Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


B

Barskogvern

Regjeringa følgjer opp barskogplanen og sikrar at alle vernevedtak blir fatta innan utgongen av 2002. Bevillingane til barskog aukar med om lag 40 millionar kroner. Regjeringa vil føre vidare satsinga på skogvern og legg opp til at det også i 2003 skal vernast fleire skogområdar.

Landbruksdepartementet legg stor vekt på at auka vern av skog bør bli eit viktig element i den samla forvaltninga av skogressursane, og at eit auka skogvern må baserast på erstatning til skogeigarane i samsvar med gjeldande reglar.

I 2002 blei det gjennomført ei evaluering av barskogvernet. Denne konkluderer med at

barskogvernet bør utvidast. I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2002 samarbeidde

Miljøverndepartementet og Landbruksdepartementet om ei tilleggsløyving til barskogvern over Jordfondet fordi dette kan gi raske og fleksible løysingar knytt til utbetaling av erstatning og til ulike kompenserande tiltak. Stortinget slutta seg til ei tilleggsløyving på 25 mill. kr til Jordfondet. I tillegg kan midlar frå Jordfondet nyttast til barskogføremål slik at ein i 2002 har om lag 35 mill. kr ekstra for auka satsing på gjennomføring av det vedtekne barskogvernet. Departementet arbeider med ytterlegare styrking av Jordfondet. Departementet legg vidare opp til at ein på lenger sikt kan nytte om lag halvparten av Jordfondet sin kapital til skogvern. Landbruksdepartementet legg stor vekt på at auka vern av skog bør bli eit viktig element i den samla forvaltninga av skogressursane, og at eit auka skogvern må baserast på erstatning til skogeigarane i samsvar med gjeldande reglar. Sjå også Nasjonalparker.