Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


T

Tolkar

Regjeringa vil vidareføre satsinga frå i fjor på 18 millionar kroner for å auke kvaliteten på tolketenester ved å vidareføre undervisningsopplegg ved fleire høgskolar og til å kvalitetssikre tolketenester.

Det er i dag stor mangel på kvalifiserte tolkar. Fleire asylsøkjarar, og anna innvandring til Noreg, gjer at det er behov for fleire tolkar.

Bruk av tolk er ofte nødvendig for at forvaltninga eller helsevesenet skal kunne yte like gode tenester til ein innvandrar som til resten av befolkninga. For lite bruk av tolk og utstrekt bruk av ukvalifiserte tolkar kan være ein av årsakene til at innvandrarar opplever diskriminering og anna forskjellsbehandling.

Regjeringa vil i 2004 etablere eit tolkeregister som skal oppdaterast kontinuerleg. Slik kan ein bruke dei tolkane som finst betre. Tolkeregisteret skal òg sikre at ein vel tolkar med riktig kompetanse.

De høge krava til statsautorisasjon av tolkar gjer at denne gruppa utgjer ein liten del av det totale behovet for tolkar. Mange tolkeoppdrag er slik at det kan brukast tolkar med lågare kompetanse. Noreg manglar eit kvalifiseringstilbod for desse. Utvikling av et slikt tilbod vil truleg vere avgjerande for å tilfredsstille det behovet vi har for tolketenester i framtida. Regjeringa ønskjer derfor å vidareføre undervisningsopplegget for tolkar som starta i 2003.