Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


M

Mattilsyn

Oppgåvene knytt til tilsyn langs matkjeda har til no vore delt på fleire verksemder. Regjeringa Stoltenberg har i lengre tid vurdert endringar i ansvarstilhøva og organiseringa av mattilsynet. Det er no sett i gang ein omfattande gjennomgang av både lovverk og tilsyn med sikte på forenkling, effektivisering og klårare ansvarstilhøve. Dei fem viktigaste lovene knytt til siste del av matkjeda vil bli gjort om til ei lov der den nye matforordninga til EU òg vil bli innpassa. Eit utkast til ny matlov vil bli utarbeidd av Sosial- og helsedepartementet i samarbeid med Fiskeridepartementet og Landbruksdepartementet. Ein tek sikte på å sende eit lovframlegg på høyring hausten 2002. Sosial- og helsedepartementet vil ha ansvaret for den nye lova.

Det vil vidare bli etablert eit klårare skilje mellom ansvar for risikovurdering og ansvar for risikohandtering. Sosial- og helsedepartementet vil ha det overordna ansvaret for risikovurdering. Det vil bli sett ned ein vitskapskomité som skal gi uavhengige, faglege vurderingar og råd om spørsmål langs heile matkjeda. Sosial- og helsedepartementet vil i samarbeid med Fiskeridepartementet og Landbruksdepartementet førebu opprettinga av ein ny vitskapskomité i 2002. Landbruksdepartementet og Fiskeridepartementet vil ha ansvaret for risikohandtering gjennom tilsyn med høvesvis landbasert og marin produksjon. Grensesnittet mot miljøretta helsevern og spørsmålet om forvaltning av sjukdomar hos akvatiske dyr vil bli vurdert nærare.

Landbruksdepartementet vil samordne tilsynsarbeidet med landbasert matproduksjon i eitt, statleg tilsyn. Opplegget for omorganiseringa, som er utforma i nært samarbeid med dei to andre departementa, er drøfta med Statens næringsmiddeltilsyn, Statens dyrehelsetilsyn, Statens landbrukstilsyn, Kommunenes Sentralforbund, KNT-forum og arbeidstakarorganisasjonane. Vidare har departementet orientert dei interesseorganisasjonane som blir berørt av omorganiseringa om opplegget. Arbeidet med omorganiseringa er starta opp. Dette er ein omfattande fornying som ein tek sikte på å gjennomføre i 2003.

Sjå nærare St.prp. nr. 1 (2001-2002) Landbruksdepartementet.