Statsbudsjettet

Nr.:

16/2018

Dato:

15.05.2018

Kontakt:  

Finansdepartementets pressetelefon , Telefon +47 22 24 44 11

 PDF versjon for utskrift

Betre skattereglar for naturalytingar i arbeidsforhold

Mange arbeidsgjevarar opplever skattereglane for naturalytingar som uklåre og delvis utdaterte. Regjeringa legg no fram endringar som vil klårgjere viktige delar av regelverket. Det vil verte enklare å gjere ting rett.

– Det har lenge vore behov for å forbetre reglane om naturalytingar. Framlegga frå regjeringa vil ta bort mykje av uvissa som næringslivet opplever på grunn av uklåre reglar. Vi tek òg bort utdaterte og kompliserande særreglar. Samla sett vil dei nye reglane gjere det enklare for næringslivet å gjere ting rett, seier finansminister Siv Jensen (FrP).

Næringslivet og skattestyresmaktane er samde om at reglane bør gjerast klårare og enklare å etterleve. Sivilombodsmannen har òg oppmoda lovgjevar om å avklåre kven som skal ha plikt til å rapportere, gjera forskotstrekk og svare arbeidsgjevaravgift når tilsette får naturalytingar gjennom ein tredjepart.

Skattedirektoratet har hatt framlegg til endringar på høyring, og framlegget frå regjeringa byggjer i hovudsak på desse, men med nokre tilpassingar.

Hovudgrepa er å gjere det klårt at det er arbeidsgjevaren til dei tilsette som skal ha plikt til å rapportere m.m. òg når ytinga kjem gjennom ein tredjepart, og å erstatte gjeldande skjønsmessige vilkår for skattefritak for personalrabattar med ei beløpsgrense. Samstundes vil vi modernisere og forenkle reglane om mellom anna fri avis og overtidsmat.

Formålet med endringane er å gjere reglane enklare og klårare, meir rettferdige og betre tilpassa samfunnet slik det er i dag. Fleire av rutinane m.m. som arbeidsgjevarane må ha for å følgje skattepliktene vil vere høvelege som vern mot korrupsjon og anna uheldig påverknad frå tredjepartar. Endringane legg òg til rette for betre etterleving. Regjeringa legg opp til at endringane samla sett ikkje skal endre dei samla skatteinntektene.

For å gje arbeidsgjevarane tid til å gå gjennom reglar, rutinar og system for ytingar til dei tilsette, legg regjeringa opp til at endringane skal gjelde frå inntektsåret 2019. Regjeringa kjem i statsbudsjettet for 2019 attende til fastsetjing av beløpsgrensa for skattefrie personalrabattar.

Les meir i Prop. 86 LS (2017–2018) Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga