Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


M

Matprisar

Landbruksdepartementet legg vekt på å følgje utviklinga i matvaremarknaden. Dette er mellom anna viktig for å sikre at den reduserte matmomsen kjem forbrukarane til gode. Det er no blitt etablert eit dokumentasjonsopplegg med månadleg dokumentasjon av prisar på produsent-, engros- og forbrukarnivå. Undersøkinga er i dei siste åra blitt utvikla etter oppdrag frå Landbruksdepartementet og blir gjennomført i samarbeid mellom Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF) og Statistisk sentralbyrå (SSB). Ho blir publisert på NILF sine heimesider månadleg. Det er òg gjennomført ein analyse av marginar på ulike ledd. Analysen blir gjennomført i samarbeid mellom NILF og ECON Senter for økonomisk analyse. NILF, SSB og ECON har gjort ulike type prissamanlikningar med nabolanda.