Viktige endringer i revidert budsjett

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


A

Arveavgift for samboere

Departementet gjer framlegg om at sambuarar som fell inn under definisjonen i folketrygdlova § 1-5 skal likestillast med ektefellar med omsyn til avgift av arv og gåve seg imellom. Dette gjeld par som lever saman, når paret a) har eller har hatt felles barn, eller b) tidlegare har vore gifte med kvarandre. Etter framlegget skal fritaket for arveavgift for sambuarar setjast i kraft med verknad for arv og gåve der råderetten er oppnådd 1. januar 2002 eller seinare.

Det vert vidare gjort framlegg om at avgiftsplikta, i samsvar med det som alt gjeld for ektefellar, vert utvida til å gjelde gåver til visse slektningar av sambuaren til givar og til sambuar til visse slektningar av givar. Denne endringa vert sett i kraft straks med verknad for arv og gåve der råderetten vert oppnådd etter at lova er sett i kraft.

Ein avgiftspliktig arvtakar under 21 år som tek i mot arv etter forsørgjaren, får frådrag i avgiftsgrunnlaget. Han kan trekkje frå eit fastsett beløp for kvart år som manglar på at han har fylt 21 år. I 2002 vart det årlege frådraget sett opp frå 25 000 kroner til 35 000 kroner. Regjeringa meiner det har mykje å seia at ein skjermar barn som får arv etter forsørgjaren og gjer framlegg om å auka det årlege frådraget til 50 000 kroner.

Framlegget får òg verknad for barn som har gifte foreldre eller om forsørgjaren er einsleg. Regjeringa gjer framlegg om at endringa skal gjelda for arv der råderetten er oppnådd etter 1. januar 2002, jf Ot.prp.75 (2001-2002).