Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


S

Skogbruk

Regjeringa legg opp til ein omlegging av skogpolitikken med sikte på at dei økonomiske rammevilkåra for skogsektoren blir meir robuste. Ordninga med skogavgift står sentralt i arbeidet for å sikre nødvendige investeringar. Ordninga sikrar det finansielle grunnlaget for investeringane samtidig som ho aukar investeringsvilja hos skogeigarane ved at det er knytt skattefordel til bruken av skogavgifta til langsiktige investeringar i skogkultur og skogsvegar. Regjeringa legg opp til at skogavgiftsordninga skal betrast ved at skattefordelssatsen ved investeringar med skogavgift blir auka frå 35 prosent med avtrapping i dag og til 60 prosent utan avtrapping. Samtidig blir det ikkje lenger mogleg å investere i nye skogsvegar med skattefordel. Med investeringar i skogkultur på dagens nivå vil dette gi skogeigarane ein skattereduksjon på om lag 9 millionar kroner. Regjeringa foreslår vidare å avvikle ordningane med tilskott til skogkultur og transport.