Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


V

Verdiskaping i landbruket

Regjeringa meiner det er nødvendig å auke verdiskapinga og vidareforedlinga i landbruket. Det er derfor i gang tre verdiskapingsprogram:

  • Verdiskapingsprogram for norsk matproduksjon. Dette programmet har som hovudmål å auke mangfaldet av spesialiserte produkt av høg kvalitet i tråd med marknaden sine krav, samtidig som det skal auke det økonomiske potensialet i næringa.
  • Verdiskapingsprogrammet for reindrift er eit viktig tiltak for å sikre ein positiv økonomisk utvikling i næringa.
  • Verdiskapingsprogrammet for bruk og foredling av trevirke. Hovudmålet med dette programmet er høgare foredling og auka marknadsorientering i heile verdikjeda for med det å auke lønnsemda i skogsektoren. Løyvinga til dette programmet blir auka med 19 millionar kroner til 39 millionar kroner.