Nr.:

39/2007

Dato:

15.05.07

Kontaktperson:

Avdelingsdirektør Knut Erik Omholt , Telefon 22 24 42 94 , Mobil 975 72 743

Offentleggjering av skattelister

Regjeringa foreslår at pressa skal få utlevert fullstendige skattelister. Endringane skal få verknad for skattelistene for inntektsåret 2006, som blir lagde ut til hausten.

Etter forslag frå den førre regjeringa, blei reglane for offentleggjering av skattelistene endra i 2004, slik at pressa ikkje lenger hadde tilgang til fullstendige skattelister, men måtte nøye seg med enkle søk i skattelistene på skatteetaten sine heimesider. Regjeringa foreslår no å endre likningslova slik at pressa igjen skal få utlevert skattelistene i elektronisk form.

- Informasjon om inntekts- og skatteforhold er ein sentral premiss for samfunnsdebatten. Endringa gir pressa ein betre tilgang til opplysningane i skattelistene, og dette er viktig for å styrkje den kritiske debatten om skattemessige forhold, seier finansminister Kristin Halvorsen 

Det blir framleis lagt opp til at skattelistene skal leggjast ut på likningskontoret og skatteetaten sine heimesider på internett i tre veker.

Regjeringa foreslår også å utvide omfanget av opplysningar som blir offentleggjort, slik at postnummer blir teke inn i skattelistene, i tillegg til poststad. Dette har verdi der ein poststad har fleire postnummer, slik det blant anna er i Oslo. Derimot skal skattelistene ikkje lenger innehalde opplysningar om personar utan fast bustad. Det skal heller ikkje bli gitt opplysningar som kan røpe eit klientforhold, til dømes om personar som bur på psykiatrisk sjukehus eller er fengsla.