Forslag til vedtak om endringar i Stortingets vedtak 26. november 2009 om avgift på sluttbehandling av avfall for budsjetterminen 2010

Frå 1. oktober 2010 gjer ein følgjande endringar i Stortingets vedtak 26. november 2009 om avgift på sluttbehandling av avfall for budsjetterminen 2010:

§ 3 blir oppheva.

§ 4 andre ledd blir oppheva. Gjeldande tredje ledd blir andre ledd.

Gjeldande §§ 4, 5 og 6 blir §§ 3, 4 og 5.