Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


F

Fedje – reetablering av hovuddepot

Regjeringa fremmer forslag om ei løyving på 29 millionar kroner for å dekkje investeringskostnader knytt til reetablering av hovuddepot på Fedje.

Det tidlegare hovuddepotet på Fedje vart under Regjeringa Bondevik II flytta til Florø fordi det var behov for å styrkje oljevern-beredskapen i området. Regjeringa meiner det også er behov for eit hovuddepot på Fedje. Det er mykje skipstrafikk i Nord-Hordaland, både i form av tankskipstrafikk til Mongstad og Sture og i form av lokaltrafikk og ordinær kysttrafikk.

Fedje ligg sentralt plassert i høve til denne trafikken. Reetablering av hovuddepotet på Fedje inneber både styrking av oljevernmateriellet på Fedje og gjenoppretting av ein øvd mannskapsstyrke som kan mobilisere og operere utstyret.

Se pressemeldinger fra Fiskeri- og kystdepartementet.