Gjennom Sem-erklæringa har regjeringa forplikta seg til å styrkje kommuneøkonomien, og til å føre vidare realauken av inntektsrammene for kommunesektoren i denne stortingsperioden. Dette er følgt opp i statsbudsjettet for 2003. Auka midlar til kommunane på 2003-budsjettet skal særleg gå til eit betre tenestetilbod for barnehagane, eldreomsorga og psykiatrien.
Sidan 1991 har inntektene i kommunesektoren auka reelt med 41 milliardar kroner, eller knapt 2 prosent i året. Den kommunale sysselsetjinga har auka med 18 prosent, eller om lag 1,7 prosent i gjennomsnitt per år. Desse åra har også oppgåvene blitt fleire, og innbyggjarane ventar seg meir av tenestetilbodet.
Kvar enkelt kommune må derfor prioritere oppgåver. Kommunane kan ikkje ta på seg alle oppgåver som innbyggjarane ideelt sett kunne ønskje seg. Dei folkevalde i kommunen er dei nærmaste til å prioritere i samsvar med folks behov.
Vidare må kommunane prøve å utnytte tilgjengelege ressursar på beste måte. Ulike studium tyder på at det framleis er eit effektiviseringspotensial innanfor dei viktigaste tenesteområda i kommunane. Staten vil auke handlefridomen til kommunane. Så er det opp til lokalpolitikarane korleis eit større handlingsrom kan utnyttast til beste for innbyggjarane i kommunen.