Nr.:

40/2007

Dato:

15.05.07

Kontaktperson:

Kommunikasjonssjef Therese Riiser Wålen , Telefon 22 24 41 09 , Mobil 940 50 886

Endringar i artistskattelova

Regjeringa foreslår ei innstramming i artistskattelova. Etter forslaget skal utanlandske artistar og sportsutøvarar som flytter til Noreg, blir skattlagt etter dei alminnelege, progressive satsane i skattelova for inntekt som er opptent i Noreg året før vedkomande blei skattemessig busett i Noreg.

Utanlandske artistar og sportsutøvarar som ikkje er busett i Noreg, blir skattlagt etter artistskattelova. Ei skattlegging etter artistskattelova kan innebere ei mildare skattlegging enn den som elles gjeld for både busette og ikkje busette personar. Etter gjeldande reglar blir utanlandske artistar skattlagde etter artistskattelova sin sats på 15 prosent på brutto inntekt inntil dei blir skattemessig busette i Noreg. Andre som flytter til Noreg, blir skattlagt her etter dei alminnelege, progressive skattesatsane på inntil 47,8 prosent på lønnsinntekt også før dei blir skattemessig busett i Noreg.

Departementet ser det som uheldig at artistar og sportsutøvarar som flytter til Noreg etter å ha hatt inntekter her, får tilgjenge til ei mildare skattlegging i ein periode enn andre som flytter til Noreg. Dette har ført til uønskte tilpassingar.

Departementet foreslår at artistskattelova blir endra slik at artistar som blir skattemessig busette i Noreg, for inntektsåret forut for dette, blir skattlagt etter skattelova sine alminnelege, progressive reglar for ikkje busette. For at satsen i artistskattelova på berre 15 prosent skal kunne brukast, vil det dermed vere eit vilkår at skattytaren er busett utanlands ut året etter oppteninga av den aktuelle inntekta her.

For ein nærmare omtale av forslaget blir det vist til Ot.prp. nr. 61 (2006-2007).