Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


S

Samfunnsplanlegging

Dei fleste byane og tettstadene i Sør-Noreg er omkransa av landbruksareal med høg produksjonsevne, og areala er mange stader truga av nedbygging. Kvart år vert det bygd ned om lag 20.000 daa dyrka og dyrkbar jord, mykje av dette er god kornjord i område med godt klima. Landbruksdepartementet meiner det er behov for betre arealdokumentasjon og vil innanfor ei ramme på 4 millioner kroner prioritere arealressurskartlegging og formidling av ressursdata.

Landbruksdepartementet legg stor vekt på at landbruksstyresmaktene på kommune- og fylkesnivå tar aktivt del i planprosessar i dei høva dette vedkjem landbruket. Dei har viktige oppgåver med å leggje til rette for næringsutvikling, bidra til høg utnytting av areal tatt til utbyggingsformål og styre ny utbygging mot mindre produktive areal.