Budsjettspørsmål

Søk i spørsmål og svar

Begrens listen på kategori
Begrens listen på parti
Sortering



Oversikt over spørsmål om norsk økonomi

  • Svar på spm. 23 fra Finanskomiteen/SVs fraksjon av 21. mai 2014

    Vedr. IMF

    Publisert: 06.06.2014 09:09
  • Svar på spm. 7 fra Finanskomiteen/Sosialistisk Venstrepartis fraksjon av 23. mai 2014

    Vedr. driftsutgiftene til UDI

    Publisert: 05.06.2014 16:33
  • Svar på spm. 60 fra Finanskomiteen/Senterpartiets fraksjon av 20. mai 2014
    Vedr. dagpengeregelverket Publisert: 04.06.2014 08:44
  • Svar på spm. 33 fra Finanskomiteen/Senterpartiets fraksjon av 20. mai 2014
    Vedr. stønadsordninger og utenlandske statsborgere Publisert: 03.06.2014 12:27
  • Svar på spm. 34 fra Finanskomiteen/Senterpartiets fraksjon av 20. mai 2014
    Vedr. sykepenger til selvstendige Publisert: 03.06.2014 11:54
    "Regjeringa føreslår å redusera løyvinga til Kap. 2650, post 71 (Sjukepengar for sjølvstendige) med 50 mill. kroner frå 1 650 mill. kroner i saldert budsjett. Korleis kan 50 mill. kroner finansiera ei styrka sjukepengeordning for sjølvstendig næringsdrivande (reduksjon i karensdagar, auka refusjonssats)?"

    Spørsmålet er forelagt Arbeids- og sosialdepartementet, som har gitt følgende svar:

    Løyvinga under kap. 2650, post 71 (Sjukepengar for sjølvstendige) er ei overslagsløyving. Det betyr at løyvinga blir endra i henhold til forventa utbetalingsbehov.

    Det er lagt til grunn at det er ønskeleg å gjere synleg kva endringar i sjukepengeordninga for sjølvstendige som kan bli finansiert innanfor ei ramme på 50 mill. kroner. Det er difor rekna ut kor mykje kompensasjonsgraden for sjølvstendige kan bli auka og kor mange dagar ein kan redusera ”ventetida” for sjølvstendige innanfor ei ramme på 50 mill. kroner.

    Økt kompensasjonsgrad til 70 pst.

    Sjukepengeutgiftene for sjølvstendige var i 2013 på nær 1 621 mill. kroner. Utbetalingane omfattar óg sjukepengar til næringsdrivande som har teikna forsikring. Dvs. at i tillegg til dei obligatoriske sjukepengane med eit kompensasjonsnivå på 65 pst. frå 17. dag, omfattar utbetalingane óg sjukepengar til sjølvstendige som har teikna forsikring for å få

    - 65 pst. av sjukepengegrunnlaget frå 1. sjukedag,

    - 100 pst. av sjukepengegrunnlaget frå 17. sjukedag,

    - 100 pst. av sjukepengegrunnlaget frå 1. sjukedag.

    I tillegg omfattar posten sjølvstendige innan primærnæringane som har teikna frivillig eller har kollektiv forsikring med 100 pst. dekning frå hhv. 1. eller 17. sjukedag.

    Med utgangspunkt i sjukepengeutgiftene for sjølvstendige i 2013, finn vi at utgiftene i 2013 ville vore på 1 142 mill. 2013-kroner om alle hadde fått utbetalt 65 pst. frå 17. dag. Basert på føresetnadane som er lagt til grunn i Prop. 93 S (2013-2014), svarer dette i 2014 til om lag 1 155 mill. 2014-kroner.

    For jordbrukarar og fiskarar er dekninga fom. 17. dag allereie 100 pst. som følge av kollektivavtaler. Dette betyr at ei oppjustering av refusjonsgraden ikkje vil ha noko å seie for folketrygda sine utgifter til desse gruppene. Om vi skiljer frå pliktig del av utgiftene til jordbrukarar og fiskarar med kollektivavtale, berekna til 326 mill. kroner i 2014, får vi at folketrygda sine utgifter for sjukefråvær fom. 17. dag ekskl. dei som er omfatta av kollektivavtalene vert på 829 mill. kroner.

    Ei auke av refusjonsgraden frå 65 til 69 pst. vil gje ein årleg effekt på 50 mill.kroner.

    Redusert ventetid

    Arbeids- og sosialdepartementet tolkar omgrepet «reduksjon i karensdagar» som ein reduksjon av talet på fråværsdagar dei sjølvstendige sjølv må finansiera – i dag 16 dagar.

    Folketrygda sine utgifter i 2014 for sjukefråvær fom. 17. dag dersom alle får 65 pst. dekning, ekskl. dei som er omfatta av kollektivavtalene, vert på 829 mill. kroner.

    Det er ingen statistikk over antall sjukefraværsdager for sjølvstendige dei første 16 dagene. Det er difor tatt utgangspunkt i sjukefraværsstatistikken for arbeidstakare.

    Sjukefråværsstatistikken for 2012 syner at om lag 37 pst. av arbeidstakarane sine legemeldte dagar fann stad dei første 16. dagane. Justert for sjukepengegrad og inkl. anslag for dei eigenmeldte dagane stod denne perioden for om lag 41 pst. av det totale sjukefråværet blant arbeidstakarar. Fordelinga av dagane vert forutsatt uendret frå 2012 til 2014.

    Fordi dei sjølvstendige må betale dei første 16. dagane sjølve, antar vi at korttidsfråværet deira totalt er noko lågare enn for arbeidstakarane. Men vi forventar at det først og fremst er fråværet dei første 10 dagane som skil seg frå arbeidstakarane sitt fråvær. Vi antar derfor at den delen av fråværet som finn stad frå 11. til 16. dag, er den same for dei sjølvstendige som for arbeidstakarane.

    Ein reduksjon av den egenfinansierte perioden frå 16 til 11 dagar, vil gje ein årleg effekt på om lag 50 mill. kroner.

    Det er ikkje høve til å seie noko om forsikringsåtferda og dermed premieinntektene vil bli endra som følge av endra refusjonsgrad eller ventetid.

  • Svar på spm. 5 fra Finanskomiteen/Sosialistisk Venstrepartis fraksjon av 21. mai 2014
    Vedr. klimaeffekt av Revidert budsjett 2014 Publisert: 28.05.2014 15:13
  • Svar på spm. 36 fra Finanskomiteen/Arbeiderpartiets fraksjon av 21. mai 2014
    Vedr. arbeidsmarkedstiltak Publisert: 28.05.2014 14:46
  • Svar på spm. 5 fra Finanskomiteen/Senterpartiets fraksjon av 20. mai 2014

    Vedr. EUs finanstilsynsbyråer

    Publisert: 28.05.2014 13:52