Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


T

Tolkar

Det er i dag stor mangel på kvalifiserte tolkar. Fleire asylsøkjarar, og anna innvandring til Noreg, gjer at det er behov for fleire tolkar. Bruk av tolk er ofte nødvendig for at forvaltninga eller helsevesenet skal kunne yte like gode tenester til ein innvandrar som til resten av befolkninga. Tilskotet til dette arbeidet er auka med atten millionar.

Det skal no satsast på utdanning av tolkar på dei språk det er behov for, og det skal innførast ei ordning med kvalitetssikring av tolkar. Vidare skal det arrangerast tolkekurs. Utdanningstilbodet for tolkar skal utviklast.

Det er viktig med god tilgang på tolkar. Regjeringa vil derfor etablere eit tolkeregister som skal oppdaterast kontinuerleg. Slik kan ein bruke dei tolkane som finst betre. Tolkeregisteret skal òg sikre at ein vel tolkar med riktig kompetanse.

De høge krava til statsautorisasjon av tolkar gjer at den gruppa utgjer ein liten del av det totale behovet for tolkar. Mange tolkeoppdrag er slik at det kan brukast tolkar med lågare kompetanse. Noreg manglar eit kvalifiseringstilbod for desse. Utvikling av et slikt tilbod vil truleg vere avgjerande for å tilfredsstille det behovet vi har for tolketenester i framtida. Regjeringa ønskjer derfor å vidareføre arbeidet med å kvalitetssikre tolkar som ikkje er statsautoriserte.