11 Presiseringar og opprettingar i lovtekst

11.1 Endringar i meirverdiavgiftslova

Innleiing

Ny lov om meirverdiavgift, jf. Ot. prp. nr. 76 (2008-2009) Om lov om merverdiavgift (Merverdiavgiftsloven), blei vedteke av Stortinget 19. juni 2009. Lova trådde i kraft 1. januar 2010. I denne proposisjonen legg departementet fram forslag om enkelte mindre tekniske justeringar og opprettingar i lova.

§ 3-11

Meirverdiavgiftslova § 3-11 andre ledd bokstav j viser til hamne- og farvatnlova kapittel VI, dvs. lov 8. juni 1984 nr. 51. Lova er oppheva og erstatta av ny lov om hamner og farvatn av 17. april 2009 nr. 19. Den nye lova har ikkje noko eiget kapittel om hamneavgiftar og tilvisninga til kapittel må dermed utelatast.

§ 4-1

Meirverdiavgiftslova § 4-1 andre ledd bokstav c viser til forsinkingslova. Rett lov skal være forsinkingsrentelova.

§ 8-8

I overskrifta til meirverdiavgiftslova § 8-8 står det «inngående avgift». Elles i lova er det konsekvent nytta utrykket «inngående merverdiavgift» og ikkje «inngående avgift». Departementet foreslår at overskrifta rettast opp i tråd med dette.

§ 10-6

Etter meirverdiavgiftslova § 10-6 første ledd kan lottfiskarar gis refusjon av meirverdiavgift ved kjøp av reiskap. I praksis gir ein også refusjon av meirverdiavgift ved leige av reiskap. Departementet foreslår at lova endrast i samsvar med dette.

§ 12-1

Meirverdiavgiftslova § 12-1 andre ledd viser til § 10-5. Denne paragrafen er oppheva, og § 12-1 må endrast i samsvar med dette.

§ 15-1

Meirverdiavgiftslova § 15-1 åttande ledd fastset mellom anna at «den avgiftspliktige» skal gjere sitt til at avgiftsplikten i rett tid blir klarlagt og oppfylt. Elles i meirverdiavgiftslova er nytta termen «avgiftssubjektet», og departementet foreslår derfor at «den avgiftspliktige» endrast til «avgiftssubjektet». Det vises til forslag om endring i meirverdiavgiftslova § 15-1 åttande ledd.

§ 15-7

Ved lov 26. mars 2010 nr. 7 om endringer i lov om merverdiavgift, jf. Prop. 73 L (2009-2010) Endringer i lov om merverdiavgift, vedtok Stortinget at ved omsetning av klimakvotar til næringsdrivande og offentleg verksemd heimehørande i meirverdiavgiftsområdet, skal kjøparen av kvotane berekne og betale meirverdiavgift.

For kjøparar som er registrerte i Merverdiavgiftsregisteret, skal ein føre utgåande meirverdiavgift på kjøp av klimakvotar på den alminnelege omsetningsoppgåva, jf. meirverdiavgiftslova § 15-1 første ledd bokstav c. Mottakarar av klimakvotar som ikkje er registrerte i Merverdiavgiftsregisteret skal etter meirverdiavgiftslova § 15-6 andre ledd levere særskilt omsetningsoppgåve. Utgangspunktet etter meirverdiavgiftslova er at ein skal levere omsetningsoppgåve for kvar termin sjølv om ein ikkje bereknar meirverdiavgift i terminen.

For mottakarar av fjernleverbare tenester følgjer det av meirverdiavgiftslova § 15-7 første ledd tredje punktum at ein berre skal levere særskilt omsetningsoppgåve dei terminane ein skal berekne meirverdiavgift.

I Prop. 73 L (2009-2010) blei det ikkje foreslått å endre meirverdiavgiftslova § 15-7 første ledd tredje punktum slik at ho også omfattar kjøparar av klimakvotar som ikkje er registrerte i Meirverdiavgiftsregisteret. Departementet kan ikkje sjå at det er nokon grunn for at kjøparar av klimakvotar som ikkje er registrerte i Meirverdiavgiftsregisteret skal levere særskilt omsetningsoppgåve for terminar ein ikkje bereknar meirverdiavgift for. Departementet foreslår derfor å endre meirverdiavgiftslova § 15-7 første ledd tredje punktum slik at alle som brukar særskilt omsetningsoppgåve berre skal levere slik oppgåve for dei terminane ein bereknar meirverdiavgift.

§ 15-11

Meirverdiavgiftslova § 15-11 fjerde ledd andre punktum fastset kven som ber ansvaret for at opplysnings- og oppgaveplikta blir oppfylt i føretak og selskap. Føresegna er ei videreføring av § 51 i meirverdiavgiftslova frå 1969, som og nemner samvirkeføretak i oppregninga over samskipnader som skal gi oppgåver og opplysningar. Ved ein inkurie falt «samvirkeføretak» ut i den tekniske revisjonen av meirverdiavgiftslova. Departementet foreslår å ta «samvirkeføretak» inn i oppregninga i § 15-11 fjerde ledd over dei som skal gi oppgaver og opplysningar etter føresegna i lova.

§ 22-2

Etter meirverdiavgiftslova § 22-2 tredje ledd blir mellom anna § 9-4 oppheva med verknad frå 1. januar 2011. Rett paragraf er § 9-8, ikkje § 9-4.

11.2 Endringar i tollova

Tollova § 1-2 tredje ledd bokstav a viser til meirverdiavgiftslova 1969. Tilvisinga må rettast til meirverdiavgiftslova 2009.

11.3 Endringar i havressurslova

Havressurslova § 23 første ledd viser til den beløpsgrensa som gjeld for registrering i meirverdiavgiftsmanntallet etter meirverdiavgiftslova 1969 § 28 første ledd første punktum. I meirverdiavgiftslova 2009 er beløpsgrensa fastsett i § 2-1 første ledd første punktum. Havressurslova må endrast i tråd med dette.

11.4 Endringar i meirverdikompensasjonslova

I samband med vedtaking av ny lov om meirverdiavgift blei det i lov om kompensasjon av meirverdiavgift § 4 første ledd nr. 2 berre vist til meirverdiavgiftslova § 8-3. Det blei ikkje vist til meirverdiavgiftslova § 8-4. Kompensasjonslova må ha ein slik tilvisning, da det ikkje har vore tilsikta å endre dette regelverket.

11.5 Endringar i dokumentavgiftslova

Lov 16. juni 1989 nr. 53 om eiendomsmegling blei 1. januar 2008 erstatta av lov 29. juni 2007 nr. 73 om eiendomsmegling. Departementet foreslår at tilvisinga i dokumentavgiftslova § 6 andre ledd rettast opp, slik at ein viser til den nye lovas § 6-9 første ledd nr. 1, 2 eller 4.

Inntil 1. juli 2009 følgde det av dokumentavgiftslova § 7 fjerde ledd første punktum, jf. første ledd, at ved innløysing av festetomter skulle ein leggje salsverdien til grunn som dokumentavgiftsgrunnlag, med mindre innløysinga hadde skjedd «med heimel i lov til pris som er fastsett med heimel i [...] lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste». Frå 1. juli 2009 blei § 7 fjerde ledd første punktum endra slik at føresegna også viser til lov 7. juni 1996 nr. 33 om Opplysningsvesenets fond. Det går fram av Ot.prp. nr. 95 (2008-2009) avsnitt 8.1 at alle tomtefesteavtaler som blir regulerte av tomtefesteinstruksen skulle omfattast av endringa. Endringa i dokumentavgiftslova § 7 fjerde ledd omfatta likevel ikkje tomter som blir innløyst etter instruksen frå andre bortfestarar enn Opplysningsvesenets fond. På bakgrunn av dette foreslår departementet å endre dokumentavgiftslova § 7 fjerde ledd, slik at føresegna i staden viser til tomtefesteinstruksen.

Dokumentavgiftslova § 7 femte ledd andre punktum viser til lov 22. desember 1950 nr. 2. Denne lova blei erstatta av lov 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte o.a. (jordskifteloven). Departementet foreslår at tilvisinga rettast opp. § 7 femte ledd andre punktum nyttar vidare omgrepet «utskiftning». Departementet foreslår at ein endrar dette til omgrepet «jordskifte» som ein nyttar i dag.

11.6 Endringar i skattebetalingslova

§ 1-1

Skattebetalingslova § 1-1 regulerer lova sitt virkeområde. I tredje ledd bokstav c er det vist til lov 19. juni 1969 nr. 66 om merverdiavgift. Denne lova er oppheva og erstatta med lov 19. juni 2009 nr. 58 om merverdiavgift. Departementet foreslår at tilvisinga blir retta opp, og viser til forslag til oppretting av § 1-1 tredje ledd bokstav c.

§ 5-7

Skattebetalingslova § 5-7 gir regler om ytingar det ikkje skal gjennomførast forskottstrekk i. I § 5-7 første ledd bokstav b er det gitt regler om trekkfritak for mellom anna utbetaling av pensjon i desember månad.

Ved lov 6. mars 2009 nr. 14 om endringar i skatteloven mv. blei det frå 1. januar 2010 innført nye reglar om kjeldeskatt på pensjon. Kjeldeskatten er ein bruttoskatt, som blir betalt gjennom forskottstrekk etter den skattesatsen som blir fastsett for kjeldeskatten på pensjonar mv. i det årlege skattevedtaket til Stortinget, jf. skattebetalingslova § 5-6 første ledd bokstav g, jf. § 5-5 femte ledd. For at trekk gjennom året skal samsvare med utligna skatt kan det ikkje gjelde noko trekkfritak for desember månad for forskottstrekk til dekning av kjeldeskatt på pensjon. Dette bør klargjerast, og departementet viser til forslag til nytt tredje punktum i § 5-7 første ledd bokstav b.

§ 7-1

I skattebetalingslova § 7-1 første ledd første punktum er det vist til «fristene i § 4-7». Som følgje av at skattebetalingslova § 4-7 no er endra, slik at den berre inneheld ein frist, bør ordlyden her oppdaterast. Departementet viser til forslag til endring av § 7-1 første ledd første punktum.

§ 8-2

Skattebetalingslova § 8-2 gir særskilde regler om fordeling av skattefrådrag.

I skattebetalingslova § 8-2 første ledd anna punktum er det vist til skattelova § 17-10. Denne tilvisinga er overflødig, da det i anna punktum også er vist til første punktum, der skattelova § 17-10 også er nemnd. Departementet foreslår derfor at tilvisinga til skattelova § 17-10 i skattebetalingslova § 8-2 første ledd anna punktum fjernast. Departementet viser til forslag til endring av § 8-2 første ledd anna punktum.

§ 10-51

Skattebetalingslova § 10-51 bokstav f har dei siste åra blitt endra fleire gonger for å oppdatere tilvisingar til forskjellige regler i andre lover som har blitt oppheva eller endra. Først blei den endra ved lov 23. desember 2008 nr. 100 for å få inn ei tilvising til folketrygdlova § 24-4 tredje ledd, og for å fjerne tilvisinga til særavgiftslova § 4 første ledd. Denne endringa blei ved ein feil overskreve av ei tidligare endring, som trådde i kraft på eit seinare tidspunkt, og som berre hadde til hensikt å oppdatere tilvisinga til ny tollov. Denne feilen blei forsøkt oppretta ved endringslov 19. juni 2009 nr. 55. Men same dagen blei det vedteke to andre lover, nr. 49 og nr. 58, som begge to også endra § 10-51 bokstav f. Desse to endringslovane tok ikkje omsyn til endringslov nr. 55 eller til kvarandre. Endringslov nr. 49 gjaldt ei utviding av tilvisinga til likningsloven, og endringslov nr. 58 gjaldt oppdatering av tilvisinga til ny meirverdiavgiftslov. Endringslov nr. 58 kom sist, og er derfor gjeldande. Denne endringslova tek som nemnd ikkje omsyn til dei andre endringane, og det er derfor behov for å gjere opprettingar i § 10-51 bokstav f slik at endringane i endringslov nr. 49 og nr. 55 også kommer med. Departementet viser til forslag til oppretting i § 10-51 bokstav f.

§ 10-52

I skattebetalingslova § 10-52 er det vist til ansvarskrav etter lov 13. desember 1996 nr. 87 om skatt på honorar til utenlandske artister (artistskatteloven) § 8. Da det er § 7 i artistskattelova som regulerar kven det er som er ansvarleg for å gjennomføre og innbetale skattetrekk, bør tilvisinga i skattebetalingslova § 10-52 reflektere dette. Departementet viser til forslag til oppretting i § 10-52.

§ 10-60

Skattebetalingslova § 10-60 fjerde ledd blei endra ved lov 19. juni 2009 nr. 58 som følgje av ny meirverdiavgiftslov. Ved ein inkurie blei ordlyden samtidig endra frå «krav på utbetaling av merverdiavgift» til «krav på tilbakebetaling av merverdiavgift». Departementet foreslår at ordlyden endrast tilbake til «utbetaling», og viser til forslag til oppretting av § 10-60 fjerde ledd.

§ 11-4

Skattebetalingslova § 11-4 regulerer spørsmål om rentegodtgjersle. I tredje ledd er det vist til lov om 19. juni 1969 nr. 66 om merverdiavgift. Denne lova er oppheva og erstatta med lov 19. juni 2009 nr. 58 om merverdiavgift. Departementet foreslår at tilvisinga blir retta opp og viser til forslag til oppretting av § 11-4 tredje ledd.

§ 16-20

Skattebetalingslova § 16-20 andre ledd viser til at «bestemmelsen i første ledd første punktum gjelder tilsvarende.» Denne tilvisinga er misvisande. Det er her meint å vise til regelen om ansvarsavgrensing i første ledd tredje punktum. Departementet foreslår at tilvisinga blir retta opp, og viser til forslag til oppretting av § 16-20 andre ledd.

11.7 Endringar i skattelova

§ 2-38 Fritaksmetodens verknad for SE/SCE-selskap samt selskap heimehøyrande eller stifta i utlandet

Europeiske selskap og samvirkeføretak

Ved lov av 1. april 2005 nr. 14 om europeiske selskap (SE-lova) og lov av 30. juni 2006 nr. 50 om europeiske samvirkeføretak (SCE-loven) blei det gitt reglar om to nye føretaksformer. Lovene inkorporerte i norsk rett rådsforordning (EF) nr. 2157/2001 av 8. oktober 2001 om vedtektene for det europeiske selskap (SE) og rådsforordning (EF) nr. 1435/2003 om vedtektene for europeiske samvirkeføretak (SCE-føretak) i norsk rett.

I samsvar med SE-lova gjeld allmennaksjelova så langt ho passar for europeisk selskap med forretningskontor i Noreg. For europeisk samvirkeføretak med forretningskontor i Noreg gjeld samvirkelovgivinga så langt ho passar. Av Justisdepartementets merknader til lovutkasta i Ot.prp. nr. 17 (2004-2005) og Ot.prp. nr. 60 (2005-2006) går det fram at også andre reglar om allmennaksjeselskap og samvirkeføretak skal gjelde tilsvarande så langt dei passar for europeiske selskap og europeiske samvirkeføretak.

Føresegnene i bokstavane i og j i første ledd i skattelova § 2-38 blei innført ved lov 27. juni 2008 nr. 60 med verknad frå og med inntektsåret 2008, jf. avsnitt 10.1 i Ot.prp. nr. 59 (2007-2008). Her blei det presisert at europeiske selskap og samvirkeføretak er omfatta av fritaksmetoden som subjekt.

Departementet legg til grunn at det ikkje er naudsynt at skattelova presiserar at europeiske selskap og samvirkeføretak skattemessig skal handsamast likt med andre aksjeselskap og samvirkeføretak, når slik eins handsaming følgjer av forarbeida til lovene om europeiske selskap og samvirkeføretak. Når disse selskapsformene er uttrykkeleg nemnde i skattelova § 2-38 første ledd, kan det skape tvil ved tolkinga av skattereglar som ikkje nemner europeiske selskap eller samvirkeføretak. Ein foreslår derfor at disse selskapsformene heller ikkje nemnast i skattelova § 2-38 første ledd.

Departementet viser til forslag om at reglane i gjeldande bokstavar i og j i skattelova § 2-38 første ledd opphevast. Endringa vil ikkje ha materielle verknader.

Ein foreslår at endringa trer i kraft med verknad frå og med inntektsåret 2010.

Selskap som høyrer skattemessig heime i utlandet og selskap som er stifta i utlandet, men skattemessig høyrer heime i Noreg

Skattelova § 2-38 første ledd regulerer kva for selskap med vidare som er omfatta av fritaksmetoden som subjekt.

Norske selskap som er omfatta av skattelova § 2-38 første ledd bokstav a, er selskap som nemnt i skattelova § 2-2 første ledd bokstavane a til d. Dette er aksjeselskap og allmennaksjeselskap, sparebankar og anna sjølveigande finansieringsføretak, gjensidig forsikringsselskap og samvirkeføretak.

Gjeldande bokstav k i skattelova § 2-38 første ledd opnar for at utanlandske selskap kan vere omfatta av fritaksmetoden, dersom dei tilsvarer norske selskap som omfattast. Med utanlandske selskap etter denne regelen meinast selskap som skattemessig ikkje høyrer heime i Noreg. Slike selskap kan vere stifta i utlandet eller i Noreg. Regelen i bokstav k bør etter departementets syn presiserast slik at denne forståinga kjem klårt fram. Ein viser til utkast til endring i skattelova § 2-38 første ledd bokstav i. Bokstav i vil erstatte bokstav k når innhaldet i dei gjeldande bokstavane i og j blir oppheva, sjå avsnittet foran om europeiske selskap og samvirkeføretak. Det er ønskeleg å presisere forståinga av omgrepet «utenlandsk selskap» i § 2-38 andre ledd bokstav a på tilsvarande måte. Ein viser til utkast til endring av skattelova § 2-38 andre ledd bokstav a.

Når det gjeld selskap med vidare som er stifta etter utanlandsk rett, men som flytter leiinga til Noreg og blir skattemessig heimehøyrande her etter skattelova § 2-2 første ledd, er det sikker rett at slike selskap skal kunne vere omfatta av fritaksmetoden. Dette er også lagt til grunn i likningspraksis. Denne forståinga går likevel ikkje direkte fram av ordlyden. Departementet foreslår derfor at dette presiserast. Ein viser til utkast til endring av skattelova § 2-38 første ledd bokstav a.

Desse presiseringane vil ikkje ha materielle verknader.

Ein foreslår at endringane trer i kraft straks med verknad frå og med inntektsåret 2010.

§ 6-30

Ved lov 27. juni 2008 nr. 62 om individuell pensjonsordning blei det gitt heimel for frådrag for kostnader til den nye pensjonsordninga i skattelova § 6-47 første ledd bokstav c. Samstundes blei bokstavane c, d og e i § 6-47 første ledd endra til nye d, e og f. Ved ei feil blei tilvisinga i skattelova § 6-30 andre ledd første punktum til § 6-47 første ledd bokstavane c til e ikkje endra på same måten. Rett tilvising skal vere til skattelova § 6-47 første ledd bokstavane d til f. Departementet foreslår derfor at skattelova § 6-30 andre ledd første punktum endrast i samsvar med dette.

11.8 Endringar i folketrygdlova

§ 23-2

Folketrygdlova § 23-2 regulerer kva for ytingar som det skal betalast arbeidsgivaravgift av. Tredje ledd omhandlar naturalytingar og godtgjeringar som skal dekke utgifter i samband med utføring av arbeid, oppdrag eller verv, og viser til lov om betaling og innkrevjing av skatt 21. november 1952 nr. 2 §§ 5 og 6. Denne lova er oppheva og erstatta med lov 17. juni 2005 nr. 67 om betaling og innkrevjing av skatte- og avgiftskrav (skattebetalingslova). Departementet foreslår at tilvisinga blir retta opp, og viser til forslag til oppretting av folketrygdlova § 23-2 tredje ledd.

11.9 Dobbel heimel til å frita frå teieplikta i samband med vitneprov for retten i sakar som gjeld likning, toll og meirverdiavgift - endringar i likningslova, tollova og meirverdiavgiftslova

Likningslova § 3-13, tollova § 12-1 og meirverdiavgiftslova § 13-2

Likningslova § 3-13 nr. 3 bokstav b, tollova § 12-1 tredje ledd bokstav b og meirverdiavgiftslova § 13-2 tredje ledd bokstav b har føresegn om unntak frå teieplikta for opplysningar som blir gitt som «vitneprov eller dokumenttilgang under rettergang», når departementet samtykkjer i dette. Det same er lovfesta i straffeprosesslova § 118 og tvistelova § 22-3 andre ledd. Departementet har såleis dobbel heimel til å frita frå teieplikta i samband med vitneprov for retten i sakar som gjeld likning, toll og meirverdiavgift.

Årsaka til at departementet har dobbel heimel er historisk. Før gjekk det ikkje fram av rettsstellovene at det er departementet som må samtykkje til unntak frå teieplikta. Avgjerdsmakta låg til «vedkommende myndighet». Det var derfor nødvendig å ha eigne føresegner som gjorde det klart at avgjerdsmakta ligg hos departementet.

No er det lovfesta direkte i rettsstellovene at det er vedkomande departement som har kompetanse til å frita frå teieplikta. Dei nemnde føresegnene i likningslova, tollova og meirverdiavgiftslova er derfor overflødige.

Departementet meinar at dei doble heimlane gjer at regelverket kan verke uklart. Etter departementet sitt syn vil regelverket bli meir oversiktleg dersom føresegna i likningslova § 3-13 nr. 3 bokstav b, tollova § 12-1 tredje ledd bokstav b og meirverdiavgiftslova § 13-2 tredje ledd bokstav b blir oppheva. Forslaget inneber inga realitetsendring.

Departementet viser til forslag om å oppheve likningslova § 3-13 nr. 3 bokstav b, tollova § 12-1 tredje ledd bokstav b og meirverdiavgiftslova § 13-2 tredje ledd bokstav b.