Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


M

Matportal

Det er sett av 7,5 millioner kroner til utvikling og etablering av ein matportal på internett som skal styrke kommunikasjonen mellom forvaltninga, forbrukarane og næringsaktørane når det gjeld kunnskapsformidling og forvaltningsrelaterte spørsmål. Matportalen skal samle informasjon frå ei rekkje etatar. I tillegg til etatane underlagt Landbruksdepartementet (Statens næringsmiddeltilsyn, Statens dyrehelsetilsyn, Statens landbrukstilsyn, Veterinærinstituttet og Planteforsk), er det naturleg å trekke inn andre sentrale aktørar som har ansvar for ernæring, mat i et jord til bord konsept og helsespørsmål knytt til mat.

Hovudfokus for portalen vil vere matvaretryggleik, med brei nyheitsdekning og lett tilgang til oppdatert regelverk for alle brukarar. Portalen vil leggje vekt på å vise samanhengar i produksjonsprosessane frå jord til bord, og vil i tillegg til å gi forbrukarorientert informasjon òg vere ein rettleiar for næringsdrivande om regelverk og ansvarsfordeling mellom ulike offentlege verksemder. Statens næringsmiddeltilsyn skal ha koordineringsansvaret for portalen.