova § 1- 5.

Ein avgiftspliktig arvtakar under 21 år som tek imot arv etter forsørgjaren, får frådrag i avgiftsgrunnlaget. Han kan trekkje frå eit fastsett beløp for kvart år som manglar på at han har fylt 21 år. For 2002 er det årlege frådraget sett opp frå 25 000 kroner til 35 000 kroner. Regjeringa meiner det har mykje å seia at ein skjermar barn som får arv etter forsørgjaren, og gjer framlegg om å auke det årlege frådraget til 50 000 kroner. Framlegget får òg verknad for barn som har gifte foreldre eller om forsørgjaren er einsleg. Etter forslaget skal endringa gjelde for arv der råderetten gjeld frå og med 1. januar 2002.