Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


A

Asylmottak

I dag blir det gitt eit butilbod i asylmottak til alle asylsøkjarar og til personar som har fått opphaldsløyve og ventar på busetjing i ein kommune. Personar som har fått endeleg avslag, missar tilbodet frå den fastsette utreisefristen, dersom dei ikkje samarbeider med norske styresmakter om reisedokument. Einslege mindreårige, barnefamiliar, personar som søkjer om retur til heimlandet med assistanse frå International Organization for Migration (IOM), og som samarbeider om å skaffe reisedokument, og personar med særskilde behov får bu i mottak også etter endeleg avslag, fram til dei kan reise ut av landet.

Som følgje av at det nå kjem færre nye asylsøkjarar, blir det gjennomført ein reduksjon i talet på mottak og plassar for einslege mindreårige.

Mange mottak har støytt på store utfordringar knytte til bebuarar med psykiske problem og/eller med trugande eller valdeleg åtferd. For 2005 legg regjeringa fram eit forslag om 15 millionar kroner til etablering av asylmottak som skal ha tilstrekkeleg med faglege ressursar, vere døgnbemanna og ha ei høveleg lokalisering i forhold til det psykiske helsevernet og andre relevante hjelpeinstansar, slik at ein betre kan følgje opp bebuarar med særskilde behov.