Oversikt over skatte- og avgiftsendringar i Revidert nasjonalbudsjett 2017

Nye og utvida skattefavoriserte pensjonsordningar
Regjeringa fylgjer opp Sundvolden-erklæringa og foreslår å innføre ei ny ordning med skattefavorisert individuell sparing til pensjon. I ordninga skal det vere lik skattesats ved innskot og uttak. Det årlege sparebeløpet vert heva frå 15 000 til 40 000 kroner. Forslaget gir ei skattelette på om lag 430 millionar kroner på årsbasis.

Vidare foreslår regjeringa å utvide dagens ordning med skattefavorisert pensjonssparing for sjølvstendig næringsdrivande. Maksimalt frådrag vert auka frå 4 til 6 prosent av berekna personinntekt frå næring. Forslaget gir ein skattelette på om lag 150 millionar kroner på årsbasis.

Skattelette for pensjonistar
Regjeringa foreslår å gi ein skattelette på om lag 840 millionar kroner påløpt i 2017 til dei som allereie er pensjonistar. Skatteletten vert gjeven ved å auke minstefrådrag for pensjon.

Skatteinsentivordning for oppstartsselskap
For å fremje omstilling er det nødvendig å starte og utvikle nye bedrifter. Regjeringa foreslår difor at det vert innført ei skatteinsentivordning for langsiktige investeringar i oppstartsselskap. Ordninga inneber at personlege skattytarar som investerer direkte eller indirekte i aksjeselskap som er seks år eller yngre og under ein viss storleik, får rett til frådrag i alminneleg inntekt for opptil 500 000 kroner i årlege investeringar. Forslaget gir ein skattelette på om lag 330 millionar kroner påløpt i 2017 som i sin heilskap vert bokført i 2018. Vidare vil Regjeringa i 2018-budsjettet kome med forslag til endringar i skattlegginga av opsjonar for tilsette i små nystarta selskap.

Statens pensjonsfond utland
Regjeringa foreslår å innføre eit skattefritak for passiv avkasting i Statens pensjonsfond utland som vert opptent i selskap som er heileigd av Noregs Bank.

Produktavgift i fiskeri-, kval- og selfangstnæringa
Regjeringa foreslår å redusere produktavgifta i fiskeri-, kval- og selfangstnæringa frå 2,3 prosent til 2,2 prosent.

Miljøvennleg omlegging av eingongsavgifta for motorsyklar
Regjeringa foreslår å legge om eingongsavgifta for motorsyklar i miljøvennleg retning. Dette vert gjort ved å innføre ein progressiv CO2-komponent som erstattar dagens avgift på motoreffekt og stykkavgift. Det er lagt til grunn at inntektene frå avgifta er om lag uendra. Forslaget fylgjer opp eit oppmodingsvedtak frå behandlinga i Stortinget av 2017-budsjettet. I Revidert nasjonalbudsjett 2017 er det òg omtale av differensiering av eingongsavgifta for ladbare hybridbilar etter elektrisk rekkevidde og ny køyresyklus for utsleppsmåling i eingongsavgifta.

Finansskatt
Som oppfølging av finansskatten vert det foreslått justeringar i konsernbidragsreglane og unntaksregelen for finansskatteplikt.

Meirverdiavgiftskompensasjon – kommunesamanslåingar
Regjeringa foreslår endringar i meirverdiavgiftskompensasjonsloven for overdragingar av fast eigedom m.m. som ledd i kommunesamanslåingar og -delingar.

Meirverdiavgiftskompensasjon for friskular
Regjeringa foreslår å utvide ordninga med meirverdiavgiftskompensasjon til å omfatte opplæring av vaksne elevar utan rett til vidaregåande opplæring ved frittståande skular.

Formuesskatt
Det vert gjort tre endringar i reglane i skatteloven om verdsetjingsrabatt i formuesskatten.

Skogvern
Frå 2017 er det gitt reglar om at skattefritaket for gevinst ved skogvern også gjeld for deltakarar i skogsameige. Regjeringa orienterer om at deltakarar som tidlegare er blitt skattlagt vil kunne få skattelemping.

Omtale av CO2-fond
Stortinget har bedt regjeringa om å setje i gang ein prosess med aktuelle næringsorganisasjonar om å etablere ein miljøavtale med tilhøyrande CO2-fond. I tråd med dette rapporterer regjeringa i Revidert nasjonalbudsjett 2017 om prosess, innretting og mogleg tidsløp for eit slikt fond.

Revidert nasjonalbudsjett inneheld òg enkelte opprettingar og presiseringar i lovtekst. Ein omtalar òg enkelte andre oppmodingsvedtak, mellom anna vurderinga av ei materialavgift og vurderinga av eit meirverdiavgiftsfritak for all digital journalistikk.

Les meir i Prop. 130 LS (2016–2017) Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga og i Meld. St. 2 (2016–2017) Revidert nasjonalbudsjett 2017 kapittel 4.