Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


B

Barn og unge med innvandrarbakgrunn

Kommunal- og regionaldepartementet har lagt inn 9,5 millionar kroner i budsjettforslaget for 2003 for å følgje opp handlingsplanen ”Tiltak for å øke deltakelsen i samfunnet for barn og unge med innvandrerbakgrunn”.

Den største satsinga er retta mot einslege mindreårige asylsøkjarar. Stadig fleire barn og unge kjem til Noreg aleine for å søkje asyl. Lang saksbehandlingstid og lang ventetid på busetjing i ein kommune kjenneteiknar situasjonen for mange einslege mindreårige. Alle flyktningar har behov for å busetje seg i ein kommune så raskt som mogleg, og for einslege mindreårige har rask busetjing svært mykje å seie.

Tilbodet til einslege mindreårige bør bli meir heilskapleg, og i større grad tilpassa situasjonen for kvar enkelt. Det er spesielt behov for å etablere ei ordning som kan erstatte eller kome i tillegg til dagens verjeordning.

Regjeringa er allereie i gang med eit slikt arbeid. Det er sett i gang strakstiltak for å styrkje kontrollen i forhold til dei som flytter til slekt, og det er utarbeidd rutinar for oppfølging av einslege mindreårige asylsøkjarar som forsvinn frå mottak. Vidare blir det arbeidd med rutinar for ei barnefagleg vurdering av einslege mindreårige i mottak med tanke på eventuelle hjelpebehov, og i forhold til oppsporing av foreldre.

Regjeringa vil prioritere det arbeidet under oppfølginga av tiltaka i handlingsplanen.