Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


S

Særfrådrag for særs store sjukdomsutgifter

Skattytarar som har hatt store utgifter i samband med eigen sjukdom og varig veikskap eller tilsvarande hos ein som han forsørgjer, kan få eit særfrådrag i allmenn inntekt. Etter gjeldande reglar er det ikkje noka øvre grense for dette frådraget. Regjeringa gjer framlegg om å setje ei grense på 18 360 kroner som maksimalt frådrag. Det svarar til fullt særfrådrag for alder og uførleik.