Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


I

Innvandrere - introduksjonstilbud til nykomne

Lov av 4. juli 2003 nr. 80 om introduksjonsordning for nykomne innvandrarar (introduksjonslova) er ei viktig reform som skal bidra til ei betre integrering av nykomne innvandrarar i Noreg. Lova gjeld frå 1. september 2003 som ei frivillig ordning for kommunane, og frå 1. september 2004 som ei obligatorisk ordning.

For å leggje til rette slik at kommunane kan ta i bruk ordninga før lova trer i kraft som ei obligatorisk ordning, foreslår regjeringa ei løyving på 30 millionar kroner på tilskotsordninga "Kommunale innvandrartiltak". Løyvinga skal stimulere til utprøving og oppstarting av nye tiltak som støttar opp om kommunale introduksjonsprogram i dei kommunane som no tek introduksjonsordninga i bruk.

Alle kommunar som tek ordninga i bruk, kan søkje om midlar.

Introduksjonslova regulerer ei ordning som kombinerer eit introduksjonsprogram med ein introduksjonsstønad og tek sikte på at nykomne innvandrarar så raskt som råd skal kome i gang med arbeid eller utdanning og bli økonomisk sjølvhjelpte. Lova legg såleis opp til eit system som vrir inntektssikringa frå passiv sosialstønad til aktiv kvalifisering. Meininga med lova er òg å gi kommunane ein betre reiskap for å integrere nykomne innvandrarar.

Hovudmålgruppa til lova er nykomne flyktningar, personar som har fått opphald på humanitært grunnlag, og personar som er sameinte med slike personar. Kommunane har plikt til å leggje til rette introduksjonsprogrammet for kvar enkelt innvandrar i målgruppa som har behov for grunnleggande kvalifisering. Introduksjonsprogrammet skal vere obligatorisk for den enkelte.