Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


T

Trygg mat

Landbruksdepartementet gjer framlegg om å løyve 780 millioner kroner til tiltak for å sikre at forbrukarane får trygge matvarer av god kvalitet. Dette skal skje gjennom eit systematisk kvalitetsarbeid og kontroll i alle ledd i matkjeda.

Landbruksdepartementet vil auke innsatsen knytt til særskilde tiltak på matområdet med 107 millioner kroner. Av dette vil 16,5 millioner kroner bli nytta til tiltak for å auke forbrukarorienteringa av verksemda på matområdet. Det er såleis sett av midlar til m.a. arbeid for å kartleggje og overvake smittestoff og framandstoff i mat og fôr og til å utvikle og etablere ein internettbasert matportal. Innanfor satsinga er det vidare sett av 61 millioner kroner til tiltak mot kugalskap og skrapesjuke. Dette gjeld i hovudsak testing av risikodyr og friske dyr i tillegg til kontroll- og tilsynstiltak. Det er òg sett av 8,5 millioner kroner til auka satsing på fiskehelse, 3 millioner kroner til tiltak for å heve standarden på norsk plantehelse og 5 millioner kroner til å etablere ei merkeordning for landbruksprodukt basert på særpreg, geografisk opphav, tradisjon og eigenart. Det er òg sett av midlar til å styrkje veterinærberedskapen og starte opp arbeidet med å omorganisere tilsynsarbeidet på matområdet.

Det er i budsjettframlegget lagt opp til at den auka satsinga på matkontroll med 107 millioner kroner i hovudsak blir finansiert med auka avgifter.