Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


A

Asylsøkjarar

Dei siste fem åra har det kome mange fleire asylsøkjarar til Noreg enn åra før. Toppen blei nådd i fjor, med knapt 15 000 asylsøkjarar fordelte på mange nasjonalitetar. Den store tilstrøyminga held fram i år. Pr. 31. august i år hadde det kome 11 500 søkjarar, og det er vel 3 300 fleire enn på same tid i fjor. Etter prognosane kan det kome om lag 18 000 asylsøkjarar til landet i år.

Tala for i år har vore jamt høge, med mellom 1 200 og 1 700 asylsøkjarar i månaden. Tala skil seg klart frå tidlegare år, da endringane frå månad til månad var langt større. Tidlegare har talet på søkjarar stige i sommarmånadane og om hausten. Talet steig noko i juli og august i år, men prosentvis langt mindre enn før om åra.

Fordelt på verdsdelar har ca. 50 prosent av asylsøkjarane bakgrunn frå Europa, 20 prosent frå Afrika og 30 prosent frå Asia. Jugoslavia, Russland, Somalia og Irak er dei landa det kjem flest asylsøkjarar frå. Talet på asylsøkjarar frå dei fire landa tilsvarer om lag 40 prosent av dei som søkjer asyl i Noreg.

Kommunal- og regionaldepartementet meiner ei ny ordning for mottak kan føre til at færre kjem. Ei slik ordning inneber mellom anna rask sakshandsaming av søknader det er grunn til å tru er grunnlause, kutt i dei såkalla pengereglements-ytingane, større vekt på arbeid med retur og raskare transporteringar ut av landet. Neste år er det venta 16 000 asylsøkjarar hit til landet.