Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


S

Studieplassar

Ledig kapasitet i høgre utdanning og endra behov hjå brukarane gjer omstilling innanfor universitets- og høgskolesektoren naudsynt. Regjeringa Stoltenberg har derfor foreslått at talet på studieplassar blir redusert med 2 948 studieplassar, fordelte med 1 891 ved universiteta og dei vitskaplege høgskolane og 1 057 ved dei statlege høgskolane i 2002.

Samstundes gjer departementet forslag om å opprette 425 nye studieplassar for å auke opptakskapasiteten der det er registrert mangel på høgt utdanna personell og der det er registrert god søkning. Regjeringa foreslår blant anna å opprette 10 nye studieplassar innanfor tolkeutdanninga og 12 nye studieplassar innanfor sivilindustridesignutdanninga.

I tillegg vil departementet opprette om lag 600 nye studieplassar i 2002 for å føre vidare det auka opptaksnivået frå 2001. Desse studieplassane er delt på ulike utdanningar, mellom anna vil 100 bli oppretta på medisin, 36 på psykologi, 23 på farmasi, 200 på sjukepleieutdanninga, 80 innanfor sivilingeniørutdanninga og 60 innanfor IKT.