Budsjettspørsmål

Søk i spørsmål og svar

Begrens listen på kategori
Begrens listen på parti
Sortering



Oversikt over spørsmål om norsk økonomi

  • Svar på spm. 23 fra Finanskomiteen/SVs fraksjon av 21. mai 2014

    Vedr. IMF

    Publisert: 06.06.2014 09:09

    Kva krav stiller IMF til Ukraina som føresetnad for å utbetale den økonomiske bistanden regjeringa legg opp til at Noreg skal bidra til?

    30. april vedtok styret i IMF eit toårig stabiliseringsprogram med Ukraina. IMF har vurdert Ukraina sitt samla finansieringsbehov til om lag 27 mrd. USD over programperioden. Av dette dekker lån frå IMF 17 mrd. USD, mens resten blir dekt av Verdsbanken, EU, EBRD og enkeltland. Bilateral støtte frå Noreg er ikkje rekna inn i dette. Noreg bidrar gjennom sitt medlemskap i IMF, Verdsbanken og EBRD, og vår del av finansieringa av desse institusjonane. I tillegg foreslår Regjeringa i Prop. 93 S (2013-2014) å auke den norske bilaterale bistanden til Ukraina i 2014 med 110 mill. kroner til 150 mill. kroner. Regjeringa vil vurdere å gi delar av dette som budsjettstøtte. Men eventuell budsjettstøtte vil bare bli utbetalt om IMF sitt styre godkjenner framdrifta for IMF-programmet, og tidlegast ved den tredje gjennomgangen av programmet som er planlagt i september i år.

    For å kunne gi lån må IMF bli einig med styresmaktene i landet om tiltak for å rette opp dei økonomiske ubalansane som har ført landet ut i krisa. Utbetaling av dei ulike transjane i IMF-lånet bygger på at desse tiltaka blir gjennomførte. I Ukraina sitt tilfelle er det avtalt tiltak som omfattar penge- og valutapolitikken, budsjettpolitikken, finanssektoren, energisektoren, og ikkje minst kvaliteten på offentlege institusjonar. Korrupsjon er eit stort problem i Ukraina, og det skal gjennomførast reformer for å gjere styresettet betre og meir ope.

    Nokre av dei viktigaste tiltaka er:

    • Vidareføre ein fleksibel valutakurs og rette pengepolitikken inn mot prisstabilitet (fastkurspolitikken blei gitt opp i slutten av februar).
    • Rette opp tilliten til finanssektoren ved å sikre likviditeten i bankane, restrukturere og rekapitalisere banksystemet, og gjennomgå og forbetre rammeverket for regulering og overvaking av sektoren.
    • Redusere budsjettunderskottet gradvis gjennom tiltak både på inntekts- og utgiftssida. På utgiftssida vil styresmaktene mellom anna avlyse aukingar som skulle gjennomførast det neste halve året i offentlege lønningar, pensjonar og stønadar. På inntektssida finn ein mellom anna tiltak for betre innkreving av skattar og avgifter, avlysing av ein planlagt reduksjon i momssatsen og eit enklare avgiftssystem for drivstoff.
    • Modernisere og effektivisere energisektoren, inkludert det statlege selskapet Naftogaz. Den store belastinga på statsbudsjettet frå energipolitikken skal reduserast, mellom anna ved reduksjon i energisubsidiane. Samstundes skal det sosiale sikkerheitsnettet styrkast, og 25-30 pst. av dei mest sårbare i befolkninga skal kompenserast fullt ut for den auka energiprisen.
    • Gjennomføre strukturelle reformer for å betre styresettet og redusere korrupsjonen, og dermed også betre investeringsklimaet. Som ein start har parlamentet allereie vedteke ein ny lov om offentlege innkjøp. Reglane mot kvitvasking skal bli betre, og styremaktene vil arbeide saman med Verdsbanken og andre internasjonale partnarar for å få tilbake eigendelar som er stolne av korrupte tenestemenn. Ein plan for det vidare arbeidet skal utformast før den første gjennomgangen av programmet i IMF-styret, som er planlagt i slutten av mai.

    Ei fullstending oversikt over innhaldet i Ukrainas stabiliseringsprogram kan ein finne i dokumentet som låg til grunn for godkjenninga i IMF-styret: http://www.imf.org/external/pubs/ft/scr/2014/cr14106.pdf

  • Svar på spm. 7 fra Finanskomiteen/Sosialistisk Venstrepartis fraksjon av 23. mai 2014

    Vedr. driftsutgiftene til UDI

    Publisert: 05.06.2014 16:33
  • Svar på spm. 60 fra Finanskomiteen/Senterpartiets fraksjon av 20. mai 2014
    Vedr. dagpengeregelverket Publisert: 04.06.2014 08:44
  • Svar på spm. 33 fra Finanskomiteen/Senterpartiets fraksjon av 20. mai 2014
    Vedr. stønadsordninger og utenlandske statsborgere Publisert: 03.06.2014 12:27
  • Svar på spm. 34 fra Finanskomiteen/Senterpartiets fraksjon av 20. mai 2014
    Vedr. sykepenger til selvstendige Publisert: 03.06.2014 11:54
  • Svar på spm. 5 fra Finanskomiteen/Sosialistisk Venstrepartis fraksjon av 21. mai 2014
    Vedr. klimaeffekt av Revidert budsjett 2014 Publisert: 28.05.2014 15:13
  • Svar på spm. 36 fra Finanskomiteen/Arbeiderpartiets fraksjon av 21. mai 2014
    Vedr. arbeidsmarkedstiltak Publisert: 28.05.2014 14:46
  • Svar på spm. 5 fra Finanskomiteen/Senterpartiets fraksjon av 20. mai 2014

    Vedr. EUs finanstilsynsbyråer

    Publisert: 28.05.2014 13:52