Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


F

Forsking og utvikling - Landbruk

Forsking er eit viktig verkemiddel for å oppfylle mat- og landbrukspolitiske målsetjingar. Landbruksdepartementet finansierer forsking og utvikling retta mot næringa, forvaltninga og allmenta sine kunnskapsbehov. Hovudtyngda av forskingsmidlane blir kanalisert gjennom Noregs forskingsråd.

Landbruksdepartementet sitt forskingsbudsjett er auka med 7 millionar i 2003. Auken i budsjettet skal støtte opp under dei tematiske satsingane i Forskingsmeldinga og Handlingsplanen for landbruksforskinga med særleg vekt på forsking innan trygge matvarer og klima og energi. Samstundes blir den forskingsbaserte kunnskapsutviklinga innan matområdet styrkt med 5 millionar kroner.