Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


N

Nasjonale minoriteter

Nasjonale minoritetar er etniske, religiøse og/eller språklege minoritetar med langvarig tilknyting til landet dei bur i. Noreg ratifiserte Europarådets rammekonvensjon om vern av nasjonale minoritetar 17. mars 1999, og har dermed forplikta seg til å leggje forholda til rette for at personar som høyrer til nasjonale minoritetar, skal kunne delta i samfunnslivet på lik linje med andre, og ha høve til å uttrykkje, halde ved like og utvikle sin eigen identitet, sitt eige språk og sin eigen kultur. Jødar, kvener, rom (sigøynarar), romanifolket (taterane/dei reisande) og skogfinnar blir rekna å oppfylle kriteria for å vere nasjonale minoritetar i Noreg.

Med ratifiseringa av Den Europeiske pakta for vern av regions- eller minoritetsspråk 10. november 1993 har Noreg også teke på seg ei plikt til å setje i verk særskilde tiltak for å verne om og styrkje minoritetsspråka kvensk/finsk, romani og romanes.

Hovudprinsippa for politikken overfor nasjonale minoritetar blei trekte opp i St.meld. nr. 15 (2000-2001) Nasjonale minoritetar i Noreg – Om statleg politikk overfor jødar, kvener, rom, romanifolket og skogfinnar. Prinsippa i meldinga fikk brei tilslutning i Stortinget, jf. Innst. S. nr. 145 (2000-2001) .

Regjeringa byggjer minoritetspolitikken sin på ikkje-diskrimineringsprinsippet og prinsippet om likebehandling. Dette inneber at staten er forplikta til å arbeide for å sikre at minoritetane blir likestilte med majoritetsbefolkninga, både formelt og reelt. Minoritetsgrupper kan stå i ei sårbar stilling i eit demokrati der det er lagt vekt på fleirtalsstyre. For å fremme reell likestilling kan det derfor vere nødvendig å gjennomføre særskilde tiltak for å styrkje stillinga til ei eller fleire minoritetsgrupper.

Et av hovudmåla til Regjeringa er å ta vare på og utvikle språket og kulturen til de nasjonale minoritetane. I 2004 vil Regjeringa bl.a. auke løyvinga til avisa Ruijan Kaiku til 500 000 kroner. Denne styrkinga vil medvirke til å sikre et medietilbod til den kvenske befolkninga.

Kommunal- og regionaldepartementet har ansvaret for å samordne politikken overfor nasjonale minoritetar i Noreg.