Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


N

Nasjonale turistvegar

Regjeringa går i framlegget til statsbudsjett inn for at det i 2003 innanfor investeringsbudsjettet for riksvegane skal nyttast 35 millionar kroner til å føre vidare arbeidet med å utvikle dei nye ”nasjonale turistvegane”. Desse ”turistvegane” finn ein i Lofoten i Nordland, langsetter Atlanterhavsvegen i Møre og Romsdal, i Geiranger-området og Trollstigen i Møre og Romsdal, i Hardanger i Hordaland og i Ryfylke i Rogaland. For neste år er det lagt mest vekt på E10 i Lofoten.

Delar av midlane skal dessutan nyttast til arbeid med å utvikle forprosjekt og gjennomføre førehandsvurderingar av nye strekningar, som del av førebuingane til Nasjonal transportplan 2006-2015.

For meir informasjon, sjå:

St.prp. nr. 1 (2002-2003) Samferdselsdepartementets fagproposisjon

Pressemelding om veg og om turistveger