Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


L

Luftfart

Regjeringa Stoltenberg gjer framlegg om å løyve i alt 1 254,4 millionar kroner til luftfartsføremål i 2002. Dette er ein auke på 6,1 prosent, samanlikna med saldert budsjett for 2001.

Utgiftene til drift og investeringar for det statlege luftfartsnettet vil også i 2002 i all hovudsak bli dekte av dei inntektene staten har frå luftfarten, det vil seie inntekter frå luftfartsavgifter og frå forretningsverksemd ved flyplassane.

412,4 millionar kroner skal nyttast til statleg kjøp av flyrutetenester, på regionale flyrute- strekningar som ikkje er bedriftsøkonomisk lønsame. Dette er ein auke med nær 25 millionar kroner eller om lag 6,3 prosent, i høve til saldert budsjett for 2001.

97 millionar kroner er sette av som tilskott for å dekkje delar av utgiftene til drift og investeringar ved dei regionale lufthamnene som staten overtok i 1997 og 1998.

Til investeringar ved lufthamnene, utanom Oslo lufthamn Gardermoen, er det gjort framlegg om i alt 598,4 millionar kroner. Dette er om lag 100 millionar kroner lågare enn for i år.

Lågare flytrafikk og auka kostnader er den viktigaste forklaringa til at økonomien til Luftfartsverket er blitt dårlegare i dei siste åra, noko som igjen får innverknad på kor store beløp Luftfartsverket kan setje av til investeringar. Overskotskravet til Luftfartsverket er redusert med 134 millioner kroner og er i 2002 sett til null.

116,3 millionar kroner er sette av til Luftfartstilsynet, som er eit eige forvaltningsorgan under Samferdselsdepartementet. Til Havarikommisjonen for sivil luftfart, HSL, er det gjort framlegg om ei løyving på 20,2 millionar kroner. I budsjettframlegget er det lagt til grunn at ansvarsområdet til HSL heretter skal utvidast til også å omfatte gransking av alvorlege hendingar og ulykker i jernbanesektoren.

Sjå nærare: St.prp. nr. 1 (2001-2002) Samferdselsdepartementet

Pressemelding om luftfart