Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


G

Gratis kjernetid (for 4- og 5-åringar)

Regjeringa vil frå hausten 2007 utvide ordninga med gratis kjernetid for alle barn i bydelane i Groruddalen og Søndre Nordstrand til og å omfatte fireåringar i desse bydelane. Regjeringa har som mål at alle barn som er fødde og har vekse opp i Noreg skal kunne snakke norsk før dei startar på skulen. Barn med minoritetsspråkleg bakgrunn er i dag sterkt underrepresenterte i barnehagane. Det blir foreslått ein auke på 11 millionar kroner i 2007.

I 2006 starta Regjeringa forsøk med gratis kjernetid i barnehage for alle fire- og femåringar i bydel Stovner i Oslo. Det blei løyvd 10 millionar kroner til dette forsøket i 2006. I budsjettet for 2007 er det løyvd 26,5 millionar kroner til gratis kjernetid, som dekkjer kostnadane for alle femåringar i dei fire bydelane i Groruddalen og bydel Søndre Nordstrand i Oslo; det vil seie eit tilbod til dei barna som skal byrje på skulen i 2008. Femåringar blei prioriterte for å kunne gjennomføre forsøket i heile Groruddalen, i tillegg til bydel Søndre Nordstrand. Det har vore ein føresetnad at gratis kjernetid for fireåringar blir eit tilbod i disse bydelane frå hausten 2007.

Sjå pressemelding om saka frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet.