Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


I

Integrering

Regjeringa vil i haust fremme forslag om ei lov om introduksjonsordning for nykomne innvandrarar. Lova innfører ei ny form for inntektssikring, som går ut på at nykomne innvandrarar skal ta aktivt del i eit kvalifiseringsopplegg for å få ytingar til livsopphald og buutgifter betalt av kommunen. Målet med introduksjonsprogrammet er at nykomne så raskt som råd skal kome i gang med arbeid eller utdanning og bli økonomisk sjølvhjelpte.

Kommunane skal ha plikt til å leggje til rette introduksjonsprogrammet for kvar enkelt innvandrar, og introduksjonsprogrammet skal vere obligatorisk. Formålet med lova er at innvandrarar heller skal få inntekt gjennom aktive kvalifiseringstiltak enn frå passiv sosialstønad. Det gir dessutan raskare overgang til arbeid og utdanning. Meininga er dessutan å gi kommunane ein betre reiskap for å integrere dei nye innvandrarane.

For å leggje til rette slik at kommunane kan ta i bruk ordninga før lova trer i kraft, foreslår regjeringa å auke tilskotsordninga "Kommunale innvandrartiltak" med 30 millionar kroner. Eit formål med tilskotsordninga er å styrkje integreringsarbeidet i kommunane. Dessutan skal ordninga stimulere til nye tiltak i dei kommunale introduksjonsprogramma for nykomne flyktningar og innvandrarar, slik at det blir same høve for alle nye innvandrarar.

Alle kommunar som tek ordninga i bruk, kan søkje om midlar.