Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


M

Marin forsking og utvikling

Regjeringa gjer framlegg om at satsinga på genetikk og avl på torsk vert styrka. I tillegg aukar grunnløyvinga til Norsk institutt for fiskeri- og havbruksforsking AS (Fiskeriforsking) gjennom Noregs forskingsråd. Forskingsprogrammet marin bioteknologi i Tromsø (MaBiT) blir vidareført i 2003. Det er sett av midlar for å bidra til etablering av ein nasjonal marin biobank i Tromsø i løpet av 2003. Ernæringsinstituttet i Bergen får auka løyving for å dekkje kostnader knytt til utskiljing frå Fiskeridirektoratet og for å auke forskingsinnsatsen knytt til trygg sjømat og fôr til fisk. Det blir gitt ei løyving på 10 millionar kroner til eit marint innovasjonsprogram som skal forvaltast av SND, der torskeoppdrett vert prioritert.

Løyvinga til Noregs forskingsråd aukar med 15,5 millionar kroner. Dette skal blant anna dekke auka grunnløyving til Fiskeriforsking, auka satsing på torsk og transportretta FoU.

Se pressemelding: Forskningen styrkes i Fiskeridepartementets budsjett