Gjennom Sem-erklæringa har Regjeringa forplikta seg til å styrkje kommuneøkonomien og syte for at inntektsrammene for kommunesektoren får ein realvekst i denne stortingsperioden. Regjeringa følgjer opp dette i statsbudsjettet for 2005. I 2004 har kommunesektoren ein rekordvekst i frie inntekter.
Regjeringa legg opp til ein reell vekst i dei samla inntektene i 2005 på nærmare 2 ¾ milliardar kroner, eller vel 1 ¼ prosent. Veksten er rekna ut frå det nivået på inntektene for kommunesektoren i 2004 som blei lagt til grunn i Revidert nasjonalbudsjett 2004.
Av veksten i dei samla inntektene er 1 milliard kroner frie inntekter. Regjeringa aukar tilskota til barnehagar med om lag 1,2 milliardar kroner og til handlingsplanen for psykisk helse med om lag 400 millionar kroner. Regjeringa følgjer dermed opp dei signala som blei gitt i Kommuneproposisjonen 2005.
Løyvingane til ressurskrevjande brukarar aukar med om lag 350 millionar kroner. Dette er utgifter som kommunane tidlegare måtte dekkje av dei frie inntektene.
Timetalet for 1.-4. klasse i grunnskolen aukar med 4 timar frå skoleåret 2005-2006. Kommunane blir kompenserte for dette med ein auke i dei frie inntektene på om lag 135 millionar kroner. Dette kjem i tillegg til realveksten i dei frie inntektene.
Kommunesektoren legg beslag på ein stor del av dei samla ressursane i samfunnet. Etterspørselen etter kommunale tenester vil truleg halde fram å auke i åra framover, mellom anna som følgje av demografiske endringar og auka forventningar til tilbodet hos mottakarane av tenestene. Avgrensa økonomiske rammer og auka forventningar frå innbyggjarane si side stiller krav til kommunane og fylkeskommunane. Dei må mellom anna organisere drifta på ein kostnadseffektiv måte og tilpasse aktivitetsnivået til dei gjeldande økonomiske rammene.
Kommunal- og regionaldepartementet har ansvaret for å samordne den statlege styringa av verksemda i kommunane og fylkeskommunane. Kommunar og fylkeskommunar har ansvar for viktige område, som barnehagar, grunnskole, pleie- og omsorgstenester, helsetenester, tekniske tenester (knytte til veg, vatn, avløp og renovasjon), samferdsel og vidaregåande opplæring. Kommunar og fylkeskommunar har også eit viktig ansvar innanfor kultur- og miljøsektoren. Verksemda blir finansiert gjennom skatteinntekter, rammetilskot frå budsjettet for Kommunal- og regionaldepartementet, brukarbetaling/gebyrinntekter og øyremerkte tilskot frå budsjetta for fagdepartementa. Nærmare omtale av statlege mål knytte til dei enkelte ansvarsområda i kommunesektoren er gitt i budsjettproposisjonane frå fagdepartementa.