Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


L

Luftfart

Regjeringa gjer framlegg om å løyve i alt 806,6 millionar kroner til luftfartsføremål i 2003. Dette er ein reduksjon på 35,2 prosent, samanlikna med saldert budsjett 2002. Nedgangen i løyvinga har samanheng med at Luftfartsverket skal etablerast som eit statleg aksjeselskap frå 1. januar 2003, og er ikkje utrykk for ein reell nedgang. Det blir derfor ikkje lagt fram noko budsjettforslag for Luftfartsverket i samband med statsbudsjett for 2003.

262,5 millionar kroner er sett av til statleg tilskottet til dei regionale lufthamnene. Dette er ein auke på 145,1 prosent samanlikna med saldert budsjett 2002. Den kraftige auken er etter regjeringa sitt syn nødvendig for å sikre økonomien og tryggleiken i det regionale lufthamnnettet.

Det vert gjort framlegg om å nytte 401,1 millionar kroner til statleg kjøp av flyrutenester som ikkje er bedriftsøkonomisk lønsame. Beløpet er basert på dei anbodskontraktane for drift av regionale flyruter som gjeld til 31. mars 2003 og nye anbodskontraktar for perioden 1. april 2003 – 31. mars 2006.

Regjeringa gjer framlegg om å løyve 120 millionar kroner til Luftfartstilsynet i 2003. Dette er ein auke på 3,2 prosent, samanlikna med saldert budsjett 2002.

23 millionar kroner er sette av til Havarikommisjonen for sivil luftfart og jernbane (HSLB). Dette er ei auke på 13,2 prosent , samanlikna med saldert budsjett 2002. Auken har samanheng med at Havarikommisjonen har fått utvida sitt ansvarsområde til også å omfatte undersøking av ulukker og alvorlege hendingar innan jernbanesektoren.

For meir informasjon, sjå:

St.prp. nr. 1 (2002-2003) Samferdselsdepartementet

Hovedpressemelding - Samferdselsdepartementet

Pressemelding om luftfart