Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


R

Rederiskatteordningen

I 2007 blei det vedtatt ei omlegging av reiarlagskatteordninga. Etter reglane som gjaldt før 2007, blei inntekter frå skipsfart skattlagt ved utdeling av utbytte eller ved utsteg av ordninga. Dei nye reglane fører til endeleg skattefritak for inntekter frå skipsfart som er tent opp frå og med 2007. Det blei vedtatt overgangsreglar for handsaming av inntekter frå skipsfart som alt var tent opp, men inntil vidare ikkje skattlagt. Overgangsreglane gjekk ut på betaling av to tredelar av dei latente skatteskyldnadene, fordelt på 10 år. For den siste tredelen blei det gitt høve til skattefritak gjennom ei miljøfondsordning.

I ein dom av 12. februar 2010 om reiarlagskatteordninga og Grunnlova kom Høgsterett til at den obligatoriske betalinga av to tredelar etter overgangsreglane frå 2007 er i strid med forbodet i Grunnlova mot å gi lover tilbakeverkande kraft. Regjeringa legg difor framlegg om endringar i overgangsreglane. Endringane går ut på ei avvikling av føresegna om obligatorisk betaling av latente skatteskyldnader.

Regjeringa foreslår å endre rekkjefølgjereglane, slik at ikkje skattlagde inntekter frå før 2007 skal haldast for å vere tatt ut som utbytte mv før all anna kapital. Uttak av ikkje skattlagde inntekter vil føre med seg skatt. Vidare foreslår ein å avvikle miljøfondsordninga. Avviklinga av miljøfondsordninga får likevel ikkje verknad for avtaler i samband med miljøtiltak som alt er inngått. Regjeringa gjer også fremlegg om å innføre eit krav om minste andel realkapital for selskap som har latente skatteskyldnader frå før 2007. Ein foreslår óg å stramme inn forbodet mot å yte lån og stille sikkerheit for selskap med latente skatteskyldnader frå før 2007. Samstundes foreslår ein å innføre eit unntak frå låneforbodet i samband med konsernbidrag, slik at det skal vere praktisk mogeleg å ta imot slike bidrag også for selskap med latente skatteskyldnader frå før 2007.

Som eit alternativ til denne nye basisordninga for handsaming av ikkje skattlagde inntekter frå før 2007, foreslår Regjeringa ei friviljug oppgjersordning for dei latente skatteskyldnadene. Etter denne friviljuge oppgjersordninga kan reiarlagselskapa velje ein endeleg skattlegging av den ikkje skattlagde inntekta med om lag 6,7 prosent. Ordninga er utforma slik at 10 prosent av oppgjerskontoen (som svarar til to tredeler av den samla, ikkje skattlagde inntekta) skal betalast i skatt. Skatten skal betalast over åra 2011–2013. Den tredelen av dei latente skatteskyldnadene som er knytt til miljøfondsordninga, skal etter forslaget ettergjevast.

Les meir i proposisjon til Stortinget.