Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


L

Landbrukets verdiskapingsprogram

Regjeringa Stoltenberg meiner det er nødvendig å auke verdiskapinga og vidareforedlinga i landbruket. Det er derfor starta opp tre verdiskapingsprogram:

  • Verdiskapingsprogram for norsk matproduksjon. Programmet legg til rette for verdiskaping på matområdet med utgangspunkt i utvikling av nye og særeigne produkt som ofte krev ein endra innfallsvinkel til produksjon og omsetning m.m. i heile verdikjeda. Det er sett av 150 millioner kroner til programmet i budsjettforslaget når ein reknar med midlane under Konkurransestrategiar for norsk mat.
  • Verdiskapingsprogrammet for bruk og foredling av trevirke. Hovudmålet med dette programmet er høgare foredling og auka marknadsorientering i heile verdikjeda for med det å auke lønnsemda i skogbruket. Det er gjort framlegg om å auke løyvinga til dette programmet med 7,5 millioner kroner til 32,5 millioner kroner. Det stramme budsjettopplegget gjer at departementet må redusere løyvingane til skogkultur med 20 millioner kroner. Dette vil føre med seg lågare tilskottssatsar og truleg redusert aktivitet i skogbruket. Grunneigarane må derfor ta eit større ansvar for investeringane i eigen skog.
  • Verdiskapingsprogram for reindrifta. Føremålet med programmet er å leggje til rette for auka verdiskaping for reindriftsnæringa. Ramma for dette programmet er 7 millioner kroner.