Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


M

Merkeordning for landbruksprodukt

Det er sett av 5 millioner kroner til å etablere ei merkeordning for landbruksprodukt som definerer ein regional kvalitetsproduksjon av mat basert på tradisjon og matkultur. Formålet med merkeordninga er å betre utnyttinga av moglegheitene i marknaden for landbruksprodukt og auke forbrukarane sine moglegheiter for å velje mellom ulike produkt på matområdet.

Erfaring frå mellom anna EU-land viser at opphavsmerking som kombinerer kriteriet for kvalitet med kriteriet for særpreg og geografisk opphav, kan auke omsetninga og lønsemda og kan derfor vere til stor nytte for så vel produsentar som forbrukarar.

Merkeordninga vil stimulere utviklinga av spesialiserte matvarer av høg kvalitet, basert på norske mattradisjonar, samt lokale og regionale matspesialitetar. Det er lagt til grunn at Statens næringsmiddeltilsyn får ansvar for å forvalte regelverket og at Stiftelsen Godt Norsk skal administrere ordninga.