Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


B

Barnebidrag

Stortinget vedtok i juni 2001 nye reglar for barnebidrag. Ei av endringane er at barnebidraget som ein mottek, ikkje skal reknast som skattepliktig inntekt. Bidragsytarar skal ikkje lenger ha høve til å trekke frå bidraget i inntekta. Endringa trår i kraft frå 1. oktober 2003. Samstundes vert utrekningsreglane for barnebidrag endra, mellom anna ved at samveret mellom barn og forelder tel med når ein skal fastsetje bidraget.