Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


U

Universitet og høgskolar - kvalitetsreformen

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har starta eit omfattande arbeid knytt til oppfølging av Stortinget si handsaming av reforma for universitet og høgskolar, Kvalitetsreforma. Regjeringa Stolteberg forslår derfor å auke løyvingane til universitet og høgskolar med 170 millionar kroner. I tillegg foreslår regjeringa at 120 millionar kroner, som vart løyvd til særskilde omstillingstiltak i budsjettet for 2001, blir vidareført i 2002 knytt til denne reforma (medrekna omstillingstiltak).

Departementet vil:

  • Fremje forslag til endringar i lov om universitet og høgskolar og forslag til nytt finansieringssystem. Lovteksten er ute til høyring.
  • gradvis innføre nettobudsjettering
  • implementere ny studiestøtteordning
  • leggje om gradsstrukturen og innføre nye evalueringsformer for å nå dei måla som er sette for Kvalitetsreforma. Blant desse måla er auka studieintensitet og gjennomstrøyming, betre oppfølging av studentane, betre studiekvalitet, auka internasjonalisering og betre studiefinansiering

Departementet arbeider òg med oppretting av eit uavhengig akkrediterings- og evalueringsorgan. Departementet vil i proposisjonen om endringar i lov om universitet og høgskolar komme attende til Stortinget med den konkrete etableringa av eit slik organ.

Sjå nærare: St.prp. nr.1 (2001-2002) Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet, Kategori 0760