Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


M

Matmarknaden: Nyskaping og mangfold

I arbeidet med nyskaping og mangfald på matmarknaden er Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon sentralt. Programmet har som hovudmål å auke mangfaldet av spesialiserte produkt av høg kvalitet i tråd med marknaden sine krav, samtidig som det skal auke det økonomiske potensialet i næringa. I denne samanhang har regjeringa oppretta ei offentleg merkeordning som gir vern til produktnamn på næringsmiddel som har ein spesiell geografisk opphav, tradisjon eller særpreg. Ordninga skal gjere det enklare for forbrukarane å gjere val ut i frå eigne preferansar og samtidig leggje til rette for auka lønnsemd og inntektsmoglegheiter i norsk matproduksjon. Som ledd i moderniseringa av offentleg sektor er det òg laga ein handlingsplan for å gjere det enklare å starte opp mindre næringsmiddelverksemder.