Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


B

Bioenergi

Landbruket kan som produsent, brukar og leverandør av bioenergi, bidra til å auke bruk av ny fornybar energi. Innan rammene for langsiktig berekraftig forvaltning er det potensial for å auke utnyttinga av biomasseressursane frå landbruket til energiformål. Auka bruk av bioenergi vil bidra til å styrke og oppretthalde verdiskapinga i landbruket. I jordbruksforhandlingane i 2002 blei det sett av 15 millionar kroner til bioenergi innanfor ramma på 158 millionar kroner til skog og bioenergi. Satsinga har som mål å auke tilbodet og bruken av bioenergi frå jord- og skogbruket. Samtidig blir det forutsett at satsinga legg grunnlaget for utvikling av landbruket som ein totalleverandør av bioenergiløysingar. Arbeidet i Landbruksdepartementet må sjåast i samanheng med Olje- og energidepartementet si satsing på omlegging av energibruk og -produksjon.