Justisdepartementet

Regjeringa foreslår ei samla utgiftsløyving på Justisdepartementet sitt budsjett på om lag 11,8 milliardar kroner i 2002. For Regjeringa er den viktigaste satsinga på justisområdet i 2002 å redusere kriminaliteten og ivareta tryggleiken i samfunnet og for enkeltmennesket.

Det er svært viktig for Regjeringa å hindre at barn og unge startar ei kriminell karriere. Både førebygging og rask reaksjon overfor ungdommar er viktig. Sentralt for neste år er å få til ei raskare avvikling av straffesaker og å redusere tilbakefall for innsette ved å betre innhaldet i soninga og førebu frisetting.

Fornying
Fornying av justisforvaltninga er ei prioritert oppgåve neste år. Regjeringa ønskjer ei meir open, kvalitetsmedviten og effektiv forvaltning. Sentralt i dette arbeidet er halveringa av talet på politidistrikt frå 54 til 27, reduksjonen i talet på førsteinstansdomstolar frå 92 til 66 og etableringa av ein ny sentral domstolsadministrasjon i Trondheim. Dette skal gje fleire politifolk på gatene og mindre sårbare domstolar med eit breiare fagleg miljø, samt sikre god rekruttering.

Politi og påtalemakt
Politiet får løyving til 90 stillingar som vart oppretta i samband med Revidert nasjonalbudsjett i år. Regjeringa foreslår også ei løyving til det såkalla "bakmannsprosjektet" som vart etablert 1. oktober i år. Formålet med prosjektet er å avsløre bakmennene i alvorleg narkotikakriminalitet, smugling og kvitvasking av pengar. Prosjektet rår over 30 årsverk. Reelt sett vert det foreslått om lag 128 millionar kroner i økt løyving til politiet og påtalemakta.

Domstolane
Domstolane skal framleis ha eit høgt aktivitetsnivå neste år. Eit sakshandsamingssystem for domstolane (LOVISA) skal utviklast vidare. Dette vil, saman med andre IT-investeringar i straffesakskjeda, medverke til administrative forenklingar og gjere sakshandsaminga i straffesaker meir effektiv. Regjeringa foreslår ei reell auke i løyvingane til domstolane med 80,5 millionar kroner.

Kriminalomsorg
Regjeringa skal arbeide for å redusere soningskøane til fengsla. Difor foreslår Regjeringa ei reell auke i løyvinga til kriminalomsorga på 35 millionar kroner. Regjeringa opprettheld eit høgt inntak ved Kriminalomsorga sitt utdanningssenter (KRUS) på om lag 150 nye aspirantar neste år. Det er også sett av 40 millionar kroner til vidare arbeid med det nye fengslet i Østfold. Det er sett av 17 millionar kroner til forvaringsordninga ved Ila fengsel, som trer i kraft frå 1. januar 2002.

Andre saker
Regjeringa foreslår å nytte 30 millionar kroner for å førebu eit nytt digitalt radiosamband (TETRA) for nød- og tryggingsetatane (brann, helse og politi). Til erstatningsordninga for nordmenn eller etterlatne som sat i japansk fangenskap i andre verdskrig, foreslår Regjeringa 46 millionar kroner. Til konfliktråda vert det foreslått 1,5 millioner kroner meir neste år, mellom anna for å korte ned sakshandsamingstida.

Hovudtal i Justisdepartementets forslag til budsjett. Millionar kroner

 

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

Endring i prosent

Justissektoren

Administrasjon

207,8

210,4

1,3

Rettsvesen

1 161,5

1 278,6

10,1

Kriminalomsorg

1 548,9

1 658,5

7,1

Politi og påtalemakt

6 354,4

6 632,3

4,4

Redningstenesten, samfunnstryggleik og beredskap

604,8

633,7

4,8

Andre verksemder*

329,4

502,6

52,6

Erstatningar, tilskott mv.*

525

757,8

44,4

Svalbardbudsjettet**

61,2

101,0

64,9

Sum Justisdepartementet

10 793,0

11 774,8

9,1

Merknader til tabellen
*Forslaget til auka løyving heng mellom anna saman med at det er lagt inn heilårsverknad av meirverdiavgiftsreforma og moms på advokattenester, opptrapping av den offentlege advokatsalærsatsen og oppjusteringar på bakgrunn av erfaringstal.
** Longyearbyen lokalstyre som vert oppretta 01. januar 2002 tek samstundes over eigarskapen av Svalbard Samfunnsdrift AS.