8 Fritak frå grunnavgifta på fyringsolje for tang- og taretrålarar

Mineralolje til bruk i skip i utanriks fart, gods- og passasjertransport i innanriks sjøfart, fiske og fangst i nære og fjerne farvatn og forsyningsflåten på kontinentalsokkelen er friteke for grunnavgift på fyringsolje. Mineralolje til tilnærma alle skip i næring har dermed fritak.

Fritaket for fiske og fangst i nære farvatn gjeld skip som er ført opp i Registeret over merkepliktige norske fiskefartøy. Tang- og taretrålarar kan ikkje oppførast i registeret og har derfor ikkje avgiftsfritak. Departementet kan ikkje sjå nokon grunn til at tang- og taretrålarar skal betale avgift når alle andre skip har fritak. Departementet legg derfor fram forslag om at mineralolje til skip som blir nytta til tang- og taretråling blir friteke for avgift. Det blir anslått at endringa vil gi eit provenytap på om lag ½ mill. kroner påløpt og bokført i 2010.

Tang- og taretråling er fiske og fangst som er utanfor EØS-avtala og fritaket kan derfor innførast utan omsyn til regelverket for offentleg støtte i EØS-avtala.